Design som trøystar Svale kan bety å gjere mildare, lindre, trøyste. Som ein svalande vind på ein varm sommardag, ei mjuk lindring i lengt og sakn, slik vil vi at våre monument skal vere varige, vakre, spesielle og sjeldne. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface.
Svale Minneskåp i eik Elisabeth Nossen Les om Elisabeth på svale.no Tid skal sette spor, slik tenkte Elisabeth Nossen då ho forma Minneskåp i eik, eit vakkert gravminne som endrar karakter over tid. Tre liggande eikestokkar i norsk kjerneved skapar eit monumentalt uttrykk. Midt i minnet, bak ei innfelt namneplate i stein ligg eit hemmeleg rom, kledd i speglblankt, rustfritt stål. Rommet er låst frå baksida og skjult for utanforståande, men lett tilgjengeleg for dei som kjenner til det. Rommet kan etter ønske forgyllast i bladgull. Mål og tekniske opplysningar s. 14
Svale Morild Elisabeth Nossen Les om Elisabeth på svale.no Gjennomlyset gjer Morild til eit heilt spesielt gravminne. Morild er ein massiv stein med stram design. Øverst er det ei gjennomgåande opning med plass til laminert, farga eller herda glas med dekor. Tekst kan settast på glaset, steinen eller begge deler. Mål og tekniske opplysningar s. 14
Svale Seraf Melanie Rydoff Les om Melanie på svale.no Seraf betyr engel. Som ei blank søyle står monumentet og vernar omkring namn, blomster og lys. Melanie Rydoff lagar design som berører. Seraf er handlaga i massivt støypt glas, enkel i form, avansert som handverk og vakker som gjenstand. Mål og tekniske opplysningar s. 14
Svale Lumina laminert og farga glas 11 Ståle Almenning Les om Ståle på svale.no Fargar, dekor, bilde, gjennomlys. Lumina er eit fleksibelt gravminne. Luminakonseptet består av klart, laminert eller gjennomfarga glas, eller herda glas med dekor. Glaset er omramma og forankra i polert, rustfritt stål. Lumina gjev høve til å velje mellom mange fargar, frå kraftige til duse, frå tette til transparente. Mål og tekniske opplysningar s. 15
Svale Lumina med dekor Scandinavian Surface Les om Scandinavian Surface på svale.no 13 Vakker dekor og personleg uttrykk. Velg ein dekor frå Scandinavian Surface, eller lag ein design som ingen andre har. Herda glas med dekor er ein teknikk som gjev fullstendig fridom i forhold til bilde, tekstmengde og opasitet. Scandinavian Surface har designa to mønster for Svale Lumina. Dekoren har fleire fargevariantar, og kan tilpassast ulike storleikar. Mål og tekniske opplysningar s.15 Med Svale Lumina i herda glas kan du skape eit gravminne med personleg uttrykk. Vi hjelper deg med å sette saman tekst og bilde etter dine ønske. Greiner 1 Greiner 2 Greiner 3 Kvistar 1 Kvistar 2 Kvistar 3 Greiner 4 Greiner 5 Greiner 6 Kvistar 4 Kvistar 5 Kvistar 6
Svale 15 Produktoversikt minneskåp i eik Gravminne i tre, med deler i stål og stein og sokkel i stein. Elisabeth Nossen 75 cm høgt 60 cm breidt 20 cm djupt Tremonument i kjerneved av eik. Monumentet er samansett av tre solide stokkar som er samankobla med fire skjulte gjennomgåande fjørbelasta stålstenger. Innvendig rom i rustfritt stål som kan beleggast med bladgull etter ønske. Stålet held namneplata på plass, og hindrar vatn i å trenge inn i rommet. Namneplate og sokkel i svart eller grå granitt. Namneplata er 20X20 cm. Minneskåpet er forankra med to 15 cm lange stålstenger. morild Gravminne i stein og glas. Elisabeth Nossen 60 cm høgt 23 cm breidt 10 cm djupt Opninga er 17X17 cm. Morild blir levert i matt polert granitt eller mørk grå flammebehandla granitt. Laminerte glasplater gjev stort høve til valfri bruk av tekst, fargar og bilete. Morild er forankra med to 15 cm lange stålstenger. Seraf Gravminne i støypt glas. Melanie Rydoff 60 cm høgt 23 cm breidt 10 cm djupt Vase til blomster og lykt for gravlys er ein del av forma, og monumentet er ufullstendig utan eit av desse elementa på plass. Difor er begge deler med som standard, og utan tillegg i pris. All tekst blir plassert på innsida av forma, og det er enkelt å føre på fleire namn og datoar seinare. Seraf er forankra i ein tilhøyrande sokkel i betong. lumina Gravminne i klart og gjennomfarga glas. Ståle Almenning Lumina blir levert i fire breidder: 40, 50, 60 og 75 cm. Høgda kan variere frå 40 til 150 cm. Gjennomfarga glas blir levert i sot, lyst blått og lyst grønt. Laminert glas har eit stort utval i fargar. Svale fører som standard tett kvit, transparent lys blå, djup blå, raud og sot. Tekst blir gravert inn i glaset og deretter lakka. Våre standardfargar på tekst er svart, kvit, sølv og gull. Det er også mogleg å montere stålbokstavar på glaset. Glaset er montert i ei omramming i polert, rustfritt stål, forankra i eit stabilt fundament i rustfritt stål. Lumina med dekor av Scandinavian Surface Gravminne i herda glas med dekor. Scandinavian Surface Lumina blir levert i fire breidder: 40, 50, 60 og 75 cm. Høgda kan variere frå 40 til 150 cm. Dekoren blir påført på baksida av det herda glaset. Dekoren frå Scandinavian Surface har to motiv med tilsaman 12 variantar. Motiva varierer mellom tette og transparente fargar. Tekst kan integrerast i dekoren. Om ekstra namnepåføring er ønskeleg kan skrifta graverast og lakkast på utsida. Det er også mogleg å montere stålbokstavar på glaset. Glaset er montert i ei omramming i polert, rustfritt stål, forankra i eit stabilt fundament i rustfritt stål. Lumina med personleg dekor Gravminne i herda glas med dekor. Ståle Almenning Lumina blir levert i fire breidder: 40, 50, 60 og 75 cm. Høgda kan variere frå 40 til 150 cm. Herda glas med dekor gjev stor fridom til bruk av bilde og fri tekstmengde. Svale kan bistå med utforming av ein personleg design. Tekst kan integrerast i dekoren. Om ekstra namnepåføring er ønskeleg kan skrifta graverast og lakkast på utsida. Det er også mogleg å montere stålbokstavar på glaset. Glaset er montert i ei omramming i polert, rustfritt stål, forankra i eit stabilt fundament i rustfritt stål.
tlf: +47 4000 4377 e-post: post@svale.no N-6823 Sandane, Norge www.svale.no