Kulturhistoriske registreringar



Like dokumenter
Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

Kulturhistoriske registreringar

F7 Rydningsrøys. C analyse ble datert til middelalder, kalibrert datering og e. Kr. F9 Steingjerde

Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune

Kulturhistoriske registreringar

Funn: Det er registrert et automatisk fredet kulturminne i planområdet.

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

Kulturhistoriske registreringar i samband med reg.plan for Havlandet, Sakseid del av gnr 5-1, Bømlo kommune. Rapport Kontaktinformasjon

Kulturhistoriske registreringar

Funn: Det ble registrert fire lokaliteter fra eldre steinalder under kulturminneregistreringen.

Kulturhistoriske registreringar

Mongstad sør, Statoil industriområde

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga

Innhald. Vedlegg: Fotoliste Utskrift frå Askeladden Oversikt over alle sjaktene som vart gravne i planområdet C-14-skjema

KULTURHISTORISK REGISTRERING

Registreringsrapport

Kulturhistoriske registreringar

Førhistoriske busetnadsspor på gnr. 43, Ytre Tysse i Samnanger kommune

Arkeologisk befaring/vurdering av mulig fangstgrav

Kulturhistoriske registreringar

RAPPORT. Bjerke boligfelt. Bjerke av Horgen nordre 280/4. Gran kommune, Oppland JOSTEIN BERGSTØL. 280/4 Horgen nordre 06/9681 ARKEOLOGISK UTGRAVNING

Espeland-Grindheim øvre Delar av gnr. 12 og 14 Bømlo kommune. Rapport

Funn: Det ble registrert en steinalderlokalitet (R 89461)innenfor planområdet

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Tokke kommune. Gråndalstjønn GNR. 77, BNR. 1

Funn: Det ble registrert to områder med dyrkningsspor fra nyere tid innenfor planen.

Ervesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39

Registreringsrapport

Kviteseid kommune Vråli

Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Bø kommune Hegna skifer- og muresteinuttak

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

ØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr. -navn 41 Norderås 1 Norderås 42 Ås 7 Ås kirkegård II. Funn: Det ble registrert et bosetningsområde R

Skien kommune Skotfossmyra

Tinn kommune Brendstaultunet

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Skien kommune Griniveien

Knibe Gnr 52 Bnr 1 Søgne kommune

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Tinn kommune Gjuvsjå GNR. 1, BNR. 8

Vinje kommune Åmot Psykiatriboliger

Nissedal kommune KULTURHISTORISK REGISTRERING. Bukta Fjone TELEMARK FYLKESKOMMUNE. Bildet viser den nordøstre delen av planområdet.

Tinn kommune Flisterminal Atrå

ARKEOLOGISK REGISTRERING. Seljord kommune Flatin deponi og tilkomstveg TELEMARK FYLKESKOMMUNE. Gnr. 55 og 53 bnr. 1 og 5. Ortofoto over planområdet

Tokke kommune Hallbjønnsekken

Registreringsrapport

Tinn kommune Spjelset, Hovin

Vik, gnr. 4/110, Eidfjord kommune

Forord Samandrag Bakgrunn og formål med undersøkinga Området... 7

R A P P O R T F RÅ K U L T U R MI N N E R E GI S T R E R I N G

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

RAPPORT ARKEOLOGISK UTGRAVNING

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING. Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Kulturhistoriske registreringar. Arna Jordsortering, gnr. 300, bnr. 3 m.fl. - Bergen kommune Rapport

KULTURHISTORISK REGISTRERING

Tokke kommune Huka hoppanlegg

ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER

SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Tokke kommune Sauli GNR. 77, BNR. 1. Figur 1. Kullgrop

Møkster gnr. 23 bnr. 7, 18 og 20

Bø kommune Torstveit Lia skogen

Vinje kommune Steinbakken

Funn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne i planområdet

RAPPORT ARKEOLOGISK REGISTRERING. Sak: Linnestad Næringsområde nord

Øvre Eiker kommune Dunsrud næringsområde

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING

Nissedal kommune Bjønntjønn familiepark

Funn: Det er registrert tre automatisk fredete kulturminner.

Harakollen B18 og B19. 08/ Øvre Eiker

Lakslia gnr. 287 bnr. 8 og 638 m.fl. Bergen kommune

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Notodden kommune Gransherad - Ormemyr

RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING

Hjartdal kommune Løkjestul

Drangedal kommune Eidsåsen

Hjartdal kommune Rui/Langetjønn - Tuddal

Drangedal kommune Dale sør

Nissedal kommune Sandnes

Sauherad kommune Reguleringsplan barnehage Nordagutu

Vinje kommune Grautlethaugen

Fred heim område F4, Geilo /3293 Hol kommune

Telemark kommune Svanstul

Lars Andersson Akershus fylkeskommune

Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen

Kragerø kommune Reguleringsplan for Strand

Bildøy gnr. 34 bnr. 523 m.fl. Fjell kommune

Funn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne. Vår ref.:07/2605

ARKEOLOGISK REGISTRERING, ÅMLAND, LYNGDAL

Drangedal kommune Vøllestadtjenna øst

Notodden kommune Follsjå Kraftverk

Østfold fylkeskommune

Funn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne innenfor planen

Fagerdalen, Bergen kommune

Bamble kommune Dalene

August Baugstø Hanssen Akershus fylkeskommune

Sauherad kommune Ryntveit massetak

Funn: Det ble registrert en boplass fra steinalderen innenfor planområdet.

Transkript:

Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Arkeologisk registrering i samband med reguleringsplan for Linga Camping. Gnr. 101/1 Linga Store, Kvam herad. Rapport 23 2008

Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminne og museum ved Kultur- og idrettsavdelinga som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Planområda vert sjekka ut i høve til arkivopplysningar om kjente automatisk freda kulturminne. Det vert og gjort ei kulturminnefagleg vurdering om det skal gjerast arkeologiske feltregistreringar. Feltarbeidet har som mål å finne ut om eit planlagd tiltak vil komma i konflikt med automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537). Feltregistreringane omfattar overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking avhengig av mellom anna terrengtype, høgd over havet og nærleik til kjende kulturminne. I den grad tiltaket vil verka inn på nyere tids kulturminne vil desse bli kort omtalte. Denne rapporten er utarbeidd på bakgrunn av utført arkeologisk feltarbeid. Rapporten gjev opplysningar om arbeidsomfang, utstrekning og karakter av registrerte kulturminne, og skildrer om framlagde planar er i konflikt med kulturminne. I fylgje Kulturminneloven 10 må tiltakshavar bera kostnadene med gransking av automatisk freda kulturminne som nemnd i 8 og 9.

Samandrag I samband med oppstart av privat planarbeid for Linga camping i Kvam herad gjennomførte Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune ei arkeologisk registrering i området 11.-12. november 2008. Deltakarar ved registreringa var Elizabeth J. Warren (11.11.08) og Trond Eilev Linge (båe dagar). Sistnemnte står også for rapport og etterarbeid. Føremålet med registreringa var å avklare relasjonar mellom automatisk freda kulturminne og planområdet. Her var frå før kjent tre område med automatisk freda kulturminne i eller inntil området: Ei gravrøys og steinlegging (Askeladden id. nr. 97431), enda ei gravrøys (Askeladden id. nr. 97468) og ei mogleg helleristning (Askeladden id. nr. 97247). I tillegg til å undersøke dei kjente automatisk freda kulturminna, vart det leite etter nye. Det vart påvist ei gravrøys like utanfor planområdet (Askeladden id. nr. 119707) og ei kolgrop (Askeladden id. nr. 119682) innanfor planområdet. Ei C14-prøve frå kolgropa gav ei datering til midten av 1600-talet slik at denne ikkje er å rekne som automatisk freda kulturminne. Det vart arbeida med å danne ei betre forståing av den moglege helleristninga, og arbeidet konkluderar med at ein må rekne med at ein har med ei helleristning å gjere. Det som truleg er fram- og bakbein på ein hjortedyrfigur kjem klart fram ved gunstige lystilhøve. Det vart også grave prøvestikk i området, men berre med negativt resultat. Dei hittil nemnte kulturminna er automatisk freda og kjem under kulturminneloven 4. I tillegg er det omtala ein hellar som går under namnet Kohillaren. Denne ligg rett utanfor det nordvestlege hjørnet av planområdet, og er lagt inn i Askeladden med vernestatus uavklart (Askeladden id. nr. 120545). Det vart ikkje gravd prøvestikk i Kolhillaren. Bakgrunn Bakgrunnen for arbeidet er varsel om oppstart av privat planarbeid for delar av gnr. 101/1, Linga Store i Kvam herad. Reguleringsplanen er utarbeida av Eide kart-plan-foto på oppdrag frå Jacob Linga. Planen femner om eit areal på om lag 160 dekar og har som føremål å leggje til rette for fritidsbustadar og oppstillingsplassar for campingvogner. Ein stor del av arealet er allereie nytta som oppstillingsplass for campingvogner. I brev av 16. september 2007 varsla Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune krav om arkeologisk registrering i planområdet, og sende samtidig over eit kostnadsoverslag. I brev datert 30. juni 2008 meddelte Eide kart-plan-foto at tiltakshavar Jacob Linga godkjente kostnadsoverslaget. 1

Figur 1 Planområdet omfattar eksisterande campingområde samt tilgrensande areal både sør og nord for riksveg 49. Figur 2 Prikkane markerar prøvestikk grave under registreringa. Det lengst oppe til venstre er grave i kolgropa. 2

Området og tidlegare kjente kulturminne på garden Det 160 dekar store området grensar til Hardangerfjorden i sør. I sørvestlege delen er området utbygd til oppstillingsplass for campingvogner opp til om lag 25 meterskota. Den søraustlege delen er brattlendt med svaberg ned mot fjorden og bartreskog lenger nord. Den nordlege delen av planområdet er brattlendt med enkelte flater innimellom og er prega av bartrevegetasjon. Her er enkelte restar etter eldre skogsvegar som i følgje Jacob Linga vart nytta da ein tidlegare tok ut skog i området. Riksveg 49 går tvers gjennom planområdet. Figur 3 Gravrøysa med id. nr. 97431 på bergknausen midt i bildet. Steinlegginga ligg framom og nærare sjøen enn røysa. Campingvogner er stilt opp heilt inntil gravrøysa. Før undersøkinga var det registrert fem arkeologiske lokalitetar frå garden Linga Store. Tre av desse ligg innanfor eller tett ved planområdet. Det dreier seg om ei veideristning (truleg ein hjortefigur) med id. Nr. 97247 i Askeladden. Gravrøysa og steinsettinga med id. nr. 97431 ligg på ein knaus om lag midt på campingplassen (figur 3). Gravrøysa med id. nr. 97468 ligg for det meste utanfor planområdet, men austlege røyskant går så vidt inn på planområdet og ligg i ein hage som er knytt til ein campingoppstillingsplass (figur 6). Røysa vart gravd av arkeolog Eyvind de Lange i 1910, og det blei funne ei helle med skålgroper i den. Steinen har ikkje blitt teken inn til museet. Eit stykke vest for planområdet, ved eit hyttefelt, ligg ei låg 3

gravrøys med id. nr. 97454. I tilknyting til innmarka/tunet på Linga Store skal ha lagt ei hellekiste, truleg frå eldre jarnalder. Denne har id. nr. 97264 i Askeladden. Innmarka/tunområdet ligg om lag 500 meter nordvest for planområdet. Tilgrensande til Linga Store mot vest ligg garden Linga Litle (gnr. 102). Her påviste arkeologane Arnulf Østerdal og Lars Øyvind Birkenes i 2001 helleristningar på ein loddrett bergvegg. Feltet er dominert av båtfigurar og er høgst truleg frå eldre bronsealder (Askeladden id. nr. 97482). På Linga Litle er også ei gravrøys (Askeladden id. nr. 97477). Figur 4 Kart over registrerte fornminne på Linga Litle og Store. Frå riksantikvaren sin database Askeladden. 4

Figur 5 Planområdet ligg i utmarka til garden Linga Store ved Strandebarm i Kvam herad, Hardanger. 5

Figur 6 Gravrøysa med id. nr. 97468 ligg like utanfor plangrensa mot vest, men ein liten flik i aust går inn i planområdet. Foto mot nordaust. Her er også campingvogner kloss inntil. Metode Registreringa vart i første rekke gjennomført som ei overflateregistrering. Det vart lagt vekt på å gå over området med tanke på eventuelle kulturminne som er synlege på overflata. Det blei slik påvist ei kolgrop og ei gravrøys. I tillegg vart det grave nokre få prøvestikk etter eventuelle spor av kulturminne som ikkje er synlege på overflata. Resultatet av prøvestikkinga var negativ. I arbeidet med helleristninga er det nytta skrålys, både naturleg i form av gunstig sollys i høve til vinkelen på berget, og kunstig i form av lommelykt i mørkret. Skrålyset får konturar i berget til å tre tydelegare fram slik at ein betre kan danne seg ei forståing av linjene i berget. 6

Strandforskyvningskurve for UTM 339050 120 100 80 60 Høyde 40 20 0 11000 10000 9000 8000 7000 6000 5000 4000 3000 2000 1000 0-1000 -2000 Tid (kalender år: + tall = f.kr, - tall = e.kr) Figur 7 Strandforskyvningskurve for Linga ut frå koordinatane 339050 6683188 (32V). Etter Lohne 2006; sjå også Rommundset 2005 og Vasskog 2006. Helleristning (Askeladden id. nr. 97247) Helleristninga vart påvist av arkeologane Arnulf Østerdal og Lars Øyvind Birkenes i 2001. Ristninga ligg nær sørlege enden av ein loddrett konkavforma bergvegg. Partiet like sør for figuren er sprengt vekk. Bergveggen er høgast i nord og vert gradvis lågare mot sør. Ved figuren er den drygt 1 meter høg. Like vest for bergveggen går grusvegen ned til campingplassen i ein kraftig sving. Då ristninga vart påvist meinte ein å sjå bakre del (fot) av ein hjortefigur, men ein såg ikkje figuren i optimalt lys (pers. med. Arnulf Østerdal). Det vart difor lagt vekt på å få dette til under registreringa. Vi hadde fint ver med låg haustsol båe dagane, og fekk godt skrålys innover bergflata ved 14.30-tida 11. november (figur 7). Den påfølgjande dagen vart staden oppsøkt i mørke i 18.30-tida og undersøkt med kunstig skrålys frå lommelykt. Samla inntrykk frå dette er at her er linjer i berget som ser vi oppfattar som menneskeskapte. Vi oppfattar i alt 4 loddrette linjer med ulike krummingar på, fordelt i to par. Slik dei framstår er det godt mogleg at dei viser fram- og bakfot på eit hjortedyr. I figur 9 er ein hjortefigur frå det nærliggande ristningsfeltet Vangdal 2 (om lag 10 km nordaust for Linga i luftlinje) drege 7

inn som samanlikning. Dette viser at linjene på Linga kan gje meining som fram- og bakfot på eit hjortedyr. Det manglar framleis spor av rygg- og buklinje samt hovud og eventuelt gevir. Ei mogleg forklaring på dette er at bergflata er grovare og meir ruglete i dei partia ein kan forvente å finne desse linjene, men det ser ikkje ut til å vere skalla av parti her. Ut frå ØK-kart med 5 meterskotar ser figuren ut til å ligge om lag midt mellom 20- og 25- me terskota. Det er verdt å merke seg at den dermed plasserar seg i om lag same høgdenivå som dei to tidlegare kjente veideristningane i Hardanger; Vangdal og Rykkje, båe i Kvam herad. Strandlinjekurva for området (sjå figur 7) viser at fjorden stod om lag 25 meter høgare enn i dag om lag 7500 år f.kr. Etter om lag to tusen år stod den fem meter lågare. Fleire arbeid har sannsynleggjort at ristningar ofte har lagt nær strandlinja på det tidspunktet dei vart laga. Samsvaret i dei tre veideristningslokalitetane i Kvam si høgd over havet gjer det sannsynleg at dei er uttrykk for ein felles tradisjon avgrensa innanfor ein nærare tidsepoke. Figur 8 Helleristninga (markert med rune-r) ligg på austside av vegen som fører ned frå rv. 49 til campingplassen. 8

Figur 9 Kolona til venstre viser figuren frå Linga. Øvst slik han kjem fram gunstig sollys. Under der er linjene forsterka ved overteikning, og nedst er linjene teke ut av fotografiet. Til høgre er figur 1 frå Vangdal 2 sett inn som samanlikning. Øvst slik den blei kalkert av Egil Bakka i 1964 (etter Mandt Larsen 1972), deretter er kalkeringa spegelvend for å syne hjorten same veg som Lingadyret truleg har stått. Nedst er dei same delane som manglar på Lingadyret viska ut frå Vangdalsdyret for å danne samanlikning med linjene frå Linga. Målestokket gjeld Vangdalfigurane, men vi har prøvd å få Lingafiguren så tett opp mot denne som mogleg. Avstanden mellom fram- og bakbein på Lingadyret er målt til om lag 35 cm. 9

Kolgrop (Askeladden id. nr. 119682) og Kolhiller (Askeladden id. nr. 120545) Kolgropa er påvist like ved vestgrensa for planområdet og om lag 50 meter sør for riksveg 49. Den ligg i skog av høge gran- og furutre samt mindre lauvtre. Terrenget er svakt hallande mot SSV. Mot nordaust går ei bratt skråning ned til ein bekk som har grave seg ned i terrenget. Avstanden til bekken er om lag 10 meter. Kolgropa er klar og tydeleg og lett attkjenneleg. Den har ei klar rund fordjupning i midten (om lag 40 cm djup). Vollar ser ut til først og fremst vere oppkasta mot aust og sør. Total storleik på anlegget er om lag 3 x 4,5 meter. Dei andre vegane er det plan flate. Om lag 80 meter nord for kolgropa, og like nord for grusvegen som avgrensar planområdet mot nord er ein hellar som går under namnet Kolhillaren (figur 12). Det er ikkje utenkjeleg at namnet på hellaren har samanheng med bruken av kolgropa. Sidan Kolhillaren ligg utanfor planområdet vart det ikkje gravd prøvestikk i denne. Den er lagt inn i Askeladden med uavklart vernestatus og har id. nr. 120545. Kolgropa er teikna i plan. Det er gravd eit prøvestikk i den og teke ut ei c14-prøve frå nedre del av det kolrike lag 4 (jf. figur 11). Prøva (T-19844) er sendt inn til datering, og gav resultatet 265 +/-40 bp (1640-1665 f. Kr.). Det tyder at kolgropa er frå midten av 1600-talet, og for ung til å reknast som automatisk freda kulturminne. Figur 10 Kokegropa sett mot nord. Sonderborret står der prøvestikket vart grave. 10

Figur 11 Planteikning og prøvestikk frå kolgropa på Linga Store. 11

Figur 12 Kolhillaren sett mot sørvest. Figur 13 Kolgropa ligg om lag 50 meter sør for riksveg 49 og nær vestgrensa på planområdet. Kolhillaren ligg rett nord for skogsvegen. 12

Gravrøys (Askeladden id. nr. 119707) Ei gravrøys blei påvist om lag 25 meter sørvest for den allereie kjente gravrøysa Askeladden id. 97468. Det dreier seg om ei langrøys, om lag 8 meter lang og 2 meter brei, orientert SV- NA. Røysa er låg og er godt dekka av lyngen, særleg i midtpartiet, men sonderborret stadfestar at her ligg stein under lyngen. Synlege steinar i båe kortendane syner at røysa er bygd av rullestein av hovudstorleik og noko større. Det er elles spreidd grantrevegetasjon ved røysa. Gravrøysa ligg på kanten av berget like før berget går bratt ned mot fjæra. Det går eit gjerde tvers over røysa i retning aust-vest, men det ser ikkje ut til å vere knytt noko eigedomsgrense til dette gjerdet. Høgda over havet er om lag 5 meter. Ut frå strandlinjekurva (figur 7) å døme kan ikkje røysa vere bygd før i jarnalder. Figur 14 Gravrøysa 119707 byrjar om lag der fotografen står og held fram på andre sidan av gjerdet. Foto mot aust. 13

Figur 15 Røysa Askeladden id. 119707 er markert med grønt og ligg like sør for den allereie kjente gravrøysa med Askeladden id. 97468. Her markert i rosa. Innmålinga av 97468 er ei ny innmåling ved Kvam herad, men er korrigert i austenden fordi den delen som ligg innanfor eigedomsgrensa til gnr. 101/1 (plangrensa) ikkje var teke med. Konklusjon Frå før var det kjent at ei gravrøys/steinlegging (Askeladden id. 97431) og delar av ei gravrøys (Askeladden id. 97468) ligg innanfor området. Registreringa stadfesta også at eit kulturminne tidlegare registrert som mogleg helleristning verkeleg bør reknast som helleristning (Askeladden id. 97247), mest truleg ein hjortefigur frå steinalder. Desse fire automatisk freda kulturminna er i direkte konflikt med reguleringsplanen. I tillegg til desse fire vart det påvist ei gravrøys like utanfor planområdet (Askeladden id. 119707). Rett utanfor 14

planområdet ligg også ein hellar som går under namnet Kolhiller. Det er ikkje gjort undersøkingar i denne, men namnet tyder på at menneskeleg aktivitet har vore knytta til den. Hellaren ligg om lag 80 meter frå ei nypåvist kokegrop (Askeladden id. nr. 119682) som ligg innanfor planområdet. Dateringa frå denne tyder på at den er frå midten av 1600-talet og såleis ikkje eit automatisk freda kulturminne Registreringa syner såleis at området har eit variert tilfang av automatisk freda kulturminne som truleg spenner over eit vidt tidsrom. Helleristninga er mest truleg frå steinalder, og vil ha vore strandbunden for om lag 6000 år sidan. Det er truleg at dei to største røysane er frå bronsealder. Det tyder både lokaliseringa og funnet av skålgropsteinen i den eine på. Den nyfunne gravrøysa ligg truleg for lågt til å kunne vore bygt i bronsealder, og er mest truleg bygt etter år 0. Kolgropa skriv seg frå 1600-talet og er eit interessant materielt vitnesbyrd om utnyttinga av utmarksressursar på garden Linga i tidleg historisk tid. Referansar Lohne, Ø. 2006 SeaCurve_v1 Teoretisk beregning av strandforskyvningskurver i Hordaland fra UTM koordinater (excel-ark) Mandt Larsen, Gro 1972 Bergbilder i Hordaland. En undersøkelse av bildenes sammensetning, deres naturmiljø og kulturmiljø. Årbok for Universitetet i Bergen, Humanistisk serie 1970, no. 2. Norwegian Universities Press, Bergen/Oslo. Rommundset, A. 2005 Strandforskyvning og isavsmelting i midtre Hardanger. Masteroppgåve, Geologisk institutt, Universitetet i Bergen. Vasskog, K. 2006 Holosen strandforskyvning på sørlige Bømlo, Masteroppgåve, Geologisk institutt, Universitetet i Bergen 15

Innhald Forord Samandrag.s. 1 Bakgrunn s. 1 Området og tidlegare kjente kulturminne på garden.. s. 3 Metode...s. 6 Helleristning (Askeladden id. nr. 97247)... s. 7 Kolgrop (Askeladden id. nr. 119682) og Kolhiller (Askeladden id. nr. 120545(......s. 10 Gravrøys (Askeladden id. nr. 119707)...s. 13 Konklusjon.s. 14 Referansar..s. 15 Vedlegg: Foto Utskrifter frå Askeladden C14-rapport Figurar: Figur 1 Planområdet...s. 2 Figur 2 Prikkane markerar prøvestikk grave under registreringa...s. 2 Figur 3 Gravrøysa med id. nr. 97431 på bergknausen midt i bildet...s. 3 Figur 4 Kart over registrerte fornminne på Linga Litle og Store...s. 4 Figur 5 Planområdet ligg i utmarka til garden Linga Store ved Strandebarm i Kvam herad, Hardanger..s. 5 Figur 6 Gravrøysa med id. nr. 97468 ligg like utanfor plangrensa mot vest..s. 6 Figur 7 Strandforskyvningskurve for Linga...s. 7 Figur 8 Helleristninga ligg på austside av vegen som fører ned frå rv. 49 til campingplassen..s. 8 Figur 9 Samanlikning mellom linjene på Linga og hjortefigur frå Vangdal 2...s. 9 Figur 10 Kokegropa sett mot nord.. s. 10 Figur 11 Planteikning og prøvestikk frå kolgropa på Linga Store..s. 11 Figur 12 Kolhillaren sett mot sørvest..s. 12 Figur 13 Kokegropa (markert med grønt) ligg om lag 50 meter sør for riksveg 49... s. 12 Figur 14 Gravrøysa 119707 byrjar om lag der fotografen står og held fram på andre sidan av gjerdet.s. 13 Figur 15 Røysa Askeladden id. 119707 er markert med grønt......s. 14

Lokalitet - 97431 - Arkeologisk lokalitet - Gravfelt - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707293&minnetype=lokalit... Side 1 av 4 19.11.2008 Lokalitet - 97431 - Arkeologisk lokalitet - Gravfelt - Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Gravfelt Stedfesting Fylke: Kommune: Museumsdistrikt: Hordaland Kvam Bergen Museum Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712885.95 Øst: 7945.822 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 21.03.2006 Målemetode: 92 GPS Kodemåling, enkeltmålinger Nøyaktighet (cm): 1000 Oppretting og ansvar Registrert Dato: 21.03.2006 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Jostein Aksdal Instans: Hordaland fylkeskommune Registreringstype: Økonomisk kartverk Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Knaus på Linga med ei stor røys og ei mindre steinsetting rett sør for røysa Tilhørende enkeltminner 1 Gravrøys AUT 2 Steinlegning AUT Tilstand registrert den 21.03.2006 Tilstand: Skjemmet Registrert dato: 21.03.2006 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Tun/hage/park Utførende instans: Hordaland fylkeskommune Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 21.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4

Lokalitet - 97431 - Arkeologisk lokalitet - Gravfelt - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707293&minnetype=lokalit... Side 2 av 4 19.11.2008 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 06.04.2006 Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne - 97431-1 - Arkeologisk enkeltminne - Gravrøys - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Gravrøys Opprinnelig funksjon: Gravminne Hovedgruppe: Religion/tradisjon/hendelse Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Kvam Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712890 Øst: 7947.091 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 21.03.2006 Målemetode: 92 GPS Kodemåling, enkeltmålinger Nøyaktighet (cm): 1000 Datering Datering: Bronsealder - jernalder Metode: Andre Eksakt datering: Kvalitet: Sannsynlig Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Diameter: 9Høyde: 1 ;Røys på berg rett opp for Gygrerævo i Indre Lingavik. 9 m i tvm., 1 m høg. Søkk i toppen.no skjemd av oppstillingsplass for campingvogner Tilstand registrert den 21.03.2006 Tilstand: Skjemmet Registrert dato: 21.03.2006 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Tun/hage/park Utførende instans: Hordaland fylkeskommune Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune

Lokalitet - 97431 - Arkeologisk lokalitet - Gravfelt - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707293&minnetype=lokalit... Side 3 av 4 19.11.2008 Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 21.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Enkeltminne - 97431-2 - Arkeologisk enkeltminne - Steinlegning - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Steinlegning Opprinnelig funksjon: Gravminne Hovedgruppe: Religion/tradisjon/hendelse Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Kvam Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712878.35 Øst: 7941.702 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 21.03.2006 Målemetode: 92 GPS Kodemåling, enkeltmålinger Nøyaktighet (cm): 1000 Datering Datering: Bronsealder - jernalder Metode: Andre Eksakt datering: Kvalitet: Sannsynlig Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Låg steinpakning ligg oppå ytre del av skarvet, her er fleire lag med småfalen stein, omkrets 4-5 m. noko utrasa i kantane Tilstand registrert den 21.03.2006 Tilstand: Skjemmet Registrert dato: 21.03.2006 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Tun/hage/park Utførende instans: Hordaland fylkeskommune Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune

Lokalitet - 97431 - Arkeologisk lokalitet - Gravfelt - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707293&minnetype=lokalit... Side 4 av 4 19.11.2008 Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 21.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4

Lokalitet - 97468 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707436&minnetype=lokalit... Side 1 av 3 19.11.2008 Lokalitet - 97468 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Gravminne Stedfesting Fylke: Kommune: Museumsdistrikt: Hordaland Kvam Bergen Museum Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712925.8 Øst: 7837.803 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 21.03.2006 Oppretting og ansvar Registrert Dato: 21.03.2006 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Jostein Aksdal Instans: Hordaland fylkeskommune Registreringstype: Økonomisk kartverk Kontrollert Dato: 11.11.2008 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Elizabeth Warren og Trond Eilev Linge Instans: Hordaland fylkeskommune Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Stor røys, gravd i 1913, men ligg enda igjen med botnlag og steinvollar. Merknad: ---19.11.2008: Geometri justert 19.11.08 Tilhørende enkeltminner 1 Gravrøys AUT Tilstand registrert den 21.03.2006 Tilstand: Skadet Registrert dato: 21.03.2006 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Tun/hage/park Utførende instans: Hordaland fylkeskommune Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune

Lokalitet - 97468 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707436&minnetype=lokalit... Side 2 av 3 19.11.2008 Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 21.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne - 97468-1 - Arkeologisk enkeltminne - Gravrøys - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Gravrøys Opprinnelig funksjon: Gravminne Hovedgruppe: Religion/tradisjon/hendelse Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Kvam Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712925.8 Øst: 7837.803 Metadata på digital stedfesting: Datering Datering: Bronsealder - jernalder Metode: Andre Eksakt datering: Kvalitet: Sannsynlig Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Diameter: 15-20Høyde: 2Type: Rundrøys ;Stor røys mellom 15-20 m. noko uthivd truleg etter graving, her er gjort funn av gropheller. Tilstand registrert den 21.03.2006 Tilstand: Skadet Registrert dato: 21.03.2006

Lokalitet - 97468 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=707436&minnetype=lokalit... Side 3 av 3 19.11.2008 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Randvegetasjon (udyrket ved dyrket mark) Utførende instans: Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 21.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4

Lokalitet - 119707 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=852580&minnetype=lokalit... Side 1 av 2 19.11.2008 Lokalitet - 119707 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Gravminne Stedfesting Fylke: Kommune: Gårdsnavn: Museumsdistrikt: Hordaland Kvam Linga Store Bergen Museum Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712894.85 Øst: 7818.492 Metadata på digital stedfesting: Oppretting og ansvar Registrert Dato: 11.11.2008 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Registreringstype: Trond Eilev Linge og Elizabeth Warren Reguleringsplan Instans: Hordaland fylkeskommune Utfyllende opplysninger Kilder (litteratur m.m.): Rapport 23/208, Kultur- og idrettsavdelinga, Hordaland fylkeskommune Beskrivelse: Det dreier seg om ei langrøys, om lag 8 meter lang og 2 meter brei, orientert SV-NA. Røysa er låg og er godt dekka av lyngen, særleg i midtpartiet. Sonderborret stadfestar at her ligg stein under lyngen. Synlege steinar i båe kortendane syner at røysa er bygd av rullestein av hovudstorleik og noko større. Det er elles spreidd grantrevegetasjon ved røysa. Orientering: Gravrøysa om lag 25 meter sørvest for den allereie kjente gravrøysa Askeladden id. 97468. Den ligg på kanten av berget like før berget går bratt ned mot fjæra. Det går eit gjerde tvers over røysa i retning aust-vest, men det ser ikkje ut til å vere knytt noko eigedomsgrense til dette gjerdet. Prosjekt: Arkeologisk registrering i samband med reguleringsplan for Linga camping Tilhørende enkeltminner 1 Gravrøys AUT Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato:

Lokalitet - 119707 - Arkeologisk lokalitet - Gravminne - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=852580&minnetype=lokalit... Side 2 av 2 19.11.2008 Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne - 119707-1 - Arkeologisk enkeltminne - Gravrøys - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Gravrøys Opprinnelig funksjon: Gravminne Hovedgruppe: Religion/tradisjon/hendelse Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Kvam Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Datering Datering: Jernalder Metode: Eksakt datering: Kvalitet: Utfyllende opplysninger Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6

Lokalitet - 97247 - Arkeologisk lokalitet - Bergkunst - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=706807&minnetype=lokalit... Side 1 av 3 19.11.2008 Lokalitet - 97247 - Arkeologisk lokalitet - Bergkunst - Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Bergkunst Stedfesting Fylke: Kommune: Gårdsnavn: Museumsdistrikt: Hordaland Kvam Linga store Bergen Museum Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712885.8 Øst: 8123.6 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 28.03.2006 Målemetode: 82 Direkte innlagt på skjerm Nøyaktighet (cm): 1000 Oppretting og ansvar Registrert Dato: 28.03.2006 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Jostein Aksdal Instans: Hordaland fylkeskommune Registreringstype: Andre planregistreringer Kontrollert Dato: 11.11.2008 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Elizabeth Warren og Trond Eilev Linge Instans: Hordaland fylkeskommune Utfyllende opplysninger Kilder (litteratur m.m.): Rapport 23/2008 Kultur- og idrettsavdelinga, Hordaland fylkeskommune Beskrivelse: Ein konkav bergnakke i mannshøgd har spor som kan vitne om hjorteristning, det er bakre del av dyret som er synleg, funnet er ikkje undersøkt av Bergen museum pr 07.02.2007. 11.-12. november 2008: Figuren er undersøkt i godt skrålys samt med kunstig lys i mørkre. Ein meiner å sjå bak- og framfot av eit hjortedyr. Orientering: Ristninga ligg nær sørlege enden av ein loddrett konkavforma bergvegg. Partiet like sør for figuren er sprengt vekk. Bergveggen er høgast i nord og vert gradvis lågare mot sør. Ved figuren er den drygt 1 meter høg. Like vest for bergveggen går grusvegen ned til campingplassen i ein kraftig sving. Tilhørende enkeltminner

Lokalitet - 97247 - Arkeologisk lokalitet - Bergkunst - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=706807&minnetype=lokalit... Side 2 av 3 19.11.2008 1 Helleristning AUT Tilstand registrert den 28.03.2006 Tilstand: Skjemmet Registrert dato: 28.03.2006 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Randvegetasjon (udyrket ved dyrket mark) Utførende instans: Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune Riksantikvaren, Hovedkontor Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 28.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 28.03.2006 Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne - 97247-1 - Arkeologisk enkeltminne - Helleristning - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Helleristning Opprinnelig funksjon: Bergkunst Hovedgruppe: Religion/tradisjon/hendelse Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Kvam Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6712885.8 Øst: 8123.6 Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: 21.12.2006 Målemetode: 82 Direkte innlagt på skjerm Nøyaktighet (cm): 1000 Datering Datering: Steinalder Metode: Andre

Lokalitet - 97247 - Arkeologisk lokalitet - Bergkunst - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=706807&minnetype=lokalit... Side 3 av 3 19.11.2008 Eksakt datering: Kvalitet: Usikker Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Mogleg hjortefigur, der bakre del er synleg. Storleiken på figuren er 50 cm, her er og mogleg overhogging. Staden er ikkje granska Undersøkelser: Registrert i 2005, undersøkt og dokumentert i 2006 ved foto og oppmåling. Tilstand registrert den 28.03.2020 Tilstand: Skjemmet Registrert dato: 28.03.2020 Årsak: Bygg/anlegg, industri/vei Registrert av: Jostein Aksdal Arealbruk: Randvegetasjon (udyrket ved dyrket mark) Utførende instans: Oppdragsgiver: Hordaland fylkeskommune Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 28.03.2006 Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4g Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: 28.03.2006 Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6

Lokalitet - 119682 - Arkeologisk lokalitet - Kullfremstillingsanlegg - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=852453&minnetype=lokalit... Side 1 av 3 19.11.2008 Lokalitet - 119682 - Arkeologisk lokalitet - Kullfremstillingsanlegg - Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Kullfremstillingsanlegg Stedfesting Fylke: Kommune: Gårdsnavn: Museumsdistrikt: Hordaland Kvam Linga Store Bergen Museum Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: 6713106.65 Øst: 7887.77 Metadata på digital stedfesting: Oppretting og ansvar Registrert Dato: 11.11.2008 Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Registreringstype: Elizabeth Warren og Trond Eilev Linge Reguleringsplan Instans: Hordaland fylkeskommune Utfyllende opplysninger Kilder (litteratur m.m.): Rapport nr 23/2008 Hordaland fylkeskommune Beskrivelse: Kolgropa er klar og tydeleg og lett attkjenneleg. Den har ei klar rund fordjupning i midten (om lag 40 cm djup). Vollar ser ut til først og fremst vere oppkasta mot aust og sør. Total storleik på anlegget er om lag 3 x 4,5 meter. Dei andre vegane er det plan flate. Terrengbeskrivelse: Den ligg i skog av høge gran- og furutre samt mindre lauvtre. Terrenget er svakt hallande mot SSV. Mot nordaust går ei bratt ei bratt skråning ned til ein bekk som har grave seg ned i terrenget. Avstanden til bekken er om lag 10 meter. Orientering: Kolgropa er påvist like ved vestgrensa for planområdet (dvs. grensa mot gnr 101/3) og om lag 50 meter sør for riksveg 49. Funnreferanse: C14-prøve er teke ut frå kolrinnblanda sandlag 30-45 cm under overflata i kolgropa sin indre del. Historikk/tradisjon: Om lag 80 meter nord for kolgropa, og like nord for grusvegen som avgrensar planområdet mot nord er ein hellar som går under namnet Kolhillaren. Tilhørende enkeltminner

Lokalitet - 119682 - Arkeologisk lokalitet - Kullfremstillingsanlegg - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=852453&minnetype=lokalit... Side 2 av 3 19.11.2008 1 Kullgrop AUT Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne - 119682-1 - Arkeologisk enkeltminne - Kullgrop - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Kullgrop Opprinnelig funksjon: Industri, fremstilling, produksjon. Hovedgruppe: Sekundærnæringer Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Kvam Eiendomsopplysninger Kommune: Kvam Gnr: 101 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Datering Datering: Jernalder - middelalder Metode: Typologisk Eksakt datering: Kvalitet: Sannsynlig Utfyllende opplysninger Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato:

Lokalitet - 119682 - Arkeologisk lokalitet - Kullfremstillingsanlegg - http://askeladden.ra.no/vis/lokaliteteksport.jsp?minneid=852453&minnetype=lokalit... Side 3 av 3 19.11.2008 Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6

Lokalitet 120545 - Arkeologisk lokalitet - Kolhiller Side 1 av 1 Lokalitet - 120545 - Arkeologisk lokalitet - Kolhiller Klassifisering Tilhørende enkeltminner Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Bosetningaktivitetsområde Stedfesting Fylke: Kommune: Museumsdistrikt: Eiendomsopplysninger Geometri Oppretting og ansvar Utfyllende opplysninger Hordaland Kvam Bergen Museum Kilder (litteratur m.m.): Rapport 23/2008 Kultur og idrettsavdelinga, Hordaland Fylkeskommune 120545 Bosetningaktivitetsområde 1Heller Sammendrag lokalitet Synlig over markoverflaten Vernestatus: Uavklart Lovgrunnlag: UAV Orientering: Ligg rett nord for ein grusa skogsveg som tek av nordaustover frå riksveg 49 i utmark på garden Linga Store. Funnreferanse: Det er ikkje gravd prøvestikk eller anna i hellaren. Historikk/tradisjon: Det kjennast ikkje til tradisjon på kva namnet Kolhillar knytter seg til. Det er påvist ei kolgrop (id. nr. 119682) ca 80 meter SSV for hellaren. http://askeladden.ra.no/vis/lokalitet.jsp?minneid=856152&minnetype=lokalitet 30.11.2008

LABORATORIET FOR RADIOLOGISK DATERING Ad r : Nr N U - fl åìh ä"j f ii?3å1llä JéJíSJ rrond h ei m DATERINGSRAPPORT Oppdragsgiver: Ljnge, Trond E. Horilal and Fyl keskommune/ku'l tur og j drettsavd. Postboks 7900, 5020 Bergen DF-4166 Lâb. ref. Oppdragsglvero ref. Malerlale Datert del t alder lør nåtld Kallbreil alder ðr3c ol,roo T- 19844 Idnr. 119682, kullgrop Askeladden, Linga Store Kvam, Hordal and Trekul I Bjørk, hassel furu, ei k 4.6 g 265 r 40 AD1640-1665 -26.1* Dato: 10 FEB 2009 Laboratoriet for Radiologisk Datering Stei nar