FINNØY KOMMUNE SAKSPAPIR

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "FINNØY KOMMUNE SAKSPAPIR"

Transkript

1 FINNØY KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Sbh Formannskapet /08 KOM Saksansvarleg Magne Kongsvik Arkiv: K1-, K2-L80 Objekt: Arkivsaknr 08/662 KOMMUNALE BUSTADTOMTER - TILDELINGSKRITERIER OG -REGLAR. Saksutgreiing: Ein føresetnad for slike reglar vil vere at kommunen har tomter å tildele. Det er no nokre få tomter ledige i Neshaugen bustadfelt på Kyrkjøy og i Møllelia bustadfelt å Ombo. Truleg blir det utviding av det kommunale bustadfeltet Skartveitmarka på Halsnøy i kommunal regi. Alt etter kva vedtak som blir gjort, kan det kome kommunale tomter også på andre øyar. Ein annan måte å kunne få tomter å tildele, vil vere via utbyggingsavtaler med private utbyggjarar. Kommunen kan i slike saker få til avtalar om at ein del tomter skal leggjast til rette for mindre og rimelegare husvære for å imøtekome unge i etablerarfasen, og at kommunen skal kunne avgjere kven som skal prioriterast for slike tomter. Vurdering: Når ein skal sjå på kven som skal prioriterast for å få tildelt tomter av eller via kommunen, så er det nok naturleg å nemne dei som vil etablere seg i Finnøy kommunen som buplass og då som førstegangsetablerarar i bustadmarknaden. Med ønskje om auka folketal, bør ein ikkje skilje mellom om dei har tilknyting til kommunen eller ikkje. Skulle vi kome i ein situasjon der ein vil halde vekst i folketalet nede, så kan ein til dømes prioritere dei førstegangsetablerarar som er fødd eller oppvaksen i Finnøy. Skal ein halde på eit slikt enkelt tildelingskriterie som førstegangsetablerarar i bustadmarknaden, kan ein måtte seie nei til tildeling av kommunal tomt til ein innflyttar til t.d. Sjernarøyane avdi vedkomande ikkje er førstegangsetablerar i bustadmarknaden sjølv om kommunen disponerer ledige tomter. Dette betyr sjølvsagt ikkje at desse ikkje er velkomne til kommunen, men at desse må kjøpe tomter av private utbyggjarar eller kjøpe bustader på den frie marknaden. Ein kan sjølvsagt utvide omgrepet førstegangsetablerar til å gjelde alle som vil busetje seg i Finnøy kommune for første gang, men då blir det ikkje mange som fell utanom tildelingskriteria. Utfordringa i vår kommunen vil her som elles vere geografien. Dersom kommunen var eitt bustad- og arbeidsmarknad i snever forstand, så ville det halde med at kommunen hadde tilgjengelege tomter til prioriterte førstegangsetablerarar ein stad i kommunen. I vår kommune kan det vere ønskjeleg at det er slike tilbud på alle større øyar i kommunen, jfr. kommunalt mål om å få til folketalsvekst i alle deler av kommunen. Det mest vanlege i dag er at private står for det meste av bustadmarknaden, og at kommunane primært skal ta seg av svake grupper på bustadmarknaden slik som flyktningar, einslege mødre, sosialklientar, utviklingshemma m.m. samt førstegangsetablerarar som ikkje har økonomi til tomter og bustader på den frie marknaden. Utbyggingskostnadane for kommunane vil vere om lag det same som for private utbyggjarar. Skal kommunen kunne

2 tilby akseptable økonomiske løysingar, vil dette bety at tomtene vil måtte vere mindre og truleg ha mindre gunstig lokalisering, samt at det blir lagt opp til mindre husvære med rimeleg standard. Sjølvsagt vil ein kunne tilby økonomisk akseptable løysingar med vanlege tomter og hus, dersom kommunen subsidierer kjøparane. Ein vil tru at dette er lite aktuelt i Finnøy kommune framover. Kommunen har i dag regel om gjenkjøpsrett dersom tomtekjøpar ikkje byggjer på tomta innan 2 år. Det kan sjølvsagt diskuterast om ein skal korte inn denne fristen til ned mot 1 år. Ei anna sak kan vere at prioriterte kjøparar til rimelege kommunale tomter byggjer hus, og så sel eigedomen etter kort tid for å innkassere verdiauken og då kanskje til personar som ikkje ville blitt prioritert av kommunen. For å førebyggje dette kan ein vurdere gjenkjøpsrett i ein viss periode (t.d. i 5-10 år) også for tomter med bustad på eller ein klausul om at kommunen må godkjenne ny kjøpar. I ein rein gjenkjøpsrett må det stå noko om korleis prisen skal fastsetjast. Ved berre godkjenning av ny kjøpar, vil ein kunne sikre seg at neste eigar oppfyller tildelingskriteria som kommunen har, men ikkje prisen ved salet. Når ein har vurdert prioriteringa av kven som kan få tildelt kommunal tomt, gjenstår reglane for tildelingsprosessen, jfr. her klagesaka frå Gongstø, Talgje. Skal ein annonsere ledige tomter med jamne mellomrom med søknadsfrist, og så tildele puljevis? Eller skal ein berre leggje informasjonen ut på nettet, og så tildele etter kvart som søknadane kjem inn?. Ved regelmessig kunngjering med søknadsfrist vil det nok etter mitt syn vere mest naturleg å behandle alle søkjarane sidan siste tildeling likt, uavhengig av dato for søknaden. Ved same prioritering av tomteønskje, må ein då nytte loddtrekning. Dersom ein ikkje har søknadsfrist, vil det nok vere meir naturleg at tildeling skjer snarast etter mottatt søknad og då gjerne slik at søknadsdato tel for prioriteringa, med mindre søknadane kjem inn så godt som samstundes. Detter er ei komplisert sak, og kanskje vil eg ha meir opplysningar i møte den Ein bør drøfte saka i dette møte, men truleg ikkje gjere konkret vedtak før ein har fått meir signal i kva retning formannskapet vil gå. Saka kan så kome til endeleg behandling den og eventuelt til kommunestyremøtet den ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: Saka vert lagt fram til drøfting på bakgrunn av saksutgreiinga, jfr. sluttmerknaden ovanfor. FSK-065/08 VEDTAK : Saka vart drøfta, og administrasjonen fekk signal på korleis saka bør utgreiast og fremjast til neste møte. NYE OPPLYSNINGAR I SAKA Saksutgreiing: Ut frå diskusjonen i formannskapet oppfatta eg at det var stemning for at ein skal prioritere førstegangsetablerarar, eineforeldre og andre svake grupper i bustadmarknaden. Ein må lage litt meir konkrete formuleringar om kvar kategori. Vurdering: Førstegangsetablerarar. Normalt tenkjer ein på unge personar som skal byggje bustad for første gang dvs. at dei ikkje har eigd bustad før. Personane kan kome frå kommunen eller utanfrå. Ein bør truleg ikkje leggje vekt på om dei skal arbeide i kommunen eller pendle ut av

3 kommunen. Slik avgrensa definisjon av omgrepet kan avskjere svært mange. Som eksempel kan ein nemne student som kjøper mindre husvære i Stavanger i studietida for så å selje den att når studiet er over. Dersom vedkomande blir tilsett i Finnøy kommune og vil busetje seg her, vil han då med streng tolking ikkje bli rekna som førstegangsetablerar. Skal ein utvide dette omgrepet kan ein kanskje ta inn alder under t.d. 35 år. Eineforeldre. Oftast vil nok dette vere mor med eitt eller fleire barn. Det bør ikkje leggjast vekt på om vedkomande har vore medeigar i bustadhus i kommunen eller i andre kommunar tidlegare. Kanskje bør det setjast ei aldersgrense oppover på t.d. 40 år eller med barn i grunnskulealder. Svake grupper i bustadmarknaden. Dette kan vere funksjonshemma, uføre, sosialklientar m.m. Ein bør vel og ha ein regel om at ein ikkje kan få tildelt kommunal tomt fleire gonger i alle høve ikkje innan eit tidsrom på t.d. 10 år. Vilkår ved tomtetildeling. Kommunal forkjøpsrett for tomt det ikkje er bygd på. No har vi ein regel om at kommunen skal kjøpe tomta tilbake dersom det ikkje er bygd på tomta innan 2 år frå underskriven kjøpekontrakt, og då til same pris den vart kjøp for og utan renter. Strengt tolka skal det då vere kome opp hus på tomta innan 2 år. Sidan det ikkje er sagt noko om prising på arbeid som måtte vere gjort på tomta, så er det nok forstått slik at kommunal gjenkjøpsrett oppstår dersom tomta framstår som råtomt også etter 2 år. Kanskje bør ein presisere nærare kva det vil seie at det er bygd på tomta? t.d. at huset er kome under tak eller at det minst ligg føre mellombels bruksløyve. Kommunal forkjøpsrett for tomt med bygg på. Dette bør i tilfelle vere ein rett for kommunen og ikkje ei plikt. Verdien av ei tomt med hus på vil normalt liggje frå 2,5 3,5 mill. Slik forkjøpsrett må vere avgrensa i tid 5 år bør kanskje vere maksimum. I regelverket må det stå noko om korleis prisen skal fastsetjast, jfr. vedlagde reglar frå Sola kommune. Kommunal godkjenning av ny huskjøpar. Dette kan vere eit alternativ til kommunal forkjøpsrett for tomt med hus på. Kommunen kan då syte for at kjøparen oppfyller krava til å få tildelt kommunal tomt, og då slepp vi arbeidet med prisforhandlingar og vidaresal. På den andre sida får vi ingen kontroll med prisen eller kan forhindre spekulasjonsgevinst. Bukontrakt. Dette høyres noko strengt ut, men det kan vere eit alternativ. Opplegget kan vere at kjøparen må forplikte seg til at tomta med bustad blir brukt som heilårsbustad i t.d. minimum 5 eller 10 år. Dersom kjøparen av ein eller annan grunn vil flytte frå kommunen før fristen, må ny kjøpar overta det tinglyste heftet på eigedomen. Det kan og vere slik at eigaren leiger ut bustaden til same bruk fram til fristen, og så kan han selje utan hefte deretter. Ein ulempe kan vere at ei slik bukontrakt kan oppfattast som om kommunen etter 5 eller 10 år ikkje lenger krev at bustaden skal vere heilårsbustad.

4 Tildelingsprosedyre. Etter vedtaket i formannskapet i 2007 vil det vere utlysing med søknadsfrist når eit bustadfelt eller etappe av eit felt vert byggjeklart. Etter tildelingskriteria finn eit ut kven som er prioritert til å få tildelt tomt. Dersom dette er færre enn talet på tilgjengelege tomter, er saka grei. Er det derimot fleire prioriterte søkjarar enn ledige tomter, må ein anten gradere prioriteringa nærare eller trekkje lodd mellom dei som er prioriterte. Neste steg bør etter mitt syn vere å tildele tomtene til utvalde søkjarar i tråd med ønskja så langt dette er mogleg og elles nytte loddtrekning der fleire har same ønskje. Dersom det framleis er tomter att etter hovudtildelinga, kan ein anten tildele fortløpande eller setje nye søknadsfristar med jamne mellomrom. Ved søknadsfristar bør ein leggje til grunn ønskja frå søkjarane og så nytte loddtrekning. Ved fortløpande søknadstildeling kan ein nytte loddtrekning mellom dei prioriterte søknadane som er komne inn fram til utsendinga av formannskapssakene eller la søknadsdato vere avgjerande for sjølve tomtevalet første tomtesøkjar vel først.

5 ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: Formannskapet vedtek slike reglar og retningsliner for tildeling av kommunale bustadtomter og eventuelle tomter der kommunen kan få tildelingsretten for etter utbyggingsavtale med privat utbyggjar: 1. Tildelingskriterie. a) Førstegangsetablerarar i bustadmarknaden. b) Barnefamiliar med barn under 15 år. c) Eineforeldre med barn under 15 år. d) Uføre, sosialklientar og andre som av økonomiske årsaker vil ha vanskar med å kjøpe tomt i den private marknaden. e) Søkjarar som har fått tildelt kommunal tomt dei 10 siste åra, kan ikkje få tildelt tomt på nytt. 2. Vilkår for tomtetildeling. a) Kommunen har rett til å kjøpe tilbake tomt det ikkje er bygd på 2 år etter underteikninga av kjøpekontrakt. Ein rekner at tomta er bygd på når huset har fått tette vegger og tak. Kommunen betaler tomteprisen ved kjøpet utan tillegg for renter eller prisjustering. b) Dersom kjøparen vil selje bustaden før det er gått 5 år frå ferdigattest, skal kommunen godkjenne ny kjøpar. Kommunen vil då sjå til reglane om kven som kan få tildelt kommunal tomt. 3. Tildelingsprosedyre. a) Når eit bustadfelt eller etappe av bustadfelt er byggjeklart, vert dette kunngjort med konkret søknadsfrist og der ein viser til tildelingskriteria. b) Dersom det kjem fleire prioriterte søkjarar enn det er ledige tomter, vert det nytta loddtrekning til å avjere kven som får tildelt tomt. c) Når det gjeld kva tomt den einskilde søkjaren får tildelt, så tek ein utgangspunkt i ønskja frå søkjarane. Der fleire ønskjer same tomt, nyttar ein loddtrekning. d) Resttomtene i feltet eller etappen blir tildelt fortløpande av formannskapet og ein tek då med dei søknadane som er komne dagen før utsendinga av sakene til formannskapet. Også her tek ein utgangspunkt i ønskja frå søkjarane og så nyttar loddtrekning der fleire ønskjer same tomt.

6 FSK-080/08 VEDTAK : Ordføraren sette fram forslag om innstillinga med slike endringar og tilføyingar: Pkt. 1 Tildelingskriterie e) 10 år blir endra til 15 år. Pkt. 2 Vilkår for tomtetildeling a) Gjennkjøpsrett ubygd tomt. Kommunen har rett til å kjøpe tilbake tomt det ikkje er bygd på 2 år etter underskriving av kjøpekontrakt. Ein reknar at tomta er bygd på når huset har fått tette vegger og tak. Kommunen betaler tomteprisen ved kjøpet utan tillegg for renter eller prisjustering. b) Bukontrakt. Kjøparen bind seg til personleg å bu i det bygde huset i minst 5 år etter ferdigstilling. c) Gjenkjøpsrett tomt med hus. Dersom kjøparen vil løyse opp bukontrakten før desse 5 åra er gått, har kommunen forkjøpsrett til eigedomen. Ved prisfastsetjing skal kommunen betale tomteprisen som ved 2 a), og opphaveleg kostnad for huset regulert etter byggekostnadsindeks for gjeldande hus. Utført eigeninnsats skal og takast omsyn til. d) Salsgodkjenning. Kommunen kan i staden for å nytte seg av pkt. 2 c) ved oppløysing av bukontrakten, godkjenne ny kjøpar. Kommunen vil då sjå til reglane for kven som kan få tildelt ny tomt. Prisfastsetjinga skal vera som for 2 c). Nytt pkt. 4: Formannskapet kan i særlege høve fråvike reglane i pkt. 1, 2 og 3. Forslaget frå ordføraren vart samrøystes vedtatt.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

VEDLEGG 1 - KATTALAND BUSTADFELT - SALSVILKÅR

VEDLEGG 1 - KATTALAND BUSTADFELT - SALSVILKÅR VEDLEGG 1 - KATTALAND BUSTADFELT - SALSVILKÅR Utgreiinga tek for seg : 1.00 Prinsipp for fastsetjing av tomtepris 1.10 Kostnader som skal fordelast på tomtene 1.20 Fordelingsprinsipp kostnader 1.30 Sal

Detaljer

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune LÆRDAL KOMMUNE Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune Januar 2018 1 Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune Vedteke i kommunestyret i Lærdal

Detaljer

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 6 MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 12.02.2013 Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: MØTEPROTOKOLL Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: 02.02.2004 Tid: 14.30 17.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE Side 1 av 5 PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE 1. Delegasjon 1.1. Kva: Delegasjon inneber at nokon (A) med mynde gir ein annan (B) mynde av same art som ein sjølv (A) har. Ein delegasjon frå kommunestyret

Detaljer

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Planutvalet 24.08.05 TRH 082/05 Avgjerd av: Planutvalet Saksbeh.: Truls Hansen Ansv. JHB Arkiv: N-504 Arkivsaknr 2004002289 SØKNAD OM DISPENSASJON

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming Lærdal kommune Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet 20.05.2014 Sakshandsamar: Alf Olsen jr Arkiv: Arkivsaksnr. 13/803-4 Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming Kort samandrag

Detaljer

Kommunestyret. Innkalling

Kommunestyret. Innkalling Finnøy kommune Kommunestyret Innkalling Møtedato: 06.03.2017 Møtestad: Biblioteksalen Møtetid: Kl. 16:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling.

Detaljer

Saksnr. utval Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Formannskapet

Saksnr. utval Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Formannskapet Førde kommune Arkiv: FE - 614 JournalpostID: 17/16091 Sakshandsamar: Østenstad, Ole John Dato: 01.09.2017 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 054/17 Formannskapet 14.09.2017 058/17 Formannskapet

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Nord-Fron kommune Politisk sak Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Formannskapet 125/14 28.10.2014 Astrid Vadet Formannskapet 134/14 11.11.2014 Arne Sandbu Formannskapet

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Sveinung Toft FA - L12, FA - L21, PlanID - 126620030001, PlanID - 126620170002 17/1158 Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS 29.08.2018 1. gangs framlegg

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17 GISKE KOMMUNE Arkiv: PlanId - 2017012, K2 - L12, GNR - 129/0077 JournalpostID: 17/12682 Sakshandsamar: Per Inge Aakvik Dato: 05.10.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og

Detaljer

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune 1 Innhold 1.1 Generelt... 3 1.2 Ordinære kulturmidlar (driftstilskot):... 3 1.3 Selje kommune sin Kulturpris:... 4 1.4 Ungdommens kulturpris:...

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR Høyringsnotat Lovavdelingen November 2009 Snr. 200907258 HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR. 895 OM TVANGSSALG VED MEDHJELPER GODTGJERING TIL MEDHJELPAR VED TVANGSSAL AV FAST

Detaljer

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN Staben Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartement Dykkar ref.: 14/3975 Vår ref.: 14/858-4 Dato: 27.06.2014 STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA

Detaljer

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/353 15/ RIF

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/353 15/ RIF Høyanger kommune Ordføraren Tenesteområde plan og utvikling e-post: kjell.ese@hoyanger.kommune.no Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/353 15/932 610 RIF 04.02.2015 Sal av kommunale tomter i

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE 1. INNLEIANDE REGLAR 1 Føremål Retningslinene skal leggje til rette for at personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser i bustadmarknaden,

Detaljer

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 17.06.2013 Møtetid: Kl. 12:00 12:20 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 069/13-071/13 Desse medlemmene møtte: Anders Ryssdal Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin

Detaljer

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Formannskapet. Tilleggsinnkalling Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 23.08.2017 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane LOV 2012-06-22 nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane DATO: LOV-2012-06-22-44 DEPARTEMENT: FIN (Finansdepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 8 IKRAFTTREDELSE:

Detaljer

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT TYSVÆR KOMMUNE SÆRUTSKRIFT Dato: 15.12.2014 Saksnr.: 2014/1893 Løpenr.: 35062/2014 Arkiv: V00 Sakshandsamar: Anne Berit Hauge HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT Saksnr Utval Møtedato 6/15

Detaljer

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd. Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 07.05.2015 Tidspunkt: 18:30 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre GISKE KOMMUNE Arkiv: JournalpostID: 17/13637 Sakshandsamar: Ann Kristin Thu Dato: 24.10.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap 13.11.2017 108/17 Giske kommunestyre Økonomiplan

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /84 Kommunestyret. Buplikt for nær slekt - endring av forskrift for Vinje kommune

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /84 Kommunestyret. Buplikt for nær slekt - endring av forskrift for Vinje kommune Vinje kommune Næringskontoret Arkiv saknr: 2012/1768 Løpenr.: 12503/2012 Arkivkode: Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 29.08.2012 12/84 Kommunestyret Sakshandsamar: Thor Christiansen for

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg 06.02.18. Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss Innhold KAPITTEL 1. INNLEIANDE REGLAR... 2 1. Formål... 2 2. Virkeområde...

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL Side 1 av 6 MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL Innhald: 1. Val og samansetting 2. Mynde og oppgåver 3. Førebuing av saker 4. Innstillingsrett - møterett 5. Innkalling sakliste kunngjering 6. Forfall

Detaljer

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015 Unntatt offentlighet Rapport Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015 Rapport-nr.: Rapport: Avdeling: Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30 MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: 11.04.2011 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/11 11/339

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir i -0'_::.:: ---N KOMMUNE _- - -: GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir r' I Styre, utval komite m.m. Møtedato Sakser O vekstutvalet Avgjerd av : Oppvekstutvalet Arkiv: Al Arkivsaker.: Saksbehandlar : Arne Eikenes

Detaljer

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN Vedteke i Tysnes kommunestyre 12. april 2000 Revidert i Tysnes kommunestyre 26. april 2016 1. Delegering etter kommunelova Med heimel i kommunelova 23,

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 20.08.2013 057/13 Kåre Beite Kommunestyret 19.09.2013 059/13 Kåre Beite Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: L81 Arkivsaknr 13/525 Hellandshaugane

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik Båtlag Kinsarvik Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte

Detaljer

Nissedal kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 17:00

Nissedal kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 17:00 Nissedal kommune Møteinnkalling Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: 26.05.2016 Tidspunkt: 17:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt

Detaljer

Linda Nyvoll Antonsen

Linda Nyvoll Antonsen Postmottaket Fra: Linda Nyvoll Antonsen [Iindaantonsen@solund.kommufle.flOi Sendt: Til: 9. desember 2003 11:39 Postmottaket Emne: Høyringsuttale frå Solund kommune - sak 2003 02997 i 200300324&150L O.doc

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Komité for oppvekst 22.04.03 012/03 JOOE Kvam heradsstyre 13.05.03 052/03 JOOE Avgjerd av: Saksh.: Jorunn Øyen Utvida

Detaljer

2 av 8

2 av 8 SAMNANGER KOMMUNE 1 av 8 MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Møtedato: 12.02.2013 Møtetid: 15:00-16:30 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje:

Detaljer

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

Øystre Slidre kommune Saksframlegg Øystre Slidre kommune Saksframlegg ArkivSak: 18/2765 ArkivD: K2 - V61 Saksbehandlar: Kjell Håvard Tuv Saksnr. Utval Møtedato 48/19 Formannskapet 09.05.2019 34/19 Kommunestyret 23.05.2019 Endringar i forskrift

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS 08.06.2015 47/2015 Kommunestyret PS 17.06.2015 Kommunestruktur - løypemelding

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale Time kommune Fagstab samfunn Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep Dato: Arkiv: Vår ref (saksnr.): Journalpostid.: Dykkar ref.: 15.04.2011 K2-F3 I, K3-&I3, Kl- 09/521-6

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030 SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE 08.11.2011 Steinar Hole Arkivsaknr. 11/313 Arkiv: FE-030 Rapport etter forvaltningsrevisjon vedk. internkontroll i Austevoll kommune

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/258-3 Anne Fosse Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/33 Levekårskomiteen 06.11.2017 2017/77 Kommunestyret 21.12.2017 2018/3 Levekårskomiteen

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret 31.08.2015 051/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/821-75

Detaljer

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 10.09.2015 057/15 Etne kommunestyre 29.09.2015 064/15 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Erik Kvalheim N - 504, Hist - 12/780 15/1745 Reguleringsplan

Detaljer

Styre/råd/utval Møtedato Saknr Utval for plan, teknikk og næring /16

Styre/råd/utval Møtedato Saknr Utval for plan, teknikk og næring /16 Bø kommune Styre/råd/utval Møtedato Saknr Utval for plan, teknikk og næring 21.06.2016 72/16 Saksansvarleg: Anna Svalbjørg Arkiv: GBN - 10/1, K2 - L33 Arkivsaknr.: 16/3031 Eikavegen gnr. 10 bnr. 1 - Frådeling

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET Sak 1/10 Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 08.02.2010 Tid: Kl 18.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET 2/10

Detaljer

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Formannskapet. Tilleggsinnkalling Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 26.10.2016 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt

Detaljer

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Grunngjevingsplikta til forvaltninga Grunngjevingsplikta til forvaltninga Oversikt: o Grunngjevingsplikt, fvl. 24 og 25 o Opplysningsplikt, fvl. 17 o Generelt om vilkår o Verknad ved feil o Juridisk metode Grunngjevingsplikt: Dei aller fleste

Detaljer

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/ Fra: Inger Helen Hellesund Sendt : 03.01.2008 Til: Postmottak KRD Kopi: Emne: 98131 2 P Vedlagt oversendes formannskapet sitt vedtak i møte den 19.12.2007 sak 168/07. ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG

Detaljer

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt: EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 22.01.2015 013/15 ÅKR Kommunestyret 29.01.2015 015/15 ÅKR Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Åslaug

Detaljer

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til

Detaljer

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift. TOKKE KOMMUNE. Reglar om tilskot til bygging av bustadhus i spreidd område, (utanfor kommunalt bustadfelt), kjøp, utbetring/restaurering av eldre bustad, til private vass- og kloakkanlegg. Endring av reglane

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 202 2012/1256-7 Jan Arvid Setane 26.05.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Prinsipp

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Forvaltningsstyret - Planutval /18

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Forvaltningsstyret - Planutval /18 SUND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Forvaltningsstyret - Planutval 18.06.2018 079/18 Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr Mona Rabben GNR - 2/7, GNR - 2/8, N - 17/1764-504 Gnr. 2

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

OSTERØY KOMMUNE SAKSPAPIR

OSTERØY KOMMUNE SAKSPAPIR OSTERØY KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saksnr Sbh Formannskapet 25.08.04 144/04 ARA Formannskapet 01.12.04 206/04 ARA Osterøy heradsstyre 15.12.04 093/04 ARA Saksansvarleg Aud Raknem Arkiv:

Detaljer

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger Bustadmarknaden i Sogn Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger Bakgrunn Mangel på adekvate bustader for sal eller leige er i stigande grad dei siste åra trekt fram som ein viktig

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato Tysdag 01.02.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar og drøfting: Ny lov om folkehelse orientering

Detaljer

M ø t e p r o t o k o l l

M ø t e p r o t o k o l l FINNØY KOMMUNE FORMANNSKAPET M ø t e p r o t o k o l l Møtedato: 11.06.2015 Møtestad: Finnøy rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl. 13:00 16:35 Møtet vart styrt av: Gro Skartveit Medlemene var innkalla

Detaljer

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Innkjøpsseksjonen Arkivsak 200901211-16 Arkivnr. 180.T40 Saksh. Marit, Høisæter Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 24.05.2012 RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Detaljer

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling 24.-25.10.2013 ved Dagleg leiar Leiv Vambheim Regionrådet i Hardanger Kommunestrukturprosessen i Hardangewr To løp: 1.Drøfting i Regionrådsmøta

Detaljer

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: 03.04.2006 Tid: 15.00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar Bustadseminar Sogn Regionråd Bidra til utvikling av attraktive stader samle og formidle forskings- og erfaringsbasert kunnskap om bustad og bustadmiljø

Detaljer

Arkiv FA-H47. Søknad om tildeling av tomt i Krakereid Bustadfelt - Vederlagsfritt

Arkiv FA-H47. Søknad om tildeling av tomt i Krakereid Bustadfelt - Vederlagsfritt SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Formannskapet Kommunestyret Møtedato 07.12.2015 14.12.2015 Sakshandsamar Merete Nerland Arkiv FA-H47 Saksnr 105/15 Arkivsak 15/251 Søknad om tildeling av tomt i

Detaljer

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne Møtedato: 18.05.2015 Møtestad: Avdeling for Heimesjukepleie Møtetid: Kl. 09.00 Utvalsmedlemene blir

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: 20.10.04 Tid: 15.00 19.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene

Detaljer

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: 03.03.2014 Tidspunkt: 15:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 18.06.02 064/02 TUBO Avgjerd av: Dette utvalet Saksh.: Turid Børve HST sak 064/02 Referatsaker Arkiv:

Detaljer

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner

Detaljer

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse Kontrollutvalet Arkivnr: 2014/10505-6 Saksbehandlar: Hogne Haktorson Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kontrollutvalet Fylkestinget Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse Samandrag Fylkestinget

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 05.05.2011 Tid: 16.30 17.10 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 7/11 10/582 PROTOKOLL:

Detaljer

Innkalling til Administrasjonsutvalet

Innkalling til Administrasjonsutvalet Meland kommune Møtedato: 30.09.2015 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: 09:00 Innkalling til Administrasjonsutvalet Medlemene i Administrasjonsutvalet vert med dette kalla inn til møte. Den som har lovleg

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet 22.03.2018 015/18 Kommunestyret 05.04.2018 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Veronika Seim Bech K2 - K01 18/61 Lokale retningsliner for motorferdsel

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2012/2177-34 Ikke fordelt til saksbehandler Saksgang Saksnr Utval Møtedato Kommunestyret Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 021/15 Kommunestyret 02.02.2015 009/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Endringar i Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2017/1229-2 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal/ Ingrid Holm Svendsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 20.09.2017 Fylkestinget 03.10.2017

Detaljer

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt. MØTEINNKALLING Utval: Formannskapet Møtedato: 26.03.2015 Møtestad: Kommunehuset, Brattvåg Møtetid: Kl. 14:00 NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 09.09.2009 Ref. nr.: 09/10794 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 60/09 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte tysdag den

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 01.02.2016 Tid: 11:30-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer