Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN rigmor.hanssen@granvin.kommune.no Rektor mobil: 40403885 Assisterande rektor mobil: 40403884 Informasjon til heimane, november 2017 Hausten er på hell, og det nærmar seg førjolstid. Dette er for mange ei tid med ulike gjeremål som går att frå år til år, og slik er det på skulen òg. Me held læringstrykket oppe, men til dels gjennom litt andre aktivitetar enn elles i året. Datoar og opplegg rundt advent og jol: Ungdomssteget avviklar heildagsprøvar/ tentamen i tida 23. november 12. desember. Inni mellom tentamen og anna vurderingsarbeid, skal ungdomsskulen ha felles jolekalender med ulike aktivitetar. 1.-4. klasse besøkjer sjukeheimen og syng for dei som bur der, og planen er å ta ein tur i løpet av desember òg. Tysdag 5. desember kjem barnehagen og deltar i jolebaksten saman med 5. klasse. Torsdag 7. desember er det julevandring for elevane i 1. klasse, i lag med fyrsteklassingane frå Brakanes skule. Dette året vert det i Ulvik kyrkje. Elevane møtest i kyrkja for å vera deltakarar i skodespelet om joleevangeliet. Dei får på seg kostymer; som gjetarar, englar og dei 3 vise menn med gull, røykelse og myrra. Presten fortel historia, så syng og spelar elevane hendinga, som ender med at Maria og Josef sit i altarringen ved krubba med Jesus-barnet i. Etterpå får elevane stilla spørsmål, og då kjem det ofte mange kloke tankar. Granvin barne- og ungdomsskule ser på denne aktiviteten som ein del av skulen sin generelle kultur- og tradisjonsformidling. Den faglege forankringa ligg i den generelle delen av læreplanen. Sundag 10. desember kl. 18.00 er 5. klasse inviterte til ljosmesse i Granvin kyrkje. Dette er eit arrangement med mykje song og musikk. Det er adventstid og kyrkjelyden syng jolesongar og lyttar til tekst-lesingar. Det har vore ein tradisjon at elevane i 5. klasse er med på dette. Kontaktlærar vil øva inn tekstane med elevane. Det vil verta ei øving i kyrkja, i skuletida, saman med prest og organist for dei det gjeld. Meir informasjon vil koma i eit eige brev med invitasjon frå presten. Måndag 11. desember vert det jolecup og joleverkstad for mellomsteget.
Onsdag 13. desember vert det tradisjonell Lucia-markering på skulen. Det er 1. klasse som går Lucia-tog. Torsdag 14. desember bakar 9. klasse jolebakst i lag med 1. klasse, og seinare på dagen skal 1. 4. klasse ha joleverkstad i kunst- og handverkstimane. Torsdag 14. desember vert det jolekonsert for kulturskulen, kl. 18.00 i gymsalen. Mange aktørar skal i elden, og me satsar på godt oppmøte! Onsdag 20. desember er det tilbod om skulegudsteneste kl. 8.45. Dette er ei markering skulen har delteke i som ei fast ordning i fleire år. Dei som ikkje vert med i kyrkja, får eit alternativt og likeverdig opplegg på skulen. I år vil me tenna ljos, snakka saman om glede og takksemd og kanskje lesa ei juleforteljing i lag. Sjå vedlegg 1 for påmelding til begge deler. Granvin barne- og ungdomsskule har ikkje jolegudstenesta som avslutning av året, men eit tilbod onsdag 20.desember om morgonen. Skulen held fram heilt til fredag 22. desember. Onsdag 20. desember er det òg joleavslutning for 1. -7. klasse. Det er vara-medlemene i FAU og 6. klasse foreldre som arrangerer. Klassane har ansvar for program. Torsdag 21. desember er det vinterball for 8.-10. klasse. Her er det klassekontaktane i 8.-10. klasse som har ansvar for å laga til maten. Dei skal delta heile kvelden, og også syta for at det vert rydda mest mogleg etter ballet. Elevrådet tar seg av handling, pynting og program. Elevrådskontakt vert med heile kvelden, i tillegg til lærarar frå ungdomssteget. Fredag 22. desember vert det felles joletregange for heile skulen. Alle elevane går saman med fadrane sine. Etter gangen rundt joletreet, vert det eit grautmåltid for alle elevane. Ungdomsskulen held fram med felles aktivitetar resten av dagen. SFO og aktivitetar fram mot jol: Me vil minna om at SFO har fått eige fag på It`s learning. Her kan de sjå kva aktivitetar som er planlagd, få informasjon om forskrifta, søkja om plass, prisar osv. Faget er ope for alle foreldre i 1.-4. klasse. Hugs at det går an å kjøpa enkeltdagar på SFO for dei som ikkje er der fast. Når det er spesielle aktivitetsdagar på SFO, er det ikkje henting før klokka 15.45. Det er fordi me må få litt tid til å vera ilag, før borna vert henta. Av spesielle aktivitetar fram mot jol kan me nemna: 27. november vert det bading. I desember vert det turar til Nissesteinen. Kanskje me finn spor etter nissen? 21. desember er det avslutning på SFO. 22. desember er siste dagen med SFO før jol. Henting som vanleg.
Eit av høgdepunkta i skulekvardagen denne hausten, var kvelden med open skule. Me sette stor pris på alle som kom
Me nyttar høvet til å ynskja ei god advents- og førjolstid; frå sjefsnissen og hennar trufaste medarbeidarar Granvin barne- og ungdomsskule 17.11.2017 v/rigmor Hanssen
Vedlegg 1: SVARMELDING SKULEGUDSTENESTE/ALTERNATIVT OPPLEGG Må levera til kontaktlærar snarast: skal skal vera med på skulegudstenesta onsdag 20. desember vera med på alternativt opplegg onsdag 20.desember Underskrift av foreldre/føresette: