HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-"

Transkript

1 Sogn og Fjordane Ungdomslag Huset i bygda Prosjektplan HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur- 1.0 Samandrag Huset i bygda er svært viktig som sosial møtestad, som arena for innøving og utøving av kultur og som kulturminne. Dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa er levande kulturarenaer. Huset i bygda betyr mykje for samhaldet, identiteten og aktiviteten i små og større bygder og byar. Gjennom eit treårig prosjekt frå 2013 til 2016 vil Sogn og Fjordane Ungdomslag løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga, slik at dei blir hus for framtida. Frittståande og organisasjonstilknytte lag som eig kulturbygg og dei mange frivillige som engasjerer seg for huset i bygda skal få hjelp, auka kompetanse, glød og entusiasme. Huset i bygda skal bli synlegare, sterkare og stiligare og få endå høgare status. Sogn og Fjordane Ungdomslag har engasjert seg sterkt for dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket dei seinare åra, og i dag er over 30 lokale ungdomslag eineeigar eller deleigar av eit lokalt ungdomshus. Vi har dei siste åra fått eit nært samarbeid med mange huseigarar, med kommunar, fylkeskommunen og andre som arbeider for husa. Det er derfor svært viktig at vi får halde fram dette viktige utviklingsprosjektet for kulturbygg i fylket. Det vil skape eit rikare og meir mangfaldig kulturliv i mange lokalsamfunn! 2.0 Hovudmål HUSET I BYGDA ein kulturarena der du bur - skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1

2 2.1 Resultatmål Regionale samlingar og lokale husmøte Vi skal årleg skipe til minst 10 regionale samlingar for huseigarar i ein eller fleire kommunar, for auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging. Det vil vere naturleg å invitere representantar frå kommunane til å medvirke på samlinga. Vi skal årleg delta på minst 20 lokale husmøte med mål om auka aktivitet og hjelp til vidareutvikling av huset Kulturhuskonferansen og regionale kurs Årleg skipe til Kulturhuskonferansen som eit treffpunkt mellom huseigarar, myndigheiter og andre støttespelarar. Invitere til minst eitt fagkurs årleg om drift, vedlikehald og utvikling av det lokale kulturhuset Synleggjering av husa / planarbeid Vi skal arbeide for minst 10 oppslag i lokalmedia årleg om Huset i bygda, og vidareutvikle heimesida som ein portal for kunnskap og idear. Vi skal påverke i regionale og kommunale planar for kulturbygg, og arbeide opp mot myndigheitene for å auke statusen til dei organisasjonseigde kulturbygga Dokumentasjon av husa I samarbeid med fylkeskommunen, kommunane og huseigarane skal vi jobbe for å samle data om alle dei organisasjonseigde kulturbygga i den webbaserte husdatabasen vår som var klar til bruk frå hausten Spreie ideane frå pilotprosjektet I samarbeid med Noregs Ungdomslag sentralt skal vi tilby andre fylkeslag og fylkeskommunar hjelp i startfasen med å få i gang Huset i bygda -prosjekt etter modell av Sogn og Fjordane. 3.0 Bakgrunnen for prosjektet Ungdomshuset, bygdehuset, grendehuset, samfunnshuset, bedehuset og andre organisasjonseigde kulturbygg er sjølve fundamentet for store delar av det lokale kulturlivet i Sogn og Fjordane. Dei er uvurderlege som sosiale møtestadar for alle generasjonar, og mange kulturbygg er viktige kulturminne som må vernast for ettertida. Mange av kulturbygga er det einaste forsamlingshuset i bygda, eller fungerer som eit viktig supplement til kommunale kulturhus. 3.1 Huset i bygda Frå prosjektet Huset i bygda starta for fullt i januar 2010 har vi merka oss at mange av laga som eig og/eller driv lokale kulturbygg har stort behov for kompetanse, støtte og ny giv i arbeidet for huset. Vi har i perioden 2010 og fram til dags dato vore i kontakt med over 90 lokale lag som eig kulturbygg, via regionale samlingar, lokale husmøte og Kulturhuskonferansen, eller via telefon eller nett. Huseigarane set stor pris på kontakten, hjelpa og ideane dei har fått, og har fått ny motivasjon og glød. Huset i bygda har i prosjektperioden fått støtte frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, frå lokale kommunar og vart i 2011 plukka ut som eit Bulystprosjekt med midlar frå Kommunal- og Regionaldepartementet. Vi har fått laga eit godt fagleg fundament og etablert gode nettverk i løpet av perioden. Vi har òg utarbeidd heimesider, husdatabase og grafisk profil for prosjektet, og skipa til mange kurs og samlingar med god deltaking. Men jobben er på langt nær utført, vi er berre så vidt i gang! Vi ser verkeleg behovet for ei vidare satsing for å skape hus for framtida. 2

3 3.2 Sogn og Fjordane Ungdomslag / Noregs Ungdomslag I Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) er 22 ungdomslag eineeigar av eit lokalt ungdomshus, og 10 lag er medeigar i lokale kulturbygg. Mange av desse ungdomshusa er einaste samlingsstad i bygda, og rommar det meste av aktivitetar. SOFUL har rundt 50 aktive lokale ungdomslag og i overkant av 1200 medlemer. SOFUL har lang erfaring med å vere serviceorgan for ungdomslaga, og har auge for både aktiviteten i laga og husa der aktiviteten finn stad. Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon med over medlemmer i 400 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar. Innanfor rørsla finst det over 300 ungdomshus, og moderorganisasjonen er svært interessert i å ta del i Huset i bygda for å få til liknande prosjekt i andre fylke i landet. 3.3 Husa skaper bulyst Norsk institutt for by- og regionsforsking utførte i 2008 Bo og flyttemotivundersøkelsen. Tilsvarande undersøking vart gjennomført i personar deltok i undersøkinga i 2008, og vart spurt om kvifor dei hadde flytta, eller kvifor dei ikkje hadde flytta. Resultata frå undersøkingane viser tydeleg at fritid og familie blir ei stadig viktigare årsak til at folk flyttar eller vel å bli buande (Sørlie 2008). I 2008 svara 21 % av dei spurte på landsbasis at sted/miljø er avgjerande i forhold til spørsmålet om flytting. I 1972 svara 9 % det same. Tabellen nedanfor viser kva dei spurte svara på spørsmålet om flytting i undersøkinga frå 2008: Utdanning Arbeid Familie Helse Bolig Sted/Miljø Landet S. og Fj (Bo og flyttemotivundersøkelsen 2008) I undersøkinga har dei mellom anna lagt vekt på kulturtilbod, fysiske forhold ved nærmiljøet, forhold ved det sosiale nærmiljøet og stadstilhøyrsle innan kategorien Sted og miljø. Mange bygdesamfunn i Sogn og Fjordane har i lenger tid vore prega av fråflytting, spesielt frå ungdomar og kvinner. Det at fleire legg vekt på andre forhold enn arbeid som årsak til om dei flyttar eller ikkje, syner at vi er avhengig av å tenke breitt i arbeidet med busetjing i bygdene. Behovet for gode møtestadar og attraktive fritidstilbod blir stadig viktigare. 3.4 Bygde og lokalsamfunnsutvikling Dei organisasjonseigde kulturbygga og eldsjelene som driftar husa er viktig for bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane. Innbyggjarar som bryr seg om bygda si gjennom lokalt engasjement, organisasjonsliv og dugnadsvilje er avgjerande for å få til ei god utvikling. Gjennom prosjektet er vi med på å styrke dette arbeidet, ved å heve kompetanse og nettverk til dei som driftar husa i bygdene. I Regionalt Bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane er det peika på utfordringar, mål og strategi for å kunne skape levande lokalsamfunn. Regjeringa vil styrke regionalpolitikken for å sikre busetnad, verdiskaping og levande lokalsamfunn over heile landet. Dette dreier seg ikkje berre om næringsutvikling, men også om å skape attraktive lokalsamfunn med gode tenester og velferdstilbod. Det er nær samanheng mellom distriktspolitikk og landbrukspolitikk, og samspelet mellom landbruket, andre bygdenæringar og det gode lokalsamfunn er avgjerande for busetnaden i mange bygder. (s. 23). Huset i bygda er eit prosjekt som har stor verdi her og no, og som gjev langsiktige ringverknader utover prosjektperioden. Vi meiner at prosjektet vil vere med å bygge 3

4 grunnmuren som trengst for å skape næringsutvikling og auka busetnad i bygdene våre. Husa skaper arena og rom for alle typar aktivitet, frivillig arbeid og næringsliv. 3.5 Kulturaktiviteten i kvardagen Gjennom Kulturstrategi for Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil fylkeskommunen Skape fungerande arenaer for produksjon og formidling av kunst og kultur (s. 6). Det blir òg slått fast at Det er kulturaktiviteten i kvardagen, der enkeltindividet sjølv er aktørar i eige lokalsamfunn, som skaper nærleik til andre og som er viktig for utvikling av lokal tilhøyre og identitet. (s. 11). Vi meiner Huset i bygda er eit svært godt prosjekt i arbeidet med desse og andre mål i Kulturstrategien. Gode kulturaktivitetar og bu- og oppvekstmiljø er svært sentralt for busetnadsutviklinga. Vi meiner dei mange organisasjonseigde kulturbygga i fylket er vesentlege i dette biletet. Gode fysiske møteplassar skapar gode fritidstilbod, samhald og heimstadsidentitet. Bygdene sine eigne kulturbygg må derfor utviklast med tanke på framtida. 3.6 Husa som kulturminne Husa som kulturminne vil vere ein viktig del av prosjektet også vidare. Vi ynskjer å samarbeide med både det offentlege og andre organisasjonar om dette. I doktorgradsavhandlinga til Grete Swensen, forskar ved Norsk institutt for kulturminneforskning, skriv ho om forsamlingshusa i perioden I artikkelen "Vår demokratiske kulturarv" (Fortidsvern nr 1/2007) skriv Swensen: I mange sammenhenger tillegges en bygning verdi i bevaringssammenheng fordi den er resultat av solid materialinnsikt, god håndverkskunnskap, gode proporsjoner osv. En bygning bør imidlertid også kunne tillegges verneverdi fordi den er resultat av sosiale verdier som medinnflytelse og tiltakslyst. Slike egenskaper ved en bygning viser tilbake på at den har spilt en betydningsfull sosial rolle i et historisk forløp. 4.0 Organisering av prosjektet 4.1 Prosjektleiar Sogn og Fjordane Ungdomslag vil frå mars 2013 ha tilsett prosjektleiar i Huset i bygda i 50 % stilling. Prosjektleiaren skal arbeide for auka kompetanse i drift av lokale kulturbygg gjennom m.a. lokale kurs og møte, med dokumentasjonsarbeid, synleggjering, regionale kurs og konferansar, informasjonsarbeid og utvikling av nye verktøy i arbeidet med husa. Sogn og Fjordane Ungdomslag er arbeidsgjevar og nærmaste overordna. Prosjektleiaren er førebels løna gjennom eigenmidlar frå Sogn og Fjordane Ungdomslag. Ekstern støtte er nødvendig for å kunne ha prosjektleiar i tre år, og målet er å kunne auke stillingsprosenten på sikt. 4.2 Styringsgruppe Vi har sett ned ei styringsgruppe som leier prosjektet. Styringsgruppa vil vere samansett av prosjektleiar, representantar frå Sogn og Fjordane Ungdomslag og Noregs Ungdomslag. Det vil etter kvart kunne verte aktuelt å invitere med fleire i styringsgruppa for prosjektet. 5.0 Økonomi og budsjett Sogn og Fjordane Ungdomslag er økonomisk ansvarleg for prosjektet. Budsjettet er utarbeida med eit treårsperspektiv, og vil bli justert fortløpande etter kvart som vi ser kva inntekter og utgifter vi faktisk får. 4

5 Inntekter Offentleg prosjektstøtte: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane Fylkeskommune Bygdeutviklingsmidlar Anna prosjektstøtte: Ulike fond og stiftingar Noregs Ungdomslag Eigenmidlar: Inntekter kurs / konferansar Eigenfinansiering SOFUL Sum inntekter: Utgifter Løn, sosiale kostn., kontor prosjektleiar Honorar, kurshaldarar/andre Reisekostnader Kulturhuskonferansen / regionale kurs: Bygdemøte og lokale kurs: Informasjon, nettsider Styringsgruppa møte mm Administrasjon og rekneskap Sum utgifter Evaluering og sluttrapport Prosjektet er planlagt over tre år og vil verte justert i høve til endeleg finansiering. For å optimalisere effekten av prosjektet kan det vere føremålsteneleg å utvide prosjektstillinga utover 50% dersom økonomien kan tillate dette. Dette vil føresette kontinuerlig oppfølging og evaluering av måloppnåinga undervegs. Tiltaka og måla i prosjektet vil bli evaluert fortløpande, og vi vil gjere nødvendige endringar i prosjektplanen i samsvar med evalueringa. Styringsgruppa for Huset i bygda er ansvarleg for å gjennomføre dette. Endeleg sluttrapport vil bli lagt fram og distribuert etter prosjektslutt våren Eit viktig tema for sluttrapporten er korleis erfaringane frå prosjektet kan vidareførast i framtida. Vi er sikre på at Huset i bygda vil ha stor verdi for ettertida. Til betre i stand dei mange eldsjelene som brenn for ungdomshuset, grendehuset, bygdehuset og andre kulturbygg er til å forvalte og utvikle husa, til betre blir husa og aktiviteten i husa. Gjennom prosjektet vil vi utvikle nye verktøy og jobbe for å få gode heimesider, husdatabase o.l. som kan komme til nytte i framtida. Sogn og Fjordane Ungdomslag vil gjennom prosjektet bli styrka som organisasjon, og vil i framtida i endå større grad kunne ta ansvar for å følgje opp dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket. 5

RAPPORT Huset i bygda 2010-2012

RAPPORT Huset i bygda 2010-2012 RAPPORT Huset i bygda 2010-2012 Utarbeid april 2013 Kristin Sandal Prosjektleiar Huset i bygda 2 Innleiing Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL)og Norske kulturbygg (Nk) starta prosjektet i 2010 etter ein

Detaljer

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo Huset i Bygda Ein kulturarena der du bur 24.10.14 «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo Historikk Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 lokallag 30 av desse eig bygg Bakgrunn: Interne

Detaljer

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,

Detaljer

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Prosjektplan - «Liv i Vinje» Prosjektplan - «Liv i Vinje» Utarbeida av: Vest-Telemark Næringsutvikling as, v/ole Dalen 6. januar 20 Vest-Telemark Næringsutvikling as - Adr.: Granlivegen A, 3850 Kviteseid T +47 35 06 84 00 M +47 4

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg OM HUSET I BYGDA Historikk Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg Bakgrunn: Interne undersøkingar blant SOFUL-lag som eigde bygg frå 2007 ; Mange ungdomshus var einaste

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov. 2010 ved prosjektleiar Tore Bjelland

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov. 2010 ved prosjektleiar Tore Bjelland Strandsoneforvaltning i Sunnhordland Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov. 2010 ved prosjektleiar Tore Bjelland Sunnhordlandsregionen Austevoll Bømlo Etne Fitjar Kvinnherad Stord

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle 04.05.2010

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle 04.05.2010 Bygdemobilisering om åløfte bygda etter håret Synnøve Valle 04.05.2010 Kva er bygdemobilisering? Systematisk arbeid for åbidra til næringsutvikling, bulyst og auka trivsel Viktige ingrediensar: Avgrensa

Detaljer

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?

Detaljer

Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse

Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse Bolyst 2013 Tittel Øyliv i Sunnhordland Kort beskrivelse Dette er ei vidareføring av prosjektet "Flytt til LivOGLyst" som fekk støtte gjennom Bulystsatsinga i 2011. Prosjektet er eit samarbeid mellom øysamfunna

Detaljer

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1 2 Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4

Detaljer

Statsbudsjettet 2013 - Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil 1 650 000 kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

Statsbudsjettet 2013 - Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil 1 650 000 kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013 Surnadal kommune Anne Saltrø Polden 6650 SURNADAL Deres ref. Vår ref. Dato 13/540-13 09.07.2013 Statsbudsjettet 2013 - Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil 1 650 000 kroner til bulystprosjektet

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅRE VERDIAR arbeide for ei trygg og forutsigbar framtid for innbyggjarar, næringsliv og lag/ organisasjonar. Vi engasjerer oss, jobbar for ansvarlege løysingar

Detaljer

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivilligforum 27.05.2008 Synnøve Valle Frivillig sektor: Sentral i samfunnsbygginga? Ja! Den frivillige innsatsen utgjer 5 6 % av antal personar i kommunen

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Kvifor forsøk med lokal jakt- og fiskeskule?

Kvifor forsøk med lokal jakt- og fiskeskule? Kvifor forsøk med lokal jakt- og fiskeskule?? Møte med JFF-Gardermoen 01.09.08 Bjarne Huseklepp Jakt- og fiskelukke er kunnskap! NJFF - interesseorganisasjon som ivaretek medlemmene sine interesser 1.

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Søknadsnr. 2013-0089 Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Søknadsnr. 2013-0089 Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Søknad Søknadsnr. 2013-0089 Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Prosjektnavn Øyliv i Sunnhordland Kort beskrivelse Dette er ei vidareføring av prosjektet "Flytt til LivOGLyst" som fekk støtte

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg

Detaljer

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Sluttrapport Utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune www.sfj.no 1. Innleiing Prosjektnamn: Kartlegging

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga Sak Fråsegner Ei fråsegn kan ha ulike funksjonar i ein organisasjon. Det kan t.d. ha form som ei pressemelding eller ein politisk uttale i ei sak, som blir sendt til ulike instansar. Ei fråsegn kan også

Detaljer

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp Vi treng større fokus på rekruttering! Kvifor? Trondheim 30.01.2010 Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp -Leiar i Barne- og ungdomsutvaletwww.bjarnehuseklepp.com Plan for dagen min i Sør-Trøndelag

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR Hans-Erik Ringkjøb Ordførar, Voss kommune SLIDE 1 AGENDA Kva er kompetansearbeidsplassar? To framtidsbilder SAIL Port Northern Europe Attraktivitet gjennom kvalitetar

Detaljer

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015 Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015 Litt om meg Utdanna faglærar i historie og samfunnsfag Historie, samanliknande politikk og medievitskap Erfaring som aktiv tillitsvald i ungdomslaget,

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA Evaluering 0207 1 Kort omtale av prosjektet; Nettstøtta

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Vestlandsk Vidsyn. 25. Sept 2013 Gro Rukan

Vestlandsk Vidsyn. 25. Sept 2013 Gro Rukan Vestlandsk Vidsyn 25. Sept 2013 Gro Rukan Framtidsfylket Trainee ei felles rekrutteringsordning for Sogn og Fjordane Agenda o Framtidsfylket AS o Bakgrunn for selskapet o Historikken til traineeordninga

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4 Arkiv: Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus * Tilråding: Sogndal Kulturhus AS vert vidareførd som eit heileigd kommunalt aksjeselskap.

Detaljer

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Rogaland skognæringsforum 1 1. Innleiing Arbeidet med Regionalt bygdeutviklingsprogram er forankra i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane - eit delprosjekt i Kunnskapsbasert Norge -

Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane - eit delprosjekt i Kunnskapsbasert Norge - Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane - eit delprosjekt i Kunnskapsbasert Norge - 12.januar 2012 Agnes Landstad Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane Bakgrunn Befolkningsutvikling, fråflytting, sentralisering nasjonalt

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Finansiering av dei offentlege fagskolane Saksutredning: BREV FRÅ VESTLANDSRÅDET TIL KUNNSKAPSDEPARTEMENTET OM FAGSKOLEUTDANNINGA Trykte vedlegg: Ingen Utrykte vedlegg:... Sett inn saksutredningen under denne linja Finansiering av dei offentlege

Detaljer

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Arkiv: 030 Saksmappe: 14/780 Saksbehandlar: Rådmannen Dato: 27.11.2014 Synnøve Vasstrand Synnes KOMMUNEREFORM - LOKAL PROSESS SAKSGANG Utvalssaksnr. Utval

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane IA-kurs hausten 2014 Kurstilbod for IA-verksemder // Kurskatalog høsten 2014 Velkomen til kurs med NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane Gratulere med ny IA-avtale!

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Møtedato: 11.03.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Møtedato: 11.03.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14 Kontrollutvalet i Vik kommune Møtebok Møtedato: 11.03.2014 Møtetid: Kl. 13:00 15:45 Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14 Følgjande medlem møtte Gyda Bøtun Ola Engum Oddvar Tryti Siv

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392 Arkiv: F30 BUSETJING AV FLYKTNINGAR... Set inn saksutgreiinga under denne linja Vedlegg: 1. Brev IMDI - Oppmoding om busetting

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

INU-FSF HANDLINGSPLAN FOR 2013

INU-FSF HANDLINGSPLAN FOR 2013 INU-FSF HANDLINGSPLAN FOR 2013 1 INNLEIING 1.1 BAKGRUNN ESA godkjente 19. juli 2006 regjeringa sitt forslag om gjeninnføring av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift frå og med 1. januar 2007.

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Askvoll kommune www.askvoll.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 Prosjekt Sogn lokalmedisinske senter, Lærdal. Rapport forstudie og vidareføring TILRÅDING: Leikanger kommunestyre gjer

Detaljer

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYRESAK: 88/15 O STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK Styret

Detaljer

Vedlegg SNP 2016 2019 Side 1. Strategisk næringsplan 2016-2019

Vedlegg SNP 2016 2019 Side 1. Strategisk næringsplan 2016-2019 Vedlegg SNP 2019 Side 1 Strategisk næringsplan HANDLINGSPROGRAM Handlingsprogram Vedlegg SNP 2019 Side 2 1. Årdal skal legga til rette for å skapa nye lønsame arbeidsplassar. 1.1. Nyskaping Med nyskaping

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010 Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar prosjekt på industribær Merete Lunde FoU og kvalitetsdirektør Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010 Kvalitet gjennom

Detaljer

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal

Detaljer

Friluftslivets år 2015

Friluftslivets år 2015 Friluftslivets år 2015 1 BAKGRUNN Tidlegare arrangert: - 1993-2005 Tiltak i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv 2014-2020 2 H.K.H Kronprins Haakon er høg beskyttar av «Friluftslivets år 2015»

Detaljer

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Søknadssum: 411 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Nye formidlingsmetoder Nasjonalbibliotekets digitale tjenester som grunnlag for nye tilbud Opplysninger

Detaljer

Søknadsnr. 2012-0051 Søknadsår 2013 Arkivsak 201208874 Støtteordning LivOGLyst Hordaland 2013 Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø

Søknadsnr. 2012-0051 Søknadsår 2013 Arkivsak 201208874 Støtteordning LivOGLyst Hordaland 2013 Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø Søknad Søknadsnr. 2012-0051 Søknadsår 2013 Arkivsak 201208874 Støtteordning LivOGLyst Hordaland 2013 Prosjektnavn Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø Kort beskrivelse På Litlabø var det eit unikt Gruvemiljø

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Ei god framtid for alle!

Ei god framtid for alle! Demokrati og politisk styring Ei god framtid for alle! * At kommunereforma skal tuftast på frivilligheit og fakta Senterpartiet har som grunnhaldning at samanslåing av kommunar skal vere frivilleg. Vi

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Altas bosetningshistorie

Altas bosetningshistorie Altas bosetningshistorie Den problematiske personhistoria Universitetet i Tromsø 19.06.2008 Arnfinn Kjelland Høgskulen i Volda Dagens samfunn er komplekst: Page 1 «Krav» til personinformasjon i ei moderne

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule 10. september var Anne Brit og Mari frå Leikanger kommune på besøk hjå 9. trinn på Leikanger ungdomsskule. Tema for samlinga var lokaldemokrati,

Detaljer

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen? Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen? Dirk Kohlmann Tvedt, Fylkesmannen i Hordaland Vikebygdkrinsen Sæbø Herand Dirk Kohlmann Tvedt, Fylkesmannen i Hordaland Trendar i Europa Identitet og å være

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.06.2011 039/11 HASO Kvam heradsstyre 20.06.2011 065/11 HASO Avgjerd av: Saksh.: Hans Atle Soldal Arkiv:

Detaljer

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING Stolt av der eg kjem frå Mot lysebotn Kompetansesenter for distriktsutvikling - Distriktssenteret Kartgrunnlag: Statens kartverk (cc-by-sa-3.0) Foredrag i 3 kulepunkt Kommunane

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09. Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad sikte på å slå

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn Prosjektplan Framlegg Vassområde Ytre Sogn 1. Bakgrunn Føreskrift om rammer for vassforvaltning (vassforskrifta) trådde i kraft 1.1.2007, som ei oppfølging av EUs rammedirektiv for vann (vassdirektivet).

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE Bakgrunn for oppretting av forumet Fylkestinget reviderte sektorplan for tenester for rusmisbrukarar i Sogn og Fjordane, våren 1995. Der vart Fylkesmannen

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.

Detaljer

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Søknad Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Prosjektnavn Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Kort b eskrivelse Framtidsfylket vil i 2016

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Vinje kommune. Sluttrapport

Vinje kommune. Sluttrapport Vinje kommune Sluttrapport 28.05.2008 Innhold 1. Sammendrag... 3 2. Gjennomføring i henhold til prosjektplanen... 3 3. Målrealisering... 4 4. Prosjektorganisering... 5 5. Erfaringer som samspill kommune...

Detaljer

Framtidige behov for hjelpemiddel

Framtidige behov for hjelpemiddel Framtidige behov for hjelpemiddel AV SIGURD GJERDE SAMANDRAG Hjelpemiddelformidling er ein stor og viktig del av hjelpetilbodet for alle med funksjonsvanskar. Samfunnet satsar store ressursar på formidling

Detaljer

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjeundersøking om sentrumsområde Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland

Detaljer