Sakshandsamar, innvalstelefon Kjell Kvingedal, 5557 2312 Vår dato 03.03.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/1719 462.1 Dykkar referanse Voss kommune Postboks 145 5701 Voss Rapport frå revisjon i Voss kommune 5. februar 2016 Rapportnummer: 2016.004.R.FMHO Kontaktpersonar ved revisjonen: Frå verksemda: Gunnar Bergo Frå Fylkesmannen i Hordaland: Eric Backer-Røed Resultata frå revisjonen Denne rapporten omhandlar avvik som vart presentert for Voss kommune under sluttmøtet 5. februar 2016. Avvik 1 Voss kommune har ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å dokumentere om konsentrasjonen av forureining i lufta overstig grenseverdiane. Avvik 2 Voss kommune informerer ikkje innbyggarane om inversjonsperiodar med høg luftforureining. Voss kommune må sende en skriftlig plan innan 1. juni 2016 om korleis kommunen skal rette avvika. Oppfølginga etter revisjonen er nærare omtala på side 3. Med helsing Kjell Kvingedal miljøvernsjef Eric Backer-Røed senioringeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
1. Informasjon om verksemda Namn: Voss kommune Besøksadresse: Uttrågata 9 Postadresse: Boks 145, 5701 Voss E-post: postmottak@voss.kommune.no Telefon: 56 51 94 00 Kommune: Voss Organisasjonsnr.: 974 781 468 2. Omfanget av revisjonen Rapporten er utarbeidd etter ein revisjon i Voss kommune 5. februar 2016. Tema for revisjonen var kommunen som forureiningsstyresmakt for lokal luftkvalitet. Rapporten skildrar avvik og merknader som vart funne under tilsynet. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet i kommunen. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn som Miljødirektoratet gjennomfører i 2016. Voss kommune sa seg villig til å være med på eit prøvetilsyn før den landsomfattande aksjonen startar. Tema for tilsynet tar utgangspunkt i krav som vert sett til kommunen som forvaltar av regelverket for lokal luftkvalitet, jf. 48 a om tilsyn med kommunane innafor kapittel 10 A i kommuneloven om statleg tilsyn med kommunesektoren. Tema for tilsynet. Tilsynet skal syne korleis kommunen sikrar at krava i forureiningsforskrifta kapittel 7 vert følgd opp. Følgjande tema vert omfatta av aksjonen: 1. Kommunen sin kjennskap til luftforureiningssituasjonen - kva kjelder som påverkar luftkvaliteten - målinger og anna kartlegging 2. Tiltak som kan setjast inn for å betre luftkvaliteten - tiltaksutgreiingar - samordning mellom anleggseigarar - bruk av myndigheit for å sikre gjennomføring av tiltak 3. Informasjon og varsling - oppdatert informasjon om luftkvaliteten til publikum, eventuelle data og rapporter - varsling ved høg luftforureining eller brot på alarmterskler Formålet med revisjonen var å vurdere om kommunen har en tilfredsstillande styring med aktiviteter og utstyr som har tyding luftkvaliteten. Fylkesmannen har undersøkt om; kommunen sin organisering er hensiktsmessig og dekkjande aktiviteter vert utført slik som omtalt og uttalt 2
kommunen når sine mål og driver verksemda innafor dei rammene som myndigheitene har satt Revisjonen vart gjennomført ved; å granske dokumenter å intervjue sentralt plasserte personer i organisasjonen å verifisere at rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgd opp i praksis Definisjonar Avvik: brot på krav fastsatt i eller i medhald av helse-, miljø- og tryggleikslovgivinga Merknad: eit forhold som miljøvernstyresmaktene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 3. Oppfølging etter revisjonen Voss kommune plikter snarast å rette opp avvika som er gjort greie for i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må kommunen innan 1. juni 2016 sende ein skriftlig tilbakemelding som syner korleis avvika skal rettast. 4. Offentlegheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere offentleg via vår postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentlegheitslova. 5. Avvik Vi fant følgjande avvik under revisjonen: Avvik 1 Voss kommune har ikkje tilstrekkelig kunnskap til å dokumentere om konsentrasjonen av forureining i lufta overstiger grenseverdiane Avvik frå: 7-6 i forureiningsforskrifta, jf. 48 i forureiningslova Kommentarar: Voss kommune må ha oversikt over forureiningsnivået for å kunne fastslå om ein må gjennomføre sentrale plikter som oppdatert informasjon til ålmenta og krav til utgreiing og gjennomføring av tiltak. Voss opplever inversjon i kalde vinterperiodar noko som kan gje høge konsentrasjonar av NO2 og svevestøv frå biltrafikk og vedfyring. Dette har ført til at Norsk institutt for luftforskning (NILU) på oppdrag frå kommunen har gjennomført tidsavgrensa målingar i 1991, 1998 og 2005. Målingane i 2005 synte fleire overskridingar på svevestøv utan at det vart sett i verk ytterlegare tiltak. Grenseverdiane for svevestøv er sidan 2005 skjerpa fleire gongar seinast 1. januar 2016. Vangstunnelen som leiar gjennomgangstrafikk utanom Voss sentrum vart opna i desember 2013 og trafikkteljingar i sentrum viser om lag 30 prosent redusert trafikk og ein annen 3
samansetning av kjøretøy enn tidlegare. Voss kommune er eit regionalt trafikknutepunkt, og lokal luftkvalitet er tema i kommuneplanen, i klima og energiplanen og i pågåande arbeid med sentrumsplanen med tema fortetting. Voss kommune fastsette 1. januar 2003 lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar. Dei gjev tilskot til utskifting av oljefyr og eldre vedomnar. Kommunen har ikkje tatt målinger for å dokumentere effekten av ny tunnel i samarbeid med Statens vegvesen som er anleggseigar. Avvik 2 Voss kommune informerer ikkje innbyggarane om inversjonsperiodar med høg luftforureining. Avvik frå: 7-11 i forureiningsforskrifta Kommentarar: Kommunen plikter å sørge for oppdatert informasjon om luftkvalitet som skal være tilgjengelig for publikum på internett eller i andre media. Dei informerer gjennom brosjyrar om bilkjøring, piggdekk og vedfyring. Det er ikkje etablert varslingsrutinar ved inversjon. Kommunen har mottatt klager på luftkvaliteten frå publikum der kommunelegen har vore kopla inn. 6. Gjennomføring Revisjonen omfatta følgjande: Telefonisk formøte 15. januar 2016 for å planlegge revisjonen Opningsmøte 5. februar 2016 og informasjon frå Fylkesmannen om gjennomføringa av revisjonen Intervju 5. februar 2016 o 2 personar ble intervjua Avsluttande oppsummering med presentasjon av resultata i møte 5. februar 2016 I vedlegg 1 har vi satt opp ein oversikt over deltakarane på revisjonen. 7. Dokumentunderlag Dokumentunderlaget for revisjonen var: forureiningslova forureiningsforskrifta kapittel 7 korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen kommunen sin eigen dokumentasjon knytt til temaet I vedlegg 2 har vi satt opp ei liste over dokument som var viktige som dokumentunderlag for revisjonen. 4
VEDLEGG 1 Deltakarar ved Fylkesmannen sin revisjon i Voss kommune 5. februar 2016 I tabellen under har vi satt opp ei oversikt over funksjonane til dei personene som deltok under formøtet, opningsmøtet og det avsluttande møtet. Intervjua er også med i tabellen. Namn Funksjon Formøte Opnings- Intervju Sluttmøte møte Einar Hauge rådmann X X X Gunnar Bergo plan- og miljøvernsjef X X X X Fylkesmannen sin revisjonsgruppe: Kjell Kvingedal, revisjonsleiar Eric Backer-Røed, revisor Observatørar frå Miljødirektoratet: Britt Endre Stian Bergeland 5
VEDLEGG 2 Dokumentunderlag for revisjon i Voss kommune 5. februar 2016 Nedanfor har vi sett opp ei liste over dokument som var særleg viktige som dokumentunderlag for revisjonen, og som går utover lover og forskrifter. Målingar av NO2 og PM10 ved Uttrågata på Vossevangen vinteren 2005, NILU juni 2005 Forskrift om open brenning av avfall i småomnar, fastsatt av Voss kommunestyre 28. november 2002 6