GISKE KOMMUNE RETTLEIAR VED URO Korleis førebygge og handtere radikalisering og valdeleg ekstremisme
Innhaldsliste KVA GJER EG VED URO? Om rettleiaren... 5 Førebygging og tidleg innsats... 6 Informasjonsplikt - Teieplikt - Samtykke: Plikt til å avverje lovbrot...8 Definisjonar og sentrale omgrep...10 Moglege teikn...12 Korleis gå fram når du er uroleg...16 Trinn i handtering av uro for privatpersonar...18 Trinn i handtering av uro for tilsette i førstelinjetenesta...20 Moglege risiko- og tryggingsfaktorar...22 Moglege tiltak...24 Lokal rettleiar er utvikla i samarbeid med Ålesund kommune og Møre og Romsdal politidistrikt Grafisk design: Hustrykkeriet, Ålesund kommune Utgitt våren 2016 2 3
Om rettleiaren Regjeringa ønskjer ein brei innsats for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme, og alle kommunar er oppmoda av regjeringa om å lage eigne lokale rettleiarar. Det kan vere ulike grunnar til at personar vert radikaliserte og er villige til å ty til vald for synspunkta sine. Det er nødvendig med tidleg innsats frå ei rekkje aktørar for å auke utsiktene til å lykkast i det førebyggand arbeidet. Rådmannen og politiet oppmodar offentleg tilsette og sivilsamfunnet elles til å gjere seg kjende med innhaldet i denne rettleiaren. Rettleiaren teiknar ei handlingsløype frå uro til handling. Han inneheld kunnskap om teikn, om risikofaktorar og beskyttande faktorar, om kva ein gjer når uro oppstår og kva slags tiltak som kan settast i verk. Rettleiaren skal vere eit verktøy for å førebygge all form for valdeleg ekstremisme, anten det er politisk og/eller religiøs motivert ekstremisme og er retta inn mot både barn, unge og vaksne. I første omgang er rettleiaren retta mot tilsette i førstelinjetenesta som NAV, skule, fritidsklubbar, barnevern, helseog sosialapparatet m.m. Men han er også retta mot sivilsamfunnet elles. Det kan vere føresette, andre familiemedlemmer, vener, naboar, kollegaer og/eller nokon i foreiningar, kyrkjelydar/ forsamlingar eller fritidsarenaer som er uroa over aukande grad av radikalisering hos ein ungdom/ vaksen. 4 5
Førebygging og tidleg innsats er viktig å bygge arbeidet med D å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme på dei same grunnprinsippa som generell førebygging av kriminalitet Ein inkluderande kommune der alle har høve til å delta ut frå eigne ressursar og interesser vil verke førebyggande både på sosial utstøyting, marginalisering og kriminalitet. Barn, unge og vaksne som opplever å bli sette, høyrde og møtte kvar dag i eit inkluderande miljø der dei opplever tilhøyrsle og eigenverdi, vil stå godt rusta i møte med ulike utfordringar i livsløpet. Tidleg innsats krev kunnskap om risikofaktorar og kunnskap om teikn på radikalisering. Ved å gripe inn tidleg i ein radikaliseringsprosess vil ein kunne auke utsiktene til å lykkast med å snu ei uheldig utvikling. Det er viktig at det førebyggande arbeidet blir gjort på ein måte som ikkje bidrar til stigmatisering og generalisering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, religion eller sosioøkonomisk status. Radikalisering er ein dynamisk og ikkje føreseieleg prosess, der mange faktorar speler saman. 6 7
Informasjonsplikt - Teieplikt - Samtykke: Plikt til å avverje lovbrot Dersom du er offentleg tilsett, gjeld same lovverk for samarbeid som i alle andre saker der fleire samarbeidspartnarar er involverte. Det må takast omsyn til lovverket for kvar enkel teneste ved deling og lagring av informasjon. Reglar for sensitive personopplysningar kan vere relevante. Ein person si politiske og/eller religiøse oppfatning er å sjå på som ei sensitiv personopplysning, jamfør personopplysningslova 2. Eit samarbeid bør bygge på anonymisering eller eit samtykke. Hugs at som offentleg tilsett har du plikt til å avverje alvorlege lovbrot (som terror, drap, landssvik, eldspåsetjing, seksuelle overgrep, ran og vald i nære relasjonar) som går framom lovgivinga om teieplikt. Sjå meir om avverjingsplikta og aktuell paragraf i blå boks på neste side. Dersom du er privatperson, er du ikkje bunden av same regelverk i forhold til teieplikt og innhenting av samtykke. AVVERGELSEPLIKT - STRAFFELOVEN 196 Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes den som unnlater gjennom anmeldelse eller på annen måte å søke å avverge en straffbar handling eller følgene av den, på et tidspunkt da dette fortsatt er mulig og det fremstår som sikkert eller mest sannsynlig at handlingen er eller vil bli begått. Avvergingsplikten gjelder uten hensyn til taushetsplikt. 8 9
Definisjonar og sentrale omgrep Kva betyr radikalisering, valdeleg ekstremisme og radikaliseringsprosess? RADIKAL. Det er viktig å skilje mellom radikalisering og det å vere radikal! Omgrepet radikal vert brukt om det som er omveltande og ytterleggåande. Radikale haldningar og handlingar kan gjere seg gjeldande både innanfor politikk, religion, etikk, kunst og kultur og så vidare. Det er ikkje ulovleg å vere radikal. Ofte vert omgrepet brukt med eit positivt ladd forteikn. Store endringar i samfunnet er oppnådde på grunn av at radikale personar har drive fram ei sak eller endring. Her kan ein nemne eksempelvis Mahatma Gandhi, Martin Luther King, Nelson Mandela og Gloria Steinem. RADIKALISERING er ein prosess der ein person eller ei gruppe i aukande grad aksepterer bruk av vald som verkemiddel for å nå politiske, ideologiske eller religiøse mål, og der valdeleg ekstremisme kan bli ei følgje. Radikaliseringsprosessar kan variere frå person til person og frå gruppe til gruppe, og kan skje innan alle typar livssyn, kulturell bakgrunn og politiske retningar. Prosessen kan skje gradvis over lengre eller kortare tid, men også oppstå som ei akutt endring hos ein person. VALDELEG EKSTREMISME betyr i denne kontekst aktiviteten til personar og grupperingar som er villige til å bruke vald for å nå dei politiske, ideologiske eller religiøse måla sine. Den valdelege ekstremismen kan vere relatert til høgreekstremisme, venstreekstremisme, ekstrem islamisme m.m. Ekstremisme betyr her at ein berre aksepterer eigne meiningar og/eller meiner det er legitimt å ty til vald for å få gjennomslag for meiningane sine (politiske mål). Nokre forstår ekstremisme som ekstreme meiningar, meiningar som skil seg veldig mykje frå fleirtalet sine. Demokratisk sett er det likevel viktig å skilje skarpt ved legitimering av vald. HATKRIMINALITET er straffbare handlingar som heilt eller delvis er motiverte av negative haldningar til ein person, eller gruppe av personar, på bakgrunn av deira faktiske eller oppfattande etnisitet, religion, seksuelle orientering, kjønnsuttrykk eller nedsette funksjonsevne. Valdeleg ekstremisme er den mest ytterleg- gåande forma for hatkriminalitet. NETTEKSTREMISME er å fremje ekstreme ideologiar og ytringar på internett, som kan rammast av straffelova 185. Personar som fremjar ekstreme synspunkt på internett finn lett støtte for sine oppfatningar. Informasjonen vert spreidd hurtig og det kan vere 10 11 vanskeleg å skilje mellom potensielle truslar og personar som utfordrar grensene for ytringsfridomen. UTANFORSKAP, eller sosial eksklusjon, kan forståast som individuelle og strukturelle mekanismar eller barrierar for deltaking på ulike arenaer. Ulikskap i helse, utfordringar med rus, psykiske lidingar, låg deltaking i fritidsaktivitetar, prestasjonspress, ulikskap i økonomi, samt ulike moglegheiter for å følgje utdanningsløp og skaffe seg jobb, er eksempel på forhold som kan føre til utanforskap. AVRADIKALISERING er ein prosess som under gitte føresetnader kan føre til at ein person i mindre grad aksepterer bruk av vald for å nå politiske, ideologiske og religiøse mål.
Moglege teikn Intensjonar og motivasjon for radikalis ntensjonar og motivasjon for radikalisering og ekstremisme er ofte samansette. Enkelte ønskjer å provosere, utfordre og få merksemd for eigen del og for ei aktuell sak. Andre søkjer godtaking, vennskap, sosiale nettverk og identitet. For mange ungdomar er søking etter tryggleik, støtte, spenning og samhald viktige drivkrefter. For nokre er dette ungdomsopprør og ein reaksjon på krig, overgrep, undertrykking eller fattigdom. Andre igjen ønskjer å vise engasjement og støtte. I mange tilfelle er det også eit stort press eller motivasjon og påverknad frå transnasjonale familieliv og nettverk. Det finst ingen fasit i førebyggande arbeid. Det er snakk om samansett motivasjon og fleire moglege teikn som gir grunn til uro. Mange av teikna er dei same som ein ser i samband med såkalla utanforskap. ering og ekstremisme 12 13
TEIKN SOM GIR GRUNN TIL URO UTTALELSER ELLER YTRINGER Intoleranse for andre sine synspunkt Fiendebilde: Vi og dei Konspirasjonsteoriar Hatretorikk Sympati for absolutte løysingar som eksempelvis avskaffing av demokrati Legitimerer vald Truslar om bruk av vald for å nå politiske, ideologiske eller religiøse mål INTERESSER/UTSJÅNAD/SYMBOLBRUK Appellerer til og søkjer etter ekstremistisk materiale på internett Endrar utsjånad, klesdrakt m.m. Nyttar symbol som er knytte til ekstremistiske ideal og organisasjonar Sluttar på skulen eller med fritidsaktivitetar m.m. AKTIVITETAR Opptatt av ekstremisme på internett og sosiale medium Deltek på demonstrasjonar og valdelege samanstøytar med andre grupper Bruker truslar og vald som følgje av ekstremisme Hatkriminalitet Reiseverksemd som fører til auka radikalisering og kontakt med ekstremistar VENER OG SOSIALE NETTVERK Endrar nettverk og omgangskrins Held lag med personar og grupper som er kjende for ekstremisme Held lag med grupper der det vert brukt truslar, vald og/eller anna kriminell verksemd 14 Medlem i ekstremistiske grupper, nettverk og organisasjonar 15
Forslag til trinn i håndtering av en bekymring: Korleis gå fram når du er uroleg for at ein person står i fare for å bli radikalisert? Tidleg innsats er eit mål innanfor det førebyggande arbeidet med barn og unge. Vi ser at dette også er viktig innanfor denne gruppa. Dersom du er uroleg for at ein person er i ein radikaliseringsprosess, er det ei rekkje ressursar og instansar du kan støtte deg til i kommunen, og hos lokalt politi. Trinn i handtering av ei uro for privatpersonar Er du privatperson og er uroleg for aukande grad av radikalisering hos ein ven, ein nabo, ein kollega, eit barn, ein forelder, annan familiemedlem, nokre i di foreining, kyrkjelyd/forsamling eller i fritidsarena kan du gjere følgjande: 1. Ta uroa på alvor Gjer klart for deg sjølv kva du er uroleg for og tenk gjennom kva du treng for å redusere di eiga uro. Ta ansvar for uroa di. 2. Rådfør deg med fagfolk Rådfør deg med politi/alarmtelefonen, eller andre fagfolk ved framleis uro. Du kan velje å vere anonym. 16 17
Trinn i handtering av ei uro for tilsette i førstelinjetenesta Tilsette som er urolege skal vurdere moglege teikn eller grunnlag for uroa. Ta ansvar for di uro! 1.Drøft uroa med din nærmaste leiar og kollegaer, og/eller med eksterne som har relevant kompetanse. Vurder om det er behov for å ta ein nærmare samtale med den uroa gjeld. Avtal eventuelt når og kvar dialogen skal gå føre seg og kven som i tilfelle skal gjere det. Slike drøftingar må skje innanfor gjeldande reglar om teieplikt. 2. Gå i dialog med personen. Ved framleis uro etter samtalen skal du drøfte han med politi og/ eller barnevern, og så ta stilling til om ei uromelding snarast skal sendast til politi og/eller barnevern. Til hjelp i dialogen kan du bruke rettleiaren på www.regjering.no. Han gir tips om samtaleverktøy. 3. Oppfølging: Klargjer kven eller kva for instans som er ansvarleg for den vidare koordineringa og oppfølginga. Lag ein plan for å jobbe heilskapleg der relevante tverrfaglege ressursar vert inkluderte i vidare oppfølging. Ein tilrår å inkludere føresette i arbeidet. Alvorleg uro skal meldast til politi, Politiets tryggingsteneste (PST) og/eller barnevern. Telefonnummer til aktuelle instansar finst på baksida av rettleiaren. 18 19
Moglege risiko- og tryggleiksfaktorar Personlege faktorer Familiefaktorar RISIKOFAKTORER Marginalisert/diskriminert Manglar tilhøyrsle/søkjer tilhøyrsle Skulerelaterte problem Psykiske problem Manglar kunnskap Traumatiske opplevingar Søkjande etter svar Individuell sårbarheit Ser på seg sjølv som offer Påverknad av transnasjonalt familieliv og nettverk Dårleg samspel i familien Foreldre som slit i foreldrerolla Sosiale problem i familien Psykiske problem i familien Rusmisbruk Fattigdom eller arbeidsløyse Vald eller annan omsorgssvikt Ekstreme sympatiar hos vener, familie eller slekt TRYGGANDE FAKTORER Reflektert ungdom Skuleflink Hobbyar eller aktiv i idrett Meistringskjensle Robust Oppleving av meining Sjølvkjensle Livskvalitet God helse Ressurssterk familie Høg sosioøkonomisk status Støttande foreldre God kommunikasjon Sosiale faktorar Motivasjonsfaktorar Ideologiske og kulturelle faktorar Låg sosial status Manglar tilhøyrsle/søkjer tilhøyrsle Marginalisert ungdom Opplevd diskriminering Negativ påverknad av vener Liten/inga deltaking i sosiale felleskap Arbeidsledig Livsstil som omfattar kriminalitet Utrygt lokalområde Behov for fellesskap Godkjenning Spenning Vern Ekstremistiske forbilde Føler at eigen religion, kultur, land, nasjon m.m. er under angrep Føler seg utanfor samfunnet Politisk debatt - kulturell identitet Misnøye med sosial og økonomisk urettferd Legitimering og rettferdiggjering av vald for å nå mål Sympati for absolutte løysingar som avskaffing av demokrati Konspirasjonsteoriar Polariserande fiendebilde Positiv påverknad av vener Er i arbeid Går på skulen Prososiale vener Deltaking i storsamfunnet Deltaking i organiserte eller/ og uorganiserte aktivitetar Gode nettverk Deltar i storsamfunnet Deltar i aktivitetar Gode vener og forbilde Mål og interesser Forståing for demokrati, valfridom, toleranse og respekt for mangfald Kritisk til kjelder og informasjon 20 21
Moglege tiltak Godt tverretatleg og tverrfagleg samarbeid er ein føresetnad for å lykkast i det førebyggande arbeidet. Samarbeid og fordeling av ansvar for oppfølging av ulike oppgåver må på plass i alle lokalsamfunn. Dette gjeld både internt i kommunen og i den enkelte verksemda, og internt i politiet og mellom politi, kommune og privat/ frivillig sektor, lag og foreiningar. Heile samfunnet må mobiliserast og aktiverast der dei har eit ansvar. Det kan nyttast ei rekkje metodar, tiltak og tenester innanfor ulike sektorar. Det er summen av dei førebyggande innsatsane mot kriminalitet, hatkriminalitet og valdeleg ekstremisme som gir resultat. Utvida ressursteam og andre tverretatlege grupper for elevar i skulen er ein god metode der ulike representantar møtest, blant anna frå skule, fritidsklubb, helsesøster, barnevern, PPT og politi. I desse teama kan uro for kriminalitet og uro for radikalisering meldast inn og tiltak kan setjast i verk. Dialog som metode er bra for å førebygge valdeleg ekstremisme: Metoden vert nytta også i anna kriminalitetsførebyggande arbeid blant barn og unge i kommune og politi. Dialog gir gode relasjonar, forståing og respekt, som igjen sikrar god førebygging, endring og tryggleik - utan ekstremisme. Urosamtalen er mykje nytta av politiet i arbeidet med unge lovbrytarar. Urosamtalen blir også, i ei vidareutvikla utgåve (kalla avklaringssamtale), nytta i arbeidet med å førebygge valdeleg ekstremisme. Politiet kan gjennomføre samtalane åleine, i samarbeid med kommunen og/ eller andre instansar. Mekling og forsoning Konfliktar og overgrep bør følgjast opp med mekling og forsoning mellom partane gjennom eksempelvis skulemekling, konfliktråd m.m. Foreldrerettleiing og nettverk kan etter behov etablerast lokalt, regionalt eller sentralt. Exit- og mentorprogram er per dags dato ikke aktive her i Møre og Romsdal politidistrikt. Politidirektoratet arbeider med å utvikle exit-strategiar. Radikaliseringskontakt finst i alle politidistrikt. På Sunnmøre er det lokale kontaktpersonar som kan hjelpe om det er uro rundt ein radikalisert person. Oppfølging av personar som har deltatt i kamphandlingar i utlandet (framandkrigarar): Politiets tryggingsteneste (PST) varslar lokalt politi om tilbakevende framandkrigarar. Politiet har rutinar for oppfølging og kontakt med kommunane. 22 23
Aktuelle nettsider Her får du råd og rettleiing www.radikalisering.no Dette er regjeringa sin nettstad for deg som ønskjer hjelp, råd eller kunnskap om radikalisering og valdeleg ekstremisme. Nettstaden vert oppdatert jamleg og lenkar til aktuelle publikasjonar og nettstader. www.utveier.no Kunnskapsportalen «radikalisering og voldelig ekstremisme prosesser inn og veier ut» er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. www.kripos.no Kripos har ei eiga tipsside som kan nyttast ved uro om radikalisering. Sida er enkel å bruke og har gode forklaringar. Etter at Kripos har behandla tipset blir det sendt til lokalt politi for oppfølging der. POLITIET 02800 Møre og Romsdal politidistrikt - Sunnmøre post.sunnmore@politiet.no Politiets tryggingsteneste (PST) post@pst.politiet.no 70 11 87 00 23 30 50 00 Rådmannen sin stab 70 18 80 00 Barnevernvakta 02800 / 91 57 60 20 Flyktningkontoret post@giske.kommune.no 70 18 80 00 «Dialog gir gode relasjonar, forståing og respekt» 24 25
kan ved uro kontaktast KRIPOSdirekte på Facebook på sida Politiets nettpatrulje. Dei gir råd og svarer på spørsmål 26 27