Bunadar (å Hallingdal



Like dokumenter
Bunadar og stakkar 7å Hallingdal

Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen

trønderske bunader. sydd for å vare i generasjoner.

VeStagder HuSFlId as norsk FlId HuSFlIden Mandal og kristiansand

ØDEGÅRD AS 3570 ÅL - Tlf:

BUNADER FRA GJØVIKREGIONEN

Sølv til Vest-Agder bunad

Vestlandsdrakten FESTPLAGG SIDEN 94

Sydd BUNADENE FRA TRØNDELAG. for hånd & med hjрte

BUNADER FRA OPPLAND. SYDD FOR Å VARE I GENERASJONER.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

bunader_ Vi els ker Hallingbunad fra Nes

Sydd BUNADENE FRA ÅMLI. for hånd & med hjрte

Brukarrettleiing. epolitiker

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ROGALAND DAMEBUNAD FRA

KOLNES -50% -50% Våren 2011 OPPTIL50% PÅ UTVALGTE VARER! Se hele vår kolleksjon på

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

NR. 3 MASKERADER. Sort/grått/rødt Natur Interiør Fargerikt. Inspirasjon for skapende hender fra. Du Store Alpakka

DU STORE ALPAKKA NR 19 MASKERADER. inspirasjon for skapende hender fra

Kartlegging av fiskevandringshindre i Buskerud

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Vestlandsdrakten FESTPLAGG SIDEN 94

NR 7 MASKERADER. Flettestrikk Tunika og kjoler Strikk med god samvittighet. Inspirasjon for skapende hender fra. Du Store Alpakka

DU STORE ALPAKKA NR 18 MASKERADER. inspirasjon for skapende hender fra

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Norsk. vår. Vincent har. Lea har blomstrete

Enkel veske med fotostoff på kvar side som blikkfang.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BUNADER FRA GUDBRANDSDALEN

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

NR 1 M A S K E R A D E R. Inspirasjon for skapende hender fra Du Store Alpakka AS

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Dei fleste smykka vert levert i kvitt eller oksidert sølv, og med ulike fargar på Swarowski steinane. Design: Sylvsmidja Sylvvareverkstad, Voss

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

DET ORIGINALE TRØNDERSØLVET TIL BUNADER FRA TRØNDELAG

Design som trøystar. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Bestill online www. kolnesbroderi.no

MARKEN Beskrivelse av innslaget:

NR 233. for Dale Garn

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Bilete og figurar i Word

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

/

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Månadsbrev for Rosa september 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

Tilgangskontroll i arbeidslivet

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Bambus tekstilar frå BadaBoom

Nr. 2 MINI MASKE RADER. FESTSTRIKK fra DU STORE ALPAKKA

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månedsbrev april 2015

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Diadem/Brudekrone Bryllupskake & Sverigebånd Brudebukett

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nr. 4 MINI MASKE RADER. Juleinspirasjon fra

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Stort utvalg. for kjøkken og restaurant

Logo Brukarrettleiing

Vurdering av plagg for Design Forum as

Fotballfestival - flotte opplevingar for heile familien

Søking til skuleåret

Last ned Strikk til nøstebarn - Kathrine Gregersen. Last ned

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Branding skaper tillit.

Bruk av NO dig/utblokking i Eid kommune - erfaringar. Eid kommune v/ Per Bøen

Rådgjevarkonferanse 2009

Nr 2 Cardigan med v-hals og Pippi mønster Overvidde: (63) 67 (72) 76 (79) 85 cm Hel : (38) 42 (46) 50 (54) 56 cm Erme: (25) 28 (31) 34 (37) 40 cm, ell

Profilhandbok.

Kom skal vi klippe sauen

Om uniformer i Lørenskog skolekorps

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Søking til skuleåret

Transkript:

Bunadar (å Hallingdal

Bunadar og stakkar (å Hallingdal Gamal t8adisjon - ny inspirasjon Hallingdal har lange bunadstradisjonar. Dalen har eit rikt utval av bunadar og stakkar, og det er mange ulike lokale variantar. Bunadane som no er i bruk, er ei vidareføring av den gamle draktskikken, utan at alle dermed er direkte kopiar av tilsvarande gamle plagg. I bunadsarbeidet har ein granska tekstilar på museum, eldre foto og anna biletmateriale, som til dømes teikningar av Flintoe. Skrivne kjelder og eldre forteljingar har og vore til god nytte. Dei fleste bunadane som vi kjenner til i dag er frå på slutten av 1600 talet og fram til i dag. Det vart nytta stoff som ein laga sjølv eller som ein etter kvart fekk kjøpt. Klesskikkane har endra seg i alle år, og vart påvirka av motar frå Europa. Militæret påvirka og utforminga på kleda. Stakkane og bunadane frå Hallingdal er populære festplagg. Alle bunadane frå Husfliden Hallingdal vert produsert i Norge og me kan tilby eit rikt utval av mønster, materialar og tilbehør. Velkomen til Husfliden Hallingdal!

Festbunad Festbunaden for kvinner kom på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet, då Empire-moten med høgt liv var rådane i Europa. Frå gamalt vart den brodert på frihand, seinare vart det påtegna mønster på klede. Friske farger var eit kjennetekn på Hallingsaumen. 2

FESTBUNAD - Øvre Hallingdal - I øvre Hallingdal, Ål og Hol vert det nytta forklede i svart ulldamask. «Ambjørg» «Margit» Ulike hovudplagg har vorte nytta tidlegare, medan luva er den som vert mest nytta i dag. «Borghild» Det vert og nytta halsklut i silke. «Anne Trillhus» «Randi» «Mari» «Sissel» 3 «Barbro»

FESTBUNAD - Gol / Hemsedal - I Gol vert det nytta forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmousseline. I Hemsedal vert dei same forkleda nytta, men der nyttar dei og forklede i svart ulldamask. «Gol I» «Gol II» Ein nyttar ikkje halsklut, men ein kan nytte eit laustsitjande silketørklede som er knytta på sida. Silketørklede kan og bli knytta over luva. Hemsedal «Roflekka» «Egjerd» 4

FESTBUNAD - Nes - På Nes vart det frå gamalt brodert både rett på stakken og det vart påsydd broderte band nede på stakken. Det vert nytta forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmousseline. 5 «Nes» «Nye Nes»

FESTBUNAD - Flå - Festbunaden frå Flå liknar med eit særprega snitt, meir på bunadane nedover dalen; Krødsherad og omegn. Livet er sidare og bunaden har vest med sjarteliv. Det vert brodert rett på stakken og nytta forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmousseline. «Flå I» «Flå II» «Flå III» «Ormerud» 6

FESTBUNAD - Krødsherad - Festbunaden frå Krødsherad kan ha både lang og kort vest med sjarteliv. Det vert brodert rett på stakken og nytta forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmousseline. 7

KJØYREKJOL Fotsid ullkjol som vert nytta over festbunaden vinterstid. 8

Jakker Jakker (trøyer) vert nytta til alle festbunadene. Saman med jakka vert det nytta fyrierma, bringeklut og silketørklede. Kneppatrøye til festbunad Stuttrøye til festbunad Stuttrøye med krage til festbunad Jakke til festbunad Flå 9

Til festbunaden Fyrierma Bringeklut Tredd på sene Bringeklut Hallingsaum Bringeklut Tredd på sene Bringeklut Stramei Halsklut 10 Halsklut

Forklestoff Forklestoff som vert nytta er: ulldamask, blomstrete ullmousseline og rutete ullstoff Ulldamask Ull, rutete Ullmousseline «Rosamona» Ullmousseline «Rose Petit» Ullmousseline «Rosita» - svart Ullmousseline, lys Ullmousseline «Rosalinde» Ullmousseline «Rosetta» Ullmousseline «Rosemarie» 11

Rukkastakk og Foldadås

RUKKASTAKK OG FOLDADÅS - Ope liv med bringeklut - Vart nytta på slutten av 1600-talet og på 1700-talet. Husflidens modeller er rekonstruert etter modell på Hallingdal Folkemuseum Nes, bøkene til Ågot Noss og teikningar av Flinto. Stakken er laga i ullstoff og det er folda eller rynka. Rukkastakk tydar rynka skjørt / stakk Foldadås tydar folda skjørt / stakk / dås 13

RUKKASTAKK OG FOLDADÅS - Snøreliv med maljer og sølvsnor - Forklede: svart ulldamask eller eit trykt bomullstoff. Livet: laga i silkedamask, ulldamask eller kallemanke. Skjorte: mest tidsriktig å nytte skjorte av lin med brodert krage og mansjettar. Belte: det vert nytta skinnlist med sølvspenner, stølebelte eller vevd / smetta belte. 14

Stoff til liv Til liv kan ein nytte ulike stoff, og utvalet vil variere. 15 Jakke til Rukkastakk/Foldadås vert laga i svart klede med pynteband.

BRUDEBUNAD Brudebunad med stakk i raud ulldamask med kniplingsborder i sølv. Liv i brochert silkestoff. Forklede i blomstrete ullmousseline. Brudekrone i ullklede, pynta med søljer. 16

Kvitsaum Til festbunaden vert det nytta skjorte / åvadelede i kvitt bomullsstoff, der krage og mansjettar har kvitsaumsbroderi. Finnes ulike mønster. Det vart og nytta fargakragar. Kvitsaum nr: 1 Kvitsaum nr: 4 Ål nr: 1 Kvitsaum nr: 2 Nes Ål nr: 2 Kvitsaum nr: 3 17 Flåkrage, Plattsaum

Fargakragar Fargakragar vert og nytta til festbunaden. For det meste på kvitt bomullsstoff, medan det er mest tidsriktig å nytte skjorte av lin med brodert krage og mansjettar til Rukkastakk og Foldadås. Flåkrage plattsaum Flåkrage plattsaum Fargekrage nr. 1 Korsstingskrage Fargekrage nr. 2 Korsstingskrage Fargekrage nr. 3 18 Korsstingskrage Flå

Festbunadar Øvre Hallingdal Nedre Hallingdal Nes Flå Krødsherad Rukkastakk - Ope liv 19 Rukkastak - Snøreliv Brudebunad

Helgestakk

KYRKJESTAKK - Helgestakk med broderi Kyrkjestakkane, som var dei finaste stakkane, hadde tjukksaum-broderi. Til Kyrkjestakk kan ein nytte kvit skjorte med fargakragar. - Gol I med omslagsliv- - Tora - 21

KYRKJESTAKK - Helgestakk med broderi - Lailastakk- Gol II Laila Gol II Laila 22 Anne TrilIhus

HELGESTAKK Frå gamalt vart stakken nytta i alle høve: Fjøsstakk, kvardagsstakk, helgestakk og kyrkjestakk Stakken: ullstoff i ulike fargar Livet: ullstoff eller silkestoff Dei vart brodert eller pynta med band, og dei aller finaste vart og pynta med kørilstein-band. Det vart brukt livhjul med sølvspenne på stakkane. 23

SIDLIVA STAKK - Hemsedal og Gol - Denne stakken skil seg ut frå dei andre stakkane med at han har sidt liv og ei trøye som ser ut til å vera sterkt påverka av bymoten, med isette ermar og rynking på aksla. Stakken vart nytta til alle bruksområder, men gjekk av moten på 1940-1950 talet. Skjortene var gjerne i rutete stoff og vinterskjorta var dessutan fora. 24

KNIPLASTAKK - Flå - På Flå har dei ikkje hatt nokon særskild helgestakk. Plagga var eins i snitt, men i ulike materialar og ulik pynt. Stakken med småblomstrete skjorte og skinnbelte. Ta av belte, bytt til kvit skjorte, ta på vest og forklede og så har du Festbunaden! 25

Stakkeband Dei eldste stakkebanda vart vevde på bandvev. Seinare kom det stramei, og då vart det broderte stakkeband, mange av desse er kopi av vevmønster. Dei broderte rosebanda er gjerne kopi av kjøpte roseband. Kyrkjestakkane, som var dei finaste stakkane, hadde tjukksaum-broderi. Roseband Åttebladrose Roseband Gol Hemsedal Hekla Stakkeband Smale stakkeband 26

PyHteband Utvalet av pynteband vil variere 27

Stakkestoff Grøn ull Svart ull Blå ull Stripete Stakkestoff ull Rutete Stakkestoff ull Eit utval av stoff til stakk og bunad Sort Ulldamask Blå Ulldamask Raudrutete Stakkestoff bomull 28

SkjorIestoff Stakkeskjorta var anten kvit, blomstrete, rutete eller i silke. Jo finare stakk desto finare skjorte. Kragane kunne vera enkle, med nuppereller eller med broderi. Utvalet av skjortestoff vil variere. 29

Helgestakkar Helgestakk «Laila» Helgestakk «Gol II med omslagsliv» Helgestakk «Tora» Helgestakk Sidliva stakk 30 Kniplastakk

Vesker Gol I Veske med veskelås Til festbunad og stakk er det mest vanleg å nytte veske med pompadur-fasong. Veska kan vera i enkelt ullstoff, i klede eller ulldamask med broderi. Til stakk kan ein og nytte veske med veskelås, som ein heng over livhjulet. Til Rukkastakk og Foldadås vert det mest nytte veske med veskelås Anne Trillhus Stakkevesker 31

Sjal & Skaut I kaldt ver nyttarr ein gjerne eit ullplagg over skuldrene. Og ullplagg vert og nytta som hovudplagg. Plagga kan vera vevde einsfarga eller rutete ullplagg, plagg i ull/silke, eller plagg i blomstrete ullmousseline. 32

Sløyfer & Tørkleder 33

Sølv Beltespenne Søljer Hallingspenner Halskjede Kryssnål / halsnål Til festbunaden og til Rukkastakk / Foldadås med ope liv er det vanleg med Hallingheng og Hallingkjede, i tillegg til halsring og sølje. Til Rukkastakk og Foldadås kan ein og nytte sølvsnor og sølje. Til belte kan ein ha skinnlist med sølvspenner eller komplett stølebelte. Til stakken er det enklare sølv, gjerne med kryssnål i to størrelser og Olinenål. Beltet er livhjul med sølvspenne. Bunadskniv Olinenål Knapper 34 Lommeur

AMåt... Til bunad og stakk høver det seg å nytte bunadssko. Det finns ulike modeller og det har og komen bunadsstøvlar til dame. 35

Stell av bunaden Etter bruk må støv, skitt og søle vekk så fort som mogeleg, det same gjeld for flekkar av ymse slag. Rens bunaden ved behov. Luft bunaden i frisk luft. Vask skjorte etter bruk og legg den vekk utan å stryke den. Legg eller heng bunaden vekk i bunadspose og skjortepose. Hugs møllkuler, då møll har vorte nokså vanleg att. 36

Husfliden Hallingdal AS Sentrumsvegen 120 3550 Gol Tel: 32 07 40 60 Epost: hallingdal@norskflid.no www.norskflid.no/hallingdal 37 Design - Foto - Produksjon: Adrenalin Media/Rasmus Werner

Design - Foto - Produksjon: Adrenalin Media/Rasmus Werner