OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt Infoblad frå SIMAS - nr. 1. 2012 - Mars/April Avfall er ein ressurs -til material og energi Farlege stoff i forbrukarprodukt Kom i gang med vårryddinga Kast i rett dunk! Infoblad frå SIMAS
REDAKSJON Ansvarleg redaktør: Hallvard Thomassen Informasjonsmedarbeidar: Tone Myklebust Opplag: 13.600 Redaksjonen avslutta: 14.mars 2012 Foto: SIMAS. Framsidefoto: Utsikt frå Tvangen på Hafslo Cecilie Torgersen Design: Gasta design & kommunikasjon Trykk: Natvik Prenteverk Papir: 100% resirkulert papir Reint sagt Avfall er ein ressurs. Dette ser me meir og meir tydeleg i prisutviklinga på enkelte avfallstypar. Dei vert betre betalt, eller me slepp å betale so mykje for sluttbehandlinga som tidlegare. Etter kvart som denne utviklinga omhandlar fleire og fleire avfallstypar, så vil spørsmåla også vera om me kan sluttbehandla avfallstypar lokalt. Kan dette til dømes gje oss ressursar og arbeidsplassar lokalt i staden for at andre utnyttar «våre» ressursar? Det er mange grunnar til at avfall vert sett på som ein ressurs, til dømes; Ressurssituasjonen i verda krev materialgjenvinning Energisituasjonen i verda krev energigjenvinning Klimakampen krev reduksjon i klimagassutsleppa I tillegg vert det avdekka meir og meir miljøgifter i produkta som vert nytta. Dette har konsekvensar for avfallshandteringa. Alt dette medfører at me må sortere meir og betre. Om me her lokalt skal få auka verdiskapinga er det naudsynt med god sortering så tidleg som mogeleg. Sortering kan gjerast på fleire måtar, nokon samlar inn og sorterer etterpå, mens andre set fokus på å sortere så tidleg som mogleg. Dette er same utviklingstrekk som ein har sett i andre bransjar. Om me her lokalt skal få auka verdiskapinga er det naudsynt med god sortering så tidleg som mogeleg. Me har ikkje volum eller økonomiske ressursar til å kunne forsvare å byggje sentralsorteringsanlegg. Me må ha som grunntanke «å gjera dette så godt som mogeleg så tidleg som mogleg». Med dette som bakgrunn set SIMAS meir fokus på rett sortering. Me prøver i dette nummeret av Reint Sagt å visa kva dei ulike avfallsfraksjonane vert nytta til. Dette viser at det er mogleg å få til gode verdikjeder om me gjer tinga våre rett. Det er mange av desse verdikjedene som ikkje er ferdig utvikla, og kanskje er det eit potensial for lokal verdiskaping i avfallet for oss også? Me i SIMAS ønskjer alle ei fin påske! Hallvard Thomassen direktør På hytta i påsken? Avfall frå hytter og fritidshus skal kastast i hyttecontainer. Ikkje alt avfall skal i hyttecontaineren. Desse containerane er berre berekna på hushaldsavfall. Me opplever stadig at hyttecontainerane er overfylte og fulle av elektriske artiklar, rive- og bygningsavfall m.m. Dette er avfall som skal leverast miljøstasjonen. Fastbuande skal ikkje nytta hyttecontainerane. Dei som ikkje har plass til alt avfallet sitt i eigne dunkar må tinga større abonnement, kjøpa ekstra restavfallssekk eller nytta miljøstasjonen. Plassering; oppi containeren, ikkje ved sida av eller oppå. Gjer du dette, er det fort at nestemann som skal kasta, trur at det er fullt, og forset å setja avfall utanfor containeren. Dette avfallet skal ikkje kastast i hyttecontaineren: Farleg avfall (t.d. PCB glasruter, maling, spillolje, lysrøyr, sprayboksar, batteri, asbesthaldig avfall) Eksplosivt, radioaktivt, etsande, brannfarleg avfall Smittefarleg avfall/kasserte medisinar Flytande avfall Kasserte bildekk (desse skal leverast til bilverkstader) Store mengder papp/papir/plast/treverk Kuldemøblar, kvitevarer, brunevarer, elektrisk- og elektronisk avfall Asbest/eternittplater Bildelar, motorar, landbruksmaskiner etc. Trykkimpregnert treverk Møblar, innreiing Skrapjern Me oppmodar alle til å halda det reint og ryddig rundt hyttecontainarar og returpunkt. Kom i gang med vårryddinga Våren nærmar seg, og det er tid for rydding rundt hus og heim. Det er i denne samanheng viktig å planleggje korleis ein kan ta vare på desse avfallsressursane på ein god og miljøvenleg måte. Ei god løysing kan vera å leige container. SIMAS leiger ut og transporterar containarar til private og næringsdrivande. Hjå SIMAS kan du leige containarar i ulike storleikar, alt etter behovet ditt. Mindre containarar, 8 10 m3, som eignar seg for rydding i hus og hage, og større containarar, 20 35 m3, som er berekna på større avfallsmengder. Ta kontakt med SIMAS for tilbod, tlf: 57 65 70 70 eller simas.no. Mindre avfallsmengder kan leverast til miljøstasjonane. Sjå baksida for opningstider i påsken. Ny containertransportør Frå 01.01.12 er det ny container-transportør i SIMAS. Reno Norden AS tok over containertransporten i SIMAS-regionen ved årsskifte. Reno Norden er ein av Skandinavias leiande leverandørar av tenester innan innsamling og transport av avfall frå hushaldning. Reno Norden har sidan 2008 også vore renovatør i SIMAS kommunane. 2 3
i vasken eller toalettet, ved utslepp frå avfallsforbrenning som ikkje er tilpassa farleg avfall, eller over tid gjennom vatn og fordamping frå avfallfyllingar. På miljøstasjonen får du utlevert brosjyre med informasjon om farlege stoff i forbrukarprodukt. Dersom du er i tvil om noko er farleg avfall, spør på miljøstasjonen, eller sjå www.sortere.no og www.erdetfarlig. no. Her finn du også oversikt over helseog miljøskadelege stoff som finst i forbrukarprodukt. Farlege stoff i forbrukarprodukt På miljøstasjonen får du gjerne høyra; «den der skal sorterast som farleg avfall», men visste du at den inneheldt farleg avfall? Mange vanlege forbrukarprodukt kan innehalda helse- og miljøskadelege stoff. Døme på dette er vaskemiddel, skismurning, sminke, tannkrem, solkrem, sprayboksar, elektriske og elektroniske produkt, CD- plater, lysstoffrøyr. Me tåler mindre mengder kjemiske stoff utan at kroppen tek skade av dei, fordi kroppen vår skil ut, bryt ned eller reparerer skadar som kjemiske stoff forårsakar. For enkelte dyr og små organismar, kan sjølv små mengder vera svært farlege. I større mengder derimot, kan kjemiske stoff vera skadeleg for helsa vår, og sjølv om me i dag kjenner til eigenskapane til ei rekkje kjemiske stoff, veit me lite om korleis dei påverkar oss og naturen i kombinasjon med kvarandre. Mange av desse produkta som inneheld farlege stoff, er ikkje farlege under bruk, men stoffa kan komma/sleppa ut i miljøet ved produksjon eller etter bruk, dersom dei ikkje vert forsvarleg handsama. I naturen hopar dei tungt nedbrytbare stoffa seg opp og kan skada den. Stoff som hopar seg opp i plantar og dyr, kan til slutt havna på matfatet vårt. Sjølv om me har god kunnskap om kjemiske stoff, og myndigheitene forbyr eller regulerer bruk av desse stoffa, finn me produkt i butikken som inneheld farlege stoff. Dette er fordi mange av dei produkta me omgjev oss med vert produsert i andre land, der bruk av farlege stoff er dårlegare regulert enn her i Noreg. Dermed kan me få importera varer til Noreg, som ikkje er lovleg å produsera her. Miljømerking Ved å velja miljømerka produkt, vel du også bort farlege stoff i produkta. I Noreg har me to offisielle miljømerker, Svanen og Blomsten. At eit produkt er miljømerka, betyr at det inneheld minst mogleg helseog miljøskadelege stoff, bidreg til mindre farleg avfall og produktet vert produsert med minst mogleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Korleis kasta riktig? Me må også vera merksam på korleis me kastar farleg avfall riktig, slik at dei farlege stoffa vert riktig og forsvarleg behandla. Dersom farleg avfall ikkje vert kasta riktig, kan helse- og miljøfarlege stoff komma ut i naturen. Dette kan skje gjennom kloakksystem dersom me kastar avfallet Råd for å unngå helse- og miljøfarlige stoff Kjøp produkt som er merka med Svanen eller Blomsten dersom det finst Spør i butikken om produktet inneheld helse- eller miljøskadelege stoff Les på erdetfarlig.no for å finne ut kva for miljøfarlege stoff som produktet kan innehalda Les fareetiketten på kjemiske produkt Kast farleg avfall riktig Kjøpt leiker som er CE-merka Vask klede før bruk Kjelde: www.erdetfarlig.no Visste du at. Verksemder har leveringsplikt på farleg avfall Alle verksemder der det oppstår meir enn 1kg farleg avfall i løpet av året har plikt til å levere avfallet minst ein gong i året. Hovudregelen er at farleg avfall skal leverast til ei verksemd som har løyve til å handtere farleg avfall. I praksis vil dette seia ein innsamlar eller eit mottak av farleg avfall, som til dømes SIMAS. Uansett kvar du leverer avfallet må du betale for handsaminga. Regelen er også at verksemda som produserer avfallet skal deklarere dette ved levering til innsamlar eller mottaket. Deklareringa skjer ved at verksemda fyller ut deklarasjonsskjema for farleg avfall. Du kan få hjelp hjå SIMAS til å fylle ut skjemaet, men det er i alle tilfelle verksemda sjølv som må underteikna skjemaet. 8000 tonn metallemballasje vart nytta i Noreg i 2010? 65 % av denne emballasjen vart samla inn og gjenvunne. halvparten av verdens metallindustri er basert på råvare som er gjenvunnen? innsamla metall vert til binders, sykkeldeler, ny emballasje? 60 000 tonn glassemballasje vart nytta i Noreg i 2010, 90 % samla inn og gjenvunne? innsamla glassemballasje vert til ny glassemballasje og glava isolasjon? 325 bruskorkar kan bli ein stol? å gjenvinna ein drikkeboks av aluminium sparer nok energi til å ha eit tv-apparat på i 3 timar (randomhistory.com)? nokon typar skismurning inneheld stoff som skadar både miljø og helse? Vel helst god, gammaldags skismurning, og unngå all smurning som inneheld fluor eller fluorkarbon. Fluorkarbon er ei stoffgruppe som inneheld grunnstoffa fluor og karbon. Desse vert brote ned i miljøet veldig sakte. 4 5
Avfall er ein ressurs -til material og energi Kva vert det til? Plastemballasje: Kva? Plastflasker, plastkanner, plastøskjer og boksar, folie og bæreposar, chipspoar, kaffiposar m.m. Våtorganisk avfall: Kva? Matavfall som frukt, grønsaker, fisk-, kjøt- og beinrestar, eggeskal, kaffifilter/grut, teposar, blomster, papirserviettar m.m. Kva vert det til? Våtorganisk avfall som vert samla inn av SIMAS vert kompostert på anlegget i Festingdalen, og vert til jord. Kva vert det til? Av plastemballasjen som vert materialgjenvunne kan me laga nye plastflasker, kanner, sekker, blomsterpotter og liknande. Resten av plasten vert energigjenvunne. SIMAS samla i 2011 inn 47 tonn plast. Denne vert sendt til Bir sitt anlegg i Bergen Farleg avfall: Har du tenkt på at alt avfallet du kastar er ressursar? Kvar innbyggjar i SIMAS-regionen kastar kvart år om lag 400 kg avfall. Kvar vert det av dette avfallet? Kva vert det til? Når ein kjeldesorterer, kan ein nytta dei fleste avfallstypane som råvare i produksjonen av nye varer. Dette reduserer behovet for å ta ut naturressursar, samt at resirkulerte råvarer reduserer energiforbruket i produksjonen. I tillegg er me i ferd med å gå tom for enkelte material, til dømes fosfat. Difor er det viktig å kjeldesortere. SIMAS handterte totalt 23 091 tonn avfall i 2011, der avfall frå hushald utgjer 50 %. Omlag 98 % av dei totale avfallsmengdene, gjekk til material- og energigjenvinning. SIMAS har som mål å ha ein materialgjenvinningsprosent på 60%, og samla gjenvinning skal vera 90 %, altså minst mogleg skal gå til deponi. 120% 100% 80% 60% 40% 20% 0% Deponering År 2011 År 2010 Samla gjenvinning er vist i raudt. Gjenvinning År 2009 38% 14% Figurern viser fordelinga mellom dei ulike gjenvinningsområda. Ved materialgjenvinning brukar ein materiala lengst mogleg, og fyrst når materiala er «utslitt» kan dei gå til energiutnytting (brenning). Material/energi-gjenvinning inneber at ved destruksjon eller sortering, vert dei brukande materiala i avfallet teke ut, og går til materialgjenvinning. Resten går til energigjenvinning. Lage mindre avfall 48% Bruke ting om igjen Lage nytt av brukt Brenne Avfallsreduksjon Deponering Legge på fylling Energigjenvinning 48% Materialgjenvinning 38% Materialgj./energigj. 14% Ombruk Materialgjenvinning Energiutnytting I 2011 handsama SIMAS 4555 tonn våtorganisk avfall, dette vert kompostert i lag med reint tre og hageavfall i Festingdalen og laga til jord. Papir, papp og drikkekartong: Kva? Aviser, reklame, vekeblad, skrivepapir, gråpapir, drikkekartongar, emballasjekartong, papp, bølgjepapp, brunt papir m.m. Kva vert det til? Bølgjepapp og brunt papir vert til råstoff så ein kan laga ny bølgjepapp. Drikkekartong vert til emballasjekartong og nye papirprodukt. Emballasjekartong vert til ny emballasjekartong. Papir vert til nye papirprodukt SIMAS samla i 2011 inn 2527 tonn papp, papir og drikkekartong. Dette vert sendt til BIR i Bergen, der dei har eit anlegg som sorterar dei ulike typane papp og papir frå kvarandre før dei går til gjenvinning. Glas- og metallemballasje: Kva? Glas og metallemballasje frå mat- og drikkevarer. Kva vert det til? Glasemballasje vert til ny glasemballasje, Glava isolasjon, Glasopor skumglas Metallemballasje: Halvparten av metallindustrien i verda er basert på råvarer som er gjenvunne. Metall vert også til binders, sykkeldelar, bildelar og andre produkt av metall. Både glas og metall kan smeltast om nesten uendeleg mange gonger. SIMAS 2011: 371 tonn glas og metallemballasje. Glas og metallemballasjen frå SIMAS vert sendt til Syklus Glass- og metallgjenvinning i Fredrikstad, og vert materialgjenvunne. Kva? Farleg avfall er avfall som kan føre til ureining eller skade på menneske og dyr dersom det ikkje vert forsvarleg handsama. Dette er spilolje, maling, lim, lakk, sprayboksar, løysemiddel, frostveske, kjøleveske, vaskemiddel, batteri, syrer, basar, plantevernmiddel, lysstoffrøyr, sparepærer, lyspærer, PCb, asbest, eternitt m.m. Kva vert det til? Noko vert brent ved høg temperatur i spesialanlegg, noko vert nøytralisert og langtidslagra. SIMAS fekk inn 156 tonn farleg avfall i 2011. Norsk Gjenvinning (tidligare Veolia) har teke imot farleg avfall frå SIMAS fram til 2012. Veolia behandlar avfallet og sender det til destruksjon eller energigjenvinning. Elektrisk og elektronisk avfall: Kva? Elektriske produkt som treng straum eller batteri for å fungera, samt kablar og leidningar. Kva vert det til? Jern, metall og edlemetall vert materialgjenvunne. Det som ikkje er farleg avfall, t.d. plast, vert energiutnytta. Miljøgifter som PCB, kvikksølv, asbest, beryllium og radioaktivt avfall vert teke hand om som farleg avfall. 83 tonn EE-avfall vart samla inn i SIMAS-regionen i 2011. Avfallet vert sendt til El-retur. Avfallet vert behandla på forsvarleg måte, samtidig som materialressursane vert utnytta. Restavfall: Kva? Det som vert att etter at du har sortert ut alle dei andre fraksjonene. Kva vert det til? Restavfallet vert sendt til forbrenningsanlegg der det vert energigjenvunne, dvs. fjernvarme, 6 SIMAS handsama i 2011 7356 tonn restavfall, dette vert sendt til Sverige for energigjenvinning. 7
Kastar du noko som kan brukast på nytt? SIMAS får ofte inn møblar og liknande som godt kunne vore brukt lengre eller som ved oppussing kunne vore like fine. Eit godt miljøtiltak er å ta vare på og gjenbruka produkta lengst mogeleg. Om ikkje du sjølv gjer dette, er det kanskje andre som kan gjere dette for deg. Eit døme på ei slik verksemd er Amla Kunst & Håndverk på Kaupanger. ETTER FØR Foto: Rolf Horge Fortvila over feilsortering! Amla Kunst & Håndverk er eit aktivitetssenter innan kunst og handverk. Senteret, som er ein restaurert fjøs, ligg idyllisk til i Amla på Kaupanger, Sogndal kommune. Amla Kunst & Håndverk tilbyr aktivitetar innan kunst og handverk, som dei tilbyr til NAV, skuleverket, psykiatrien og barnevernet. Senteret består av ein treverkstad, ein keramikkverkstad og eit lysstøyperi, men det er også rom for andre aktivitetar som teikning, maling, og det som måtte inspirere. No vil dei starte med gjenbruk av møbler og interiør. Ynskje deira er at du skal vurdere det du kastar. Dei ynskjer å ta vare på alt innan tremøblar, bord, stolar, skuffer, kommodar, hyller, senger, Foto: Rolf Horge nattbord, barnemøbler osb., gamalt som nytt. Har du bilete, rammer og spegl? Småruter, vindauge med eller utan glas? Lampar og andre spanande interiør? Dei er interessert i det meste, så er du usikker, gje dei moglegheita til å velje. Er du i tvil kan du ringe dei på tlf 91 74 35 36. Dei vil gje dine møblar og interiør eit nytt liv, ein ny heim! Amla Kunst & Håndverk opnar i mai for utsal av brukte bearbeida møblar og interiør i gamle butikken på Kaupanger ferjekai. Butikken vil innehalde både handlaga produkt og produkt dei har pussa opp. Besøk amlakunst.no og på facebook. Visste du at. kvart år kastar amerikanarane så mange brusboksar at dersom ein stilte dei opp på linje, ville dei rekke til månen og tilbake 20 gonger? i 2010 vart det selt 2,4 millionar mobiltelefonar i Noreg? det vart samla inn om lag 10 000 gamle mobiltelefonar? 7 av 10 normenn har brukte mobilar liggjande heime? - 25 % har 1 brukt mobil - 32 % har 2-3 brukte mobilar - 10 % har 4-5 brukte mobilar - 6 % har meir enn 5 brukte mobilar 325 bruskorkar kan bli til ein stol? av 100 kjeldesorterte plastflasker kan me laga eit fleecepledd? 8 PET plastflasker kan bli til ei fotballdrakt? av 10 aviser blir det 7 notablokker? - Det er eit stort problem for drifta av kompostanlegget hjå SIMAS at matavfallet me får inn inneheld gjenstandar som ikkje er matavfall, seier direktør Hallvard Thomassen. Me har til dømes funne presenningar, gardiner, elektronisk avfall og mykje plast i dunken for våtorganisk avfall. Dette medfører driftsstopp på kompostanleggetanlegget, og auka kostnader for SIMAS. Dette er kostnader som må dekkast inn via renovasjonsgebyret. Kast i rett dunk! Det er viktig at sortering av avfall vert gjort i samsvar med dei retningslinjene som gjeld. Sorteringsinformasjon finn ein i informasjonsmateriell som alle husstandar har fått. Om ein er usikker så kan ein også gå inn på heimesida til SIMAS, eller på www.sortere.no Dersom du har for mykje avfall kan dette leverast på miljøstasjonane i kommunane eller du kan tinga større restavfallsdunk. Analysar som SIMAS har gjennomført visar til dømes at over 50% av det folk kastar i restavfallsdunken ikkje er restavfall. Dette er avfall som kunne gått til gjenvinning eller annan type slutthandsaming. Restavfallet går til brenning i Sverige, og ein reduksjon av dette volumet ville ha gitt kostnadsreduksjon for SIMAS, som i neste omgang hadde påverka renovasjonsavgifta. Dette fordi drifta av SIMAS skal vere etter sjølvkostprinsippet. Det vil seia at innanfor gitte periodar skal drifta gå i null. SIMAS oppfordrar difor alle til å følgje sorteringsreglane. Dette er til det beste både økonomisk og miljømessig. Simas har skifta ut sentrale komponentar i kompostanlegget hausten 2011. Dette har betra driftsstabiliteten og kapasiteten på anlegget. Vågsøy har frå nyttår gått inn i NOMIL. Det tyder at Simas nå behandlar alt matavfall frå alle nordfjordkommunane. Vi har god dialog med våre tilsvarande selskap i Sunnfjord (SUM) og Nordfjord (NOMIL). Eit vidare framtidig godt samarbeid med ulike søsterselskap meiner Simas er føresetnaden for å sikre framtidige gode og rimelege renovasjonsordningar for innbyggarane i våre eigarkommunar. 8 9
barna si side 1. Kva betyr det at noko er svanemerka? a) At produktet er miljøvenleg b) At svaner liker å eta det c) At du kan kjøpa det alle stader der det finst svaner 2. Kva er ein miljøstasjon? a) Ein stad der ein kan levera avfall til gjenvinning og farleg avfall til å verta teke forsvarleg hand om b) Eit fæl, ureina stad c) Endestasjonen til toget 3. Korleis er det mest vanleg å nytta gamle aviser om att? a) Til å pakka fisk i fiskedisken b) Til produksjon av nytt papir c) Til å lesa på hytta 4. Kor mange syklar kunne me laga av tomme telysbehaldarar i Noreg kvart år dersom me hadde samla dei inn? a) 5 500 b) 28 700 c) 105 000 5. Kva for eit miljømerke er berre tull? a) Svanen b) Blomsten c) Trosten 6. Sparepærer skal ikkje kastast i restavfallet, men leverast som elektrisk avfall. Kvifor? a) Dei inneheld helse- og miljøfarleg kvikksølv b) Dei inneheld ozonøydeleggjande gassar c) Dei inneheld det svært verdifulle mineralet coltan 7. Gamle batteri kan leverast gratis a) der du har kjøpt dei dersom du kan visa kvittering b) hjå alle forhandlarar av slike batteri c) hjå batteriforhaldar dersom du kjøper tilsvarande mengde nye batteri 8. Kvifor er det viktig å halda plast i kretsløpet så lenge som mogleg? a) Fordi plast ikkje vert nedbroten i naturen b) Fordi plast er ein fornybar ressurs c) Plast er laga av olje og gass som er ein begrensa ressurs 9. Kor mykje olje vert brukt til å produsera ein kilo plast? a) 1 kg b) 2 kg c) 3 kg 10. Å resirkulera ein brusboks krev a) halvparten av energien som å laga ein ny b) 1/10 av energien som å laga ein ny c) ikkje noko energi i det heile Riktige svar: 1a) 2a) 3b) 4b) 5c) 6a) 7b) 8c) 9b) 10b) god påske Sorteringsguide Matavfall: Papir, papp og drikkekartong: Dette er avfall som skal komposterast. Dette skal leggjast i den blå dunken. Bruk bioposar til matavfallet, og kast Aviser det i dunken med brunt lok. Unngå lukt Vekeblad og frosen dunk, sjå www.simas.no. Reklame Matavfall Skrivepapir Papir tilgrisa av matavfall Konvoluttar Serviettar Gråpapir Tørkepapir Bøker utan stive permar Papirbrødposar Drikkekartongar skal leggjast i ein Teposar plastpose øvst i dunken Kaffifilter/grut Emballasjekartong Blomster Alt anna papir som ikkje er Blomsterjord plastbelagt Barnebleier Telefonkatalogen Papp Brunt papir Farleg avfall: Farleg avfall er avfall som kan føre til ureining eller skade på menneske og Restavfall: dyr dersom det ikkje vert forsvarleg Noko til overs? handsama. Farleg avfall leverar du på Restavfallet er det som vert att etter miljøstasjonen. at du har sortert ut alle dei andre Spillolje fraksjonane. Dette skal kastast i dunken Maling, lim, lakk med grått lok eller leverast Sprayboksar på miljøstasjonen. Løysemiddel, frostveske, kjøleveske Plastartiklar (ikkje emballasjeplast) Vaskemiddel Porselen (leverast miljøstasjon) Batteri Keramikk (leverast miljøstasjon) Syrer, basar Tilgrisa plastfolieemballasje Plantevernmiddel Steikefolie Lysstoffrøyr, sparepærer, Gåve/innpakningspapir lyspærer Tomme/inntørka målingsboksar PCB av plast Asbest og eternit Papir og papp som er tilgrisa av olje eller anna ureina ting som ikkje let seg bryte ned i ein komposteringsprosess Pant: Øydelagde kle og sko Panting av flasker er også kjeldesortering. Pant flaskene i butikken! att,før du kastar den i Oske ha oska oppi ein pose og knyt dunken. Plastemballasje: Plastemballasje skal sorterast i plastknytesekken, og vert henta saman med papir og papp. Plastflasker Plastkanner Plastøskjer og boksar Plastbeger Folie og bæreposar Chipsposar Kaffiposar Glas og metall-emballasje: Glas og metallemballasje frå mat- og drikkevarer. Desse kan leverast på miljøstasjonen eller ved ulike returpunkt i ditt nærområde. Sjå vår heimeside www.simas.no for å finne ditt returpunkt Brukte klede og sko: Det du ikkje lenger brukar, kan andre ha nytte av. Brukte klede og sko kan leverast på miljøstasjonen eller ved ulike returpunkt i ditt nærområde. Sjå vår heimeside www.simas.no for å finne ditt returpunkt. EE-avfall: Elektriske produkt som treng straum eller batteri for å fungera, vert EEavfall når dei skal kastast. Desse kan du levera på miljøstasjonen eller hjå forhandlaren. 10 11
RETURADRESSE: SIMAS IKS Amla 6854 Kaupanger Informasjon Våraksjon Høyanger Sørside SIMAS skal ha vårryddeaksjon på Høyanger Sørside i fyrste del av mai. Følg med i lokalavisa og på simas. no for nærare informasjon om dette. Landbruksplast Det vert henting av landbruksplast i mai/juni. Dato for henting vert avklart seinare. Innsamlingsruter i påsken Me ber abonnentane vera merksame på at det for enkelte innsamlingsruter vert endra hentedagar i samband med påsken. Det kan verta endringar i dei faste rutinane slik at bilane kan vera tidlegare eller seinare på di rute. Set ut dunken før kl. 07.00 på hentedagen og ver merksam på at innsamlinga kan vare noko lenger enn på «vanlege dagar». Utlevering av bioposar skjer i veke 16 og 17 Oppningstider på miljøstasjonane i påskeveka: Vadheim miljøstasjon stengt 5.4.2012 Balestrand miljøstasjon stengt 5.4.2012 Vik miljøstasjon stengt 5.4.2012 Leikanger miljøstasjon stengt 5.4.2012 Aurland miljøstasjon stengt 5.4.2012 Festingdalen miljøstasjon mandag 3.4 2012 kl 9.00-15.00 stengt 5.4.2012 Gaupne miljøstasjon stengt 4.4.2012 Lærdal miljøstasjon open tysdag 3.4 2012 Kl 14.00 til 18.00 Kontortider for SIMAS i påsken: Måndag 2. april og tysdag 3. april: Normal opningstid Onsdag 4.april: 8.00-12.00 F.o.m. 5. april - t.o.m. 9. april: Stengt Me ynskjer alle våre kundar og samarbeidspartnarar GOD PÅSKE! gasta.no