MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung Olsnes, sekretær Saker til styremøtet: Sak 08/13: Referat og meldingar Sak 09/13: Samjaktavtaler for 2013 Sak 10/13: Transport i jakta Sak 11/13: Trekking av årets reinsdyrkort Sak 12/13: Eventuelt Me stadfestar med dette at møteboka er i samsvar med det som vart bestemt under møtet: Dorthe Huitfeldt/s/ Halvor Fehn /s/ Jarle Nordjordet/s/ Tor Aaage Dale/s/ Marit Jordtveit/s/ Rauland Fjellstyre Åmotvegen 8 3890 Vinje Telefon: 902 13 655 - E-post: rauland@fjellstyrene.no Bankkonto: 2620 27 01336
Sak 08/13: Referat og meldingar 1/13: Frå NFS: Kontingent for 2012 2/13: Inatur: Melding om prisendring 3/13: Frå Villreinutvalet: Invitasjon vårmøte 4/13: Frå HG: HG nytt 5/13: Frå Brønnøysundreg: Melding om endring av registeropplysingar 6/13: Frå Vinje kommune: Melding om vedtak, fullmakt til RF 7/13: Frå Villreinnemda: Kvotevedtak 2013 8/13: Frå Vinje kommune: Møtebok Berunuten vest Gjennomgang ved sekretær Styret tek orienteringa til vitande Sak 09/13: Samjaktavtaler for 2013 Fjellstyret har hatt samjaktavtaler med Rauland Jeger og Fiska og Berunuten Vest dei seinare åra. Berunuten Vest gjorde vedtak om å forlenge avtala frå i fjor med små endringar. Dei ynskte samjakt fom 2 september sidan dette fell på ein måndag. Dei ynskte og at samjaktavtala skulle vere gratis for dei som måtte ynskje dette. I 2012 var det ei ordning der dei som ville jakte måtte betale 200 kr for å nytte ordninga. Samjaktsordninga med Berunuten har fungera bra og det har ikkje kome negative tilbakemeldingar. Sakshandsamar ser det som positivt at styret for Berunuten no ynskjer å fortsetje med ordninga utan vederlag. Dette er administrativt arbeidsamt og har ikkje den store tydinga økonomisk. Fjellstyra på vestvidda har i mange år streva med låge fellingsprosentar. Dei har i år gjort store grep med fredingssoner for å freiste å få gjort noko med dette. Det har vore mange diskusjonar i styret for FH as omkring dette temaet. Her har og
spørsmål om samjaktavtaler austover kome fram. Rauland statsallmenning er liten og har ikkje plass til veldig mange jegerar. Ein kan likevel sjå for seg at det kan vere føremålsteneleg å sleppe til nokre få jegerar frå allmenningane som er hardast råka av dårleg felling. Sakhandsamar vil derfor tilrå at det som ei prøveordning for 2013 vert gjeve løyve for 3 jegerar med kort frå Ullensvang statsallmenning og 3 jegerar med kort frå Eidfjord statsallmenning til jakt i RS. Dette løyvet skal gjelde fom 2 september og ut jakta, men berre på vekedagar og ikkje laurdag og sundag. Det vert opp til dei aktuelle fjellstyra sjølve og administrere overgangsløyva. Rauland Fjellstyre ynskjer å vidareføre samjaktavtala med Rauland Jeger og Fisk. Rauland Fjellstyre ynskjer å vidareføre samjaktavtala med Berunuten vest som skissera i deira vedtak. Dvs fom 2 september og utan vederlag. Rauland Fjellstyre ynskjer å tilby Eidfjord og Ullensvang SA 3 overgangsløyver kvar som gjeld fom 2 september og ut jakta. Desse løyva kan berre nyttast i vekedagar fom måndag tom fredag. Det vert opp til fjellstyra sjølve å administrere desse. Sekretær får fullmakt til å skrive avtalene med dei aktuelle partane i samråd med leiar. Diskusjon om ulike samjaktordningar. Avtala med jeger og fisk er eigentleg ikkje naudsynt lengre. Dette fordi alle allmenningsberettiga kan få jakte på RS mot å betale 200,-. Jeger og Fisk har sine eigne reglar for kven som skal få jakte der. Fjellstyret er samd i vedtaket som er gjort av Vinje kommune, Berunuten vest. Diskusjon om å tilby jakt til andre allmenningar. Det vert peika på at RS er liten og det vert stort jakttrykk i periodar. Dersom ein avgrensar tilgangen til vekedagar bør det kunne prøvast eit år med nokre få jegerar frå andre fjellstyre. Det er viktig å kunne bidra litt for å gje fleire tilbod om god jakt. Dette kan snu seg og det kan vere aktuelt for Raulandsjegerar å reise andre stader på eit seinare tidspunkt. Alle allmenningsberettiga kan ta med seg kort frå andre vald på HV mot å betale kr 200,-. Alle kort må vere underteikna av avgjevande vald og Fjellstyret. Rauland Fjellstyre ynskjer å vidareføre samjaktavtala med Berunuten vest som skissera i deira vedtak. Dvs fom 2 september og utan vederlag. Rauland Fjellstyre ynskjer å tilby Eidfjord og Ullensvang SA 2 overgangsløyver kvar som gjeld fom 2 september og ut jakta. Desse løyva kan berre nyttast i vekedagar fom måndag tom torsdag. Det vert opp til fjellstyra sjølve å
administrere desse. Det skal betalast 400,- kr pr kort. Dette krevjast inn av det aktuelle fjellstyret og betalast ut til Rauland Fjellstyre ved jaktslutt. Sekretær får fullmakt til å skrive avtalene med dei aktuelle partane i samråd med leiar. Sak 10/13: Transport i jakta Brev frå Fjellfly as Viser til vedlagte brev. Diskusjon om transportvilkåra i dag. Er det ynskjeleg med fortsat sjøfly? Gjennomgang ved sekretær. Kort diskusjon om temaet. Styret tek orienteringa til vitande Sak 11/13: Trekking av kort Søkarlister Søknadslista vart gått gjennom og sjekka. Sekretær informerar om dei som har fått avslag på søknaden. Trekkinga vart gjennomført ved hjelp av eit dataprogram som tilfeldig plukkar tal. Trekkinga vart gjort med alle fjellstyremedlemene til stades samt sekretær. Det var to fyrstegongsjegarar under 18 år som ikkje fekk kort i den ordinære trekkinga. Desse fekk kvar sitt kalvekort. Trekkingslista vert lagt ut på våre internettsider og det skal annonserast i Vest Telemark Blad om dette. Det skal ikkje sendast ut brev til alle i år. Dette for di det er svært kostnadskrevjande for fjellstyret.
Styret godkjenner årets trekking av reinsdyrkort. Trekkingslista samt jegerinfo leggast ut på heimesida. Det skal ikkje sendast ut brev til alle om trekkingsresultat i år pga store kostnadar med dette. Utdeling av jaktkort vert i år på Raulandshuset fredag 9 august kl 1800-2000. Sekretær rykkjer inn annonse om trekkingsresultat og utdelingstidspukt i Vest Telemark Blad. Sak 12/13: Eventuelt Det kom fram forslag om å kjøpe inn ein telefon til Fjellstyret som kan nyttast i samband med jakta. Dette for å lette informasjonsflyten til brukarane. Mellom anna gjeld dette dei som treng underskrifter, løyve til bruk av fly mm. Leiar kan då ha denne telefonen og vidarekople til dei andre for å dele på dette arbeidet under jakta. Sekretær ordnar eit billig abonement og telefon til bruk for fjellstyremedlemene under jakta.