Årsmelding. To gode venner, Granitt og Heidi Ranestad. Inneheld innkalling til årsmøte, sjå s. 2

Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kom skal vi klippe sauen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Info til barn og unge

mmm...med SMAK på timeplanen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

«Ny Giv» med gjetarhund

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 104/14 Formannskapet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ruth Larsen FE /1257

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

FANTASTISK FORTELJING

6-åringar på skuleveg

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Om å høyre meir enn dei fleste

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Kva er økologisk matproduksjon?

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Informasjon til elevane

Brukarrettleiing E-post lesar

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Brannsår, rus eller friheit?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Plassebakken Barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND


Rettleiing for revisor sin særattestasjon

I hvilken klasse går Ole? Barnehagen 1. klasse 2. klasse Hvor gammel er Kristine? 5 år 7 år 8 år. Hvor gammel er Ole?

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

OK, seier Hilde og låser.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Anne-Cath. Vestly. Åtte små, to store og en lastebil

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev for ROSA mars 2015

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Brødsbrytelsen - Nattverden

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Transkript:

Årsmelding Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane 2011 To gode venner, Granitt og Heidi Ranestad. Inneheld innkalling til årsmøte, sjå s. 2

2 Innkalling til årsmøte 17. mars 2011 På møterommet til Peppes Pizza på Handelshuset kl. 15.00 Saksliste 1. Godkjenning av innkalling og saksliste 2. Val av møteleiar 3. Val av referent 4. Val av tellekomité 5. Val av medlemmar til å signere årsmøteprotokollen 6. Årsmelding 2011 7. Årsrekneskap 2011 8. Saker frå styret 9. Innkomne saker 10. Budsjettforslag 2012 11. Val Har du saker du ønskjer å fremme til årsmøtet, er du velkomen å ta kontakt. Styrets samansetting 2011 Leiar:! Ove Myrmel, Gaular" e-post: leiar@dyrebeskyttelsen-sfj.no" Styremedlem:! Nina Erichsen, Jølster" e-post: nina.erichsen@dyrebeskyttelsen-sfj.no" Styremedlem:! Renate Hjortland, Bremanger" e-post: renate.hjortland@dyrebeskyttelsen-sfj.no" Styremedlem:! Bettina Astor, Høyanger" e-post: bettina.astor@dyrebeskyttelsen-sfj.no" Varamedlem:! Kristin Nikøy, Askvoll" e-post: kristin.nikoy@dyrebeskyttelsen-sfj.no" Varameldem:! Anne Grete Nøttingnes, Jølster" E-post: anne.nottingnes@dyrebeskyttelsen-sfj.no" Styremedlem: Anja Sægrov, Førde e-post: anja.segrov@dyrebeskyttelsen-sfj.no Styremedlem: Cecilie Hegglund, Naustdal e-post: cecilie.hegglund@dyrebeskyttelsen-sfj.no Styremedlem: Steinar Kjøde, Førde e-post: steinar.kjode@dyrebeskyttelsen-sfj.no Styremedlem: Kristin Solberg, Bremanger e-post: kristin.solberg@dyrebeskyttelsen-sfj.no Varamedlem: Lillian Kråkenes, Eid e-post: lillian.krakenes@dyrebeskyttelsen-sfj.no Varamedlem: Heidi Kvalheim, Førde e-post: heidi.kvalheim@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Årsmelding 2011 3 Leiaren har ordet Kjere medlem og lesar Februar og mars er årsmøtemånadane framfor nokon, tusenvis av lag og orginiasjoner rundt om i landet skal avholde sine årsmøter. Det betyr at det må skrivast litt om året som har gått til årsmeldinga, kasserarane skal får regneskapa til å stemme og valkomiteeane skal finne kandidater til å fylle opp ledige plasser i styre og stell. Statsministeren sa for få år sia at "utan frivillighetsnorge så stopper Norge". Om Norge hadde stoppa opp om alle lag og orginiasjoner la ned, trur eg ikkje, men eg er heilt sikker på at landet på utruleg mange område hadde blitt eit "fattigare" land. Vi må ikkje gløyme at lag og orginiasjoner er ein del av vårt demokrati. Disse laga og orginiasjonane er for det meste demokratisk oppbygde, det er difor det skrives årsmeldinger, lages regneskap og avholdes valg. Så kjære lesar og medlem, på lik linje med resten av frivillihetsnorge så trenger Dyrebeskyttelsen frivillige om vil gå inn å ta på seg ulike verv i organisasjonen. Alt går framover, alt går stadig mot det beire, o.s.v. Ja, er det no slik? Når vi begynner på eit nytt år, så ser vi at det forrige var litt betre enn det som var før der? Svaret her er nok både ja og nei. I denne leiaren vil eg komme inn på eit eksempel, buejakt. Dei fleste som leser eller får høyre at det no skal starte opp ein prøveordning der pil og bue kan nyttes under jakt, trur det er ein spøk. Det er ikkje ein spøk. Undertegnede har skrevet ein artikkel om dette til årsmeldinga, du kan lese den lenger ute i meldinga. Like før årsmeldinga skulle i trykken kom meldinga frå Direktoratet for Naturforvaltning om at det innstilles på ein prøveordning der pil og bue skal kunne nyttes. Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og fjordane er truleg den lokalforeninga i Norge som har arbeida mest for at jakta skulle bli meir human og at norske jegrar skulle blir beire kvalifiserte. Som eit eksempel på det vil årsmeldinga innehalde eit tilbakeblikk til året 1996. Det året gjennomførte vi eit forsøk som grundig avslørte svakheita med den norske skyteprøva for å drive storviltjakt. Forholda som artikkelen beskriver frå 1996 er heilt like den dag i dag. Då er vi tilbake til det spørsmålet om kvart år har gitt ein forbeiring. Når det gjelder jakt så må vi kunne påstå at det ikkje har vore noko framskritt dei siste 15 årene og når no det gis åpning for bruk av pil og bue under jakta så har vi fått eit solid tilbakeskritt. Når dyrevelferden får eit tilbakeskritt er det lett å la tungsinnet få for stor "makt". Det er då ein må finne fram alle dei små lyspunkta i orginiasjonen, alle dei dyrene som fekk ein ny sjanse, osv. Det er kansje disse små lyspunkta, alle sakene som enda godt, alle dei kollegane som stiller opp når det trengs, som gjer at eg no samanhengande i 20 år har hatt ulike verv i Dyrebeskyttelsen Sogn og fjordane.

4 Inntekter Medlemskap og testamentariske gåver Dyrebeskyttelsen Norge, avd. Sogn og Fjordane har hatt mange trofaste og også nye støttemedlemmer i 2011. Vi vil takke alle saman for støtta, og ynskjer også alle nye medlemmar hjarteleg velkomne til oss! Vi vil nyte høve til å takke hjertelig for alle pengegåver vi har fått i år også. Til kvart styremøte ser vi igjennom kontoutskrift, og frå tid til annen ser vi gåvebeløp både frå medlemmar og andre. Dette er kjærkomne gåver som gjer at vi kan hjelpe enda fleire dyr i nød. Hjarteleg takk! For den som ønskjer å testamentere pengar eller gje gåver til Dyrebeskyttelsen Norge, avd. Sogn og Fjordane Dyrebeskyttelsen Norge, avd. Sogn og Fjordane er avhengig av gåver for å kunne tale dyra si sak. Dersom de ynskjer å testamentere pengar, kan de ta kontakt med leiaren vår, som kan ordne med juridisk hjelp. Skattefrådrag ved gåver mellom kr 500 og kr 12 000 Man kan nå få skattefrådrag for gåver mellom 500 og 12 000 kr. For å få dette, må du opplyse om namn, adresse og personnummer. Vi har dessverre ikkje tid og kapasitet til å sjekke opp i etterkant. Meir om dette kan de lese her: http://dyrebeskyttelsen.no/publikum/donasjon.shtml Støttemedlemskap - Hovudmedlemskap" kr 350,- pr. år - Ungdom / student inntil 26. år " kr 300,- pr. år - Born inntil 13 år" kr 150,- pr. år - Avtalegiromedlem min." kr 50,- pr. år Kontonummeret vårt er: 3720 14 98210 NB! Hugs å alltid gje beskjed om kva beløpet gjeld: Kontingent - Gåve - Betaling for katt/hund osv. Landsmøte i Dyrebeskyttelsen Norge. Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og fjordane er tilslutta Dyrebeskyttelsen Norge (DN). DN har lokallag og fylkeslag rundt om i heile Norge. Disse laga møtes ein gong årleg på Landsmøte. I 2011 vart Landsmøte avholdt på Kolbotn. Både DN sentralt og lokallagene er demokratisk oppbygde slik at enkeltmedlemmer sine meiningar kan nå fram via deltaking og valg. Det er neppe andre dyreverorginiasjoner i Norge som har eit slik veloppbygd demokratisk system. Vi stilte med tre representanter på Landsmøte. I forkant av Landsmøte har vi her i Sogn og fjordane vårt årsmøte der vi avgjer kem og kor mange vi skal sende på Landsmøte. Landsmøte er ein arena der dei store saker og linjer blir avgjorde. Men Landsmøte er og arena for læring i orginiasjonsarbeide. Det er også mykje å hente ved å treffe andre med samme interesser og med det få påfyll med gode ideer og mål. Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og fjordane hadde oppe fleire saker på Landsmøte.

Grasrotandelen 5 Organisasjonsnummer: 990369275 Vil du gi din støtte til Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane? 32774990369275 Grasrotandelen er en ordning fra Norsk Tipping, hvor du som registrert spiller kan velge ett lag eller én forening som du ønsker å støtte - din Grasrotmottaker. Vi oppfordrer deg til å støtte oss i Dyrebeskyttelsen Sog og Fjordane. Tenk deg at du kan spille favorittspillene dine - Lotto, Tipping og Joker for eksempel - og samtidig gi noe mer til det laget eller den foreningen du selv ønsker å støtte. Dette er nå mulig via Grasrotandelen. Ved spill hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller forening (gjelder ikke Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikke på noen måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikke belastet noe for å være grasrotgiver. Du trenger Norsk Tipping Spillerkort for å knytte deg til Grasrotandelen. Spillerkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no. Vi oppfordrer deg til å knytte deg til ordningen allerede i dag, og du gjør det på en av følgende måter: 1. Hos Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og ditt spillerkort til en av Norsk Tippings mange kommisjonærer. 2. SMS: GRASROTANDELEN 990369275 til 2020 (tjenesten er gratis). 3. internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no. 4. Norsk Tipping Mobilspill. Mer informasjon finnes på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følge med på hvor mye Grasrotandelene genererer for de enkelte Grasrotmottakerne. Takk for at du støtter oss via Grasrotandelen! Visste du forresten at? Griser er så smarte at du kan lære ein gris dei same tinga du kan lære ein hund. Ein katt kan bli over 15 år, og greier seg ikkje utan hjelp frå menneske. Sauar likar glade menneske, og trekk seg vekk frå dei som er sure. Hundar har budd saman med menneske i over 12 000 år. Norge er eit av tre land i verda som driv kvalfangst. Papegøyar kan løyse oppgåver på linje med eit barn på 4-6 år. Ein vaksen hannløve kan ete opp til 43 kilo kjøtt på ein dag.

6 Hund Hundeåret 2011 Antal omplasserte hundar dette året har vore noko lågare enn ellers. Årsaka til dette har litt å gjere med tilgjengelige ressursar innad i Dyrebeskyttelsen, noko som kan variere litt frå år til år. Sju hundar er omplassert og eit uvisst antal hundar på frifot har fått bistand frå Dyrebeskyttelsen i å finne eigaren sin. Heldigvis er det mange hundar som har ID-chip noko som gjer det enkelt å finne eigar ved hjelp av ein scanner. Hvis ID-chip manglar vert det mest sannsynlig eit lengre opphald på hundepensjonat inntil eigar ringer Dyrebeskyttelsen eller politiet for å melde hunden sin sakna. Angelina Ein av dei mest spesielle hundane frå forrige år er Angelina, 1,5 år gamal jente av rasen Bordeaux dogge. Ho vart smugla inn til Norge som kvelp og planen var ein karriere som kamphund. Angelina fekk trening for å dyrke fram aggressiv adferd ein eigenskap som tydeligvis ikkje fantes nok av. Ho vart gitt vekk til ein familie. Endring i familiens livssituasjon resulterte i at dei etter ei tid avgjorde å avlive Angelina. Ein bekjent av familien tok kontakt med oss og berre nokre timar før hundens siste augeblikk var komen hos veterinær, kom Angelina istaden til oss. Angelina fekk seg eit opphald hos forvert Steinar, ein trygg og hundekyndig kar. Ho var heilt svart i øyrene av betennelse og flekkvis utan pels pga infeksjon i huda. Etter tre veker med øyredråpar, antibiotika og skikkelig kost var Angelina i tipp topp stand. Steinar var den store helten og sjølv greide ho kunststykke å sjarmere seg opp i sofaen hans. Ute på tur fekk den store hunden mykje oppmerksomheit og barna digga ho. Angelina viste seg å vere ei rolig og trygg tispe med store, vakre, snille auge. Hos Steinar fekk ho mykje positiv trening og sosialisering. Etter seks veker fekk ho seg ny heim. No er ho på eit lite småbruk ilag ilag med ein annan hund og eit par kattar. Tilbakemelding frå ny eigar er at ho er ein fantastisk hund. Angelina har vore med på hundekurs og funne seg godt til rette på den nye plassen i lag med dei nye vennane sine

7 Fugl Nest etter katt så er det truleg spørsmål relatert til fugl vi får mest henvendelser om. Spesielt i hekketida er det mykje henvendelser og då gjerne relatert til fugleunger som er falt ned frå reirplassen. Måsunger er ein gjenganger men vi har og hatt henvendelser ang vadefugler, ei due, ein gjøk, ei kråke, m.fl. For dei som husker årsmeldinga frå i fjor så skreiv vi ein del om problemer relatert til at måsunger blei drepne og reirplasser raserte. Dette er først og fremst eit problem som oppstår ved at måsen etablerer reir på takene til næringsbygg. Raseringa og drepinga tok vi opp skrifteleg med Mattilsynet som igjen sente henvendelsen vidare til Fylkesmannens miljøvernavdeling. Resultatet blei at Fylkesmannen sente brev til alle kommuner og gjorde dei merksam på at rasering av reirplasser og dreping Heidi reddar måsunge hos Firda av måsunger er ulovleg. I så måte er vi rimeleg fornøgde med at utfallet av vårt engasjemang i denne saka. Vi vil imidlertid arbeide for at kunnskap på nevnte område skal bli beire kjent blant næringsdrivande. Dove 28. oktober fekk vi eit tips angåande ei due i Svelgen sentrum som såg sliten og medteken ut. Eg og Renate tok turen og fann ho med ein gong. Ho lot seg lett fange og vi tok ho med oss heim. Etter å ha fått plassert ho i eit stort hundebur med mykje høy, vatn og mat byrja vi å studere ho nærmare. Oppdaga at ho hadde ringmerker på begge beina. Utifrå det eine merke kunne vi sjå at ho var fødd i 2011. Vi ringte til formannen i ei brevdueforening i Bergen.,som sette oss i kontakt med Helge Fjelltun. Han tilbydde seg å sjekke opp i desse merka, men kunne fortelle oss med ein gong at dua ikkje var frå Noreg. Dagen etter ringte Helge oss og fortalde at dua Dove fall til ro i hundeburet høyrde heime i Tampa, Florida og eigaren heitte Bobby Caballero. Difor blei ho kalla "Dove". Sannsynleg har ho komme med ein kullbåt frå New Orleans til Elkem i Svelgen. Ho budde her i garasjen i tre dagar, åt godt og blei raskt mykje kvikkare. 31. oktober blei Dove sendt med hurtigbåten frå Florø til Bergen, der Helge venta på ho. Han er ein mann med mange års erfaring med duer, så det var godt han ville hjelpe oss vidare. Sist eg snakka med Helge fortalde han at Dove er frisk og rask. Han har vore i kontakt med eigaren som sa at Dove deltok i ein konkurranse i Florida 8. oktober og så forsvann ho. Gleda oss å høyre at ho blir værande hos Helge i Bergen i godt selskap med dei andre duene hans.

8 Kråke tilgrisa av kjemikaliar Ein dag i november fann eg ei skada kråke i nærleiken av huset mitt. Kattane mine hadde nok tatt opp jakta på henne, men ho hoppa lett unna dei, men ho gav seg over då eg prøvde å få tak i den. Ho var lett som ei fjør, og fjørdrakta var rar, skitten og illeluktande. Vel plassert i hønsehuset mitt, med mat, vatn og litt varme på, let eg ho få fred. Men mat ville ho ikkje ha, endå det var det ho trong mest, så mager som ho var. Krefter hadde ho litt att av, for ho var fykande sint når eg tok turen innom til henne. Etter tips frå Bjørn Angel-Jakobsen i Florø vart kråka tatt med inn på kjøkenet og vaska i vasken med Zalo og varmt vatn. Dette skulle ha vore filma, men eg var åleine, utanom husets katter, som sprang for livet når kråka høglytt ga uttrykk for at slike badegreier klarte ho seg utan. Vatnet var svart og illeluktande av kjemikalier og halve zalo-flaska gjekk med før vatnet var blankt. Det er temperament i slike fuglar, og gummihanskar måtte til, for ho beit hardt. Ho vart tørka etter beste evne og sett tilbake i hønsehuset. Fjørdrakta kom seg og neste morgon fekk ho komme ut og tok til vengene med ein gong. Eg reknar med at ho var i stand til å finne seg mat som før, når ho no kunne flyge att. Det er vanskeleg å få mat i ein del ville fuglar i fangenskap. Kråker er mange plasser hata fuglar, men dei høyrer til i naturen vår, og ein bør hjelpe dei som hjelp treng. Helsing Unn og ei nybada, illsint kråke Hjort og sau Refleks på dyr Husdyr blir av og til utsatt for ulykker når dei opphelde seg på bilvei. Det er først og fremst sau og geiter som er mest utsatt men og storfe. Her i Sogn og fjordane hadde vi ei stor ulykke i Kjøsnesfjorden i Jølster kommune dette året. Ein buss kjørte ei natt inn i ein geiteflokk og over 30 geiter blei drept eller måtte avlives. Ulykka medførte ein god del mediemerksemd og mange hadde ulike løsninger eller tiltak for å unngå slike tragedier. Dyrebeskyttelsen Sogn og fjordane sitt forslag for å unngå slike ulykker var at husdyr som ferdes langs vei må utstyres med refleks. Alle husdyr som inngår i matproduksjon er pålagde å vere merka og det mest vanlege er merke i øyrene. Disse merkene er ganskje store og i ulike farger. Hvis disse merkene hadde vore produserte med refleks, kanskje heile merkelappen kunne vere i refleksstoff, så ville disse merkene vere godt synlege etter mørkets frambrudd. Dyrebeskyttelsen i Sogn og fjordane har brakt saka inn for Dyrebeskyttelsen Norge sentralt og bedt dei undersøke nærmare om kva som er på markedet og kva som kan produseres av ovenfornevnte merker. Dernest ta saka opp med bonde-organisasjonane i Norge. Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane - Kontonummer 3720 14 98210 - Organisasjonsnummer: 990 369 275

9 Påkjørsle av dyr Trafikkulykker der dyr er involvert er eit stort dyrevernproblem i Sogn og fjordane. Først og fremst er det hjort som oftast er eit stort problem men og andre dyr f.eks påkjørte katter. Det er desverre lite kunnskap blant bilistane korleis dei skal opptre når ulykka er ute. Av den grunn velger alt for mange å berre kjøre vidar og ikkje melde frå. Det gjer nok at mange dyr blir utsatt for store lidinger då dei blir liggande ute i skogen med store skader og pinsler. Dyrebeskyttelsen Sogn og fjordane har lenge vore ein pådriver for å få satt søkelys på problemene relatert til påkjørsle av dyr. Eit av tiltaken har vore å ta i bruk "viltband". Eit viltband er eit band som innehelde informasjon om korleis ein skal opptre ved påkjørsle, kor ein skal varsle m.m. Bandet er og konstruert slik at ein skal henge det opp der ein ser dyret springe til skogs. Då vil bandet vere ein indikator for sporhundpersonell om kor dei skal starte eit eventuelt søk. Vårt ønske er at alle bilførere i fylket har "viltband" liggande i bilen til ein kvar tid. Som eit tiltak for å oppnå det har vi delt ut slike band ved anledninger, dette arbeidet vil forsette og i 2012. Disse "viltbandene" har vi fått av forsiktingsselskapet IF. Tap av sau på beite. I Sogn og Fjordane blir ca 190.000 sau og lam slepte på beite kvart år, av disse går mellom fem og seks prosent tapt. Det betyr at nærmare 10.000 sau og lam går tap på beite kvart år i Sogn og Fjordane. På landsbasis omkommer over 100.000 sau og lam på beite årleg. Dette er store tall og representerer eit betydeleg dyrevernproblem, eit problem som må meir fram i lyset slik at nødvendige tiltak kan iverksettast. Årsakene til tapa skyldes rovdyr, sjukdom, giftige planter og at dyra set seg fast eller faller utfor. Mange sauebønder melder frå om betydelege tapstall men det er nærmast ikkje rå å finne dyrekadaver. Enkelte hevder at det må stå tobeinte bak, altså mennesker. I Sogn og Fjordane er det områder der tapsprosenten er dobbelt så stor som fylkes- og landsgjennomsnittet. Disse områda har vore belasta med store tapstall gjennom fleire år. Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane har satt søkelys på tapstalla gjennom media i fylket. Vi har og tatt opp problemet med Dyrebeskyttelsen Norge med tanke på å få organisasjonen sentralt til å arbeide med saka i 2011. Spørsmåla vi stille oss er bl.a. om myndigheter og næring har for stort fokus på kor mange lam og kor mange kilo kjøtt det er mulig å produsere pr sau. Ser man kun på produksjonsmål målt i antall avkom og i antall kilo kjøtt, så er det lett å gløyme at sauerasane vi nytter og avler på, tross alt må vere fysisk i stand til å klare seg i norsk natur. Vi stiller og spørsmål om områder med tapstall ut over det normale, over fleire år, bør blir klassifiserte som uegna til sauebeite. Mykje rovdyr og sau i samme område veit alle ikkje går og einaste farbare vei her er at deler av landet blir definert som eigna til denne type beitedyr og at rovdyrbestanden i disse områda holdes under kontroll. Mest mulig tilsyn med beitedyra er også ein sjølvfølge og eit krav. Vi veit alle at krav og tiltak for å få ned tapsstalla vil koste pengar. Dette kan ikkje belastast sauebonden i sin heilheit men må tas av storsamfunnet. Myndighetene og forbrukarane må skjøne at produksjon av mat kostar. Det betyr at forbrukarar av sauekjøtt ikkje berre ser på prislappen i butikken men er villig til å betale for å betre situasjonen for sau og lam på beite.

10 Katt I løpet av året 2011 fekk over 100 kattar nye heimar gjennom dyrebeskyttelsen. I tillegg har vi hatt utallige etterlysingsaksjonar i forbinding med vekkomne kattar. Har du mista ein katt? Vi har funne mange Har du ein katt som burde ha vore kastrert og ID-merka, men som ikkje er det? Då er der ein auka sjangse for at pus ein dag aldri kjem att etter ein av sine tusleturar utandørs. Du ventar i vekesvis, kanskje leitar rundt forgjeves. Er du flink annonserar du det i lokalavisa med bilde. Utan å ane kattens skjebne må du kanskje forsone deg med å aldri få sjå den att. Mulig er den død, påkøyrd eller teken av rovdyr. Kanskje greier den å halde seg i live ei stund til tross for svolt, kulde og sjukdom. Har katten din "vunne lottogevinsten", sit den på eit varmt kjøkken og et tunfisk hos ein familie som har fått seg ny katt hjå dyrebeskyttelsen, 50 km unna. Kvart år tek vi hand om eit utal av bortkomne kattar. Nesten ingen av desse er kastrert og/eller IDmerka. Kvar gong stryk vi håpefullt ID- scannaren vår mot kjæledyrets nakke men vert som regel skuffa. Med ID- chip hadde vi hatt navn og tlfnr på eigar i løpet av 5 min! Hadde katten vore kastrert ville den sannsynleg holdt seg heime i utgangspunktet, meir stadbundne som dei då oftast vert. Men mange vekkomne kattar kjem seg aldri heim. Mange har klokketru på kattens ni liv og evne til å takle det meste. Då er det liksom ikkje så nøye. Men den er ikkje ein naturleg del av norsk fauna og er avhengig av vår omsorg om den er aldri så tøff og sjølvstendig. Fleire av desse kattane vi tek hand om er sjuke og treng behandling hos veterinær før omplassering. Enkelte er FIV infiserte og av ein slik forfatning at der ikkje fins noko fullgod løysing. Vi vil med dette oppfordre alle katteeigarar om å kastrere og ID-merke katten. Ta kontakt med veterinær i dag! Ailo og Mira fann kvarandre hos ein felles fòrvert for Dyrebeskyttelsen. Dei oppførte seg som eit gamalt ektepar og vi hadde ikkje hjarte til å skilje dei. Heldigvis fekk dei kome til ny heim ilag. Felix og Ferdinand hadde begge levd eit einasamt liv ute ei god stund.dei fekk kome inn i varmen hos same fòrvert og utvikla der eit nært venskap. Paret var heldige og fekk ny felles heim.

11 Othelia var sliten og redd etter eit strevsamt liv der ho som utegåande kattemor hadde måtte kjempe så hardt for unganesine. Ho var redd og engstelig. Ein familie i Sogn gav ho ein nysjangse og pusejenta er i dag ikkje til å kjenne att. Full av liv og sjølvtillit. Bildet viser kor trygg ho kjenner seg. Torjus fekk også ny heim gjennom Dyrebeskyttelsen i løpet av forrige år. Her ser vi han slappar av og nyt livet i sin nye tilværelse. Korleis havnar kattar i Hesjedalen? Er kattar søppel? Snakkar vi dumping av katt, eller har dei gått den lange vegen sjøl? Vi har leika litt med tanken om å delta på dyretolkkurs. Tenk å kunne snakke med dyra, få fortalt kva dei har opplevd og ikkje minst, få greie på korleis desse fire kattane havna på den aude søppelplassen i Hesjedal. Bossy Etter ei våt og stormfull helg fekk Dyrebeskyttelsen telefon av driftsleiar Kjell Bu ved Miljøstasjonen i Hesjedalen. Han hadde oppdaga ein våt og pjusken katt som låg delvis gøymd under ein bossekk nedi ein stor container for våtorganisk avfall. Botnen av containaren var fylt med regnvatn, som saman med kald vind sette den gjennomblaute katten i ein svært sårbar situasjon. Skrå, glatte containerveggar gjorde det umogleg for katten å klatre opp, og Kjell Bu meinte det var sannsynleg at katten hadde vore fanga i den opne containeren sia fredagen. Dyrebeskyttelsen starta umiddelbart redningsaksjon, og saman med Bu fekk vi klatra ned i containeren og henta opp katten. Den dryppande våte katten blei frakta direkte til Veterinærkontoret i Førde for undersøking av helsetilstand, behandling, og deretter scanning av ein eventuell identitetschip. Dessverre var ikkje katten merka med microchip. Etter nokre timar restitusjon hos veterinær, fekk katten opptørking og ro på Myrmel dyrepensjonat. Katten, som vi kalla Bossy fordi den vart funne i bosset, blei gjenkjent av eigerane sine då historia hans stod i Firda. Forts. neste side Bossy

12 Denne historia er delvis oppklart. Eigar kjørte til Førde på jobb, og hørte en rar lyd i motorrommet. Det viste seg å vere katten som hadde fått seg en ufrivillig kjøretur under panseret. Den hadde nok klatra opp via understellet på bilen. I dét eigar åpna panseret, spratt katten opp, og sprang bort derifra, sjølvsagt livredd etter skrekkopplevinga. Korleis den har komt seg heilt til Hesjedalen er uvisst, men katten var på vandring i to veker, og eigar hadde nesten gitt opp å finne den. Sigrid Ved porten til bossanlegget oppdaga familien Hauge ein liten grå kattunge som gikk og skreik så sårt. Kontaktsøkande, men for redd til å la dei komme nærme. Dei måtte reise heim, men kunne ikkje gløyme kattungen, spesielt ikkje Andrine. Så dei reiste tilbake til Hesjedal, og brukte heile fredagskvelden på å leite. Seint på kvelden greidde dei å få tak i pusen, tok den med seg heim, og kjørte den til dyrepensjonatet på Myrmel neste morgon. Dyrevenene skimta og ein rød kattunge denne kvelden. Sigrid Dei varsla Dyrebeskyttelsen, og redda dermed livet til begge kattungane, som ellers hadde gått ein pinefull død i møte. Den røde kattungen viste seg å vere hissig og redd, særs vanskeleg å fange, men Kjell Bu var snar og greidde å snappe tak i den i forbifarta. Sjølv om han blei biten til blods, slapp han ikkje taket i kattungen, men fekk den trygt plassert i bur. Kattungane viste seg å vere bror og søster, og vart gjenforent hos forvert i Florø, der dei fekk navna Sigrid og Solan. Hos Thomas og Eline fekk dei både fostermor (Helle) og to fosterbrødre (Helmer og Halgrim). Sigrid vart ei trygg og god kattefrøken, og lever no eit prinsesseliv hos ein dyreglad familie i Naustdal. Hesjedalskatten Da vi prøvde å fange Solan, fekk vi ein vaksen svart katt i fella. Han var sterkt prega av å ha budd lenge på bossplassen. Full av gjørme i pelsen, underernært, forkommen og veldig redd. Da det viste seg at han var svært sjuk i tillegg, fekk han sovne inn hos veterinær. Solan i dag Han fekk ein vanskeleg start på bossplassen i Hesjedalen, der han i ein alder av 8 veker blei funnen aleine, søkkvåt og svolten. Så redd menneske at han beit både redningsmann og forvertar til blods. Hesjedalskatten Orange som sola fikk han navnet Solan, og med forvertanes grenselause omtanke og tålmod gjekk tilnærminga etterkvert i riktig retning - han blei tryggare og gladare for kver dag. Stor jubel da han endeleg lot seg klappe, og snart malte han til og med høgt. No er Solan snart 6 månader gammal, og blei nylig eit kjært familiemedlem hos en familie på 5, pluss hund og ein eldre hokatt, i Sørbøvåg. Han stortrives med den store familien sin, og elsker all kos og oppmerksomhet. Solan

13 Kva har desse kattane til felles? Bingsa I eit bustadfelt i Førde vart ein svært sjuk katt funne og synet var hjerteskjerande. Katten hadde ingen syn eller hørsel som følgje av kreft i augene og øyrene fulle av midd. Han var fullstendig avmagra og apatisk. Tennene var øydelagt. Pelsen var våt etter mangel på krefter til å søkje seg ly for vèret. Pusen sine lidingar enda på veterinærkontoret. Bygstad Ein heimlaus katt har døande kjempa seg opp på ein altan i Bygstad. Radmager, pelslaus pga eit utall av lus, alvorlige forfrysningsskadar og kreft i munnhula. Han fekk endelig sovne inn på veterinærklinikken. "Vinter" Heimlaus ukastrert hannkatt går ute på andre vinteren i eit tett bebygd område i Førde. Tova pels som beskytta lite mot kulden, sliten og blodfattig. Veterinær tilråda avliving. I tillegg til desse har Dyrebeskyttelsen i 2011 teke inn kattar frå Fjaler, Førde,Høyanger, Naustdal, Eikefjorden, Florø og Jølster som har lidd same skjebne. Alle vart avliva og alle var infisert med den smittsame og dødelige sjukdomen FIV, også kalla katte-aids. I tillegg var dei alle heimlause og 90% ukastrerte hannkattar. Heimlause kattar får ikkje den nødvendige omsorga dei treng og vert difor oftare sjuke og døyr i ung alder. Dei mest vanleg sjukdomane er katteinfluensa, kattepest og FIV/katteAIDS. Som regel plages dei i tillegg med t.d innvollsorm, øyremidd, lus og tannproblemer. Dyrebeskyttelsen brukar mykje tid og pengar på å behandle kattar som har gått ute lenge slik at dei kan omplasserast til nye heimar som friske individ. Men enkelte er i så dårleg forfatning at veterinær tilråder avliving. Det gjeld også for dei som har får diagnosen FIV. FIV, eller katte-aids FIV står for Felint Immunsvikt Virus og er nært beslekta med HIV-viruset hos mennesker. FIV er forløpar til katteaids. Sjuke ukastrerte hannkattar og kattar som streifar har størst risiko for smitte. FIV overføres hovedsakleg via blod og då som regel gjennom bitt ved slåsskampar eller parring. Ukastrerte hannkattar er dei klart største slåsskjempane. Smitte av FIV frå kattemor til kattungane kan forekomme, særleg hvis smitte skjer medan ho er drektig. Ein katt kan vere bærar av FIV-viruset i mange år utan symptomar, særlig hvis den har ein god velferd. Når symptomane kjem er det i form av sjukdomar som følgje av svikt i immunforsvaret då typisk som luftvegsinfeksjon og sår i munnhola. For ein heimlaus katt er FIV einsbetydande med fare for ein langsam og smertefull død med katteaids som siste fase.

14 FIV viruset smittar ikkje frå katt til mennesker eller til andre dyr. Det finst ingen behandling av FIV viruset ein kan berre bremse utviklinga med å behandle sjukdomane som følgje av eit svakt immunforsvar. Ved tilfeller der ein frisk eigd katt får påvist FIV- viruset anbefalar dei fleste veterinærar to alternativ: isolasjon frå andre kattar ( dvs eit liv som innekatt) med hyppige helsesjekkar/ behandlingar, eller avliving. Hjelp oss å forebygg spredning av FIV viruset og kastrer katten din! Det er den aller beste måte å hindre smitte av FIV samt auka antal heimlause kattar. Kattunge drepen med spade Framleis let folk seg overraske når ukastrerte hokattar plutseleg fødar kattungar. Ei natt då sommaren var på hell, auka kattebestanden i ein husstand i Sunnfjord frå ein til fire. Nydelege sølvtigra kattungar, som arva både mors sjeldne fargar og hennar behagelige lynne. Jobben med å finne nye heimar til kattungane vart ikkje prioritert. Å kastrere kattemora var heller ikkje eit alternativ. Konklusjonen vart at det var enklast at både dei då 2 månaders gamle kattungane og kattemora på fire år vart avliva. Mannen i huset bestemte seg for å ordne saka på eigahand. Tanken på å bringe kattane til veterinær for human avliving streifa verken han eller dei andre bebuarane som var til stades denne kvelden. Kattefamilien blei tatt inn på vaskerommet, og planen var å ta ein og ein ut på trappa for avliving. Nummer ein var den 8 veker gamle hannkatten Mufasa. Etter tre-fire harde spadeslag stansa krampane hans, og han segna livlaus om. Eit par spadeslag til, for å vere sikker. Han var død. Spora rundt den vesle kroppen vitna om hendinga, blod og hjernemasse hadde spruta opp langs heile ytterdøra, og på veggane rundt. Det gikk opp for mannen at dette ikkje var bra. Han ville vente med dei andre kattane. Ei vekes frist på å bli kvitt kattefamilien som no talde tre, elles måtte dei lide same skjebne som Mufasa. Søndag kveld veka etter, same stad, same metode. Det var i alle fall planen. Heldigvis fekk Dyrebeskyttelsen beskjed om dette, og fekk henta dei attlevande kattane i tryggheit. Vi fekk bilde av spora etter ugjerninga, og leverte anmelding til Politiet. Media fekk nyss i hendinga, kontakta oss for bekrefting, og same kvelden vart saka ein landsdekkande nyheit. NRK Sogn og Fjordane fulgte saka tett, både i nettutgåvene, radio og på Vestlandsrevyen. Spadedrapet vekte stor harme over heile landet, reaksjonane lot ikkje vente på seg. Samfunnsstraffa mannen fekk i form av hets frå dyrevener landet rundt, må fleire dele med han, han er dessverre langt i frå den einaste som har slike groteske handlingar på samvitet. Media slo saka stort opp For Mufasas skyld, for kattemora og kullsøskena, og for andre dyr som står i potensiell fare for å bli avliva på ulovleg vis, jobbar vi vidare med å spreie bodskapen om at brot på Lov om Dyrevelferd og Forskrift om avliving av hund og katt, er straffbare. Vi kan aldri tolerere slike lovbrot og maktovergrep mot dyr. Fokuset på dyrevern blir sterkare, og endeleg får dyrevernorganisasjonar meir gehør i form av stadig fleire gjennomslag i straffesakar, samt eit sterkare lovverk for dyra.

15 Tidlegare vart slike sakar ofte henlagt, men vi er på rett veg. Etter norsk rettspraksis vart saka vurdert utifrå samanlikningsgrunnlag frå tilsvarande anmeldte dyrevernssaker. Med tida håpar vi at slike dommar vil svi betrakteleg, men i fasen vi er i no, lyt vi seie oss nøgde med at spademordaren fekk 3000 kroner i førelegg. Mufasa vil ikkje bli gløymd. Hjelp oss å spreie gode haldningar. Kattemor Lola og kullbror Silver i tryggheit. Den andre kattungen var komt i ny heim då dette bildet vart teke Pippi og Emil Ei kattemor var funne ihjel køyrt, og fire kattungar vart levert til Mattilsynet for avliving. Dyrebeskyttelsen ville prøve andre alternativ og søkte etter forvertar. Vi fekk lyst å låne to små i fem veker, fram til dei var leveringsklare. Slik kom Pippi og Emil til Karstad 1. november 2011, ca. sju veker gamle. Vi var skeptisk på korleis vår 10 år gamle Topsy ville ta i mot kattane, og då vi tok dei i hus skalv heile hunden av iver. Emil skalv av skrekk og ville lengst mulig vekk frå "monsteret", men Pippi var særs kontaktsøkjande med det same. Etterkvart vart Emil også fortruleg med det omsorgsfulle uhyret. Topsy var så engasjert at vi var redd ho ville bite dei, eller skade dei med dei digre potane sine. Difor hadde vi dei adskilt dei første vekene, dei fekk berre vere i lag når vi holdt hunden. I etterkant ser eg at vi kanskje Topsy, Pippi og Emil, -uadskillelege burde hatt meir tillit. Snille, omsorgsfulle Topsy ville berre passe på desse forsvarslause små. Ho sleika dei og let dei leike i pelsen hennar, ja til og med suge på pattane henner. Etter nokre veker gjekk brått forbruk av geitemelk drastisk ned, Topsy hadde fått igang melkeproduksjonen. Fem veker gjekk veldig fort, og tanken på å behalde den eine katten melde seg tidleg. Det vart det heilt umulig å velge berre ein, og veldig vanskeleg å skilje dei to, dermed vart det to kattar på oss. No er dei ca 4.5 mnd gamle, og veldig klar for større leikeplass! Vi har dei ute ca 1 time kvar dag med tilsyn, og dei elskar det. Det vil seie Emil synest fort det vert litt kaldt og skummelt der ute, så då ligg han gjerne på varmekablane i gangen og ser på søstra som leikar i snøen. Vi gledar oss til våren Emil og eg! Takk til Cecilie i Dyrebeskyttelsen som introduserte oss for hjarteknuserane våre! Vi håpar Nusse og Tiger, dei to andre i kullet, har funne seg godt tilrette i sine nye heimar! Helsing Elin

16 Omsorgskattar i regi av Dyrebeskyttelsen Dei fleste kattane vi tek hand om er vårt ansvar i ein midlertidig periode før ny heim er funne. Men så hender det at enkelte kattar vert verande i vår omsorg. Desse kallar vi for omsorgskattane og har så særskilde behov at rett heim aldri dukkar opp. Vi har no omlag åtte omsorgskattar som er toppen av år kapasitet per idag. Oda og Nasser er to av dei. Nasser er ein kastrert hannkatt på snart elleve år. Han vart dumpa på Øyrane i Førde då han var halvvaksen. Han er blitt mata dagleg med svært godt for, og har ikkje svolte, men opplevd mange kalde vintrar på Øyrane. Då han var åtte år, fann han vegen til Unn som hadde mata han i alle desse åra og etter to år med gradvis nærmare kontakt kom han inn i hus. Han fungert veldig godt i huset, men husets 3 hannkatter nekta og godta Nasser. Han var heldig og fekk verte gardskatt på Vie i Førde med eige hus, der det alltid er mat og varme. Han får dagleg besøk av Unn, som er den store stjerna, og han sit i timesvis og venter på at ho skal komme. Kjenner den gamle dieselbilen på mange hundre meters hald. Nasser er veldig forsiktig av seg og det er kun Unn som får handtere han, og ho kan bere han rundt. Når ho er ute og rir, springer han nesten i beina på hesten og vil opp. Nasser er ein katt som kan vere huskatt, han er reinsleg, men ikkje enkelt å finne heim til denne karen. Han er spesiell og er svært hardhent i sine kjærteikn, ikkje for pyser å ha denne karen på fanget. Klørne set tydelege merker gjennom alle bukser. På sommartid nyter han total frihet med mat og hus til fri bruk. Han er svært ønskt på garden der han er, og etterkvart tillet han at også andre får stryke han over ryggen. Han vert fora med kvalitetsfor, regelmessig behandla mot innvollsorm og flått. Han brukar dokasse i huset sitt, slik kan vi følgje med på korleis helsa hans er. No når vinteren er komt er dette ein svært tung, muskuløs og velfødd katt. Oda er også omsorgskatt Ho er tatt hand om frå Ospeteigen i Naustdal der ho var blitt mata ute av ein eldre mann, som også hadde handtert henne som bitte liten kattunge, då mora, som var sky hadde lagt den eine kattungen ved eit hus. Oda hadde gått ute i 2,5 år, då ho fekk komme til Unn. Ho er ein engstelig og veeeldig forsiktig katt, som gir seg heilt over når du får tak i henne. Då kan vi gjere kva vi vil med henne, ho overgir seg heilt. Oda vart kastrert og jobba med for å få seg ein heim. Dette viste seg å vere vanskeleg for dama tissa der ho fann det for godt og ingen vil ha ein ureinsleg katt. Oda likar seg på saueskinnet Så fekk Oda vere hos Unn, og budde ute og hadde varmehus og krype inn i når ho ville. No er ho ca tretten år og har aldri vore sjuk, er regelmessig behandla mot innvollsorm, og får kvalitetsfor. Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane - Kontonummer 3720 14 98210 - Organisasjonsnummer: 990 369 275

17 Og ho kjem når ho høyrer navnet sitt. Ho liker å ligge i kattehytta om vinteren, der ho kjem og går som ho vil. Saueskinn er god seng. Ho likar veldig godt å verte børsta og stelt, og aldri har vi sett slik pels. Lang, tjukk, blank og den flokar seg nesten ikkje. Om sommaren er ho vekke i dagesvis, berre innom for mat og påfyll med middel mot flått. Ho er forsiktig med andre katter, men husets hund er veldig god å stryke seg inntil. Omsorgskattar i Eikefjord I Eikefjorden har også Dyrebeskyttelsen omsorgskatter. Dei vert fora av ei svært dyreglad dame på over 90 år. Ein av kattene der er ein hannkatt som er inne om ettermiddagen og som tåler å verte tatt på av ho som mater. Dei har ei isoporkasse å søke ly, og der står alltid mat framme. Akkurat no er der 5 vaksne katter som er på matingstasjonen, men berre ein er kastrert. Kattane er ikkje ønskt der dei er, og dyrebeskyttelsen fanger inn så raskt ein har plass til dei på ein gard eller liknande plasser. Kattane er sky og er framme mest på kveldstid, og det vil vere nattarbeid å fange inn. Totalt har DB henta 17 katter frå denne plassen. Og så lenge bygdefolket ikkje tek ansvar for kattane sine, så vil der dukke opp nye katter som treng mat ved matingstasjonen. Ingen ønskt situasjon for nokon, men det er ikkje alt som er like enkelt å finne gode løysningar på. Ansvarleg kattehald. Dei mange kattesakene Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane kvart år har, visar at fleire enn vi maktar å tenke på, på eitt eller anna tidspunkt ikkje lenger ønsker å ha katten sin. Årsakar som allergi, flytting, familie-endringar, feriereiser, tidsknipe, osv, høyrer vi ofte. Nokre går berre lei av katten sin, spesielt om den ikkje er husrein, stadig havnar i slosskampar, eller produserar kattungar i fleng. I staden for å ordne opp i problema, er det mange som gir opp før dei har prøvd. Det finnst løysingar på alle utfordingane ein katt og eigaren møter. Dermed finnes ingen gode unnskyldningar for uansvarleg kattehald. Det er óg vårt ansvar å følgje opp hos dyrlege, og å gi kjæledyra våre ein verdig avslutning på livet, når den tid kjem. Ein bør stille seg sølv ein rekke kritiske spørsmål, når ein vurderer å skaffe seg katt. Har du tenkt over at ein katt kan leve svært lenge? Å ta vare på eit kjæledyr er ein livslang forpliktelse. Har du tid til ein katt? At katten er eit sjølvstendig vesen, betyr ikkje at den greier seg sjølv. Kven skal passe katten din når du er på ferie? Har du sjekka deg sjølv og dine næraste for allergi? Vil katten få den same sentrale rolla i ditt liv sjølv om du endrar livssituasjon? (flytting, familie-endringar, jobb, skule osv). Har du råd til å ha ein katt? Ein ansvarleg katteeigar kastrerar katten sin, uansett kjønn. ID-merkar og vaksinerar den, og gir den makkakur minst 4 gangar årleg. Blir katten sjuk eller skadar seg, er det nødvendig Vakre Helle. Ein av kattane som måtte kjempe for både sitt eige og kattungane sine liv i sommar. Den eine kattungen måtte dessverre gje tapt. Helle og kattungen Helmer fikk komme i hus, og Helle vart i tillegg omsorgsfull fostermor for tre morlause kattungar Halgrim, Sigrid og Solan. Alle har no fått gode heimar, og lev lykkelige katteliv hos sine nye familiar. Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane - Kontonummer 3720 14 98210 - Organisasjonsnummer: 990 369 275

18 med ekstra veterinærbesøk. Vil du halde katten din innandørs om natta? Bur du traffikksikkert? Vil du gi skikkelig fôr til katten din? Alle medlemmar i Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane, får 10 % rabatt på Hills kattemat, og 15 % rabatt på sand og utstyr, hos Våpenloftet i Førde. Vi jobbar alltid for å finne dei beste heimane til våre firbeinte venner. Mange av kattene vi omplasserar har vært gjennom store traumer både fysisk og psykisk, derfor står katten og dens nye heim så sterkt i fokus hos oss. Før vi omplasserar kattar til nye, varige heimar, treng vi å vite alt som er relevant i høve kattehald og haldningar til vedkommande som vil overta kattar frå Dyrebeskyttelsen. Har du spørsmål om kattehald, ta kontakt for ein hyggeleg katteprat. Fóring av katt -Katten; Ikkje ein liten hund Hanne Kristensen, veterinær i Florø Katten er, i motsetnad til hunden, ein rein kjøtetar. Tarmen til ein katt er kort og kompakt, og spesiallaga for å fordøye kjøt. I all god kattemat må det være kjøtprotein av god kvalitet og i rikelige mengder. Katten er og avhengig av ei aminosyre som heiter Taurin, som berre finst i kjøt. Mykje av den rimelige kattematen inneheld protein av dårlig kvalitet. Det betyr at katten må ete meir av eit slikt fôr for å verte mett, og for å få i seg nok protein. Fôr av god kvalitet kostar meir i innkjøp, men katten treng ikkje ete like mykje av det for å verte mett. Eit kvalitetsfôr kostar difor ikkje meir i dagsforbruk enn eit billigfôr. Tørrfôr bør oppbevarast i ein lukka behaldar, porsjonerast ut etter katten sin vekt, og ikkje stå fremme i ei skål heile dagen. Dersom tørrfôr vert ståande vil det ganske snart miste ein del smak og næringsinnhald, og katten vi ikkje ha det. Katter er vanedyr. Dei vil ete det same kvar dag, og det er vi som katteeigarar som må sørge for at katten får gode matvanar. Får dei boksemat vil dei ofte vrake tørrfôret. Kattemat på boks er dyrt, feitande og gjer at katten vert kresen på anna fôr. Det klistrar seg på tennene, og er med på å danne plagsam, illeluktande og skadelig tannstein. Skal ein gje boksemat bør det være som tillegg til tørrfôret, og ikkje omvendt. Boksematen må og innehelde kjøtprotein av god kvalitet. Mange katter er glade i fisk, men fisk bør ikkje utgjere hovuddelen av det katten eter. Utan nok kjøt vil katten rett og slett få mangelsjukdommar. Mjølk og kattemjølk kan fungere som godteri for katten, men det er ikkje nødvendig og skal ikkje utgjere hovuddelen av det katten drikker. Mange katter får diaré av mjølk. Eit godt tørrfôr i rett mengde, og fri tilgang på friskt vatn er det beste for katten. Med godt fôr vil katten din få ein blank, fin pels som røyter mindre, få eit sterkt immunforsvar og ikkje minst føle seg mett og nøgd. Husk ormekur minst tre gangar i året, så fôrer du katten og ikkje ormen.

19 Innvollsorm hos katt Ingjerd Bøkenes Innvollsorm er svært vanlig hos katt, og de fleste katter får innvollsorm en eller flere ganger i løpet av livet. I Norge finner vi stort sett bare to typer innvollsorm hos katt spolorm og bendelorm. Den blodsugende hakeormen er heldigvis meget sjelden. Sammenlignet med hunder er katter spesielt utsatt for smitte på grunn av deres sterke jaktinstinkt. Voksne katter får i seg smitten ved å spise smågnagere og fugler (såkalte mellomverter).som har bendelorm og/eller spolormlarver i indre organer. Kattunger kan bli smittet med spolorm ved kontakt med kattemorens avføring eller direkte via morsmelken. Larver fra egg vandrer fra tarmen, ut i bukhulen og når til slutt lungene. Herfra hostes de opp, svelges og kommer tilbake til tarmen hvor de så utvikles til voksne spolorm som produserer egg. Katter med innvollsorm skiller periodevis ut store mengder egg i avføringen. Disse kan ikke sees med det blotte øye. Enkelte voksne katter kan ha moderate mengder innvollsorm uten å vise synlige tegn på smitte. Noen ganger kan man imidlertid se spolorm i kattens oppkast, eller små ledd av bendelorm rundt endetarmsåpningen. Andre tegn på at katten kan være smittet med innvollsorm er: Avmagring kombinert med god matlyst Diaré Hoste og brekninger Utspilt buk Glansløs pels Innvollsorm kan påvirke kattens immunforsvar og gjøre den mer mottagelig for andre sykdommer. Dette gjelder spesielt kattunger som i utgangspunktet har liten motstandskraft og som ofte utsettes for et stort smittepress. Kattens innvollsormer er normalt ikke farlige for voksne mennesker, men hos barn som spiser jord forurenset med spolormegg, kan vandrende larver forårsake alvorlige skader. Så for å hindre smitte mellom katter og fra katt til menneske, bør man behandle alle katter mot innvollsorm etter et veloverveid program: Kattunger behandles første gang i 3. leveuke Deretter gis ormekur hver 14. dag fram til 10-12 ukers alder Kattemoren behandles samtidig for å unngå nysmitte Deretter behandles kattungen hver 4. uke fram til 6 måneders alder Ungkatter behandles hver 3. måned fram til 1 1 2 års alder Voksne katter behandles 2-4 ganger årlig (avhengig av smittepress) Ormekur til katt er ikkje lenger reseptfritt. Du må kontakte veterinær din for å få resept og ormekur skal ikkje lenger gis forebyggande. Preparatene er tilgjengelige både i form av pasta (velegnet til små kattunger) og tabletter. Ikke alle ormekurer har virkning både mot spolorm og bendelorm, så be om råd på apoteket eller hos veterinæren. Nylig har det kommet et ormemiddel på markedet som ikke skal gis via kattens munn. Det er en såkalt påflekkingsvæske som dryppes på kattens hud en velsignelse for alle de fortvilte katteeiere som ikke greier å gi tabletter til katten sin.

20 Andre saker Pinnsvinet Piggsvein I september blei det tatt hand om ein pinnsvinunge i Florø og vi blei spurt om å hjelpe. Til tross for at eg ikkje hadde tidlegare erfaring med pinnsvin tok eg sjansen. Internett, foreininga "Pinnsvinets venner, Bergen" og "Pinnsvinhjelpa" blei nytta. Piggsvein var nedkjølt, dehydrert og full av flått då han kom til meg i Svelgen. Han var kun 245 gram. Vi plukka flått og pakka han inn i høy med varmeflaska ved sida av seg. Boligen hans var no eit stort kaninbur på verandaen vår. Matlysta tok seg fort opp og han drakk ei skål vatn kvar dag. Maten bestod av kattemat på boks, tørrfor for kattungar, kokte egg, hvetekli og frukt. Tre dagar etter han kom hit var vekta 272 gram, auga blanke og fine og snuta fuktig. No var det tid for ormekur og avlopping. Etter samråd med Pinnsvinhjelpen blei det gitt Panacur og Frontline. Kvar dag måtte buret reingjeras og han blei då samtidig satt på vekta. Piggsvein vokste fort,blei kvikk og nysgjerrig. To månader etter han kom hit, blei han sett tilbake i naturen i samme området som han vart funne. Bolet han hadde laga seg i kaninburet plasserte vi godt under ei rot. Piggsvein pila fort inn i bolet sitt da vi satte han ned. Snudde seg og kikka ut på oss, kanskje sa han takk for hjelpa? Folk i nærheita av bolet held auge med han og fortsette å legge ut mat til han.ei erfaring rikarere og kjekke minne tek eg med meg vidare. Kronerulling for Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane! På tampen av 2011 fekk vi ein e-post heilt utanom det vanlige. Høyangerjenta Ann-Christin Norevik ønskte å starte kronerulling for Dyrebeskyttelsen, slik at vi står betre rusta til å hjelpe dyr i naud. Det var nesten som vi måtte klype oss sjølve i armane, for å skjøne at dette var sant. Men jenta meinte alvor, og drog i gang alt frå A til Å. Øvst på ønskelista står eit mottak for dyr, ein stad der spesielt heimlause kattar raskt får plass. Med ein slik innsamling er vi nærare eit dyremottak enn nokon gong. Mange ønskjer å hjelpe dyr, men tidsklemma er ofte eit hinder. Er du ein av dei, kan du hjelpe ved å sette inn pengar på kontonummer 3720.15.61788. Vil du lese meir om kronerullinga? Gå inn på heimesida vår www.dyrebeskyttelsen-sfj.no eller denne facebooksida http://www.facebook.com/events/180900358675863/ Det er verkeleg prisverdig at du tek eit slikt initiativ, Ann-Christin. På dyras vegner er vi deg svært takknemlige!

21 Born og ungdom Maidag på åpen gard i Jølster Søndag den 22 mai 2011 arrangerte Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane åpen gard for barnefamiliar hos styremedlem Nina Erichsen i Årdal i Jølster. Vermeldingane for dagen var mørke og vi frykta både folk og dyr hadde fått med seg dette. Kanskje fekk vi 50 skulebollar heilt for oss sjølve og kanskje kunne dyra berre snu seg i halmen og sove vidare til langt ut på dag? Regnet reiste heldigvis ein annan veg og fleire barnefamiliar kom jevnt og trutt til gards. Sauene med lamba, kaninane og hestane fekk uvanleg mykje besøk denne dagen og såg ut til å trivast godt med det. Blant ungane var ponniriding det aller mest populære. Dei to ponniane, Ross og King, var tolmodige og tok mange tuslerunder med glade barn på ryggen. På gardens rundtur kunne ein også bryne seg på quiz. Spørsmål om dyr var hengt opp på forskjellige stader: Har myggen tenner? Kor mange kull i året kan ei hokatt få?. Bettina sin nybakte skulebollar med saft eller kaffi gjorde godt for både store og små magar. Små premiar i form av dyrisk - armband og pins vart delt ut. I løpet av dagen kom veterinær Karin Johnsen innom og heldt eit foredrag bl.a. om betydningen av kastrering og ID-merking av kattar. Litt påfyll av kunnskap kjem godt med vidare. Vi heldt det gåande frå kl 12 til 15 og heilt til slutt var det høve for barna å vere med på flaskemating av lamb. Vi har i mange år hatt eit ynskje om å arrrangere noko for barn og unge, men på grunn av tid og ressursar har brannsløkkingsarbeid gått føre alt anna. Derfor er vi glad for at vi endelig fekk gjennomført denne dagen og håpar på gjentaking til neste år. Frifond Det offentlege har ein støtteordning, Frifond, der dei yter økonomisk bidrag til aktivitetar og tiltak som inkluderer barn og ungdom i norske frivillige organisasjonar. Dette er midler som det må søkes om og vi søker via Dyrebesskyttelsen Norge. Vi ser det som viktig at barn og ungdom kan vere aktive i vår organisasjon og denne støtteordninga gjer det mogleg. Vi håper flest mogleg vil delta på slike aktivitetar og ber alle som det passer for om å ta kontakt med oss. Vi set og stor pris på om våre medlemmer har forslag til aktivitetar som passer for barn og ungdom, ta kontakt om du har ein ide.