Trykk her for å kome til neste side



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Trykk her for å komme til neste side

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Kva er økologisk matproduksjon?

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Samansette tekster og Sjanger og stil

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Brukarrettleiing E-post lesar

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Oppgaver Oppgavetype Vurdering Status 1 Generell informasjon HI Flervalg Automatisk poengsum Levert

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Med tre spesialitetar i kofferten

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Månadsbrev for Rosa september 2014

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad


Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Kom skal vi klippe sauen

LOKAL LÆREPLAN. FAG: Samfunnsfag. Klasse: 6. trinn. Skule: Gol skule Revidert: Haust Gol skule. Tema: KAP 1: SAMFUNN MED OG UTAN DEMOKRATI

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Oppgaver Oppgavetype Vurdering Status 1 Generell informasjon HI Flervalg Automatisk poengsum Levert

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Psykologisk førstehjelp i skulen

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Wealth and poverty in the world. Om rikdom og fattigdom i verdenssamfunnet

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Frå novelle til teikneserie

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

FANTASTISK FORTELJING

«Ny Giv» med gjetarhund

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Du vet hva den norske skolens viktigste oppgaver er. Du vet hvordan elevdemokratiet fungerer.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

G A M A L E N G K U L T U R

Brukarrettleiing. epolitiker

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Kva vil det seie å vere buddhist?

Transkript:

Dokumentet er organisert med bokmerke for at det skal vere enklare for deg å finne fram. Dersom du ikkje automatisk får opp bokmerka, trykk på dette symbolet i menyen til venstre: Trykk her for å kome til neste side

Du er historisk DU ER HISTORISK FORORD 1

Tid, stad og tenkjemåtar formar deg Kroppen din er historisk fordi du er fødd inn i tida på eit bestemt tidspunkt i utviklinga av jorda og mennesket. Du er ein del av den store historia. Dersom du var fødd omkring år 7000 f.kr., ville du som 18-åring vere omkring 150 cm høg. Som 30-åring ville du vere ei eldre kvinne eller ein eldre mann. Du ville få 10 eller kanskje 15 barn, men ikkje alle ville komme til å leve opp. Du ville bruke det meste av tida på å samle planter, bær og smådyr til mat. Når tennene dine var slitne ned av den harde kosten, ville du mest truleg døy av mangel på næring. Av 30 barn som blei fødde, var nok berre 10 i live som 18-åringar. Du er historisk fordi du er fødd og lever på ein bestemt stad. Du er som eit punkt i den lokale historia, i historia til eitt eller fleire lokalsamfunn som du hører til i, eller som du tidlegare har vore ein del av. Du er historisk fordi tankane og handlingane dine er prega av den historiske situasjonen du lever i. Språket du snakkar, er skapt historisk, men det er tilpassa og utvikla i di eiga tid. Tankane dine er prega av dei underliggjande tenkjemåtane i tida du lever i, staden du lever på, og erfaringane du har gjort gjennom livet ditt. Dersom du levde i mellomalderen, ville du truleg vere analfabet og gudfryktig katolikk, og du ville meine, som dei fleste rundt deg, at sjukdommane dine kom av vonde ånder eller var Guds straff. Dei førestellingane vi har om galskap og fornuft i dag, i vårt samfunn, oppstod i opplysningstida på 1700-talet. Før den tid blei ikkje folk oppfatta om galne, og ein såg derfor ingen grunn til å sperre folk inne eller plassere dei i eigne sjukehus. Du har historiemedvit Du har mange førestellingar om fortida. Førestellingane byggjer på dine eigne erfaringar, på oppfatningar du har fått frå andre, og på kunnskapar du har fått frå bøker, fjernsyn, Internett, museum og historieundervisning. Du har for eksempel oppfatningar om korleis det var å leve i vikingtida eller «under krigen». Desse indre bileta er ein del av historiemedvitet ditt. Men historiemedvit er ikkje berre ei individuell sak. Samfunna som menneska lever i, er skapte historisk. Også eit samfunn har historiemedvit, fordi menneska som lever der, har visse felles førestellingar om fortida. Alle samfunn har førestellingar om si eiga historie. Slike førestellingar kan vere overleverte gjennom mytar, segner og soger. Ofte er dei påverka av den politiske, faglege og kunstnarlege eliten i samfunnet, men også av det som til kvar tid er eit «salbart» eller populært bilete av historia. I Noreg har det for eksempel lenge vore populært å knyte historia om landet tett til vikingtida, til ei tid da Noreg var eit stort og sjølvstendig rike. Når vi seier at samfunn eller grupper har historiemedvit, er det fordi menneska som utgjer desse samfunna og gruppene, oppfattar fortida med ein stor grad av likskap. Det gjeld for eksempel grupper som krigsfangar, husmødrer, bønder og arbeidslause. Historiemedvit hos ei gruppe eller i eit samfunn kan også oppstå fordi medlemmene opplever at dei har ein eigenarta historisk identitet som dei knyter det meste av erfaringane sine og historieforståinga si til dei har for eksempel ein identitet som samar, sørlendingar, taterar, pakistanarar, svenskar, kvenar, jødar, kristne eller muslimar. Historiefaget dreiar seg om korleis slike historiske identitetar oppstår, og om korleis vi alle skaffar oss historisk kunnskap. Men framfor alt dreiar historiefaget seg om di eiga utvikling. Kor unik er utviklinga di, og korleis er ho unik? Det må du spørje deg sjølv om. Minna og førestellingane dine og refleksjonen din over det du hugsar og ser for deg, vil hjelpe deg i DU ER HISTORISK FORORD 3

arbeidet. Du vil kunne sjå samanhengar mellom den store historia, den lokale historia og di eiga historie. Historia di handlar om fortida. Men ho handlar også om notida og om kva du vil gjere, og korleis du vil leve, i framtida. Det skal historiefaget hjelpe deg med å få innsikt i. All historie er skapt av naturen og av menneskelege handlingar og val. Historiefaget dreiar seg derfor også om kva utvegar menneska og du blant dei har til å påverke framtida. historieforståinga di er heile tida i utvikling. Du har andre erfaringar no enn da du begynte å lese denne teksta. Du kan ha blitt klokare. Du kan ha tenkt ein del nye tankar som får deg til å sjå på noko på ein annan måte enn før. Det er dette som er historiefaget: Å hjelpe deg til å utvide di eiga erfaring og forståing av deg sjølv og av verda, og til å vinne innsikt i korleis du og den verda du lever i, er historisk og blir skapt av val som menneska gjer. Du har val Menneska har val. Men førestellinga om at vi har val, har ikkje alltid vore der også den er historisk betinga. På 1600-talet var det kongen som avgjorde korleis ein fekk lov til å kle seg. Folk kunne bli straffa for å gå finare kledd enn dei hadde lov til. Dersom du levde på 1700-talet, ville foreldra dine avgjere kven du skulle gifte deg med. I overklassa på 1800-talet gjorde ei ung kvinne nærmast skandale om ho snakka med ein mann som ho ikkje var presentert for. I dag trur du kanskje at du sjølv styrer klesvanar, vennskap, kjærleiksforhold og omgangsvanar? Men kva trur du det er som har forma desse sidene ved livet ditt? Og kvifor liknar vala dine på det som mange andre vel? Fridom er ein rett du må bruke. Til somme tider tenkjer mange at val er noko dei sjølve ikkje har. Til andre tider er det mange som meiner at dei har val. Men tenkjemåten har også variert frå stad til stad, frå miljø til miljø og mellom samfunnsgrupper, og han har variert mellom kjønn og mellom dei ulike aldersfasane i menneskelivet. Fridom er å sjå kva du har å velje mellom, og kva dei moglege vala inneber for deg og andre. Slik kan du bli subjektet i ditt eige liv. Du formar di eiga historie gjennom dei vala du gjer. Du formar di eiga historieforståing gjennom erfaringar du gjer, og DU ER HISTORISK FORORD 4

KAPITTEL 1 Korleis arbeider vi med historia? Elevane skal kunne forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar, og diskutere kva kriterium som ligg til grunn for dette Historikarar prøver å finne ut kva som har skjedd tidlegare, og kvifor det har skjedd. Dei prøver å finne ut korleis samfunn liknar på kvarandre, og korleis dei er ulike. I dette arbeidet må historikarar avgjere kva perspektiv som skal veljast, kva geografiske område dei skal studere, og korleis dei skal dele inn historia i tidsperiodar. Vi vil presentere vår måte å dele historia inn i epokar på. KORLEIS ARBEIDER VI MED HISTORIA? KAPITTEL 1 5

Mikrohistorie og makrohistorie Amerikanske skogindianarar seier at dersom menneska skal lære seg sjølve å kjenne, må dei studere naturen. Ved å observere korleis plantene og dyra lever, kan vi få innsikt i det store livsmysteriet. Indianarane samanliknar det hektiske livet til ei mus langs bakken med ørna i glideflukt over landskapet. Ei mus kjenner dei nære tinga, ho kjenner kvistane og konglene, meitemarken og blomane. Ho har kunnskapar om detaljane på mikronivå, men ho har ikkje overblikk over skogen. Det har derimot ørna. Ho kjenner grensene for skogen og kjeldene til elva. Ho har oversikta på makronivå. Dei amerikanske skogindianarane meiner at ingen kan bli eit heilt menneske utan å ha teke opp i seg både «museperspektivet» og «ørneperspektivet» på livet. Historikaren har som hovudoppgåve å beskrive korleis fortida var, og å forklare kvifor ting skjedde. Når historikarar lyftar blikket og prøver å få auge på dei lange linjene og dei avgjerande vendepunkta i historia, studerer dei utviklinga til menneska frå eit «ørneperspektiv». Vi seier at dei studerer makrohistorie. I dette perspektivet ser dei alle folkeslaga på kloden til alle tider og prøver å beskrive kva som gjer at samfunn er like og ulike. Når historikarar derimot studerer mikrohistorie, tek dei utgangspunkt i historisk materiale, i handfaste ting som vi kan sjå, ta og føle på. Det kan vere pollen, skjelett, kyrkjer, tekster som menneska har skrive, eller mobiltelefonar. Indianarane meiner altså at både «museperspektivet» og «ørneperspektivet» trengst for at vi kan bli heile menneske. På tilsvarande vis treng historikarar å studere historia både frå eit makroperspektiv og eit mikroperspektiv. Dei to perspektiva må heile tida samordnast så dei ikkje motseier kvarandre. Geografiske avgrensingar Når historikarar arbeider, må dei avgjere kva geografiske rom og kva slags tidsspenn dei skal bruke. Denne boka begynner med heile verda som ramme. Men etter kvart blir søkjelyset retta mot mindre og mindre einingar. Ja, det går ikkje lenge før namngitte einskildmenneske tek til å opptre. Da er vi nede ved den aller minste eininga i faget. Tenk deg at lesaren av denne læreboka er ei jente som er elev ved ein vidaregåande skole i Halden. Om ho ikkje visste anna om historiefaget enn at det handla om fortida, kunne ho vente seg mange slags avgrensingar i det geografiske rommet. Ho ville nok ikkje rekne med at boka skulle handle om henne sjølv, eller om familien og slekta hennar, men kanskje at ho kunne handle om Halden, eller om Østfold, eller om Austlandet, eller om Noreg, eller om Norden, eller om Europa, eller om heile verda. På same måten kan vi alle slå ulike sirklar om oss. I historiefaget blir somme av sirklane mykje brukte, andre nesten ikkje. Person, slekt og heimstad har blitt gradvis meir populære og går under nemninga lokalhistorie. Men klart mest brukt er den sirkelen som svarer til nasjonen. Slik er det i alle statar over heile verda, og det går igjen også mellom desse permane. Ganske snart dukkar Noreg opp, først som eit avsnitt av eit kapittel, men seinare med særskilde kapittel. Nasjonshistoria har stått sentralt fordi både eldre og nyare statar har brukt ideen om ei felles fortid til å byggje opp ein nasjonal identitet i befolkninga. I dag er mange meir skeptiske til ein slik bruk av historia. Jamvel om denne læreboka bruker mykje plass på nasjonalt norsk stoff, vil du likevel, dersom du les grundigare, oppdage at forfattarane også prøver både å gå ned på det lokalhistoriske nivået og å lyfte blikket til heile verda. Avgrensingane i rom er valde slik at boka rommar KORLEIS ARBEIDER VI MED HISTORIA? KAPITTEL 1 6

både det mikrohistoriske og det makrohistoriske perspektivet. Inndeling i tidsperiodar For å gjere historia forståeleg frå eit makroperspektiv deler historikarar også tida inn i periodar vi seier at dei periodiserer. Korleis periodane ser ut, vil alltid vere avhengig av kva ein skal studere. Det kan vere geografiske område som byar, sivilisasjonar og nasjonar, eller det kan vere fagområde som kunst og teknologi eller det kan vere heile verdshistoria i «ørneperspektiv». I denne boka har vi valt å dele historia om heile menneskeslekta inn i tre epokar: slektskapssamfunn, tributtsamfunn og kapitalistiske samfunn. Slektskapssamfunna har dominert det meste av verdshistoria, da menneska livnærte seg av sanking, jakt, fiske og etter kvart også av eit enkelt jordbruk. Tributtsamfunn oppstod for om lag 5500 år sidan. Herskarar klarte da å samle mange små slektskapssamfunn til sentraliserte rike, som Egypt, Mesopotamia og Kina. Tributtsamfunna baserte seg på at bøndene betalte tributt til herskaren, slik at han kunne halde seg med ein hær og andre hjelparar som heldt riket samla. Med tributt meiner vi alle former for pålagde overføringar av arbeid, varer eller pengar. Kapitalistiske samfunn fekk sitt første gjennombrot i Vest- Europa for om lag 500 år sidan. I slike samfunn var det meir akseptert at somme menneske levde av å tene pengar på handel og industri. Sidan den gongen har kapitalistar gradvis fått større innverknad i verda. Vi har valt denne periodeinndelinga fordi ho omfattar alle samfunn som har eksistert, og fordi vi meiner det er ei inndeling som fangar opp dei viktigaste endringane som har skjedd i verdshistoria. Ved å plassere historia om Noreg inn i ei slik ramme kan vi også sjå korleis det norske samfunnet likna på, eventuelt var annleis enn, andre samfunn i verda før år 1750. Repetisjonsspørsmål 1 Kva er makrohistorie? 2 Kva er mikrohistorie? 3 Gi eksempel på korleis geografi kan avgrense historia. 4 Kva inneber periodisering, og kvifor driv historikarar med periodisering? KORLEIS ARBEIDER VI MED HISTORIA? KAPITTEL 1 7

KAPITTEL 2 Jordbruk Elevane skal kunne forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn Overgangen frå sankar- og jegersamfunn til jordbrukssamfunn for 10 000 12 000 år sidan er eitt av dei store vendepunkta i verdshistoria. Vi skal først studere kva slags driftsformer som følgde med jordbruket (svibrukarar, husdyrnomadar og plogbønder), og deretter skal vi drøfte kva konsekvensar innføringa av jordbruket fekk for menneska, og kvifor Europa, Asia og Nord-Afrika fekk eit forsprang på dei andre kontinenta under jordbruksrevolusjonen. Til slutt i kapittelet skal vi sjå at jordbruket kom til Noreg ca. 4000 år f.kr. JORDBRUK KAPITTEL 2 8

Dyrking av planter og temjing av dyr Kva er det viktigaste som har skjedd i verdshistoria? Er det oppfinninga av maskinar som kunne arbeide dag og natt? Er det trykkjekunsten, fordi bøker og lærdom da blei tilgjengeleg for folk flest? Er det bruken av vaksinar, som har auka levealderen for millionar av menneske? Er kvinnefrigjeringa i det 20. hundreåret den viktigaste samfunnsomveltinga gjennom alle tider, eller var det viktigare at det første mennesket vandra rundt på månen i 1969? Her skal vi prøve å overtyde deg om at overgangen frå sankar- og jegersamfunnet til jordbrukssamfunnet må reknast som eitt av dei store skilja i historia kanskje det aller største. Kva er jordbruk? Med jordbruket innførte menneska ein ny levemåte. I staden for å sanke planter og jakte på dyr tok dei til å dyrke planter og temje dyr. Ved at dei valde ut for eksempel dei finaste og sterkaste hestane og dei beste kornaksa blei dyreartar og planteslag forandra. Vi kan tenkje oss at forandringane kom gjennom målretta kryssing og avl. Dermed fekk menneska kulturplanter og husdyr som langt på veg var annleis enn dei opphavlege, ville plantene og dyra. Mekanismen som verka, var den same som i den naturlege evolusjonen av artane, men gjennom temjing og kryssing var det dei nyttigaste som fekk forplante seg, ikkje dei sterkaste. For tusenvis av år sidan kjende nok menneska til kva dei kunne oppnå ved å drive jordbruk. Likevel valde dei å halde fram som sankarar og jegerar, truleg fordi dei opplevde det som eit betre liv, og fordi det var mindre arbeidskrevjande. Dei fleste ville velje den metoden å overleve på som førte med seg minst arbeid, og det er ingen tvil om at arbeidsmengda auka dramatisk ved innføringa av jordbruket. Ein måtte rydde land, spreie såkorn utover åkeren, hauste inn avlinga, lage leirkrukker til å lagre kornet i og passe på husdyra. Kvifor valde menneska likevel jordbruket, trass i alt meirarbeidet? Svaret er enkelt: Dei var nøydde til det. Frå Midtausten til Australia 11 000 f.kr. Sankarar i Midtausten haustar ville kornsortar med steinsigd. 10 000 f.kr. Hunden er tamd. 9000 f.kr. Dei første jordbrukssamfunna oppstår i området Den fruktbare halvmånen. 7000 f.kr. Dei første spora etter risdyrking i Kina og Sør-Asia. 6500 f.kr. Villkrøter blir tamde til husdyr i Midtausten. Jordbruket til Europa. 4000 3000 f.kr. Jordbruket når Skandinavia. 3000 f.kr. Mais blir dyrka i Mellom-Amerika. 1800 e.kr. Jordbruket når Australia. Kvifor jordbruk? For 10 000 15 000 år sidan skjedde det store klimaendringar i verda. Det blei varmare. Konsekvensen var i første omgang at iskappa som hadde dekt store delar av den nordlege halvkula, smelta. Der isen hadde vore, oppstod det eit landskap av stepper og tundra, som blei eit eldorado for jegerar. Da desse områda begynte å vekse til med skog JORDBRUK KAPITTEL 2 9

og buskar, mista dei store dyra som jegerane hadde drive jakt på, næringsgrunnlaget sitt. Mammut, ullnashorn og holeløve var blant dei dyra som ikkje greidde å tilpasse seg klimaendringane. Menneska medverka også til at storvilt blei utrydda, eller at bestandane gjekk ned. Da folketalet heldt fram med å auke, mens talet på dyr gjekk ned, svarte menneska med å intensivere jakta. Dermed blei enda fleire dyr utrydda, eller bestandane gjekk enda meir ned. Jegerane måtte derfor finne nye måtar å livnære seg på. I første omgang satsa dei meir på sanking, men da det ikkje var nok, blei jordbruk løysinga, jamvel om arbeidsmengda for kvart einskilt menneske altså auka. Overgangen til jordbruk kom først i det området som blir kalla Den fruktbare halvmånen, frå Middelhavet i vest til Persiabukta i aust. Kinesarane og folkeslag i Mellom-Amerika tok til å dyrke jorda seinare, utan å ha fått ideen frå andre. Somme meiner at det også har vore sjølvstendige jordbruksrevolusjonar i Søraust-Asia, Afrika og Nord-Amerika. I Europa spreidde jordbruket seg nord for Alpane for om lag 6000 år sidan. Til Australia kom ikkje husdyr og foredla planter før engelskmennene erobra dette kontinentet for berre 200 år sidan. Tilpassing over lang tid Innføringa av jordbruket var ingen revolusjon i den forstand at det skjedde ei plutseleg samfunnsomvelting. Over lang tid tok folk til å innrette seg annleis for å overleve. Dei begynte å temje dyr og planter for meir enn 10 000 år sidan. Jordbruket oppstod som svibruk, deretter kom husdyrnomadane. For ca. 6000 år sidan blei jordbruket gradvis meir spesialisert, og dei første plogbøndene stig fram i historia. Først da blei jordbruket effektivt nok til å kunne brødfø store statar og sivilisasjonar. Svibrukarar Svibruk eller bråtebruk er jordbruk utan trekkdyr, plogar eller vatningssystem. Bønder som driv slikt jordbruk, kallar vi svibrukarar. Svibruket gjekk føre seg ved at ei gruppe menneske slo seg ned i eit høveleg område og rydda éin eller fleire jordflekker. Først svei dei av skog og buskas. Deretter rørte dei oska saman med jorda med ei hakke eller ein gravestokk. Slik blei oska utnytta som gjødsel, og det blei sådd frø i oska. Etter nokre år var jorda utpint, og gruppa rydda ny grunn i nærleiken. Den første jordflekken blei liggjande brakk, det vil seie udyrka, i nokre år, slik at jorda blei fruktbar på nytt. På den måten etablerte bøndene eit rotasjonssystem der dei hadde fleire åkrar å dyrke. Kor mange avlingar dei kunne hauste før jorda var utpint, kunne variere, og det varierte også kor lenge jorda måtte liggje brakk før ho kunne dyrkast igjen. Det var avhengig av forhold som temperatur, nedbør og jordsmonn. Svibruk blei drive i det austlege Finland og av finnar i Noreg fram til 1800-talet, fordi det gav gode avlingar i område med mykje skog. I våre dagar finst svibruk i delar av Afrika, i Amazonas-området og i Søraust-Asia. Husdyrnomadar Husdyrhald var ein viktig del av jordbruksrevolusjonen. Villkrøter, villhest, villgeit og villsau fanst i store flokkar på det eurasiatiske kontinentet. Desse dyra var lette å temje. Nord i Noreg utvikla den samiske befolkninga ei livsform basert på temjing av villreinen. Tamdyra gjorde det mogleg for folk å greie seg i område som ikkje høvde for plantedyrking, anten fordi terrenget var for bratt eller jordsmonnet for skrint, eller fordi klimaet var for tørt eller for kaldt. Tilgangen på vatn og gode beitemarker varierte JORDBRUK KAPITTEL 2 10

frå årstid til årstid. Derfor måtte dei som levde av dyra, stadig vere på flyttefot. Men det var ikkje berre terreng og klima som varierte. Også dyra var ulike. Ku og hest måtte ha vatn kvar dag, noko som sette grenser for kvar dei kunne leve. Sau, geit og kamel kunne leve i tørre område, fordi dei var betre vande med å utnytte væsker frå planter. Dessutan hadde dei betre evne til å lagre vatn i kroppsfeittet. Folk som lever av å utnytte tamme dyr, kallar vi husdyrnomadar (nome er gresk og tyder beitemark). Av dyra fekk nomadane ull, skinn, mjølk, kjøtt, blod og ost. Desse produkta kunne dei utnytte og ete sjølve, eller dei kunne bruke dei som byte- og handelsvarer i kontakten med bønder som budde i nærleiken. Vi reknar med at husdyrnomadane arbeidde mindre enn bønder som sleit med jorda. Plogbønder Det er vanleg å skilje mellom ekstensivt og intensivt jordbruk. Svibruk er ei ekstensiv driftsform, det vil seie ei driftsform med liten innsats av arbeid, gjødsel og teknologi. Men for 6000 7000 år sidan hadde folketalet auka så mykje at bøndene i ein del område av verda blei tvinga over i ei meir intensiv driftsform, der dei tok i bruk dyr og gjødsel for å få større avlingar. Krøter, oksar og hestar kunne dra plogen. Møkk blei spreidd utover åkrane, jorda blei tilført viktige næringsstoff og avkastningane auka. Bøndene arbeidde hardare. Dei skulle rydde land, så og hauste, slik svibrukarane gjorde, men i tillegg skulle dei no halde plogen i orden og stelle trekkdyra. Ikkje minst tok arbeidet med og ettersynet av sjølve jorda mykje tid. Bøndene måtte kontrollere vasstilførselen, grave grøfter og dike og halde dei i stand og verne avlingane mot dyr og menneske. Brakkperiodane, som var så viktige for svibrukarane, blei forkorta eller fjerna heilt. I område med rikt jordsmonn, høge temperaturar og rikeleg tilgang på vatn kunne bonden hauste to gonger i året. Resultatet av denne utviklinga på lang sikt var større avlingar frå same jordstykke. Berre 11 % av jordoverflata høver for intensivt jordbruk, men i område der dei økologiske vilkåra ligg godt til rette, kunne eit intensivt jordbruk alt for 5000 6000 år sidan halde oppe ein folketettleik som kunne vere 20 50 gonger høgare enn ved svibruk. Da jordbruket slo gjennom for fullt, må vi rekne med at bøndene eksperimenterte med ein god del planter. Det finst 200 000 planter som ber blomar. Alt for 4000 år sidan hadde menneska valt ut dei artane som også er dei mest populære i dag. Dei viktigaste 15 var fire grassortar: kveite, ris, mais, sukker seks belgplanter: linse, ert, vikke, bønne, soyabønne, peanøtt fem stivelsesvekstar: potet, søtpotet, yamsrot, maniok, banan Dei revolusjonerande konsekvensane av jordbruket Vi opna dette kapittelet med å spørje kva som er det viktigaste som har skjedd i verdshistoria, og vi viste til at jordbruksrevolusjonen ville vere eit godt svar. Vi tenkjer da først og fremst på dei dramatiske konsekvensane av overgangen til jordbruk på lang sikt. Her skal vi sjå på seks slike konsekvensar. Fleire menneske Vi har tidlegere i kapittelet sagt at folkeauke var ei årsak til at jordbruket slo gjennom. Men folkeauke er også ein konsekvens av jordbruket. Det er ikkje lett å talfeste kor mange menneske som levde på jorda for 10 000 år sidan, men dei fleste meiner det JORDBRUK KAPITTEL 2 11

var mellom fem og ti millionar. Da den industrielle revolusjonen kom for eit par hundreår sidan, hadde det totale folketalet i verda auka til tusen millionar. Men denne folkeauken hadde ikkje følgt ei jamt stigande kurve. I periodar stoppa veksten i folketalet opp, og når epidemiar slo til eller klimaet blei kaldare, kunne det gå ned. Men i lengda auka talet på menneske i verda dramatisk i perioden frå 8000 f.kr. til 1850 e.kr. Kvifor var det slik? Auka produktivitet i jordbruket førte til at det kunne bu fleire menneske på eit gitt stykke jord. Sankarar og jegerar trong store areal for å overleve, men i eit bondesamfunn kunne ein familie klare seg med ein liten åkerlapp og kanskje nokre husdyr. Den auka produksjonen i jordbrukssamfunnet var derfor ein føresetnad for folkeauken. Vi skal også vise til ei anna forklaring. I sankar- og jegersamfunnet var det vanskeleg å ha mange små barn, fordi ein heile tida var på vandring. Mange jordbrukarar blei derimot fastbuande, og da blei det lettare å ha store barneflokkar. Sankarar og jegerar fødde gjerne eit barn kvart fjerde eller femte år. Blant jordbrukarar var det ikkje uvanleg at ei kvinne fødde eit barn per år. Mange av barna døydde av underernæring og sjukdom, men likevel auka talet på menneske dramatisk. Yrkesdeling Med meir intensiv drift i jordbruket blei behovet for spesialisering og arbeidsdeling større. Plogjordbruk førte med seg meir arbeid og meir varierte arbeidsoppgåver. Ein skulle rydde skog, ein skulle så, luke og vatne. Avlinga skulle vernast mot ville dyr, og det skulle haustast, malast og lagrast. Til alle desse oppgåvene trongst det nye reiskapar av mange slag sigdar til innhaustinga, steinar til å male kornet med og kar til å lagre avlingane i. Ein konsekvens av alle dei nye arbeidsoppgåvene var at det voks fram nye yrke, spesielt innanfor handverk. Smedar og pottemakarar forsynte omliggjande bonde- og nomadesamfunn med reiskapar, keramikk og pyntegjenstandar. Handverkarane trong råvarer, som ofte måtte hentast langvegs frå, og dei tunge varene måtte fraktast, anten på kamel og esel eller i båt på elvar og langs kystar. På den måten blei det behov for dei første handelsfolka. Eigedom Sankarane produserte ikkje verdiar som kunne lagrast, men for husdyrnomadar og plogbønder var det annleis. Dyreflokkane til nomadane var ein ressurs som kunne oppbevarast, og som kunne aukast dersom ein stelte godt og klokt med dyra. Det intensive jordbruket til plogbøndene var produktivt nok til at det kunne gi overskot, og overskotet kunne sparast. Både for nomadar og plogbønder var det derfor viktig å eige noko dyr eller korn. I slektskapssamfunnet har vi sett at det var viktig å dele på ressursane. Men det var farleg å overdrive utvekslinga av mat. Berre ein tåpeleg bonde åt opp eller delte ut alt han produserte. Såkorn og husdyr gav tryggleik for framtida. Føresetnaden var altså at ein var eigar. Vi reknar med at førestellinga om privat eigedomsrett oppstod i jordbrukssamfunnet. Fruktbarheitskultus Religionen i jegersamfunnet skulle sikre god jakt, og i jordbrukssamfunnet skulle religionen syte for at jorda var fruktbar. Det blei oppfatta som eit under at eit frø voks opp og utvikla seg til ei frodig plante. Jorda blei oppfatta som heilag, og det blei livsviktig å ha eit harmonisk forhold til kreftene i naturen. Håpet om store avlingar var der alltid. Samstundes visste alle bønder at avlingane kunne svikte. For lite regn, for kaldt vêr om sommaren eller for mange grashopper kunne vere nok til at JORDBRUK KAPITTEL 2 12

svoltkatastrofen slo til. Var det mogleg å påverke den lunefulle naturen? Dyrkinga av gudane skulle garantere at skifta i naturen ikkje stoppa opp, at vinter veksla med vår, sommar og haust, at lys følgde etter mørke, at kulde og varme, regn og tørke veksla. Årsrytmen i naturen er syklisk, det vil seie at han går i rundgang og menneskelivet og gangen i historia blei oppfatta på same måten. Menneske og natur var delar av ein evig sirkel. Denne måten å forstå historia på var annleis enn den vi seinare møter i religionar som jødedom, kristendom og islam. Der blei historia meir oppfatta som ei linje historia hadde ei opptakt og ein slutt, ei skaping og ein dommedag. Sjukdom og immunitet Ein konsekvens av jordbruksrevolusjonen var at det blei farlegare å leve. Bønder og gjetarar levde ofte under same tak som husdyra, og dermed blei sjukdommar overførte frå dyr til menneske. Vi kjenner fleire eksempel på at det har skjedd. Vassbøffelen har smitta oss med spedalsksjuke, og frå krøtera kom opphavet til meslingar, tuberkulose og difteri. Det vanlege var likevel at sjukdom smitta frå menneske til menneske. Opp til 90 % i eit lokalsamfunn kunne døy når det kom ein epidemi. Dei som overlevde og fødde barn, var dei som hadde sterkast helse og best immunitet (vern mot smitte). Slik blei arveanlegga til dei mest motstandsdyktige førte vidare. Neste gong epidemien braut ut, døydde kanskje 70 %, neste gong 50 %, så 30 %, så 10 %. Til slutt var sjukdommen blitt endemisk, det vil seie at han eksisterte nærmast permanent i eit område utan at mange døydde. Fleirtalet av menneska i verda budde i det som i dag er Europa og Asia. Oppbygginga av immunitet skjedde derfor i større grad i Asia og Europa enn på det amerikanske kontinentet. Det er ein grunn til at da europearane erobra Amerika på 1500- og 1600-talet, kom den største befolkningskatastrofen vi kjenner til i verdshistoria. Millionar av indianarar bukka under for «europeiske» sjukdommar, som meslingar og koppar. Artane endrar seg og blir utrydda jordsmonnet blir forringa Innføringa av jordbruket førte til gjennomgripande og varige forandringar i naturen. Kornaksa på kveite, bygg og havre voks, samanlikna med dei ville utgåvene. Ein maiskolbe er i dag sju gonger lengre enn den ville forgjengaren, og raud paprika er fem hundre gonger større i foredla enn i vill utgåve. Tamdyra blei derimot mindre enn dei ville dyra. Endringa var resultatet av ein målretta avlspraksis. Menneska ville ha dyr som ikkje var for sterke og for ville, fordi dei da var lettare å handtere. Det viktigaste unntaket frå denne regelen var hesten tamhestar var større enn villhestar. Menneska behandla dessutan artane i naturen ulikt. Fleire av dei ville dyra, som ursau og urokse, blei utrydda. Menneska valde seg også ut dei mest produktive og velsmakande plantene og stelte godt med dei. Dei rydda bort konkurrerande artar og passa på at dei privilegerte fekk lys og vatn. Urørt og vill natur måtte vike plass for åker og eng. Desse forandringane førte med seg store inngrep i landskapet. Skogen blei borte mange stader, og plantesortar forsvann eller fekk redusert areal å vekse på. Det som i dag er naturlandskap, er derfor i stor grad eit kulturlandskap. Fordelane for Eurasia I sankar- og jegersamfunnet var det liten skilnad mellom menneska i levestandard. Det spela inga rolle kvar på kloden ein budde alle brukte om lag same teknologi og var like fattige ut frå våre målestokkar. Da jordbruket voks fram, oppstod det JORDBRUK KAPITTEL 2 13

derimot større skilnader i materiell levestandard. Dei menneska som først drog nytte av jordbruket, budde i Eurasia, det vil seie i Europa, Nord-Afrika og Asia. Dei områda i verda som blei liggjande etter på det økonomiske og teknologiske området, var Australia, Afrika sør for Sahara og Amerika. Vi skal peike på to årsaker til at det eurasiatiske kontinentet fekk jordbruket først og rykte frå. Mange planter og dyr som kunne temjast Eurasia var det største kontinentet, med eit større biologisk mangfald og fleire ressursar enn resten av verda. Eurasia hadde fleirtalet av dei plantene og dyra som menneska tok i bruk. Grastypar som kveite, bygg og ris hadde stor utbreiing og var lette å dyrke. Dei smakte godt, var næringsrike og gav stor avkastning kvart år. Mais, som blei den viktigaste planta i det amerikanske jordbruket, hadde ikkje dei same eigenskapane. Mais i vill tilstand kan nok ikkje ha verka særleg attraktiv for sankarar og jegerar. Planta var lita og gjorde lite av seg, og det tok fleire tusen år å avle fram produktive maisplanter. Fordelane for Eurasia blir enda tydelegare om vi ser på temjinga av store husdyr. For 12 000 år sidan fanst det 148 pattedyrartar i verda som vog over 50 kilo. Tabellen under viser korleis dei fordelte seg på kontinenta, og kor mange som blei tamde. Forskarar trur det har vore gjort forsøk på å temje alle dei store pattedyra, men at ikkje alle forsøk førte fram. Berre 14 av dei 148 dyreartane høvde som husdyr. 13 av desse 14 heldt til på det eurasiatiske kontinentet. Biologane kan fortelje at det er seks viktige kriterium når ein skal forstå kva dyr som passar som husdyr: Dei som berre et kjøtt, er uaktuelle. Dyra må vekse fort. Dyra må kunne formeire seg i fangenskap. Dyra må ikkje vere for farlege. Dyra må ikkje vere for nervøse, slik som gasell og rådyr. Dyra bør vere flokkdyr med ein hierarkisk sosial struktur, slik at mennesket kan ta over posisjonen som det førande dyret i flokken. Fem husdyr har vore spesielt viktige til no i verdshistoria. Det er geit, sau, gris, ku og hest. Desse fem store har spreidd seg over heile kloden, mens husdyr som rein, lama, kamel og vassbøffel stort sett har halde seg til dei områda der dei opphavleg levde i vill tilstand. Både geit, sau, gris og ku fanst i Midtausten. Det gav området store fordelar samanlikna med for eksempel Mellom-Amerika, som hadde hund og kalkun. Aust vest-aksen Eurasia hadde også to andre geografiske fordelar. For det første var det eit stort og samanhengande kontinent, der det var plass til mange kulturar. For det andre vende Eurasia aust vest, ikkje nord sør. Aust vest-aksen gav ein fordel, fordi menneske, dyr og planter lett kunne spreie seg gjennom klimatiske og økologiske soner som likna på kvarandre. Langs nord sør-aksen var dei økologiske nisjane derimot meir ulike. Planter, dyr og menneske kunne derfor vanskeleg spreie seg fram og tilbake mellom Nord- og Sør-Amerika i tidlegare tider ei plante frå Canada som kunne trivast i Chile, ville døy i regnskogen i Brasil. Likeins var det i Afrika: Eit dyr frå Nord-Afrika som godt kunne leve i Sør-Afrika, ville ikkje greie seg i det sentrale Afrika på grunn av eit anna klima og andre sjukdommar. Vi kan samanfatte med å seie at berre ein liten prosent av alle ville planter og dyr var avlsdyktige, og dei fleste og viktigaste av dei var å finne på det eurasiatiske kontinentet. JORDBRUK KAPITTEL 2 14

Jordbruket begynte her, og det tok fleire tusen år før dei andre kontinenta følgde etter. Jordbruket gav matoverskot, og matoverskotet la grunnlaget for ein høg folketettleik. 75 80 % av folketalet på jorda har i dei siste tusenåra levd på det eurasiatiske kontinentet, og slik er det den dag i dag. Det har fått store konsekvensar for utviklinga i verda. Eurasia blei ein betre stad for læring og utvikling av nye idear enn dei andre kontinenta, fordi fleirtalet av menneska på jorda budde der, og fordi det var så lett å ferdast langs aust vest-aksen. Det var her menneska seinare utvikla gevær, skrivekunst og havgåande skip. Det var her dei først utvikla skriftspråk, myntar og verdsreligionar. Det skjedde i dei første sivilisasjonane, som vi skal studere i neste kapittel. Repetisjonsspørsmål 1 Kvifor gjekk menneska over frå å vere jegerar og sankarar til å drive jordbruk? 2 Kva er karakteristiske trekk ved dei tre formene for jord bruk som læreboka skildrar? 3 Kva konsekvensar fekk innføringa av jordbruket? 4 Kvifor var jordbruket ein fordel for Eurasia? 5 Kvifor førte jordbruket til større sosiale skilnader mellom folk? JORDBRUK KAPITTEL 2 15

KAPITTEL 3 Sivilisasjonar Elevane skal kunne forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn Vi skal sjå korleis dei første sivilisasjonane i verda oppstod i perioden frå 3500 f.kr. til 500 f.kr., først i Asia og Nord-Afrika, seinare på det amerikanske kontinentet. Alle var grunnlagde på eit produktivt jordbruk, og dei fleste brukte elvevatn for å få kornet til å vekse. Vi skal undersøkje nærmare korleis dei første sivilisasjonane oppstod, kva dei hadde felles og korleis dei braut saman. SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 16

3000 år med sivilisasjonsbygging kunne oppstå, var derfor eit fruktbart jordbruk som gav store 3500 f.kr. Dei første byane veks fram i Mesopotamia. Dei første tributtsamfunna. avlingar, og ledig arbeidskapasitet hos dei som arbeidde med 3100 f.kr. Hieroglyfane blir utvikla. jorda. Å betale tributt var noko 3000 f.kr. Egypt samla til eitt kongerike. meir enn å betale skatt, slik vi 2700 f.kr. 2500 1800 f.kr. 2000 1400 f.kr. 1600 1027 f.kr. 1504 1492 f.kr. 1200 f.kr. 100 f.kr. Dei første pyramidane blir bygde i Egypt. Indus-sivilisasjonen i dagens Pakistan. Den første europeiske sivilisasjonen på Kreta. Shang-sivilisasjonen i Kina. Egypt når si største utstrekning. Olmec-sivilisasjonen i Mexico. gjer i samfunnet vårt. Tributten var teikn på ei underordning under herskaren som er ukjend i eit moderne demokrati. Over 95 % av alle menneske som levde i tributtsamfunna sin tidsalder, var bønder. På mange måtar levde dei slik dei alltid 1070 712 f.kr. Egypt får stadig mindre makt. hadde gjort. Den gjensidige fordelinga og dei personlege Ca. 550 ca. 480 f.kr. Konfutse og Buddha. relasjonane som hadde prega slektskapssamfunnet, var framleis viktige. Men éin ny praksis kom til å prege livet: Folk blei Tributtsamfunn Eit tributtsamfunn oppstod når ein sterk leiar greidde å samle pålagde å betale tributt til ein herskar som dei ikkje kjende, og mange små slektskapssamfunn til eitt sentralt rike. Ved hjelp som budde langt borte. av ein hær og eit byråkrati av skatteinnkrevjarar, skrivarar og Den viktigaste oppgåva til herskaren var å halde oppe og rådgivarar kunne herskaren kontrollere eit større geografisk område. Herskarar har opp gjennom historia hatt titlar som konge, auke makta si. Hæren blei brukt til å erobre nytt land, til å slå ned opprør og til å tvinge bøndene til å gjere som herskaren keisar, sultan eller tsar. Kongen og dei som arbeidde for han, ville. I somme tilfelle kunne han også bruke makta si og ressursane sine til å hjelpe folk i ein krisesituasjon. Folket venta for levde av tributt frå det store fleirtalet i jordbrukssamfunnet, det vil seie frå bondefamiliane. Tributt var ein skatt som bonden kunne betale på tre måtar anten ved å gi frå seg ein del eksempel nødhjelp av kongen når avlingane slo feil. Herskaren budde gjerne i eit slott med eit hoff omkring av avlinga (naturalia), ved å arbeide på jorda til herskaren eller seg. Herskaren og hoffet levde eit liv i luksus, med overdådige ved å betale i pengar. måltid, dyre smykke og praktfulle klede. I tillegg bygde Dei viktigaste føresetnadene for at eit tributtsamfunn herskarar tempel og andre gudshus som var med på å gi dei SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 17

enda høgare prestisje. Avstanden var enorm, både i rikdom og prestisje, frå dei fattige bøndene til samarbeidande kongar, prestar og krigarar. Tributtsamfunnet var den dominerande samfunnstypen i verda i fleire tusen år, frå dei første sivilisasjonane oppstod i Egypt og Mesopotamia for 5500 år sidan og heilt fram til gjennombrotet for kapitalismen i perioden 1500 1850. Dei første sivilisasjonane Ein ny fase i verdshistoria begynte i perioden 3500 500 f.kr. Da oppstod dei første sivilisasjonane. Omgrepet sivilisasjon kjem frå det latinske civitas, som refererer til det å vere borgar i ein by. Ein sivilisasjon bestod av mange små, tett folkesette samfunn som var knytte saman til ei større eining gjennom tributtinnkrevjing, statsadministrasjon, arbeidsdeling og i somme tilfelle felles trusoppfatningar. I ein sivilisasjon fanst det byar der elitegruppene i samfunnet budde, og alle sivilisasjonar hadde ein hær. Dessutan fanst det monumentale byggverk som tempel og palass, og menneske som arbeidde med kunst, religion og oppfinningar. Det vanlege var også at eit skriftsystem var i bruk. Vi veit mykje meir om korleis samfunnet var organisert i sivilisasjonane, og om kva menneska der tenkte, enn vi veit om tidlegare samfunn, fordi sivilisasjonane hadde skrift. I denne perioden oppstod det eit skilje mellom byborgarane og resten av befolkninga. Dei «siviliserte» byborgarane såg på seg sjølve som teknologisk og kulturelt overlegne, og dei utvikla fort nedlatande haldningar til omliggjande sankarar, jegerar, svibrukarar og husdyrnomadar, som dei oppfatta som barbarar. Dei første sivilisasjonane oppstod i fruktbare elvedalar i Asia. Først ute var Mesopotamia (i det som no er Irak) og Egypt, for om lag 5500 år sidan. Seinare følgde Indusdalen og Kina. Dei første sivilisasjonane i Sør-Amerika voks fram eit par tusen år seinare, mens den første sivilisasjonen i Europa oppstod på Kreta. Kvifor oppstod sivilisasjonar? Når vi ser på kvar dei første sivilisasjonane oppstod, ser vi at Mesopotamia, Egypt, Indusdalen og Kina har eit viktig fellestrekk: Alle desse områda hadde store elvar, og vatnet kunne førast ut på markene. Dei hadde også eit fruktbart jordsmonn, eit varmt klima, tilgang på produktive planter som kveite, bygg og ris, og etter kvart husdyr som drog plogen og produserte gjødsel. Kunstig vatning var særleg viktig for betringa av produktiviteten. Denne dyrkingsmåten gav store avlingar og la dermed grunnlaget for tett folkesetnad. Våtrisjordbruket i elvedalane i Asia gav grunnlag for ca. 1000 personar per kvadratkilometer, mens svibruket utanfor dei fruktbare elvedalane ikkje gav grunnlag for meir enn ca. 20 30 personar per kvadratkilometer. Nilen i Egypt er det mest kjende eksempelet på samanhengen mellom elvevatn og sivilisasjonsdanning. Kvart år steig elva i sommarmånadene, og når vatnet drog seg tilbake i september oktober, låg eit næringsrikt slam igjen på jorda. Det var derfor ikkje nødvendig å gjødsle jorda eller å la henne liggje brakk i periodar, og jordsmonnet blei ikkje utarma slik som i dei fleste andre jordbrukssamfunn. Markene i Nildalen fekk naturgjødsel på denne måten i nesten 5000 år, men i dag har systemet brote saman. Vatnet frå Nilen er der framleis, men det livgivande slammet frå det indre av Afrika blir stoppa av Aswandemninga, som blei bygd på 1900-talet. Namnet Mesopotamia tyder «landet mellom elvane». Folket i Mesopotamia var ikkje så heldig som folket i Egypt. Det var ingen årleg flaum som gjødsla jorda med fruktbart slam. Løysinga i Mesopotamia var å føre elvevatnet i kanalar ut på SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 18

markene. I ca. 1000 år, frå 3500 til 2500 f.kr., var dette området ein blømande hage med eit matoverskot som heldt liv i dei største byane i tida (Ur, Uruk, Lagash og Nippur). Uruk hadde nærmare 20 000 innbyggjarar så tidleg som 3500 3100 f.kr. Ein del historikarar har hevda at det var behovet for å samordne og organisere vatningsanlegga som var drivkrafta i sivilisasjonsdanninga, og eit slikt syn verkar logisk. Men det var ingen automatisk samanheng mellom elvar og statar. Verdshistoria har mange eksempel på område med store elvar der det ikkje har skjedd statsdanningar, og det voks etter kvart opp viktige sivilisasjonssentra som ikkje hadde ei elv i nærleiken. Historikarar har mellom anna samanlikna dei fire elvesivilisasjonane med dei sivilisasjonane som først blei etablerte i Andesfjella, på Kreta og i dagens Mexico. Desse sivilisasjonane hadde ikkje store elvar. Likevel var dei avhengige av eit produktivt jordbruk for å kunne skaffe mat til herskaren og støttespelarane hans. Det var mogleg også utan ei stor elv. Dersom jordsmonnet, temperaturen og tilgangen på vatn var god, var det fullt mogleg å produsere nok mat til å kunne opprette ein sivilisasjon. Somme meiner derfor at fellestrekket for alle dei tidlege sivilisasjonane var høg folketettleik, ikkje elvar. Det er da naturleg å tenkje seg at der jorda blir ein knapp faktor, oppstår det lett konfliktar, og der det er konfliktar, opnar det seg ein utveg for den sterkaste til å gjere seg til herskar over dei andre. Tributtsamfunn, stat og sivilisasjon I faglitteratur om politisk organisering er det eit virvar av omgrep. I denne boka har du alt møtt ord som tributtsamfunn, sivilisasjon og stat. I tillegg er det vanleg å bruke nemningar som komplekse samfunn og høgkulturar. Desse orda tyder det same som sivilisasjon. Tributtsamfunn og stat er dei vidaste omgrepa. Det som kjenneteiknar ein stat, er at ei tvangsmakt har oppretta kontroll over eit geografisk område. Dei første sivilisasjonane som oppstod om lag 3500 f.kr., var både tributtsamfunn og statar. Sjefen for tvangsmakta kallar vi ein herskar. Herskaren allierte seg med militære leiarar, religiøse leiarar og andre statstilsette, og han overlevde ved hjelp av tributt frå undersåttane. Vidare var det vanleg at herskaren allierte seg med stormenn eller adelsfolk ute i regionane, som kunne hjelpe til med å halde oppe ro og orden. Ein sivilisasjon eller høgkultur hadde noko i tillegg til herskar, hær og tributt. Sivilisasjonane hadde skriftsystem. Derfor kan vi seie at alle sivilisasjonar var tributtsamfunn eller statar, men at ikkje alle tributtsamfunn var sivilisasjonar. Den store makta I det følgjande skal vi leite etter fellestrekk ved dei store sivilisasjonane som dominerte verda frå 3500 f.kr. til 500 f.kr. Herskaren og støttespelarane Dei første sivilisasjonane samla makta på nokre få hender. Det likeverdet som hadde prega slektskapssamfunna, blei borte. Matprodusentane, det vil seie bøndene, kom i andre rekkje. Den store makta, det vil seie staten med herskaren i spissen, hadde ansvaret for å samkjøre samfunnsmaskineriet. Herskaren skulle stoppe angrep utanfrå, erobre nytt land, halde oppe ro og orden, byggje vegar, samordne fordelinga av vatn og sende ut nødhjelp når riket kom ut for katastrofar som tørke og flaum. Skulle ei slik samordning vere mogleg over store geografiske område, var herskaren heilt avhengig av å ha stor SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 19

autoritet. Det var først og fremst våpna som gav denne autoriteten. Men det var også heilt nødvendig å ha eit godt forhold til adelsfolk, til dei militære og til presteskapet. Både herskarane og desse støttespelarane hadde felles interesse av at samarbeidsforholdet var godt. Derfor gav dei kvarandre gåver og hadde sosial omgang. Det blei også skapt samband gjennom ekteskap, der herskarar og stormenn let barna sine gifte seg med kvarandre. Dei personlege relasjonane som hadde vore så viktige i slektskapssamfunnet, blei altså ikkje borte i tributtsamfunnet. Ein konge trong mange spesialistar for å drive ein sivilisasjon. Han måtte ha soldatar, byråkratar, bygningsarbeidarar, handverkarar og skrivarar. Kongen ønskte også å markere overherredømmet sitt. Derfor trong han kunstnarar som kunne innreie palassa med møblar, bilete og skulpturar, og som kunne underhalde med poesi og musikk. Korleis greidde så kongane å skaffe ressursar til å halde liv i alle spesialistane? Det skjedde ved tributtinnkrevjing frå bøndene, gjennom slavehald eller gjennom krigsbytte. Utsugar eller velgjerar? Dei store geografiske avstandane og mangelen på effektive kommunikasjonsmiddel gjorde det vanskeleg å krevje inn tributt i sivilisasjonane. Og dei som skulle stå for innkrevjinga, var upopulære. Derfor var tributtinnkrevjarane ofte væpna, eller dei kom i følgje med militære. Det er ikkje vanskeleg å finne eksempel på vald og brutalitet. Menneske blei skorne opp, kokte, flådde, krossfesta og halshogne som straff for lovbrot og opprør. Slikt skjedde fullt offentleg, og tanken bak var klar: Folk skulle skremmast til å bli lydige. Det vanlegaste var at bøndene betalte tributten i naturalia, men dei kunne også tvingast til å arbeide for kongen. På den tida av året da jorda kvilte og bøndene gjekk ledige, arbeidde dei ofte på dei mange byggjeprosjekta til herskaren. Dei kunne byggje vegar, forsvarsverk eller gravkammer. I Mesopotamia var det vanleg at bøndene arbeidde på jorda åtte månader i året og bygde tempel i fire månader. Å betale tributt ved hjelp av pengar blei ikkje vanleg før mykje seinare i historia. For folk flest blei nok herskarane og deira allierte skatteinnkrevjarar og militære oppfatta som utsugarar og tyrannar. Dei tvinga som oftast bøndene til å gi frå seg meir korn og arbeidskraft enn dei ønskte. I dei fleste samfunn fanst det likevel førestellingar om at kongen hadde plikt til å styre moralsk og rettferdig. Han skulle halde oppe pakta med gudeverda, han skulle verne presteskapet, han skulle vere eit førebilete for folket, han skulle forsvare landet, og han skulle syte for hjelp og støtte til menneske som trong det. Dersom landet hadde ein god og rettferdig konge, ville regnet falle og kornet modne i rett tid. I teorien skulle herskaren også ha eit kornlager som kunne brødfø folket når avlingane slo feil. Men det var ikkje alltid samsvar mellom liv og lære. Kongane og støttespelarane deira i dei store sivilisasjonane styrte på overflata. Det vil seie at dei ikkje hadde nok ressursar til å gripe aktivt inn når vanlege menneske hadde det vanskeleg. Da måtte andre ta over. I somme tilfelle fanst det eit sikringsnett som fanga opp folk som hadde problem. Det kunne vere familien eller ei religiøs gruppe som utgjorde eit slikt sikringsnett. Dei som fall heilt utanfor, enda ofte som omstreifarar, tiggarar, kriminelle og prostituerte. Byar Sivilisasjonar hadde vanlegvis byar med meir enn 2000 innbyggjarar. Byane var fulle av liv og energi. Tilbodet av varer var større enn på landsbygda, rikdommen var meir synleg, og fleire SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 20

vegar stod opne for driftige folk. Når mange budde tett saman og hadde kontakt med fjerne strøk, blomstra kulturen. Nye idear og ny teknologi hadde best vekstvilkår der mange menneske møttest. Byane verka derfor som magnetar på initiativrike og ambisiøse menneske. Men byane var også reine dødsmaskinar. Dei blei ofte råka av krig og øydeleggingar, brannar og sjukdommar. Det var derfor eit risikabelt føretak å flytte til ein by. Byane låg gjerne nær kysten eller langs elvar eller kanalar, der forholda låg godt til rette for handel og kommunikasjon. Her budde handelsfolk og handverkarar, legar, kunstnarar, prestar, tjuvar og tiggarar. Men først og fremst var byane sete for kongen, presteskapet og byråkratiet. Kongen valde gjerne ut den største byen som hovudstad for riket sitt, og der lét han byggje kornlager, tempel, festningsverk og palass. Skrift Sivilisasjonar hadde meir kompliserte trussystem og verdisystem enn slektskapssamfunn. Dei hadde meir å forklare, lære og forstå. Eit felles kjenneteikn ved sivilisasjonsdanning er derfor at det utvikla seg filosofiske og religiøse retningar, vitskap og astronomi. Astronomane konstruerte kalendrar, slik at dei betre kunne kartleggje korleis naturen veksla mellom haust, vinter, vår og sommar. Den som hadde orden på årsrytmen, kunne lettare planleggje arbeidet i jordbruket. Mesopotamiske astronomar var dei første som delte året inn i 12 månader og timane i døgnet i bolkar på 60 minutt, der kvart minutt var 60 sekund. Vi kjenner til religionen, filosofien og vitskapen i dei første sivilisasjonane fordi menneska der skreiv ned tankane og funna sine. Den mesopotamiske kileskrifta og dei egyptiske hieroglyfane var dei to første skriftsystema i verda. Dei kom i bruk om lag 3100 f.kr. Historikarar har derfor hatt skriftlege kjelder frå dei siste 5000 åra av menneskeslekta si historie. I første omgang blei skrift brukt til bokhalderi, til å halde orden på kva som kom inn av tributt, og kva som gjekk ut. Kongane tilsette eigne skrivarar som skulle ta seg av dette arbeidet. Men skrift kan også brukast til andre formål, som å formidle idear og tankar om gudar, menneske og natur, eller til å skildre fjerne land og folkeslag. Skrifta opna derfor opp ei ny verd for mange menneske i tidlegare tider. I slektskapssamfunn heldt ein kontakt med andre menneske ved å snakke med kvarandre, men med skriftspråket blei det mogleg å kommunisere også utan å snakke saman. Skrift var ikkje like utbreidd over heile verda. Folka i Australia og Afrika sør for Sahara brukte ikkje skrift før dei blei lærte opp av handelsfolk og kolonistar frå nord. Heller ikkje på det amerikanske kontinentet var skrift så utbreidd som i Eurasia. Seinare sivilisasjonar, som mayaene (300 900) og aztekarane (ca. 1200 1450) hadde eit skriftsystem, men det var lite utvikla og lite utbreidd. Inkaene i Peru (1400-talet) hadde ikkje skrift. Frå fruktbarheitsdyrking til berbare religionar Dei første sivilisasjonane i Egypt, Mesopotamia, Amerika og rundt elva Indus var kjenneteikna av fruktbarheitsdyrking eller fruktbarheitskultus. Desse religionane var polyteistiske, det vil seie at dei hadde mange gudar. I dei første sivilisasjonane var det gjerne eit eige presteskap som overvaka at kulten gjekk rett føre seg. Herskarane var anten sjølve guddommelege, eller dei var utstyrte med eit særleg vern frå gudane. Når eit samfunn vann over naboriket i krig, var det fordi gudane i dette samfunnet var sterkare enn SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 21

gudane til naboane. Det høgaste religiøse godet var derfor å ha dei mektigaste gudane på si side. Mykje av denne tankegangen endra seg gradvis i det siste tusenåret før vår tidsrekning. Perioden frå 1000 f.kr. til 500 f.kr. var prega av skepsis til dei menneskeliknande gudane som blei dyrka i jordbrukssamfunnet. Somme meinte at ein burde vende seg til ein høgare og allmektig gud, andre tvilte på at det fanst noko guddommeleg i det heile. Profetane som står bak mange av bøkene i Det gamle testamentet, stod saman i forakt for fruktbarheitskultusen. Dei utvikla ei monoteistisk tru, det vil seie ei tru på éin gud. Denne guden var Jahve, som var den einaste sanne gud for alle menneske. Jødedommen gjekk imot religionane i jordbrukssamfunnet. Ingen av dei ti boda i jødedommen dreiar seg om ritual og ofringar i samband med fruktbarheitskultus. Mange religionar og filosofiar oppstod i Asia i hundreåra rundt 500 f.kr. Jødedommen, konfutsianismen og buddhismen er dei mest kjende. Dei nye verdsreligionane la større vekt på moralsk framferd hos medlemmene. Reglane for god åtferd blei skrivne ned og kunne fraktast med handelsfolk og misjonærar. Vi kan derfor kalle dei berbare religionar. Det guddommelege hadde tidlegare vore knytt til stader, slekter og rike. No blei både guddommane, filosofiane og moralen universell. Det blei derfor mogleg for alle å høre til ein verdsreligion, same kvar dei budde. Men dei tradisjonelle gudane forsvann likevel ikkje. Folk flest heldt gjerne fram med å kombinere dei nye filosofiane og religionane med dyrking av dei gudane som dei hadde fått frå forfedrane. Sivilisasjonssamanbrot frå hage til ørken Det kunne vere mange grunnar til at ein sivilisasjon gjekk under. Den vanlegaste indre årsaka var at statsadministrasjonen fekk større utgifter enn inntekter. Denne utviklinga førte til utbytting, interne rivaliseringar og til og med intern krigføring. I somme tilfelle spela også økologiske forhold inn. Dei vanlegaste ytre årsakene var sjukdommar eller invasjonar. Vi skal ta for oss Mesopotamia som eksempel, for å vise korleis økologiske forhold kunne spele inn. Dersom du flyg over Nildalen og området rundt utløpa av Eufrat og Tigris i dag, vil du sjå enorme kontrastar. Nildalen ligg der framleis som ein blomstrande oase, men den sørlege delen av det som i dag er Irak, er nærmast ein ørken. Forklaringa ligg langt tilbake i historia. Mens vatnet og slammet fornya det egyptiske jordbruket i 5000 år, opplevde Mesopotamia ein miljøkatastrofe for 4500 år sidan. Det var vatningskanalane som var årsak til krisa. Også i ferskvatn er det litt salt. Når elvevatnet blei ført ut i det tørre landskapet under ei brennheit sol, fordampa vatnet før det blei filtrert ned i jorda. Dermed blei saltet liggjande igjen i dei øvste jordlaga. Jorda blei saltbitter, og kornet ville ikkje trivast. I tillegg førte kunstig vatning til at grunnvasstanden auka. Grunnvatnet var salthaldig, og når det blei ført opp nærmare overflata, var det med på å forsterke problema. Kveite, som var den mest populære kornsorten, var spesielt sårbar for høgt saltinnhald. Mesopotamiarane gjekk derfor over til å dyrke bygg, som tolde høgare saltkonsentrasjonar. Men også byggproduksjonen blei etter kvart vanskeleg på grunn av saltbitter jord. Til slutt var ikkje jorda fruktbar nok lenger til å dekkje behova i befolkninga. Senteret for mesopotamisk sivilisasjon flytta derfor nordover. Sivilisasjonar og moderne samfunn I dag kan vi mange stader i verda sjå ruinar og leivningar et- SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 22

ter tidlege sivilisasjonar. Det er all grunn til å bli imponert når ein kjem til pyramidane i Egypt eller Den kinesiske muren. Slike avanserte byggverk viser at tidlege sivilisasjonar hadde teknisk innsikt, sans for det vakre og evne til å mobilisere store menneskemassar. Likevel skal vi vere klar over at desse samfunna var av eit heilt anna slag enn det vestlege moderne industrisamfunnet. Vi skal peike på ein del av dei viktigaste skilnadene: 1 Store skilnader mellom rik og fattig: Elitane i dei store sivilisasjonane utgjorde kanskje 2 % av befolkninga. Dei var enormt rike og kontrollerte over halvparten av dei økonomiske ressursane. Det var ein kolossal avstand ned til bøndene. Nokon merkande rikdomsauke for folk flest har ikkje vore vanleg før dei siste 200 åra etter den industrielle revolusjonen. 2 Konservatisme: Samfunnet vårt er innretta på forandring, på investeringar i handel og produksjon, på nyheiter, ferske oppfinningar og utvikling. Dei tidlege sivilisasjonane var konservative på den måten at dei først og fremst stolte på det velprøvde og gamle. Menneska såg seg tilbake i historia. Egypt og Kina er eksempel på rike som bestod gjennom fleire tusen år med ein stor grad av stabilitet. 3 Forakt for fysisk arbeid: I sivilisasjonane var det bønder og slavar som arbeidde. Elitane skydde fysisk arbeid det som gav prestisje i deira verd, var krigføring, jakt, religionsutøving, kunst og filosofi. 4 Produktive oppfinningar hadde låg prestisje. Herskarane i sivilisasjonane var lite opptekne av at dei fattige skulle få betre levekår. Dei var først og fremst opptekne av å forsvare landet mot ytre og indre fiendar og av å bli dyrka og beundra som eit bindeledd mellom gudar og menneske. Dei var derfor på jakt etter oppfinningar som kunne brukast i krig, til forsvar og angrep (militær teknologi), og som kunne medverke til at dei blei oppfatta som mektige og heilage (symbolsk teknologi). Pyramidane til faraoane i Egypt, religiøse tempel, kongeslott, kunstverk, smykke og praktklede er produkt av symbolsk teknologi. Nye reiskapar og maskinar som blei funne opp, kunne auke produksjonen av mat og varer og var derfor viktige for alle. Utbetringar i den produktive teknologien skjedde ute på åkrane, inne i stallane, nede i gruvesjaktene, inne i arbeidsromma til handverkarane og, seinare i historia, i fabrikkane. Herskarane i tributtsamfunna var berre opptekne av denne forma for teknologi dersom oppfinninga kunne auke tributtinntektene. Det var ingen av barna til herskarane som hadde ambisjonar om å bli bonde eller handverkar. Men den produktive teknologien var grunnlaget for den industrielle revolusjonen, den viktigaste einskildhendinga som forklarer kvifor vi i dag er så mykje rikare enn menneska i dei gamle sivilisasjonane. Ei lita historie til slutt kan illustrere kor grunnleggjande annleis synet på teknologi var i perioden før den industrielle revolusjonen enn det er i dag: På 100-talet f.kr. fanst det i Alexandria i Egypt noko som likna ein dampmaskin. Maskinen blei brukt som døropnar i eit tempel, slik at det blei skapt ein illusjon av at det var gudane som opna døra. Denne oppfinninga kunne ha fått svært mykje å seie både praktisk og økonomisk. Tre former for teknologi Symbolsk pyramidar, tempel, slott, katedralar, kunstverk, smykke Militær våpen, rustningar, festningar, murar Produktiv verktøy (til jordbruk, handverk, gruvedrift), vatningsanlegg, transportmiddel, maskinar SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 23

Men slik gjekk det ikkje, fordi oppfinninga hadde ein symbolsk funksjon maskinen skulle setje prestane og herskarane i eit godt lys. Her er vi ved eit kjernepunkt i teknologihistoria: Ei oppfinning blir sjeldan verdshistorisk viktig før ho grip inn i livet til mange menneske. Oppfinningar i dei tidlege sivilisasjonane hadde først og fremst militære og symbolske funksjonar. Repetisjonsspørsmål 1 Kvar oppstod dei første elvekulturane? 2 Kva var årsakene til at elvekulturane voks fram? 3 Forklar omgrepa tributtsamfunn og sivilisasjon. Kvifor pas sar omgrepa på elvekulturane? 4 Kva skil eit tributtsamfunn frå eit slektskapssamfunn? 5 Kva føresetnader må vere til stades for at det skal kunne oppstå ein sivilisasjon? 6 Kva meiner vi med omgrepet «den store makta»? 7 Kva er skilnadene mellom ein fruktbarheitskultus og ein berbar religion? 8 Kva var årsakene til at sivilisasjonane gjekk under? 9 Kvifor var skilnadene mellom fattige og rike så store i siv ilisasjonane? SIVILISASJONAR KAPITTEL 3 24

KAPITTEL 4 Hellas i antikken Elevane skal kunne samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur og annan kunst I kapitla til no har vi hatt eit globalt perspektiv. No skal vi fokusere på Europa. I perioden frå 800 f.kr. til 500 e.kr. oppstod to sivilisasjonar rundt Middelhavet, som begge er viktige for identiteten vår som europearar. Dei to sivilisasjonane var Hellas og Romarriket. Vi skal innom så ulike tema som slaveri, olympiske leikar, gladiatorkampar, filosofi og seksualitet. Men vi skal først og fremst sjå nærmare på grunnleggjande spørsmål som gjeld den politiske utviklinga: Kvifor utvikla grekarane, og spesielt Athen, eit demokratisk styresett? HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 25

(det greske demos tyder folk). Dersom nokon frå dei store Frå dei greske bystatane til riket til Aleksander den store sivilisasjonane vi studerte i det førre kapittelet, hadde besøkt Hellas for 2500 år sidan, ville Ca. 800 f.kr. Dei greske bystatane oppstår. dei sannsynlegvis ha blitt svært 800 500 f.kr. 509 507 f.kr. 490 479 f.kr. Ca. 500 338 f.kr. 431 404 f.kr. 338 f.kr. 323 f.kr. Grekarane etablerer byar og koloniar rundt Svartehavet og Middel- Athen blir eit demokrati, og Roma opprettar ein republikk. Persarkrigane. Gresk stordomstid. Den peloponnesiske krigen mellom Sparta og Athen. Filip av Makedonia legg under seg dei greske byane. Riket til Aleksander den store når si største utstrekning. overraska over metoden med å trekkje lodd. Den vanlege styreforma i Egypt og Mesopotamia var guddommelege kongedømme, der kongen og støttespelarane hans hadde nærmast grenselaus makt. Kongane og prestane hadde innsikt i det guddommelege og kunne derfor befale kva folk skulle Politikk i den greske verda Somme meiner at det norske demokratiet er i krise. Det kan meine og gjere. I Athen fekk diskusjonar og dialog sterkare gjennomslag. for eksempel vere vanskeleg å få folk til å stille som kandidatar til by- og kommunestyre. Ein samfunnsforskar som i 2001 blei intervjua om den manglande rekrutteringa til lokalpolitikken, sa om lag dette: «Skal demokratiet i Noreg sikrast, bør folk tvingast inn i lokalpolitikken. Det er ikkje verre enn at vi tek for oss telefonkatalogen og dreg lodd om kven som skal sitje i kommunestyret. Dette er ei klassisk utveljingsmetode frå det gamle Athen.» Grunngivinga for å komme med eit så vilt og radikalt forslag var eit forskingsfunn han hadde gjort: Det var først etter at dei folkevalde hadde begynt i kommunestyret, at dei blei interesserte i politikk. Framgangsmåten med loddtrekking om kven som skulle sitje i viktige politiske posisjonar, oppstod altså i Athen. Det var Bystaten Før vi går i gang med å drøfte utviklinga av demokratiet, skal vi introdusere omgrepet bystat, eller polis på gresk. Bystatar var vanlege i heile den greske kulturen. Ein bystat var ei lita og sjølvstendig samanslutning av menneske, der somme budde i sjølve bykjernen, mens andre var bønder på åkrane omkring. Dei som hadde status som borgarar i ein polis, hadde som oftast jord utanfor bykjernen. Tradisjonen med å betale tributt var ikkje vanleg, og ideelt sett skulle bøndene sjølve bere kostnadene når dei var med i krig. Midtpunktet for handelslivet og det politiske og religiøse livet var sentrum i bystaten, agora, som best kan samanliknast med eit torg. Det er usikkert kva tid grekarane begynte å etablere ein del av det direkte demokratiet, der folket sjølv skulle styre HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 26

bystatar, men alt på 800 700-talet f.kr. var denne samfunnsordninga godt rotfesta. Det var hundrevis av små bystatar, som kvar hadde nokre få tusen innbyggjarar. Filosofen Aristoteles (384 322 f.kr.) meinte at denne måten å organisere samfunnet på var naturgitt. Han gjekk så langt som til å hevde at «polis hører til naturens orden, og at mennesket av natur er eit polisvesen». Bystatar som låg like i nærleiken av kvarandre, kunne ha ulike styreformer. Somme var kongedømme, andre var aristokrati, det vil seie at ei overklasse av rike jordeigarar styrte. Somme var oligarki, der styret låg hos ei klasse av mektige borgarar som var misnøgde med aristokratiet, og i eit tyranni var det ein eineherskar som styrte for ein periode. Men grekarane kjende også demokratiet. Athen var ein bystat som hadde vore både kongedømme og tyranni før demokratiet voks fram. Folkeforsamling, rådsforsamling og embetsmenn Vi skal begynne drøftinga av demokratiet i Athen med å gjere greie for korleis dei politiske organa var bygde opp da byen stod på toppen av makta si, på 400-talet f.kr. Som i mange antikke bystatar, både før og etter stordomstida i Athen, var det politiske systemet delt i tre i folkeforsamlinga, rådsforsamlinga og embetsmennene. Folkeforsamlinga var open for alle frie menn over 20 år med status som borgarar. I denne forsamlinga tok athenarane avgjerder om krig og fred, her vedtok dei lover, valde embetsmenn og peika ut dommarar. Den som ville vere med på å påverke avgjerdene, måtte stille opp i eigen person. Den andre grunnpilaren i det politiske systemet i Athen var rådsforsamlinga. Denne forsamlinga hadde 500 medlemmer og skulle førebu sakene før dei blei lagde fram for folkeforsamlinga. Medlemmene av rådsforsamlinga blei valde ved loddtrekking. Slik hadde vanlege folk ein utveg til å påverke utforminga av praktisk politikk ei ordning som var spesiell for Athen. Rådsmedlemmene sat berre i eitt år, og dei kunne ikkje veljast på nytt. Også dei andre bystatane hadde rådsforsamlingar, men ikkje eit så radikalt system som Athen. Embetsmennene kan samanliknast med statsrådane våre, ved at dei hadde ansvaret for eit fagområde. Men i motsetnad til statsrådane våre blei dei valde direkte av folkeforsamlinga og skulle styre samfunnet på grunnlag av vedtaka der. Dei hadde ansvaret for ulike funksjonar éin var borgarmeister, éin var religiøs leiar, éin var leiar for hæren, osv. Etter 487 f.kr. blei dei fleste av embetsmennene i Athen peika ut blant borgarane gjennom loddtrekking. Den viktigaste embetsmannen var strategen, som hadde ansvaret for å administrere det militære og utanrikspolitikken. Ein strateg kunne veljast på nytt mange gonger og fekk altså ikkje embetet sitt ved loddtrekking. Det vanlege var at ein borgar sat som embetsmann i berre eitt år. Grunnen var eit ønske om å hindre at for mykje makt blei samla hos éin person. Athenarane hadde for øvrig ein original måte å kvitte seg med maktsjuke politikarar på: Dersom 6000 mann skreiv namnet til ein person som blei rekna som ein fare for byens tryggleik, på eit potteskår, var denne personen utvist frå bystaten i ti år. Denne tradisjonen blei kalla ostrakisme (av det greske ordet ostrakon, som tyder potteskår). Etter ti år kunne den forviste komme tilbake til hus og heim. Grekarane hadde eit verdisystem som sa at det var viktig å vere med i politikken. «Heimesitjarane», dei som valde å la vere å bruke dei politiske rettane sine, blei kalla idiotés, eit ord som tyder «ein som har nok med seg sjølv». Menn som ikkje var med i den opne dialogen i samfunnet, og som berre heldt HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 27

seg saman med sine nærmaste, blei etter denne tankegangen manipulerte av andre. Jamvel om det fanst felles demokratiske tradisjonar i den greske verda, var det athenarane som gjekk lengst i å dra dei lågare sosiale laga med i politikken. Loddtrekkinga er eit eksempel, eit anna er at det blei innført diettpengar i dei mest tidkrevjande posisjonane. Denne «lønna» gjekk til medlemmene av rådsforsamlinga og til embetsmenn som hadde fått posisjonen sin ved loddtrekking. Det politiske systemet i Athen kan verke nifst demokratisk for dei involverte. Ein person som til dagleg rodde båtar i krigsflåten, kunne nærmast over natta trekkjast ut til å sitje i rådsforsamlinga. Korleis kunne eit så radikalt demokratisk system oppstå? Vi skal prøve å svare på spørsmålet på to måtar. Først skal vi beskrive nokre generelle trekk ved det greske samfunnet som var viktige føresetnader for demokratiet. Så skal vi prøve å finne fram til det som var spesielt for Athen, og som kan forklare kvifor athenarane gjekk lenger i demokratisk utvikling enn dei andre greske bystatane. Tre føresetnader for utviklinga av det greske demokratiet Det første vi skal merke oss, er at grekarane i perioden mellom 800 og 500 f.kr. innførte eit alfabet som var lett å lære. Skriftsystema i dei tidlege sivilisasjonane bestod av eit komplisert biletspråk med mange teikn. Skrivarane hadde dessutan ei eigeninteresse i at skrifta skulle vere vanskeleg å lære, og bruken av skrift var ein del av undertrykkingsmekanismen i samfunnet. Alfabet, der skriftteikna stod for lydane i språket, utvikla seg i Midtausten, og grekarane lærte å bruke alfabet frå desse kulturane i aust, og særleg frå fønikarane. Grekarane vidareutvikla skrifta til også å innehalde vokalar. Mange greske borgarar lærte å lese og skrive og hadde dermed tilgang på kunnskapar som var viktige for den som ville vinne fram i dei politiske diskusjonane i folkeforsamlinga. Ein god økonomi var også ein viktig føresetnad for den demokratiske utviklinga i Athen. Jamvel om borgarane i prinsippet skulle dyrke si eiga jord, kunne velståande borgarar ofte bruke tida si på politiske og kulturelle aktivitetar. Overskotet dei trong, kom frå handel og slaveri. Jordsmonnet på det greske fastlandet var mange stader lite fruktbart, og bøndene var fattige. Mange flytta derfor på 700- og 600-talet f.kr. ut til øyane i Egearhavet, til kysten av Vesleasia, til store delar av middelhavskysten og opp til svartehavsområdet der jorda var meir fruktbar. Overskotslager av korn blei førte med skip tilbake til bystatane i Hellas. Athen grunnla ikkje koloniar ute, men var likevel aktivt med i handelen. I Athen var det i hovudsak sølvet frå gruvene på Attika som finansierte kornimporten. Arbeidet i gruvene blei utført av slavar. Handelen og gruvedrifta la grunnlaget for eit økonomisk oppsving i den greske verda generelt, og i Athen spesielt. Den tredje og siste føresetnaden for demokratiutviklinga er knytt til krigføring. I dei tidlegaste bystatane var det rike aristokratar som slost mot fienden, éin mot éin, i tunge og dyre rustningar. Men på 700 600-talet f.kr. oppstod ein ny og meir effektiv måte å krige på, der hoplittar (fotsoldatar) kjempa i falanksar (skulder ved skulder i fleire rekkjer etter kvarandre). Hjelm, brystpanser og skjold verna dei mot fienden, mens angrepsvåpna var spyd og sverd. Falanksane trong mange krigarar, og sidan den aristokratiske overklassa var fåtalig, blei det stadig meir nødvendig å HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 28

rekruttere «vanlege folk» til dei militære styrkane. Tradisjonen i Hellas var at alle som tok del i krigen, skulle ha status som borgar. Derfor blei fleire bønder gjorde til borgarar på denne måten, og dei kjempa side om side med krigsaristokratane som deira likeverdige. Hærane kom etter kvart til å bestå av ubetalte bondesoldatar som heldt si eiga krigsutrusting, og som vende heim til gardane sine når krigen var over. Lese- og skrivedugleik, økonomisk overskot frå handel og slavehald og hoplitt-taktikken var altså forhold i det greske samfunnet som peikar fram mot demokratisering. Men korleis skal vi forklare at athenarane gjekk lengst i å involvere dei lågare klassene i politikken? Det radikale athenske demokratiet Midt på 400-talet f.kr. oppnådde Athen ei særstilling i den greske verda. Ein viktig bakgrunn var at dei greske bystatane var trua av Persarriket på 400-talet. To gonger prøvde persarane å erobre det greske fastlandet, i 490 og i 480 479 f.kr. Begge gongene mislykkast dei. Krigane mot persarane medverka til å sveise dei greske bystatane saman, og Athen, som var den største og rikaste bystaten, var den fremste i forsøka på å drive persarane bort. Athenarane stilte seg i spissen for eit forbund av 140 bystatar (det attiske eller deliske sjøforbundet) og tok hovudansvaret for dei militære styrkane, særleg for krigsflåten. Dei mindre bystatane betalte tributt som skulle dekkje kostnadene til athenarane. Perikles (ca. 493 429 f.kr.) var drivkrafta bak den nye politikken overfor dei andre bystatane. Han blei vald til strateg år etter år. Hovudmålet hans var å byggje eit imperium i Hellas med Athen som sentrum. Krigsflåten var den viktigaste reiskapen i arbeidet hans for å nå målet. Til krigsflåten trongst det store mengder roarar, som blei rekrutterte blant fattige athenarar utan borgarrettar. Sidan det som nemnt berre var menn med borgarstatus som kunne ta del i krig, måtte dei få borgarstatus. Og som borgarar fekk dei også politiske rettar og politisk makt. På dette tidspunktet, midt på 400-talet f.kr., var det athenske demokratiet på det mest radikale. Tidlegare hadde det vore eit krav at alle som kunne veljast til embetsmenn, måtte ha ein viss formue. Dette kravet blei no fjerna. Det blei dessutan innført ei ordning med diettgodtgjering, slik at fattige roarar i politiske verv skulle ha utvegar til å greie seg økonomisk. Perikles ville byggje eit imperium i den greske verda. Det radikale demokratiet i denne fasen kan derfor oppfattast som noko han innførte for å vinne støtte blant dei fattigaste borgarane for den imperialistiske politikken. Etter at det blei slutta endeleg fred med persarane i 449 f.kr., tvinga Athen dei andre i forbundet til å halde fram med å betale tributt. Pengane som kom inn, blei ikkje berre brukte til å byggje den sterkaste flåtestyrken i heile middelhavsområdet, men også til å finansiere mykje av ei byggjeverksemd som vi kan sjå restar av den dag i dag. Parthenon-tempelet på Akropolis, som blei bygd i perioden 447 432 f.kr., er det beste eksempelet. Rikdommane i Athen gjorde det også mogleg for mange å bruke tid på kunst, utdanning og filosofi. Kor demokratisk var styreforma i Athen? Det athenske demokratiet var radikalt, men det var også avgrensa. Berre frie menn med athensk borgarrett fekk ta del i politikken, og athenarane var varsame med å gi nye grupper borgarskap. Vi reknar med at den athenske staten hadde meir enn 300 000 innbyggjarar. Av dei var 100 000 slavar, og 40 000 HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 29

var «framande» (metoikarar). Dei frie athenarane utgjorde 180 000 personar, og av dei var 40 000 vaksne menn. Det var altså rundt rekna kvar åttande innbyggjar, eller 15 16 % av folketalet, som hadde rett til å vere med og styre. Og berre 10 15 % av dei igjen møtte jamleg i folkeforsamlinga. Athen og Sparta Den viktigaste konkurrenten til Athen var bystaten Sparta, som låg på Peloponnes-halvøya. Så tidleg som på 700-talet f.kr. erobra Sparta naboområda i Messenia. Dei ufrie bøndene i Sparta og Messenia blei kalla helotar. Dei blei tvinga til å arbeide på jorda nærmast som slavar, mens dei rike stakk av med heile overskotet. Sparta kan derfor kallast eit tributtsamfunn. Sparta var ein gresk bystat med både folkeforsamling og eit råd av eldre som kom med forslag til lover. Det som skilde denne bystaten ut frå dei andre, var fokuseringa på det militære. Smågutar flytta heimanfrå og blei innkvarterte i militærbrakker alt som sjuåringar. All militær trening gjekk føre seg berrføtt, gutane sov på harde benker, og kosten bestod av tjukk graut. Dei voks opp i ein kultur prega av styrke og disiplin. Det er ikkje rart at dei fekk rykte på seg som dei tøffaste soldatane. I perioden frå 600 f.kr. til 371 f.kr. hadde Sparta jamt over den sterkaste hæren i Hellas. Men prisen var høg. Det spartanske samfunnet blei prega av einsretting og sensur. Menneska i Sparta hadde lite tid til å drive med kunst og filosofi. Sparta kjempa saman med Athen under persarkrigane. Men etter at persarkrigane var over, midt på 400-talet f.kr., blussa dei gamle konfliktane mellom bystatane opp igjen. Athen allierte seg med øyane i Egearhavet, og hovudfienden Sparta bygde opp eit sterkt forbund av bystatar på Peloponnes. I perioden 431 404 f.kr. kjempa Athen og Sparta fleire øydeleggjande krigar mot kvarandre. Sparta vann til slutt. Men den lange krigen hadde gjort dei greske bystatane svakare, og dei blei eit lett bytte for erobrarar frå nord. Fellestrekk i den greske verda Den greske verda var splitta i mange bystatar som stadig låg i krig med kvarandre. Men det var også fellestrekk ved den greske kulturen. La oss sjå på dei religiøse førestellingane og kjønnsrollene i det greske samfunnet. Religion og filosofi Blant jordbruksbefolkninga levde fruktbarheitskultusen vidare, som i alle jordbrukssamfunn på denne tida. Grekarane hadde ein eigen gud, Demeter, som skulle gi dei god grøde. Demeter er ein av gudane i eit univers av gudar der Zevs (himmelguden), Poseidon (havguden), Athene (vernar av vitskap, kunst og handverk) og Afrodite (kjærleiksgudinna) er blant dei viktigaste. Grekarane kjende desse gudane frå mytologiske diktverk som blei skrivne av Homer og Hesiod i perioden 750 650 f.kr., og som var felleseige for alle grekarar. Same kvar på rangstigen folk stod, kunne dei vende seg til gudane med bønn og offer. Det var ikkje nødvendig med prestar som mellommenn. Somme av gudane kunne gi råd gjennom orakel. Oraklet i Delfi var det mest kjende. Grekarane hadde inga heilag skrift som Bibelen eller Koranen. Dei hadde ikkje eit eige yrke for prestar som tolka den rette læra. Grekarane var derfor tolerante på det religiøse området. Frå 600-talet f.kr. kjenner vi til personar som kritiserte mytane. Resultatet var at filosofien, som la vekt på fornuftstenking, fekk større innpass. Dei første filosofane var dei såkalla naturfilosofane på kysten av Vesleasia, og det vesle vi har bevart av det dei skreiv, gir oss det første eksempelet på noko som HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 30

kan kallast ein filosofisk diskusjon i europeisk historie. Dei tok opp spørsmålet om kva som var det uforanderlege i naturen, det som kunne forklare alt anna. Thales frå Milét (ca. 625 545 f.kr.) meinte for eksempel at svaret var vatn. Dei tre mest kjende greske filosofane var Sokrates (ca. 470 399 f.kr.), Platon (427 347 f.kr.) og Aristoteles (384 322 f.kr.). Sokrates var ikkje oppteken av naturfilosofi. Det var menneska og livet deira som intereserte han. Han har først og fremst blitt kjend som den filosofen som fekk elevane sine til å tenkje seg om. Sjølv skreiv han ingenting, og vi kjenner filosofien hans i hovudsak gjennom eleven Platon. I perioden frå 385 til 380 f.kr. skreiv Platon Staten, der målet var å skildre det perfekte samfunnet. Det var ikkje eit demokrati, men eit samfunn der dei klokaste innbyggjarane skulle herske. Den flinkaste skulle veljast som ein slags filosofkonge. Aristoteles var den mest mangfaldige av filosofane. Han var oppteken av både naturen, mennesket og samfunnet, og han var den som oppsummerte all kunnskap som hadde samla seg opp i hundreåra før. Aristoteles var på ein heilt annan måte enn Sokrates og Platon oppteken av naturvitskaplege undersøkingar. Mange ser på han som grunnleggjaren av biologien som fag. Dei filosofiske diskusjonane førte til at kritisk og sjølvstendig tenking fekk stort gjennomslag. I mange andre samfunn i verda ville anten herskarane eller dei religiøse leiarane ha sett ein stoppar for slik verksemd. Men det skjedde i liten grad i Hellas. Det var svært sjeldan at nokon blei skulda for kjetterske tankar. Sokrates blei rettnok dømd til døden for å ha krenkt gudane og ført ungdommen vill, men det var unntaket som stadfestar regelen. Men jamvel om fornuftstenkinga slo gjennom, blei ikkje mytane og gudane borte. Velskolerte menneske kunne godt hevde at dei stamma direkte frå ein gud, og at dei derfor hadde ekstra krav på respekt. Kjønnsskilnader og seksualitet Det greske samfunnet var ekstremt mannsdominert. Heimen var ofte delt i to, ein del der kvinnene kunne lage mat, passe barn og sy klede, og ein mannsdel der dei gifte kvinnene ikkje skulle vere. Kvinnene hadde som si viktigaste oppgåve å føde og oppsede barn helst gutar. Kvinnene kunne vere med ved religiøse festivalar, men elles skulle dei halde seg unna det offentlege livet så langt råd var. Ei jente blei vanlegvis gifta bort allereie som 14 15-åring, ofte med ein mann som var dobbelt så gammal. Ho gjennomgjekk mange graviditetar, fekk dårlegare mat enn mennene og døydde ofte i 35-årsalderen. Ein 15- årig gut kunne rekne med å leve til han var 45 år. Prostitusjon var utbreidd. Dei fleste prostituerte hadde slavebakgrunn. Men det fanst også meir kultiverte selskapsdamer, som ikkje berre tilbaud seksuelle tenester, men som i tillegg framførte musikk og dikt og var med i intellektuelle diskusjonar. Dei var også med i antikkens symposium, det vil seie drikkegilde, der mennene dyrka vennskap og politiske alliansar. Aspasia var den mest omdiskuterte kvinna i Athen på 400-talet f.kr. På den eine sida blei ho skulda for å vere prostituert og for å «forsømme gudsdyrkinga». På den andre sida blei ho beundra for sine intellektuelle evner og talegåver. Ho var ein venn av Sokrates, og ho var både rådgivar og elskarinne for Perikles. Med si sjølvsikre framtoning stod ho i kontrast til fleirtalet av kvinnene i Athen, som heldt seg borte frå det offentlege livet. HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 31

Repetisjonsspørsmål 1 Kva var ein bystat, og kva kjenneteiknar ein slik stat? 2 Kva var årsakene til framveksten av demokratiet i Athen? 3 Kva kjenneteikna det greske demokratiet? 4 Kven hadde makt i Athen? 5 Nemn nokre greske filosofar og kva dei stod for. 6 Korleis var situasjonen for kvinnene i Hellas i antikken? HELLAS I ANTIKKEN KAPITTEL 4 32

KAPITTEL 5 Romarriket Elevane skal kunne samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur og annan kunst Romarane budde i utgangspunktet i ein bystat, slik som grekarane, og dei bygde vidare på den kulturelle arven frå det antikke Hellas. I dette kapittelet skal vi sjå at dei i motsetnad til grekarane bygde eit imperium som dekte alle landområda rundt Middelhavet. Ei viktig problemstilling blir derfor: Korleis greidde romarane å etablere eit stort og stabilt rike som dekte det meste av Europa, Nord-Afrika og Midtausten? Vi skal også innom tema som gladiatorkampar, slaveri og gjennombrotet for kristendommen. ROMARRIKET KAPITTEL 5 33

Romarriket frå først til sist 509 31 f.kr. Romarriket blir styrt som republikk. 264 146 f.kr. Punarkrigane mellom Roma og Kartago. 44 f.kr. Cæsar blir myrda. Borgarkrig bryt ut. 27 f.kr. 476 e.kr. Det romerske keisardømmet. 27 f.kr. 14 e.kr. Augustus keisar i Roma. 115 117 e.kr. Romarriket når si største utstrekning under keisar Trajan. 212 e.kr. Alle frie menn i riket får romersk statsborgarskap. 235 284 e.kr. Borgarkrig, invasjonar og økonomisk krise fører riket til kanten av samanbrot. 391 e.kr. Kristendommen blir offisiell statsreligion i Romarriket. 395 e.kr. Romarriket delt i to, Vestromarriket og Austromarriket. 476 e.kr. Den siste vestromerske keisaren blir styrta av germanske troppar. 635 698 e.kr. Arabarane erobrar mange av dei austromerske områda i Midtausten 1453 Tyrkarane erobrar den austromerske hovudstaden, Konstantinopel. Kvifor blei Roma eit imperium? Byen Roma blei grunnlagd på 600 500-talet f.kr. langs elva Tiberen, med dei mektige etruskarane nord for seg og greske bystatar i sør. Det var ein lite viktig småby som ikkje skilde seg ut frå byane omkring. Men 600 700 år seinare hadde romarane erobra områda frå Persiabukta i aust til Portugal i vest og frå Egypt i sør til Skottland i nord. På 100-talet e.kr. styrte Roma eit imperium med 60 millionar innbyggjarar. Kontrasten til Hellas er slåande. Jamvel om grekarane etablerte koloniar rundt heile Middelhavet, klarte ingen av dei greske bystatane å gjere seg til eineherskar over eit større område. Dei fleste var små og fattige, og bystatane sleit kvarandre ofte ut gjennom interne stridar. Dei hadde nok med å forsvare seg sjølve mot bystatane omkring, eller mot angripande persarar og makedonarar. Krigane mellom Athen og Sparta kravde så store ressursar at det var uaktuelt å ekspandere utanfor den greske verda. Med romarane var det altså annleis. Dei var på ein heilt annan måte enn grekarane offensive militært. Dei mobiliserte store hærar som utvida grensene for riket i over 500 år. Det store spørsmålet blir derfor: Korleis greidde Roma å byggje eit imperium? Romarane erobrar Italia Geografisk låg Roma sentralt langs elva Tiberen. Dette området likna lite på naturen i Hellas, der landskapet på fastlandet var delt opp av talrike ufruktbare høgdedrag som gjekk på kryss og tvers, og der mange av bystatane låg på øyar. I Roma var det få naturlege barrierar rundt byen, som låg midt i eit «vegkryss». Plasseringa var gunstig for handel og kommunikasjon, men førte også med seg stor fare for angrep, samstundes som det låg til rette for at romarane sjølve kunne angripe områda rundt seg. ROMARRIKET KAPITTEL 5 34

Perioden frå 509 til 264 f.kr. bar preg av gradvis ekspansjon gjennom fleire småkrigar. Det begynte med at romarane måtte verne seg mot angrep frå svoltne og krigerske husdyrnomadar frå fjellområda rundt Roma. Etter kvart blei krigføring ein del av kvardagen, og romarane gjennomførte årlege krigstokt mot nabofolk. Den viktigaste suksessfaktoren for romarane i denne perioden var evna til å føre ein splitt-og-hersk-taktikk og til å byggje alliansar. Det var nemleg ikkje slik at romerske soldatar erobra heile den italiske halvøya, og dermed var alle blitt romarar. I 264 f.kr. levde berre ein tredel av innbyggjarane i Italia på romersk jord. Romarane bygde steg for steg opp eit system der dei graderte kor sterkt knytte til Roma dei ulike områda var. Den italiske halvøya blei eit politisk lappeteppe av område med ulik status: område som blei innlemma i den romerske staten, og der borgarane fekk full romersk borgarrett område som blei innlemma i den romerske staten, og der borgarane fekk romersk borgarrett, men ikkje røysterett sjølvstendige statar som var allierte med Roma område som var annekterte og lagde til romersk statsjord Fram til år 264 f.kr. hadde romarane gjort avtalar med 150 små statar på den italiske halvøya. Avtalane var ulike, men felles for alle var at ingen kunne gjere avtalar med andre enn romarane. Slik hindra dei at konkurrerande alliansar fekk vekse fram. Romarane passa på at taparane ikkje blei behandla for hardt. I dei fleste tilfella fekk dei lov til å styre seg sjølve, og dei slapp å betale tributt. Gradvis betra forholda seg, og i år 88 f.kr. hadde alle som var allierte med Roma på den italiske halvøya, fått fulle borgarrettar. Men romarane stilte også krav til sine allierte. Områda som var erobra, blei tvinga til å stille krigarar til disposisjon for romarane. Slik kunne det rekrutterast stadig nye soldatar. Som takk for hjelpa fekk dei erobra områda vere med på å dele noko av gevinsten ved at stadig nye område blei erobra. Soldatar fekk gjerne jord som lønn. Ved at soldatar som blei overvunne, i neste omgang fekk borgarrett, høve til å dele krigsbytte og til å bli jordeigarar i dei siste erobra områda, klarte romarane å snu tidlegare fiendar til å bli trufaste allierte. Det var altså ein stor skilnad mellom Athen og Roma i måten å byggje ein sterk stat på. Athenarane utvida ikkje bystaten etter kvart som imperiet voks. Dei prøvde å styre eit stadig større område med grunnlag i same folketal av athenarar som tidlegare. Romarane, derimot, inkluderte dei underlagde områda i Italia som allierte og etter kvart som ein del av sjølve bystaten. Dermed voks grunnlaget for militær makt i takt med at imperiet blei større. Den romerske republikken Da romarane slo den siste etruskiske kongen omkring år 509 f.kr., innførte dei ein republikk, det vil seie ein stat utan konge. Akkurat som grekarane hadde dei eit politisk styringssystem som omfatta folkeforsamling, embetsmenn og eit råd av eldre. Folkeforsamlinga i Roma blei kalla kenturieforsamlinga og hadde mange av dei same funksjonane som folkeforsamlinga i Athen. Forsamlinga godkjende lover, utnemnde embetsmenn og avgjorde spørsmål om krig og fred. Men den romerske folkeforsamlinga fekk aldri så mykje makt som den athenske. Den romerske republikken blei stort sett styrt av ei lita gruppe rike familiar. Tidleg i republikkens tid blei Roma styrt av ei gruppe slekter, patrisiatet. Denne gruppa var den som tradisjonelt hadde mest religiøs og politisk makt i Roma. Alt på 400-talet f.kr. kom patrisiarane i konflikt med plebeiarane, ei gruppe fattige borgarar som kjende seg overkjørte av dei rike og mektige. ROMARRIKET KAPITTEL 5 35

Dei fann seg ikkje i å vere utan politisk makt og utan tilgjenge til embete, og dei hadde eitt maktmiddel: Dei kunne true med militærstreik, for staten var avhengig av at dei stilte opp som soldatar. Dermed greidde dei å kjempe seg til viktige juridiske og politiske rettar. Dei fekk si eiga forsamling med lovgivande makt, og sine eigne embetsmenn, folketribunane, som tok seg av rettane deira. Men om plebeiarane fekk ei sterkare stilling, førte det ikkje til at den fattigaste delen av befolkninga fekk meir makt. Det som skjedde, var at dei rikaste plebeiarane blei dregne med i den styrande eliten. Ved at plebeiarane fekk rettar som hadde vore berre for patrisiatet, blei eliten blant dei innlemma i ein ny styrande elite, nobiliteten. Slik klarte patrisiatet det kunststykket å halde på makta ved å gi frå seg og dele makt. Det viktigaste politiske organet for nobiliteten var senatet. Det var her dei viktigaste avgjerdene blei tekne, ikkje i folkeforsamlinga. Leiinga av republikken låg hos to likestilte, årleg valde konsular. Dei styrte forhandlingane i senatet og var hærførarar. Årsaka til at dei var to, og at dei berre sat i eitt år, var ønsket om å hindre at nokon fekk absolutt makt. Frå 367 f.kr. skulle den eine konsulen vere plebeiar, og frå 342 kunne begge vere det. I år 264 f.kr. kontrollerte Roma heile Italia sør for Posletta, anten gjennom alliansar eller gjennom direkte styre av erobra område. Det var i seg sjølv ein imponerande prestasjon. Men Roma var framleis ein «primitiv» stat i den forstand at jordbruket var enkelt, handelen liten, det var ingen profesjonell hær og berre ein svakt utbygd statsadministrasjon. Romersk ekspansjon utanfor Italia På 400- og 300-talet f.kr. førte dei årlege slaga til at krigføring blei ein del av kulturen. Roma baserte i stadig større grad sin eksistens på militære ekspedisjonar og stadig ekspansjon. Det utvikla seg etter kvart eit militaristisk «machosamfunn» der militærtenesta blei det sentrale arbeidet for unge menn. I desse hundreåra voks det fram eit verdisystem som hylla krigsinnsats og verdsette dygder som mot, handlekraft og evne til krigslist. Dersom nokon ville gjere politisk karriere, gjekk vegen om suksess på slagmarka. I 264 f.kr. kontrollerte romarane den italiske halvøya. Neste steg var å nedkjempe øyane rundt, det vil seie Sicilia, Korsika og Sardinia. Deretter stod Nord-Afrika og Spania for tur. Her herska kartagarane, og romarane møtte ein likeverdig motstandar. I perioden 264 146 f.kr. var det tre krigar mellom Roma og Kartago, av romarane kalla punarkrigane. Ein punar var det romerske namnet på fønikarane frå Syria, som tidlegare hadde kolonisert nordkysten av Afrika og grunnlagt Kartago. Under den andre punarkrigen førte den kartagiske hærføraren Hannibal troppane sine opp gjennom Spania, gjennom det sørlege Frankrike, over Alpane og ned i Nord-Italia, der han gjekk til angrep på romarane med berre 20 000 fotsoldatar og 6000 ryttarar. Dei fleste av dei 30 40 elefantane han hadde med seg, døydde på ferda. Trass i stor strategisk evne kløkt og tre store sigrar over romarane greidde Hannibal aldri å ta hovudstaden. Til slutt blei han kalla tilbake til heimbyen Kartago. I 146 f.kr. blei Kartago brend av romarane, som no kontrollerte det meste av middelhavsregionen. Punarkrigane hadde vore ressurskrevjande. Da romarane til slutt vann, kunne dei kanalisere krigsinnsatsen mot det austlege Middelhavet, mot Frankrike og etter kvart mot England. Dei franske gallarane blei lagde under Romarriket i perioden 58 50 f.kr., og nokre år seinare skjedde det same med Egypt. Etter at Middelhavet var blitt eit romersk hav, heldt den ROMARRIKET KAPITTEL 5 36

romerske ekspansjonen fram i enda nokre generasjonar, men i mykje lågare tempo. I åra mellom 43 og 75 e.kr. tok romarane det som i dag er Storbritannia. Riket nådde si største utstrekning under keisar Trajan (98 117), da romarane ein kort periode kontrollerte dagens Irak heilt ned til Persiabukta. Tributtinntekter og politiske spel Under erobringa av Italia slapp dei erobra områda å betale tributt, og dei blei etter kvart integrerte i den romerske republikken. Ekspansjonen rundt Middelhavet var organisert på ein annan måte. Her blei det oppretta fleire provinsar, der Roma hadde tilnærma full kontroll. Ein provins var verkeområdet til ein romersk embetsmann. Embetsmannen hadde ansvaret for å halde oppe ro og orden og for å krevje inn tributt. I perioden frå 200 f.kr. til år 1 kom store delar av inntektene i Roma frå provinsane, og resultatet var stor velstandsauke blant dei rike. Slavar, pengar, mat og drikke gjekk i ein straum frå provinsane og inn til sentrum av riket. Det var to hovudkjelder til denne velstanden: krigsbytte og tributt. Inntektene frå provinsane blei ei viktig drivkraft for erobringar av stadig nye område. Da romarane slo grekarane i slaget ved Epirus i år 167 f.kr., tok dei 150 000 krigsfangar, som blei gjorde til slavar. Slavane blei mellom anna brukte som arbeidskraft på enorme gods som dei rike etablerte rundt om i riket. Tributten finansierte store byggjeprosjekt som tempel, palass og badeanstaltar, vegar, bruer og akveduktar (vassleidningar). I år 1 var det 1000 badeanstaltar i Roma, og akveduktane frakta 1000 liter vatn per person per dag. Dei store inntektene gjorde at folk som hadde borgarrettar, slapp å betale tributt under republikken, det vil seie i perioden fram til 31 f.kr. Det politiske spelet blant elitane i Romarriket auka også behovet for stadig ekspansjon. Ambisiøse politikarar trong store økonomiske ressursar for å nå fram i konkurransen om politiske posisjonar. For å forstå kvifor det var slik, må vi gå vegen om ei sentral ordning i det romerske samfunnet, nemleg forholdet mellom patron og klient. Ordet klient tyder avhengig person. Opphavleg blei ordet brukt om bønder som av nød måtte gi seg inn under ein godseigar. Godseigaren blei da patron, det vil seie far eller vernar. Patronen hadde deretter plikt til å ta seg av klienten. Dette systemet gjekk langt tilbake i tid. Ein patron i denne perioden kjøpte politisk støtte ved å dele ut gåver, pengar, jord, hus og rentefrie lån. Klientane, som ofte var plebeiarar, kunne til gjengjeld tilby røysta si i folkeforsamlinga. Slik kunne rikdom omsetjast i politisk makt og politiske rettar i mat og andre gode. Sjølve grunnlaget for at dette systemet skulle fungere, var at patronane hadde økonomiske ressursar, og det fekk dei i stor grad som krigsbytte og som tributt frå provinsane. Brød og sirkus Tributtinntektene blei også brukte til å hindre opprør blant dei mange misnøgde og fattige i Romarriket. Tusenvis av fattige bønder og dimitterte soldatar strøymde til byane og særleg til Roma. Historikarar meiner at det periodevis har vore 150 000 personar i Roma som ikkje greidde å tene til livsopphaldet. Det galdt å tilby desse menneska eit liv som hindra opptøyar. Løysinga for politikarar og stormenn var å tilby dei fattigaste «brød og sirkus». I Roma var det vanleg med utdeling av korn og brød. Slik kunne ein avleie misnøye og hindre sosial uro. Den andre strategien var å tilby underhaldning av ulike slag, som teaterframsyningar, hesteløp og gladiatorkampar. Gladiatorane kjempa på liv og død mot andre gladiatorar mens tilskodarar såg på. Slåstkjempene var gjerne brotsmenn, krigs- ROMARRIKET KAPITTEL 5 37

fangar eller slavar som fekk opptrening i spesielle skolar. Etter kvart blei det bygd eigne amfiteater der kampane gjekk føre seg. Colosseum i Roma var det mest kjende. Det hadde plass til 50 000 tilskodarar. Denne brutale forma for folkeforlysting gjekk føre seg i heile Romarriket. I det som i dag er Tunisia, var det over 20 slike amfiteater. Somme gonger blei kriminelle sende inn på arenaen utan våpen å forsvare seg med, berre for å bli rivne sund av ville dyr, eller det blei arrangert kampar mellom dyr. Kjeldene påstår at 5000 dyr skal ha blitt drepne på éin dag da Colosseum blei opna i år 80 e.kr. Slik underhaldning var svært populær i Romarriket, og den romerske historikaren Tacitus (ca. 56 120 e.kr.) skreiv at «det er vanskeleg å finne menneske som snakkar om noko anna i heimane». Underhaldninga var så populær at det kunne vere rift om plassane, og ofte kunne det vere nødvendig å ha gode kontaktar for å sleppe inn. Slaveriet Både i Hellas og Romarriket var det vanleg med slavar. Slavane kunne kjøpast og seljast og hadde sjeldan rettar. Men tilværet deira kunne arte seg svært ulikt. Dei som arbeidde i gruvene, hadde det verst og døydde etter få år. I Nord-Afrika var det for eksempel eit steinbrot der slavane aldri slapp ut. Dei blei heiste ned i brotet og kom aldri opp igjen i live. Dei fleste slavane arbeidde likevel i jordbruket. Store gods blei ofte drivne av slavar, som arbeidde med jorda og passa dyra. Godseigaren Claudius Tridorus hadde for eksempel 4111 slavar som passa buskapen 7200 kyr og 257 000 sauer. Ei tredje gruppe av slavar arbeidde i byane som kokkar, tenarar, barnejenter, bokhaldarar og lærarar. Dei kunne leve eit godt liv, med utsikter til å få fridom og fulle borgarrettar. Fleire historikarar har vore inne på at slavehaldet hemma den teknologiske utviklinga. Slavar er lite motiverte for å betre produksjonen, sidan dei sjølve har lite å tene på slike framsteg. Overklassa, som sette målestokken for kva som var verdifullt i samfunnet, var på si side lite engasjert i dei meir jordnære sidene av produksjonen, det vil seie i korleis slavane arbeidde så lenge dei arbeidde. Resultatet av slavehaldet var derfor at det mangla motivasjon for tekniske utbetringar. Slik forklarer ein del historikarar at muskelkraft var nærmast einerådande som energikjelde gjennom heile antikken, og at ein industriell revolusjon ikkje skjedde, enda prinsippa bak dampmaskinen var kjende. Frå republikk til keisardømme Indre strid Frå 509 f.kr. til 31 f.kr. var Romarriket ein republikk. Det siste hundreåret i republikken var prega av blodig indre strid og rå maktkamp. Soldatane, som ikkje hadde jord og arbeid å komme tilbake til etter krigane, var først og fremst knytte til generalane sine. Ein sigerrik general kunne lønne soldatane sine rikeleg og fekk tilsvarande stor lojalitet frå dei. Gaius Julius Caesar var ein slik vellykka general. Cæsar erobra heile Gallia, som omfatta dagens Frankrike og Belgia. Inntektene av felttoget var enorme, og soldatane fekk sin del av utbyttet. Medgangen i Gallia gjorde at Cæsar våga å utfordre dei fremste politikarane i Roma. Hæren hans viste seg å vere den sterkaste, og han gjorde seg til eineherskar over Romarriket. Dei store personlege maktambisjonane til Cæsar blei fort ein trussel mot andre i aristokratiet. Problemet hans var at det politiske systemet i Roma var innretta slik at det skulle vere ein maktbalanse mellom folkeforsamling, senat og embetsmenn. ROMARRIKET KAPITTEL 5 38

Systemet hadde ikkje rom for ein eineveldig diktator. Cæsar blei drepen 15. mars i år 44 f.kr. Augustus og Pax Romana I den interne striden etter at Cæsar var død var det adoptivsonen hans, Oktavian (seinare kalla Augustus), som gjekk av med sigeren. Han forstod at han var avhengig av støtte frå aristokratiet, og han gjekk derfor inn for å atterreise delar av det republikanske systemet som hadde brote saman i det siste hundreåret før vår tidsrekning. Augustus kalla seg princeps, som tyder den første blant likemenn. Slik signaliserte han ei forsonande haldning til senatet, som no fekk tilbake noko av den gamle rolla si. Men i realiteten blei stadig meir makt samla hos Augustus, og det er vanleg å meine at keisartida begynte med han. Han fekk kontroll over hæren, og han hadde vetorett dersom han var usamd i vedtaka i folkeforsamlinga og senatet. Likevel greidde han å bli godteken både av senatet og av dei store folkemassane. Augustus regjerte i 45 år, og styret hans var innleiinga til stordomstida i Romarriket, Pax Romana (den romerske freden), som varte i 200 år. I denne perioden styrte romarane over det største riket i verda på den tida. Det var ei tid med fred, stabilitet og livleg handel mellom dei ulike regionane i Romarriket. Byen Roma, som hadde 1 million innbyggjarar, tok i denne perioden over etter Alexandria som den viktigaste byen rundt Middelhavet. Nye akveduktar blei bygde for å sikre vassforsyninga, og mange av dei marmorbygningane vi kan sjå i Roma i dag, stammar frå denne perioden. Da Augustus døydde, hadde romarane godteke at ein sterk keisar kunne vere like bra som to konsular. På veg mot undergangen På slutten av 100-talet e.kr. kom motgangen for romarane. Hist-orikarar har diskutert om Romarriket braut saman på grunn av ytre press eller på grunn av indre problem i riket sjølv. Eller for å seie det på ein annan måte: Blei Romarriket ete opp utanfrå, eller rotna det innanfrå? Vi skal sjå at det som skjedde, var ein kombinasjon. To av truslane kom utanfrå. Alt i år 9 tapte romarane eit slag mot germanarane i Teutoburgerskogen nord for elva Rhinen. Dei germanske stammene hadde slått seg saman til ein slagkraftig hær, og på tre dagar utsletta germanarane den 30 000 mann store romerske hæren fullstendig. Dette slaget var eit varsel om det som skulle komme. På 160-talet e.kr. tok germanske rike til å angripe romarane i nord rundt elva Donau. Press frå «barbarane» i nord skulle bli ein permanent trussel dei neste 300 åra. Den andre trusselen som kom utanfrå, var sjukdommar. På 160-talet braut det ut epidemiar i riket, og dei slo til igjen og igjen i Romarriket gjennom dei neste hundreåra. Når germanarane og sjukdommar kunne bli ein trussel mot romarane, hadde det sjølvsagt samanheng med svake sider ved sjølve Romarriket, altså med interne forhold. Velstanden i Romarriket var basert på at riket stadig la under seg nye område. Da det ikkje lenger var mogleg, måtte det brukast stadig større ressursar på å forsvare ei grense som eigentleg var blitt for lang til å kunne forsvarast. I denne perioden blei noko av tyngdepunktet i Romarriket forflytta frå byen Roma og ut i provinsane. På 200-talet blei det vanleg med senatorar i Roma som kom frå Nord-Afrika, og keisarane var ikkje lenger alltid fødde i Italia, men kunne komme frå utkantane av riket. Dei sterkaste hærførarane ute i regionane kjempa seg imellom om kontrollen over sentrum for makta, det vil seie Roma. På 49 år (235 284) hadde Romarriket 23 keisarar. ROMARRIKET KAPITTEL 5 39

Dei urolege tidene førte til at hæren og byråkratiet auka kraftig. I denne situasjonen var ikkje dei sentrale styresmaktene i Roma i stand til å halde kontrollen over yttergrensene av riket. Korleis skulle desse krisesymptoma møtast? For det første måtte det satsast meir på tributtinnkrevjing enn tidlegare. Fram til 200-talet hadde borgarane hatt skattefritak, og tributten kom frå dei erobra provinsane. No måtte også borgarane begynne å betale tributt. For det andre blei det gjort forsøk på å samle meir makt hos keisaren og dei militære. I desse siste par hundre åra før fallet i 476 var dei sentrale delane av Romarriket eit klassisk tributtsamfunn, med tunge skattar og med ein eineveldig keisar som i periodar blei dyrka som ein gud. Men berre nokre få keisarar greidde å utøve denne makta. I realiteten var statsmakta i oppløysing. For det tredje kan vi tolke innføringa av kristendommen som offisiell religion, frå 391, som eit forsøk på å skape samhald i eit rike som var i krise. I dei vestlege delane av riket var ingen av desse tiltaka nok. Epidemiar tok livet av store menneskemassar, tributten ruinerte store delar av befolkninga, og presset frå dei germanske kongane blei etter kvart for stort. I 476 avsette germanarane den siste vestromerske keisaren. Kristendommen Etter at Jesus blei avretta av romarane omkring år 30, blei kristendommen ei misjonsrørsle som spreidde seg i heile middelhavsområdet. I stordomsperioden i Romarriket var mellom 5 og 10 % av befolkninga i riket kristne. Keisarane var i mange tilfelle religiøst tolerante. Romarane godtok fleire religionar som forkynte alt frå vegetarianisme til pasifisme. Det som først og fremst gjorde at dei kristne verka provoserande på romarane, var den ubøyelege monoteismen deira, det vil seie trua på éin gud, og i tillegg at dei nekta å ta del i keisardyrkinga, som var eit viktig politisk fundament i Romarriket. Saka blei ikkje betre av at kristendommen var særleg populær blant kvinner og slavar, og at dei kristne kom saman til hemmelege møte. Dei blei derfor mistenkjeleggjorde og periodevis forfølgde av den romerske statsmakta. Den negative haldninga som dei romerske styresmaktene hadde til kristendommen, snudde på 300-talet. Konstantin den store, som var keisar frå 306 til 337, var den første som valde å alliere seg med kyrkja. I 391 blei kristendommen offisiell statsreligion i Romarriket. Det er vanskeleg å seie kva det var med kristendommen som gjorde at dei romerske keisarane valde nettopp denne religionen som alliansepartnar. Somme har peika på at den draumen keisaren hadde om eit verdsrike, passa godt saman med universalismen i kristendommen, det vil seie tanken om at denne religionen skulle gjelde alle folkeslag. Andre har peika på at kristendommen stilte krav om disiplin og lydnad, og at dette kravet gjorde han ettertrakta for eineveldige keisarar som hadde behov for lojale undersåttar. Kristendommen blei etter kvart utbreidd over heile Europa. Etter at Romarriket blei delt, breidde han seg vidare gjennom den katolske kyrkja i Vest-Europa og den ortodokse kyrkja i Aust-Europa. Andre retningar av kristendommen spreidde seg austover mot India og sørover mot Egypt og Etiopia. Aust vest aust Den europeiske kulturen i antikken hadde først sentrum i aust. Kreta var den første sivilisasjonen i europeisk historie, og Athen og Alexandria var dei viktigaste byane rundt Middelhavet i perioden 500 1 f.kr. I dei to første hundreåra av vår tidsrekning ROMARRIKET KAPITTEL 5 40

hadde det europeiske sentrum flytta vestover til Roma, men det blei berre ein parentes. I 395 blei Romarriket delt i to, i Vestromarriket og Austromarriket. Sentrum i riket flytta seg da austover igjen, til Bysants. Det var eit teikn i tida at keisar Konstantin flytta hovudstaden i Romarriket til Bysants som seinare heitte Konstantinopel og i dag Istanbul i 330. Austromarriket hadde stordomstida si på 500-talet under keisar Justinian (527 565), som prøvde å erobre tilbake det tidlegare Vestromarriket. Styreforma i det austromerske riket hadde ei sterk kopling mellom religion og politikk. Keisaren var også overhovud for kyrkja, som vi i dag kallar den ortodokse kyrkja. Keisarane utnemnde og avsette biskopar slik dei sjølve ville. Vi skal sjå i neste kapittel at forholdet mellom keisar eller konge og leiarane i kyrkja utvikla seg annleis i Vest-Europa. Vestromarriket gjekk under på 400-talet, men den austlege og rikaste delen stod ved lag heilt fram til 1453. 10 Kva var årsakene til at Romarriket gjekk under? fontenfontenfontenfontenfontenfontenfonten Repetisjonsspørsmål 1 Kva meiner vi med at Romarriket var imperialistisk? 2 Kva var årsakene til den romerske imperialismen? 3 Korleis blei den romerske republikken styrt? 4 Kva meiner vi med omgrepa patron og klient, og kva hadde forholdet mellom patron og klient å seie for politik ken? 5 Kvifor gjekk den romerske republikken til grunne? 6 Korleis blei Roma styrt under keisardømmet? 7 Kva er skilnaden mellom styreforma i keisardømmet og i republikken? 8 Kvifor var romarane imot kristendommen? 9 Kvifor blei den kristne trua etter kvart innført som rom ersk statsreligion? ROMARRIKET KAPITTEL 5 41

KAPITTEL 6 Mellomalderen i Europa Elevane skal kunne presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område bilda side 90 og 95 Mellomalderen var ein fascinerande periode i europeisk historie, med kloster, riddarar, blomstrande byar, krosstog og hundrevis av høgreiste katedralar. Men det var også ein periode med store folkeforflyttingar, utbytting av bønder, religiøs fanatisme og store epidemiar som drap millionar av menneske. Vi skal spesielt følgje utviklinga i Vest- Europa. Vi skal konsentrere oss om denne regionen fordi det var her den moderne verda, med vitskap, kapitalisme og industri, utvikla seg i seinare hundreår. MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 42

leggjande skilnad mellom europeisk Mellomalder-Europa i 1000 år og kinesisk historie: Kina har vore Ca. 370 600 Dei germanske folkevandringane. prega av stabilitet, Europa har vore prega av ustabilitet. Ustabiliteten var først og fremst 768 814 Frankarriket når si største utstrekning under Karl den store. tydeleg på det politiske området. Kina 793 Vikingar plyndrar klosteret Lindisfarne i Nordaust-England. blei styrt av ein keisar og statsapparatet 800 800 1000 911 962 1000 1300 1119 Karl den store blir krona til keisar av paven i Roma. Vikingar, arabarar og madjarar angrip Vest-Europa. Reformrørsle i kyrkja. Otto I blir krona av paven til første tysk-romerske keisar. Høgmellomalderen. Økonomisk vekst. Det første universitetet i Europa blir oppretta i Bologna i Italia. hans, men i Europa møter vi fem aktørar som gjer krav på politisk makt. Det er adelen, keisaren, kongane, dei kyrkjelege leiarane med paven i spissen og byborgarane. To gonger i mellomalderen blei det gjort forsøk på å stable på beina eit keisardømme etter romersk 1100 1200-talet Krosstoga. mønster. Først ute var Karl den 1215 1347 1351 1337 1453 Kong Johan av England skriv under Magna Carta. Svartedauden i Europa. Hundreårskrigen mellom England og Frankrike. store i Frankrike rundt år 800. Seinare prøvde Otto 1. å gjere det same i Tyskland midt på 900-talet. Begge bygde opp rika sine med støtte av adelen, og begge allierte seg med Det ustabile Europa Tenk deg ein europear og ein kinesar som levde i år 1, og som oppstod igjen i år 800. For kinesaren ville ikkje gjensynet med heimlandet vere noko sjokk. Ho eller han ville møte menneske med den same etniske bakgrunnen, med det same språket og med dei same religiøse førestellingane. For europearen ville det derimot bli eit forvirrande møte. Ein romar frå det første hundreåret ville bli konfrontert med nye folkeslag, nye språk og ein ny religion. Dei gamle formene var borte. Europa var i ferd med å bli støypt på nytt. Tankeeksperimentet kan setje oss på sporet av ein grunn- pavekyrkja i Roma, som også var ein viktig politisk aktør i mellomalderen. Vi skal sjå at desse to, pave og keisar, likevel ikkje lykkast i å styre det vestlege Europa på lengre sikt. Etter kvart møtte dei konkurranse frå lokale kongar og frå byborgarar. Hovudinntrykket av mellomalderen er derfor at det var ein periode med kaos og ustabilitet. Mot slutten er det kongane og byborgarane som står fram som dei sterkaste i Vest-Europa. Vi skal dele mellomalderen inn i tre periodar: Tidleg mellomalder (før år 1000), høgmellomalder (1000 1300) og seinmellomalder (1300 1500). Årsaka til denne inndelinga er for det første at det skjedde store endringar i Vest-Europa rundt år MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 43

1000. Før tusenårsskiftet var samfunna i den ytste utkanten av det eurasiatiske kontinentet på defensiven. Folketalet var lite, byane var små, handelen liten og dei sentrale områda i dagens Tyskland, England og Frankrike blei stadig trua og hersa med av andre angripande folkegrupper. Etter år 1000 kom Vest-Europa på offensiven, og i perioden frå år 1000 og framover mot vår eiga tid blir europearane stadig meir sjølvsikre, oppfinnsame og pågåande. Den viktigaste parentesen i denne lange oppgangsperioden er seinmellomalderen, da pesten drap neste halvparten av befolkninga i Europa. Tidleg mellomalder folkevandringar og føydalisme Føydalisme Vi skal i det følgjande gjere greie for ein føydal samfunnsmodell. Det er viktig å vere klar over at det er ein modell. Det vil seie at framstillinga er ei forenkling. I røynda var det ein del skilnader mellom føydalsamfunn i ulike delar av Europa til ulike tider, men i modellen har vi valt ut visse trekk ved den føydalismen som oppstod og utvikla seg som eit statsbyggjande system på slutten av 700-talet i dagens Frankrike. Det var ikkje lett å byggje ei statsmakt i Europa på den tida. Pengeøkonomien hadde slutta å fungere etter at Vestromarriket braut saman. Avstandane var store, folk var få og budde spreidd, og transportmidla var dårlege. Ein konge hadde små ressursar til å finansiere ein hær med eigne midlar. For å skaffe seg tilgang på soldatar lånte den rikaste og mektigaste ut jord til menn som kunne hjelpe han i krig. Jordstykket som blei lånt ut, blei kalla len. På latin heitte det feudum, som har gitt opphav til ordet føydalisme. Dei som lånte jord på denne måten, blei kalla vasallar eller godsherrar. Godsherrane utgjorde ein spesialisert krigarkaste som vi kallar adelen. Vasallen skulle først og fremst gi kongen militær hjelp i ein krigssituasjon. Når kongen lånte ut jord til godsherrane, måtte godsherrane sverje ein truskapseid. Det var ein personleg kontrakt, der herren (den overordna) lova å verne vasallen (den underordna). I kontrakten låg det gjerne ei plikt for herren til å ta vare på kona og barna til vasallen dersom han døydde. Vasallen hadde sjølv ansvaret for å utstyre seg med hest, rustning, lanse og skjold. I tillegg hadde han plikt til å ta vare på godset og menneska der. Ein stor godsherre kunne også sjølv dele ut len til kyrkja. Kloster og kyrkjer fekk dermed vern, samstundes som dei måtte drive lenet sitt slik at dei kunne stille med soldatar i krig. Det var store skilnader innetter i adelen. Kronvasallane, som hadde fått store len direkte frå kongen, var eliten innanfor eliten. Ein kronvasall hadde så stort gods at han måtte dele det opp i fleire mindre gods til undervasallar. Mange godsherrar var derfor både herre og vasall på same tid. Botnsjiktet i adelen var riddarane, personar som ikkje disponerte meir jord enn at dei akkurat hadde nok til å halde seg med hest og våpen. Også innanfor kyrkja var det store skilnader. Øvst trona paven og biskopane, mens landsbyprestar og munkar var dei som hadde lågast rang. Nedst i samfunnet stod bøndene. Dei utgjorde meir enn 90 % av befolkninga, og dei kunne ikkje blande seg med dei andre gruppene. Den som var fødd bonde, var og blei bonde. Bøndene var vanlegvis bundne til godsherren gjennom ein kontrakt der dei aksepterte han som herren sin, som senior, mot at han lova å verne dei. I ein del område var bøndene liveigne. Det vil seie at dei hadde ein status som låg mellom frie bønder og slavar. Ein liveigen bonde var bunden til godsherren, ofte på livstid, og hadde MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 44

ikkje lov til å flytte. Han kunne ikkje gifte seg utan at godsherren godkjende ekteskapet. Men liveigne bønder var ikkje heilt utan rettar, slik slavar var; dei blei rekna som frie menneske og kunne ikkje kjøpast og seljast. Jorda på godset var delt i tre. Jordstykket til godsherren blei kalla domenejorda. Den var det godsherren sjølv som dreiv, men bøndene hadde plikt til å arbeide på domenejorda ei viss mengd dagar i året. Den andre delen var bondegodset, som blei drive av bøndene. Den tredje delen av godset var utmark. Det var dei områda som alle på godset kunne gjere bruk av. Bøndene hadde mange økonomiske plikter overfor godsherren og kyrkja, som vi med ei samnemning kallar tributt. Dei gjorde pliktarbeid på jorda til godsherren, i gjennomsnitt tre dagar i veka, og ein del av dei varene dei produserte, skulle godsherren ha. Dersom dei ville bruke mølla, bakaromnen, avlsdyra eller vinpressa på godset, hadde det ein pris. Skulle dei gifte seg, hadde det ein pris. Kvinnene hadde i tillegg plikt til å hjelpe til med huslege syslar på godset. Og etter at godsherren hadde fått sitt, skulle det betalast ein kyrkjeskatt på 10 %, tienda, til landsbypresten. Utbyttet av arbeidet til bøndene gjorde det mogleg for godsherren å halde tenestefolk, handverkarar og eit væpna følgje. Det var dette væpna følgjet som skulle hjelpe kongen i krig. Bøndene bar, som vi ser, heile det føydale systemet økonomisk gjennom tributten. Før år 1000 betalte dei tributten ved å levere frå seg ein del av sine eigne avlingar i naturalia til godsherren, eller dei arbeidde på domenejorda hans. Etter at pengar kom i sirkulasjon igjen i høgmellomalderen, kunne tributten også betalast i pengar. Vi kan tenkje oss det føydale samfunnssystemet som ein pyramide. Systemet blei rettferdiggjort som ei gudegitt arbeidsdeling: Somme skulle verne samfunnet, somme skulle be om frelse for menneska og somme skulle arbeide. Riddarar og det riddarlege Riddarane var soldatane i det føydale systemet. Krigsutstyret til ein riddar bestod av ein hest med sal og stigbøyel, rustning, sverd eller lanse og skjold. Med dette utstyret skulle han verne godsherren, Gud og si utvalde kvinne. Etter dei etiske normene skulle han også forsvare dei fattige og svake. Å vere riddarleg var å vere modig, lojal og høfleg. Ein gut i ein adelsfamilie blei gjerne send til eit nabogods for å få opplæring. Alt som sjuåring drog han av garde for å lære skikk og bruk, sjakk og fekting. Når han var i 14-årsalderen, fekk han tittelen riddarsvein. Som riddarsvein var han hjelpar for ein ferdig utdanna riddar han passa hesten, pussa rustninga og tok vare på våpna. Han kunne også følgje riddaren i krig. Som 21-åring var den unge mannen ferdig utdanna riddar. Da var det vanleg å reise saman med ein venn for å vere med i lokale krigar og skaffe seg erfaring. Dei kunne også ta del i turneringar, som var liksom-slag der to «riddarhærar» gjekk til angrep på kvarandre, mens kjærastar, fedrar og mødrer heia på dei. Slike turneringar kunne vere blodige affærar, og vinnarane sat ofte igjen med store gevinstar. Etterpå var det fest, der det blei fortalt historier, framført dikt og sunge songar om riddarleg heltemot og mandig ferd og om riddarens evigvarande kjærleik til si utvalde kvinne. Livet på godset Vanlegvis budde det ikkje meir enn 15 25 familiar på eit gods. Det folk trong for å overleve, produserte dei på den dyrkbare jorda som hørte til godset. I tillegg skaffa dei seg føde ved å ha husdyr og drive med sanking og jakt i skogane og elvane rundt MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 45

godset. Kosten var enkel og bestod av brød, grønsaker, litt suppe og ost. Det einaste dei trong utanfrå, var salt, jern og møllesteinar til å male kornet med. Bondefamiliane budde i små hytter med eit par rom. Golvet var hardtrakka jord. Om vinteren tok dei husdyr inn i hytta for å få varme frå dei. Dei fekk lite hjelp av godsherrane eller prestane til å betre dei barske livsvilkåra. I kyrkja fekk dei høre at Gud hadde fastsett kva plass kvar einskild hadde i samfunnet. Det var kyrkja sine menn som formidla kva gjennomsnittsbonden skulle tenkje og gjere. Betringar i jordbruksteknologien Føydalismen oppstod tidleg nord for Alpane. Her var jorda ofte leirete, våt, tung og vanskeleg å vende. Men i perioden 800 1000 kom det i bruk ny teknologi som opna fleire landområde i Nordvest-Europa for dyrking. Den viktigaste oppfinninga var vendeplogen. Han var laga av jern, og han skar djupt ned i bakken og snudde den leirtunge jorda. Dessutan gjorde bøndene hesteskoen og seletøyet betre. Tidlegare hadde dei brukt oksar som trekkdyr, men hesten var sterkare. Dei utvikla derfor eit seletøy med bogtre som gjorde at hesten fekk puste også når han drog tunge lass. Hestar tok mange stader over det tunge arbeidet med å pløye åkrane. Vidare blei det innført eit nytt rotasjonssystem, treskiftebruket. Tidlegare hadde halvparten av åkrane lege brakk kvart år (toskiftebruk). Med det nye systemet låg berre ein tredel av jorda brakk. I tillegg til dei tekniske nyvinningane blei klimaet mildare i denne perioden. Til saman førte desse forandringane til at kvar bonde produserte meir korn. Slik blei det mogleg å brødfø ei større befolkning som ikkje sjølv arbeidde i jordbruket, men som kunne vere prestar, krigarar, kunstnarar, smedar, murarar og bakarar. Desse betringane i jordbruket peikar fram mot det vi kallar høgmellomalderen, det vil seie hundreåra mellom 1000 og 1300. Desse tre hundreåra var ein nærmast samanhengande oppgangsperiode i Vest-Europa. Det som kjenneteikna veksten, var at folketalet auka frå ca. 30 millionar i år 1000 til ca. 80 millionar i år 1300 produksjonen av mat og varer auka nye byar med livleg handelsaktivitet voks fram praktfulle katedralar reiste seg mot himmelen skolar og universitet blei etablerte vesteuropearane ekspanderte geografisk Høgmellomalderen vekst og ekspansjon Det mest påfallande trekket ved den politiske situasjonen i Europa rundt år 1000 var, som vi har sett, ustabilitet. Lokale vasallar herska over eit virvar av len og smårike. I høgmellomalderen skjedde ei sentralisering av den politiske makta, slik at kongar, keisarar og pavar klarte å styre over større område. Men ingen greidde å ta kontrollen over heile Europa. Striden mellom keisarar og pavar Den europeiske sivilisasjonen var framleis ustabil ved utgangen av mellomalderen. Den konflikten som tydelegast illustrerer dei vekslande maktforholda, er striden mellom kyrkjemakt og verdsleg makt mellom pave og keisar. Denne maktkampen hadde djupe røter i kristenverda, og vi skal følgje stridane til dei toppar seg i høgmellomalderen. Gelasius 1. var pave frå 492 til 496. Han meinte at verda blei styrt av to autoritetar, av paven og presteskapet i åndelege saker, og av kongar og keisarar i verdslege saker. Gelasius brukte eit bilete: Gud hadde skapt to symbolske sverd. Det eine var religiøst og hørte til paven, det andre var verdsleg og hørte MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 46

til kongen eller keisaren. Gelasius såg at det kunne oppstå spenningar mellom den åndelege og den verdslege leiaren av samfunnet. Den løysinga han gjekk inn for, var at paven burde bøye seg for kongen eller keisaren i verdslege saker, mens kongen eller keisaren burde bøye seg for paven i religiøse saker. Karl den store og Otto 1. Dei to viktigaste herskarane i Europa i perioden 800 1000 var Karl den store og Otto 1. Begge lét vere å provosere leiarane i kyrkja; dei allierte seg med paven og biskopane. Karl den store blei, som vi har sett, krona til keisar av den viktigaste personen i den kristne verda, av paven i Roma. Det viser at han gjerne ville ha eit nært og godt forhold til kyrkja. Det ville han både fordi han sjølv var truande, og fordi det skaffa han støtte frå biskopane mot verdslege stormenn, som ikkje alltid var villige til å innordne seg. Paven på si side trong den militære slagkrafta til Karl den store mot opprørarar i Italia. Karl den store og paven greidde altså å skilje det religiøse og det politiske, slik pave Gelasius 1. hadde gitt råd om. Begge brukte posisjonane sine som «åndssverdet og verdssverdet» til gjensidig nytte. Det same kan vi seie om forholdet mellom paven og den neste keisaren, Otto 1. Han var tysk konge og tok utfordringa med å byggje eit «nytt romarrike» i Europa. Han gjekk inn i eit nært samarbeid med paven i Roma, og i 962 blei han, akkurat som Karl den store, krona til keisar. Det blei opptakta til Det tysk-romerske riket, som eksisterte heilt fram til 1806. Utover på 1000-talet oppstod det likevel ein stor konflikt mellom pavedømmet og keisardømmet. For å forstå denne konflikten må vi sjå litt nærmare på tilstanden i kyrkja på 900-talet. Reformer i kyrkja På 500-talet hadde munken Benedikt av Nursia formulert eit sett av reglar for korleis munkane skulle skikke seg. Dei måtte love livsvarig klosteropphald, seksuelt fråhald, fattigdom og lydnad mot abbeden (leiaren for klosteret). Reglane galdt også nonner, som hadde ei abbedisse som overordna. Men dei geistlege førte seg ikkje alltid slik klosterreglane og den kristne etikken kravde. På 900-talet opplevde derfor mange kyrkjeleg tilsette ei slags krisestemning. Det var i hovudsak tre forhold som førte til uro. For det første hadde mange landsbyprestar stifta familie. For det andre var det blitt vanleg å bruke umoralske middel for å skaffe seg posisjonar i kyrkja ein prest kunne for eksempel bestikke ein biskop med pengar for å få ei spesiell stilling (såkalla simoni). For det tredje hadde keisaren rett til å utnemne biskopar, og denne retten blei særleg utnytta av Otto 1. Han bygde i stor grad makta si på samarbeidet med kyrkja, i det som har blitt kalla det ottonske systemet. Kyrkjefolk blei tilsette i administrasjonen hos keisaren og fekk gods. Mange biskopar blei derfor meir opptekne av verdslege gjeremål enn av å vere åndelege leiarar for prestane sine. Dei kyrkjelege leiarane gjekk no saman og kravde endringar. Reformene i kyrkja tok til i klostera på 900-talet, og på 1000-talet opplevde Vest-Europa ei religiøs vekking der hundrevis av nye kloster blei bygde. I første omgang dreia reformrørsla seg om å innskjerpe dei reglane som Benedikt av Nursia hadde sett på 500-talet. Dernest sikra ein seg at prestane og munkane kunne bønnene sine, og at dei levde etter moralnormene i kyrkja. Det blei også viktigare for kyrkja å drive sosialt arbeid blant sjuke og fattige. Dei fleste sjukehus i mellomalderen blei drivne av kyrkja. Investiturstriden Den åndelege iveren spreidde seg også til pavedømmet i Roma. Paven fastsette at prestar ikkje kunne gifte seg, og simoni blei MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 47

forbode ved lov. Da pave Gregor 7. blei vald til pave i 1073, sette han i gang eit prosjekt som skulle auke makta til pavedømmet. Det store stridsspørsmålet var kven som skulle ha rett til å utnemne biskopar: paven eller keisaren. Denne konflikten blir kalla investiturstriden. Gregor 7. stod fast på at kyrkja burde stå fritt til å utnemne biskopar. Denne haldninga provoserte den tyske keisaren Henrik 4., som bygde mykje av makta si på ein allianse med biskopane, akkurat som Otto 1. Henrik 4. fekk støtte frå biskopane sine, og han sende eit brev til pave Gregor, der han skulda han for «ikkje å vere pave, men ein falsk munk». Han kravde dessutan at Gregor skulle trekkje seg som pave. Striden enda med at Gregor 7. lyste keisaren i bann, det vil seie at han støytte han ut av kyrkja. Henrik 4. mista da støtte frå biskopar og andre adelege i Tyskland. For å redde sitt eige skinn valde han å reise til den italienske byen Canossa, der Gregor var på besøk, for å be om tilgiving. I tre dagar stod han berrføtt og i enkle klede ute i snøen, før Gregor til slutt løyste han frå bannet. Investiturstriden heldt fram heilt til 1122. Da blei keisar og pave samde om eit kompromiss som sa at kyrkja hadde retten til å utnemne biskopar, men keisaren hadde vetorett. Å gå canossagang er den dag i dag eit uttrykk for djup audmjuking. På 1200-talet endra styrkeforholdet mellom keisar og pave seg, og hovudgrunnen var at den tyske keisaren mista kontrollen med vasallane sine. Det tysk-romerske riket blei oppløyst i fleire småbyar, len og sjølvstendige bondesamfunn. Keisartittelen eksisterte nok framleis, men berre som ein kraftlaus overbygning. Det blei stadig tydelegare at kyrkja var den sterkaste parten. Aldri har pavedømmet hatt meir prestisje og makt enn under pave Innocens 3. (1198 1215). Historikarar har diskutert kva Innocens eigentleg meinte om den delinga av åndeleg og verdsleg makt som pave Gelasius 1. hadde gått inn for. Dei fleste er likevel samde om at få pavar har hatt større politisk innverknad i europeisk historie. Seinare, på 1200 1300-talet, skal vi sjå at forholdet mellom åndeleg og verdsleg makt snudde på nytt. Da fekk pavedømmet ein ny motstandar, nemleg dei nye, sterke kongedømma i England og Frankrike. Kongemakta aukar pavemakta minkar Da det tysk-romerske keisarriket fall saman på 1200-talet, var det England og Frankrike som best klarte å byggje sterke statar i høgmellomalderen. Kongemakta i begge landa kom på kant med pavedømmet, spesielt i Frankrike. Den franske kongemakta hadde vore svak etter at riket til Karl den store gjekk i oppløysing. På 900-talet greidde dei franske kongane sjeldan å kontrollere meir enn si eiga domenejord, og dei fekk dermed liten tilgang på tributt frå andre fyrstar. Men etter år 1000 voks makta til den franske kongen gradvis igjen, og på 1200-talet spela han ei sentral rolle i det politiske livet i Europa. Investiturstriden mellom den tysk-romerske keisaren og paven hadde gitt pavedømmet stor sjølvtillit. I praksis meinte mange pavar i høgmellomalderen at kyrkja hadde den høgaste makta, og dei var derfor lite innstilte på å følgje rådet frå Gelasius om å la kongane ha ansvaret i verdslege saker. Paven tidleg på 1300-talet meinte at kongane burde lyde kyrkja i alle saker, både religiøse og verdslege. Problemet var berre at paven ikkje hadde militære styrkar som kunne følgje opp den nye politikken. Da både den engelske og franske kongen ville skattleggje dei geistlege, protesterte paven, men til ingen nytte. Ein av ministrane til den franske kongen skal ha uttalt at «sverdet til herren min er laga av jern, mens sverdet til paven er laga av MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 48

ord». Striden enda med eit avgjerande prestisjetap for pavemakta. Den franske kongen fekk biskopane i Frankrike til å velje ein fransk pave i 1305, som flytta pavestolen frå Roma til Avignon i Sør-Frankrike. På slutten av 1300-talet og tidleg på 1400-talet eksisterte det både to og tre pavar til same tid. Først i 1417 klarte kyrkja i Roma å velje éin pave for heile den romersk-katolske kyrkja. Byvekst Det var berre plass til tre sosiale grupper i føydalsamfunnet som utvikla seg i tidleg mellomalder: adel, presteskap og bønder. Men etter år 1000 voks det fram fleire tusen byar i Europa. Dei fleste var små og hadde mellom 1000 og 10 000 innbyggjarar. Byane blei tilhaldsstader for framståande administratorar, krigarar og biskopar som var ein del av føydalpyramiden. I tillegg blei byane sentrum for fleire andre yrke, spesielt handverkarar og handelsfolk. Denne utviklinga førte til at det voks fram ei ny og viktig sosial gruppe i mellomaldersamfunnet, som vi kallar byborgarane. Byluft gjer fri Byane var i ein tidleg fase avhengige av støtte frå føydalherrane, men banda blei gradvis svakare. Byborgarane blei meir og meir sjølvstendige og sjølvsikre, og dei etablerte seg som eit borgarskap, ei eiga samfunnsklasse ved sida av adelen, dei geistlege og bøndene. Byane etablerte sine eigne lover og skikkar, som skilde seg ut frå omlandet rundt. Fattige bønder var sjølvsagt tiltrekte av alt det byane kunne ha å gi. Ein bonde som var ufri i føydalsamfunnet, kunne i byen bli fri. I Tyskland oppstod slagordet «Stadtluft macht frei» byluft frigjer. I mellomalderbyane fann både kjøpmenn, handverkarar og bønder ein fristad der tiltakslyst og pågangsmot var meir sosialt akseptert enn på landsbygda. Men bylivet hadde også skuggesider. Byane var farlege stader, dødstala var høgare der enn på landsbygda. Folk budde innestengt i tronge og skitne hus. Avfall og avføring var yngleplass for sjukdomsframkallande organismar. Kombinasjonen av tett folkesetnad, søppel og lort fekk bakteriar og virus til å yngle. Byane trong derfor stadig tilførsel av nye menneske for å halde oppe innbyggjartalet. To slags handel Handelsaktivitet var ei viktig drivkraft i byveksten. I tidleg mellomalder hadde det nok vore utveksling av varer som vin og salt, men stort sett gjekk varebyttet føre seg lokalt i slekta og i landsbyen. Etter år 1000 kom ei endring i form av to handelsoppsving. Handelen med luksusvarer hadde dei norditalienske byane som sentrum. Eksklusivt tøy, porselen og krydder frå Austen blei innført til europeiske kongar, adelsmenn og geistlege som hadde råd til å betale. Slike varer hadde stor verdi og gav handelsfolk høg forteneste. Dei italienske handelsbyane var dei største i Europa i høgmellomalderen, med eit folketal på rundt 100 000. Venezia og Genova dominerte middelhavshandelen på 1200- og 1300-talet, og desse to byane hadde også stor militær makt rundt Middelhavet. Viktigare for den seinare utviklinga i Europa var handelen med forbruksvarer. Denne handelen omfatta mange fleire menneske enn handelen med luksusvarer. Europa var eit økologisk variert kontinent, der ulike regionar spesialiserte seg på produksjon av ulike varer. I Sør-Europa låg klimaet til rette for dyrking av vindruer og oliven. På Dei britiske øyane låg forholda vel til rette for sauehald. Britane eksporterte derfor ull. Frå Skandinavia kom viktige råvarer som tømmer og fisk, mens aust- MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 49

europearane stilte med korn og pelsverk. Jern og salt var særleg etterspurde varer. Sentrum for denne handelen blei Nordvesteuropa. I Flandern i dagens Belgia spesialiserte folk seg på å produsere ullklede. Handelen langs Austersjøen blei kontrollert av dei såkalla hansabyane. Noreg blei for alvor drege inn i dette handelsnettverket på 1100- og 1200-talet, da tyske handelsfolk frakta norsk tørrfisk til marknadene i Vest-Europa. Organiseringa av denne handelen gjekk føre seg frå kontoret til hanseatane på Bryggen i Bergen. Både handelen med luksusvarer og handelen med forbruksvarer førte til byvekst. I heile Nordvest-Europa oppstod det hamnebyar langs kysten. I aust voks det fram byar langs ei handelsrute som gjekk frå Austersjøen langs dei russiske elvane til det bysantinske riket. Sambandet mellom nord og sør i Europa gjekk ikkje på havet rundt Spania og Portugal, men følgde som oftast elvesystema i Tyskland og Frankrike. Dei mest urbaniserte områda i Europa var Nord-Italia og Flandern. Her budde over 25 % av befolkninga i byar. Skolar, universitet og katedralar Byveksten førte til ei fornya interesse for kunnskap. Tidleg på 1100-talet blei det oppretta katedralskolar i byane. Her blei det undervist i fag som kristendom, latin, gresk, musikk og matematikk. Seinare på 1100-talet voks det fram universitet i mange europeiske byar, som Bologna, Paris og Oxford. Her kunne ein studere teologi, jus og medisin. Studentane var ofte søner av rike handelsfolk og handverkarar, som gjerne ville gjere karriere i administrasjon eller kyrkjeliv. Det tok 5 7 år å ta ein lågare universitetsgrad og opptil 12 år å ta ein høgare grad. Latin var det vanlege undervisningsspråket, og rundt år 1300 var det 15 20 europeiske universitet. Kristendommen gjennomsyra all undervisning, litteratur og kunst gjennom heile mellomalderen. Eit synleg teikn på kor sentralt kyrkja stod i samfunnet, var dei kolossale katedralane som blei reiste i store delar av Europa. I perioden 1170 1270 blei det reist nesten 500 kyrkjer og katedralar. Mange var kunstnarlege meisterverk, men dei var også teknisk svært avanserte, og det hende dei var så dristig bygde at konstruksjonane fall saman. Det oppstod konkurranse mellom byane om å ha den største katedralen, og dei høgaste strekte seg like høgt opp mot himmelen som ein 30-etasjars skyskrapar i dag. Vi må heilt fram til konstruksjonen av Eiffeltårnet i 1889 for å finne like høge bygningar nokon stad i verda. Det blei brukt meir stein til katedralbygging berre i Frankrike i perioden 1100 1400 enn til alle tempel og pyramidar i heile Egypt si historie. Vesteuropearane ekspanderer Det økonomiske oppsvinget etter år 1000 gjorde at kjerneområda i Vest-Europa igjen kom i angrepsposisjon. Ekspansjon og folkeflyttingar Først av alt gjekk det føre seg ein intern ekspansjon i sjølve Europa. Hadde vi kunna ta fly over Europa på ein klar dag i år 1000, ville vi ha sett eit «hav» av tre og myrar, med isolerte «øyar» der det budde folk. Eit par hundre år seinare var skogen nesten borte. Nytt land var blitt rydda, og Vest-Europa var i ferd med å bli overfolka. Stadig fleire bondefamiliar fann det best å pakke eigedelane sine, krysse elva Elben og busetje seg lenger aust, i dei sentrale delane av Europa. Adelen og kongane i desse områda rekrutterte aktivt tyske bønder og handverkarar og gav dei spesielle rettar. Slik fekk dei sentraleuropeiske statane, som Polen, Tsjekkia og Ungarn, gjennom denne «germanske ekspansjonen» MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 50

eit stort innslag av tyskarar i befolkninga. I Italia blei Sicilia og dei sørlege områda av fastlandet erobra tilbake frå arabarane på slutten av 1000-talet. Det var også i denne perioden at mektige kjøpmenn frå Venezia og Genova etablerte småstatar i dei austlege delane av Middelhavet. Krosstoga Krosstoga var enda eit eksempel både på den nye sjølvtilliten hos europearane og den sentrale stillinga til kristendommen. I perioden 1095 1254 sende den kristne kyrkja i Vest-Europa ut sju store krigsekspedisjonar mot Det heilage landet i Palestina. Tanken var å spreie kristendommen og ikkje minst å verne dei heilage stadene i Midtausten mot det som blei oppfatta som vantru muslimar. Det var pavane som regisserte krosstoga, og store delar av befolkninga svarte med begeistring. Spesielt i den tidlege fasen var den religiøse motivasjonen viktig. I 1095 oppmoda pave Urban 2. folk til å frigjere det heilage Jerusalem frå muslimsk styre, og tusenvis av frivillige melde seg. Leiarane var arbeidslause riddarar som stod klar til militære eventyr. Tre store armear reiste ut frå Europa i 1096 og møttest i Konstantinopel året etter. Sommaren 1099 erobra dei Jerusalem. Europearane etablerte kolonier i Det heilage landet på 1100- og 1200-talet. Men midt på 1100-talet begynte dei kristne erobrarane å få problem med å halde stillinga i dei framande omgivnadene. I 1187 blei Jerusalem erobra tilbake av den egyptisk-syriske kong Saladin, og deretter var byen på arabiske hender heilt til 1900-talet. I fem store krosstog prøvde dei kristne å vinne Det heilage landet på nytt, utan å komme nokon veg. Den opphavlege religiøse gløden i krosstoga var i ferd med å døy ut, og dei siste var meir handels- og plyndringstokt enn heilag krig. Mellom dei mest absurde utslaga av den religiøse iveren i denne perioden var barnekrosstoget i 1212. Tusenvis av barn la ut på ei reise som skulle føre dei til Jerusalem, i eit håp om at dei med Guds hjelp skulle ta tilbake Det heilage landet. Barnekrosstoget enda i tragedie. Mange døydde av kulde og svolt. Somme drukna i Middelhavet, andre blei selde som slavar. Krosstoga fekk store konsekvensar for det europeiske samfunnet. På 1200-talet hadde dei fleste menneske i Europa hørt ei preike som oppmoda dei til å frigjere Jerusalem, dei kjende nokon som hadde teke imot utfordringa, eller dei hadde hørt historier om felttoga og dei framande forholda i Palestina. På det politiske planet var krosstoga med på å styrkje pavane og kongane på 1200-talet pavane fordi dei motiverte folk, kongane fordi dei saman med riddarane stod i spissen for ekspedisjonane. Da krosstoga seinare slo feil, var det med på å svekkje pavedømmet og adelen. Mange riddarar mista både livet og rikdommane sine. Dersom vi prøver å sjå saka frå muslimane si side, er det klart at krosstoga skapte bitre kjensler og mykje hat i Midtausten. Seinmellomalderen eit samfunn i oppløysing Mykje gjekk gale på 1300-talet. Etter tre hundreår med vekst og aukande velstand nådde produksjonen eit tak i seinmellomalderen. Bøndene klarte ikkje å produsere nok mat til ei stadig aukande befolkning. Ny teknologi som kunne ha løyst problema, fanst ikkje. I tillegg endra klimaet seg til det verre for bøndene. Tre år på rad (1314 1316) regna avlingane bort, og vintrane blei hardare. Dessutan hadde overbefolkning ført til at jorda var utpint mange stader. Svartedauden Krisa nådde høgdepunktet da svartedauden slo til i Europa i MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 51

1346 1347. I dei fire neste åra døydde 50 % av befolkninga i mange byar, og i Europa som heilskap døydde ein tredel av befolkninga. Dei områda som blei minst råka av pesten, låg gjerne i utkantland som Polen, Litauen og Finland. Først omkring år 1500 var folketalet i Europa igjen blitt like høgt som det var før pesten slo til (mellom 70 og 90 millionar). Ein katastrofe av slike dimensjonar var nøydd til å få store konsekvensar. Mange såg på pesten som ein Guds straffedom og søkte bot og omvending. Somme var flittige til å reparere og byggje gudshus. Dei såkalla flagellantane (piskarane) drog frå by til by for å syngje botssalmar og piske kvarandre til blods. Somme brukte kaoset som oppstod, til å gjere seg sjølve rike. Kriminelle plyndra tomme gardar, og i ein del tilfelle blei dei sjuke drepne før tjuvane stakk av garde med juvelar og andre verdisaker. Andre gav jødane skulda. Vi kjenner til meir enn 300 jødemassakrar i åra 1348 1350. Situasjonen førte til ein straum av jødisk utvandring austover til land som Litauen og Polen. Betre forhold for bøndene? Etter at svartedauden hadde herja, var det i lang tid mangel på arbeidskraft. Med færre bønder til å arbeide blei det også lågare tributtinntekter til godseigarane. Adelen måtte derfor vise velvilje overfor bøndene ved å lette byrdene deira og tilby dei ei friare juridisk stilling. Slik blei maktforholda i samfunnet i seinmellomalderen endra. Bønder og liveigne fekk ei sterkare stilling, men adelen stod svakare. Vi vil likevel åtvare mot å skjønnmåle levekåra til bøndene i tida. Eit eksempel frå Tyskland på 1400-talet viser at bøndene framleis hadde omfattande plikter i tributtsamfunnet. På ein 160 mål stor gard produserte ein familie i gjennomsnitt 5100 kilo korn i året. Av denne avlinga måtte bonden halde av 1700 kilo til såkorn til neste år. 1400 kilo gjekk med som fôr til fire hestar, og føydalherren kravde 1350 kilo i tributt. Bondefamilien hadde med andre ord 650 kilo korn igjen å leve av. Det svarte til eit dagleg forbruk på 1600 kaloriar per person ikkje meir enn det som internasjonale hjelpeorganisasjonar i dag deler ut i katastrofehjelp til menneske som er heilt utan mat. Familien måtte derfor dyrke grønsaker og frukt i tillegg, og dessutan halde seg med husdyr. Mot ein slik bakgrunn er det lett å forstå at bøndene både gjorde motstand mot tributtinnkrevjinga og prøvde å gøyme unna delar av avlinga. Repetisjonsspørsmål 1 Kva periodar kan vi dele mellomalderen inn i, og kva er grunnlaget for denne periodiseringa? 2 Kva er føydalisme? 3 Korleis utvikla jordbruksteknologien seg i perioden 800 1000? 4 Kva var investiturstriden, og kva blei resultatet av denne striden? 5 Kva kjenneteikna byane i mellomalderen? 6 Kva var bakgrunnen for krosstoga, og kva førte dei til? 7 Kva konsekvensar fekk svartedauden? font font font font font font font font font MELLOMALDEREN I EUROPA KAPITTEL 6 52

KAPITTEL 7 Vikingferder, kristning og rikssamling Elevane skal kunne gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1800 I Europa i mellomalderen gjekk det føre seg ei bryting mellom politisk sentralisering og desentralisering. Forsøka på å samle den høgaste makta hos keisar eller pave slo feil. I staden danna det seg ei mengd av sjølvstendige mindre statar. Korleis denne forma for statsbygging skjedde, får vi eit godt eksempel på i vårt eige land. Omkring 800 e.kr. var Noreg enno ei laus samling av høvdingdømme, men gjennom dei neste 400 åra blei desse høvdingdømma smelta saman til eit kongerike og ein stat. Det var ein prosess som gjekk i fleire trinn og i ei veksling mellom krigerske og fredelege periodar. Vikingferdene var ei viktig drivkraft i den første delen av prosessen. Deretter fekk overgangen til kristendommen og framveksten av ei fast organisert kyrkje mykje å seie for danninga av den norske staten. Vi skal følgje den norske rikssamlinga og prøve å forstå kvifor ho tok så lang tid. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 53

Frå vikingangrep på Lindisfarne til slutten på borgarkrigane 793 Vikingar plyndrar klosteret på Lindisfarne. 880 900 Tilnærma tidspunkt for slaget i Hafrsfjord. 1014 Ladejarlane mistar makta i Trøndelag og Nord-Noreg. 1030 Olav Haraldsson (Olav den heilage) fell i slaget på Stiklestad. 1035 Den danske kongen mistar makta i Aust-Noreg. 1130 1240 Borgarkrigane. 1152 Erkebispedømme blir oppretta i Nidaros. 1163 Magnus Erlingsson blir konge etter ny tronfølgjelov. 1184 Sverre Sigurdsson slår Magnus i slaget ved Fimreite. 1217 Håkon Håkonsson, barnebarn av Sverre, blir konge. 1239 1240 Opprør frå Skule Bårdsson avsluttar borgarkrigane. Landet og folket Namnet Noreg tyder Nordvegen, og vi kjenner det frå rundt 800 e.kr. Opphavleg må det ha vore namnet på ei kyststrekning og ein ferdselsveg som kan ha begynt i Vika (områda omkring Oslofjorden), og som kan ha strekt seg heilt til Kvitsjøen i Nord- Russland. Etter kvart gjekk namnet over til å stå for eit landområde. Nordover frå Trøndelag var landet smalt og enda i Sør- Troms. Austanfor var det berre fjell og store, folketomme skogar som utgjorde ei uklar grense mellom Noreg og Sverige. Folk i Jemtland og Herjedalen blei rekna som norske. Frå Oslofjorden og sørover gjekk dei tre nordiske landa over i kvarandre. Men med tid og stunder blei både Vika og Båhuslen, som er kyststre- å skape folket. kninga ned til Gøtaelva, oppfatta som delar av Noreg. Som geografiske einingar tok dei tre nordiske landa Danmark, Noreg og Sverige form om lag på same tid, men berre gradvis blei grensedelinga mellom dei avklart. Danmark og Sverige forma seg rundt busetnadstyngdepunkta, som var dei danske øyane og dei mellomsvenske landskapa. I Noreg var det minst tre slike tyngdepunkt Vika, Sørvestlandet og Trøndelag. I Noreg må vi sjå på kysten og samferdsla langs den når vi skal forstå korleis landet batt menneska saman. Slik sett kan vi seie at landet var med på Nordmennene Men det er folket meir enn landet vi er opptekne av når vi granskar historie. Mange tenkjer seg at nordmennene var eit «folk», ei eiga etnisk gruppe med felles slektsrøter, språk og kultur, som tok landet i eige og gjorde det til heimstad. Men både arkeologar og historikarar kallar denne oppfatninga for ein myte, ei seigliva oppfatning utan prov. Arkeologane har lært oss at sidan dei første menneska kom til landet etter den siste istida, har bølgjer av innvandrarar med ulikt opphav følgt etter. Etter kvart kom også ein del av samane på Nordkalotten innanfor det som blei forstått som Noreg. Dei var einerådande VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 54

i Nord-Troms og Finnmark, og i tillegg budde dei blanda med nordmenn på øyane og i fjordane frå Vesterålen sør til Salten. Lenge trudde dei lærde at samane var etterkommarane av dei aller første menneska som hadde innvandra etter istida, og at dei seinare var blitt pressa nordover av nykommarar. Men den arkeologiske forskinga førte etter kvart til at denne teorien blei snudd på hovudet: Samane var innvandra seinare enn nordmennene, og dei kom frå aust. I dag har pendelen svinga igjen, og mange meiner no at samane har lange røter på Nordkalotten. Det som skjedde, var at dei frå om lag 1000 f.kr. begynte å ta opp i seg ein del kulturtrekk frå austlege grannar, for eksempel språket, samstundes som dei utvikla ein eigen identitet i høve til grannefolka både i aust og i vest. Kan vi i staden for avstamminga seie at det var språket som kjenneteikna nordmennene? Ved inngangen til 800-talet e.kr. var det gammalnorske språket truleg det tydelegaste teiknet på norsk eigenart. Men nordmennene skilde seg også ut på andre måtar, for eksempel i religion og rettsstell. Slik kunne menneska i samtida peike ut nordmenn og skilje dei ut frå svenskar eller danskar. Men for folk flest var identiteten meir knytt til heimstaden og ætta enn til dei større fellesskapa. Og slik skulle det framleis vere i mange hundre år. Noreg har altså aldri vore tilhaldsstad for eit eige norsk folk med felles stamtavle. Det har til alle tider budd fleire etniske grupper i det norske samfunnet. Vi må heller oppfatte landet som ein smeltedigel der ulike folk har blanda seg og funne fram til eit fellesskap. Det er med andre ord verken landet eller folket som gir oss den heile og fulle forklaringa på at det eksisterer «nordmenn» og eit «Noreg» i dag. Vi må vidare til den politiske organiseringa. Eit Noreg av høvdingdømme På garden Oseberg i Slagen i Vestfold blei det i 1904 gjort eit oppsiktvekkjande funn. Inne i ein stor haug fann arkeologane eit nesten fullstendig bevart skip frå 800-talet. Det var grava til ei hhøgtståande kvinne. Med seg i døden hadde ho fått ei trælkvinne og ei omfattande samling av praktgjenstandar, alt frå ei utskoren vogn til verdifulle smykke. Ho var utstyrt som til ein lang seglas inn i dødsriket. Men i skipet var det også lagt store mengder stein, som om det var meininga at seglasen likevel ikkje skulle skje. Vi trur at Oseberg-kvinna må ha vore høvding, det vil seie den øvste politiske og religiøse leiaren for eit større geografisk område. Det som først og fremst gav høvdingane makt, var rikdom. Rikdommen kunne ha ulikt opphav. Høvdingane var jordeigarar med svære gardar i sentrale jordbruksområde, og i tillegg med leigeinntekter av anna jord som dei åtte i eit større omland. Dessutan må heldige krigstog mot andre høvdingar ha gitt utbytte. Det ser vidare ut til at det heilt frå bronsealderen blei drive ein omfattande fjernhandel med luksusvarer i regi av høvdingane. I byte for pelsverk, kvalrosstenner og andre sjeldne ting tok dei glas, smykke og våpen frå sørlege land. Handelen gjekk føre seg på marknadsplassar ved Oslofjorden eller i Danmark og Nord-Tyskland. Vi har sett at høvdingmakt kan oppfattast som eit middel til å skaffe seg enda meir rikdom. Vi ser da for oss eit utbyttingssamfunn, der ein liten elite tok tributt frå vanlege folk, i form av ulike ressursar til forbruk. Men om vi derimot ser på politisk makt som noko positivt, kan vi undersøkje kva vanlege folk i gamle dagar ønskte seg av ein leiar, ein høvding eller ei overordna styresmakt. Kva behov hadde dei som dei måtte få hjelp til å få oppfylt? Kvar einskild måtte ta ansvar for å arbeide og for å pro- VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 55

dusere det dei trong for å halde seg i live. Den hjelpa dei trong under oppveksten eller i alderdommen, eller når dei kom ut for sjukdom og ulykker, måtte dei få frå familie, slekt og nabolag. Men folk hadde også ein del allmenne behov som vi kan samanfatte i ordet tryggleik. Det ser vi av dei oppgåvene som dei norske høvdingane faktisk tok seg av fram mot 800-talet. Høvdingen hadde nøkkelfunksjonar i den heidenske religionen. Han arrangerte og styrte blota, det vil seie dei religiøse måltidsseremoniane. Han var den øvste konfliktløysaren i samfunnet sitt. Og sist, men ikkje minst, var han den militære leiaren som kalla ut tilhengarane sine når farar utanfrå oppstod. Høvdingen hadde med andre ord oppgåver som låg innanfor religion, rettshandheving og forsvar. På alle desse områda galdt oppgåvene tryggleik tryggleik i høve til gudane, tryggleik i høve til naboane og tryggleik i høve til dei framande. Dei oppgåvene som er nemnde over, fortel ikkje noko om kva band som knytte høvdingen og undersåttane saman. I kapittel 3 las du om prinsippet for gjensidig fordeling i sankarsamfunna, der det var ein stor grad av likeverd mellom folk. Å få og gi gåver står sentralt i dette prinsippet. I kapittel 7 las du om korleis gåver fungerte i Romarriket, som var eit meir lagdelt samfunn. Når den svake parten (klienten) ikkje kunne gjengjelde ei raus gåve, blei han ståande i gjeld til velyndaren sin (patronen). Gjeldsbandet kunne komme til uttrykk som takksemd, lojalitet og truskap. Gåver skaper altså band mellom menneske. Dei blir knytte saman i eit nettverk som makt kan utøvast gjennom. Personen i midten av nettverket, givaren, er den politiske leiaren. Banda som gåvene opprettar, blir gjerne kalla patronasje. Desse banda er kjenslebaserte og positive og liknar ikkje det upersonlege eller negative forholdet som oppstår når makthavaren kjøper eller tvingar folk til å gjere noko for seg. Maktutøving i tråd med patronasje-modellen er påvist overalt i verda. Patronen finn vi igjen i høvdingen i den eldste norske politiske historia. Høvdingen som ville bli konge Det er ikkje tilfeldig at vi i dette kapittelet har stoppa opp akkurat på 800-talet. Snorre Sturlason, som 400 år seinare skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane, let samlinga av Noreg til eitt rike begynne akkurat da. Han fortel at Harald Hårfagre arva eit høvdingdømme i Vestfold. Da han skulle gifte seg og fridde til den fagre Gyda, sa ho frå om at han ikkje var god nok. Da sette han seg føre å vinne heile Noreg, og han erklærte at han ikkje ville klippe håret før så var skjedd. Så gav han seg ut på eit hærtog som førte han først til Trøndelag og deretter til Vestlandet. I Hafrsfjord, like ved Stavanger, vann han over dei siste motstandarane. Høvdingane var sette ut av spel, og Noreg var gjort om til eit kongerike under Harald. Det skulle ha skjedd i året 872. Men kor påliteleg er det som Snorre fortel? Det har norske historikarar lenge diskutert. Det fanst lite av skriftlege kjelder i tida da Snorre skreiv soga si, og han måtte støtte seg til det som var munnleg overlevert frå generasjon til generasjon. Dei viktigaste kjeldene hans var skaldekvada. Skaldane var knytte til kongar og andre stormenn, og oppgåva deira var å tolke viktige hendingar og halde oppe minnet om dei i form av dikt eller kvad. Kvada var laga etter strenge og kompliserte reglar og var derfor ikkje så lette å forandre. Dessutan kunne ikkje skaldane skamrose kongen eller høvdingen, for da kunne kvadet bli oppfatta som hån i staden for ros. Vi kan altså rekne med at det er ein påliteleg kjerne i det Snorre skriv når han siterer skaldekvad. Men Heimskringla blei skriven som ei hylling til kong Håkon Håkonsson, som regjerte på 1200-talet, i Snorre si eiga samtid. Kongane i ætta til Harald VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 56

Hårfagre blir i boka framstilte som heltar, og skurkane er maktgriske stormenn eller slue utanlandske fyrstar. Vi må altså lese kritisk det Snorre skriv. Det vi i dag meiner at vi veit om Harald Hårfagre, kan oppsummerast slik: Tidfestinga av slaget i Hafrsfjord til året 872 er usikker. Truleg har slaget stått ein gong mellom 880 og 900 det er det nærmaste vi kan komme opphavet til Noreg som rike eller som stat. Men det er enda meir som er usikkert. Snorre fortel at Harald sette i gang rikssamlinga frå eit høvdingdømme på Austlandet. Det verkar tvilsamt, for etter slaget i Hafrsfjord styrte han eit rike som omfatta Vestlandet og Agder. Det kan tyde på at det var Vestlandet, ikkje Austlandet, som var utgangspunktet for rikssamlinga hans. Og kva slags «samling» kan det ha vore når den nye kongen berre blei sitjande med ein del av landet? Alt dette tyder på at vi ikkje bør sjå rikssamlinga som ei einskildståande hending, men heller som opptakta til ein prosess, ein maktkamp gjennom 350 år, mellom kongen og dei andre høvdingane. Når vi skal sjå på årsakene eller drivkreftene i denne prosessen, kan vi ta utgangspunkt i folkeauken, som ser ut til å ha vore samanhengande frå 700-talet fram til rundt 1300. Veksten i folketalet utvida ressursgrunnlaget for høvdingane, både fordi det blei fleire skattebetalarar og soldatar, og fordi den materielle produksjonen auka. Men det er vanskeleg å prove at ein slik vekst utan vidare måtte føre til større politiske einingar. Vi må leite etter fleire årsaker. Da begynner vi med å sjå på vikingferdene, som også heng saman med veksten i folketalet. Vikingferdene kan tolkast som geografisk mobilitet av fleire slag som plyndringsferder, som handelsreiser og som utvandring og nybygging. Vikingferdene Vikingtida i norsk historie dekkjer tidsrommet frå slutten av 700-talet til eit stykke ut på 1000-talet, altså rundt 250 år. Å fare i viking var for det første å dra på plyndringsferd til Dei britiske øyane eller til kontinentet. Det eldste kjeldebelegget for slike aktivitetar finn vi i ei engelsk krønike, det vil seie ei historisk framstilling, som fortel at nordmenn i 793 herja klosterøya Lindisfarne nord for Newcastle. Vikingtoga gjekk ut frå heile Norden og i ulike retningar. Svenskane orienterte seg mot aust, særleg mot Baltikum og Russland, danskane drog til England og kontinentet, og nordmennene drog mest til Nord-England, Skottland og Irland. Men desse plyndringsferdene er berre det mest synlege trekket ved vikingtida. Det gjekk samstundes føre seg to andre former for kontakt. Den andre forma var ein fredeleg handel i dei same områda og i det same tidsrommet. Arkeologiske funn viser at kontakten mellom landa rundt Nordsjøen var like gammal som befolkninga i Noreg. Det nye på 700-talet kan ha vore at handelen med luksusvarer auka. I ei engelsk forteljing frå rundt 880 seier nordmannen Ottar at han frå bustaden sin i Troms dreiv handel frå Nord-Russland heilt ned til marknader i Kaupang (i Vestfold) og Hedeby (i Slesvig). Truleg var det kunnskapen om land og seglingsruter som låg til grunn når plyndring og nybygging kom i tillegg til handelen. For nybygging var den tredje sida ved vikingferdene. Utanom den norske busetnaden lengst nord på Dei britiske øyane slo nordmenn seg ned på Færøyane og Island. Island blei så utgangspunktet for kolonisering på Grønland og til og med Newfoundland. Denne nybygginga gjekk først og fremst føre seg på 800-talet. På Orknøyane tok nybygginga til så tidleg som rundt 800, på Færøyane truleg frå omkring 850 og på Island frå 870. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 57

Det er all grunn til å sjå denne utflyttinga i samanheng med folkeauken i Noreg. Samstundes er det vanskeleg å påstå at det var for mykje folk i eit land der folkeauken skulle halde fram i fleire hundre år etterpå. Dei som blei utsette for angrep frå vikingane, såg på dei som hordar av villmenn som plyndra og drap for fote. Men det er lite sannsynleg at vikingane kunne halde store delar av Europa i sitt grep i eit par hundre år utan å ha heilt spesielle føresetnader for det. Høvdingkvinna som blei gravlagd i Oseberg-haugen, kan lære oss noko om desse føresetnadene. Gravfunnet viser at det var samla stor rikdom hos dei norske høvdingane. Denne rikdommen var ein viktig føresetnad for at ein kunne ruste ut ekspedisjonar. Mange av gjenstandane i grava vitnar dessutan om handelskontakt med resten av Europa, og ein slik kontakt gjer det sannsynleg at nordmennene kjende framande land av sjølvsyn. Dei heimlege gjenstandane fortel om eit framståande kunsthandverk. Grava er uttrykk for rike og særmerkte religiøse førestellingar. Vikingsamfunnet stod både materielt og åndeleg på eit høgt nivå i høve til Europa elles. Men det mest interessante i grava til Oseberg-kvinna er sjølvsagt skipet. På 800-talet hadde nordmennene kjent til jernet i over tusen år, men bruken av jern til reiskapar hadde auka kraftig i dei siste hundreåra før vikingferdene tok til. Gode reiskapar måtte til om ein skulle kunne byggje store treskip. Det er mogleg at det typiske vikingskipet var ferdig utvikla da vikingferdene tok til, men mest sannsynleg var det ferdene som skapte behovet for å perfeksjonere ein eldre skipstype. Kanskje kan vi da forklare vikingferdene slik: Førebuande årsaker (føresetnader) var skip, handelsferder og kunnskap om framande land. Utløysande årsaker var folkeauken heime og den politiske veikskapen i landa ute. Resultatet blei at plyndring og nybygging plutseleg dukka opp ved sida av den eldre handelen. Rikdom gir makt På 800-talet var det som i dag er Storbritannia og Irland, organisert i svake kongedømme som ikkje kunne gjere nemnande motstand mot nordmennene. Kyrkjer og kloster sat med rikdommar som var lette å ta. På skip med segl og årer kunne vikingane ta seg raskt fram, til og med opp langs større elvar. Dei lærte også å slå seg saman i store slagkraftige flokkar under fast leiing. Det norske aristokratiet må ha spela ei nøkkelrolle i plyndringsferdene, både ved å ruste ut skip og som skipsførarar. Dei som drog ut, må ha ført enorme rikdommar heim til landet. Ved å dele ut gåver knytte dei til seg lojale og trufaste tilhengarar. Her ligg truleg den viktigaste samanhengen mellom vikingferdene og tendensane til maktkonsentrasjon heime. Særleg påfallande er det at kimen til det norske kongedømmet oppstod i det vestnorske riket til Harald Hårfagre, altså i den landsdelen som hadde lettast samkvem med dei britiske og nordatlantiske øyane. Når vi skal forstå den tidlege rikssamlinga i Noreg, er det altså plyndringa som er den viktigaste sida ved vikingferdene. Det ser ut til å vere ein samanheng mellom vikingferdene og den første fasen av rikssamlinga. Det vestnorske riket forma seg først og skulle vise seg å ha den største styrken, da det tidleg på 1000-talet tok oppgjeret med dei to rivaliserande maktsentra i landet, det eine i nord og det andre i aust. Riket til Olav den heilage Det nordlege riket i Noreg, som omfatta Nord-Noreg og Trøndelag, blei styrt av ladejarlane, kalla så etter hovudsetet på Lade ved Trondheim. Dei blei utmanøvrerte av Olav Haraldsson, og den siste døydde i 1029. I aust, i Vika, var den danske VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 58

innverknaden på det sterkaste under Knut den mektige (konge 1018 1035), som også styrte England. Han brukte ladejarlane og andre norske stormenn til å reise motstand mot Olav Haraldsson, og det enda med at Olav fall i slaget på Stiklestad i 1030. Knut tok da kontrollen i Noreg og sette inn ein rein lydkonge, det vil seie ein konge som var underordna han. Men lydkongedømmet stod ved lag berre i fem år. Da Knut døydde i 1035, tok nordmennene Magnus, son av Olav, til konge. Dermed var samlingsverket til Olav fullført likevel. Denne første fasen av rikssamlinga er altså nøye knytt til Olav Haraldsson. Korleis hadde det seg at nettopp han vann fram? Han hadde vore på vikingferd og lagt seg opp stor rikdom før han begynte kongegjerninga i Noreg. I tillegg var han kristen og prøvde med alle middel å få nordmennene til å gå over til den nye trua. Kravet om tilslutning både til kong Olav og til Kvitekrist var nok tungt å svelgje for mange. Høvdingane var spesielt lite lystne på å gi opp heidendommen, sidan dei hadde viktige funksjonar som leiarar av blota. Men i den grad kristninga vann fram, fekk kongedømmet utvida legitimitet eller rettsgrunnlag gjennom den nye trua. Kyrkja i Noreg på 1000-talet var laust og svakt organisert og hadde bruk for støtte frå kongen. Men kyrkja gav også noko til gjengjeld. Kort tid etter slaget på Stiklestad blei Olav ropa ut til helgen og blei kalla Olav den heilage. Stemninga i folket snudde heilt. Noreg hadde fått sin «evige konge», kyrkja hadde fått ein venn og eit førebilete for alle kongar som skulle komme. Noreg var samla i Olavs ætt, både biologisk og ideologisk. På sett og vis var altså rikssamlinga ferdig i 1035, da Magnus Olavsson kom på trona etter far sin, helgenkongen. Dei neste hundre åra fekk kongane aristokratiet med seg i samarbeid, og dette samarbeidet tok mellom anna form av ein ekspansiv utanrikspolitikk. Magnus blanda seg inn i danske stridar, og Harald Hardråde prøvde å ta England. Magnus Berrføtt vende seg mot Skottland og Irland. Sigurd Jorsalfare gjorde ei stor og prestisjefylt ferd til Miklagard (Konstantinopel) og til Palestina. Desse felttoga og ekspedisjonane blei ei storstilt forlenging av vikingferdene, som i realiteten hadde døydd ut tidleg på 1000-talet. Heidendom og kristendom Den gamle heidenske religionen i Noreg var polyteistisk, det vil seie at folk trudde på fleire gudar. Gudane hadde kjønn, og det var ei viss oppgåvedeling mellom dei Odin og Tor var for eksempel krigsgudar, Frøya var gudinne for fruktbarheit, Hel var gudinne for dødsriket. Gudeflokken var stor og ikkje skarpt avgrensa. Nye gudar kunne derfor innlemmast. Den viktigaste gudsdyrkinga skjedde i form av blot, der folk ofra dyr og deretter åt dei i eit måltid som sameinte menneska og gudane. Eit særskilt presteskap fanst ikkje; det var høvdingane som hadde oppgåva som leiarar ved blota. Kristendommen reduserte flokken av gudar til den treeinige Gud. Den nye trua skilde mellom rett og gale i livsførsel, og lønn og straff var aktuelt både i det jordiske livet og i livet etter døden. Trusskiftet var førebudd lenge, for vikingane hadde vore i kontakt med kristne samfunn i Vest-Europa og på Dei britiske øyane. Men det var eit langt skritt frå å innlemme kristne element i den heidenske religionen til å gi heilt opp den gamle trua, slik misjonærane kravde. Vi ser da også at kongane som stod i spissen for kristninga av landet, brukte hardhendte metodar og til og med vald for å overtale folk. Den nye trua var også i det ytre mykje sterkare organisert enn den gamle religionen hadde vore. Ho gjorde seg synleg gjennom bygningar som kyrkjer og kloster og gjennom spe- VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 59

sialiserte tenarar som biskopar og prestar, munkar og nonner. I tillegg blei kyrkja ei økonomisk byrde for folk gjennom tienda, ein skatt som utgjorde ein tidel av avlinga til bøndene, og ved at 40 % av all jord i landet til sist hamna i kyrkjeleg eige. Det viktigaste i vår samanheng er likevel måten kyrkja greip inn i kvardagslivet til folk på. Ei høvdingslekt Etne i Sunnhordland er ei rik jordbruksbygd, i alle fall etter vestnorske forhold. Her budde ei mektig høvdingslekt på 1000- og 1100-talet. Truleg hadde slekta halde til i bygda frå langt tilbake i historia. Den første vi kjenner namnet på, var Bjørn frå Studla (Stødle), som er nemnd i Heimskringla i styringstida til Olav Tryggvason (995 1000). Stødle er ein av dei største gardane i den sentrale delen av Etne. Her hadde slekta hovudsete. Men i tillegg åtte Bjørn ei mengd gardar i Etne og nabobygdene. Desse gardane blei leigde ut til vanlege bønder og gav gode inntekter. Truleg hadde Bjørn også store skip som han brukte til å frakte verdifulle varer mellom Vestlandet og landa sør og vest for Nordsjøen. Pelsverk og tørrfisk blei utført, og heim igjen blei det innført tekstilar, smykke, glas og våpen. Ein slik handel kravde så mykje kapital at det berre var dei aller rikaste som kunne drive han. Til gjengjeld kunne handelen gi stor forteneste. Vidare har vi grunn til å tru at både Bjørn og mange av dei nærmaste forfedrane hans hadde brukt skipa til plyndringsferder med væpna mannskap hadde dei segla til Dei britiske øyane og overfalle kyrkjer og kloster. Plyndringa kunne lett komme til å koste ein del av deltakarane livet, men gav samstundes større utbytte enn jamvel den lønnsame luksushandelen. Vi kan seie at Bjørn frå Studla var ein høvding som utøvde makt i samsvar med patronasje-modellen. Til eit vikingtokt kunne han invitere venner med seg, som så fekk del i utbyttet, og resten av rikdommane kunne han spandere på andre kjenningar og folk han hadde under seg. Det som kanskje ikkje stemmer så godt, er gardane han åtte, og inntektene som han tok inn frå dei mange leiglendingane sine. Bøndene på desse gardane kunne sjå det slik at dei måtte avstå delar av avlinga som leige til høvdingen, og at det var tale om ei overføring frå fattig til rik. Bjørn kunne på si side hevde at leiga berre var ei nødvendig yting til gjengjeld for noko som var mykje viktigare, nemleg at den eigedomslause fekk ein stad å bu og leve. Slik Bjørn såg det, var det altså tale om ein gest frå den rike til den fattige. Patronasje-modellen byggjer nok på at begge partar godtok den tolkinga stormannen hadde av forholdet. Vi kan spørje om dei norske kongane under rikssamlinga var i stand til å bruke patronasje overfor høvdingane. På 800- og 900-talet var det ikkje berre Bjørn frå Studla og forfedrane hans som skaffa seg inntekter ved å fare i viking. Også dei andre høvdingane og kongane sjølve organiserte plyndringstokt til Dei britiske øyane og Vest-Europa. Det var dei flinkaste plyndrarane som skaffa seg mest makt, og dei flinkaste av dei alle var nettopp kongane, som skaffa seg overtaket på mindre framgangsrike høvdingar. Dette skulle høvdingane i Etne få merke. Son til Bjørn heitte Erlend. Han blir i Heimskringla kalla lendmann, og han kalla seg opp etter garden Gjerde i heimbygda. Tittelen lendmann fortel at han hadde lova truskap til kongen og fått bruksrett til ein stor gard som kongen åtte i Etne. Her ser vi at eit patronasje-forhold er oppretta mellom høvdingen og kongen, slik det tidlegare hadde eksistert mellom bonden og høvdingen. Erlend braut seinare truskapen ved å kjempe mot Olav den heilage på Stiklestad i 1030. Men ikkje lenge etter var Etnehøvdingane kongens tilhengarar igjen. Den siste og mest framståande personen i høvdingslekta VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 60

frå Etne var Erling Ormsson, som blei kalla Erling Skakke. I 1152 1155, lenge etter at plyndringstokta til Vest-Europa hadde teke slutt, organiserte han saman med ein høvding frå Orknøyane ein ekspedisjon heilt til Middelhavet og Palestina. Her skaffa han seg ikkje berre erfaringar og prestisje, men også rikdommar som gjorde at han i åra etterpå kunne blande seg inn i maktkampane som da rasa i Noreg. Han gifta seg inn i sjølvaste kongefamilien gjennom ekteskapet med Kristin, dotter av Sigurd Jorsalfare. Sonen Magnus blei seinare konge. Det skjedde i den ufredstida vi kallar borgarkrigane. Borgarkrigane Det svake punktet i det norske kongedømmet på 1000- og 1100-talet var at det ikkje fanst reglar for arverett, anna enn at kongevørdnaden skulle gå frå far til son i ei og same ætt. På dei store tinga blei kongssøner tekne til kongar alt etter kor godt likte dei var, eller ut frå kva dei hadde å tilby, eller kor mange krigarar dei hadde med seg. Landet kunne ha heile tre kongar på same tid, slik som under brørne Olav, Øystein og Sigurd, sønene til Magnus Berrføtt. Da Sigurd, den lengstlevande, døydde i 1130, fekk denne veikskapen i riket dramatiske følgjer. Den neste hundreårsbolken blei ei borgarkrigstid. Ei første forklaring på borgarkrigane kan altså vere at kongane fekk «for mange» søner, og dermed blei lista over kongsemne større og større. Denne situasjonen undergrov samhaldet, og samkongedømmet fungerte ikkje lenger. Meir generell blir forklaringa om vi flyttar blikket frå sjølve kongsemna til dei gruppene som tok dei til samlingsmerke. Da må vi sjå på underliggjande motsetnader og konfliktar i samfunnet. To grunnleggjande samfunnsendringar kan medverke til å forklare borgarkrigane. Den eine er dei økonomiske vanskane som sette inn da det var slutt på vikingferdene og den ekspansive utanrikspolitikken. Den andre er den nye rolla kyrkja hadde begynt å få. Kyrkja blir sterk, aristokratiet blir svakare Gjennom heile 1000-talet var den norske kyrkja ei misjonskyrkje under styring av kongen, og formelt låg ho under erkebispestolen i det fjerne Hamburg. På 1100-talet blei kyrkja i Noreg etter kvart ein stor jordeigar. Tienda, som blei innført under Sigurd Jorsalfare, tidleg på 1100-talet, gav store inntekter, for det skulle betalast ein skatt tilsvarande ein tidel av alt som blei produsert i jordbruk og fiske. I 1104 kom kyrkja under erkebiskopen i Lund, og til slutt, i 1152, blei Noreg ein eigen kyrkjeprovins med erkebiskop i Nidaros (Trondheim). Den nye organiseringa førte til at kyrkja brukte sine eigne organ til å velje biskopar og prestar, og dermed mista kongen noko av kontrollen. Kyrkja kravde også domsrett over presteskapet og i saker som galdt kristenliv og moral, og dermed retten til dei viktige bøteinntektene. Dessutan etablerte fleire av dei internasjonale klosterordenane seg i Noreg rundt midten av 1100-talet. Mellom dei var cisterciensarane, som slo seg ned på Hovedøya utanfor Oslo og på Lyse sør for Bergen. Alt i alt blei kyrkja ein sterk organisasjon, som ikkje berre gjorde seg fri frå kongen, men som også ønskte å påverke kongemakta. Meir utløysande for borgarkrigane var nok den krisa som det norske aristokratiet gjekk inn i da vikingferdene tok slutt, og da det også var slutt med krigstog utanlands under leiing av kongen. Gjennom heile rikssamlingsprosessen så langt hadde aristokratiet vore på defensiven i høve til kongen, og dei som hadde teke opp striden mot han, hadde mista jord og eigedom. Da inntektene av eigne ressursar, plyndringsferder og krig gjekk ned, blei det norske aristokratiet meir økonomisk avhengig av kongen og statstenesta. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 61

Borgarkrigane fortel med andre ord om eit aristokrati i økonomiske vanskar. Dette aristokratiet blei stadig meir innstilt på å blande seg inn i tronfølgja for å få fram kandidatar som det sjølv kunne kontrollere og sikre seg økonomiske fordelar av. Birkebeinarar mot baglarar Etter ein første periode med eit mylder av kongsemne og av grupper bak dei voks det frå 1160-åra fram to store leirar. Dei viser oss meir om kva borgarkrigane dreia seg om. Den eine stod under leiing av Erling Skakke frå Etne. Han fekk mange stormenn med seg og gjorde i 1163 ein avtale med kyrkja om ein tronkandidat og ei tronfølgjelov. Kongsemnet var Magnus, son av Erling og kongsdottera Kristin. Den vesle guten blei høgtidsamt krona i ein kyrkjeleg seremoni. Under eit riksmøte på same tid, det vil seie eit møte med stormennene i riket, blei det vedteke ei tronfølgjelov som sa at kongevørdnaden skulle gå i arv frå far til eldste son fødd i lovleg ekteskap. Arvegangen skulle likevel ikkje vere automatisk, men avhengig av at kandidaten oppfylte dei krava som kyrkja stilte til ein rettferdig konge. Noreg fekk dermed ei tronfølgjelov som var basert på arverett, men med ein regel om godkjenning som kunne verke som eit val. Erling Skakke prøvde seg altså på ein bytehandel med kyrkja. Kyrkja gav orden og legitimitet, men fekk til gjengjeld makt til å vrake tronarvingar som av kyrkja blei oppfatta som uskikka. Fram til han døydde i 1179 fungerte Erling som riksstyrar på vegner av sonen, kong Magnus. I den eigenskapen rådde han også over eigedommane til rikskongen. I heimbygda Etne kan vi enda ein gong sjå korleis patronasje-forholdet blei utbygd. For å stadfeste vennskapen med kyrkja grunnla Erling Halsnøy kloster. Til klosteret gav han kongsgarden Gjerde, som Etne-høvdingane hadde disponert som lendmenn for kongen. I tillegg gav han også dei fleste av sine eigne gardar i bygda til klosteret, med unntak av Stødle, den gamle setegarden i slekta. Han hadde vel tenkt at slekta frå no av skulle nyte godt av eigedommane til den norske kongen. Men slik kom det ikkje til å gå. I åra etter 1163 var det berre mindre flokkar som våga å gjere motstand mot Magnus Erlingsson og den mektige alliansen mellom aristokrati og kyrkje. Ein slik flokk var birkebeinarane. I 1176 tok dei til leiar ein prestelærd mann frå Færøyane, Sverre Sigurdsson. Sjølv påstod han at han var norsk kongsson. Han tok opp striden mot Erling Skakke og Magnus Erlingsson. I slaget ved Fimreite i Sogn i 1184 mista kong Magnus livet, og Sverre stod igjen som sigerherre. Men borgarkrigane heldt fram. Magnus si sak blei ført vidare av baglarane, ein krigarflokk med basis på Austlandet. Sverre og birkebeinarane heldt kontrollen over Vestlandet og Trøndelag. Sosialt hadde birkebeinarane støtte i bondebefolkninga, mens baglarane hadde aristokratiet og kyrkja i ryggen. Til slutt kom Sverre i direkte konflikt med kyrkja. Han nekta å godta tronfølgjelova av 1163 og den sterke rolla kyrkja hadde sikra seg. Han ville tvert imot ha taket på kyrkja, slik kongane hadde hatt i det første hundreåret etter kristninga, og han framstilte seg som rett etterfølgjar etter Heilag-Olav. Men da han bad om å bli kyrkjeleg krona, svarte erkebiskopen nei. Striden blei anka heilt inn for pave Innocens 3., men Sverre kom ingen veg. Før han døydde i 1202, bad han sonen Håkon om å komme til forsoning med kyrkja. Tidleg på 1200-talet blussa borgarkrigane opp på nytt. I 1217 blei barnebarnet til Sverre, den 13 år gamle Håkon Håkonsson, hylla som konge med allmenn oppslutning. Riksstyrar for den unge kongen blei Skule Bårdsson, som først slo ned motstandsgruppene og deretter sjølv gjorde opprør mot Håkon i VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 62

1239. Men han blei drepen året etter, og 1240 markerer slutten på over hundre år med borgarkrigar. Rikssamlinga i fugleperspektiv Rikssamlinga var ikkje ei hending i året 872, slik tolkinga til Snorre Sturlason er, men ein prosess gjennom fleire hundre år. Kvifor blei prosessen så langvarig? La oss sjå på kva vi har funne. Utgangspunktet for rikssamlingsprosessen var rivalisering om makt i ei snever elitegruppe av høvdingar. Ein av desse høvdingane svinga seg opp og prøvde å få overtaket på dei andre og høvdingar. Det som fremja rikssamlinga, var altså rikdommane som flaut inn gjennom vikingferdene. Innføringa av kristendommen verka i same retning. Det som bremsa rikssamlingsprosessen, var motstanden frå det gamle aristokratiet, det vil seie frå høvdingane, og dei uklare arvereglane. Ut av den langvarige sluttstriden kom ei sterk og sjølvstendig kyrkje som trong kongemakta som sikring for eit fredeleg og ordna samfunn, og eit knekt aristokrati som trong kongemakta dersom medlemmene skulle kunne halde seg oppe i status og velstand. Under heile prosessen låg folkeauken, som var eit vilkår for at samfunnet skulle greie å bere den veksande eliten av konge, stormenn og kyrkje. Repetisjonsspørsmål 1 Kor gammalt er det landet vi i dag kallar Noreg? 2 Kvar kom dei første menneska frå som busette seg i Noreg, og kvar busette dei seg? 3 Kva var grunnlaget for makta til høvdingane? 4 Når og korleis gjekk rikssamlinga i Noreg føre seg? 5 Når gjekk vikingferdene føre seg? Kva var årsakene til vikingferdene, og kvar reiste vikingane? 6 Kva førte vikingferdene til, både for samfunnet i Noreg og i dei områda vikingane reiste til? 7 Når og korleis blei kristendommen innført i Noreg? 8 Kva følgjer fekk innføringa av kristendommen? 9 Kvifor blir perioden 1130 1240 i norsk historie kalla borgarkrigstida? 10 Kva var årsakene til borgarkrigane? VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING KAPITTEL 7 63

KAPITTEL 8 Samfunn og stat i Noreg i mellomalderen Elevane skal kunne gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1800 Midt på 1200-talet var den norske staten fast etablert under Håkon Håkonsson. Utanom Fastlands-Noreg omfatta den norske staten eit øyrike i Nord-Atlanteren. Over ein halv million menneske budde i desse områda. Dei aller fleste var bønder. Byane var få og små, men tok til å bli viktige knutepunkt for handel, handverk og administrasjon. Dei fremste oppgåvene til kongen var å halde oppe ro og orden og handheve lov og rett. Han var også leiar for forsvaret mot ytre fiendar. Kongen samarbeidde med det kyrkjelege og verdslege aristokratiet. Kven hadde eigentleg makta i denne staten? Var det eit personleg styre der kongen fordelte rettar og plikter mellom dei ulike gruppene i samfunnet? Eller var kongen i realiteten berre ein representant for aristokratiet, og medverka han til å sikre fordelane til dette aristokratiet på kostnad av den store bondebefolkninga? Fell Noreg inn under den europeiske føydale samfunnsforma? SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 64

dei landområda der det budde folk av norsk avstamming. På Dei britiske Rikssamlinga blir fullført øyane lykkast det ikkje fullstendig. 1217 1239 1240 1260 1263 1260-åra 1274 1276 1277 1280 1299 1319 Håkon Håkonsson blir konge. Opprøret til Skule Bårdsson avsluttar borgarkrigane. Håkon Håkonssons tronfølgjelov. Magnus Lagabøte blir konge. Noregsveldet på det største. Landslova. Bylova. Sættargjerda i Tønsberg avtale mellom konge og kyrkje. Eirik Magnusson blir konge. Håkon 5. Magnusson blir konge. Håkon 5. Magnusson døyr utan mannleg arving. Verken i England eller Irland fekk den norske kongen noko å seie. Håkon Håkonsson rådde rettnok over Man, Hebridane (eller Suderøyane, som nordmennene sa), Orknøyane og Shetland (som dei kalla Hjaltland). Men også den skotske kongen kasta auga på desse øyrika. I det siste året Håkon levde, i 1263, gjennomførte han eit stort flåtetokt vestover til Orknøyane og vestkysten av Skottland. Ekspedisjonen viste at det var dyrt å forsvare norsk territorium så langt borte. I 1270 blei det derfor funne ei ordning som gav Man og Noregsveldet Under dei fire kongane Håkon Håkonsson (konge 1217 1263), Magnus Lagabøte (konge 1263 1280), Eirik Magnusson (konge 1280 1299) og Håkon 5. Magnusson (konge 1299 1319) blei rikssamlinga fullført. Den norske staten stod fram i si endelege form, før utviklinga tok ein ny retning på 1300-talet. Rikssamlingsprosessen hadde to sider: For det første blei politisk makt samla i kongens hender. For det andre blei det gradvis tydelegare kva for eit geografisk område denne makta skulle gjelde for. Utover gjennom vikingtida (ca. 800 1050) hadde mange nordmenn vandra ut og busett seg på dei britiske og dei nordatlantiske øyane. Den norske kongen prøvde å få kontroll over Hebridane over til Skottland, mot ein lovnad om at Orknøyane og Shetland skulle få vere i fred. Islendingane hadde i lang tid styrt seg sjølve som eit laust forbund av høvdingdømme. Den norske kongen blanda seg no inn i rivaliseringa mellom høvdingane, og tidleg i 1260- åra godtok islendingane han som overherre. Dei lova å betale skatt, men skulle leve etter dei gamle lovene sine. Utsendingane frå kongen til Grønland fekk den same tilslutninga der. Også på Færøyane blei det norsk styre. Fastlands-Noreg var litt annleis enn det er i dag. I sør var landet større enn det er no det omfatta dei grisgrendte områda Jemtland og Herjedalen og det tettfolka Båhuslen. Nordgrensa for den norske busetnaden hadde lenge gått ved Malangen i Sør-Troms. Landet vidare nordover og austover hørte SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 65

til samane. Frå Salten til Vesterålen var det ein blanda norsk og samisk busetnad, gjerne slik at samane heldt til i fjordane og nordmennene langs kysten. Samane dominerte også høgfjellsområda sør til Trøndelag. Men på 1200-talet tok den norske busetnaden til å ekspandere. Rydningsmenn trengde seg inn i dei samiske fjordbygdene i Nordland og Sør-Troms, og langs kysten av Nord-Troms og Finnmark grodde det opp ei stripe av fiskevær med norske innbyggjarar. Bak dette nye trykket mot dei samiske områda kan vi sjå fleire forhold: Folkeauken i høgmellomalderen, den auka etterspurnaden etter fisk ute i Europa, og ikkje minst rikssamlinga og kristninga. Fleire kyrkjer og ei festning i Vardø markerte den norske kongens krav på overherredømme og religiøs omvending. Men makta var ikkje større enn at ho måtte delast med Sverige og den gryande russiske staten. Avtalar frå tidleg på 1300-talet regulerte ei felles skattlegging, og alle tre kunne ta for seg i det som i dag er Finnmark. Ettertida har omtalt den norske staten på slutten av 1200-talet som Noregsveldet. Uttrykket fortel både om kor stort området staten dekte, og om at dei ytre delane av riket no blei sterkare innordna under den norske kongen. Presset mot nord Fram til rikssamlingsprosessen hadde det vore ein skarp kontrast mellom det norske og det samiske samfunnet i Nord-Noreg. Nordmennene heldt til langs kysten nord til Malangen, dei livberga seg av jordbruk og fiske og var organiserte i høvdingdømme. Samane rådde i innlandet, levde vesentleg av jakt og fangst og hadde ein egalitær samfunnsstruktur. Men mellom dei to gruppene gjekk det føre seg eit omfattande varebyte, med samisk pelsverk som den viktigaste einskildvara. Dei nordnorske høvdingane hevda einerett på denne handelen, som dei var interesserte i å halde oppe. Det var gjennom fleire hundre år skapt økonomiske band mellom nordmenn og samar som begge partar såg seg tente med. Men dette skulle endre seg. Under rikssamlinga blei høvdingmakta broten av kongemakta, og den nye rikskongen kravde no retten til å handle med samane. Den geografiske avstanden gjorde at kongane skjøtta varebytet dårlegare enn dei lokale høvdingane hadde gjort. Samane tok derfor til å handle meir med finnar i sør og russarar i aust. Den norske kongemakta begynte i staden å tenkje politisk når det galdt samane: Dei var eit folk som skulle bli kongens undersåttar og kristnast. Samstundes medverka folkeauken i Noreg i høgmellomalderen til at nordmenn braut inn over det som i mange hundre år hadde vore stabile grenser mellom norsk og samisk busetnad. Særleg i andre halvparten av 1200-talet blei det bygd fleire norske fiskevær langs det meste av finnmarkskysten. Kongens styringsmenn følgde med, og kyrkjer og festningar blei reiste, førebels med Vardø som siste utpost. Frå desse støttepunkta kunne no kongen setje i gang regelrett skattlegging av samane. Samstundes hadde den svenske kongemakta utvida herredømmet sitt nordover i Sverige og inn i Finland, og bystaten Novgorod i det vestre Russland hadde gjort det same lenger aust og sikra seg kontroll opp til Kvitsjøen og Kola-halvøya. Også desse partane hevda rett til å krevje tributt av samane. Det bygde seg opp til ein konflikt om Nordkalotten, ein konflikt som blei løyst gjennom forhandlingar og traktatar i 1320-åra. Sameland blei no delt, slik at det meste av Troms og Finnmark skulle kunne skattleggjast både av Noreg, Sverige og Novgorod. Det meste av Kola skulle vere felles for Noreg og Novgorod, og eit stykke av Nord-Finland felles for Sverige og Novgorod. Vi veit ikkje i detalj korleis dette delte herredømmet SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 66

kom til å fungere, anna enn at partane hadde ei mengd innbyrdes samanstøytar utover i seinmellomalderen. Dei fleste hørte til bondesamfunnet Kor mange menneske som budde i riket til Håkon Håkonsson, veit vi ikkje nøyaktig. Det nyaste reknestykket seier at det budde 540 000 innbyggjarar innanfor grensene av det som i dag er Noreg. I heile Håkon Håkonssons Noregsvelde kan det ha vore 600 000 innbyggjarar. Bøndene var den aller største gruppa i samfunnet i heile tidsrommet frå vikingtida til 1850. Men dei utgjorde slett ikkje ei einsarta gruppe. Storleiken på bruka varierte og skapte skilnader i inntekter og levekår. Desse skilnadene blei forsterka av status knytt til eigedomsrett, som hadde særleg mykje å seie i mellomalderen. Først frå rundt 1300 får vi kjelder som gjer det mogleg å lage overslag over eigedomsretten til jord i Noreg. Da åtte bønder berre ein tredel av jorda i landet. Sidan somme av dei også leigde ut jord til andre bønder, kan vi lausleg rekne med at mindre enn ein firedel av alle bønder i Noreg var sjølveigarar. Det store fleirtalet var altså leiglendingar. Eit bondepar Arne Gasse og Kristin heitte eit ungt ektepar frå Ski sokn i Follo søraust for Oslo. I fleire år hadde dei livberga seg som tenestefolk mens dei var på utkikk etter eit gardsbruk å leige. Men det var mange som venta på eit levebrød. Til slutt drog Arne og Kristin inn på skogen i allmenningen nord i Ski og tok til å rydde seg jord der. Allmenningen var eit område som kongen hevda at han åtte, men som bøndene i Ski brukte til hogst og beiting. Eigentleg var det ulovleg å leggje beslag på noko av dette fellesområdet, men bøndene såg gjennom fingrane med det, sidan Arne og Kristin var to av deira eigne. Med mykje strev greidde dei unge å rydde åker og eng i den magre og steinete sandjorda på Greverud, som dei kalla garden sin. Snart kom eit anna par og slo seg til der som naboar. Men di meir som var investert i jordveg og hus, di vanskelegare var det å leve med at dei ikkje hadde papir på garden. Ein dag i året 1289 drog Arne derfor inn til Oslo og oppsøkte hertug Håkon Magnusson, som var ein yngre bror av kong Eirik. Han fortalde hertugen om arbeidet sitt med å rydde seg jord, og bad om å få bygsle (leige) bruket. Og det fekk han. Hertugen sette opp eit bygselbrev, det vil seie ein leigeavtale, som gav Arne rett til å sitje med bruket så lenge han greidde å betale leiga. Arne og Kristin oppnådde betre vilkår enn leiglendingar flest, både når det galdt leige og leigetid. Det kom naturlegvis av dei store investeringane dei hadde gjort i garden. Eit fattig brukarpar hadde gjort ufruktbar jord om til ei inntektskjelde for kongen. Når tida deira ein gong var over, kunne kongen ta inn nye leiglendingar og krevje full leige. Arbeidsdeling og kjønnsroller Når Arne og Kristin arbeidde på garden heime på Greverud, var begge to like viktige. Men når noko spesielt skulle gjerast, som å reise til Oslo for å få ein leigekontrakt, var det Arne som fekk oppgåva. Kvinnene si stilling i mellomalderen kan vi lettast forstå om vi ser på ekteskap og arbeid. Heilt fram til 1100-talet var det foreldra som avgjorde kven som skulle gifte seg med kven. Men det var alltid foreldra til guten som søkte ektefelle til han foreldra til jenta venta på at ho skulle få ein friar. Det innebar at jentene mykje oftare måtte godta ein ektemake som dei eigentleg ikkje brydde seg om. Men dei hadde høve til skilsmisse dersom dei ikkje heldt ut med mannen sin. Skilde SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 67

kvinner hadde dessutan ein viss økonomisk tryggleik. Ved bryllaupet fekk brura med seg ei medgift, ei gåve frå foreldra, og brudgommen måtte gi ei tilsvarande motgåve. Desse to verdiane kunne kvinna ta med seg i tilfelle skilsmisse. Opphavleg kunne ei kvinne ikkje få arv frå foreldra dersom ho hadde brør. Men i den nye lovboka som kom i 1270-åra, blei det fastsett at både døtrer og søner skulle arve. Søner skulle likevel arve ein dobbelt så stor part som døtrer. På 1100-talet fekk kyrkja gjennomslag for ei ny ekteskapslovgiving. Den nye lova sette forbod mot ekteskap mellom slektningar og kravde samtykke frå dei to som skulle gifte seg. Dermed blei det mykje vanskelegare å arrangere ekteskap. Samstundes sette kyrkja forbod mot skilsmisse. Arbeidsdelinga på garden var fastsett på to måtar: Kvinna arbeidde inne og mannen ute. Kvinna tok seg av dei faste, regelbundne oppgåvene, mens mannen utførte det meir sesongprega arbeidet. Typisk kvinnearbeid var matlaging, tilverking av klede, tilsyn med barn og gamle, stell av husdyr og framstilling av smør og ost. Mannen arbeidde ute på åkeren eller i skogen, eller han dreiv fiske og jakt. Men i dei hektiske onnene om våren og hausten var også kvinnene med i arbeidet på åkeren og slåttemarka. I den heidenske religionen fanst det kvinnelege gudar, og vi veit at Oseberg-kvinna truleg hadde stått for religiøse seremoniar. Den tidlege kristne kyrkja var til samanlikning fullstendig mannsdominert. Men det kom ei endring da klostera blei oppretta, frå 1100-talet og utover. I nonneklostera fekk kvinnene tilgjenge til både bokleg lærdom og administrative oppgåver. Trælane Alle bønder var frie eller friborne. Men det fanst også ufrie menneske i samfunnet. I vikingtida og i tidleg mellomalder hadde bøndene under seg ei stor gruppe av trælar eller slavar, som vi kanskje ville ha sagt i dag. Det som kjenneteikna ein træl, var at han eller ho var eigedommen til ein annan person og kunne behandlast heilt vilkårleg av eigaren. Det har vore ei vanleg oppfatning at trælane ikkje hadde hamna i ufridom i sitt eige samfunn, men at dei var framande kanskje kjøpte utanfrå eller tekne som krigsbytte. Før rikssamlinga kan stridar mellom dei norske høvdingdømma ha gitt tilgang på trælar på den måten. Men rekrutteringa må ha auka sterkt da vikingferdene kom i gang, og da var det trælar med ikkje-norsk bakgrunn som blei innførte til landet. Da vikingferdene tok slutt utover på 1000-talet, blei tilgangen på nye trælar borte, samstundes som den eksisterande trælebefolkninga blei stadig meir fåtalig på grunn av frigiving eller frikjøp. På 1200-talet var denne norske samfunnsgruppa blitt historie. Trælane var først og fremst arbeidskraft i jordbruket, og særleg på storgardane. Men ein jordeigar kunne også sjå fordel i å setje ein dugande træl til å drive eit gardsbruk for seg, på linje med ein vanleg leiglending. Vidare kunne bønder ha trælar som arbeidskraft i hushaldet, helst kvinner. Det var ikkje uvanleg å gi trælane lønn, som dei kunne spare opp til å kjøpe seg fri. Status som frie menn og kvinner fekk etterkommarane deira først etter ei lovfesta ventetid på 2 4 generasjonar. Byfolk Dei norske byane voks fram i takt med folkeauken og rikssamlinga. Dei avløyste dei eldre marknadsplassane, der det på visse tider av året kom langvegsfarande handelsfolk som bytte luksusvarer. På 1000-talet hadde Borg (Sarpsborg), Oslo, Tønsberg, Bergen og Nidaros (Trondheim) fått fast busetnad, og den norske kongen hadde gitt dei status som byar. SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 68

Først og fremst var det handelen som forklarte bydanninga. I tillegg til luksusvarene tok massevarer til å prege omsetnaden. Den viktigaste eksportartikkelen var tørrfisk, som særleg gjekk gjennom Bergen, den største byen i landet. Etter kvart blei det også skipa ut trelast, særleg frå Austlandet. Den viktigaste innførte vara var korn. På 1200-talet var Noreg blitt avhengig av å få ein del av matkornet tilført frå utlandet. Byane blei også tilhaldsstad for ulike slags handverkarar. Dei laga klede, sko, prydgjenstandar og reiskapar som blei selde ikkje berre til innbyggjarane i sjølve byen, men også til bondebefolkninga i distrikta omkring. Kongane og tenestemennene deira ville helst bu i byane. Håkon Håkonsson reiste praktfulle steinbygningar på Holmen i Bergen og gjorde byen til hovudstaden sin. Etter 1300 heldt Håkon 5. Magnusson til på festninga Akershus ved Oslo. Også kyrkjeleiarane slo seg til i byane. Nidaros blei erkebispesete i 1152, og det sat biskopar i Oslo, Hamar, Stavanger og Bergen. Mange kloster blei liggjande i eller ved byane. Bylova av 1276 definerte faste grupper i bybefolkninga. «Husfaste menn» var dei som rangerte høgast, ved at dei var eigarar eller leigarar av bygardar, det vil seie større bygningar der det blei drive handel i stor målestokk. Denne gruppa fekk hand om dei viktigaste oppgåvene i det lokale sjølvstyret i byane. Under desse husfaste mennene kom ei større og meir samansett gruppe av handverkarar, skipperar og menn i andre yrke som kravde ein viss fagkunnskap og kapital. Også mange kvinner dreiv eiga næring, særleg som tilverkarar og seljarar av matvarer. Nedst på rangstigen stod «resten», som var småkårsog arbeidsfolk av alle slag. Truleg hørte over halvparten av bybefolkninga med til denne gruppa. Kongemakta Godt ein halv million menneske, av dei 95 % bønder og 5 % byfolk, var på 1200-talet den fremste «ressursen» den norske kongen hadde. Men kva slags forhold var det eigentleg mellom konge og undersåttar? På 800-talet tok høvdingane seg av oppgåver innanfor den heidenske religionen. Dei var ansvarlege for lov og rett, og dei leidde forsvaret mot ytre fiendar. Vi veit at den norske kongen hadde vore ein høvding som hadde fått overtaket på dei andre høvdingane og teke dei inn i si teneste. Vil det seie at kongen heldt fram med å ta seg av dei same funksjonane som høvdingane hadde hatt? Kongen og rettshandhevinga Høvdingane hadde fungert som konfliktløysarar. Men den eigentlege rettshandhevinga gjekk føre seg på bygdetinget, der alle vaksne menn møtte. Over bygdetinga stod dei fire lagtinga: Eidsivatinget for det indre Austlandet, Borgartinget for det ytre Austlandet, Gulatinget for Agder og Vestlandet og Frostatinget for Trøndelag og Nord-Noreg. Akkurat som bygdetinga var lagtinga lenge allting, det vil seie at alle vaksne menn kunne ta del der. Lagtinga var ikkje berre dei høgaste domstolane i landet, dei kunne også gi lover. Dermed skapte dei kvar sitt lovverk. Desse lovene, som er kalla landskapslovene, blei skrivne ned på 1000-talet. Inn i landskapslovene blei så kristenretten sett på 1100-talet. Kristenretten var lover som galdt kyrkja, kristenlivet og dei ti boda. Høvdingane hadde eigentleg ikkje teke så mykje del i denne rettsordninga. Rolla deira var ikkje å dømme, men å hjelpe folk med å setje dommane i verk, for eksempel med å krevje inn bøter som lovbrytarar blei dømde til å betale. Kongane begynte derimot seint, men sikkert å ete seg inn på den SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 69

folkestyrte tingordninga. Dei tok over meir og meir av iverksetjinga av dommane, slo til seg bøtene og endra tingordninga frå allting til nemndeting, det vil seie at allment frammøte blei erstatta av utpeika representantar. Til slutt kravde kongane også retten til å lage nye lover. Det toppa seg under Magnus Lagabøte (tilnamnet tyder «lovbøtaren»), som skifta ut landskapslovene med to lovbøker som dekte heile Noreg, nemleg Landslova av 1274 for landdistrikta og Bylova av 1276 for byane. Dette lovverket blei ståande i fire hundre år. Rolla som lovgivar brukte kongen også til å sikre si eiga stilling. Tronfølgja hadde vore eit problem for det norske riket heilt frå 800-talet. Dette problemet blei no løyst. Håkon Håkonsson ønskte å bli krona med kyrkjeleg velsigning, men ville ikkje gå med på ei tronfølgjeordning som den frå 1163. Han blei å bli krona sommaren 1247 av pavens sendemann utan å gi motytingar til kyrkja. Men i 1270-åra, under ettermannen Magnus Lagabøte, blei tronfølgjeordninga endeleg fastlagt i forhandlingar med kyrkja. Det blei no slått fast at dersom det ikkje var arvingar, skulle den nye kongen veljast etter reglene frå 1163. Med det var problema frå borgarkrigstida og tidlegare tider rydda av vegen. Kongen og forsvaret Kongane tok tidleg på seg rolla som militære leiarar. Alt på 900-talet skal Håkon den gode ha organisert leidangen, ei sjøforsvarsordning som først omfatta Vestlandet, men som seinare blei utvida til heile riket. Kystbygdene blei delte inn i skipreider, og kvar skipreide hadde plikt til å stille med eitt skip og med tilhørande mannskap, våpen og proviant. Innlandsbygdene måtte betale skatt i staden. Snart fann kongane på å la kystbygdene også betale leidangen som ein skatt i fredstid. Det var den einaste faste skatten i Noreg i mellomalderen. Denne skatten var kongen sitt motstykke til tienda, som kyrkja kravde inn. Kongane bygde også opp ein militær styrke som var uavhengig av bøndene. Det var hirda, ei gruppe elitesoldatar som var knytte til kongen med spesielle truskapsband. Men hirda var også noko meir. Alle som tente kongen i styringa av staten, blei medlemmer av denne organisasjonen. I 1277 innførte kongen ei ny, europeisk inspirert rangering av hirda. Lendmennene fekk no tittelen baronar, og nivåa under blei delte i riddarar og væpnarar. Snart skulle hirdmedlemmene bli oppfatta som adelen i Noreg. Vi ser med andre ord ein klar samanheng i kva slags oppgåver høvdingane og seinare rikskongane tok seg av: religionsutøving, lov og orden og vern mot ytre fiendar. Men både i rettsstellet og i forsvaret hadde folket viktige roller frå gammalt av. Berre gradvis fekk kongane det avgjerande grepet om desse to grunnleggjande samfunnsoppgåvene. Kyrkja som statsmakt Kongane stilte seg i spissen for kristninga av landet. I misjonsfasen på 1000-talet var kyrkja heilt i hendene på kongane og blei brukt som ein reiskap i rikssamlinga. Men på 1100-talet fekk kyrkja ein fastare organisasjon og reiv seg laus frå kongens grep. Ikkje minst blei kyrkja økonomisk uavhengig gjennom store jordeigedommar og gjennom retten til å krevje bøndene for tiend. Rundt 2000 personar stod i direkte teneste for kyrkja. Leiarane var erkebiskopen i Nidaros (Trondheim) og biskopane i Bergen, Stavanger, Oslo og Hamar. Med i den same gruppa hører dei fremste prestane ved biskopskyrkjene og abbedane og abbedissene som styrte munke- og nonneklostera. I alt omfatta SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 70

denne kyrkjelege eliten eit hundretal personar. Det nedre sjiktet var dei vanlege sokneprestane som budde rundt omkring i landet, og munkane og nonnene i klostera. Da den norske staten fann si endelege form på 1200-talet, var det i samarbeid med kyrkja. Men på eitt punkt oppstod det open konflikt mellom konge og kyrkje. Kyrkja kravde nemleg å få dømme og bøteleggje for brot på kristenretten. Håkon Håkonsson ville ikkje gi avkall på ein så stor del av rettshandhevinga, og den meir føyelege Magnus Lagabøte valde først å gå utanom problemet ved å halde kristenretten utanfor dei to nye lovbøkene sine. Det kom til eit kompromiss i 1277, ein avtale mellom kongen og kyrkja som blir kalla sættargjerda i Tønsberg. Her oppnådde kyrkja domsrett i «åndelege» saker av ein type som stort sett svarte til innhaldet i dei eldre kristenrettane, men som no var nøyaktig presisert og avgrensa. Kva utretta mellomalderkyrkja? Ein del historikarar og religionsforskarar har hevda at kristendommen aldri slo djupt inn i mellomaldermenneska, og at det først var med Hans Nielsen Hauge og lekmannsrørsla hans, omkring 1800, at nordmennene blei verkeleg kristna. Den katolske kyrkja skulle etter eit slikt syn ikkje ha greidd å få gjennomslag for forkynninga si. Som eksempel på kor lite disiplinerande kristendommen verka, har det vore framheva korleis vald heldt fram med å prege samfunnet etter trusskiftet, og korleis umoral og forfall rådde i kyrkja sjølv. Andre forskarar meiner at kyrkja verkeleg makta å påverke det livet folk førte. Folk flest følgde dei omfattande krava om å gå til gudsteneste på søndagar og festdagar gjennom kyrkjeåret. Kyrkja førte ein vellykka kamp mot gamle skikkar som blodhemn og utbering av barn. Dersom den siste oppfatninga er den rette, blir det lettare å forstå at kyrkja og kongemakta utfylte kvarandre og hadde gjensidig nytte av å samarbeide: Kyrkja påverka menneska til eit fredeleg og moralsk liv, og kongen sat med maktmidla mot dei som krenkte den kristne samfunnsordninga. Kongen kunne dessutan styrkje sin eigen autoritet ved å samarbeide med kyrkja. Seremoniar som hylling og kroning understreka at makta til kongen var gitt frå Gud og gjorde han til arvtakar etter Olav den heilage. Kongane hadde interesse av å bruke geistlege i statstenesta, sidan mange av dei geistlege var lese- og skrivekunnige og språkmektige. Erkebiskopen og biskopane fekk sete i kongens rådgivande organ, riksrådet, saman med representantar for aristokratiet. Kva slags stat? Europa i mellomalderen var prega av eit samfunnssystem som blir kalla føydalismen. Systemet ordna aristokratiet (adelen) i eit strengt hierarki. Kvar person i hierarkiet gjorde truskapseid til ein person på nivået over. På toppen av pyramiden trona ein fyrste (konge eller keisar). Truskapen gjekk oppover frå den undergitte, som blei kalla vasall, til herren. Til gjengjeld for truskapen forplikta herren seg til å verne vasallen. Somme av desse trekka kan vi finne igjen på norsk grunn. Forholdet mellom kongen og stormennene hans i hirda følgde det europeiske førebiletet, særleg tydeleg etter hirdlova av 1277. Men det finst også to viktige skilnader: Pyramiden i Noreg hadde berre to trinn, med kongen som herre og hirdmedlemmene som vasallar. I den europeiske føydalismen var det dessutan eit gjennomgåande trekk at vasallane fekk jord i byte for truskapslovnaden til herren. Slik var det i liten grad i Noreg. Vi har hørt at omkring 1300 åtte kongen berre 7 % av jorda i landet. I Noreg var det ikkje jord, men statsteneste som gav kongetru personar økonomiske fordelar. At det var SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 71

slik, kom til å prege heile samfunnet. Den europeiske føydalherren sat med jord i form av eit gods. Ein del av jorda leigde han ut til bønder, og ein del brukte han sjølv i tilknyting til ei borg eller eit slott. Bøndene måtte betale leige for den jorda dei brukte, og dessutan måtte dei gjere pliktarbeid på storgarden til herren. Til gjengjeld gav herren bøndene vern mot fiendar og heldt oppe lov og orden. Etter kvart fekk han hand om alle offentlege funksjonar innanfor godset sitt. Det vil seie at bondebefolkninga aldri var i kontakt med kongen eller embetsmennene hans. Ei slik samfunnsordning fanst ikkje i Noreg. Jordeigedommane var her så oppstykka og så spreidde at det var nesten uråd å styre og utnytte bøndene så tett som lenger sør i Europa. Leiglendingane betalte leige, som blei kalla landskyld, men dei gjorde som regel ikkje pliktarbeid. Og det var ikkje jordherren, men ein kongeleg embetsmann som utførte oppgåvene til staten, for eksempel skatteinnkrevjing, handtering av lov og rett og militær utkommandering. Føydalismen blir av og til framstilt som eit utbyttingssystem der eit lite mindretal av menneske kunne gjere seg rike på kostnad av ei fattig bondebefolkning. I norsk samanheng ligg det nærmare å understreke at kongen tok seg av funksjonar som var viktige for heile befolkninga. Kongen samarbeidde ikkje berre med kyrkja og det verdslege aristokratiet, men også med bøndene. Samfunnet var gjennomvove av patronasje, som innebar at ressursar også blei flytta nedover på den sosiale rangstigen. Repetisjonsspørsmål 1 Kva var Noregsveldet, og kva landområde omfatta det? 2 Kva problem opplevde samane i møtet med den norske staten i mellomalderen? 3 Kva kjelder har vi til kunnskap om folketalet i Noreg i mel lomalderen? 4 På kva område var forholda ulike for kvinner og menn? 5 Kva var ein træl? 6 Kva byar fanst i Noreg i mellomalderen, og kva var årsak ene til framveksten av byane? 7 Kva slags oppgåver utførte kongen i mellomalderen? 8 Korleis fungerte tingordninga? 9 Kva var hirda? 10 Var kyrkja ein støttespelar eller ein motstandar av konge makta på 1100- og 1200-talet? SAMFUNN OG STAT I NORGE I MELLOMALDEREN KAPITTEL 8 72

KAPITTEL 9 Pest og tap av norsk sjølvstende Elevane skal kunne gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1800 I europeisk historie står seinmellomalderen som ei uroleg tid der gammalt gjekk til grunne og nytt var i emning. Alt som var bygd opp i Noreg i dei 500 åra fram til omkring 1300, blei tilsynelatande øydelagt igjen i dei neste 200 åra. Seinmellomalderen blir hos oss oftast framstilt som ei nedgangstid. Nedgangen hadde tre sider. Den eine var det svære folketapet som kom i kjølvatnet av pesten, av svartedauden. Den andre var at utlendingar gjorde seg sterkare gjeldande i landet. Den tredje var at Noreg blei utsletta som sjølvstendig stat. Vi skal undersøkje om det var ein årsakssamanheng i det som skjedde om nedgangen i folketalet undergrov evna til å stå på eigne bein for landet. På vegen gjennom denne undersøkinga ventar det oss ei viktig oppdaging: Det som var uheldig for staten og for dei leiande samfunnsgruppene, kunne vere positivt for folk flest! Var det ikkje ei nedgangstid likevel? PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 73

islandsk annal, det vil seie ei Fram til Noreg blir lydrike under Danmark bok med opplysningar om kva som skjedde år for år. I boka 1319 1355 1349 1350-åra Konge felles med Sverige. Svartedauden. Hanseatane set seg for alvor fast i norske byar. blir ordet «drepsott» brukt, og det blir fortalt at sjukdommen hadde komme nordover frå middelhavslanda. I Noreg hadde han teke livet av to tredelar av 1380 1814 Konge felles med Danmark. befolkninga. 1397 Kalmarunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg. Vi har all grunn til å feste lit til 1449 1450 1536 1537 Kristian 1., første konge av familien Oldenburg. Avtale om evig union mellom Danmark og Noreg. Det norske riksrådet avskaffa. Reformasjon. Noreg lydrike under Danmark. det den ukjende islendingen skriv, for svært mange tilsvarande opplysningar frå andre land peikar i same retning. Som vi hørte i kapittel 8, var sjukdommen Svartedauden Ein seinsommardag i 1349 kom eit handelsskip frå England til Bergen. Det la til ved Bryggen, og lossinga av varene tok til med det same. Men plutseleg braut det ut sjukdom blant mannskapet, og på kort tid var alle døde. Panikken spreidde seg i byen da folk fekk høre at sjøfolka hadde fått blåsvarte byllar over heile kroppen, og at dei døydde med blodig oppkast og ulidelege smerter. Alle forstod at det måtte vere tale om ein ny og forferdeleg sjukdom. Men det var for seint å stanse sjukdommen, for varene frå skipet var blitt spreidde rundt i byen. Folk som hadde vore i kontakt med dei, fekk byllane, og dei fleste av dei sjuke døydde etter eit par døgn. I dei neste vekene og månadene nøgde ikkje sjukdommen seg med å herje i Bergen, som den gongen var den største byen i Noreg. Han slo til over heile landet, og overalt døydde folk i hopetal. Nokre få år seinare blei denne historia skriven ned i ein ein pest som kom til Europa frå Asia i 1347. Pesten viste seg først ved Svartehavet, flytta seg så til middelhavsområdet og spreidde seg derifrå nordover. Da utbrotet stilna fem år seinare, hadde berre Island og Finland gått fri. Ein reknar med at denne pesten halverte folketalet i Europa. Pest er ein sjukdom som eksisterer den dag i dag. Sjukdommen hører normalt heime blant smågnagarar, men under spesielle forhold kan han springe over på menneske. På 1300-talet råka pesten først dei svarte rottene, som nærmast var eit slags «husdyr» overalt i Europa. Blodsugande lopper bar smitten med seg frå dyr til dyr, men når rottene døydde, forvilla loppene seg over på menneska. Dei sjuke fekk store, blåsvarte byllar rundt lymfeknutane i hals, armholer og lyske. På grunn av fargen blei sjukdommen også kalla svartedauden. Opptil 80 % av dei sjuke døydde. Byllepesten kunne dessutan slå over i lungepest, som smitta gjennom luftvegane. Da blei sjukdommen nesten 100 % dødeleg. PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 74

Pest er altså ein eigen sjukdom og hadde frå langt tilbake hatt tilhald i Asia. Under dei store folkevandringane på 500-talet hadde sjukdommen greidd spranget til Europa og herja i denne verdsdelen i eit par hundre år. Så var han blitt borte. Da mongolane på 1200-talet skapte eit rike som strekte seg frå Kina til Russland, auka handelen og samferdsla mellom Europa og Asia på nytt, og i 1347 slo altså pesten til igjen i vår verdsdel. Etter den første kraftige epidemien blussa sjukdommen opp gong på gong. Det siste kjende utbrotet av pest i Noreg kom i 1655. Det siste i Norden var i København og Skåne i 1711, og det siste i Vest-Europa herja i Provence i 1720 1722. Frå 1500-talet og utover hadde sjukdommen kravd gradvis færre liv, og det er mogleg at det etter kvart bygde seg opp ein immunitet i den europeiske befolkninga. Folketapet Den islandske årbokskrivaren hevda at to tredelar av det norske folket døydde i den første pestbølgja i 1349. Det var meir enn i Europa sett under eitt. Kan påstanden kontrollerast? Vi veit at den første pestbølgja slo over heile landet. Ingenting tyder på at sjukdommen gjorde skilnad på ung og gammal, kvinne og mann, høg og låg. Var det geografiske skilnader i mortaliteten (dødsavgangen), må det helst ha vore slik at folk som budde avsides, kunne sleppe unna pesten. Men skal vi tru segna om Jostedalsrypa, ei einsleg jente som levde igjen i den avsidesliggjande Jostedalen i Sogn, nådde pesten fram også til avkrokane. Vi kan med andre ord tenkje oss Noreg etter den første pestbølgja som eit land der befolkninga var kraftig uttynna, men ikkje endra på annan måte. Prisane på jord i siste halvdelen av 1300-talet låg på berre 25 40 % av det dei hadde vore før epidemien. Leigetakstene gjekk ned til 20 30 % av det dei hadde vore før 1349. Korntienda til kyrkja var ved inngangen til 1400-talet berre rundt 40 % av nivået tidleg på 1300-talet. Alt i alt kan desse opplysningane passe godt med eit folketal som var redusert til ein tredel. Vi kan også bruke endringar i busetnaden når vi skal vurdere omfanget av folketapet etter pesten. Talet på gardar der det budde folk, gjekk ned til godt under det halve av talet før pesten. Talet på driftseiningar (gardsbruk) kan ha gått enda meir ned. Folketalet i høgmellomalderen har vi rekna til godt over 500 000. Dette talet byggjer på at det fanst vel 70 000 gardsbruk i landet. Eit nytt overslag er det først mogleg å gjere rett etter 1500. Da var det rundt 25 000 gardsbruk, og folketalet kan ha vore rundt 170 000. Det gir ein nedgang til rundt ein tredel. Jamvel om reknestykka er usikre, stadfestar dei at nedgangen var stor og folketapet langvarig. Det er vanskeleg å seie nøyaktig korleis denne nedgangen i folketalet gjekk føre seg frå 1349 til tidleg på 1500-talet. Alt taler for at nedgangen var stor allereie på 1300-talet. Deretter må folketalet ha stått stille i over 100 år. Vi trur at denne stagnasjonen arta seg som kortare periodar med vekst i folketalet, vekslande med nye epidemiar som sette det tilbake igjen. Slik PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 75

er i alle fall det mønsteret som er kjent frå andre land i Europa. Konklusjonen blir at folketapet var stort, og at det framleis var fullt synleg i første delen av 1500-talet, 150 år seinare. Verknader for bondebefolkninga Vi kan lett tenkje oss det uhyggelege ved eit pestutbrot. Dei døde måtte leggjast i store fellesgraver på kyrkjegardane. Mange døde blei også berre liggjande i husa, fordi folk var redde for å ta i dei og bli smitta. Så snart utbrotet var over, tok leitinga etter overlevande til. Mange stader var det berre barn eller gamle som var igjen. På gardane kunne husdyra vere døde på grunn av manglande stell, og avlinga på åkeren kunne ha gått tapt fordi det ikkje fanst folk som kunne hauste. I slike tilfelle kom det hungersnød i fotefara etter pesten. Så snart samfunnet hadde begynt å fungere igjen, sette andre og meir langsiktige forandringar inn. Under den lange vekstperioden tidlegare i mellomalderen hadde busetnaden heile tida spreidd seg frå sentrum mot utkant innover i landet, oppover mot fjellet, frå den beste dyrkingsjorda til den skrinnaste. Etter 1349 kom ei omvend utvikling. No søkte folk inn til dei sentrale områda, der det låg gode gardar ledige etter pesten. Der kunne dei byggje opp på nytt dei tette og trygge lokalsamfunna som pesten hadde øydelagt. Neppe nokon gong har Bygde-Noreg opplevd ein så stor mobilitet som i tiåra etter svartedauden. Vi kan berre ane kor sterkt dette flyttemønsteret påverka dialektar og lokale skikkar og tradisjonar. Sannsynlegvis skjedde det omleggingar i jordbruket parallelt med desse endringane i busetnaden. Korndyrkinga blei halden oppe og kasta truleg meir av seg for gjennomsnittsbonden enn tidlegare, fordi den dårlegaste jorda blei fråflytta. Men bøndene kunne samstundes utnytte øydegardane til slått og beite i staden for å måtte dra til fjerne seterstølar. Sett under eitt blei derfor åkerbruket mindre viktig enn før, samanlikna med husdyrhaldet. Kosthaldet fekk da også eit mindre innslag av korn og eit større innslag av mjølk og kjøtt. Ei viktig næring som fisket opplevde ei glanstid i seinmellomalderen. Trass i folketapet voks etterspurnaden etter fisk ute i Europa, der forbodet frå kyrkja mot å ete kjøtt på fredagar og i fastetida før påske no blei betre etterlevd enn før. Det blei svært gunstig å byte fisk mot korn. Derfor greidde mange å livberge seg av fisket utan særleg støtte i jordbruket, i motsetnad til det som var vanleg før og også seinare. Skattelister frå rundt 1520 viser at folketalet i dei typiske fiskeriområda heldt seg oppe, og at fiskarane stod seg godt økonomisk. Vi kan med andre ord rekne med at all næringsdrift var lettare etter svartedauden enn før, og at folk flest må ha klart seg betre da folketalet gjekk ned. Men den kanskje aller viktigaste endringa i økonomien galdt landskylda, den leiga som bøndene betalte når dei ikkje åtte bruka sine sjølve. Før måtte leiglendingane overby kvarandre for å skaffe seg jord. No kunne dei velje og vrake i all jorda som var blitt ledig, og leiga kunne dei prute nedover. Vi har hørt at landskylda på dei bruka som var i drift, gjekk ned til rundt ein firedel av det ein måtte betale før pesten. I høgmellomalderen betalte bøndene så mykje som 20 % av nettoproduksjonen sin i leige. No kunne dei betale berre om lag 5 %. Ein redusert adel Vi har ingen haldepunkt for å meine at pesten gjekk hardare utover somme grupper enn andre. Vi må derfor gå ut frå at også adelen, den verdslege elitegruppa i det norske samfunnet, blei redusert på linje med bondebefolkninga. Adelen må med andre ord ha minka til ein tredel av sin tidlegare storleik. Materielt sett skulle altså éin adelsperson no rå over PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 76

det som tre hadde hatt før 1349. Men var det slik? Sjølvsagt heldt adelen oppe eigedomsretten til all jorda si. Men det som skjedde, var for det første at ein del jord blei liggjande heilt ubrukt, utan å gi inntekter. For det andre gjekk leigesatsane ned til rundt ein firedel for den jorda som framleis var i bruk La oss gå ut frå at to tredelar av bruka som hørte til adelsgodsa, blei liggjande ubrukte etter pesten. Vi veit at slike øydegardar blei nytta til slått og beite og kunne gi litt inntekter på den måten. Men elles blei altså mengda av utleigd gods redusert om lag like mykje som adelsgruppa sjølv. Det som blei det hardaste slaget for adelen, var dermed nedgangen i landskyldsatsane. Samla sett tente ein gjennomsnittleg norsk adelsmann etter svartedauden berre ein firedel av det han hadde tent før. Krisa for den norske adelen i seinmellomalderen var altså todelt: Gruppa blei mindre, og ho stod svakare økonomisk. Begge delar var med på å undergrave den posisjonen adelen som gruppe hadde i samfunnet. Di mindre gruppa blei, di vanskelegare var det å skaffe standsmessige ektemakar og sikre etterslekta. Med inntektene forsvann også den livsstilen og den sosiale rolla som skulle markere eit skilje i høve til bondebefolkninga. Ei svakare kyrkje Korleis kom kyrkja ut av folketapet? Ho hadde oppgåver i samband med både sjukepleie og gravferd, og det må ha vore minst like stor dødsavgang blant dei som var knytte til kyrkja, som i befolkninga elles under pestutbrota. Økonomisk blei kyrkja hardt råka av folketapet. Tienda gjekk ned til rundt 40 % av det tidlegare nivået. Det utleigde jordegodset som kyrkja åtte, skrumpa til ein tredel i takt med folketalet. Men i tillegg gjekk leigeinntektene av denne tredelen ned til ein firedel av det dei hadde vore før pesten. Samla sett var inntektene til kyrkja truleg berre rundt 20 % av det dei hadde vore før 1349. Kyrkja blei ein tapar på same måten som adelen. Kyrkja kunne rettnok møte denne situasjonen lettare enn adelen, ved at talet på prestar og ordensfolk blei tilpassa dei reduserte inntektene. Ein blei ikkje prest, munk eller nonne etter fødsel, men etter kall og personleg avgjerd. Derfor kunne tilpassinga for kyrkja sine tenarar skje lettare og raskare enn for adelen. På den andre sida sat kyrkja med ein stor og kostbar bygningsmasse i form av kyrkjer og kloster. Å la desse bygningane forfalle på stader der det ikkje lenger var befolkningsunderlag, var inga lett avgjerd å ta. Kyrkja hadde altså økonomiske plikter som var større enn inntektsgrunnlaget, og derfor blei kyrkja truleg like hardt råka av svartedauden som den verdslege eliten. Ein fattigare stat Det vi har sagt om adelen og kyrkja, gjeld også sjølve staten. Statsinntektene i form av bøter og leidangsskatt må ha minka til ein tredel, akkurat som folketalet, og jordegodset, som var det viktigaste, kan etter 1349 ikkje ha kasta meir av seg enn ein tidel av det tidlegare nivået. Svekkinga av den norske staten viser seg tydelegast på grunnplanet, mellom bøndene. I kvart lokalsamfunn løyste bøndene i større grad enn før sine eigne tvistemål og dei felles oppgåvene sine utan innblanding frå kongen eller representantane hans. Kongen kunne ikkje lenger diktere skattar og andre ytingar frå bøndene, men måtte pent forhandle med dei om frivillige bidrag. Blei Noreg hardare råka enn nabolanda? Danske og svenske historikarar har hatt vanskelegare for å måle folketapet etter pesten i landa sine enn dei norske. I Vest-Europa under PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 77

eitt er det vanleg å rekne med at folketalet blei halvert. Det kan derfor ikkje utelukkast at nedgangen i Danmark og Sverige kan ha vore mindre enn i Noreg. Dessutan er det mogleg at folketalet i Danmark og Sverige tok til å auke igjen tidlegare enn i Noreg, der oppgangen ikkje kom før rundt 1500. Det kan derfor tenkjast at dei to nabolanda var blitt relativt sterkare enn Noreg utover i seinmellomalderen. Det kunne få politiske følgjer. Utlendingane kjem! Vi reknar med at det var om lag 300 adelsfamiliar i Noreg tidleg på 1300-talet. Dei aller fremste hadde sete i riksrådet saman med biskopane. Adelen var meir talrik både i Danmark og i Sverige enn i Noreg, og den danske og svenske adelen blir også rekna som økonomisk sterkare enn den norske. Det kan ha hatt mykje å seie for korleis gruppa klarte seg. Barnløyse, kombinert med at kongane slutta å adle nye folk, kan forklare at talet på norske adelege gjekk ned utover mot 1500-talet. Samstundes var ekteskapsmarknaden så liten at mange fann seg adelege ektemakar utanfor landegrensene. Det var bakgrunnen for at stadig fleire utlendingar dukka opp i den norske adelen og til og med kom inn i riksrådet. Vincents Lunge er eit eksempel (sjå side 133). Rundt 1500 var det blitt vanleg at danske adelege fekk embete og inntekter i Noreg og tok plassen frå landets eigen adel. Utlendingar slo seg også ned i dei norske byane. Heilt sidan 1200-talet hadde tyske kjøpmenn komme til Noreg for å byte til seg fisk mot korn. Mange av dei kom frå dei store nordtyske hamnebyane, som var organiserte i eit forbund som blei kalla Hansaen. Dette forbundet bygde opp eit handelsnettverk over det meste av Nord-Europa. I 1350-åra, rett etter svartedauden, slo hanseatane seg fast til i Bergen og skapte sitt eige tyske samfunn på Bryggen. Til sist budde eit tusental tyskarar der. Dei var organiserte i det såkalla Kontoret, og Mariakirken fungerte som soknekyrkje for dei. Hanseatar busette seg også i Tønsberg og i Oslo. I seinmellomalderen skaffa hanseatane seg meir eller mindre monopol på den norske utanrikshandelen, fordi dei kontrollerte tilførselen av matkorn, som Noreg no var blitt heilt avhengig av. I stor grad styrte dei seg sjølve uavhengig av norsk lov. Verken styresmaktene i byen eller kongen våga å trasse dei. Inn i unionane Svartedauden og dei seinare pestepidemiane slo ned på eit Noreg som politisk var i sterk forandring. Den staten vi har lært å kjenne på slutten av 1200-talet, var på veg ut. Da barnebarnet til Håkon Håkonsson, Håkon 5. Magnusson, døydde i 1319, begynte ei unionstid som varte heilt til 1905. Ordet union kan vekkje negative førestellingar om at ein stat blir slått saman med eller heilt underlagd ein annan. Men ordet kan tyde alt frå eit laust samband i form av kongefellesskap, også kalla personalunion, til ei sterk integrering i ein annan stat. Håkon 5. Magnusson døydde i 1319 utan søner, og krona gjekk derfor i arv til dottersonen Magnus Eriksson. Han var også svensk konge, og han budde helst i det svenske riket sitt og lét det norske riksrådet ta seg av det meste av styret i Noreg. Riksrådet var eit rådgivande organ med representantar frå adel og kyrkje, som kongane tidlegare hadde brukt som ei slags regjering. Både i Sverige og Danmark var skikken slik at når ein konge fall frå, skulle den nye kongen veljast. Det var riksrådet i landet som stod for valet. I Noreg gjekk kongemakta i arv, og no blei denne ordninga sett udner press. Magnus Eriksson var den første som braut dei norske reglane da han avgjorde at Noreg skulle gå til den nest eldste PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 78

sonen hans. Det norske riksrådet protesterte ikkje. Kanskje var riksrådet godt nøgd med at den norsk-svenske unionen blei oppløyst igjen. Håkon 6. Magnusson tok over i 1355 og gifta seg med den danske prinsessa Margrete. No stod Noreg atter under sitt eige kongepar. Men Margrete viste seg å ha planar som omfatta alle dei tre nordiske kongerika. Da Håkon døydde i 1380, blei son deira, Olav Håkonsson, automatisk konge i Noreg i kraft av arveretten. Men Margrete oppnådde at han samstundes blei vald til konge i Danmark. Her, i 1380, begynte dermed eit kongefellesskap ein union med Danmark, som skulle vare heilt fram til 1814. Sidan Olav var berre barnet, ordna Margrete det slik at ho sjølv fekk hand om styret av dei to rika. Men så gjekk det ikkje betre enn at Olav døydde i 1387 utan arvingar. Da var Noreg i same stilling som Danmark ein ny konge måtte veljast. Her greidde Margrete sitt neste kunststykke, nemleg å overtale begge riksråda til å la henne ta over tronene og makta under tittelen «fuldmægtige frue og husbonde». Aldri tidlegare hadde desse landa hatt eit kvinneleg overhovud. Men spørsmålet om ein etterfølgjar var ikkje løyst. Da henta Margrete fram slektningen Erik av Pommern. I 1397 fekk ho han vald til felles konge i Danmark, Sverige og Noreg. Dei tre nordiske rika var dermed samla i Kalmarunionen. Men Margrete sat framleis med styringa fram til sin dødsdag i 1412. Ved dei neste kongeskifta måtte det norske riksrådet godta dei kandidatane som dei to andre nordiske riksråda valde. Dei norske arvereglane blei sette til side. I 1448 valde det danske riksrådet den tyske småfyrsten Kristian 1. av Oldenburg til konge. Svenskane valde ein annan kandidat og braut ut av unionen. Det norske riksrådet vingla, men enda med å følgje Danmark. No blei eit viktig skritt teke: I Bergenstraktaten av 1450 gjorde dei to riksråda ein avtale om at Danmark og Noreg skulle høre saman «til evig tid» (det blei til 1814). Kongevalet skulle gjerast av dei to riksråda i fellesskap. Elles skulle dei to rika vere likestilte og sjølvstyrte. Riksrådsstaten Det viktigaste kjennemerket ved ein stat er at han er sjølvstendig eller suveren. I det arvekongedømmet som blei skapt under Håkon Håkonsson på 1200-talet, låg suvereniteten hos kongen og gjekk frå far til eldste son i kongsslekta. Kva skjedde med denne suvereniteten da landet kom i kongefellesskap med nabolanda? Vi har sett at det norske riksrådet fleire gonger etter 1319 godtok at arvereglane blei sette til side. I 1450 avgjorde riksrådet at den norske kongen frå no av skulle veljast. Ordninga innebar at når ein konge døydde, gjekk makta over til riksrådet, som så avgjorde kven som i neste omgang skulle få makta. Den makta vi her snakkar om, er nettopp suvereniteten. Så lenge det fanst eit norsk riksråd som tok del i valet, må vi oppfatte det slik at Noreg framleis var ein suveren stat. Ved valet av konge kunne riksrådet stille vilkår, og dersom kongen braut desse vilkåra, hadde riksrådet rett til å ta suvereniteten tilbake. Straks Kristian 1. var vald til norsk konge i 1449, sette han og rådet opp eit politisk dokument som blei kalla handfesting. Handfestinga inneheldt dei vilkåra han forplikta seg til å styre etter. Kvar einaste konge fram til 1660 måtte setje namnet sitt under eit slikt dokument. Handfestinga var med andre ord ein avtale som fungerte som ein konstitusjon eller ei grunnlov for styringstida til kvar einskild konge. Frå likestilling til underordning Forholdet mellom unionspartnarane Danmark og Noreg var også PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 79

på gli. Kongane Hans, Kristian 2. og Fredrik 1., som var etterfølgjarane etter Kristian 1., blei ikkje valde i fellesmøte mellom dei to riksråda, slik føresetnaden var i Bergenstraktaten. Det danske riksrådet valde først. Dermed hadde ikkje det norske riksrådet annan utveg enn å velje den same personen, dersom kongefellesskapet skulle haldast ved lag. Noreg blei den svake parten i unionen, og den norske suvereniteten var nesten berre symbolsk. Desse kongeskifta var rettnok ikkje særleg omstridde, men annleis blei det da Fredrik 1. døydde i 1533. På det tidspunktet var reformasjonen i gang i Tyskland, under leiing av teologen Martin Luther (1483 1546). Reformasjonen var eit opprør mot den romersk-katolske kyrkja og fekk mange sympatisørar rundt omkring i Europa, også i Danmark. Ein av dei var Kristian, eldste son av Fredrik 1. Det danske riksrådet var splitta i kongevalet. Det braut ut borgarkrig, og først i 1536 stod Kristian som sigerherre. Han fekk sett biskopane i riksrådet i fengsel og oppretta ei evangelisk-luthersk statskyrkje. Av dei medlemmene som var igjen i riksrådet, blei han så vald til dansk konge under namnet Kristian 3. I Noreg stod riksrådet under leiing av erkebiskopen i Nidaros, Olav Engelbrektsson. Han forstod straks at dersom det norske riksrådet tok Kristian 3. til konge, ville det også i Noreg vere slutten for den katolske kyrkja. Han utsette derfor kongevalet, forhandla for å finne ein katolsk kandidat og prøvde å utmanøvrere motstandarane sine. I det norske riksrådet var adelsmannen Vincents Lunge den som gjekk sterkast imot erkebiskopen. Han var fødd i Danmark, men hadde gifta seg inn i ei av dei rikaste norske adelsslektene og blitt ein framståande mann i det nye fedrelandet sitt. Han ønskte å halde oppe sambandet med Danmark og gjekk til og med inn for protestanten Kristian 3. som konge. Dragkampen mellom dei to enda med at erkebiskop Olav fekk teke livet av den danskvennlege innflyttaren. Men den drepne hadde mange likesinna. Det Olav Engelbrektsson gjorde, kunne oppfattast som eit opprør og eit brot på Bergenstraktaten av 1450, som knytte dei to rika saman i ein «evig» union. Da Kristian 3. blei vald til konge i Danmark i 1536, sette han opp ei handfesting med eit avsnitt som sidan har blitt heitande Noregsparagrafen. Der står det at fordi det norske riksrådet hadde gjort seg skuldig i opprør, skulle det avskaffast. Noreg skulle for framtida berre reknast som «et ledemod», det vil seie ein del, av Danmark. Frå no av var det altså det danske riksrådet som skulle velje konge for Noreg. Vi kan seie at suvereniteten blei flytta til eit organ utanfor Noreg sjølv, og at Noreg dermed opphørte som sjølvstendig stat. Slik blei det sett sluttstrek for den politiske utviklinga som hadde begynt med personalunionane frå 1319. Olav Engelbrektsson var den siste som prøvde å forsvare det norske sjølvstendet. Om han gjorde det for landet eller for kyrkja si, er vanskeleg å seie. Men han hadde nesten inga militærmakt å støtte seg til. I april 1537 måtte han gi opp kampen og rømme til Nederlanda, mens danske styrkar tok kontrollen i Noreg. Vinnarane var for det første den danske kongen. Han hadde sikra seg herredømmet i Noreg, hadde teke over eigedommane til kyrkja og fått det trusskiftet han personleg ønskte. Vinnarar var også den danske adelen, som no kunne rekne med embete og inntekter i nordriket i tillegg til Danmark. Var seinmellomalderen ei nedgangstid? I 1567 skreiv den lærde bergensaren Absalon Pederssøn Beyer at Noreg hadde mista sin manndoms styrke og makt. Han samanlikna landet med eit menneske som var blitt så gammalt og PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 80

skrøpeleg at det knapt kunne bere vekta av sine eigne klede. Eit sørgjeleg bilete! Norske historikarar i nyare tid har også brukt ord med negativ klang om seinmellomalderen: pest, folketap, avfolking, samanbrot, union, provins. Alle kan dei samanfattast i ordet nedgang. Svært mange som har skrive om denne nedgangen, har vore opptekne av dei same tre sidene ved utviklinga som vi, nemleg folketapet, den stadig sterkare utanlandske innverknaden og svekkinga av Noreg som stat. Men for ein historikar er det ikkje nok å undersøkje kva som skjedde, slik vi har gjort til no i kapittelet. Ein historikar er minst like interessert i kvifor det skjedde. Kan vi få årsakene opp i dagen, gir dei oss ei kjensle av å ha forstått kva som gjekk føre seg. Vi kan snakke om årsaker for kvart av dei tre emna. Nedgangen i folketalet kom av at sjukdommen pest kom til Europa og blei verande her i fleire hundre år. Denne årsaka kan oppfattast som ein slags naturkatastrofe, som menneska hadde liten kontroll over. Spør vi om årsakene til at utlendingar fekk meir å seie i Noreg i seinmellomalderen, kan svaret i første omgang ha noko å gjere med styrkeforholdet mellom Noreg og nabolanda. Innvandringa kan avspegle at Noreg hadde færre innbyggjarar enn nabolanda. At hanseatane tok over utanrikshandelen, kan komme av at dei var rikare og dyktigare enn dei norske kjøpmennene. Språklege og kulturelle endringar kan ha skjedd fordi dei utanlandske impulsane blei relativt sterkare. Ingen av desse faktorane treng utan vidare å oppfattast som vonde. Vanskelegast er det å følgje den politiske utviklinga. Tilsynelatande kom unionane i stand fordi Håkon 5. Magnusson ikkje hadde ein son. Slike tilfeldige forhold var viktige også seinare. Men utviklinga blei i tillegg påverka av ei mengd personar av kongar, dronningar, riksrådsmedlemmer og erkebiskopar. Det blir ei nesten håplaus oppgåve å måle og vege kor mykje kvar einskild hadde å seie for at Noreg blei svakare og til sist mista statusen som sjølvstendig stat. Når hendingane blir avgjerande, slik som i 1536 37, er det sjølvsagt råd å seie noko om einskildpersonar. Olav Engelbrektsson kunne ha rive Noreg ut av sambandet med Danmark dersom han hadde funne ein konge som nordmennene kunne slutte opp om, og dersom han hadde hatt militær makt til å stå imot danskane. Men røyndommen sette altså bom for det. Får vi svar som vi spør? Skal vi forstå eit historisk tidsrom, er det ikkje nok å søkje svar på eit mylder av detaljspørsmål. Vi vil fatte meir dersom vi greier å få spørsmåla til å henge saman og danne det vi kallar ei problemstilling. Vi kan spørje slik: I kor stor grad var pestepidemiane og befolkningsnedgangen årsak til at den norske staten blei svakare, og til at utlendingar fekk meir å seie i det norske samfunnet? Med eit slikt spørsmål held vi fokus på dei tre emna våre og koplar dei saman. Vi tek som utgangspunkt at eitt av dei er meir grunnleggjande enn dei to andre, at det har påverka dei og kanskje kan oppfattast som årsak til dei. Skal dette gå opp, er det minst to vilkår som må oppfyllast. Det første vilkåret er at ei årsak alltid må komme først eller samstundes med verknaden, årsaka kan aldri komme etterpå. Vi har sett at unionane kom i stand i 1319, mens pesten kom i 1349. Dermed seier det seg sjølv at pesten ikkje kan forklare alt i den politiske utviklinga. Vi tek konsekvensen av det ved å bruke uttrykket «i kor stor grad» i problemstillinga. Det andre vilkåret er at årsak og verknad ikkje openbert går begge vegar. Det må vere mogleg å tenkje seg at pesten kunne svekkje den norske staten, mens det må vere usannsynleg at dei politiske forholda påverka pestherjingane. På same PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 81

måten må det kunne tenkjast at folketapet hadde følgjer for den utanlandske innverknaden, men det omvende bør vere lite rimeleg det bør for eksempel vere lite rimeleg at fleire hanseatar i dei norske byane førte til fleire dødsfall av pest. Ved nærmare ettertanke vil vi nok innsjå at heller ikkje denne føresetnaden er hundre prosent oppfylt. Det gir enda eit argument for den varsame formuleringa «i kor stor grad». Kva har vi da funne ut som kan gi svar på problemstillinga? Alt vi har hørt, stadfestar at pesten er den største katastrofen som Noreg nokon gong har vore offer for. Vi tenkjer da på alle som døydde, på all sorg, fortviling og frykt hos dei overlevande, og på det folketomme og tilgrodde kulturlandskapet som blei liggjande igjen. Men vi har også funne ut at i kjølvatnet av befolkningsnedgangen fekk dei norske bøndene betre materielle kår. Det blei rikeleg tilgang på dyrkbar jord, og jorda blei mykje billegare å leige. Lågare jordleige innebar i sin tur at overføringane frå den store bondebefolkninga til adel, kyrkje og konge gjekk sterkt ned. Nedgangen gjekk sterkt utover den norske adelen. Denne viktige interessegruppa bak det norske kongedømmet gjorde seg dermed mindre og mindre gjeldande, samstundes som den tilsvarande danske gruppa trengde seg på. Kyrkja greidde seg fram til 1536, men da kom samanbrotet. Det reduserte norske borgarskapet etter svartedauden blei erstatta av tyske hanseatar. Hardast gjekk det likevel utover kongen eller staten sjølv. Seinmellomalderen står faktisk som eksempel på nokre samanhengar i samfunnsutviklinga: Folkeauke i eit førindustrielt jordbrukssamfunn fører til konkurranse om knappe ressursar, først og fremst om jord, og pressar levestandarden nedover for folk flest. Folkeauken skaper større sosiale skilnader og aukar overføringane til dei høgaste samfunnsgruppene og til staten. Slik sett er folkeauke viktig når ein stat skal byggjast. Desse samanhengane ser vi i Noreg frå vikingtida og fram til 1200-talet. Men det er utviklinga i motsett retning frå 1300-talet som gir oss den endelege stadfestinga på dei. Repetisjonsspørsmål 1 Det blir hevda at to tredelar av den norske befolkninga døydde i svartedauden. Korleis kan vi vite noko om dette folketapet? 2 Kva skjedde med busetnad og jordbruk i kjølvatnet av folketapet? 3 Kva konsekvensar fekk pesten for elitegruppene i samfunnet? 4 Kvifor busette mange utlendingar seg i Noreg i seinmellomalderen? 5 Kven var hanseatane? 5 Kvifor hamna Noreg i union med Sverige i 1319? 6 Kven var Olav Engelbrektsson, og korleis har han påverka norsk historie? 7 Kvifor mista Noreg sjølvstendet i 1536? 8 Kva grupper tapte på nedgangen i folketalet i mellomal deren, og kva grupper tente på nedgangen? PEST OG TAP AV NORSK SJØLVSTENDE KAPITTEL 9 82

KAPITTEL 10 Eit folk av bønder Elevane skal kunne gjere greie for næringsutvikling i Noreg frå ca. 1500 til ca. 1800 og analysere verknadene for sosiale forhold i denne perioden gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1800 Det fanst truleg berre 170 000 nordmenn tidleg på 1500-talet. Dei var blitt til 700 000 midt på 1700-talet. Korleis greidde den aukande folkemengda å brødfø seg? Svaret må vi søkje fleire stader. Vi skal gjere oss betre kjende med det som er kalla modernæringa i landet. Heldt jordbruksproduksjonen tritt med folkeauken? Eller sette jordressursane etter kvart grenser? Korleis blei folkeauken takla av den samiske befolkninga? I neste kapittel skal vi sjå kva andre naturtilgangar og næringar fekk å seie for utkomme og levestandard. EIT FOLK AV BØNDER KAPITTEL 10 83

og det andre året ein meir nøysam sort som havre. Da var jorda utpint, og det Jordbruket brødfør ei veksande befolkning tredje året låg ho derfor brakk (udyrka). 1520 1665 Om lag 170 000 nordmenn. Om lag 440 000 nordmenn. Slik gjekk rundgangen for kvar del, og slik at det til kvar tid var éin del som bar kveite, éin som bar havre, og éin som låg brakk. 1665 1669 Produksjonen på alle norske gardar blir registrert i ein matrikkel. Systemet kom av at åkerbruket var 1723 Ny matrikkel med opplysningar om kvar gard. viktigare enn husdyrhaldet. Sidan tilgangen 1750-åra Potetdyrking kjem i gang fleire stader i Noreg. på gjødsel var avgrensa på grunn av lite husdyrhald, måtte ein tredel 1769 725 000 nordmenn i den første folketeljinga. av åkerjorda liggje udyrka til kvar tid. 1801 880 000 nordmenn i ei folketeljing med omtale av kvar person. Forklaringa på det svake husdyrhaldet Jordbruket i landskapet Så langt har vi sett at mens naturgrunnlaget låg fast, var befolkninga svært skiftande i storleik. Kva utnyttingsformer blei så nytta for å tilpasse dei to til kvarandre? Vi må gjere oss kjende med dei ulike typane av jordbruksareal før vi kan gå laus på spørsmålet om korleis dei blei nytta. Prosentvis er det snaut noko land i Europa som har så lite dyrkingsjord som Noreg. Areala er små, spreidde og ofte brattlendte. Nede på kontinentet dominerer det opne dyrkingslandskapet. Reiser vi i dag frå Danmark og sørover, ser vi heile tida spora av det gamle busetnadsmønsteret i landsbyar. Landsbyane var tette klyngjer av bustadhus og uthus, gjerne med ei kyrkje i midten. Rundt ein slik landsby breidde dei opne jorda seg. Nærmast låg den dyrka marka, som vi gjerne kallar innmark. Ho var delt i tre store blokkar, og alle gardsbruka hadde jordstykke i kvar blokk. Denne tredelinga av jorda hadde samanheng med at bøndene dreiv vekselbruk: På ein del av jorda dyrka dei det første året ein krevjande kornsort, helst kveite, var dei små utmarksområda. Det var areal utanfor den inngjerda innmarka som kunne nyttast til sommarbeite og til å produsere vinterhøy. Den einsidige satsinga på kornproduksjon hadde altså ført til omfattande brakklegging og jamt over dårleg avkastning. Landsbyar er ikkje vanlege i det norske landskapet. Men særleg på Vestlandet kan vi finne eksempel på klyngjetun, der mange gardbrukarar har husa sine tett saman. I eldre tid var denne måten å bu på mykje vanlegare. Klyngjetunet svarer til den kontinentale landsbyen, men i Noreg blir ei slik busetnadseining kalla ein gard. Jorda som hører til, er klart delt i ei inngjerda innmark, med åkerjorda nærmast rundt tunet, og utanfor gjerdet ei udyrka utmark med eng, beite, skog og fjell. Tredelinga i tun, innmark og utmark er den same som i den kontinentale landsbyen. Skilnadene ligg i storleiken. Ein landsby omfatta som regel fleire titals hushald, mens ein norsk gard sjeldan omfatta meir enn fem, og ofte var det berre eitt hushald på garden. I motsetnad til dei kontinentale landsbyane hadde altså EIT FOLK AV BØNDER KAPITTEL 10 84

norske gardar lite innmark. Men det som er mindre kjent, er at dei norske bøndene kunne kompensere for det ved å bruke den vidstrekte utmarka si på måtar som var umoglege på kontinentet, med mange positive verknader. Korleis kunne produksjonen aukast? I det jordbruket vi har gjort greie for her, hadde prøving og feiling gjennom generasjonar ført til løysingar som var tenlege, og som kunne stå ved lag over tid. Men dei langsiktige svingingane i folkemengda burde vel ha drive fram omfattande omskifte i måtane jordbruket blei drive på? Vi skal sjå på to former for slik tilpassing, den teknologiske og den arealmessige. Spørsmålet om teknologisk tilpassing fører oss til dyreslaga i husdyrhaldet og matplantene som blei nytta i åkerbruket. Vi må undersøkje om det skjedde noko med driftsmåtane som kunne auke avkastninga. Her er reiskapsbruken spesielt viktig. Husdyrslaga var stort sett dei same gjennom heile tidsrommet. Det skjedde inga betring av rasane før etter 1850, om vi ser bort frå at det blei innført ein del engelske sauerasar på 1700-talet. I åkerbruket var kornsortane uforandra. Men ei stor endring var at potet, ei søramerikansk matplante, blei innført som åkervekst frå midten av 1700-talet. Hundre år seinare var poteter blitt like vanlege som korn i det norske kosthaldet. Potetene var nøysame og blei derfor særskilt viktige i dei klimatiske grenseområda og for småkårsfolk. I store trekk kan reiskapskulturen oppfattast som ganske stabil frå vikingtida til ut på 1800-talet. Dei fleste reiskapane blei laga av tre, men gjerne med jernforsterking. Også driftsmåtane heldt seg stort sett uforandra. Derfor er det ein annan stad vi må leite etter dei største omskifta i utnyttinga av jordbruksarealet. Under norske forhold skulle vi gå ut frå at befolkningspress ville føre til intensiv bruk av all tilgjengeleg jord som kunne dyrkast. Likevel er det ikkje sikkert at åkerbruket blei viktigare, sidan det var så knapt om god dyrkingsjord. Det ville vere vel så interessant å prøve å få meir ut av utmarksressursane gjennom auka husdyrhald. Husdyra kunne sommarstid beite i skog og fjell, og her kunne folk også sanke mykje av vinterfôret til dei same dyra. Det ville dessutan vere gunstig for åkerbruket, for med fleire husdyr fall det meir gjødsel til åkrane, som dermed kunne haldast i jamn drift. Sjudoblinga av folketalet i mellomalderen og firedoblinga frå 1500 til 1750 førte altså til ein tilsvarande ekspansjon i jordbruket. Store kornmengder måtte importerast, men i høve til folkemengda låg denne innførselen ganske konstant. Den heimlege matproduksjonen heldt i grove trekk følgje med folkeauken. Med unntak av den nye potetdyrkinga kan vi seie at veksten ikkje skjedde ved omlegging av produksjonen eller ved ny teknologi eller nye driftsmåtar. Veksten kom fordi dei areala som blei nytta til åker, slåttemark og beite, blei utvida. Meir av landet blei utnytta. Denne konklusjonen om korleis jordbruket blei tilpassa det aukande folketalet, er viktig for det neste spørsmålet: Kva var dei økologiske konsekvensane av folkeauken? Bonden og miljøet Vi har hørt at nede i Europa førte folkeauken til at det blei lagt meir og meir vekt på korndyrking, den produksjonen som gav mest mat per arealeining. Det blei mindre areal igjen til husdyr, og dermed minka tilgangen på gjødsel tilsvarande. Her ser vi at systemet heile tida stod i fare for å undergrave seg sjølv: Di meir jord som blei teken til åker, di mindre blei avkastninga gjennom utpining og brakklegging. I Noreg hadde folkepresset nesten den motsette kon- EIT FOLK AV BØNDER KAPITTEL 10 85

sekvensen. Her skjedde den viktigaste ekspansjonen i husdyrhaldet, som utnytta utmarksareala, og med fleire dyr blei det meir gjødsel til åkrane enn tidlegare. Åkerbruket i innmarka fekk dermed gradvis betre vilkår etter kvart som det samla jordbruket blei utvida. Risikoen for økologiske overtramp var derimot større i haustinga av utmarka. Den mest utsette utmarksressursen var skogen. Vi hørte i kapittel 18 at gjennomsnittsnordmannen var ein storforbrukar av trevirke, ikkje berre til hus og reiskapar, men først og fremst til brensel. Ei firedobling av folketalet frå 1500 til 1750, kombinert med eit omfattande uttak av tømmer for eksport og svære brenselsmengder til bergverka, gjorde at store delar av landet stod i fare for å bli avskoga. Enda meir truande var situasjonen fordi det store geitehaldet førte til ei beiting som gjekk hardt utover småskogen og nyveksten. Det norske miljøproblemet viste seg altså ikkje i eit dyrkingslandskap med brakklegging og utpining, men i eit utmarkslandskap som blei gradvis meir og meir snøydd for vegetasjon. Utmarksbruket omfatta også hausting av matressursar som ferskvassfisk og vilt. Så langt vi kjenner til, var våpna, fangstreiskapane og fangstmåtane i mellomalderen så lite effektive at det var vanskeleg å overutnytte bestandane. Men med den store folkeauken i hundreåra etter 1500 kom også ei teknologisk endring som fekk konsekvensar for jakta på større dyr: Eldvåpen kom i vanleg bruk, og opplysningar frå 1700-talet kan tyde på ein farleg tilbakegang i bestandane av elg, hjort og rein. Også samane måtte omstille seg I kyst- og fjordområda frå Nordland og nordover livnærte samane seg av ein kombinasjon av jordbruk og fiske, akkurat som dei norske, og møtte dei ressursproblema som er skildra over. Men utfordringane blei ikkje mindre for den delen av den samiske befolkninga som hadde reinsdyret som viktigaste næringsgrunnlag. Heilt fram til seinmellomalderen hadde høgfjellssamane først og fremst satsa på eit utkomme av villreinjakt. Dei utnytta fangsten godt, og dei finaste skinna gjekk til handelsvare og til å betale tributt til dei tre statane Danmark-Noreg, Sverige- Finland og Russland, som frå 1300-talet hadde politiske krav på Sameland. Samane dreiv jakt og fangst som eit omfattande samarbeid mellom grupper av hushald, siidaer. Siida-fellesskapet kom til uttrykk i rettar til landområde, i store fangstanlegg og i sjølve arbeidet med å skaffe levemåten. Det som blei fanga kollektivt, blei også delt rettferdig mellom dei deltakande hushalda (jf. det du las i kapittel 3). På 1500- og 1600-talet sette det inn forandringar i denne levemåten og i denne sosiale organiseringa. Det samiske folketalet ser ut til å ha auka i den perioden. Samstundes auka etterspurnaden etter skinn og andre samiske varer. Samane brukte varebytet til å skaffe seg tilgang til ny teknologi, nemleg eldvåpen til å drive jakt med. Vi har grunn til å tru at desse endringane snart førte til at villreinstamma på Nordkalotten blei overutnytta. Ressurskrisa tvinga så fram ei tilpassing. Vi veit at høgfjellssamane frå gammalt av kjende kunsten å temje reinen. Tamreinen blei nytta til transport og som lokkedyr under jakta på villrein. Enda meir verdifull blei den tamme reinen når han kunne utnyttast som mjølkedyr. Tamreinhald var med andre ord ei meir intensiv utnytting av ressursane og kunne berge jegerane ut av den klemma dei var hamna i. Kulturelt fekk tamreinhaldet omfattande følgjer. Mjølking og tillaging av mjølkeprodukt blei nye gjeremål for kvinnene. Mennene måtte stå for vakting og gjeting av tamreinflokkane. I mange område utvikla det seg eit flyttemønster som forskarane har kalla nomadisme, ved at reinsamane måtte flytte buskapane EIT FOLK AV BØNDER KAPITTEL 10 86

over lange avstandar mellom vinterbeita og sommarbeita. Tamreinhaldet førte også til at privat eigedomsrett fekk ein større plass i den samiske samfunnsordninga, og at siida-fellesskapet mista tradisjonelle funksjonar. Men omstillinga var altså på mange måtar samane sitt svar på eit liknande næringsproblem som det bøndene løyste gjennom utmarksbruket. Repetisjonsspørsmål 1 Korleis auka bøndene produksjonen? 2 Kva husdyr har vore dei mest vanlege i Noreg? Korleis har husdyrhaldet vore drive? 3 Kva skilnader er det mellom Noreg og Europa når det gjeld måten å drive jordbruk på, og når det gjeld organi sering av gardane? Kva er årsakene til desse skilnadene? 4 Beskriv næringslivet blant samane. Korleis har samane måtta tilpasse seg endringar? EIT FOLK AV BØNDER KAPITTEL 10 87

KAPITTEL 11 Nordmennene møter den tidlege kapitalismen Elevane skal kunne gjere greie for næringsutvikling i Noreg frå ca. 1500 til ca. 1800 og analysere verknadene for sosiale forhold i denne perioden gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1800 Jordbruket var modernæringa, men andre næringar kom til: Fisket blei ei eksportnæring så tidleg som i mellomalderen, skogbruket kom for alvor på 1500-talet, bergverksnæringa på 1600-talet, og på 1700-talet følgde gjennombrotet for norsk skipsfart. Kven var dei som gjorde arbeidet innanfor denne samansette økonomien? Noreg utviklai eit system med mangesysleri, det vil seie pendling mellom fleire næringar gjennom eit kalenderår. På den måten kunne mange bygdefolk sikre seg jamnare arbeid og større inntekter. Likevel ser vi aukande sosiale skilnader i det norske samfunnet. Var det resultatet av at Noreg blei drege med i ein større kapitalistisk økonomi? NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 88

god metode når mengdene blei Fleire næringar store. Tørking var derimot billeg og gav godt resultat, men vilkåret var kaldt klima i første 1500 Vassaga kjem i bruk i Noreg. delen av prosessen. Derfor var 1500 1650 1600 1700 Trelastnæringa utviklar seg. Bergverksnæringa utviklar seg. torskefisket i Lofoten det første som kunne drivast kommersielt i stor skala, med tørrfisk som 1623 Sølvverket på Kongsberg. produkt. 1644 Koparverket på Røros. Fiskarar frå heile Nord- 1650 1750 1661 1750 1752 1770 Sjøfartsnæringa utviklar seg. 19 % av jorda i Noreg blir driven av sjølveigarar. Dei første lovene som galdt vilkåra til husmennene. Kring halvparten av jorda i Noreg blir no driven av sjølveigarar. Noreg samla seg i Lofoten i dei par månadene fisket varte. Dei ordna seg i båtlag på 4 6 mann, i opne trebåtar med årer og segl. Kvar fiskar stilte med eigen proviant og eigne reiskapar, og utbyttet av fangsten blei 1801 Folketeljinga viser at landet har 1800 embetsmenn, 8000 byborgarar, 77 000 gardbrukarar og 55 000 husmenn. delt likt med ein lott (part) på kvar. Eigaren av båten fekk ein Fisket eigen lott for den. Fisken blei Fiske for sal var det berre grunnlag for på stader der torsk eller hengd til tørk på svære stativ som blei kalla hjellar. Fiskarane sild samla seg i store mengder for å gyte kvart år, frå januar budde i rorbuer på land. Det var vanleg at både buer og hjellar til mars. Torsken hadde først og fremst gytestader i Lofoten og hørte til ein lokal væreigar. På vårparten kom fiskarane tilbake på mørekysten. Silda veksla derimot. Ho var utanfor Trøndelag og tok den tørka fisken ned. Så blei tørrfisken send til Bergen tidleg på 1600-talet og dernest på Sørvestlandet fram til 1780- på større fartøy (jekter). Vanlegvis var det i kvar bygd ein jekteeigar som fiskarane hadde avtale med. Frå Bergen tok han åra, med unntak av tidsrommet 1720 1760, da ho søkte mot land på Nordvestlandet. korn og andre nødvendige varer med tilbake. Det grunnleggjande problemet var å konservere fangsten Omsetnaden i Bergen var frå 1300-talet i hendene på innvandra tyske kjøpmenn som var organiserte i Hansaforbundet. slik at fisken kunne nå fram til forbrukaren i god stand. Tørking, salting og røyking var dei tre metodane som kunne brukast. Men frå 1500-talet kom innanlandske kjøpmenn meir og meir Salt kunne ein skaffe ved å koke inn sjøvatn, men produktet med som konkurrentar. Eksporten til kontinentet gjekk på store var dårleg og kosta mykje brensel. Heller ikkje røyking var ein handelsskip. Frå 1600-talet var det vanleg at desse skipa hørte NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 89

til bergenske kjøpmenn. Den største marknaden var lenge Tyskland, Nederland og Storbritannia, men på 1700-talet flytta tyngdepunktet seg til Frankrike, Spania og middelhavslanda. Nettopp i desse sørlege landa blei det produsert billeg og godt salt. Dette saltet gjorde det mogleg å utnytte fiskeressursane langs norskekysten mykje betre. Torsken som blei fanga på Møre, hadde vore vanskeleg å tørke fordi mildvêret og flugene kom tidlegare der enn nordpå. Men på 1700-talet blei det utvikla eit nytt produkt, klippfisk, som blei framstilt ved ei blanding av tørking og salting. Aller mest fekk det billege saltet å seie for sildefisket. No kunne silda saltast i tønner og halde seg i årevis. Dette produktet fekk god avsetnad innanlands, men store mengder gjekk også til austersjølanda, der silda blei bytt i korn. I Lofoten hadde fiskarane sjølve hatt hand om fangst, foredling og transport. Foredlinga av klippfisk og saltsild i Sør- Noreg blei derimot liggjande i hendene på byborgarar, på grunn av behovet for salt og tønner. Byborgarane kjøpte fangsten av fiskarane og organiserte arbeidet med salting, tørking og nedlegging i tønner. Det var menn som fiska på havet, men kvinnene tok hand om dei fleste arbeidsoppgåvene på land. Skogbruket Folkeauke og rydding av nytt jordbruksland hadde på 1500-talet ført til avskoging mange stader i Vest-Europa. Samstundes auka behovet for trevirke til slikt som hus, skip og brensel. Transporten frå skogrike område i Nord- og Aust-Europa var langt billegare på skip over Nordsjøen enn over land, og i Sør-Noreg stod skogen heilt ned i strandkanten. Rundt 1500 kom ei teknologisk nyvinning til landet: den vassdrivne oppgangssaga. Eit sagblad blei montert loddrett i ei grind som blei driven opp og ned av eit vasshjul. Denne teknologien var eit stort framsteg samanlikna med å måtte sage bord av tømmerstokkane med handmakt. Det var også eit enkelt og rimeleg utstyr, som vanlege bønder hadde råd til å skaffe seg. Langs heile kysten av Sør-Noreg kom det i gang trelasthandel utover på 1500-talet. Også i område som ikkje grensa til sjøen, kunne det hentast inntekter av skogen. Der kunne tømmeret foredlast til meir verdifulle produkt som tjøre og trekol, som var enklare å frakte. Den første gullalderen for trelasteksporten varte til midten av 1600-talet. Da var den lett tilgjengelege skogen på Vestlandet uthoggen. Heile næringa måtte omorganiserast. Tyngdepunktet flytta seg no til Austlandet og Agder aust for Lindesnes. Innlandsskogane blei for alvor tekne i bruk. Tømmeret blei fløytt ut til kysten på dei store elvane. Der låg sagbruka konsentrerte nedst i vassdraga, og ved elvemunningane voks det fram byar, der den ferdige skurden blei lasta om bord i skip for å bli frakta til framande land. Tidlegare hadde vanlege bønder hogge, saga og selt til dei utanlandske kjøparane. No gjekk næringa over til dei meir pengesterke byborgarane. Dei kjøpte tømmeret av bøndene inne i landet, organiserte fløytinga ned langs elvane, dreiv dei store sagbruka og stod for handelen med dei ferdige produkta. Styresmaktene blanda seg også inn i næringa. Avskoginga blei oppfatta som farleg, mellom anna fordi krigsflåten trong stordimensjonert kvalitetsvirke, som no blei mangelvare. Det oppstod dessutan ei oppfatning om at stort tilbod på trelast gav tilsvarande dårleg pris. I 1688 skreiv kongen derfor ut dei såkalla sagbruksprivilegia, som galdt Agder og Austlandet. Desse løyva blei gitt til eitt og eitt sagbruk. Resultatet var at talet på bruk som hadde lov til å sage for eksport, blei halvert frå 1200 til 1660, og skurden blei redusert tilsvarande, frå 6,4 til 3,4 millionar bord i året. Tiltaket gjekk særleg sterkt utover sagene til bøndene, NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 90

og byborgarane fekk sterkare grep om næringa. I 1750 blei det lagt eit liknande tak på trelastproduksjonen på Vestlandet og i Trøndelag. Restriksjonane på skurden blei fjerna i 1795, men grensene for talet på sagbruk blei ståande heilt til midten av 1800-talet. Arbeidet i trelastnæringa var sesongprega. Tømmeret blei hogge og kjørt fram med slede på vinterstid. Fløytinga ned langs elvane gjekk føre seg om våren, når vassføringa var stor. Det var også den travlaste tida for sagbruka. Utskipinga av trelast var mest ein sommaraktivitet. Bergverksnæringa Utnyttinga av mineralførekomstar i norske fjell tok til tidleg på 1500-talet, men tiltaka rann ut i sanden etter kort tid. Det eigentlege oppsvinget kom hundre år seinare. I 1623 kom sølvverket på Kongsberg i gang. Det var i kongens eller statens eige. Kort etter blei det etablert fleire koparverk nord på Austlandet og i Trøndelag. Viktigast var verket på Røros, som blei grunnlagt i 1644. Koparverka var organiserte som ei form for aksjeselskap. Eigarane måtte skyte inn kapital i drifta og fekk utbytte i form av ferdig kopar som dei selde. Mange borgarar i Trondheim tok del i denne næringa. Jernverka låg på strekninga frå Arendal til Eidsvoll. Det meste av malmen kom frå gruver i Aust-Agder, men det var tilgangen på brensel som avgjorde plasseringa. Jernverka var mindre enn koparverka og hadde oftast berre éin eigar. Råvara var stongjern, men i motsetnad til koparverka framstilte jernverka også som regel ferdige varer. Det kunne vere kanonar og kanonkuler eller sivile produkt som støypejernsomnar eller spikar. Felles for alle bergverka var at dei slukte enorme energimengder. Malmen blei utvunnen ved hjelp av fyrsetjing, det vil seie bål som varma opp bergveggen og gjorde han sprø. Det blei dessutan brukt ved til røstinga, ei oppvarming av malmen som skulle fjerne svovel. Vidare gjekk det med store mengder av trekol til sjølve smeltinga og utvinninga av det reine metallet. All denne energien var det skogane i omlandet som måtte levere. Det gjekk bra på Austlandet, jamvel om bergverka her måtte konkurrere med den omfattande trelastnæringa. Koparverka nordafjells førte derimot til store miljøøydeleggingar i form av avskoging. Alle verka hadde ein kjerne av spesialarbeidarar. I etableringsfasen på 1600-talet kom mange av dei frå gruveområda i Tyskland. Enkle arbeidsoppgåver som bering eller kjøring av malm og ved blei derimot kvinner og barn sette til. Sølvverket på Kongsberg hadde på det meste over 4000 tilsette. Dei fleste andre verka kunne ha nokre få hundre arbeidarar, men ringverknadene i sysselsetjinga var mykje større. Kvart einskilt verk fekk eit privilegiebrev av kongen, som gav verket fleire særrettar innanfor eit visst omland. Bøndene i dette omlandet kunne for eksempel få pålegg om å levere faste mengder av ved og trekol og utføre transport for verket mot betaling. Ordninga var ei form for tvang, men gav samstundes sysselsetjing og inntekter til langt fleire menneske enn dei eigentlege verksarbeidarane. Verkssamfunna blei også gode avtakarar for matvarene som bøndene i omlandet produserte. Ringverknadene kunne nå langt: Transportoppgåvene førte til stort hestehald i bergverksområda på Austlandet. Folk i Hardanger spesialiserte seg da på hesteoppdrett, dreiv hestane over Hardangervidda og selde dei til bøndene i omlandet rundt verka. Sjøfarten Føresetnadene for å bli ein stor sjøfartsnasjon hadde Noreg i NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 91

ferdsla langs den lange kysten, den omfattande varehandelen med utlandet og kapitalen hos bykjøpmennene. Oppsvinget kom etter 1660. Da tok styresmaktene til å gi ulike former for støtte til innanlandske handelsskip, mot at eigarane stilte skipa til disposisjon som marinefartøy i tilfelle krig. Særleg den bergenske flåten voks sterkt da handelen med fisk mot salt på Sør-Europa utvikla seg på 1700-talet. Gjennom heile det hundreåret låg dei store sjømaktene England, Nederland og Frankrike i konfliktar som gav det nøytrale Danmark-Noreg innpass i den internasjonale varetransporten. Ved inngangen til 1800-talet var Noreg eitt av dei fremste sjøfartslanda i Europa i høve til folketalet. Flåten bestod av små og store treskuter som blei bygde på stader langs kysten der det var god tilgang på byggjevirke. Utstyr som tauverk og segl blei framstilt av handverkarar i byane. Det var vanlegvis byborgarar som var eigarar av skipa, gjerne i form av partsreiarlag, det vil seie at kvart skip hadde mange eigarar. Da blei tapsrisikoen spreidd. Mange av sjøfolka som dreiv skipa, var også busette i byane, men sjøvande matrosar var etterspurde langs heile kysten. For mange var det å gå til sjøs eit yrke for unge folk utan forsørgjaransvar. Det hadde også samanheng med at om vinteren, når mørke og uvêr gjorde det vanskelegare å segle, låg dei minste skipa i hamn, og mannskapet mønstra av. Bondesamfunnet og dei nye næringane Det merkelege er at veksten i dei nye næringane og i varebytet med utlandet ikkje førte til nemneverdig byvekst. Rundt 1500 kan litt over 5 % av befolkninga i Noreg ha budd i byane. Først rundt 1800 passerte prosentdelen 10. Ei viktig forklaring er at det meste av produksjonen i dei nye næringane gjekk føre seg på landet. Her fanst det spesialiserte arbeidarar ved bergverka og ved sagbruka. Men ein svært stor del av arbeidet blei faktisk utført av folk som hørte heime i bondesamfunnet, og som hadde jordbruk som basisnæring. Husmennene Ved folketeljinga i 1801 blei det registrert 77 000 hushald der hovudpersonen var bonde. Men i tillegg var det 55 000 hushald med ein husmann som hovudperson. Vi møter husmenn i skattelister og anna materiale så tidleg som på 1600-talet, men da var dei svært få. I 1801 hørte derimot kvar tredje innbyggjar i det norske bondesamfunnet til husmannsgruppa. Gruppa voks vidare også etter den tid, og var på det største midt på 1800-talet. Husmennene fekk leige små jordstykke av bøndene. Slike jordstykke gav tomt til eit hus og oftast også litt jord som kunne dyrkast, men dei var nesten alltid for små til å skaffe hushaldet livsopphald. Derfor trong husmennene ekstra inntekter, og dei kunne drive med svært mange ulike attåtyrke. Dei gjekk i dagarbeid for bøndene, dei dreiv handverk og handel og dei arbeidde i skogbruk og fiske. Likevel levde dei jamt over i trongare økonomiske kår enn bøndene, og somme måtte ha fattighjelp eller gjekk rundt som tiggarar. Husmannssystemet utvikla seg med store regionale skilnader, men også med ein del faste trekk. Husmennene slapp å betale skatt, det var det framleis bøndene som gjorde. Bøndene fastsette leiga for husmannsplassane. Leigeforholda var ikkje lovregulerte, slik dei var for leiglendingane. Leiga kunne setjast i form av pengar, men vel så vanleg var det at leiga for ein husmannsplass blei rekna til ei viss mengd arbeidsdagar eller faste arbeidsoppgåver for eksempel at husmannen skulle lage så og så mange par sko til bonden. Leigetida eller festetida kunne vere så lenge husmannen NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 92

og enkja levde, men like ofte kunne plassen leigast ut på åremål eller på oppseiing. Dermed hadde husmennene det mykje meir usikkert enn dei bøndene som var leiglendingar, og som alltid hadde leige for heile livet. Styresmaktene prøvde rettnok å regulere husmannsvilkåra gjennom lover i 1750, 1752 og 1792. Men først med lova av 1851 fekk husmennene ein rettsstatus som kunne minne om dei vilkåra leiglendingane hadde hatt frå gammalt av. Lengst nede på stigen Utanom den store gruppa husmenn med og utan jord aner vi også ei meir samansett gruppe lengst nede i bondesamfunnet. Det var mellom anna ein del einslege personar og familiar som budde til leige i huset hos bønder eller husmenn. Uttrykket innerst blei brukt om slike losjerande, som heldt seg med kosten sjølve. Strandsitjarar var husmenn som budde ved sjøen, og som gjerne hadde inntekt av fiske og sjøfart. Ei gruppe som er lett å oversjå fordi ho berre kjem til syne som hushaldsmedlemmer og aldri som hovudpersonar, er tenestefolka. I 1801 fanst det rundt 100 000 tenarar i landet. Fleirtalet var ungdommar mellom 15 og 30 år, og det var litt fleire jenter enn gutar. Dei fleste gardbrukarar på landet og meir velståande folk i byane heldt tenestefolk. Jentene hjelpte husmora med husarbeid og husdyrstell, og gutane var med i mannsarbeidet. Vanlegvis blei tenestefolk hyrte for ein periode på eitt år om gongen. Dei fekk kost og losji og ei mager lønn, som gjerne bestod av klede, sko og litt pengar. Rundt om i landet kunne ein dessutan støyte på farande familiar som livberga seg med småhandel eller førefallande arbeid, gjerne spesielle handverk som reparasjon av koparkjelar (kjelflikking) eller utriveleg arbeid som kastrering av husdyr. Dei blei kalla reisande, omstreifarar, fantar eller taterar. Styresmaktene såg på dei som eit ordensproblem og motarbeidde dei på alle måtar. Mellom dei reisande og dei fastbuande var det sosial og kulturell avstand. Men ofte tilpassa dei seg kvarandre i eit fordrageleg forhold, der bøndene fekk utført nødvendig arbeid, og dei reisande fekk noko å leve av. Bondehushaldet gjorde arbeidet Det er lett å tenkje seg at dei store inntektene av fiske, skogbruk, bergverksdrift og sjøfart hamna i lommene på nokre få kjøpmenn, reiarar og verkseigarar. Men i røynda flaut det meste ut til dei fleire hundre tusen menneska i by og bygd som hadde vore med i alle dei arbeidsprosessane som låg bak eksportprodukta. Og det store fleirtalet av desse menneska var vanlege bønder og husmenn. Korleis hang det saman? Vi har hørt at dei store fiskeria etter torsk og sild gjekk føre seg på ettervinteren. Dei kunne dermed kombinerast med jordbruk, fordi dei var ferdige før våronna tok til. I skogbruket gjekk hogst og framkjøring til fløyteelvane føre seg om vinteren, og fløytinga tok til når elveisen gjekk opp om våren. I bergverksnæringa var sledeføret om vinteren den beste tida for all slags kjøring. Vedhogst kunne leggjast til vinterhalvåret, og kolbrenning kunne gjerast i dei stille periodane mellom onnene om sommaren. Berre sjøfarten i sommarhalvåret var vanskeleg å kombinere med jordbruksarbeid. For eit bondehushald var det rasjonelt å fylle dei rolege periodane i arbeidsåret med inntektsgivande aktivitetar. Det førte til større samla inntekt, og dessutan fekk hushaldet fleire bein å stå på. Det var ei sikring mot ein lunefull natur, som kunne sende regn i kornskurden eller storm under fisket. Det som finst av produksjonsopplysningar frå jordbruket mellom 1660 og midten av 1800-talet, tyder ikkje på at større deltaking i attåtnæringane førte til at jordbruket blei forsømt. NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 93

Produksjonen per bruk heldt seg oppe. Inntektene frå dei andre næringane blei med andre ord ein rein gevinst, som må ha auka levestandarden for folk flest. Slik var det i prinsippet også for husmennene. Også dei pendla mellom arbeidsoppgåver i ulike næringar. Skilnaden var berre at dei produserte mindre av maten sin og var meir avhengige av å kjøpe. Det er viktig å understreke at det aukande mangesysleriet førte til nye former for arbeidsdeling. Tidlegare var det kvinnene som utførte innearbeidet og hadde ansvaret for husdyra, mens mennene arbeidde ute på åkeren og i skogen. Høyslått og kornskurd var begge partar med i, men igjen med kvar sine oppgåver. Dei nye attåtnæringane drog vesentleg til seg mennene som arbeidskraft, jamvel om også kvinner var med i for eksempel sildesalting og klippfisktørking. Men når mennene var meir borte, måtte kvinnene ta hovudansvaret for arbeidet heime på garden. Kjøp, sal og kreditt Attåtnæringane gav bondehushalda inntekter i ein marknad. Anten dei leverte fisk eller tømmer, skulle dei ha oppgjer frå ein kjøpmann. I prinsippet kan vi tenkje oss at alle hushald hadde kontakt med ein kjøpmann i nærmaste by. Dei nordnorske fiskarbøndene hadde sin faste kjøpmann i Bergen som dei leverte tørrfisk til. Normalt fekk dei ikkje oppgjer i pengar, men i form av varer. Når forholdet var fast, var kjøpmannen villig til å gi varer også når nordlendingen hadde lite å levere. Kjøpmannen gav altså kreditt og hjelpte fiskaren sin over ei kneik. Vi ser at forholdet mellom kjøpmann og bonde hadde ei positiv side som galdt tillit, stabilitet og tryggleik. Men medaljen hadde også ei bakside, med gjeldsband og i verste fall utbytting. Nordlandsgjeld til kjøpmennene i Bergen gjekk i arv frå far til son og kunne oppfattast som ei slavelenkje. Men til sjuande og sist blei gjelda kanskje aldri betalt. Og ho var eit band som normalt forplikta begge partar. Kreditten bygde opp under den økonomiske tryggleiken, på same måten som inntekter frå fleire næringar gjorde. Byane Trass i omfattande vekst i folketal og næringsvegar var altså Noreg i europeisk samanheng framleis eit lite urbanisert land ved inngangen til 1800-talet, da berre 10 % av nordmennene budde i byar. Innanfor dagens landegrenser var det rundt 1500 berre åtte kjøpstader, som byane blei kalla. Det var Sarpsborg, Oslo, Hamar, Tønsberg, Skien, Stavanger, Bergen og Trondheim. Størst av dei var Bergen, med rundt 6000 innbyggjarar. Fram til midten av 1600-talet kom det til ein ny by, Kristiansand, som blei grunnlagd av Kristian 4. i 1641. Sarpsborg og Hamar gjekk kraftig tilbake i folketal på 1500-talet og mista kjøpstadstatusen, så i 1650 var talet på kjøpstader berre sju. Men talet fortel ikkje alt. I dei eksisterande kjøpstadene hadde folketalet auka, og ved fleire av elvemunningane i Agder og på Austlandet hadde det vakse fram byliknande tettstader som blei kalla ladestader. Dette namnet hadde dei fordi trelast her blei lasta opp i skip for eksport. Ladestadene hadde ikkje det sjølvstyret som kjenneteikna dei eldre kjøpstadene, men i tur og orden fekk dei no tildelt kjøpstadstatus av kongen. Dei sju kjøpstadene i 1650 var blitt til 21 i 1800, og talet heldt fram med å vekse. Dei fleste norske byane hadde omsetnad av varer mellom bygdene på den eine sida og utlandet på den andre som det viktigaste eksistensgrunnlaget. Sjøfarten blei viktig etter kvart. Byane blei sentra for handverk, med produksjon for ein marknad både i sjølve byane og i distrikta omkring. Dessutan var dei større byane administrative knutepunkt, og ein del NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 94

hadde festningar og militære garnisonar. Frå 1660-åra greip styresmaktene inn med sterkare regulering av arbeidsdelinga mellom by og land. Kvar kjøpstad fekk no eit oppland og einerett til all omsetnad der. Kjøpstadene fekk einerett til dei aller fleste former for handel og handverk. Spesielt viktig var det at trelasthandelen berre kunne drivast frå kjøpstadene. Byfolk Dei økonomiske aktivitetane i kjøpstadene prega dei sosiale forholda. Dei sosiale skilnadene var enda større her enn utover bygdene. Hovudskiljet gjekk mellom dei som var borgarar, og dei andre. For å drive dei fleste slags handel og handverk måtte ein ha borgarrett, som blei tildelt av byrådet i form av eit dokument, det såkalla borgarbrevet. Sidan byrådet representerte borgarane, var dette eit lukka system der borgarane kontrollerte rekrutteringa til si eiga gruppe, det vil seie talet på yrkesutøvarar og konkurransen dei imellom. I dei fleste kjøpstader utgjorde dette borgarskapet 25 40 % av innbyggjarane. Fleirtalet var altså «dei andre» arbeidarar av alle slag, som var haldne utanfor bystyringa, og som utførte dei mange små oppgåvene i bysamfunnet. Men innanfor borgarskapet var det også store kontrastar. Vanlege handverkarar som skomakarar og skreddarar levde i små kår. Det kunne vere stor avstand frå dei opp til gullsmedar eller bakarar, som hadde store inntekter fordi dei framstilte verdifulle varer eller dreiv produksjon i stor skala. Felles for alle dei vanlegaste handverka var at utøvarane var organiserte i foreiningar som blei kalla laug. Lauget hadde tilsyn med utdanninga i faget, frå læregut til svein og vidare til meister. Lauget overvaka kvaliteten og prisen på varene. I tillegg var lauget ein sosial samlingsstad. Innanfor handelen var dei sosiale skilnadene minst like store som blant handverkarane. Nedst på rangstigen stod dei som selde kvardagsvarer rundt på gater og torg. Mange av dei var kvinner, og det blei sett gjennom fingrane med at ein god del av dei dreiv handel utan å ha løyst borgarbrev. På toppen stod kjøpmennene, den vesle gruppa av pengesterke folk som dreiv utanrikshandel og var skipseigarar. Repetisjonsspørsmål 1 Kva var dei to viktigaste fiskeria i Noreg? 2 Kva slags konserveringsmetodar blei brukte for fisk, og kva fordelar og ulemper har dei ulike metodane? 3 I kva periodar var det gode tider for trelasthandel i Noreg, og kva var årsakene til oppgangs- og nedgangtider i denne næringa? 4 Kva var sagbruksprivilegium? Kva var bakgrunnen for desse privilegia, og kva konsekvensar fekk dei? 5 Når og kvar har det vore drive bergverk i Noreg? 6 Kva var årsakene til veksten i skipsfarten? 7 Korleis var fordelinga av jord i Noreg frå mellomalderen og fram til ca. 1800? 8 Når gjekk overgangen til sjølveige føre seg, og kva var årsakene til denne overgangen? 9 Kva var årsakene til at husmannssystemet voks fram? 10 Gjer greie for byutviklinga i Noreg frå 1500 til 1850. NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN KAPITTEL 11 95