Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim Intervju side 6-7. 200-årsjubileum for Ivar Aasen Stemningsrapport side 3-5



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vel nynorsk for barnet ditt!

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

14. Radio og TV. Liv Taule

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

13. Sendetida på TV aukar

Valdres vidaregåande skule

Informasjon til elevane

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Frå novelle til teikneserie

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Brukarrettleiing E-post lesar

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Lønnsundersøkinga for 2014

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

mmm...med SMAK på timeplanen

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

IKT-kompetanse for øvingsskular

Nynorskprisen for journalistar

6. trinn. Veke 24 Navn:

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Med god informasjon i bagasjen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Elevundersøkinga 2016

«Ny Giv» med gjetarhund

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Refleksjon og skriving

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv


TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

KULTURDEPARTEMENTET SIN

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Psykologisk førstehjelp i skulen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Brødsbrytelsen - Nattverden

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

OK, seier Hilde og låser.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 2, 2013 Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim Intervju side 6-7 200-årsjubileum for Ivar Aasen Stemningsrapport side 3-5 Ny kringkastingssjef Intervju side 8-9

Leiar Journalistutdanningane sitt ansvar For at nynorsk og dialektane skal få den plassen dei har krav på i media, trengst det nynorskskrivande journalistar. Inger Størseth Haarr styreleiar i Kringkastingsringen Ikkje berre må det finnast nynorskjournalistar som kan fylle stillingane dei må òg ha den tryggleiken som trengst for å halde på språket sitt i ei ofte bokmålsdominert medieverd. Her har journalistutdanningane ei viktig rolle. Me veit at mange går over til å skrive bokmål i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande, og mellom vidaregåande og høgare utdanning. Denne tendensen kan journalistutdanningane vere med på å motverke, gjennom å gje studentar den fordelen det er å ha gode kunnskapar i nynorsk. Nynorsk mediesenter, som er ei ordning NRK oppretta for å gje søkjarar praktisk utdanning innan radio-, tv- og nettjournalistikk, sendte i vår ut sitt 18. kull med nynorskpraktikantar. I haust starta òg dei fire første praktikantane i Nynorsk avissenter, som er oppretta i samarbeid med lokalavisa Firda for å rekruttere skrivande nynorskjournalistar. Slike ordningar vert oppretta for å sikre tilgangen på journalistar som bruker nynorsk, noko både Firda og NRK er avhengige av. Ein kan sjå desse ordningane som eit teikn på at dei ordinære journalistutdanningane ikkje fungerer godt nok når det kjem til å utdanne nynorskbrukande journalistar. Når dei nyutdanna studentane skal søke jobb, er det ein fordel å kunne bruke nynorsk. NRK har krav om 25 prosent nynorsk, og dei kommersielle radio- og tvkanalane har òg krav til innhald på nynorsk. I NRK har prosentdelen nynorsk auka dei siste åra, og me har tru på at kanalen vil halde fram med å satse på nynorsk og dialektar. I tida framover vil Kringkastingsringen rette fokus mot kva journalistutdanningane gjer for å gje studentane fordelen det er å skrive nynorsk. Vert studentane oppmoda til å halde ved like nynorsken dei har lært i grunnskulen? Vert dei som allereie skriv godt nynorsk, oppmoda til å halde på språket sitt? Får studentane vite at dei har ein fordel i konkurransen med andre om dei skriv nynorsk, dersom dei til dømes vil jobbe i NRK? Slike spørsmål håper me å få svar på i løpet av hausten. Kringkastingsringen har dei seinare åra følgt NRK tett, mellom anna med faste møte med leiinga. No gler me oss til å innleie eit liknande samarbeid med journalistutdanningane. I år deler me ut Kringkastingsprisen til NRK-journalist Ingunn Solheim. Me treng gode språklege førebilete i media, og journalistutdanningane har sin del av ansvaret for å utdanne dei gode førebileta. Kringom nr. 2, 2013 oktober 2013 Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo Telefon: 23 00 29 50 2 Kringom 2 2013 post@kringkastingsringen.no www.kringkastingsringen.no Redaktør: Marianne Granheim Trøyflat Formgjeving: Bror-Magnus Sviland Strand Marianne Granheim Trøyflat Trykkeri: Grøset Trykk AS Takk til alle bidragsytarar.

5. august 2013 NR. 209 uke 32-146. ÅRg. kuling I kasta på Hjeltefjorden skremmer ikkje dei over 80 unge som seglar for VM tittel. I ei åtte fot stor jolle. side 7, Del 1 aldri før har inkassoselskapet Lindorff opplevd så mykje misleghald av billån som no. side 10 11, Del 1 for meg er det naturstridig å springa, seier Christian Lawley. No ventar New York Marathon på den lungesjuke bergensaren. side 16 17, Del 1 side 3, Del 1 Bergens TIdende, KRINKELKROKEN 1, BERGEN. SENTRAL/IKKJE FÅTT AVISA: 05500 før kl. 10.00 heile avisa! DUMsNill: Eg lét meg overtale. Det handla om lojalitet til kompisane, seier ein av dei tiltalte i Permanenten-tjuveriet. Ei lang rekke tabbar tyder på at det ikkje var ein organisert, kriminell bande som står bak, meiner 30-åringens forsvarar, Bjarte Aarlie. side 4 5, Del 1 del 1: LEIAR 2-3 NYHENDE 4-13 UTLAND 14-15 SPORT 16-23 VÊRET 24 del 2: KULTUR 1-4 MØTE/UNDERHALD 6 RUBRIKKMARKNADEN 6-12 DØDSFALL 13 FOLK 14-15 BYEN 16-17 DEBATT 18 RADIO/TV 22-24 champion (4,60/l) ord.pris 24,90-25,90/fl +pant Vi tar forbehold om eventuelle trykkfeil og prisjusteringer. Tilbudene gjelder mandag 5.8 tom. onsdag 10.8. (49,80/kg) ord.pris 5,00/stk laussal kr 25 Foto: Line Møllerhaug Det lønner seg å bestille på nett eller mobil: Spania framom stupet Serverar dumskallar nynorsk I perioden 22. juni - 11. august betaler du kun 20 % av fullpris voksenbillett for barnet når en voksen og ett barn mellom 4 og 15 år reiser sammen. Husk å bestille mer enn 6 timer før avreise. Noen priseksempler (voksen + ett barn som reiser sammen): En vei: Haugesund Stavanger kr 252 / Haugesund Bergen kr 324 / Stavanger Bergen kr. 504 Tur-/retur: Haugesund Stavanger kr 456 / Haugesund Bergen kr 600 / Stavanger Bergen kr. 936 Reis enkelt og trygt med oss - nyt friheten og la tankene fly. Avgangstider og informasjon finner du på kystbussen.no! Oppretter du profil på kystbussen.no er det også svært enkelt å kjøpe billett med mobilen. Bergens Tidende mandag 5. august 2013 Ja Ja, då er det berre å sette av heile føremiddagen til å svare på sinte telefonar! Nyhenderedaktøren var entusiastisk, men også noko uroleg. Klart Bergens Tidende skal markere jubileet. Men heile avisa på nynorsk? Eit slikt stunt blir det mest bråk av. Bokmålselskarar frå Fana til Flaktveit vil setje morgonkaffien i vrangstrupen. Så snart dei får rista av seg det første sjokket, vil dei kaste seg på tråden til redaksjonen. Har de mista siste rest av forstanden der inne i Krinkelkroken no? Og nyhenderedaktøren har sjølvsagt rett. Særleg tre emne kan skape såkalla lesarstorm her i avisa. Det fyrste er bompengar. Det andre er innvandring. Og det tredje er nynorsk. Skriv ein journalist Nygårdshøgda på bysidene, kan ho vere sikker på å få AASEN LEVER: Vi bør ikkje sjå på ei ekstra målform som ei bør, men glede oss over å kunne bruke det store registeret i norsk språk, skriv sjefredaktør Gard Steiro i BT. På ein harmdirrande e-post eller to. dagen 200 år etter at Ivar Aasen, nynorskens far, vart fødd, kjem BT ut som nynorskavis. FOTO: marie Havnen A-endingar skapar sterke kjensler i Bergen. frå Fortiden, som vore Forfædre Høgre vil no fjerne både kert vere eit slit for skuletrøytte gjennem alle sine Trængsler have karakter og eksamen i sidemål sekstenåringar, men vi veit at I dag feirer heile Noreg (i alle språket i Bt troligen bevaret og overladt til på ungdomsskulen og vidaregåande. Og dei moglege regjerings- nynorsk får eit betre bokmål. bokmålsbrukarar som meistrar fall nokre av oss) at det er 200 n Bokmål er hovudmålet i BT. det oss om en hellig Arv?» år sidan Ivar Aasen blei fødd. står i føremålsparagrafen, som partnarane i Framstegspartiet vil Nynorsken er vårt bolverk mot Vi skuldar han stor takk. Utan også slår fast at nynorsk skal Om den godaste Aasen hadde stått ikkje løfte ein finger for språkleg engelsk invasjon, mot einsretting Aasen ville vi ha skrive halvdansk leve i avisa. opp frå grava i dag, ville han neppe vore særleg nøgd. Nynorsken vår blei snakk om å døype Fles- mangfald her i landet. Då det i av tanken og tunga. heile gjengen. Vi ville ikkje fått n det skal vere stor språkleg liberalitet i spaltene. målformene har, som Ivar Aasen, sett betre land om til Bergen lufthamn, Bergens tidende er sjølve vest- gleda av litterære godsaker som Frode Gryttens «Bikubesong» skal leve side om side. dagar. kalla stortingsrepresentant landsavisa. Ein kvart million bergensarar, strilar, hardingar og eller «Sveve over vatna» av Ragnar Hovland. Sjå for deg Jon Fosse situasjonar der den valde mål- tyder på at målforma er på full nynorskbrukar planane for tos- sogningar les oss kvar einaste n Journalistane skal styre unna Ei undersøking frå fjoråret Gjermund Hagesæter sjølv på sobert riksmål. Det går ikkje. forma kolliderer med innhaldet fart ut av skulen. Berre 13 prosent av elevane i grunnskulen overleve på eiga hand, vil Frp la som språkleg sett er like gørrkjekeskap. Om nynorsken ikkje kan dag. Til skilnad frå osloavisene, i teksten. Og viktigare, Aasen gjorde det mogleg for mange å uttrykkje seg n Hovudregelen er at artiklar om har nynorsk som hovudmål. Om han døy i fred. delege som ein Ikea-katalog, er skriftleg på sitt eige mål. Nynorsken har gitt folk ein språkleg frå distriktet blir skrivne på fylka, er talet skremmande nær er det så nøye, då? Klarar vi oss er språkliberale. Journalistane vel byens tradisjonar og historie ein ser bort frå dei fire vestlands- BT open for nynorskbrukarar. Vi står på bokmål, medan saker fridom dei ikkje ville hatt berre nynorsk. null. Og, berre for å gni det inn ikkje godt utan nynorsken? Blir sjølv målform. I BT finn du både med bokmål. «Det går mangt eit n Personar som blir portretterte for målfolket, når nynorskelevane går ut av grunnskulen, vender borna slepp å pugge kløyvd infi- nynorsk og bygdereportasjar på ikkje skulegongen enklare om referat frå bystyret på klingande menneske og ser seg fritt ikring i Bergens Tidende, skal ikkje for Ivar Aasens skuld», skreiv få ei anna språkdrakt enn den dei prompte Ivar Aasen ryggen. nitiv i tillegg til fysiske formlar? bokmål. Slik har det vore, og slik Tarjei Vesaas. intervjuobjektet brukar. Heile 94 prosent av elevane i den Ja, det er nøye. Nei, vi greier oss blir det også i framtida. Det er først og fremst vi på KJeLde: BT sine interne språkreglar vidaregåande skulen vel bokmål. ikkje med eitt skriftspråk. Styresmaktene har eit klart ansvar for å BT blitt mindre nynorsk. Det er Dei siste åra har det også i Vestlandet som skal vere takksame. Aasen samla inn døme av nynorskelevane hovudmål når ta vare på nynorsken og språkar- ikkje ei planlagt utvikling, men Her i Hordaland byter halvparten frå heile landet, men det var her dei går vidare i utdanningsløpet. ven. Det gjer dei best ved å sørgje eit resultat av at journalistar som han verkeleg tok for seg. Her Lite tyder på at nynorsken vil for at han blir brukt i kvardagen, alle andre er i ferd med å konvertere til bokmål. fann han dei beste dialektane. I styrkje seg dei neste åra. Han til dømes i skulen, på lufthamner, sjukehus og i kringkastinga. Dagens utgåve er ikkje eit sig- Hardanger, Sogn og på Voss var kan i alle fall ikkje vente seg ei språket minst påverka av dansk. handsrekking frå politikarane. Vi bør ikkje sjå på ei ekstra nal om at lesarane vil finne meir Ivar Aasen jakta på det ekte Her i byen har vi ein skulebyråd målform som ei bør, men glede nynorsk i spaltene framover, og ubesudla. Riksmålet var etter som brende ordboka i eit forsøk oss over å kunne bruke det store men ei påminning om at Bergens hans meining ikkje vårt eige, på å kapre unge veljarar. «Spynorsk ordliste», kalla han ordlista vere stolte og takksame for den har eit ansvar for å ta vare på det registeret i norsk språk. Vi bør Tidende og andre institusjonar men importvare, berre fjernt i slekt med det norske. I «Om vårt og tende fyr. Nynorsken var ifølgje politikaren eit problem for men som er samla her til lands, kjem. uvanleg store, språklege rikdo- språklege mangfaldet i åra som Skriftsprog» skreiv Aasen: «Skal vi da, tænkte jeg, give mange som ville lære seg godt klar til bruk for alle som ønskjer Slikt kjem ikkje gratis. Berre Slip paa denne kostelige Skat norsk. Ja ja. å bruke han. Nynorsk kan sik- spør Ivar Aasen. for meg verkar det meiningslaust, slik enkelte driv på når dei fiskar. Når dei først har fått fisken på kroken, og kava med å få han i båten, slepp dei han ut igjen i sjøen. Kva er vitsen med det? Vel, no har forskarar funne opp ein ny fiskekrok som gjer det lettare å halde på på denne måten. Les meir på side 11 i del 1. åsmund egeland, UtgåvesJef Ivar aasen 200 Ein dag med nynorsk Bergens tidende hadde ei komplett utgåve på nynorsk 5.august. Kringom tok ein liten prat med ansvarleg redaktør, Gard Steiro, for å høyre kor nøgd han var. Marianne Granheim Trøyflat dagleg leiar i Kringkastingsringen Korleis kom de på ideen? Vi skulle lage ei større reportasje om Ivar Aasen. Så kom nokon opp med denne ideen og eg tente på han. Korleis tok journalistane det? Fleire av våre tilsette er opptekne av å verne om nynorsken, så dei vart glad. Dei som elles brukar bokmål, tok det sporty. Dei tok fram ordlistene og satte igang. Kva var største problemet? Vi hadde nokre tekniske utfordringar, og det var vanskeleg med annonsane. Elles var vi opptekne av at det ikkje skulle vera skrivefeil. Så vi hyra inn ekstra korrekturhjelp kvelden før. Kva var reaksjonen frå lesarane? Eg har klart fått fleire positive enn negative reaksjonar. Det har vore mykje skryt, og eg har knapt fått så mange reaksjonar på noko Bt har gjort nokon gong. Men vi veit at ein del ville reagert om dei hadde fått avisa på nynorsk kvar dag. Har du tankar om kvifor det ikkje er meir nynorsk i Bt til vanleg? Føremålsparagrafen vår seier at språka skal leva side om side. Journalistane vel sjølve kva dei skriv. Vi prøvar å sørgje for at dersom det er personlege intervju, skal det vera på eit naturleg språk for den som blir intervjua. Tidvis er kvar fjerde eller femte artikkel på nynorsk, og det synest eg er bra. Men det kjem til å synke over tid. Færre og færre av dei unge journalistane skriv på nynorsk, vi ser at dei føretrekkjer bokmål. Kva er det viktigaste Kringkastingsringen kan gjera for å få meir nynorsk i media? Setja meir fokus på dei digitale media. Om det ikkje blir trykt nynorsk i VG og Dagbladet, er ikkje det så farleg. Det viktigaste er den digitale medieframtida. Kvar trur du nynorsken står om to hundre år? Vaskeleg å seia. Eg er uroa. Nynorsken går tøffare tider i møte. Når vi også blir såpass påverka av engelsk, trur eg det blir tøft å bevara nynorsken. Men dei som jobbar i Bergens tidende får altså skrive så mykje nynorsk dei vil? Ja. måndag Tøffe tak i lita jolle fleire slit med å betale billånet røff tur mot new york marathon kommentar gard steiro Om Ivar Aasen hadde stått opp frå grava i dag, ville han neppe vore særleg nøgd Meny nynorskens far: Det er 200 år siden Ivar Aasen vart fødd. Det kjem du til å merke. www.bt.no - din ferskvarespesialist! 224.000 daglege Lesarar Politiet trur at kunsttjuveriet var planlagd av proffar. ein av dei tiltalte seier han fekk sjokk då han høyrde om tjuveriet på radio. foto: håvard bjelland Tilbud Hansa brus 1,5 l, lysekloster, sitron og 6 90 72% rabatt Tilbud Fiskesuppe 500 g, Madam Bergen 24 90 ord.pris 49,90/pk 50% rabatt 20 butikker med gode tilbud i Hordaland! La deg friste av Tilbud våre supermarked med stort utvalg Hjertefiskekaker og betjente ferskvaredisker! løsvekt2 50 50% rabatt 16 byen - Terapi å vere på sjøen 19 Kronikk kultur & folk 5. Gratulerer, Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg veg gjennom Noreg for å finne nynorsken. Han var arbeidsnarkoman og nerd, og berre 162 centimeter høg. Ivar Aasen var den vesle mannen med den store oppgåva. I dag er det 200 år sidan han vart fødd.»»» 24 Siste SPAR PENGER - REIS SAMMEN I SOMMER! måndag august 2013 BERGENS TIDENDE Kystbussen Gratulerer med dagen, Ivar Aasen. Her får du heile avisa vår i gåve. Lenge leve spynorsken kommentar gard.steiro@bt.no Gard Steiro er sjefredaktør i BT Han er ingen Knausgård, som diktar om det sørgjelege livet sitt JOUrnaLIst JOn Inge sørbø, dag Og tid z fakta Som dei fleste sunnmøringar var han gründer, og bestemte seg i mangel av noko betre for å grunnleggje eit språk komikar are kalvø, På eigen BLOgg Ivar Aasen var ein av våre nasjonale strategar leder og kommentar 3 bt.no/meninger: Her finn du leiarartiklar, kronikkar, kommentarar og leserdebatt. OLJe- Og energiminister OLa BOrten moe, nrk dagens avis Kringom 2 2013 3

Kringkastingsprisen 2012 Frå Twitter 5. august 2013 Jens Kihl @jenskihl Ivar Aasen - 200 år. Til lukke. For ein mann! For ein helt! For ein nerd! #takkivaraasen Runar B. Mæland @runarbm Nett i dag var det ekstra kult å oppdaga at dei bruker #nynorsk inne på garasjen til Bislet bilutleie. #takkivaraasen Ingunn Solheim @ingunnsolheim - Eg kjem nærare puppane til mor mi, seier Jon Eikemo om kva nynorsken har hatt å seie for han. #takkivaraasen #dax18 NRKYtring @NRKYtring «Så lenge nynorsken fyrer opp kvilepulsen vår, er den sterk», skriv @Astgrd frå @Samlaget. Han vil takke #IvarAasen: http://bit.ly/13zh8ln Norsk Målungdom @Malungdommen same kva klubb du held med: takk til @ LFCSCSB som har markert dagen med å bruka #nynorsk på ein arena han er lite brukt frå før! #ivaraasen Svein Olav Langåker @sveio I nynorskmetropolen Stord er alle dei nynorske eksemplara av @btno rivne vekk frå Narvesen #ivaraasen John Olav Egeland @JohnOEgeland Jeg skriver om jubileet: Ivar Aasen sett fra Bærum http://www.dagbladet.no/2013/08/05/ kultur/meninger/kommentar/nynorsk/ivar_ aasen/28539231/ Odin Omdal Hørthe @Velmont @JohnOEgeland Men framleis redaksjonelt nynorskforbod i Dagbladet... Upassande for ei riksavis. Litt utdatert, men: http://nynorskdb. no/ 4 Kringom 2 2013

Ivar aasen 200 Klipp frå blogg-verda 5. august 2013 Ivar Aasen er ein av landets mest kjende menn. Ei undersøking frå januar syner at 98 % av alle nordmenn veit kven Ivar Aasen er det er langt fleire enn talet på kven som veit namnet på statsministeren i Noreg. Det er ikkje utan grunn. Aasen skapte ein språkleg heim der hundretusenvis av nordmenn flytta inn. I dag kan vi seie: Takk, Ivar Aasen! I kamptalen «Om Vort Skriftsprog» skreiv 23 år gamle Ivar Aasen at Noreg trengte eit norsk språk til erstatning for dansken unionstida hadde ført med seg. At eit fritt folk skulle kunne uttrykkje seg på eit fritt språk, var ein rådande idé for både Aasen og andre ideologar på 1800-talet. Då ingen andre tok på seg oppgåva, gjorde Aasen som mange andre sunnmøringar: Han blei gründer og gjorde jobben sjølv. Resultatet landsmålet og seinare nynorsken har forandra landet vårt for alltid. Elska og hata har den språklege arven etter Ivar Aasen gjeve nordmenn eit heilt nytt register å uttrykkje seg på SV-leiar, Audun Lysbakken www.audunlysbakken.no Ikkje minst må me hugsa på at utan nynorsk, hadde det mest truleg ikkje vore noko bokmål. I så fall hadde dansk vore det einaste skriftspråket vårt. Ikkje berre er bokmål ein motreaksjon mot nynorsk, men bokmålet har også teke opp i seg mange nynorskord, som søknad, løyve, kostnad, trygd og dugnad. Det er berre ein ting å seia på dagen i dag: Takk, Ivar Aasen! Assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Gunnar O. Hæreid blogg.fylkesmannen.no/fmsf/ Heim frå Sicilia hadde vi direktefly med Norwegian. Vel om bord i flyet sette sonen min på 11 seg ned og byrja å bla i ombord-blekka til Norwegian. Mot slutten av magasinet har dei eit oversyn over «haleheltane» sine, og etter ein liten augneblink bryt poden ut på tromsødialekt: «Hæ?! Kor e Ivar Aasen?!» [...] Smått ironisk i situasjonen ombord i flyet hadde Det norske oljeselskap ein annonse på baksida av Norwegian-blekka. Der stod det: «The nation builder Ivar Aasen crisscrossed Norway in his search for words and phrases, developing a language based on rural Norwegian native speech, nynorsk.» Nasjonsbyggjar. Høyrer de, Norwegian? Det står i dykkar eigen publikasjon! Øystein Vangsnes Forskar ved Universitetet i Tromsø www.forskning.no/blog/vangsnes Kringom 2 2013 5 Foto: Olga Hario

kringkastingsprisen Ei sann glede - Det er stor stas å bli satt pris på for språket sitt, seier ei audmjuk Ingunn Solheim, vinnaren av Kringkastingsprisen 2013. Marianne Granheim Trøyflat dagleg leiar i Kringkastingsringen Sjølv om ho vedgår at det eigentleg aldri har vore noko alternativ. - Det er det språket eg kan, som eg er trygg på, og som ligg meg nærast. Det er gjennom nynorsken eg får sagt det eg vil seia, slår Solheim fast. Heilt naturleg Nynorsk var opplæringsmålet i heimkommunen Førde, og etter fullført vidaregåande fekk Ingunn Solheim jobb som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane. Etter dette har ho vore trufast både mot journalistyrket og språket sitt. Men nokon målaktivist har ho aldri vore. Mange gjer nynorsken til noko dei tenkjer så mykje på at dei blir forvirra, i staden for å berre bruke det som eit naturleg språk. Nynorsk er ei sann glede, ingen må tru at dette språket døyr. Om ein gjer det til ein hard kamp om overleving, er det ein sjølvoppfyllande profeti, åtvarar vestlendingen. Klarspråk i virvelvind Solheim har dei siste vekene vore svært profilert i samband med valsendingane til NRK. Ho har utelukkande fått positive tilbakemeldingar på språket sitt. Folk meiner språket er klart, Nøgd prisvinnar. Prisen vart delt ut på Det norske teatret 24. september. Fakta om Ingunn Solheim Fødd: 1980 Kjem frå: Førde i Sogn og Fjordane Stilling: Politisk journalist i NRK Anna arbeidserfaring: Nynorskpraktikant /journalist i NRK Sogn og Fjordane, journalist i Tv2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv (sommarvikar) Utdanning: Bachelor i statsvitskap, NTNU i Trondheim. Master i rettsvitskap, Universitetet i Oslo. 6 Kringom 2 2013

kringkastingsprisen tydeleg og poengtert. Og det er viktigare for meg enn at det er hundre prosent konsekvent, rett nynorsk, vedgår den allereie garva journalisten. Har du kjent på nokon ulemper med å vera nynorsk-brukar? Nei. Av og til må eg bruke krefter på å omsetja ord frå bokmål, men det er jo berre gøy. Solheim understrekar at ho trivst svært godt i NRK. Ho skildrar valkampen som «ei fire veker lang sentrifuge av ein virvelvind.» Og kvalitetane ved journalistyrket er openberre. Eg synes det er utruleg kjekt å få formidle, spørja ut, vera med å få bestemme kva folk skal bry seg om, konstaterer ho. Dei rette orda Ho set også stor pris på at det er tilsett ny språksjef i NRK, og trur det kan bli ei god hjelp i mange samanhengar. - Språket blir påverka av støykjelder. Berre det å bu i Oslo kan vera ei ulempe. I Dagsrevyen jobbar vi med få ord, og da må dei orda vera gode. I ein slik situasjon er det absolutt ei føremon med ekstra kompetanse på språk, understrekar nyhendejournalisten. Trur du at du hadde du vore der du er i dag utan nynorsken? Nei. Vi nynorskjournalistar skal vera glad for at kvotane eksisterer. Men først og fremst trur eg at eg er der eg er i dag fordi eg er ein samfunnsengasjert person, og så er språket ein ekstra bonus. Bidra til utvikling! Solheim meiner det er mange tiltak som kan gjerast for å auke rekrutteringa av nynorsk-journalistar. Ho peikar på suksessen til Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter, og understrekar at språket ikkje må marknadsførast i den vidaregåande skulen som noko vrient og vanskeleg. I tillegg trur ho røynde medarbeidarar i redaksjonane kan spela ei rolle. Det er viktig at eldre kollegaer er medvitne om å motivere og ikkje arrestere, når yngre kjem inn. Mange språkmedvitne menneske har ein tendens til å snakke om kva som var feil, i staden for å bidra til vidareutvikling av ei ung journalistspire sitt gryande språk, meiner Solheim. Leiar i Kringkastingsringen, Inger Haarr, les opp grunngjevinga frå juryen. Fakta om Kringkastingsprisen Føremål: Prisen skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet Jury: Styret i Kringkastingsringen Pris: Grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva Prisen har blitt delt ut kvart år sidan 1978. Utdrag frå juryen si grunngjeving: «Ingunn Solheim er ein god representant for nynorsk i fjernsynet. Ho brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerka seg i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuer. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK.» Kringom 2 2013 7

intervju Takkar Framstegspartiet for å skapa lisensdebatt Nesten 70 prosent av lisensbetalarane synest dei får svært mykje igjen for pengane. Eg tvilar på at dei som betalar vegavgift, er like nøgde, humrar kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (47) i NRK. Martin Toft martin.toft@uniforum.uio.no På mahognybordet på det staselege kontoret til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen ligg den siste omdømeundersøkinga frå analyseselskapet Ipsos MMI. Den syner at NRK for aller første gong er det best likte selskapet i landet. Eg har berre vore kringkastingssjef sidan april så denne undersøkinga kan eg skryta uhemma av. Det er likevel ikkje eg som har æra for det, men min forgjengar og alle dei flotte og dyktige menneska som arbeider her, seier han og slår ut med hendene. Og dette skjer trass i at NRK har vore ille ute å kjøra i romkvinnesaka og i ein del andre saker. Me skal gjera det me kan for å hindra at slike saker skal skje igjen, samtidig som me skal forsvara førsteplassen på omdømestatistikken, lovar Eriksen. Grorud-dialekt blei AKP-dialekt Som ektefødd barn av Groruddalen vaks han opp med å høyra ein annan dialekt enn klassisk riksmål med Oslo-tone. Det som irriterte meg grenselaust var at dei som var aktive i AKP M/L adopterte Grorud-målet og gjorde det til ein proletar- eller 8 Kringom 2 2013 arbeidardialekt. Det verste var at dei ikkje ein gong klarte å snakka det korrekt, seier den tidlegare SV-politikaren som melde seg ut av Arbeidarpartiet då han slutta som direktør i Amedia for å bli kringkastingssjef. Eriksen er ein ivrig forsvarar av dialektbruk i NRK sine sendingar. For meg er det aller viktigaste at det som blir sagt er klart og forståeleg, uavhengig av om det er på dialekt eller på standard nynorsk eller bokmål. Eg vil difor ikkje stramma inn reglane for bruk av dialekt verken i nyhendesendingar eller i andre programpostar i NRK. Noreg har ein finansminister som les opp finanstalen på sin eigen hedmarksdialekt i Stortinget. Det er ingen grunn til at ikkje toleransen for dialektbruk skal vera like romsleg i NRK som i Stortinget. God og klar språkbruk er ei oppgåve som den nytilsette språksjefen Ragnhild Bjørge skal jobba med og eg kjem til til å støtta meg på faglege råd fra henne og andre, fortel han. Viktig å gjera NRK 1 til hovudkanal Thor Gjermund Eriksen har tidlegare både vore ansvarleg redaktør for Dagbladet og administrerande direktør i Amedia, den tidlegare A-pressa. Eg har aldri opplevd maken til i nteresse for min person og det eg gjer til ei kvar tid som etter at eg blei kringkastingssjef. Alle har ei meining om NRK og kringkastingssjefen. Eg ser det som eit stor privilegium å ha fått denne stillinga, seier han. NRK står for han som ein bauta mellom dei statsdrivne allmennkringkastarane i Europa. Det gir han gjerne sine forgjengarar ein stor del av æra for. Då Einar Førde som kringkastingssjef tidleg bestemte at NRK 1 skulle bli den største og viktigaste kanalen, medan NRK 2 og seinare NRK3 skulle vera nisjekanalar, tok han ei rett avgjerd, som etterfylgjarane hans har fylgd opp. I NRK 1 kan du som sjåar no få både nyhende, sport, underhaldning og store norske og utanlandske dramaseriar. Det vil seia at den kanalen alltid har noko for nokon. Det var også heilt rett å ta ut Barne-TV og starta NRK-Super på NRK 3. På den måten kunne Barne-TV bruka ei nesten like lang sendeflate som konkurrentane Disney Channel og Cartoon Network. I dag ser norske barn i langt større grad på NRK Super sine sendingar enn på sendingane til dei kommersielle barnekanalane. Det var svært få som hadde trudd at me ville klara å demma opp for den konkurransen, men også det har NRK klart, seier han svært stolt. Imponerande NRK Super har også klart å gå frå å vera versting til å bli den beste i NRK-klassen når det gjeld bruk av nynorsk og dialektar i sendingane sine. Kan det vera eit døme på at det er mogleg for andre avdelingar i NRK? Ja, absolutt. Er ikkje NRK Super oppe i om lag 25 prosent nynorsk? Javisst, og det er eit resultat av ein medviten strategi for å nå dette

intervju Foto: Ole Kaland/NRK målet. Redaksjonen bestemte seg også tidleg for å spela inn serien Vaffelhjarte på Sunnmøre på ein dialektnær nynorsk. Det var både viktig og rett, tykkjer han. Og tenk på at barneprogrammet Julekongen hadde 700 000 sjåarar kvar av dei 24 dagane det gjekk i adventstida i fjor. Det er ikkje noko anna enn imponerande. For kringkastingssjefen er NRKs framtid avhengig av dei aller yngste. Å klara å halda på barna som brukarar av NRK, er eit av dei viktigaste måla me har. Difor har me også barneprogram tilgjengelege på nett, slik at dei kan sjå dei når dei vil med det dei vil. Dei barna som veks opp i dag er heilt saumlause, dei ser barneprogramma både på Ipad, mobiltelefon, PC eller på fjernsyn, heilt uavhengig av klokkeslettet. Me laga i vår eit nettbasert spel, og etter eit par veker hadde over 180 000 barn vore innom. Det er me svært krye av, forsikrar han. 88 prosent ser på NRK dagleg Etter hans meining er NRK den største og viktigaste av dei statlege allmennkringkastingane i Europa. NRK 1 er ein av dei mest sette kanalane i Europa sett i samanheng med folketalet i Noreg. Over 88 prosent av innbyggjarane i Noreg er innom kanalen i løpet av ein dag. Ikkje mange andre statlege allmennkringkastarar kan presentera liknande tal. Eg trur at ein av grunnane til at NRK har ein slik posisjon, er at me er opne for idear frå andre fjernsynsprodusentar utanfor våre fire veggar. Likevel skal me halda fram meg å laga eigne seriar som Halvbroren som var oppe i sjåartal på over 1 million på dei mest sette episodane. Det er nok eit prov på at NRK er Noregs viktigaste kultur- og medieinstitusjon. Lisens er vanleg i Europa Korleis ser du på framtida til NRK-lisensen? Eg takkar Framstegspartiet for at det heile tida kjem med forslag om å fjerna NRK-lisensen. Det får alle dei andre partia frå Høgre til SV til heile tida å presentera nye, gode argument for kvifor det er viktig å halda fast på lisensen. Det er faktisk ein heilt vanleg måte å finansiera statleg allmennkringkasting på. Dei gjer det både i Sveits, Tyskland, Sverige, Danmark og i Storbritannia. Ja, til og med i det Berlusconiprega Italia blir den statlege fjernsynskanalen RAI finansiert av ein eigen TV-lisens. I Noreg er det også undersøkingar som viser at 69 prosent av lisensbetalarane er svært godt nøgde Kringom 2 2013 9

Medlemssider med det får igjen av programtilbod i NRK. I Sverige er det rundt 55 prosent som seier det same. Eg tvilar på at Statens vegvesen får den same tilbakemeldinga frå dei som betalar vegavgifta, som er den einaste andre statlege avgifta som folk må betala fordi dei har kjøpt noko som automatisk fører til ei eiga avgift. Så langt er eg takksam for at det politiske fleirtalet alltid har gitt NRK gode rammevilkår. Også for Noregs største nasjonale minoritetsspråk har NRK spelt ei viktig rolle. For samisk språk har NRK Sapmi vore redninga. Det har eg samepolitikar Steinar Pedersens ord på, seier Eriksen. Kva blir den største utfordringa i åra framover? Digitaliseringa av radiokanalane. For kort tid sidan var eg i Møre og Romsdal og opna den siste sendaren der. Det gjer fylket til det første digitaliserte fylket i Noreg utanom Oslo. I andre land ville dei truleg ha vore tilfredse om 80 prosent av landet hadde blitt digitialisert. I Noreg skal det vera 100 prosent. Det vil seia at Noreg må ha 750 sendarar medan Danmark berre treng mellom 40 og 50. Dette er ein jobb som me skal klara, lovar kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Medlemmen: Einar A. Økland (forfattar) Vi som er krulla i ulla sjølvreklame: Legg merke til dette! Høyr! Høyr! Og vi høyrer, frå vi er småbarn som ennå ikkje kan lese, til vi er utlevde vaksne som ikkje lenger maktar strekke ut handa og slå snakkelyden av. Foto: Tove K. Breistein Enorme syntetiske mengder munnleg språk - teknisk formidla til oss frå fjerne avsendarar og lokalitetar vi ikkje har gjesta - kjem året rundt inn i våre personlege 10 Kringom 2 2013 nærmiljø, anten vi er åleine der eller saman med andre. Røystene er målretta, pågåande, innsmigrande, lokkande, lovande, snurrige, fortrulege. Alle er eitt med sin I motsetnad til nært, munnleg språk som kjem til oss frå familie, venner, naboar, medelevar, lærarar, folk på arbeidsplassen - personar vi er fysisk saman med - kjem fjernsnakket frå nokon langt unna, ofte usynlege, stundom synlege berre som bilde på ein skjerm. Kven det er som snakkar kan vi gjere oss våre meiningar om, men vi kan ikkje prøve dei ut. Vi kan ikkje snakke personleg med desse som snakkar til oss på skjermen. Dei fjerne snakkarane høyrer ikkje på oss. Jamført med snakket og samtalane mellom personar som er fysisk til stades i same rom, er det ein mangel på symmetri eller jamvekt mellom den som snakkar munnleg fjernspråk og den som høyrer etter ein stad langt unna. Det var rart om alt dette tilsnakket

Medlemssider til alle og ein kvar, som vi mottar frå fjerne snakkarar i høgtalarar eller headset, ikkje rett ofte skulle bli lagra av den einskilde lyttaren som døme eller føredøme på korleis ein ordlegg seg: Slik snakkar ein! Slik snakkar ein om dette emnet! Slik bør eg snakke når eg vil seie seie noko og få nokon til å høyre på meg! Kringkastingsringen er eit verneverdig språkvaktar frå ei tid då ein trudde at snakk var noko individa lærte tidleg av si eiga lokale mor, på sin eigen lokale heimstad og i sitt eige sosiale miljø. Ringen blei til i ei tid då ein også trudde at personar som snakka frå ein opphøgd eller fjern offentleg posisjon innan utdanningsinstitusjonar, kyrkje og kringkasting hadde eit offentleg klima-ansvar ikkje berre for innhaldet i snakket sitt, men også for den munnlege presentasjonsforma. Snakket skulle difor vere klart og ordlisterett. Dei som snakka munnleg slik som ein skreiv - altså normalisert (dialektfritt og utan innslag frå andre målformer)- var gode føredøme for lyttarane og gode representantar for institusjonane. At desse normberarane samstundes snakka ein eigen sosiolekt var tydeleg nok, men det var det ingen som lasta dei for. Denne klimaepoken er slutt. I dei livsområda der munnleg norsk held til, har det skjedd ei drastisk klimaendring. I dag er alle dei mange og nye typane fjernsnakk like offentlege, medan strev etter normalisering av munnleg språk er nesten borte. Ei liberal, individuell blanding av dialekt, bokmål, riksmål, nynorsk, engelsk og flyktig slang er blitt langt meir vanleg i lydberande media som formidlar munnleg språk. Slik er også tilstanden i heimar, barnehagar, skular, fritids- og jobbsamanhengar - på tvers av klasse- og dialektgrenser. Kan Kringkastingsringen som språkpolitisk gjætar overvake og påverke alt dette? Neppe meir enn dei kan stoppe gjengroinga. Opphavleg ønskte Kringkastingsringen å føre tilsyn med at nynorsken var representert på ein stor nok og god nok måte i det offenlege radiosnakket frå NRK. Dansk-norsken var ulven. I dag er NRK-radioen ein antikvitet som veteranbåten. Der kan ein nok framleis høyre nokon snakke «Oxford-nynorsk», men der, tilliks med dei fleste andre offentlege snakkestader, er målblanding det mest vanlege. Når det gjeld språkføring, uttale, bøyingsformer og ordval, er bokmål og nynorsk blitt like ureine. Den gamle riksmålsulven er nærast ei lausbikkje. Likevel beitar vi nynorske spelsauer like krulla i ulla som før i våre idylliske reservat, og sjølv om det hender vi spring for livet - som om vi såg ulv - når vi møter ei lausbikkje, fryktar vi ikkje slakteriet. Frå bokhylla Olaf Almenningen og Oddrun Grønvik (red.) Ord og Mål. Festskrift til Magne Rommetveit kr. 80 Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.) Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år kr. 45 Send e-post med tinging til post@kringkastingsringen.no Me dekker porto. Me er opne for å forhandla om kvantumsrabattar. Kringom 2 2013 11

Sendar/retur: KRINGKASTINGSRINGEN Postboks 9161 Grønland 0134 OSLO