HAREID ROTARY KLUBB. Månedsbrev for februar 2015. Årgang 50



Like dokumenter
Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

MÅNEDSBREV MAI ÅRGANG 41 DISTRIKT

MÅNEDSBREV MAI ÅRGANG 40 DISTRIKT

HAREID ROTARY KLUBB. Månedsbrev for februar Årgang 49

HAREID ROTARY KLUBB. Månedsbrev for november Årgang 43. Fiskarkvinna

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Team Hareid Trygg Heime

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Til deg som bur i fosterheim år

IKT-kompetanse for øvingsskular

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Stemnehandboka for NKSF

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Tankar kring ei komande årstid

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Bakgrunnsopplysningar om Sierra Leone. Fleire kvinner døyr i barsel enn i noko anna land.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

«Ny Giv» med gjetarhund

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsbrev for Rosa september 2014

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

HAREID ROTARY KLUBB. Månedsbrev for november Årgang 47

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Minnebok. Minnebok NYNORSK

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Møteprotokoll for møte i

PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE 2016 LANDSORGANISASJONEN FOR ROMANIFOLKET Org.nr.:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Finansiering av søknaden

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

MÅNADSBREV OKTOBER 2014 SYKKYLVEN ROTARY KLUBB

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Barneheimen Aintoinette Meo i Chuquibamba, Peru. Eit felles Rotary-prosjekt

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist


Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNADSBREV DESEMBER 2014 SYKKYLVEN ROTARY KLUBB sykkysykkylven.rotary.no

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rektorforum 15. april

Ord for tanken. Herren foretrekker alminnelige mennesker. Det er derfor han lager så mange av dem. Abraham Lincoln

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Banerjee`s logo og valspråk for var:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

MÅNEDSBREV NOVEMBER ÅRGANG 41 DISTRIKT

Lønnsundersøkinga for 2014

Transkript:

HAREID ROTARY KLUBB Distrikt 2305 Klubbnr. RK 12713 Månedsbrev for februar 2015. Årgang 50 Møtedag: Mandag kl. 18.00-19.00 Møtestad: Klubbhuset til Hareid IL, 6060 Hareid. President: Øystein Alme Visepres: Bernhard Harkjerr Sekretær: Arne G. Aschehoug Kasserar: Johs. J. Hareide Past pres: Karin S. Holstad Styremedlem: Eileen B. Hareide Styremedlem: Sverre J. Ulstein Ansv.red.: Hanne Rognan Referent: Aage Nytun HUGEN. Hugen fer so vida millom Von og Kvida. Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt, myket kjemer stort, og verder sidan smaatt. Hugen fer som Daaren, drøymer stødt um Faaren. Fram i Vegen, trur eg, er ein Bakke bratt; naar eg kjemer der, so er det berre flatt. Fødselsdager i februar: Jan Håvar Nytun 16. februar Sigurd L. Bigset 21. februar Runar Haddal 27. februar Hugen fer som Draumen att og fram i Straumen. Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt; naar eg kjemer der, so er han burte radt. Hugen fylgjer Tidom, trøyttest ut av Stridom. Naar eg ser, eg inkje Huset større fær, gjerer eg meg nøgder med det, som det er. Ivar AAsen

Møte 02.02.2015. Presidenten ynskte velkomen til nytt møte, og til opning song vi Den første song eg høyra fekk. Johs. J. Hareide minte om 50-årsfesten vår den 28. februar og at det nærast var obligatorisk oppmøte, så han oppmoda alle om å melde seg på og betale det det kosta. Dagens program var ved Oscar Grimstad, tidlegare medlem i klubben vår og stortingsrepresentant for FrP. Oscar er inne i sin andre periode på Stortinget, og han sit no i energi- og miljøkomiteen. Etter siste stortingsval sit no FrP og Høgre med regjeringsmakta. Han fortalde litt om utfordringane med å vere med i ei mindretalsregjering, då ein må ta mange diskusjonar og avklaringar for opa scene, mens ein i ei fleirtallsregjering kan gjere dette i lukka rom. Stortinget er landets øvste beslutningsorgan, og han fortalde litt om arbeidet som føregår der, m.a. med nye lovforslag som skal vedtakast. Alle representantane blir plasserte i ulike komitear, og mykje av tida går til arbeid der. Arbeidet i energi- og miljøkomiteen er svært omfattande og femner vidt. Komiteen har faste møte, og der er mange saker dei skal ha ei meining om, som t.d. kommunereformen, politireformen, energimeldinga, Johan Sverdrup-utbygginga, grøne sertifikat og klimameldinga. I tillegg kjem det ofte delegasjonar frå heile landet som ynskjer møte med dei ulike komiteane. Siste år var Oscar ein månad i FN i New York og fekk oppleve denne store organisasjonen med over 4000 tilsette på nært hald. Det var både spanande og interessant. Så var han på klimakonferanse i Lima, og neste reise går til Sør Afrika. Så det følgjer med ein god del reiseverksemd ved å sitje i ein stor og viktig komite på Stortinget. Til slutt fortalde Oscar om sitt sivile yrke som er blikkenslager. Han dreiv i mange år K. Grimstad Blikkenslagerverksted, inntil han for ei tid sidan slo seg saman med Dag Kristensen, som driv same slag verksemd i Ulsteinvik. Dei er no m.a. størst i vårt område på utleige av lifter og stilas. Dag Kristensen er dagleg leiar i det nye selskapet, og Oscar er styreformann. Oskar Grimstad

Møte 09.02.2015 Presidenten ynskte velkomen til nytt møte. Etter opningssongen orienterte han om presidentforum som hadde vore i Volda siste veke. Han fortalde om kva dei ulike klubbane jobbar med for tida. Vårt program for dagen var egoforedrag ved Vegard Gjerde. Han delte foredraget inn i fire bolkar: Privat, yrke, andre aktivitetar, Rotary Privat Vegard var fødd i 1947 og vaks opp på Gjerde i ein søskenflokk på tre. Mora var frå Fjørå og faren frå Hareid. Han var sjømann/ bonde, og besteforeldra budde i kårenden i same hus, noko som var vanleg på den tida. Barndomen var rik på mange måtar. Ved å vakse opp på ein gard og med ein far på sjøen, måtte han tidleg lære seg å arbeide, og han måtte også gjere ting han i utgangspunktet ikkje var gamal nok til, t.d. køyre traktor. Men i ettertid såg han at han hadde hatt nytte av at han tidleg måtte lære seg å ta ansvar og jobbe, sjølv om han av og til misunte dei som var fri frå gardsarbeid. Spesielt sommarstid. I folkeskulen på Holstad hadde han først Olga Hareide, deretter Ruth Gjertnes og til slutt Olav Brubakk som lærarar. Etter det vart det framhaldsskule og opptak til privat realskule med Peder Måseide som lærar. Etter fullført realskule reise Vegard frå Hareid og flytte ikkje tilbake hit før sommaren 2014. Først gjekk turen til Jørstadmoen ved Lillehammer for avtjening av militærtjeneste, og der traff han Bjørg frå Molde, som gjekk på kurs for vordande telefondamer. Dei gifta seg i 1967, og i desember same året fekk dei si første dotter, Randi. Seinare har dei fått Trond i 1970 og Grete i 1974. Og det har etter kvart kome seks barnebarn som gir han stor glede. Han og Bjørg heldt i saman til våren 2002. Dei hadde då budd i Molde, Årdal, Oslo, Molde igjen, Kongsvinger og Bærum. Dei hadde hus i Bærum og rekkjehus i Spania. I romjula 2002 svara han ei kontaktsøkjande kvinne på internett, litt uvanleg på den tid. Etter at han hadde reist til Svalbard for å jobbe der, kom Torill etter, og i 2004 vart dei vigde av Sysselmannen. Etter ti gode år saman med Torill, valde han likevel separasjon i 2014. Dragninga tilbake til røtene på Hareid og mistrivsel ved å bo på Nesodden var nok medverkande til det. Yrkesdelen Ved sidan av småjobbar hos Ottar Teigene på Mylnå, i Brandal hos Peter Karlsen og lossing av Grønlandsbåtane til Elling Årset i ungdomen, var hans første ordentlege jobb som dekksgut på Jobella rett etter eksamen på realskulen. Medan han var der, fekk han melding om at han var komen inn på Telegrafskulen og tok til der i oktober 1964. Hans første jobb etter skulen var i Måløy, og etter det var det Molde og Årdal. I 1971-72 var det vidare skulegang for påbygging til teleingeniør og deretter tilbake til Molde. Der hadde han ulike leiarjobbar. 1986 til 1989 var han telesjef for Molde Teleområde yngste telesjef i landet med 150-170 tilsette. 1989-1992 var han telesjef i Kongsvinger teleområde, landets største, med om lag 1200 tilsette. Deretter hadde han ulike leiarjobbar innan televerket, til han i 2003 vart tilsett som Administrerende direktør for Telenor på Svalbard. Der fekk han ansaret for ei betydeleg utbygging av tele- og datanettet. Frå 2010 til 2013 jobba han i VegaTor Consulting AS til han gjekk av med AFP. Så han hadde heile si yrkesaktive tid innan Telegrafverket, Televerket og Telenor. Eit lite apropos: i 1979 var det 465 dagars ventetid for å få fasttelefon, så tidene har endra seg mykje innanfor dette området også. Andre aktivitetar 1974-1979 Telegrafmennenes Landsforbund 1976-1980 Representantskapsordførar i Molde Boligbyggelag 1976 1985 Molde fotballklubb, lagleiar og styremedlem 1979 1981 Leiar Molde Høgre 1979 1983 Varamann Molde kommunestyre

P.g.a. hjerneslag våren -83 fekk han råd frå lege om å seie frå seg verv med mykje papirarbeid ved sidan av jobben. Dermed hadde han pause frå alle slike verv for ein periode. 2003 2006 Leiar i Svalbard Høgre 2003 2009 Varamedlem og medlem Longyarbyen lokalstyre 2007 2009 Styreleiar Svalbard Samfunnsdrift AS 2004 2007 Styreleiar Pole Position Spitsbergen AS (Norge og stormaktene) 2005 2011 Styremedlem BaseCamp Spitsbergen AS 2011 2014 Styremedlem Nesodden Høyre 2012 2014 Leiar i Nesodden Forliksråd Rotary 1986 1989 Molde Øst RK 1989-1992 Kongsvinger RK 1993 2002 Bærum Vest RK 2003 2006 Svalbard RK 2014 - Hareid RK Vegard Gjerde Møte 16.02.2015. Presidenten ynskte velkomen til nytt møte, til opning song vi Blåmann Blåmann Deretter orienterte John Stennes om The David School i Sierra Leone. Skulen er no i gang igjen etter ebolia-utbrot i området. Og no kan også kvar enkelt av oss bli fadder for eitt eller fleire barn på The David School. Ved å betale inn kr. 50,- pr. elev pr. mnd., som dekker løn til lærar og undervisningsmateriell, kan ein vere med å gi desse elevane utdanning og ei betre framtid. John delte ut informasjon om korleis dette kunne gjerast reint praktisk, og dersom nokon ynskjer hjelp til det, så kontakt John. Dagens program var Rotarystien og Kvernhuset v/johs J. Hareide. Planlegging og oppstart av det som skulle utvikle seg til det største prosjektet til no i Hareid Rotaryklubb starta det året Johs. var president. I forkant av presidentåret sitt hadde han grubla på kva prosjekt han skulle ha i sitt Rotaryår. I yngre år hadde han ferdast mykje i området langs elva og beskreiv korleis der var i hans oppvekst, før gjengroinga tok overhand. Dette tenkte han at det kanskje kunne gjerast noko med slik at ein også i dag kunne oppleve denne spesielle stemninga og fine naturen langs elva. Dermed vart Rotary-stien hans prosjekt i Rotaryåret 2001/2002, og det har vore eit viktig prosjekt i alle Rotaryår etter det. Første etappe var frå Utgårdfabrikken til Grimstadvatnet. I samarbeid med kommunen og god hjelp frå Hans Gisle Holstad og Lars Nordhaug vart det utarbeidd søknad om tippemidlar, og det vart innvilga kr.197.500,-. Så vart Øyvind Yri kontakta, og han ville gjere jobben for kr. 100.000,- mot at han kunne ta det innimellom andre oppdrag.

Det vart organisert fleire dugnadskveldar for rotarymedlemene, og traseen vart rydda for større og mindre vegetasjon. Yri hadde ikkje høve til å fullføre og avslutta etter at ca 300 meter, utan betaling. Johs. fekk så vite at det skulle leggjast ny vassledning frå gamle Hareid bru forbi huset til Bjørndal. Han fekk dei til å ikkje så til traseen, men i staden gruse han, slik at han kunne brukast til sti. Så fekk han vite at det skulle leggjast fiberkabel frametter dalen mot Ulsteinvik, og denne skulle gå langs Hareidvassdraget. Han fekk så til eit møte med Tafjord Mimer der det vart lagt grunnlag for vidare samarbeid. Ein fekk også legge stien langs Grimstadvatnet i grenseområdet til naturreservatet, takka vere sterk vilje frå grunneigarane og godvilje frå Miljøavdelinga i fylket etter ein det bearbeiding. Planen er at stien skal gå vidare forbi Kaldholelva og fram til golfbana i første omgang, og seinare vidare mot Eidet. Det vart klage på plasseringa av Rotarybrua ved osen til Grimstadvatnet, då det viste seg at ho låg innanfor naturreservatet. Etter mykje fram og tilbake med Miljøavdelinga i Fylket, og god hjelp frå kommunen, hamna saka hos Miljøavdelinga i Oslo, som skar gjennom og flytta grensa for verneområdet utanfor brua, slik at ho kunne bli ståande. Nedfor dammen var det i si tid fem kvernhus, men fram mot krigen var det ikkje aktivitet i nokon av dei, og kvernhusa forfall etter kvart. Under krigen vart det kvernhuset som no er restaurert, teke i bruk att. Kvernhuset hadde to kverner, den eine var så forfallen at ho ikkje kunne reparerast, den andre vart restaurert og sett i drift. I 2010 vart kvernhusprosjektet sett i gang, kvernhuset låg nede og var i svært dårleg forfatning. Etter litt fram og tilbake vart det møte mellom grunneigarane og initiativtakarane. Arkitekt Berge Hjørungnes vart kontakta, og han utarbeidde plan og teikningar for korleis restaureringsarbeidet kunne gjerast, og Gunnar Hjørungnes vart engasjert til å utføre arbeidet. Klubben har fått smilmidlar og god støtte frå næringslivet for å få prosjektet gjennomført. Totalkostnadene på restaureringa så langt er på kr. 363.000,- Det er inngått avtale med alle grunneigarane om at kvernhuset kun skal nyttast av Rotary og av kommunen. Det vil seinare bli offisiell opning av kvernhuset. Til slutt orienterte Sverre Bjåstad om at han på neste møte vil presentere jubileeumsboka han har skrive i høve 50-årsjubileet. Til det møtet vil også tidlegare medlemer bli inviterte. Kvennhuset

Møte 23.02.2015 Presidenten ynskte velkomen til møtet. Til opning song vi At far min kunne gjera Møtet var, som det siste i månaden, i utgangspunktet programfritt, men jubileeumsboka var no komen frå trykkeriet. Sverre Bjåstad, som har skrive boka, presenterte henne og fortalde om arbeidet som ligg bak. Det viktigaste bakgrunnsstoffet for å kunne lage boka har vore månadsbreva. Det har i enkelte månader ikkje vorte skrive månadsbrev og det er ikkje bra. I tillegg har han fått plass til mange bilete i boka som viser aktivitetar og medlemer i ulike samanhangar. Det har i periodar vore teke lite fotografi, slik at det har vore ei utfordring å finne tak i bilete frå dei enkelte rotaryår. Første del av boka tek føre seg kvart Rotaryår dei siste 25 åra, pluss ein del anna stoff, medan i siste delen er boka som vart laga av Peder Måseide i samband med 25 års jubileet, teka inn. Frå tidlegare medlem og forfattar Richard Berg hadde han fått eit klart råd om at boka måtte ha stive permar, og slik vart det. Ei skikkeleg flott bok, og stor ære til Sverre for vel utført arbeid. I samband med presentasjon av jubileeumsboka var tidlegare medlemer inviterte til møtet, og mange hadde møtt opp. Boka vart så delt ut, og alle vart opptekne med å bla og lese i den. Tidlegare medlemer kan kjøpe boka for kr. 300,-, og mange nytta seg av det denne kvelden. Svein Johs. Flø takka på vegne av tidlegare medlemer for at dei hadde vorte inviterte og sa at dei sette stor pris på det. Forfattar Sverre Bjåstad overrekker 50 årsjubileumsboka til president Øystein Alme. Jubileumsfest 28.02.2015 Den 01.03.1965 vart Hareid Rotary Klubb stifta, og laurdag 28.02. 2015 var det stor 50-årsjubileumsfest på Melshorn Hotell. President Øystein Alme ynskte distriktsguvernør Knut Kvalvågnes med frue, gjester og medlemer med fylgje velkomne til fest. Presidenten overlet så ordet til kveldens programleiar, Karin Svendsen Holstad, som leia oss trygt gjennom kveldens program, som m.a. bestod av mykje song, musikk og talar. Hotellet serverte ein god trerettars middag med dessert, og kaffi og kaker vart servert seinare på kvelden. Først i talarrekka var distriktsguvernør Knut Kvalvågnes som helsa få distrikt 2050 og overrekte gåve. Seinare var det også helsingar frå Ulstein Rotaryklubb, Herøy Rotaryklubb, Ørsta Rotaryklubb og Sula Rotaryklubb med overlevering av gåver. Festkvelden baud også på mange kulturinnslag. Mellom anna song og musikk av Øivind Sønnesyn, Leif Arne Nydal og Eileen Hareide Brandal, pianomusikk av Atle Havåg, og diktlesing ved Vigdis Riise. Sverre Bjåstad fortalde frå jubileumsboka som han har laga. Han tok føre seg dei viktigaste hendingane i klubben gjennom desse femti åra. Vi har hatt mange utvekslingsstudentar, både som vi har sendt ut og som vi har teke i mot, og han las litt frå alle dei breva vi har fått frå desse. Høgdepunktet under festen var tildeling av Paul Harris Fellow til Egil Utgård. Seremonimeister Jarle Kristiansen gav ordet til Einar Holm, som gav ei svært god skildring av alt det Egil har vore med på, både innan Rotary og, ikkje minst, som industribyggar på Hareid, der møbelfabrikken i Hareidsmyrane har vore med på å sikre over 100 arbeidsplassar i kommunen. Fra venstre. President Øystein Alme, Einar Holm. Egil Utgård. Distriktsguvernør Knut Kvalvågnes, seremonimester Jarle Kristiansen.

Til avslutning på kvelden song vi Å Vestland Vestland Stor takk til festkomiteen med Hans Gisle Holstad, som leiar for ein flott kveld med mykje godt program. T.v. President i Hareid Rotaryklubb Øystein Alme og distriktsguvernør Knut Kvalvågnes.