Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg a) Servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg skal berre vere tillate i helgar, frå fredag kl 16 til og med søndag kl 24. b) På dei vidaregåande skulane skal det ikkje serverast alkohol når det er undervisning. c) Servering av alkohol andre dagar enn i helg skal berre kunne skje i heilt spesielle høve, og uansett innanfor tidsramma frå kl 16 til 24. d) Målgrupper for arrangement der det kan serverast alkohol skal vere vaksne etter reglane i alkohollova. 2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å fastsetje utfyllande retningsliner for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg med utgangspunkt i retningslinene vedtekne av fylkestinget. ------ Saksutgreiing 1. Innleiing Bakgrunnen for saka er todelt. I samband med at ulike typar sambruksbygg (Opera Nordfjord, Campus, Trivselshagen) er tekne i bruk, har det oppstått situasjonar der det har vore behov for å klargjere reglane for alkoholservering. Fylkesrådmannen ønskjer difor å ha reglar for alkoholservering i bygg som fylkeskommunen eig, leiger eller leiger ut. I tillegg ønskjer fylkesrådmannen å synleggjere ei restriktiv haldning til alkohol generelt i fylkeskommunale bygg. Som det går fram av framlegget til vedtak ønskjer fylkesrådmannen at fylkestinget vedtek overordna retningsliner for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg, og vidare gir fylkesrådmannen mynde til å utforme eit meir detaljert reglementet med utgangspunkt i retningslinene. 1
Definisjon av omgrepa som er brukte i saka: Servering: inkluderer både skjenking og påspandert servering Skjenking: servering mot betaling 2. Historikk: Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde fram til 2002 som gjeldande ordning at det ikkje skulle nyttast fylkeskommunale midlar til kjøp av alkoholhaldige drikkevarer. Eit fylkestingsvedtak frå 1976 hadde denne ordlyden: Fylkesutvalet fastset at det ikkje skal vere servering av rusdrykk ved fylkeskommunale tilskipingar Dette vart i sak 64/86 avløyst av følgjande vedtak: Det skal ikkje nyttast fylkeskommunale midlar til kjøp av alkoholhaldige drikkevarer. I 2002 oppmoda så fylkesutvalet fylkesrådmannen om å leggje fram ei sak om reglar for servering av alkohol. I saksutgreiinga står mellom anna: Den noverande ordninga slik den er nedfelt gjennom fylkestinget sitt vedtak av 1986 verkar i det store og heile utan problem. I nokre særlege tilfelle kan den noverande ordninga vere problematisk for rolla som vertskap og den kan bringe fylkeskommunale representantar i ein noko problematisk situasjon. Det gjeld særleg når fylkeskommunen har utanlandske gjester på besøk og det kan også gjelde for enkelte andre spesielle situasjonar. Tillegget bør opne for at fylkesordføraren får fullmakt til å vedta å servere alkohol i spesielle høve når fylkeskommunen har gjester. Fylkestinget gjorde i sak 30/02 slikt vedtak: 1. Det skal som hovudregel ikkje nyttast fylkeskommunale midlar til kjøp av alkoholhaldige drikkevarer. 2. Fylkesordføraren kan likevel etter eige skjøn godkjenne alkoholservering i tilskipingar der fylkeskommunen har gjester. Vedtaket inneber slutt på totalforbodet mot alkoholservering, og opnar for at fylkesordføraren får fullmakt til å servere alkohol i spesielle høve når fylkeskommunen har gjester. Vedtaket frå 2002 gjeld i tillegg til reglane og retningslinene i denne saka, som berre gjeld fylkeskommunale bygningar. 2
Ruspolitikk generelt i Sogn og Fjordane fylkeskommune Det er ikkje utarbeidd eigen ruspolitisk plan for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Hovudarbeidsmiljøutvalet (HAMU) i Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok i sak 6/96 Retningsliner for AKAN-arbeidet. (Arbeidslivets Komité mot Alkoholisme og Narkomani) Fylkeskommunen ønskjer gjennom AKAN-arbeidet å førebyggje rusproblem blant dei tilsette, opprette eit rusfritt arbeidsmiljø og leggje tilhøva til rette for arbeidstakarar med rusproblem. Ut over dette er det ikkje eigne reglar som regulerer alkoholbruk i fylkeskommunen. 3. Definisjon av fylkeskommunale bygg: Fylkeskommunale bygg er i utgreiinga definert som bygg der fylkeskommunen er eigar eller leiger lokale til ulike føremål, t.d. undervisning og tannhelsetenester. Desse kan grupperast slik: Eigne bygg: Alle dei vidaregåande skulane, Fylkeshuset, Prestebøen og tannklinikkane i Høyanger og Lavik, nytt kunstmuseum (leigebygg?) Sambruksbygg: Eig vgs/operahuset Nordfjord, Trivselshagen på Sandane (både skuleog kulturbygg og Firdahallen), nytt kunstmuseum i Førde Leigebygg: Førde: Concord og Welcon-bygget (Øyrane vgs) og Fagskulen i Sogn og Fjordane, SEIF-bygget Sogndal: Fosshaugane Campus (Sogndal vgs), Vågsøy: Samfunnshallen (Måløy vgs) og Luster: Sambruksbygget (Luster vgs) Tannklinikkar elles Utleigebygg: Eid vgs, del av servicebygg Mel Det er ikkje forbod mot servering av alkohol i bygg som har fått spelemidlar. 4. Gjeldande lov- og regelverk: Opplæringslova seier ikkje noko om bruk av alkohol på vidaregåande skule. Alkohollova regulerer sal av alkohol og pålegg løyveplikt. Lova gjelde i tillegg til vedtekne fylkeskommunale reglar. 5. Drøfting og konklusjon: Fylkesrådmannen ønskjer som tidlegare nemnt å ha ein restriktiv praksis når det gjeld servering (dekkjer både skjenking og påspandert servering) av alkohol i fylkeskommunale bygg, men ønskjer likevel å opne for at dette når spesielle omsyn og vilkår er ivaretekne. Fylkesrådmannen vil rå til at servering av alkohol i fylkeskommunale bygningar berre skal vere tillate i helgane, frå fredag kl 16 til og med søndag kl 24. Servering på andre dagar skal berre skje heilt unntaksvis, og uansett innanfor tidsramma kl 16-24. Målgrupper for arrangement der det kan serverast alkohol skal vere vaksne etter reglane i alkohollova. På dei 3
vidaregåande skulane skal det uansett ikkje kunne serverast alkohol når det føregår undervisning. Framlegget til reglar har ei utforming som ikkje gjer det naudsynt å søkje fylkeskommunen om serveringsløyve i kvart einskild tilfelle, heller ikkje ved utleige. Retningslinene som skal utarbeidast på grunnlag av reglane må få ei tilsvarande utforming, slik at når kriteria i retningslinene er oppfylde, vil servering automatisk vere lov. Det er viktig å vere merksam på at reglane i alkohollova alltid vil gjelde i tillegg til fylkeskommunale reglar og retningsliner. Det må utarbeidast standardavtalar for utleige av fylkeskommunale bygg til, med tilvising til fylkeskommunalt reglement for servering av alkohol. Leigetakarar av fylkeskommunale lokale/bygg pliktar sjølv å setje seg inn i reglane i alkohollova som gjeld skjenking (servering mot betaling). Ved skjenking skal det uansett søkjast om løyve (til kommunen) etter reglane i alkohollova. Dette må også gå fram av avtalane nemnde ovanfor. Ved skjenking i fylkeskommunale bygg, (servering mot betaling), krevst det etter alkohollova skjenkeløyve, også når fylkeskommunen sjølv er tilskipar. Andre fylkeskommunar: Fylkesrådmannen har på e-post vendt seg til nokre andre fylkeskommunar med førespurnad om reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg. Hordaland fylkeskommune har eit politisk vedtak frå 2006 som gjeld retningsliner for alkoholservering i fylkeskommunal regi: Retningslinjer for servering av alkoholhaldig drikke i fylkeskommunal regi Alkoholhaldig drikke kan serverast ved 1. Representasjon der fylkeskommunen er vertskap. Dette vil særleg vera aktuelt når utanlandske gjester deltek eller ved t.d. landskonferansar. Arrangement for den enkelte avdeling sine gjester er ikkje omfatta. 2. Arrangement i regi av politiske organ. 3. Skulejubileum. Det er her tale om større jubileum for skulen. 4. Årsfestar o.l. for tilsette. Dette gjeld likevel ikkje arrangement som føregår på den enkelte skule. 5. Andre særlege tilfelle enn dei nemnde. Servering av alkoholhaldig drikke skal godkjennast før arrangementet finn stad. Fylkesrådmannen har fullmakt til å godkjenna servering av alkoholhaldig drikke ved arrangement nemnd i pkt. 1 når ikkje fylkesordførar eller fylkesvaraordførar er vertskap, og ved arrangement nemnd i pkt. 3 og 4. Fylkesordføraren godkjenner servering når fullmakta ikkje er lagt til fylkesrådmannen og når det ligg føre tvilstilfelle. Fullmaktene kan ikkje vidaredelegerast. Møre og Romsdal: Rusmiddelpolitikk og AKAN-retningsliner for Møre og Romsdal fylke omhandlar 4
haldningar til rusmiddel og overordna køyrereglar og er ikkje relevant for denne saka. (2008) Nord-Trøndelag: Har ikkje utarbeidd felles reglement for skjenking/servering av alkohol i fylkeskommunale bygg Rogaland fylkeskommune Har ikkje utarbeidd reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg. Frå Oppland fylkeskommune har fylkesrådmannen ikkje fått tilbakemelding. 5