Nr 1, 2011. M ø t a n y e v e n n e r - S ø k j a G u d - F å d e l i o p p d r a g e t. E i t m a g a s i n f r å U n d h e i m k y r k j a

Like dokumenter
ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jon Fosse. For seint. Libretto

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Brødsbrytelsen - Nattverden

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER



VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Til deg som bur i fosterheim år

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk


S.f.faste Joh Familiemesse

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

mmm...med SMAK på timeplanen

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER


Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Hjelp oss å greie dette, Gud. Du og oss! Men smertefullt og farefullt, det blir det nok også.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Plassebakken Barnehage

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Månadsplan for Hare November

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon til elevane

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Brannsår, rus eller friheit?

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Plassebakken Barnehage

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Psykologisk førstehjelp i skulen

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Valdres vidaregåande skule

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Brukarrettleiing E-post lesar

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Snart påske side 7. Nr 1, Årrestad kvinneforeining side 4-5. Mi tru side 6. Dåpsskulen og aktuelt side 8-9

Møteprotokoll for møte i

Nytt fra Undheim Kapell og Bedehus. møte:plassen. nr 3, Mi tru: Torbjørn side 4-5. Innsyn: DeKor! side 8-9. Tankar i tida: Kari Kaald Reitenside

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Brukarrettleiing. epolitiker

Alterets hellige Sakrament.

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

5. Soknerådsmøte mai Referat

Den hellige messe. I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Transkript:

D e t d u v i l a t a n d r e s k a l g j e r a m o t d e g, s k a l d u g j e r a m o t d e i Nr 1, 2011 M ø t a n y e v e n n e r - S ø k j a G u d - F å d e l i o p p d r a g e t møte:plassen E i t m a g a s i n f r å U n d h e i m k y r k j a Mi tru side 4-5 Kyrkjegarden side 6-7 Super-Mix side 10

Tankar i tida - NISTEBOKSEN min samband med jolefeiringa og der var det ein mann som sa noko slikt som: Eg kan ikkje gjera noko meir godt for at Gud skal elska meg meir, men eg kan heller ikkje gjera noko så gale at han elskar meg mindre! Marta D. Undheim Kanskje du også hugsar nisteboksen din, den du hadde med deg på skulen? Min var oval, sjølve boksen raud og lôket gult med ei teikning på. Det burde eg ha hugsa kva var, men klarer ikkje ta det att. Eigentleg har eg teke vare på nisteboksen min, men å finna han no, var ikkje lett. Han får vera eit minne i dag. I det siste har eg lagt merke til at eg har ein nisteboks til. Den har eg inni meg. Kva farge, er eg ikkje sikker på, men han er gull verdt for meg, så det kan godt vera han er av gull. Me seier det. Og veit du kva eg legg oppi der? Jau, der legg eg Gode Ord! Det står i den store boka at me menneske lever ikkje berre av brød, men at me treng gode ord. Dei beste er dei Gud sjølv seier til oss. Me treng dei for sjela vår. Det trur eg er heilt sant. Akkurat slik hadde eg ikkje tenkt før. Eg måtte seia det oppatt til meg sjølv fleire gonger og verkeleg smaka på det. Då såg eg at Guds kjæleik til meg er ein konstant dimensjon som omsluttar på alle sider, over og under, heilt uavhengig av mine prestasjonar. Det ordet har eg «ete» mange gonger i det siste. Det gjer meg glad og veldig takknemleg. Tenk, at der, midt i sentrum for Guds kjærleik, får du og eg leva liva våre, dei gode dagane og dei vonde dagane, og alltid ha ein open himmel over oss og ein god himmelsk far som for Jesu skuld ser i nåde til oss og har omsorg for oss...! Gode ord å tyggja på... Berre smak du òg! Før var eg nok flinkare å hugsa slike ord som gjorde godt. Eg la dei i gullboksen og kunne ta dei fram når eg ville og tyggja på dei. No må eg seia dei oppatt mange gonger til meg sjølv før eg legg dei oppi. Og etter ei tid har eg kanskje likevel gløymt dei som ligg under. Men mat skal jo vera fersk...! Slike gode ord kan vera vers frå Bibelen, men det kan òg vera noko andre har sagt som eg kjenner er sant. Eg vil dela eit slikt ord med deg. Eg var på ei tilstelling i 2

møte:plassen 1-2011 6. årgang Utgjevar: Undheim sokneråd Ansvarleg redaktør Hanne Brit Sandsmark Redaksjonen: Marta D. Undheim Hanne Brit Sandsmark Gunn Berit Soldal Foto: Gunn Berit Soldal Hanne Brit Sandsmark Framsidefoto: Christina A. Korneliussen Adresse: Møteplassen Time kyrkjekontor Pb 373 4349 Bryne E-post: nyheitsblad@gmail.com Internett: www.presteper.no www.ukuf.no Lay-out/Grafikk: Per Børge Hillestad Hanne Brit Sandsmark Trykk: NetPrint Prosessen, Bryne Opplag: 500 eks. Nr 1, 2011 M ø t a n y e v e n n e r - S ø k j a G u d - F å d e l i o p p d r a g e t møte:plassen E i t m a g a s i n f r å U n d h e i m k y r k j a Lær meg å kjenne dine veie For meg er musikken ei form for språk. Eit språk eg på mange måter opplever har større evne til å nå sjelslivet enn ord. Det er så utruleg flott at Vår Herre har skapt tonar som passar til dei ulike sinnsstemningar me kan oppleva. Når livet kjennes lett, kan eg høyra på ulike typar musikk, men når eg stundom kan kjenna på tunge og triste kjensler, er det moll-stemte salmer som «talar» mest til meg. Det er som god medisin. Eg er spesielt glad i orgel og sjølvsagt saxofon. Salmar og songar som vert framført på slike instrument, er som balsam for sjela. Det finns så utruleg mykje godt og flott innan både salmer og songar som er skrive. Det er vanskeleg å peika på ei bestemt salme, men når eg må bestemma meg vil eg gjerne trekkja fram: «Lær meg å kjenne dine veie» med tekst av J.Pauli. Melodien er ein folketone frå Åseral. Ein flott melodi som ber med seg gode ord til trøyst og oppmuntring. Torvald Tjåland Lær meg å kjenne dine veie, å gå dem trøstig skritt for skritt. Jeg vet at alt jeg fikk i eie, er borget gods, og alt er ditt. Men vil din sterke hånd meg lede, jeg aldri feil på målet ser, og for hvert håp som dør her nede, får jeg et håp i himmlen mer. Lær meg å kjenne dine tanker, og øves i å tenke dem. Og når i angst mitt hjerte banker, da må du kalle motet frem. Når jeg har tenkt meg trett til døden, så si hva du har tenkt, O Gud! Så kan jeg se at morgenrøden, bak tvil og vånde veller ut. Men lær meg fremfor alt å kjenne din grenseløse kjærlighet den som kan tusen stjerner tenne, når lykkens sol for meg går ned. Den tørrer tåren som den skapte, og leger såret som den slo. Dens vei går gjennom det vi tapte, den gir oss mere enn den tok. Mi tru side 4-5 Kyrkjegarden Super-Mix side 6-7 side 10 D e t d u v i l a t a n d r e s k a l g j e r a m o t d e g, s k a l d u g j e r a m o t d e i 3

Hans Undheim Foto: Hanne Brit Sandsmark Mi tru Marta D. Undheim 4 Like sikkert som kyrkjeklokkene ringjer til gudsteneste på kapellet, like sikkert sit Hans Undheim på fyrste stolen til høgre innanfor døra og trykkjer på knappen. Alle som har vore på kapellet i eit eller anna høve har sett Hans gå litt rundt, ut og inn av dørene, og ordna forskjellige ting. Helst stilt og fredeleg, men han likar å pirka borti ungane... Det innrømmer han gjerne! Kyrkjetenar Hans er usikker på kva tid han begynte som kyrkjetenar. Det er i alle fall så lenge sidan at han måtte dra i tauet

for å få klokkene i det gamle kapellet til å kima. - Det var Noralf Slettabø som kom og sa at no måtte eg ta over jobben som kyrkjetenar etter han og Ingvald Undheim. Dei ville gje seg. Javel, sa eg, og sidan har eg hatt det, og det har vore greitt. Slår Hans fast. Han hugsar godt at han i si tid stod på for å få automatisk ringjeanlegg til klokkene i det gamle kapellet. Løna hans skulle gå til å betala det. - Og siste avdraget var akkurat betalt, då brann det kapellet, minnest han. Kva er det då som er viktig i livet? Det er å ha den åndelege biten på plass, vera greie med andre og hjelpa når ein kan. Gjekk på kapellet - Me forstod det på mor at ho ville me skulle gå på kapellet då me vaks opp. Far sa ikkje så mykje, men han meinte det same. Difor vart det slik at Hans gjekk på det som var. Han gjekk gradene, kan me sei. Det var sundagsskule, Yngres og ungdomsforeninga. - Trur eg var nokså stille og forsiktig i den tida, og sa lite. Det har aldri lege for meg å stå fram og leda og seia noko i ei forsamling. Men praktisk arbeid passar godt. Hans er så gamal at han hugsar det var litt diskusjon rundt kinoframsyningane på forsamlingshuset på Tunheim. - Mor sa ikkje så mykje, men me følte at ho helst ikkje ville me skulle gå der. Så det vart lite av det. forunderleg fred over den siste tida til far. Hans fortel at sjølv om han ikkje syng sjølv eller reknar seg for å vera musikalsk, kan han oppleva det stort og fint å gå på konsert. Når han er ute og køyrer og er åleine i bilen, set han ofte på cdar med fine songar. - Då kan eg kjenna det er noko som grip meg, så eg er visst ikkje heilt torre likevel, seier han og smiler. Ting og pengar I arbeidet sitt må Hans forhalda seg til pengar og eigedomar. - Det er skummelt å sjå kor lett slikt får makt over oss menneske. Ikkje det at han tykkjest ha noko å rosa seg av, for dette er eit felt der han må arbeida med seg sjølv heile tida. - Men eg trur at trua mi kan hjelpa meg til å setja det materielle i rett perspektiv. Me får det ikkje med oss. Kva er det då som er viktig i livet? Det er å ha den åndelege biten på plass, vera greie med andre og hjelpa når ein kan. Det er Hans sin måte å seia det på. nært forhold til kapellet I år er det 10 år sidan det nye kapellet vart bygt. Hans var mykje med i det arbeidet. - Ja, eg trur eg kan seia at kapellet er som eit hjartebarn for meg. Det gjekk mest ikkje ein dag i den tida utan at eg var der på byggjeplassen. Når andre som kjem inn i kyrkjerommet får ein fornemmelse av ein spesiell atmosfære og høgtid, sit Hans på plassen sin og gler seg over sjølve bygget, alle kablar og røyr som han «ser» for seg dei la ned i golvet, han veit kvar det ligg alt saman. - Det er som ein heim for meg, noko eg har lagt sjela mi i, ein heim eg er stolt av. Dei gongene Hans er siste mann som går ut etter gudstenesta, opnar han alltid dørene inn til kyrkjesalen, slik at dei som måtte koma inn kan sjå heilt fram til altaret. For han veit at mange har gode, åndelege opplevingar i kyrkjerommet, og det er han veldig glad for! Foto: Hanne Brit Sandsmark Trur turt Hans har ingen spesiell dag å visa til då han vart ein kristen. - Det har vakse fram. Å vera ein kristen har berre vorte naturleg for meg, og er no ein viktig del av livet mitt. Noko eg vil ha med meg, seier Hans. Han er ikkje av dei som opplever dei store høgder og veiftar med hendene, som han seier. - Eg er meir av dei som «trur turt», utan dei store svingingane i følelsar. Trua på Jesus er noko fast og trygt i livet. I kyrkja er det fredeleg og godt, det trivst han med. Sterke inntrykk Hans var sterkt knytt til far sin. Då faren låg på det siste, sa han: - Me treffest igjen, Hans. Og det trur eg. Dette er ikkje det siste. Det var ein 5

Kyrkjegarden på Undheim Foto: Hanne Brit Sandsmark Kåre Sigurd Undheim 6 Kyrkjegarden ved kapellet er snart full, det er ikkje plass til nye graver meir enn 4 år framover. Det ser ut til at dei fleste politikarane i Time kommune ikkje vil prioritera utviding av gravplassen. Time kyrkjelege fellesråd har mange gonger bedt om at det vert løyvd pengar til utviding, men så langt har det vore fånyttes. Kyrkjeverje Olav Vegard Søyland har nytta alle høve dei siste to åra til å minna om denne situasjonen. Eg vil sitera kva han skreiv i brev til gruppeleiarane i Time kommunestyre 05.11.2009: «Sjølv

om drøftingane med grunneigar så langt ikkje har ført fram, så er vi forbausa over at kommunen ikkje ser ut til å ynskja å ta nye initiativ for å få saka løyst. Vi vil så sterkt vi kan be om at midler til utviding av kyrkjegarden på Undheim igjen blir tatt inn i økonomiplanen med sikte på realisering i 2010.» Soknerådet på Undheim sende eit brev til alle gruppeleiarane i kommunestyret i november 2010. I det brevet står det: «Det er vondt for oss som bur på Undheim å godta at når kyrkjegarden er full, må folk frå Undheim gravleggjast på Time. Ikkje noko gildt å tenkja på at mange då må forhalda seg til to kyrkjegardar for å stella gravene. Grunneigar er villig til å avstå det nødvendige arealet, men kommunen sine forhandlarar vil ikkje betala meir for jorda enn det som vart betalt på Time til utviding av kyrkjegarden der. Til det er å seia at det er normalt at jorda i sentrum er dyrare enn jord som ligg lenger vekke frå sentrum. Jorda er også dyrare i Bryne enn på Time. Me ber igjen om at denne saka vert prioritert. Førebels er det nok mange på Undheim som ikkje er klar over korleis situasjonen med framtidig gravplass er, men det vil nok ikkje gå lenge før det vert meir blest om saka om det ikkje kjem eit nytt initiativ frå kommunen. Undheim sokneråd har drøfta saka på fleire møte og vil nå på vegne av heile bygda be om at de som gruppeleiarar sørgjer for at saka vert sett på kartet igjen og at det vert sett av midlar på investeringsbudsjettet. Til slutt eit spørsmål: Kva kan me på Undheim gjera for at saka skal verta teken opp att?» Så langt brevet til gruppeleiarane. Av dei sju gruppeleiarane var det berre ein som tok bryet med å svara på brevet! Alle som var på kulturkvelden på kapellet under bispevisitasen såg Gabriel Tjensvoll som utfordra biskopen til å vera drahjelp for oss overfor kommunen. Den utfordringa tok biskopen. Han tok saka opp med ordføraren og administrasjonen i Rådhuset. Men det er også nødvendig at me som bur i Undheimskrinsen engasjerar oss for at saka skal koma på saklista til kommunestyret. Denne informasjonen er første steg. Me i soknerådet vil gjerne ha innspel og og gode idéar. Det trengst engasjement, og hugs det er kommuneval til hausten! Foto: Hanne Brit Sandsmark 7

Aktuelt KAPELLET 10 ÅR Kapellet vart som dei fleste veit innvia i 2001, og dermed er me inne i ei aldri så lite jubileumsår. 10 år har me fått bruka dette flotte kyrkjebygget, og me synest at dette bør markerast. September vert på mange måtar ein jubileums månad iår. Allereie fredag 2.sept.vil me markera dette med ein jubileumsfest. Ole Gunnar Sæbø er spurd, og vil gjerne koma å halda festtalen. Diverse lokale songkrefter vil verta spurde om å delta. Programmet er ikkje heilt bestemt ennå, men eg trur me skal få til ei gild og god markering. Ein onsdag midt i september kjem kanskje pater Kjell Arild Pollestad. Tema vil vera om turane hans til Roma. Program og tidspunkt er ennå ikkje heilt i boks. I slutten av september, kanskje siste fredagen, har me tenkt å arrangera ein orgelkonsert. Mer har spurd Mons Leidvin Takle, og han har veldig lyst å koma, men endeleg svar får me ikkje før i slutten av april. Me vil sjølvsagt koma tilbake med meir informasjon når programma er på plass. Kapellstyret 8 Foto: Gunn Berit L. Soldal

Aktuelt GUDSTENESTER i UNDHEIMKYRKJA 6. mars kl. 10.30. Gudsteneste. Tema: Faste. Søndagsskule 20. mars kl. 10.30. Gudsteneste. Nattverd. Vitnesbyrd Lovsong. Søndagsskule 3. april kl. 18.30. Kveldsgudsteneste. 17. april kl. 10.30. Familiegudsteneste. Dåp. Dåpsskulen deltek. Trond Cruz, tema: glede. 21. april kl. 19.00. Kveldsgudsteneste. Nattverd 24. april kl. 10.30. Familiegudsteneste. Dåp. Påskefrokost 1. mai kl. 11.00. Konfirmasjonsgudsteneste. 17. mai kl. 11.00. Festgudsteneste Døypte 12. desember Martine Østborg 9. januar Prest: Per Børge Hillestad Musikalske leiarar: Kari Kaald Reiten og Sigmund Bjelland Henrik Økland Sandvik 23. januar U N D H E I M K Y R K J A Møta nye venner - Søkja Gud - Få del i oppdraget ÅRSMØTE for UNDHEIM SOKNERÅD Marie Risa rett etter gudstenesta 20. mars ca. kl. 12:00 Årsmelding og rekneskap. ONSDAGSKVELD i kapellkjellaren kl. 19:30-21:30 16. mars og 11. mai Undervisning, lovsang, kaffi og samtale. Til påfyll og oppmuntring Enkle bønesamlingar i kapellkjellaren kl. 19:30-21:30 9. mars 13. april Sven Tjåland Jesus er lyset i verda 92

Miniklang + Ekko = Super-Mix Jeg husker den gang Kåre Sigurd her spilte instrumentet sitt første gang på gudstjenesten, og gikk ut av båten og tok sine første skritt på vannet med det han hadde fått.. av nåde. 10 Tekst og foto: Gunn Berit Soldal Miniklang og Ekko har gleda oss på Undheim i alle år. Det er alltid kjekt å høyre på ungar som syng! Så nå, når Ekko mangla pianist, var det berre ein ting å gjere å slå saman kora og lage eit nytt kor! Super-Mix er ei midlertidig løysing, men ei svært god løysing! Her har vi ein halv time song med andakt, og hobbyaktivitet ein halv time. Vi lagar m.a. kort og steinfigur, dekorerer lys og påskeegg. Dette er kjempegildt! Ungane storkosar seg! På Super-Mix kan alle frå 4-12 år vere med. Det er i kyrkja på tirsdagar kl.17.00-18.00 i oddetalveker. Vi er ein god gjeng på ca 50 ungar. Men det er plass til fleire! Så bare kom! Vi er veldig glade for alle vaksne som er med for å hjelpe til tusen takk! Det er òg kjekt dersom foreldre eller andre vil vere med på aktivitetsdelen! Det er mange som treng ei hjelpande hand! Still berre opp eller ring Astri Eikeland på tlf. 90553023

Foto: Gunn Berit L. Soldal KJEMPEGILDT! UNDHEIM 20. og 22. JANUAR 11

Takk til våre sponsorer: Vi utfører: Reparasjon av alle typer bilmerker Periodisk kjøretøykontroll (eu-kontroll) Kilometerservice Ac-Service Vi selger og slitedeler til alle bilmerker over disk Lye Bil AS Tlf. 40006447 post@lyebil.no Tlf. 51481550