Offentleg møteprotokoll Utval : FORMANNSKAPET Møtedato: 13.12.11 Sakliste Utvalsaktype/nr. Arkivsaknr. Tittel PS 84/11 11/948 GEBYR- OG BETALINSSATSAR 2012 - LANDBRUK- OG TEKNISK PS 85/11 11/949 FORELDREBETALING I SFO OG KULTURSKULEN PS 86/11 11/952 LESEBRETT TIL POLITIKARANE PS 87/11 11/942 KJØP AV SKOGATEIG I ONARHEIMSMARKA PS 88/11 11/979 LÅNEOPPTAK I BUDSJETTET 2011 PS 89/11 08/1657 BUDSJETTREGULERING 2011 PS 90/11 11/980 OVERSKOT/MINDREFORBRUK 2010 - DISPONERING PS 91/11 11/981 GRAVPLASS PÅ SØR-REKSTREN Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks:
Side 2 av 6 Sak PS 84/11 GEBYR- OG BETALINSSATSAR 2012 - LANDBRUK- OG TEKNISK Ordføraren la fram framlegg om slikt tillegg til rådmannen si innstilling: Kommunestyret ber om at rådmannen legg fram sak der det vert teke ein full gjennomgang av sjølvkostområdet innan 13.03.12. Under dette vert rådmannen beden om å gjera ei vurdering av kostnader knytt til eigenfakturering av tenester. Etter handsaming ligg det føre slikt samrøystes framlegg til vedtak frå formannskapet: Kommunestyret finn med tilvising til ovanståande utgreiing å auka dei årlege renovasjonsgebyra med 5 % frå 01.01.12.; likeins å auka slamgebyra med 6 % frå same tidspunkt. Dei andre gebyr- og betalingstenestene i gjeldande gebyrregulativ vert prisjusterte med 3,25 % frå 01.01.12. Dette gjeld likevel ikkje eingongsgebyret under punkt 4.2 avløp. Kommunestyret ber om at rådmannen legg fram sak der det vert teke ein full gjennomgang av sjølvkostområdet innan 13.03.12. Under dette vert rådmannen beden om å gjera ei vurdering av kostnader knytt til eigenfakturering av tenester. Sak PS 85/11 FORELDREBETALING I SFO OG KULTURSKULEN Betalingssatsane for SFO og kulturskulen vert i samsvar med ovanståande utgreiing prisjusterte med 3,25 % med verknad frå 01.01.12. Sak PS 86/11 LESEBRETT TIL POLITIKARANE
Side 3 av 6 Straks versjon 8 av saksystemet er i normal drift i administrasjonen, skal det startast opp innføring av ordning med lesebrett til kommunestyre og dei 2 utvala i samsvar med premissane i saka. Sak PS 87/11 KJØP AV SKOGATEIG I ONARHEIMSMARKA John Martin Dale gjorde slikt framlegg til vedtak: Med bakgrunn i dei historiske fakta i saka slik dei går fram i ovanståande saksframlegg får Arne Onarheim tilbod om å kjøpa skogateigen under gnr 152, bnr 12. Rådmannen får fullmakt til å førestå den praktiske gjennomføringa av salet. Kjøparen vert oppmoda om å ta initiativ til eit makeskifte med eigar av bnr 6 eller bnr 8 for få ei betre arealmessig arrondering i område. VEDTAK I FORMANNSKAPET 13.12.11: Med bakgrunn i dei historiske fakta i saka slik dei går fram i ovanståande saksframlegg får Arne Onarheim tilbod om å kjøpa skogateigen under gnr 152, bnr 12. Rådmannen får fullmakt til å førestå den praktiske gjennomføringa av salet. Kjøparen vert oppmoda om å ta initiativ til eit makeskifte med eigar av bnr 6 eller bnr 8 for få ei betre arealmessig arrondering i område. Sak PS 88/11 LÅNEOPPTAK I BUDSJETTET 2011 Økonomisjefen orienterte om status i høve til låneopptak i 2011. Det er mogleg å ikkje ta opp det føresette låneopptaket for 2011 dersom kommunestyret ønskjer det. Aud Kaldefoss sette fram slikt framlegg til vedtak:
Side 4 av 6 Tysnes kommune tek ikke opp lån som føresett i budsjett for 2011. Ved avrøysting fekk framlegget 5 røyster ( AK, KH, JMD, IR, AS), 2 formenn røysta i mot framlegget (BL, TL). Etter dette ligg det føre slikt framlegg til vedtak: Tysnes kommune tek ikke opp lån som føresett i budsjett for 2011. Sak PS 89/11 BUDSJETTREGULERING 2011 Reguleringspremie: Reguleringspremie KLP i 2011 utgjer kr. 5.452.843. I 2011 fekk Tysnes kommune tilbakeført overskot frå KLP på kr. 1.828.405. Nettoutgift til reguleringspremien blei kr. 3.624.438. Arbeidsgjevaravgift av dette blir kr. 511.045. Rådmannen gjer framlegg om at etatane får auka budsjettet med same beløp som reguleringspremien er utgiftsført med i rekneskapen. Totalt utgjer denne utgifta kr. 4.135.483. I 2011 er det budsjettert med kr. 2.806.804 til dekking av pensjon og lønsutgifter på konto 1.1180.1900.4905 - denne kontoen blir sett i 0. Restbeløpet på kr. 1.328.679 blir budsjettert som inntekt på årets premieavvik konto 1.1180.1700.0900. Senioravtaler: Det er i 2011 budsjettert med kr. 1 mill til seniortiltak og utgifter til eigendel AFP. Det er så langt utgiftsført kr. 803.024 til eigendel AFP. I tillegg kjem arbeidsgjevaravgift på kr. 113.226. Det er ved årsskiftet 20 personar som har senioravtale. Det er 4 personar som er gått ut av avtalen i år. Budsjettet på konto 1.1180.1804.0902 skal reduserast med kr. 421.653. Av dette skal kr. 152.101 avsetjast på fond konto 25199001. Resten kr. 269.552 skal fordelast til arbeidsplassane som har personar med senioravtale. Pakkhus Våge hamn Utbetring av pakkhuset i Våge, jf. PS 22/11, vert overført frå driftsbudsjett til investeringsbudsjettet. I utgangspunktet var det sett ei ramme på kr 200 000 til gjennomføring av investeringa.
Side 5 av 6 Det er ikkje lagt fram endeleg byggjerekneskap, men kostnadsramma synes å verta om lag kr 300 000. Våge hamn får eit ansvarleg lån på kr. 300.000,- i samsvar med vilkåra i sak PS 22/11. Andre reguleringar: Dei andre reguleringane vert slik dei går fram av vedlagde endringsoversyn. VEDTAK I FORMANNSKAPET 13.12.11: Formannskapet vedtek budsjettendringar for 2011 i tråd med ovanståande saksframlegg og vedlagte oversyn over endringar. Sak PS 90/11 OVERSKOT/MINDREFORBRUK 2010 - DISPONERING Overskotet i 2010 blir overført til disposisjonsfond 256.99.000 Felles disposisjonsfond. Sak PS 91/11 GRAVPLASS PÅ SØR-REKSTREN Ordføraren gjorde framlegg om at skrivet frå Sør - Reksteren vart løfta til sak i møtet. Formannskapet slutta seg til å ta saka opp i møte. Ordføraren sette fram slikt framlegg til vedtak: Tysnes kommune er svært positiv til at det vert gjennomført strakstiltak for å utbetra kyrkjegarden på Sør - Reksteren. Formannskapet ber rådmannen leggja fram ei sak/gje ei orientering om gjennomføring av tiltaket i løpet av januar 2012. Det er føresett at tiltaket let seg gjennomføra innanfor budsjettramma for 2012. Formannskapet slutta seg samrøystes til framlegget. VEDTAK I FORMANNSKAPET 13.12.11:
Side 6 av 6 Tysnes kommune er svært positiv til at det vert gjennomført strakstiltak for å utbetra kyrkjegarden på Sør - Reksteren. Formannskapet ber rådmannen leggja fram ei sak/gje ei orientering om gjennomføring av tiltaket i løpet av januar 2012. Det er føresett at tiltaket let seg gjennomføra innanfor budsjettramma for 2012.