Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: 21.05.2013 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Apotekar Dominique Viki/ Konsulent Berit Widding Ombygging kontorareal ved Sjukehusapoteket i Bergen Styresak 33/13 (B) Styremøte 31.05.2013 Forslag til vedtak Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.
Oppsummering Avdeling for farmasøytiske tenester (AFT) ved Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) disponerer i dag 4 kontorplasser i Føretaksadministrasjonen sine lokalar i Møllendalsbakken 9. Etter utvidingar i Føretaksadministrasjonen, treng Føretaksadministrasjonen no disse kontorplassane sjølve. Samstundes er det eit behov i SiB om å gje dei tilsette i AFT tilfredsstillande arbeidstilhøve, og få personalet i avdelinga samla under same tak. Ombygging av kontorlokala ved SiB ligg i budsjett for 2013 med kr. 1 mill, og kalkulert kostnad for ombygginga gjort av Helse Bergen er satt stil kr. 850.000,-. Administrasjonen innstiller grunna dette på ombygging av kontorlokala ved SiB, slik at SiB kan samle sine ressursar i AFT og slik at Føretaksadministrasjonen får nødvendig kontorplass i dagens lokalar. Fakta Frå Sjukehusapoteka Vest inngjekk leigeavtale for Føretaksadministrasjonen i Møllendalsbakken 9, 4. etasje i 2005, har at Avdeling for farmasøytiske tenester (AFT) ved Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) disponert kontorplasser i lokalet, og disponerer i dag 4 kontorplasser (2 kontorar) her. Føretaksleiinga har dei seinaste åra teke over / sentralisert administrative oppgåver frå apoteka, og gjennom dette vekse. Føretaksleiinga treng grunna dette disse kontorplassane sjølve. Av omsyn til arbeidsmiljøet og effektiv utnytting av personalressursar AFT er det samstundes eit ønske frå SiB å samle alle rådgjevande farmasøytar under same tak. Det vil gi ei betre tilknyting til fag og miljø og ei sterkare organisatorisk tilknyting. Kontorareala ved SiB er ikkje stort nok til å kunne utvidast med kontorplassar slik dei er utforma i dag. Det er prøvd å bedra utnyttinga av arealet ved å planlegge for ei ommøblering, men dette gjer ikkje ønska auke av talet på arbeidsplassar. For å kunne imøtekomme samla ønske om å flytte farmasøytane som i dag har kontorplass i Møllendalsbakken inn i SiB sine lokalar i «Verkstedbygget» er det difor behov for å bygge om dei eksisterande kontorlokala ved SiB. Arealet som skal inngå i ombygginga har i dag samla 15 arbeidsplasser, der 9 plassar er i kontorlandskap, og resten i cellekontor/ dobbeltkontor. Etter ombygging vil samla tal på kontorplassar aukast til 21, kor 6 arbeidsplassar fortsatt være fordelt på 5 kontor: Apotekar Avdelingsleiarar 2 cellekontor Økonomi og administrasjon 1 dobbeltkontor og 1 cellekontor Det nye kontorlandskapet vil være oppdelt i 3 mindre landskap med til saman 15 arbeidsplassar. Desse plassane skal disponerast slik: AFT 11 plasser SHE 2 plasser KLUT 1 plass Tillitsvalte 1 plass Ombygginga inneber at ein utnyttar tilgjengeleg areal meir effektivt ved å redusere på arealet som i dag brukast som korridor og såleis få inn fleire arbeidsplassar. Det er i forprosjekteringa teke omsyn til at det skal vere tilfredsstillande luftkvalitet, at det ikkje skal planleggjast for fleire arbeidsplassar enn det som er tilrådeleg og innanfor grensene som Arbeidstilsynet har utarbeidd. AFT har i dag 25 farmasøytar, men ikkje alle har like stort behov for kontorplass, og det er heller ikkje ofte at alle treng kontorplass samtidig. Samtidig kan det være en problemstilling at det er vanskelig med kontorplass når farmasøytane kjem inn for å gjere kontorarbeid. For
å sikre gode arbeidsforhold må bruken av plassane derfor planleggast, og få av plassane må være faste plassar. Økonomien i prosjektet er utarbeidd i samråd med Helse Bergen, som og vil leie prosjektet. Arkitekten som har vore involvert i arbeidet var også engasjert ved førre ombygging og har såleis god kjennskap om tilhøva i kontorarealet. Helse Bergen har inngått rammeavtale med ein del leverandørar av varar og tenester, og det er dei som har gitt pris på dei ulike delane av arbeidet. Det er ikkje bedt om fast pris fordi det i følgje arkitekten og prosjektleiaren vil auke prisane betrakteleg. Dei ulike leverandørane har stipulert ein pris, og prosjektleiar og arkitekt finn at desse prisane er sannsynlege og innanfor kva ein kan forvente. Ei ombygging av kontorlokalet vil koste: Firma Type arbeid Priser eks. mva. Frøland & Noss Elektrikar kr 160 000,00 Abora Tømrararbeid kr 278 650,00 Møbler kr 42 500,00 Fana Blikk AS Ventilasjon kr 150 000,00 Rambøll AS VVS kr 20 000,00 Rammeavtale Helse Bergen Malerflikk kr 30 000,00 Rammeavtale Helse Bergen Gulvflikk kr 30 000,00 Teikningar og Arkitekt Bjørn Gjerde utforming kr 30 000,00 Prosjektkontor Helse Bergen Prosjektleiing kr 30 000,00 Uventa 10 % kr 77 000,00 Til saman kr 848 150,00 Det er i budsjettert for 1 mill. i ombyggingskostnader for kontorlokalar ved SiB i 2013, og ei ombygging vil venteleg ta 3-4 veker og kan starte i byrjinga på siste kvartal 2013. Konklusjon Det er eit aukande behov for kontorarbeidsplassar i Føretaksleiinga, samstundes som det er eit behov i SiB å gje dei tilsette i AFT tilfredsstillande arbeidstilhøve, og få personalet i avdelinga samla under same taket. Samla vil tilrettelegging for dette gje gode arbeidsvilkår for alle. Administrasjonen innstiller grunna dette på ombygging av kontorlokala ved SiB. Vedlegg: Vedlegg 1 Teikningar av eksisterande disponering av arealet og bruk etter ombygging.