Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28
Mjøsa er den største innsjøen i Noreg. Han er meir enn fire hundre meter djup og rekk frå Minnesund i sør til Lillehammer i nord. Helgøya er ei øy i Mjøsa. På Helgøya ligg det fleire store gardar. Namnet Helgøya tyder «den heilage øya». nede I djupet Eg har vakse opp like ved Mjøsa. Mjøsa er djup, og vatnet kan ofte sjå heilt svart ut. Då eg var liten, sat eg ofte i ein robåt og kika ned i vatnet. Kva var det der nede i djupet? Fisk vel, seier du kanskje. Og fisk var det. Det var gjedde og sik, åbor og lake. Men var det noko meir? Noko vi aldri fekk i fiskegarnet eller på fiskekroken? Rett som det var, syntest eg eg såg lange skuggar som kappsumde med robåten vi sat i. Eg fekk vondt i magen kvar gong eg såg det. Kven eller kva var det som laga skuggane? 4 15795_Mjosormen_M_NN.indd 4 09-11-07 13:04:48
Då eg var sju år, skulle eg lære å symje. Det var symjekurs på stranda. Den sommaren var vatnet i Mjøsa mykje varmare enn det pla vere. Unaturleg varmt, stod det i avisene. Ingen hadde noka forklaring. Dei vaksne snakka om det kvar dag. Dei fortalde gamle historier om folk som var blitt borte i Mjøs-djupet på varme sommarkveldar. No kom det nye historier til. Historier om båtar som blei funne att langt frå staden der dei var fortøydde. Historier om sauer som beitte i strandkanten og plutseleg blei søkk borte. Eg øvde på beintak og armtak heilt inne ved land. Heile tida surra orda til dei vaksne omkring i hovudet mitt. Var det ikkje ein skugge som for forbi under meg? Det kjendest nesten som om eg sparka borti noko. Der såg eg tydeleg noko mørkt fare utover. Kva var det? Eg grøssa og kom meg fort opp på land. 5 15795_Mjosormen_M_NN.indd 5 09-11-07 13:04:58
mj ø s o r m e n Trur du ikkje på meg kanskje? spurde Torbjørn. Eg visste ikkje kva eg skulle svare. Dersom eg sa nei, ville han kanskje bli sur og aldri snakke til meg meir. Dersom eg sa jo, kunne det hende han ville le av meg og tenkje at eg berre var ein lettlurt dritunge. Veit ikkje heilt, mumla eg. Og det var sant. Torbjørn fortel så mykje rart. Noko er kanskje sant, men eg trur han diktar litt sjølv òg. No hadde han nettopp servert ei fantastisk historie att. Om ein sjøorm. Du kan godt få heile historia, akkurat slik Torbjørn fortalde henne: For lenge sidan låg Hamar domkyrkje og bispeborga heilt nede ved breidda av Mjøsa. 6 15795_Mjosormen_M_NN.indd 6 09-11-07 13:04:58
Det var natt. Lars, ein av stallkarane* til biskop Mogens, vakna brått. Han syntest han hadde høyrt nokon underlege lydar nede frå stranda. Han stod opp, trekte på seg skorne og lista seg ut. Dei andre karane hadde visst ikkje høyrt noko. Dei sov så det dura i veggene. Sola hadde ikkje stått opp enno, men det var nesten lyst. Lars hutra litt og batt den tynnslitne kufta* tettare om seg. Så gjekk han raskt nedover mot stranda, der han meinte dei merkelege lydane hadde kome frå. * stallkar: ein som fôrar og steller hestar * kufte: langt, skjorteliknande plagg med belte i livet; i dag bruker vi ordet om strikkejakke 7 15795_Mjosormen_M_NN.indd 7 09-11-07 13:04:59
Lars gjekk med faste og bestemte steg. Der vegen gjorde ein sving og heile stranda låg synleg framfor han, stoppa han brått og blei ståande heilt stiv. Det låg noko stort og mørkt på skjeret der ute! Skjeret var berre eit lite steinkast frå stranda, og Lars kunne tydeleg sjå at skapningen hadde lang hals og eit stort hovud. Hovudet såg ut til å ha man, akkurat som ein hest. Var det eit kjempestort hestehovud? Nei, dette var ingen hest. Ikkje noko anna dyr han kjende heller, så vidt han kunne sjå. Skapningen strekte seg mot himmelen og opna gapet. Lars hadde aldri før sett eit så digert gap. Han kjende at han skalv av redsle. Den kjempestore skapnaden gjorde 8 15795_Mjosormen_M_NN.indd 8 09-11-07 13:05:02
nokon merkelege rørsler for å kome seg ut i vatnet att, men greidde det ikkje. Då kom det eit brøl frå skjeret, så kraftig og stygt at Lars aldri hadde høyrt maken. Brølet trengde seg inn i heile kroppen hans, det sprengde i øyra og la seg som ein stor klump i magen. Lars kjende at han blei kald som om han var frosen til is. Han bråsnudde og sprang oppover mot bispegarden. Men beina ville ikkje heilt lystre han, han meir snubla enn sprang. Kom! Hjelp! Eit uhyre på skjeret! Lars ropte så høgt han kunne. Han hadde nesten ikkje pust att då han nådde bispegarden. Der hadde nokon vakna av ropa hans. Dei kom forskrekka ut for å høyre kva som var på ferde. Så sprang dei saman med Lars frå dør til dør. Dei banka og ropte til det var blitt liv i alle tenestefolka. Nokre av prestane kom òg for å sjå kva som var grunne til alt oppstyret. Dei frykta det verste, for det hadde skjedd mange merkelege og uforklarlege ting i det siste. Folk var blitt urolege og redde. Til og med biskopen var skremd, særleg etter at han ei natt blei vekt av at kyrkjeklokkene brått begynte å kime. Då han gjekk ned i kyrkja for å sjå kven som ringde med klokkene, var det ingen som drog i taua klokkene ringde heilt av seg sjølv! Biskopen ville straks inn i kyrkja for å be. I same augneblinken som han sette foten i døropninga, begynte orgelet å spele men det sat ingen på orgelkrakken! No kika prestane seg nervøst omkring. Lars hadde jo vore heilt vitskremd då han kom springande og ropte om uhyret på skjeret. Skulle uhygga aldri ta slutt? 9 15795_Mjosormen_M_NN.indd 9 09-11-07 13:05:02