Valprogram 2015-2019. Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle.



Like dokumenter
EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

EIDFJORD SENTERPARTI VALPROGRAM

Til veljarane i Tysnes

Hemsedal KRF Program

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Program for Masfjorden Venstre

Ål Venstre. Ål Venstre

Program for. Sykkylven Venstre

Valprogram SENTERPARTIET !

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Politisk program for Jølster KrF

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Ei god framtid for alle!

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Ulvik Arbeiderparti Program

ETNE VENSTRE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Program for Bømlo Venstre

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Program OSTERØY HØGRE

Utkast til program Meland Høgre 2015

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

PARTIPROGRAM Vi vil behalde Fyresdal som eigen kommune også i framtida. Vil du?

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Kommunevalet Hol Senterparti

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Program Årdal AP

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Arbeidsprogram

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

GULEN ArbeidArparti

Program for. Årdal Venstre

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD, ULLENSVANG HERAD OG ULVIK HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

framtida. På lag med Tysvær Venstre

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Program for

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Kommunedelplan for oppvekst

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

SULDAL HØGRE PROGRAM FOR KOMMUNEVALET Trygge lokalsamfunn - Kvalitet i omsorg - Kunnskap i skulen - Muligheter for alle

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

SOGN driftig raus ekte

i Ullensvang Med aktivitet og busetnad i heile Ullensvang

Program NAUSTDAL HØGRE

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

Luster KrF. Politisk program for

Frivilligpolitisk plattform

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

LINDÅS. Framtida i fokus

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Vågsøy Arbeidarparti Program

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Transkript:

EIDFJORD SENTERPARTI Valprogram 2015-2019 Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle. Valprogrammet vil vera ei rettesnor for arbeidet vårt i kommunestyret.

Grunnsyn Senterpartiet sitt verdigrunnlag handlar om å byggja samfunnet nedanfrå. Gjennom lokalt folkestyre, desentralisering av makt, kapital og busetjing vil me ta heile landet i bruk. Gode lokalmiljø i bygd og by er prega av trivsel, samarbeid og skaparevne. Med bakgrunn i dette verdisynet, meiner Eidfjord Senterparti at innbyggjarane si stemme må høyrast, og at ei eventuell kommunesamanslåing må skje frivillig.

Eidfjord ein god bukommune Eidfjord senterparti vil at Eidfjord framleis skal vera ein attraktiv bukommune for alle. Me vil tilby gode barnehagetenester, SFO, skule, helsetenester og eldreomsorg til alle. Dette vil me gjera i gode og tenlege lokale. Me vil leggja til rette for eit levande og variert organisasjonsliv, og ta vare på og vidareutvikla dei positive kvalitetane i bygdene våre. Eidfjord Senterparti er opptekne av å skapa vekst og auka folketalet i kommunen. Bustadbygging Marknadsføra bustadtomter og gode oppvekstmiljø Sikra nok areal til bustadfelt Vera positiv til spreidd bustadbygging der tilhøva ligg til rette Sikra nok eldrebustadar, ungdoms- og fyrstegongsbustadar Vidareføra tilskotsordningar for nye heilårsbustadar

Næringsutvikling Me vil ta heile Eidfjord i bruk Eidfjord kommune treng eit variert, levedyktig og konkurransedyktig næringsliv. Senterpartiet vil leggja til rette og vera ein pådrivar for eit aktivt næringsliv. Å ta vare på noverande arbeidsplassar er like viktig som å skapa nye. Kommunen skal vera ein god tilretteleggjar for personar med gode idear, og sikra ein god og rask planprosess Sikra tilstrekkeleg næringsareal og marknadsføra desse Framleis satsa på reiseliv og næringar knytt til reiselivet, og stimulera til heilårsdrift Støtta etablering av handverksbedrifter, for å møta etterspurnad i samband med framtidige utbyggingar Stimulera sentrale bedrifter til å etablera avdelingar i Eidfjord, der høgt utdanna kan få arbeid Jordbruk skal framleis vera ein viktig næringsveg. Me vil gje støtte til omstilling og bruksutbygging i næringa Arbeida for lokal avdeling av Hardanger næringshage Arbeida vidare med tettstadutvikling Arbeida for å vidareutvikla Hardangervidda Natursenter Eidfjord Støtta Statkraft sine planar om tilleggsutbyggingar Arbeida for framleis å behalda ein bemanna bensinstasjon i Eidfjord Vera opne for landbasert fiskeoppdrett i Simadal Kommunen som arbeidsplass Det er viktig at kommunen er ein attraktiv arbeidsplass for å behalda og rekruttera nye arbeidstakarar. Me vil framleis at kommunen skal ha ein god seniorpolitikk Personalpolitikken skal stilla krav og visa omsorg for den enkelte Stimulera til etter- og vidareutdanning

Samferdsel Eit godt utbygd vegnett er avgjerande for busetnad og næringsliv i kommunen. No når Hardangerbrua er ferdig, må me arbeida for å få på plass tunnelar over Hardangervidda. Før tunnelane er på plass, må me arbeida for å få meir ressursar for å halda god vinterregularitet. Samhandla breidt for å realisera Hardangerviddatunnelen Arbeida for trygge skulevegar Samhandla med fylkeskommunen og staten for bygging av gang- og sykkelvegar langs riks- og fylkesveg Gjera det me kan for at samanhengande gangog sykkelveg er på plass mellom Eidfjord og Øvre Eidfjord innan utgangen av valperioden Arbeida for at staten sikrar gang- og sykkelvegen i Måbødalen Fullføra Nasjonal Turistveg ved Vøringsfossen Arbeida for tenlege kollektivtilbod Arbeida aktivt for rassikring av Rv7 og Simadalsvegen

Barn, ungdom og utdanning Barn og unge må få veksa opp i eit trygt, stabilt og utviklande oppvekstmiljø. Barnehage- og SFO skal ha høg kvalitet og tilby plassar om sommaren til sesongarbeidskraft Me ynskjer eit aktivt ungdomsråd Stimulera og motivera ungdom til gründerkultur ved å gje opplæring i bedriftsetablering og entreprenørskap i grunnskulen Stimulera ungdom til å velja yrkesfag, og næringslivet til å ta imot lærlingar Støtta studiesenteret for vidareutdanning/ høgskulestudie i kommunen Oppretthalda gratis kulturskule Framleis dekka ungdomskortet og dei stipendordningar me har i dag Gode møteplassar for ungdom Vidareføra varm skulemat til ein rimeleg pris

Helse og sosial Samhandlingsreforma krev framleis auka innsats frå kommunane, med sterk fokus på førebyggjande helsearbeid. Enkelte tiltak skal me ta oss av sjølve, men ein del tenester er det naturleg og best å samarbeida med nabokommunane om. Dette må til for å sikra gode levekår, og er viktig for trivsel og tryggleik. Tiltak som skapar trivsel, fellesskap og aktivitet for alle interesse- og aldersgrupper er viktig å stø opp om. Oppretthalda tilbodet innan pleie- og omsorgstenesta, og sikra at dei som ynskjer å bu heime får den hjelpa dei treng så lenge det er mogleg I byggjeperioden for ny sjukeheim skal kommunen ha spesielt fokus på heimebaserte tenester til dei som treng det. Oppgradera ambulansestasjonen Arbeida for å få attende lokal tannhelseteneste Halda fram tilbod om trening i terapibassenget Samhandla med nabokommunane om førebyggjande arbeid mot rus og innan psykiatri Miljø og samfunnsansvar Støtta tiltak for å sikra villaksen Senterpartiet er positive til utbygging av mikroog minikraftverk Stimulera til rydding av småskog langs vegar i samarbeid med grunneigarar og Statens vegvesen Oppfylla tiltak i klimaplanen, med til dømes gradvis overgang til el-bilar

Trivsel, kultur og friluftsliv Med auka satsing på turisme og næringsliv i kommunen vår, er det viktig at kulturlivet blir ein sentral del av satsinga. Me har mange tradisjonar og verdiar som det er viktig å ta vare på, og desse må lærast vidare til nye generasjonar. Me vil òg at Eidfjord kommune skal vera med på nyskaping og trendsetjing, det er difor viktig å ta til seg nye impulsar og trendar. Støtta det lokale kulturlivet i grendene Gje driftsstøtte til lag og organisasjonar I samarbeid med Destinasjon Eidfjord stimulera til samarbeid om auka bruk av Eidfjordhallen, Samfunnshuset og Eidfjord kulturhus Stimulera til vidareutvikling av båthamna Arbeida for betre mobildekning på Hardangervidda Byggja på Eidfjordhallen for å utvida styrketreningsrommet Arbeida for at Sæbø skule skal vera ein sosial møtestad Oppgradera kultur- og turstiar i tråd med sti og løypeplan Kommunen skal vera ein støttespelar ved store arrangement Oppretthalda støtte til Sysendalen Skisenter Vidareføra arbeidet med triveleg sentrumsområde Vidareutvikla badeplassen på Kråkeskarvet

Samarbeid Me i Senterpartiet vil leggja stor vekt på samarbeid partia i mellom, og vil støtta gode tiltak som kan fremja trivsel og vekst i Eidfjord kommune. Eidfjord Senterparti vil samhandla med andre parti, fylkeskommune, stat og interessegrupper for å oppnå dei beste tenestene for innbyggjarar og næringsliv i Eidfjord. Me vil ha god kontakt med partiet sine representantar i fylkestinget og på Stortinget. Senterpartiet har lagt vekt på å rekruttera kandidatar frå heile kommunen. Me har ei god blanding av erfarne og ferske politikarar med på lista vår. Dei representerer ulike yrkesgrupper, og har god spreiing i alder og interesser. Vil du at Anved Johan Tveit skal fortsetja som ordførar, og samstundes få inn våre andre gode kandidatar i kommunestyret? Stem Senterpartiet!

Eidfjord Senterparti si liste ved kommunevalet: 1. Anved Johan Tveit, (1955) - Eidfjord 2. Arne O. Bu, (1978) - Eidfjord 3. Monica Hagen Hereid, (1974) - Bu, 4. Eirin Sandstå, (1986) Eidfjord 5. Ole-Jonny Odland, (1984) Eidfjord 6. Laila Langeland Hereid, (1968) Øvre Eidfjord 7. Lars Kristian Eidnes, (1952) - Eidfjord 8. Øyvind Riber, (1953) - Eidfjord 9. Gunnvor Hopen Veka, (1954) - Eidfjord 10. Asle Øydvin, (1965) - Eidfjord 11. Tom Karsten Garen, (1964) - Vøringsfoss 12. Nina Eiken, (1986) - Eidfjord 13. Harald Myklathun, (1962) - Øvre Eidfjord 14. Anders Vatle, (1982) - Eidfjord 15. Arne G. Bu, (1960) - Bu 16. Arild Garen Svardal, (1984) - Eidfjord 17. Beathe Melkeråen, (1971) - Øvre Eidfjord 18. Anders Vaksdal, (1950) - Vøringsfoss 19. Trude Varberg, (1990) - Eidfjord 20. Leiv Henry Sæbø, (1951) - Øvre Eidfjord 21. Iselin Kleiveland Fiskå, (1989) - Eidfjord 22. Geir Olmod Sæbø, (1966) - Øvre Eidfjord 23. Sigrid Bu, (1943) - Eidfjord Godt val!