Registrering av historiske hagar i Sogn - pilotprosjekt

Like dokumenter
Registrering av historiske hagar i Sogn - pilotprosjekt

Notat om historie og kulturlandskap

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Registrering av gammel hage Hamar Kommune Sefrak registrering:

Rekonstruksjon av husmannsplass i Kringlevikjo. Gnr. 232 bnr. 5.

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Kulturhistorisk synfaring. Konsesjonssøknad- Gjerstadfossen kraftverk Osterøy kommune

NOTAT AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE. Aurland kommune Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: Oppdrag: Aurland barnehage

Vi har valt vassveiter som tema

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk BIOFORSK JORD OG MILJØ,SVANHOVD

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Ev. referanse til Kolltveit

Konkurransegrunnlag. for kjøp av. teneste med istandsetting av buføresti i Hanekamdalen i Stølsheimen. Landskapsvernområde

Løken i Førde - Skjøtselsplan

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - sankebu i Ljosdalen

Villa Solheim i Lunner kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Landbrukskontoret i Lillehammer-regionen. Velkomen. Fagkveld om miljøspørsmål i jordbruket. 8. November 2016

RJUKAN-NOTODDEN INDUSTRIARV

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Møteprotokoll. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Oddmund Klakegg Håkon Myrvang

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

6039 Langevåg Langevåg, Ålesund, Oslo

REFERAT FRÅ SYNFARING MØRKRIDSDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - YNSKJE

Kulturhistoriske registreringar

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

FORNES, gnr i Stjørdal kommune

Sluttrapport for første år av restaurering drifteveg Sunndalen

VOLLASETRA I SUNNDAL

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Sansehage Kleppheimen

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Utbetring av sikt i kryssa mellom rv. 55 og Leitevegen-Henjavegen. Saksutgreiing REGULERINGSPLAN. Rv. 55 Sognefjordvegen Leikanger kommune

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Mennesket og naturarven

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

FRUKT- OG BÆR- BOKA MI

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Informasjon og brukarrettleiing

Infotyper oppretting og vedlikehald

Retningsliner for graving i offentlig veg - NKF nettverksgruppe Veg og trafikk Hordaland

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Reiser for eksterne. Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida:

Søknad om planendring for eksisterande reguleringsanlegg i Lærdalsvassdraget.

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk

Haugen og Dalen bygdeutviklingslag Registreringsrapport

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk

Helgatun / Danielsen

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

Undredalselvi - Skade på bru E16 og geitesti på Langhuso ved avkøyrsla til Undredal - Aurland kommune

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Fuglestadelva, Hå kommune

Elvemuslingen i Dalsbøvassdraget - status per april 2010

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Grøne punkt. Områdeplan for Knarvik sentrum LINDÅS KOMMUNE. Plan ID Dato: Vedteken av kommunestyret

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kva er økologisk matproduksjon?

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Stølsheimen landskapsvernområde - løyve til utbetring av stølsstien ovanfor Negardstølen

Tilskotsordning for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar for 2018

Juvet Landskapshotell

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Setring ved Håbakkselet Hareid

Å bli gamal i eigen heim

Kulturminnearbeid i Asplan Viak. Eit fagfelt dekka av Asplan Viak

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Sverre Bjåstad. Utflyttarboka for HAREID OG ULSTEIN. med REGISTER. til BYGDEBØKENE. for. Ulstein og Hareid

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Oppstart av namnesak 2017/288 Blilie mfl. i Øystre Slidre kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Transkript:

Registrering av historiske hagar i Sogn - pilotprosjekt Husmannsplassen Henrik-Halabrekka Er huset registrert i SEFRAK: Ja Reg.nr. i SEFRAK:106-141-145 A-180 Er hagen registrert tidlegare: HSF-rapport: Leif Hauge, Kulturhistoriske undersøkingar på Helabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune, 1998 Namn: Henrik-Halabrekka Byggeår hus: Flytt til Halabrekka på slutten av 1800-talet Stilart, hus: Tradisjonell vestlandsstil Lokalt namn: Halabrekka Opphavlig funksjon: Husmannsplass Noverande funksjon: Ferieplass Eigar: Per Øvrevoll Adresse: Tønjum Brukar: Claus og Christa Lindstrøm Adresse: Bergen Stadnamn: Halebrekka Hagetype: Husmannsplass /bær - og frukthage Kommunenr: 1422 Kommune: Lærdal Kommune G.nrB.nr: 15-1 Arealbrukskategori i kommuneplanen: Bandlagt område Reguleringsformål: Kulturlandskap Vedtak dato: 16.04.91 Fotograf: Leif Hauge

Oversiktskart over Tønjum. Markert området viser registert område på Halabrekka. Informantar: Claus og Christa Lindstøm Leif Hauge Fotoarkiv referansar: Gamle hageplanar: Nei

Historikk: Det finst skriftlege kjelder frå Halabrekka tilbake til 1645. Fram til midten av førre hundreår vart Halabrekka rekna som ein plass. Seinare vart det to plasser på Halebrekka: Fremre Halebrekka og Heimre Halabrekka. Fremre Halebrekka eller Henrik-Halebrekka var den største og beste av dei to plassane(leif Hauge, 1998, Kulturhistoriske undersøkningar på Helabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune). Først dyrka husmennene på Halebrekka bygg og poteter. Elles hadde dei kyr og sauer. Den siste husmannen på Halabrekka Henrik J. Tynjahagen overtok plassen rundt 1900, saman med kona Durdei. Durdei døydde ung og syster Anna overtok hennar plass i heimen. Henrik budde på Halabrekka fram til han døydde i 1960. Dei hadde både kyr og sauer. Anna planta til ein heil kjøkkenhage med solbær-, rips- og stikkelsbærbusker. I tillegg var her frukttre som i det gunstige klimaet utvikla god frukt (Leif Hauge, 1998, Kulturhistoriske undersøkningar på Halabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune). Etter at husmannen Henrik J. Tynjahagen døydde i 1960 vart ikkje bygningane vedlikehaldne og husa forfall. Arkitekt Claus Lindstrøm såg verdiane i bygningsmiljøet og fekk overta husa mot å setja dei i stand. Etter nøye oppmålingar og registreringar vart bygningsmiljøet restaurert i 1970-80åra, og fungerer no som feriestad for familien som bur i Bergen. Hovudprinsippet for istandsetting har vore å utbetre bygningane utan å endre på den forma dei hadde i den siste tida før husmennene forlét plassen. Husmannsplassen har i dag eit totalrestaurert bygningsmiljø(leif Hauge, 1998, Kulturhistoriske undersøkningar på Halabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune). Steinarbeid av ulikt slag finst i heile nærområdet til Halabrekka. Buføringane frå gardane på Voll og Tønjum til stølsområda i Tynjadalen og lenger inne på fjellet, gjekk gjennom tunet på Halabrekka. Vegen utgjorde ei gote eller buveg. Steingardane og gotene var tidlegare enno meir framtredande, men etter noko rydding og oppdyrking på Halabrekka fyrst på 1960-talet vart ein del av steinarbeida fjerna og planert(leif Hauge, 1998, Kulturhistoriske undersøkningar på Halabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune). På grunna av nedbørsunderskot i Lærdal har kunstig vatning vore heilt nødvendig for å drive eit jordbruk. Den tradisjonelle forma for vatning er veitevatninga. Her vert vatnet ført gjennom opne veiter, grøfter og kanalar. Også på Halebrekka er det eit avansert veitesystem med inntak frå elva Kuvelda. På Halabrekka danna veitene eit nettverk med to langsgåande veiter på begge sider av enga og 9-10 veiter på tvers. I 1935 blei sambandet med elva Kuvelda brote grunna kryssande vegframføring. Etter at trykkvassleidningen vart ferdig like etter 1965, vart mykje av veitesystemet på Halabrekka pløgd opp med traktor. (Leif Hauge, 1998, Kulturhistoriske undersøkningar på Halabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune).

Opphavlig stilart: Folkeleg hage Dagens stilart: Folkeleg hage Andre endringar: Anlagt: 1645 Anlagt: Årstal: Skildring av anlegget: Det er sjeldan å sjå ein så intakt husmannsplass som på Halebrekka. Ein går til Halebrekka på ein graskledt sti gjennom ei skogkledt li-side. Når ein kjem fram til husmannsplassen, opnar det seg opp og ein får flott utsikt over bygda nedanfor. Eng-areala er tydeleg avgrensa av steingardar som er klare romdannande element. Steingardane og steingota står framleis fint, sjølv om det er nokre få utrasingar på einskilde plassar. Det går ei steinsett veit gjennom tunet. Denne er attgrodd og derfor ikkje så framtredande. Kulturlandskapet rundt blir beita, men einebusker er i ferd med å spreie seg i utkantane av enga. Ein kunne med fordel hatt eit kraftigare beitetrykk i området, ev. kombinert med slått. Ved inngangen til husmannsplassen står to gamle epletre. Eit epletre er av sorten Gravenstein. På det andre treet er det poda inn 3 forskjellige sortar; Gravenstein, Fuhr og Transparente Blanc. Desse ber framleis frukt, men er i dårleg forfatning. Elles har husmannsplassen ein eigen kjøkkenhage med kirsebærtre, stikkelsbærbusker og ripsbusker. Stikkelsbærbuskane skal vere av ein gamal sort og det er tatt stiklingar av desse som er brukt på Damsgård i Bergen (pers med Crista Lindstøm). Kjøkkenhagen vart truleg anlagt då Henrik og Anna budde på plassen (frå slutten av 1800-talet og fram til 1960). Mot muren til kjøkkenhagen veks det riddarspore. Desse skal vere gamle. Det er og planta ei buskrose og løytnantshjerte også ved muren til kjøkkenhagen. Desse har Claus og Christa Lindstrøm planta sjølv. Viktige element: Steingota gjennom tunet, steingardar Trær: Malus domestica - Gravenstein Malus domestica - tre med 3 forskjellige sortar: Gravenstein, Fuhr og Transparent Blanc Vegetasjonens tilstand: Bra, bortsett frå epletrea Vedlikehald: middels god Busker: Juniperus communis - Einer Ribes rubrum - Rips Ribes uva-crispa - Stikkelsbær Detaljer: Steinlagt veit Gamle frukttre og bærbuskar Sauder: Delphinium x cultorum - Ridderspore Dicentra spectabilis - Løytnantshjerte (ny) Prunus cerasus - Surkirsebær Rosa sp. - Klatrerose(ny) Synfaring, namn: Husmannsplassen Henrik - Halebrekka Andre tilstadeverande: Hans Tønjum Synfaring med fagperson, namn: Synfaringsreferanse: Gyril Fimreite Dato:09.10.08 Andre opplysningar: Dato: Vernevurdering: Høg