Samfunnsutvikling Til den måtte gjelde DOKUMENTASJONSKRAV VED SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK ETTER 20-1 Herøy kommune har utarbeidd eit dokument med skildring av kva for krav vi stiller til ein søknad til Herøy kommune. Vi har gjort dette arbeidet for å korte ned saksbehandlingstid og samtidig gjøre søknadsprosessen smidigare og vi håper at brukarar av dokumentet ser nytten av det. Dette dokumentet er meint som ein rettleiing for utfylling av søknad og kva ein søknad skal innehalde. Rettleiaren er ikkje uttømmande, men viser eit minstekrav til ein søknad. I kvart enkelt søknadspliktig tiltak må vurderast om det kan være krav til ytterligare dokumentasjon/vedlegg. Alle vedlegg/dokument skal grupperast slik som angitt i søknadsskjema i rubrikken beskrivelse av vedlegg og tydelig merkes A 1, A 2, B 1, B 2 osv. Behovet for dokumentasjon vil variere ut frå tiltakets art. Alle dokument og vedlegg skal være separerte filer og vedlegg merket med A 1-x Opplysningar om tiltakets ytre rammer, B 1-x - Dispensasjon, C 1-x, ----- D 1-x ----- osv. Dersom det holdast førehåndskonferanse kan spesielle dokumentasjonskravet avtales nærmare. Ein del tiltak kan utføres av tiltakshavar sjølv utan krav om ansvar og kontroll, sjå pbl 20 4. I så fall trengs ikkje dokumentasjon som nemnt i del 1, gruppe F og i del 2 nedanfor. Søknadsblankettar finnes på Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sine nettsider: http://www.dibk.no/no/byggeregler/byggesoknader/byggesaksblanketter/
Alle søknader/skjema sendast til postmottak@heroy.kommune.no eller det kan brukast elektronisk søknad. Ved innsending av søknad/vedlegg pr. e-post: o Er det ein ny søknad merkast det med gnr. og bnr. og tiltakshavar. o Er det tillegg til allereie innsendt søknad merkast det med saksnr. (td. 2017/.)
SØKNAD OM EITTRINNSSØKNAD/ RAMMELØYVE SKJEMA (GRUPPE A) o Søknadsskjema Byggblankett 5174 og 5175 utførlig utfylt overalt kor det er aktuelt og relevant, datert og signert av tiltakshavar og ansvarlig søker. Det skal være krysset av for riktig sakstype. (For søknad om tiltak utan ansvarsrett nyttas byggblankett 5153). DISPENSASJONAR (GRUPPE B) o Søknad om dispensasjon(er) skal merkast særskilt og det må komme klart fram kva typar plan, lov og regelverk (både på søknadsskjema og nabovarsel) ein søkjer dispensasjon i frå. o Følgebrev til søknad om dispensasjon med nærmare grunngjeving for kvifor omsynet bak regelen som fråvikas, ikkje vert vesentlig tilsidesett og kvifor fordelane er klart større enn ulempene, jf. Plan- og bygningslova kap. 19. NABOVARSEL, NABOPROTESTER (GRUPPE C) o Gjenpart av nabovarselskjema (Byggblankett 5155) utfylt, datert og signert av ansvarlig søker eller tiltakshavar o Naboprotester og merknader o Søkar må gjere greie for korleis nabomerknadane er handsama og om de er tatt omsyn til. KART, SITUASJONSPLAN OL. (GRUPPE D) o Krav til teikningsmateriell tilpassast tiltakets art. Det er viktig med målsetting på teikningar. o Situasjonskart må vise tiltaket sin plassering og det må være målsatt til veg, nabogrense, andre bygningar og det må vise koteplassering på lågaste golv. Det må også vise plassering og utforming/stigningsforhold av avkøyrsle og parkering. TEIKNINGAR (GRUPPE E) o Planteikningar over alle aktuelle plan/etasjar i byggetiltaket o Snitt teikningar o Fasadeteikningar. o Ved tilbygg skal det merkast tydelig kva som nytt tiltak. o Terrengsnitt, som syner nytt tiltak opp mot eksisterande bygg/nabobygg
ANDRE OPPLYSNINGAR/SKILDRING/FØLGEBREV SOM ER RELEVANT FOR BYGGESAKA(GRUPPE F) o Godkjent avløpsordning/utsleppsløyve(eigen søknad til Herøy kommune, skjema ligger på Herøy kommune sine sider; Avløpssøknad o Godkjent vasstilknyting. o Godkjent avkøyrsle, skjema ligger på Herøy kommune sine sider: avkøyrsle o Eventuelt vegtilkomst/vegrett/andre avtaler. EVENTUELT: o Følgebrev som beskriver tiltaket. o Korleis krav til universell utforming og tilgjengelegheit er ivareteke. o Miljøforhold trafikkstøy, grunnforhold, rasfare, flomfare o Eventuell fråsegn for byggeavstand nærmare eigedomsgrense enn fastsatt i pbl 29 4. o Opplysningar om eventuell privatrettslige forhold. ERKLÆRING OM ANSVARSRETT/GJENNOMFØRINGSPLAN (GRUPPE G) Ved to trinns søknad o Erklæring om ansvarsrett frå involverte føretak (Byggblankett 5181) o Oppdatert gjennomføringsplan, datert. (Byggblankett 5185) Husk å sette riktig tiltaksklasse. Ved eit trinnssøknad o Erklæring om ansvarsrett frå involverte føretak (Byggblankett 5181) o Oppdatert gjennomføringsplan, datert. (Byggblankett 5185) Husk å sette riktig tiltaksklasse. o Arbeid innanfor gitte fagområder kan ikkje starte før erklæring og oppdatert gjennomføringsplan er sendt til Herøy kommune. BOLIGSPESIFIKASJON GAB (GRUPPE H) o Komplett utfylt (Blankett 5176) FORHOLDET TIL ANDRE MYNDIGHETER (GRUPPE I) o Gi opp kva for andre myndigheter tiltaket er avklart i forhold til. Aktuelle myndigheter er oppgitt i SAK 10 6 2. Legg ved kopi av eventuelle merknadar.
2. SØKNAD OM IGANGSETTING SKJEMA: o Søknad om igangsettingsløyve (Byggblankett 5151) utførlig utfylt overalt der det er aktuelt og relevant i forhold til tiltaket, datert og signert o Erklæring om ansvarsrett frå kvart føretak (Byggblankett 5181) o Ajourført gjennomføringsplan med oppgåve over samsvarserklæringar frå ansvarlig prosjekterande. DOKUMENTASJON SOM SKAL FØRELIGGE I TILTAKET. o Se SAK10 5 5 dokumentasjon som skal ligge føre i tiltaket. o Husk: Avfallsplan i utfylt stand signert av utførande/søker og tiltakshavar (bare ved tiltak over 300 m² bruksareal, riving/rehabilitering over 100 m², eller dersom total avfallsmengde er over 10 tonn, jf. TEK 10 9 6). Evt. miljøsaneringsrapport ved rive og rehabiliteringsarbeider, jf. TEK 10 9 7. DERSOM DET BLIR ENDRINGAR AV FØRETAK ETTER GITT RAMMELØYVE o Pbl 23-8 og Sak 12-6 beskriver prosess for dette og det er ansvarlig søkjar som har ansvar for at dette blir gjennomført på riktig måte. o Erklæring om ansvarsrett frå kvart føretak o Ajourført gjennomføringsplan med oppgåve over samsvarserklæringar frå ansvarlig Prosjekterande o Blankett 5183 og 5186 fyllast ut og sendast inn. o Det må komme klart fram grensesnitt mellom inngåande og utgåande føretak. REVIDERTE TEIKNINGAR/ ELLER ANDRE ENDRINGAR ETTER GITT LØYVE. o Ved søknadspliktige endringar i forhold til godkjent tiltak i rammeløyve må det søkast om endring. Bruk Byggblankett 5168 Søknad om endring av løyve med tilhørande vedlegg. o Nye teikningar dersom endringar sidan rammeløyve. o Dersom endringar vedkjem naboar skal nabovarsling vurderast på nytt.
3. SÆRSKILTE SØKNADSTYPER SPESIELT FOR BRUKSENDRINGAR o Ved bruksendringar må det gjerast vurderingar for endringas verknad for trafikkforhold, parkering, kor mange arbeidsplasser, miljø og nabokonsekvensar, nye installasjonar ol. jf. tek 17. o Ajourførte, målsette teikningar som viser tiltaket før og no. o Eventuelle fotografiar eller tilsvarande. o Dersom det ikkje skal foretas ombygging: Ansvarlig prosjekterande har ansvar for at lokala er tilfredsstillande i forhold til den nye bruk, for eks brannsikring, tilkomst/røming, ventilasjon m.m. o Ansvarlig søker må i søknad ta stilling til risikoklasser, brannklasser, tiltaksklasser m.m. SPESIELT FOR SKILT OG LIKNANDE. Teikningar og kart/planer o Kart som viser plassering av skiltet/tiltaket. o Illustrasjon, ved fasadeteikning eller fotomontasje, som viser skiltets plassering og utforming på fasaden. Illustrasjonen skal vise hele fasaden. o Eksisterande teikningar av fasaden eller foto. Dokumentasjonen skal vise hele fasaden. o Illustrasjon som viser natteffekt ved belysning av skilt. o Detaljskildring av skiltet (Størrelse, belysning, material, farger, etc ). Skriftlige skildring i følgebrev eller vedlegg: o Søknadsskjema, nabovarsel (dersom det er krav om dette), ansvarsretter og gjennomføringsplan o Tiltakets bakgrunn, innehald og forutsetningar o Kopi av nødvendig løyve frå annen myndighet, vegmyndighet etter veglovens 33 og/eller naturvernmyndigheter etter naturvernlovens 15.