Blest nynorsk marknadsføringsspråk



Like dokumenter
Blest nynorsk marknadsføringsspråk

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Brukarrettleiing E-post lesar

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

mmm...med SMAK på timeplanen

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing. epolitiker

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Flaggreglement. for. Fjell kommune

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

Sandeid skule SFO Årsplan

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

INFORMASJON om førestellinga:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

6. trinn. Veke 24 Navn:

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

10/60-14/N-211//AMS

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tilgangskontroll i arbeidslivet

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Vegvisar til vilbli.no

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ØYSTESE BARNESKULE ÅRSPLAN FOR FAG

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Informasjon og avtale om bruk av meiropne bibliotek i Lindås og Meland.

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Nytt HFK Intranett

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Installasjonsrettleiing

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Brukarmanual.

Namning av vegar i Fræna Kommune

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Eksamen SSS2001 Marknadsføring og sal / Markedsføring og salg. Programområde: Salg, service og sikkerhet. Fylkeskommunenes landssamarbeid

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Bildetekst motiv Foto: Navnet på fotografen. Notater: Kalender 2019

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Transkript:

Blest Blest nynorsk marknadsføringsspråk

Arild Torvund Olsen Blest Nynorsk marknadsføringsspråk ulstein mållag 2014

blest nynorsk marknadsføringsspråk 4 formgjeving: Arild Torvund Olsen utgjevar: Ulstein mållag skrifter: Dolly og Bello prenteverk: Tinde Design & Trykk as 4. utgåva, 2014 Innhald 5 Føreord 6 Ikkje slik... ( døme på vanlege feil ) 7... men slik 8 Nynorske avløysarord 10 Råd for å unngå vanlege feil 11 Genitiv 11 Tankestrek eller bindestrek? 12 Aksentteikn 12 Stor bokstav 12 Hermeteikn 13 Særskriving og samanskriving ( orddelingsfeil ) 13 Punktum eller ikkje? 13 Mellomrom eller ikkje? 14 Nynorske namn på nokre utvalde høgtider og merkedagar 15 Nynorske namn på vekedagane 15 Nynorske namn på årstidene 16 Gode hjelpemiddel

5 blest nynorsk marknadsføringsspråk Føreord Dette heftet er laga for å gjera livet litt lettare for deg som vil laga god marknadsføring på nynorsk. Heftet samlar skriveråd, nynorske avløysarar for vanlege bokmålsformuleringar, råd om teiknsetjing, nynorske namn på høgtider og merkedagar og anna nyttig. Nynorsk er eit godt marknadsføringsspråk. God nynorsk språkføring gjev setningar som er klåre, lette og munnlege i stilen. Nyttar du nynorsk i marknadsføringa, skil du deg dessutan positivt ut i den daglege flaumen av reklame på bokmål og engelsk. I arbeidet med heftet har eg fått god hjelp frå mellom andre Ingvild Aursøy Måseide, Terje Aarset, Inger Johansen, Ingrid Slettevoll, Sergej Alexander Munkvold, Vike bladet Vestposten, Bjarne Wærdahl og Tussa as. Til dette fjerde opplaget har eg revidert heftet ut frå den nye nynorskrettskrivinga som vart vedteken i 2012. Arild Torvund Olsen Ulstein, 2014

blest nynorsk marknadsføringsspråk 6 Ikkje slik... vantande mellomrom ( sjå s. 13 14 ) særskrivingsfeil ( sjå s. 13 ) bokmålsord ( sjå s. 8 9 ) Kjempe salg 50% rabatt Me ryddar plass til hausten s varer og har sal på mange merker. Butikken er åpen Mandag - fredag frå kl 10.00-20.00. Husk rabattkortet! bokmålsord ( sjå s. 8 9 ) feil namn på vekedag ( sjå s. 15 ) og feil bruk av stor bokstav ( sjå s. 12 ) feil teiknsetjing ( sjå s. 11 )

7 blest nynorsk marknadsføringsspråk... men slik Kjempesal 50 % rabatt Me ryddar plass til haustvarene og har sal på mange merke. Butikken er open måndag fredag kl. 10.00 20.00. Hugs rabattkortet! genitivsfeil ( sjå s. 11 ) feil bøyingsending ( sjå s. 10 ) vantande punktum ( sjå s. 13 )

blest nynorsk marknadsføringsspråk 8 Nynorske avløysarord for eit utval bokmålsord, lånord, framandord og utanlandske ord accessories tilleggsutstyr, pynt, lauseffektar adgang forbudt ikkje tilgjenge, stengt for uvedkomande anbefale tilrå dagens anbefaling i dag tilrår me, kokken tilrår anbud fastpristilbod, tilbod, anbod ankomme koma det har ankommet et nytt parti med det har kome eit nytt parti med bedrift verksemd begynne byrja, ta til beholdning opplag, varemengd, lager tilbudet gjelder så langt beholdningen rekker tilbodet gjeld så langt lageret rekk beliggenhet lægje/leie, plassering huset har en god beliggenhet huset ligg godt til bestille tinga, skriva etter bestilling tinging forhåndsbestille førehandstinga billig rimeleg, billeg/billig billigere rimelegare, billegare/billigare bolig bustad, husvære bugne bogna det bugner av gode tilbud det bognar av gode tilbod byttes kan/skal/må bytast varen byttes ikke vara kan ikkje bytast, du kan ikkje byta vara varen byttes kun mot kvittering vara kan berre bytast mot kvittering dagens for dagen, dags-, i dag: dagens tilbud ( på ) tilbod i dag dagens rett på menyen i dag dagens OL-tilbud OLtilbodet i dag dagens anbefaling i dag tilrår me, kokken tilrår dagligvarer daglegvarer enhetspris jamførpris, kilopris, meterpris, literpris, pr. m/kg/l/... etterspørsel etterspurnad fashion mote forbehold atterhald med forbehold om trykkfeil med atterhald om prentefeil/ trykkfeil forbudt forbode adgang forbudt ikkje tilgjenge, stengt for uvedkomande forhåndsbestille førehandstinga fåes kjøpt er å få kjøpt gave gåve gjelder ikke før gjeld ikkje før gårsdagens frå i går gårsdagens bakst gårbakst, baka/bakt i går hjemmebakt heimebakt/heimebaka hjemmelaget heimelaga holdbar som held seg holdbar til held seg til lang holdbarhet held seg lenge husets frå huset husets vin vår eigen vin huske hugsa husk morsdagen! hugs morsdagen! hverdag kvardag høstens for hausten, haust- høstens mote haustmoten høstens nyheter fra haustnytt frå/hjå/hos høstens lekreste jakker dei lekraste haustjakkene, dei lekraste jakkene denne hausten høstens klesnyheter haustnye klede høstnyheter haustnytt klær klede (i samansetjingar: klede- el. kle(s)-) kom og se kom og sjå kun berre nå kun kr 50 no kr 50 lavpris lågpris lave priser låge prisar lavere pris lægre/lågare prisar leveres med vert levert med make-up sminke mandag måndag marked marknad mengde mengd en mengde mange, ei mengd en mengde gode tilbud mange gode tilbod mer meir må oppleves må opplevast må sees må sjåast nyhet nyhende, ny, ( siste ) nytt nyheter fra ( siste ) nytt frå vårnyheter innenfor damemote vårny damemote nyåpning nyopning nå kun kr 50 no kr 50 prøv vår nye salat prøv den nye salaten vår refill påfyll release plate-/bokslepp release party sleppfest rimelig rimeleg rimeligere rimelegare sale sal final sale sluttsal, siste salet

9 blest nynorsk marknadsføringsspråk salg sal til salgs til sals salgets siste dager salsinnspurt, dei siste dagane av salet, sluttspurten på salet selge selja selges til halv pris til sals for halv pris selv sjølv selvbetjening sjølvplukk sendes vert sendt, skal/må/bør sendast svaret sendes til svaret sender du til varene sendes hjem til deg varene vert sende heim til deg, me sender varene heim til deg serveres med vert servert med service teneste, hjelp kundeservice kundeteneste, kundestønad, kundehjelp se vårt nye tilbud innen bilvask sjå det nye bilvasktilbodet vårt shoppe handla shoppingsenter kjøpesenter, butikksenter smak vår nye pizza smak den nye pizzaen vår snacks småknask, saltknask sommerens for sommaren/sumaren, sommar-/sumar- sommerens mote sommarmoten/sumarmoten sommerens nyheter fra sommarnytt/ sumarnytt frå/hjå/hos sommerens lekreste kjoler dei lekraste sommarkjolane/sumarkjolane, dei lekraste kjolane denne sommaren/ sumaren sommerens klesnyheter sommarnye/sumarnye klede sommernyheter sommarnytt/sumarnytt stenge stengja butikken stenges butikken stengjer stengt stengd ( om han- og hokjønnsord ), stengt ( om inkjekjønnsord ), stengde ( om fleirtal ) størrelse storleik tilbud tilbod tilbudet gjelder så langt beholdningen rekker tilbodet gjeld så langt lageret rekk til salgs til sals tilsatt sukker tilsett sukker uten/ikke tilsatt sukker utan tilsett sukker trekkes vert trekt rabatten trekkes fra i kassen rabatten vert trekt frå i kassa/ kassen, me dreg frå rabatten i kassa/ kassen uansett endå, same kva, utan omsyn til uansett førpris utan omsyn til førpris, alle prisgrupper, alt på bordet/stativet/ hylla ukens denne veka, veke- ukens tilbud på tilbod denne veka, veketilbod utleie utleige utvalg utval valg val veiledende pris rettleiande/rådgjevande pris velge velja velg mellom vel mellom venligst ver så venleg å, gjer vel å vinterens for vinteren, vinter- vinterens mote vintermoten vinterens nyheter fra vinternytt frå/hjå/hos vinterens lekreste jakker dei lekraste vinterjakkene, dei lekraste jakkene denne vinteren vinterens klesnyheter vinternye klede vinternyheter vinternytt virksomhet verksemd vær tidlig ute ver tidleg ute vår bestselger bestseljaren vår vårens for våren, vår- vårens mote vårmoten vårens nyheter fra vårnytt frå/hjå/hos vårens lekreste kjoler dei lekraste vårkjolane, dei lekraste kjolane denne våren vårens klesnyheter vårnye klede vårnyheter vårnytt vår nye modell den nye modellen vår weekend helg ønskes ynskjer/ønsker, vert ynskt/ønskt en god handel ønskes deg og dine me ynskjer/ønsker deg og dine ein god handel x ønskes kjøpt ynskjer/ønsker å kjøpa x, vil kjøpa x åpen open åpent ope vi har/holder åpent me har/held ope butikken åpnes butikken opnar dørene åpnes kl. 12 innslepp kl. 12 åpning opning åpningstid opningstid nyåpning nyopning årets ( frå ) i år årets kjempesalg det største salet i år, kjempesalet 20xx ( t.d. 2015 ) årets kolleksjon 20xx-kolleksjonen

blest nynorsk marknadsføringsspråk 10 Råd for å unngå vanlege feil 1. Bruk munnleg ordstilling der det lèt set gjera. Skriv heller «økologisk tomat» enn «tomat, økologisk». 2. Ikkje ta utgangspunkt i bokmålssetningar som du omset ord for ord, slikt vert det dårleg språk av. Tenk heller korleis du best kan uttrykkja innhaldet på eit lett og munnleg vis. Godt nynorsk reklamespråk skal vera enkelt og klårt i stilen. 3. Unngå overdriven bruk av forkortingar. For mange forkortingar gjer at teksten vert tung å lesa. 4. Styr unna passive formuleringar. Ikkje skriv at «varene seljast no til halv pris». Skriv i staden at «no sel me varene til halv pris». 5. Les høgt det du har skrive. Slik kan du lettare luka ut tunge formuleringar. 6. Hugs at inkjekjønnsord ikkje får ending i ubunden form fleirtal. Det heiter «fleire eple» og «fleire merke», ikkje «fleire epler» og «fleire merker». 7. Berre verb som sluttar på -a i fortid ( t.d. «kasta» ) skal ha endinga -ar i notid. Andre, slik som «kjøpte», skal ha -er i notid: «kjøper». 8. Det er valfritt kva infinitivsending du nyttar ( «å kaste» eller «å kasta» ), men hald deg til same infinitivsendinga gjennom heile teksten. Hugs at kva infinitivsending du nyttar, ikkje har noko å seia for verbbøyinga. 9. Ikkje bland nynorsk og bokmål i same lysinga. Bokmålsinnslag gjer at lysinga ser ut som ei halvferdig omsetjing. Nynorsk og dialekt lèt seg derimot godt kombinera, men helst ikkje i same setninga. Du kan til dømes nytta eit slagord på dialekt og ha resten av lysinga på nynorsk. 10. Hugs at det heiter «eit barn» ( ikkje «eit born» ), medan det i fleirtal er valfritt om du vil skriva «fleire born» eller «fleire barn». I samansetjingar heiter det alltid «barne-»: barnebøker; barneborn; barnehage; barneklede. 11. Ikkje bland saman «gjer» og «gjev». «Gjer» er notid av «å gjera», medan «gjev» er notid av «å gjeva». 12. Ha gode rutinar for språkvask. 13. Lag gjerne lister med svar på slikt du ofte er uviss på. Heng lista di der du sit og skriv. 14. Det er inga skam å nytta ordbok.

11 blest nynorsk marknadsføringsspråk Genitiv S-genitiv skriv me utan apostrof på norsk. Det heiter «Pers butikk», ikkje «Per s butikk». Eit unntak er etter ord som sluttar på -s, -x eller -z ( Vesaas butikk ), men pass då på at du nyttar apostrof ( ) og ikkje t.d. aksentteikn ( ). På nynorsk vert s-genitiv berre nytta i tilknyting til namn ( Pers hotell; Dals prenteverk ) og til ubundne substantiv i hovudsak i nemningar for tid og mål ( ein dags arbeid; i mils omkrins ). Elles nyttar me helst preposisjonar eller samansetjingar: preposisjonar skinke frå husslakteriet ( bokmål: husslakteriets skinke ) inngangen til kjøpesenteret ( bokmål: kjøpesenterets inngang ) nytt i vinter ( bokmål: vinterens nyheter ) butikken på staden ( bokmål: stedets butikk ) samansetjingar vintermoten ( bokmål: vinterens mote ) Tankestrek eller bindestrek? Tankestreken ( ) er litt lengre enn bindestreken ( - ), og desse to teikna har ulike funksjonar. Tankestreken vert mellom anna nytta for null øre: 49, i tydinga «frå... til» eller «mellom... og»: 300 400*; Bergen Oslo; ope kl. 10 20** ( Utan mellomrom før og etter tankestreken. ) for å markera sitat: Det var lurt, sa han. for å markera innskot i setningar: Dette tilbodet er utan tvil det beste i år. ( Med mellomrom før og etter tankestreken. ) Bindestreken vert mellom anna nytta før avleiingsendingar og bøyingsendingar på forkortingar: PC-en; LP-en; TV-en for å markera sams ledd: tilbods- og informasjonsavis; mån- og tysdagar; kampanjelysing og -avis i orddeling ved lineskifte: tidstypisk Du finn meir informasjon på vevsida til Språkrådet: www.sprakradet.no/tema/skole/tips-om-skriving-nynorsk/bindestrek/ www.sprakradet.no/tema/skole/tips-om-skriving-nynorsk/tankestrek/ * Merk at 3 400 og 300 400 er to heilt ulike intervall. ** Tankestreken tyder både «frå» og «til». Formuleringar som «frå Bergen Oslo» og «ope frå kl. 5 10» vert difor feil.

blest nynorsk marknadsføringsspråk 12 Aksentteikn Bortsett frå i namn er det lov å utelata aksenten i alle ord på norsk. Dersom du nyttar aksentar, må du passa på at du nyttar rett aksent. Akutt aksent ( ) vert i hovudsak nytta for å markera trykk ( kafé; idé; éin ). Grav aksent ( ` ) vert nytta i ord som til dømes «òg» og «à» (2 pølser à kr 7,90). Cirkumfleksteiknet ( ˆ ) vert stort sett berre nytta i orda «fôr», «lêr» og «vêr», i tillegg til i nokre utanlandske ord og vendingar som «crème fraîche». feil: kafè rett: kafé Du finn meir informasjon på vevsida til Språkrådet: www.sprakradet.no/sprakhjelp/skriveregler_og_grammatikk/aksentteikn/ Stor bokstav Ikkje bruk store førebokstavar i hytt og vêr. Namn på månader, heilagdagar og liknande skal ikkje ha stor førebokstav. På norsk nyttar me berre stor førebokstav i eigennamn og i byrjinga av setningar. Styr difor unna konstruksjonar som «KjempeSal». Når eit geografisk namn eller personnamn vert ein del av ei bindestrek samansetjing som vert oppfatta som eit nytt særnamn, skal båe ledda ha stor førebokstav ( Sumar-Sunnmøre; Midt-Noreg ). Når eit geografisk område vert avgrensa med ord som «vestre», «indre», «øvre» og liknande, skal båe orda ha stor førebokstav dersom samansetjinga geografisk eller administrativt er eit tydeleg definert område ( Søre Sunnmøre; Indre Sogn ). Elles skal fyrste ordet ha liten førebokstav ( vestre Hordaland; nordre Sunnfjord ). I punktlister skal kvart punkt byrja med liten førebokstav, med mindre punkta er lange og sluttar med punktum, spørjeteikn eller ropeteikn. Dersom kvart punkt er ein del av setninga som innleier punktlista ( sjå døme på s. 13 ), skal punkta byrja med liten førebokstav. namn på dagar og månader geografiske namn punktlister Du finn meir informasjon på vevsida til Språkrådet: www.sprakradet.no/tema/skole/tips-om-skriving-nynorsk/stor-bokstav/ Hermeteikn På norsk skriv me helst hermeteikn «slik», eventuelt slik. Teikna skal vera vende slik at dei omfamnar ordet ( «slik», ikkje»slik«). Ikkje nytt tommeteikn ( " ) som hermeteikn. «slik»

13 blest nynorsk marknadsføringsspråk Særskriving og samanskriving ( orddelingsfeil ) «Lamme lår» og «lammelår» er to ulike ting. Dei vert uttalte ulikt, og dei skal skrivast ulikt. Samansette ord skal skrivast i eitt ( «skitentøykorg» ), elles vil lesaren lett tolka det han les som «... som er...» ( «skiten tøykorg» tyder «tøykorg som er skiten», og dei færraste ynskjer å kjøpa noko slikt ). Dersom eit samansett ord vert delt over to eller fleire liner, må du nytta bindestrek. Nokre ord og uttrykk som ofte vert skrivne feil: i dag; ifrå; i gang; i går; i hop; i lag; i land; imot; om att; om lag; om senn; omsider. Merk skilnaden på «alt for» og «altfor»: Butikken gjer alt for kundane. Salet slutta altfor tidleg. feil: Kjempe tilbod rett: Kjempetilbod Du finn meir informasjon på vevsida til Språkrådet: www.sprakradet.no/sprakhjelp/skriveregler_og_grammatikk/eitt_eller_fleire_ord/ Punktum eller ikkje? Bruk punktum i forkortingar: kl.; t.d.; filet m. skinn i datoar: 5. februar; 05.02. ( ikkje «05/02» ); 05.02.2008 Ikkje bruk punktum i forkortingar for mynteiningar, mål eller vekt: kr; kg i summar: 10 000 ( ikkje «10.000» ) i førebokstavord: SAS Du finn meir informasjon på vevsida til Språkrådet: www.sprakradet.no/sprakhjelp/skriveregler_og_grammatikk/punktum/ Mellomrom eller ikkje? Bruk mellomrom mellom tal og prosentteikn: 50 % rabatt mellom tal og einingar for mynt, mål, vekt og liknande: 50 kr før og etter tankestrek nytta som sitatteikn: Hei! før og etter tankestrek nytta for å markera innskot: Dette tilbodet er utan tvil det beste i år. etter eit ordenstal med punktum: 12. gongen; 17. mai i store tal: 10 000; 1 500 000 før og etter gangeteikn, plussteikn, minusteikn, deleteikn og likskapsteikn: 10 5 m 50 % rabatt

blest nynorsk marknadsføringsspråk 14 Ikkje bruk mellomrom etter plussteikn og minusteikn som skal syna at eit tal er positivt eller negativt: +5 C ved skråstrek mellom to ord eller tal: 2005/2006 før og etter tankestrek i tydinga «frå... til» eller «mellom... og»: 300 400 Du finn meir informasjon på vevsida til Språkrådet: www.sprakradet.no/sprakhjelp/skriveregler_og_grammatikk/mellomrom/ Nynorske namn på nokre utvalde høgtider og merkedagar faste datoar 01.01: nyårsdag el. nyttårsdag; 1./fyrste/første nyårsdag el. nyttårsdag 02.01: 2./andre nyårsdag el. nyttårsdag 06.02: samefolket sin dag 14.02: valentinsdagen, Sankt Valentins dag 08.03: kvinnedagen 01.05: arbeidarane sin internasjonale kampdag 08.05: frigjeringsdagen 17.05: grunnlovsdagen; nasjonaldagen 23.06: jonsokaftan el. -eftan; sankthansaftan el. -eftan 24.06: jonsok; jonsokdag; sankthans; midtsommarfestdag el. midtsumarfestdag 02.07: syftesok 28.07: olsokaftan el. -eftan 29.07: olsok 24.10: sn-dagen el. fn-dagen 31.10: allehelgensaftan el. -eftan ( det norske ordet for «halloween» ) 01.11: allhelgemesse; helgemesse; allehelgensdag ( i Den norske kyrkja vert dagen markert fyrste sundagen i november ) Jul/jol og advent 13.12: luciadagen; lussimesse 23.12: vesle-/litlejulaftan el. -eftan; vesle-/litlejolaftan el. -eftan 24.12: julaftan el. -eftan; jolaftan el. -eftan 25.12: juledag/joledag; fyrstedag/førstedag jul el. jol; 1./fyrste/første juledag el. joledag 26.12: 2./andre juledag el. joledag; annandag jul/jol; andredag jul/jol 31.12: nyårsaftan el. -eftan; nyttårsaftan el. -eftan rørlege dagar morsdag ( andre sundagen i februar ) fastelavn -en fastelavnssundag el. fastelavnssøndag ( siste sundagen før faste ) fastelavn ( siste tre dagane før langfasta ) feitetysdag ( siste dagen før fasta ) oskeonsdag ( fyrste onsdagen etter fastelavn )

15 blest nynorsk marknadsføringsspråk påske -a el. -en palmesundag el. palmesøndag ( sundag før påske ) skjærtorsdag ( siste torsdagen før påskedagen ) langfredag ( fredagen før påske ) påskeaftan el. -eftan ( aftanen eller dagen før fyrste påskedag ) påskedag; 1./fyrste/første påskedag; fyrstedag/førstedag påske 2./andre påskedag; andredag påske Kristi himmelfartsdag, helgetorsdag ( sjette torsdagen etter påske ) pinse -a el. -en, pins -a el. -en pinseaftan el. -eftan pinsedag; 1./fyrste/første pinsedag; fyrstedag/førstedag pinse 2./andre pinsedag; andredag pinse farsdag ( andre sundagen i november ) id (muslimsk høgtid som markerer slutten på ramadan) Nynorske namn på vekedagane måndag ( forkorta må. ) tysdag ( forkorta ty. ) onsdag ( forkorta on. ) torsdag ( forkorta to. ) fredag ( forkorta fr. ) laurdag ( forkorta lau. ) sundag ( forkorta su. ) el. søndag ( forkorta sø. ) Nynorske namn på årstidene vår -en sommar -en ( fl. somrar ) el. sumar -en ( fl. sumrar ) haust -en vinter -en ( fl. vintrar ) el. vetter -en ( fl. vetrar ) personlege dagar og hendingar bryllaup -et bryllaupsaftan el. -eftan ( kvelden før bryllaupet ) bryllaupsdag -en ( dagen ein giftar seg el. årsdag for eit giftarmål ) dåp -en fødselsdag -en; bursdag -en; åremålsdag -en; gebursdag -en gravferd -a konfirmasjon -en namnedag -en truloving -a

blest nynorsk marknadsføringsspråk 16 Gode hjelpemiddel Her er ei liste med nokre nyttige hjelpemiddel for folk som vil skriva god og korrekt nynorsk: bøker Alf Hellevik, Aud Søyland og Margunn Rauset: Nynorsk ordliste Magne Rommetveit: Med andre ord. Den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk Kristin Fridtun: Nynorsk for dumskallar nettsider www.sprakradet.no Vevsida til Språkrådet inneheld svar på mange språkspørsmål. nob-ordbok.uio.no Nynorskordbok på nettet. www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/123nynorsk.html Nynorsk på 1-2-3 eit nynorskkurs i teikneserieform.