1 GENERELT 2 FELLES FØRESEGNER



Like dokumenter
Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

SAMNANGER KOMMUNE FORSLAG TIL REGULERINGSPLAN FOR BUSTADOMRÅDE GJERDE LØNNEBAKKEN

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Reguleringsføresegner for. Bustadområde på Alver, gbnr 137/188

Det regulerte område, som er synt på planen med grenseline, er nytta til:

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

1.2 Planområdet er inndelt i område med fylgjande føremål etter pbl 12-5:

FJELL KOMMUNE Reguleringsføresegner for: jf plan- og bygningslovens (pbl) 26

REGULERINGFØRESEGNER

for Kommunens Dato: Møtedato: 1. gangs 2. gangs Sak: 203/12 Side 1 av 5

Detaljregulering for gnr/bnr 56/295 m.fl., Tjødnåsen Plan ID: Stord kommune

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR HJELMESET 3, GNR. 31 BNR. 2, 4 M.FL. HERØY KOMMUNE

Sogndal kommune. Vedteken dato: Revidert dato: Reguleringsplan for Lunnamyri Plan ID Reguleringsføresegner Detaljregulering

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

Lindås kommune Føresegner til reguleringsplan bustadfelt, Kløve Nord, gnr 29 bnr 3 mfl Revidert

Fjell kommune, Langøyna Ørnahaugen Kystlandsby

Fjell kommune, Langøyna Ørnhaugen Kystlandsby

(Plan-id )

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Voll-Hyttefelt

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN GNR. 81, BNR. 181 og 90 ROSENDAL HYTTETUN OG CAMPING, VEDAVIKA I KVINNHERAD KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR PLASSEN 1. GENERELT 2. REGULERINGSFORMÅL

1 REGULERINGSFØRESEGNER

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR ØVRE RINGEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

REGULERINGSPLAN FOR ANGLEVIK, MOSTERHAMN GNR. 10 BNR. 1 MFL. BØMLO KOMMUNE.

FJELL KOMMUNE Føresegner for: Arefjord G.nr. 41, B.nr m.fl jf plan- og bygningslovens (pbl) 12-7

Føresegner. Falkhytten Aust. Detaljregulering. for

KVINNHERAD KOMMUNE Reguleringsføresegner for:

REGULERINGSPLAN FOR TROVÅG NORD VINDAFJORD KOMMUNE FØRESEGNER

Fjell kommune PlanID: REGULERINGSFØRESEGNER FOR SØRE BILDØY, VOLLVIKA, GNR. 34, BNR. 31 og 147 M.FL jf plan- og bygningslova (PBL 2008) 12-7

Retningslinjer for fortetting

REGULERINGSPLAN LUNDSHAGEN / LUNDSNESET Gnr. 95, Bnr. 50 m.fl. KVINNHERAD KOMMUNE. FØRESEGNER Juni Side 1

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

Reguleringsføresegner Myrkdalen Camping

REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA Gnr. 70 bnr. 48, 49, 50 og 51 ULVIK HERAD

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

DETALJREGULERING FOR SMÅBÅTHAMN HORNELANDSVÅGEN, DEL AV GNR. 46, BNR.4, STORD KOMMUNE

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG

Føresegner. Planid: Arkiv nr.: L12

Føresegner til detaljreguleringsplan for: HATLEBAKKANE I LEIKANGER KOMMUNE GODKJENT

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR GOTEBAKKEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

Detaljregulering for gnr/bnr 27/89 m.fl.,borggata Stord kommune

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner


FORSLAG TIL ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR RISSUNDET. PLANID , LINDÅS KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR HANSABAKKEN II GNR. 40 BNR. 8 M.FL. SVEIO KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR JANSAFELTET GNR. 40 BNR. 2 OG 4 SVEIO KOMMUNE

REGULERINGPLAN FOR BUSTADOMRÅDE 109/633 RAUNEVARDEN AUST, BØMLO KOMMUNE

Meland kommune. Områdeplan for. Frekhaug sentrum gnr bnr m.fl. Reguleringsføresegner. (jf plan- og bygningslova 12-7)

HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD

Føresegner. Falkhytten Aust. Detaljregulering. for

Reguleringsføresegner

Detaljregulering for gnr/bnr 131/1 m.fl., Prestalio, Etne kommune PlanID

FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

Føresegner til reguleringsplan for: SÆBØ 2 I VIK KOMMUNE

REGULERINGSPLAN, NORDØYRANE. REGULERINGSENDRING.

Reguleringsføresegner for: Jf. plan- og bygningslova (PBL) GENERELT 2 FELLES FØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR APALEN SØR, GNR 202 BNR 1 M.FL.

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GNR./BNR. 131/1 M.FL., PRESTALIO

Transkript:

FØRESEGNER Reguleringsplan for klyngetun gnr.57, bnr. 5 - Fjell gard Reguleringsplan utarbeidd av : Dato for siste revisjon av planen 26.05.08 Dato for vedtak i kommunestyret... 1.1 AVGRENSING Planen viser regulert område med plangrense. 1.2 FØREMÅL Arealet innafor planområdet er regulert til : 1. BYGGEOMRÅDE * konsentrert småhusbusetnad, B1-B3 2. LANDBRUKSOMRÅDE * jord- og skogbruk, LB1-LB2 3. OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE * offentleg gang/sykkelveg, GS * anna veggrunn, AV 6. SPESIALOMRÅDE * frisiktsone, FS1-2 * privat veg, PV * bevaring av anlegg, BV * anna spesialområde - for støyskjerm, AS 7. FELLESOMRÅDE * felles avkøyrsel, FA1-FA2 * felles parkeringsplass, FP * felles leikeareal, FL1-2 * felles grøntareal, FG1-5 * felles gangveg, GA1-4 * felles areal for avfall og post, AF1 * felles teknisk anlegg, AF2 1 GENERELT 1.3 AVTALAR Etter at denne reguleringsplanen med tilhøyrande føresegner er stadfesta, kan det ikkje gjerast privatrettslege avtalar som er i strid med planen og føresegnene. 2.1 PLANKRAV 2 FELLES FØRESEGNER 2.1.1 Før handsaming av søknad om rammeløyve / søknad om igangsettingsløyve (to-stegsmodellen) vert det krevje utarbeidd plan for utbygging for husgruppe i målestokk 1 : 500 i byggeområde for bustader.

Planen skal visa hus med kotehøgder ferdig golv, gesims- og mønehøgde, tilkomst til hus, interne vegar, trim/leikeapparat, parkeringsplassar/-garasje, søppelhandsaming, postkasser og avkøyrsler. 2.1.2 Tiltakshavar skal ved handsaming av søknad om rammeløyve / søknad om igangsettingsløyve sikra at utbygginga får ei god form og materialval, og at bygg i same bustadgruppe får ei heilskapleg og harmonisk utforming. Farge på hus og taktekking skal godkjennast av kommunen. 2.1.3 I samband med detaljplanlegging og seinare tiltak i området (byggesøknader etc.) er det krav om at naudsynte tiltak mot inntrenging av radongass må undersøkjast og eventuelt setjast i verk før byggearbeid startar opp. 2.1.4 Felles utomhusareal og tilkomst til den einskilde bustad skal tilfredsstille krav til universell utforming. 2.2 REKKEFØLGEKRAV 2.2.1 Privat avkøyrsle (ny kryssløysing til R555) med frisiktsonar og felles avkøyrsel (FA1-2) skal vere opparbeidd i samsvar med planen før det vert gjeve byggeløyve for bustadene. Felles parkeringsplass (FP), leikeareal (FL1-2), grøntareal (FG1-5), gangvegar (GA1-4), plass for avfall og post (AF1) og felles teknisk anlegg (AF2) skal vere opparbeidd i samsvar med planen før bustadene vert tekne i bruk. 2.3 BYGGJEGRENSER 2.3.1 Innafor viste byggegrenser skal bygg plasserast som vist i planen. 2.3.2 I fellesareal kan det plasserast garasjeanlegg mindre enn 50 m2 (FP) og mindre bygg for felles teknisk anlegg (AF2) utanom byggegrensene. 2.4 BUSTADTYPAR/ETASJETAL / BYGGEHØGDER 2.4.1 Bustadområdet vert tillete bygd ut med tomannsbustader og einebustader i rekkje. Gjennomsnittleg gesimshøgde skal ikkje overstiga 6,0 m (to etasjar). Der terrenget gjer det naturleg, kan bygga utførast med underetasje og ein gjennomsnittleg gesimshøgde på maksimum 8,0 m i samsvar med byggeforskriftene og planog bygningsloven. 2.4.2 Bustadene skal ha saltak. Mindre bygg som bodar, garasjar og mindre anneks (kontor, verkstad etc.) kan ha pulttak. I areal for fellesrom i B3 nord for FL2 kan bygg utformast med flatt tak. Takvinkel skal ikkje overstiga 35 grader. Minste takvinkel skal vere 22 grader. 2.5 PARKERING / TILKOMST 2.5.1 Parkering skal som hovudregel skje i fellesanlegg med minimum 2 plassar pr. einebustad der den eine plassen skal ha plass til garasje på bakken eller som fellesanlegg i underetasje bustadbygg. Mindre bustader inntil 65 m2 bruksareal skal ha 1 parkeringsplass pr. bustadeining. Der einebustad har hybelhusvære må det reknast med 3 plassar pr. bustadeining. 2.5.2

Garasjar kan innanfor føresegnene i byggeforskriftene, oppførast som fellesanlegg under bustadgruppe 2 (B2) og som individuelle dobbeltgarasjar på bakken i felles parkeringsplass FP. Endeleg plassering og utforming av garasjar skal godkjennast av kommunen. Plassering av garasje skal vera vist på situasjonsplan som fylgjer søknad om rammeløyve/søknad om løyve til tiltak, sjølv om garasje ikkje skal oppførast samtidig med bustader. 2.5 UBYGDE AREAL 2.5.1 Ingen del av planområdet må tilplantast med buskar eller tre som etter kommunen si meining kan virka sjenerande for offentleg ferdsel. Dei ubygde områda må gjevast ei tiltalande form og handsaming. 2.5.2 Transformatorkioskar o.l. vert berre tillete oppført der dei etter kommunens si meining ikkje er til ulempe og ikkje inntil eller i leikeområde. Det vert stilt strenge krav til arkitektonisk utforming av denne typen mindre bygg. 3 BYGGEOMRÅDE KONSENTRERT SMÅHUSBUSETNAD 3.1 Areal for bustader skal nyttast til tomannsbustader og rekkjehus med tilhøyrande anlegg innafor dei avgrensingar som er gitt i reguleringsføresegner og plankart. Maksimal prosent utbygd areal (%BYA) er for kvar bustadgruppe: B1: % BYA= 30 % B2: % BYA= 60 % B3: % BYA= 35 % 3.2 For bustadområda skal det opparbeidast nødvendige garasje/parkeringsplassar (sjå pkt. 2.4.1). 3.3 Bustadgruppene skal byggjast ut i den rekkjefølgja dei er talfesta. Tilsvarande skal infrastruktur (vegar, vass- og avlaupsanlegg/leidningar) følgje same rekkjefølgje. 3.4 I samband med byggesøknader for bustadgruppa skal det leggjast fram fotomontasje som syner korleis busetnaden vert sjåande ut sett frå Fjell sentrum m.o.t. det omkringliggjande natur- og kulturlandskapet (fjernverknaden). Bustadgruppene må i form, proporsjonar, storleik og materialbruk ta spesielt omsyn til landskapsverknaden av tiltaket og omkringliggjande busetnad. 3.5 Alle bustadgrupper skal i størst mogleg grad ha universell utforming med omsyn til funksjonshemma brukarar (rørsle, syn, orientering etc.). I kvar bustadgruppe skal minimum 50% av bustadene ha tilkomst og felles utomhusareal som er universelt utforma. Hovuddel i kvar bustad skal ha livsløpsstandard. 3.6 I kvar bustadgruppe for seg skal det setjast av eit privat uteareal eigna for opphald på minimum 50 m2 (MUA) pr. bustadgruppe i gjennomsnitt i tillegg til fellesareal for leik og rekreasjon. Minste uteopphaldsareal (MUA) er for kvar bustadgruppe: B1: MUA= 100 m2 B2: MUA= 50 m2 B3: MUA= 100 m2 3.7 Mindre bygg utan busetnad (bod o.l.) inntil 15 m2 bruksareal kan setjast opp utanfor byggegrensa for føremålet. 3.8

Støynivå i uteopphaldsareal skal ikkje overstige 55 db (A). 3.9 For bustadgruppe 3 (B3) skal det i byggeområde konsentrert småhusbusetnad sikrast gangvegrett fram til hovudinngang i kvar bustad. Minimum 50 % av bustadene i denne bustadgruppa skal ha tilgjenge for rullestolbrukarar. 4 LANDBRUKSOMRÅDE 4.1 Landbruksområde er frisktsone for privat avkøyrsle til R555. 5.1 Offentlege trafikkområde er delt i: * offentleg gang/sykkelveg * anna veggrunn 5.2 Gjeld del av gang/sykkelveg ved avkøyrsla til R555. Anna veggrunn er del av frisiktsone til avkøyrsla. 6.1 Spesialområde er delt i: * frisiktsone veg * privat veg * bevaring av anlegg * anna spesialområde for støyskjerm 5 OFFENTLEGE TRAFIKKOMRÅDE 6 SPESIALOMRÅDE 6.2 I frisiktsone ved R555 kan det ikkje oppførast utplantning eller andre tiltak høgare enn 0,5 m som kan redusere frisikta. 6.3 Privat veg er veg mellom avkøyrsle mot R555 fram til eigedomane 56/7, 56/28 og felles avkøyrsle FA1. 6.4 Eksisterande steingjerde som går mot eigedomen 56/3 i sør skal opprustes og bevarast. 6.5 Langs felles avkøyrsle (FA1) skal det etablerast støydempande tiltak (støyskjerm) mot eigedomen 56/3 i h.h.t. privatrettsleg avtale dagsett 14.08.07 mellom grunneigarane for 56/4, 57/5 og 56/3, før det vert gitt mellombels bruksløyve eller ferdigattest for byggetiltak i planområdet. 7.1 Fellesområde er delt i : * felles avkøyrsel, FA1-2 * felles parkeringsplass, FP * felles leikeareal, FL1-2 7 FELLESOMRÅDE

* felles grøntareal, FG1-5 * felles gangveg, GA1-4 * fellesareal for avfall & post, AF1 * felles teknisk anlegg, AF2 7.2 Felles avkøyrsle (FA1) er felles med fleire brukarar som ligg utanom planområdet. 7.3 I felles parkeringsplass, FP kan det oppførast separate garasjeanlegg (dobbeltgarasjar) med bruksareal inntil 49 m2. 7.4 Felles leikeareal for barn (leikeplass ved inngang) skal tilretteleggast i nær tilknyting til kvar bustadgruppe, med eit areal på min. 50 m2 for kvar leikeplass. Maks avstand frå bustad til leikeplass ved inngang skal vere 50 m. Saman med felles grøntareal (FG3) skal disse areala gi minimum 50 m2 felles utomhusareal pr. bustad for heile bustadfeltet. 7.5 Alle fellesareala er felles for heile bustadfeltet og kan nyttast av alle bebuarane.