Sakshandsamar, telefon Nina Vadøy, 5557 2316 Vår dato 10.07.2017 Dykkar dato Vår referanse 2016/2399 471 Dykkar referanse Strandvik Transport og Maskin AS Ådnavik 5643 STRANDVIK Sendt på e-post til: dulten@online.no Rapport frå tilsyn ved Strandvik Transport og Maskin AS 5. juli 2017 Rapportnummer: 2017.050.I.FMHO Kontaktpersonar ved tilsynet: Frå verksemda: Olav Vik, Ingeborg Vik, Jan Magnus Vik og Per Kristian Vik Frå Fylkesmannen i Hordaland: Nina Vadøy og Silje Tingstad Resultat frå tilsynet Denne rapporten omhandlar avvik og merknader frå tilsynet. Dersom vi ikkje får melding om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen i Hordaland fann 4 avvik og har gitt 1 merknad under tilsynet innan følgjande tema: farleg avfall løyvet internkontroll Fylkesmannen ser alvorleg på avvika. Gjennomføringa av tiltaka vil bli følgt opp med nytt tilsyn. Avvika og merknaden er nærare omtalt frå side 4 og utover i rapporten. Strandvik Transport og Maskin AS må sende ei skriftleg stadfesting innan 1 veke på at avvik 1 er retta, og innan 1. november 2017 på at dei resterande avvika er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side to. Sissel Storebø senioringeniør Nina Vadøy overingeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Fusa kommune Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Miljøvern- og klimaavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
1. Informasjon om verksemda Namn: Strandvik Transport og Maskin AS Risikoklasse: 4 Besøksadresse: Håvikvegen 99, 5643 Strandvik Postadresse: Håvikvegen 99, 5643 Strandvik E-post: dulten@online.no Telefon: 56 58 49 10 Kommune: Fusa kommune Organisasjonsnr.: 972 060 984 Bransjenr. (NACE-kode): 49.410 Godstransport på vei Eigar (org.nr.): 938 995 567 Løyve sist oppdatert: 7. mars 1997 Siste tilsyn: 6. oktober 2011 2. Bakgrunnen for tilsynet Tilsynet vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av forureiningslova med forskrifter blir haldne. Tilsynet er eit frekvensbasert tilsyn. Følgjande hovudtema vart kontrollert: internkontroll med vekt på risikovurdering, avvikshandtering og skriftlege rutinar for ytre miljø utslepp til vatn, grunn og luft handtering av avfall, inkludert farleg avfall vidarelevering av avfall løyvet datert 7. mars 1997 3. Oppfølging etter tilsynet Verksemda pliktar snarast å rette opp avvika som er omtalt i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må de sende ei skriftleg tilbakemelding med dokumentasjon som viser korleis avvika er retta, gjerne med bildedokumentasjon. Følgjande fristar gjeld: Innsending av dokumentasjon på at avvik 1 er retta innan 1 veke frå de har motteke denne rapporten. Innsending av dokumentasjon på at dei resterande avvika er retta innan 1. november 2017. Vi ser alvorleg på avvika som vart funne under tilsynet. Gjennomføringa av tiltaka vil derfor bli følgt opp med nytt tilsyn utanom ordinær tilsynsfrekvens. Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avvika er retta innan dei oppgitte fristane vil Fylkesmannen vurdere å fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. 2
I vedtaket om tvangsmulkt blir det sett ein ny frist for å sende inn dokumentasjon. Dersom denne fristen ikkje blir heldt, må verksemda betale tvangsmulkta. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 50 000 kroner. Verksemda kan kommentere dette varselet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at denne rapporten er motteken, jf. forvaltningslova 16. 4. Tilsynsgebyr Fylkesmannen varsla i e-post 29. juni 2017 at tilsynet førebels var plassert i gebyrsats 3 og at Strandvik Transport og Maskin AS då vil få eit gebyr på 14 600 kroner for tilsynet, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Vi har brukt meir ressursar på tilsynet og vil få meir oppfølgingsarbeid enn kva som først var førespegla og har derfor valt gebyrsats 2. Det vil seie at Strandvik Transport og Maskin AS vil få eit gebyr på 19 400 kroner for tilsynet. Faktura blir ettersendt frå Miljødirektoratet. De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har fått denne rapporten, jf. forvaltningslova 28. Klagen må innehalde den eller dei endringane de ønskjer. Den bør vere grunngjeven og skal sendast til Fylkesmannen. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for ålmenta via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentleglova. 6. Dokumentunderlag forureiningslova produktkontrollova forureiningsforskrifta avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall internkontrollforskrifta løyvet datert 7. mars 1997 Informasjon om regelverket finn de på www.miljodirektoratet.no og www.regelhjelp.no. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevnaden (til dømes brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernstyresmaktene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 3
7. Avvik Vi fann følgjande avvik under tilsynet: Avvik 1: Verksemda tek imot farleg avfall utan løyve Avvik frå: Avfallsforskrifta 11-6 Kommentar til regelverket: Den som handterer farleg avfall skal ha eige løyve til det frå forureiningsmynde. Handtering omfattar mottak, gjenvinning og sluttbehandling, under dette førebuing til og lagring i påvente av gjenvinning eller sluttbehandling. Avviket er basert på følgjande observasjonar: Strandvik Transport og Maskin AS tek imot farleg avfall frå andre næringsverksemder og mellomlagrar dette før vidarelevering til lovleg avfallsanlegg. Verksemda krev ikkje deklarasjon når dei tek imot farleg avfall. Dei deklarerer alt mottatt farleg avfall som eige avfall ved vidarelevering til lovleg avfallsanlegg. Under tilsynet vart det observert eternittplater og vindauge som kan innehalde PCB- og klorparafiner. Verksemda opplyste at dei hadde tatt dette imot frå næringsverksemder eller privatkundar. Det vart også opplyst at lagra lysstoffrøyr, batteri og lyspærer var levert frå næringsverksemder saman med anna EE-avfall. Avvik 2: Handtering av farleg avfall er ikkje i samsvar med regelverket Avvik frå: Avfallsforskrifta 11-2, 11-5 og 11-8 Forureiningslova 32 Kommentar til regelverket: Vurdere kva som er farleg avfall Avfallsbesitter har ansvaret for å vurdere om avfallet er omfatta av avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall. Ansvaret gjeld så langt avfallsbesitter burde mistenke at avfallet skal klassifiserast som farleg avfall. Næringsavfall skal fraktast til lovleg avfallsanlegg med mindre det blir gjenvunne eller blir brukt på annan måte. Sandfangsmassar kan innehalde store mengder miljøgifter og kan i nokre tilfelle bli klassifisert som farleg avfall. I utgangspunktet skal sandfangsmassar leverast til deponi, men kan gå til nyttiggjering dersom målte verdiar i massane ikkje er over normverdiane i forureiningsforskrifta kapittel 2 vedlegg 1. Normverdiane er grenseverdiar som er laga for å ta i vare omsyn til både helseeffektar og skader på økosystem. Lagring av farleg avfall Farleg avfall skal mellomlagrast forsvarleg. Den som tar hand om farleg avfall har ansvar for å treffe nødvendige tiltak slik at farleg avfall ikkje fører til forureining. Farepotensialet til 4
avfallet set krav til lagringsplassen. Den må vere verna mot ytre påverknad og sikring mot lekkasjar og uvedkomande. Det er også krav til at ein held orden og oversikt over avfallet, ved ryddig og separat plassering og med tydeleg merking av innhaldet. Leveringsplikt Verksemder der det oppstår farleg avfall, skal levere dette til godkjent mottak minst ein gong i året. Verksemda som leverer avfallet skal gje tilstrekkeleg opplysningar om opphavet til avfallet, innhald og eigenskapar, slik at den vidare handteringa av avfallet kan skje på forsvarleg måte. Det blir gjort ved å fylle ut deklarasjon på avfallsdeklarering.no. Ved bruk av ekstern transportør, må det vere ein avtale om levering mellom den som har leveringsplikt og det anlegget som etter 11-6 og 11-7 kan handtere det farlege avfallet for at leveringsplikta skal vere oppfylt. Avviket er basert på følgjande observasjonar: Vurdere om oppsop og sandfangsmassar er farleg avfall Verksemda la oppsop frå uteområdet og frå sorteringshallen saman med usortert avfall utan å vurdere om oppsopet er farleg avfall etter avfallsforskrifta kapittel 11 vedlegg 1 eller 2. Oppsop som inneheldt mest flis vart levert til forbrenning. Det vart opplyst at sandfangsmassar på uteområdet som inneheldt store mengder grus vart brukt til å spreie utover uteområdet igjen. Det er ikkje tatt prøver av sandfangsmassane for å få avklart kvar massane skal leverast og verksemda har ikkje risikovurdert bruk av avfallet. Lagring av farleg avfall Verksemda hadde ikkje oversikt over kva for farleg avfall som oppstod ved drifta og farleg avfall stod lagra diverse plassar inne i den gamle hallen. Det farlege avfallet var ikkje merka. Ein palle med eternittplater innpakka i plast stod lagra saman med anna avfall utandørs. Det var ikkje merka og var ved sidan av ein sluk som fører overvatn til sjø. Leveringsplikt Det vart opplyst at farleg avfall som sprayboksar vart lagt i BIR sin konteinar for privatkundar som står på området. Dei kunne derfor ikkje vise fram deklarasjon for dette. Verksemda har gitt fullmakt til BIR Bedrift AS til å deklarere og transportere farleg avfall, men visste ikkje kvar det farlege avfallet blir levert. Avvik 3: Verksemda driv ikkje i samsvar med løyvet Avvik frå: Løyvet datert 7. mars 1997, punkt 3.2 Kommentar til regelverket: Avfallet skal lagrast på ein slik måte at det ikkje er skjemmande eller fører til fare for lukt, avrenning eller annan forureining. Lagring av avfall inkludert usortert materiale skal som eit minimum gå føre seg på tett flate med fall til sluk. 5
Avviket er basert på følgjande observasjonar: Det var lagra store mengder avfall rundt om kring på området som ikkje var lagra forsvarleg. Til dømes var det lagra store mengder røyr med kablar på grus som hadde lege der om lag eitt år. Det låg ein haug med dekkbark utandørs som hadde lege der i om lag eitt år. Dekkbarken bar preg av å ha lege der lenge og verksemda opplyste at dekkbarken var i for dårleg kvalitet til å kunne seljast. Konteinarar og behaldarar var ikkje merka og området var generelt uoversiktleg og bar preg av forsøpling. I eksisterande løyve står det at alt sigevatn frå omlasting og sortering og ev. anna forureinsa avløpsvatn frå verksemda skal før påslipp til offentleg avløpsnett reinsast via sandfang og oljeutskiljar. Det står også at lagring av avfall inkludert usortert materiale skal som eit minimum gå føre seg på tett flate med fall til sluk. Fylkesmannen vil presisere at ved revidering av løyve vil det ikkje bli tillate med utslepp til vatn frå innandørs avfallshandtering. Eventuell avrenning skal samlast opp, handterast og klassifiserast som avfall. Avvik 4: Internkontrollen er mangelfull på ytre miljø Avvik frå: Internkontrollforskrifta 5 andre ledd, punkt 2, 6, 7 og 8 Produktkontrollova 3 aktsamheitsplikt Kommentar til regelverket: Oppdatert kunnskap Verksemda skal sørgje for at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet. Risikovurdering Verksemda skal kartleggje farar og problem og på denne bakgrunn vurdere risiko, og utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikotilhøva. Rutinar Verksemda skal utarbeide rutinar for å avdekke, rette opp og førebyggje overskridingar av krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga. Overvaking og gjennomgang av internkontrollen Verksemda skal systematisk overvake og gjennomgå internkontrollen for å sikre at den fungerer som den skal. Aktsamheitsplikt Den som produserer, innfører, omset og brukar kjemikal skal vise varsemd og skal treffe rimelege tiltak for å førebyggje at produkt fører til forureining. Dette inneber mellom anna forsvarleg lagring og handtering av kjemikal og oppdaterte sikkerheitsdatablad. Avviket er basert på følgjande observasjonar: Kunnskapen er ikkje oppdatert Det vart opplyst at det er over ti år sidan dei tilsette tok kurs i handtering av avfall, inkludert farleg avfall. Det er ikkje etablert eit system for opplæring og oppdatering om kva 6
avfallstypar som er/kan vere farleg avfall. Kva som er definert som farleg avfall eller kva avfall som kan innehalde så høge konsentrasjonar av miljøfarlege stoff at det blir definert som farleg avfall, er heile tida under endring. Dette gjeld særleg avfall frå bygg og anlegg. Verksemda må ha oppdatert kunnskap på dette området og sørgje for at dette blir formidla vidare til tilsette og kundar. Dette vart også påpeikt under tilsyn i 2011. Risikovurdering Verksemda har ikkje skriftleg risikovurdering for ytre miljø. Avvikssystem Verksemda har etablert eit avvikssystem, men dette er ikkje tatt i bruk for ytre miljø. Rutinar I verksemda sin instruks for henting og tømming av eigne konteinarar står det at dei tilsette skal sjekke for uønskt avfall utan at det er definert kva uønskt avfall er. I verksemda sin instruks for mottak av avfall frå kundar som leverer avfall til sorteringsanlegget står det at alt avfall som kjem inn til anlegget skal kontrollerast utan at det er definert kva som skal kontrollerast. Det vart opplyst at nokre kundar leverte usortert avfall samanblanda med EE-avfall og at Strandvik Transport og Maskin AS aksepterte dette. Det hendte også at det vart funne farleg avfall i usortert avfall. I same instruks står det at kundar som vil levere farleg avfall skal visast til BIR sin konteinar for farleg avfall. Konteinaren til BIR står på området til Strandvik Transport og Maskin AS som låser opp konteinaren for kundane. Det står ikkje presisert i instruksen at denne konteinaren er for privatkundar og ikkje næringskundar. Verksemda har ikkje ein skriftleg rutine for tømming av sandfang og oljeutskiljar. Det vart opplyst at oljeutskiljaren ikkje var tømt sidan 2011. Overvaking og gjennomgang av internkontrollen Internkontrollen som vart vist fram var frå 2004 og bar preg av å ikkje vere i bruk. Uforsvarleg lagring av kjemikal Det stod eit umerka søppelspann for hushaldningsavfall fylt med hydraulikkolje inne i den gamle hallen. Det var ikkje moglegheit for oppsamling om søppelspannet skulle velte. Verksemda opplyste at hydraulikkoljen skulle brukast om igjen. 8. Merknader Vi har gitt følgjande merknader under tilsynet: Merknad 1: Verksemda lagrar noko avfall rundt eitt år før avfallet blir levert vidare Kommentarar: Det vart opplyst under tilsynet at noko avfall hadde lege rundt eitt år, kanskje lenger. Vi minner om at dersom lagringstida er meir enn eitt år før avfallet går til sluttbehandling eller meir enn tre år før avfallet går til gjenvinning eller behandling gjeld avfallsforskrifta kapittel 9 om deponering av avfall. 7
9. Andre forhold Løyvet skal reviderast Løyvet datert 7. mars 1997 er av eldre dato og ikkje i samsvar med dagens krav. Fylkesmannen vil revidere løyvet og følgje dette opp som eigen sak. Det vart opplyst under tilsynet at verksemda vil vurdere å søkje om løyve til å ta imot farleg avfall. Lysstoffrøyr, lyspærer, batteri og bilbatteri er også farleg avfall Lysstoffrøyr, lyspærer, batteri og bilbatteri er både EE-avfall og farleg avfall. Derfor må ein ha løyve til å ta imot desse avfallstypane. Dersom desse avfallstypane oppstår i eiga verksemd må Strandvik Transport og Maskin AS levere dette som farleg avfall med deklarasjon til lovleg avfallsmottak. Informasjon og faktaark om handtering av avfall Vedlagt er fleire faktaark med informasjon om handtering av ulike typar avfall. Dette er faktaark som også kan brukast til å opplyse kundane som leverer farleg avfall til sorteringsanlegget for å sikre at næringsverksemdene sorterer ut alt farleg avfall og EE-avfall. Informasjon om handtering av avfall er å finne på Miljødirektoratet si nettside www.miljødirektoratet.no under temaside avfall. Følgjande faktaark er lagt ved: M-550 2016 Har virksomheten din farlig avfall? M-421 421 Avfallsdeklarering.no M-29 2013 Farlig avfall frå bygg og anlegg (her blir det vist døme på ulike typar farleg avfall frå bygg og anlegg. Det er ikkje ei uttømmande liste. Strandvik Transport og Maskin AS er sjølv ansvarleg for å holde seg oppdatert på regelverket for farleg avfall, jf. avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall). M-14 2013 Disponering av betong- og teglavfall M-30 2013 Drift av oljeutskillere Fylkesmannen i Hordaland 2016 Korleis handsame avfall frå oljeutskillarar? (https://fylkesmannen.no/hordaland/miljo-og-klima/avfall-og-gjenvinning/korleishandsame-avfall-fra-oljeutskillarar/) 8