Program 2013 vinter - vår - sommar - haust



Like dokumenter
Program 2012 vinter vår sommar haust

HAUST. VINTER. VÅR. i vakre Geiranger 2018/19

VINTER. VÅR i vakre Geiranger 2018

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

CHRISTMAS DINNER & SHOW

ROGSTADMOEN LODGE. Innlosjering og begivenheter ved Gaulas elvebredd. Rogstadmoen 7295 Rognes, Norway» rogstadmoenlodge.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

HOTELL & RESTAURANT KURS & KONFERANSE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

HJERTELIG VELKOMMEN. til en stemningsfull adventstid hos oss!

Utgave nr. 1 PRISLISTE. HOTELL, HYTTER OG LEILIGHETER FERIE OG FRITID 1. utgave

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

3 smaksrike juleopplevelser. En forsmak på julens kulinariske opplevelser. Ta julebordet med dine venner, familie eller kolleger på Farris Bad.

Hva kan Kulinarisk Akademi Mathallen tilby deg?

Sommartur til Sverige,

CHRISTMAS LIKE THE ONES YOU USED TO KNOW

mmm...med SMAK på timeplanen

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Juvet Landskapshotell

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Å vandre i kulturlandskapet er en opplevelse du kan leve lenge på Fysisk utladet og mentalt fornyet

KURS & KONFERANSE kursv1.indd :10

Roleg fjordvandring i UNESCO verdsarvområdet. Vandring, sightseeing på Geirangerfjorden og ein smak av lokal produsert mat!

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Imola hotel platan, det ultimate sted for SPA-og behandlingsreiser

VENEZIA OG LIDO. Mange har forsøkt, men i virkeligheten kan ingen by sammenligne seg med La Serenissma Venezia!

WIEN MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

Minnebok. Minnebok NYNORSK

DITT KONFERANSEHOTELL

Wien - musikkens og romantikkens hovedstad september 2016

Til deg som bur i fosterheim år

JULEMARKED I LÜBECK. Vi fortsetter suksessen fra de tre siste årene. Bli med på et førjulseventyr til hansabyen Lübeck!

Månadsbrev for Rosa september 2014

JULEMARKED I LÜBECK. Vi fortsetter og utvider suksessen fra i fjor med et ekstra døgn i Lübeck. Bli med på et førjulseventyr til hansabyen!

Nytt: SMAK OG BEHAG HELG Kr

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE.

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Europas ukjente Mat & vintur til Budapest og Eger

Stort utvalg av fine familiehotell

Velkommen til songarstemne i Florø!

OPERA I HAMBURG. På denne reisen skal vi nyte og oppleve! Filharmonisk kammerkonsert i selve Elbphilharmonie og operaen Fidelio på Staatsoper Hamburg.

Oslo Airport Hotell konferansetilbud. Tlf I I

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Plassebakken Barnehage

En samarbeidspartner på vegen året rundt

EGER Europas ukjente perler

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

Påskeprogram Vrådal. I Vrådal kan du stå på ski og spille golf på samme dag!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Hotell i Montenegro. Fasiliteter. 20m 50m Nei Ja Ja Ja Ja Ja Ja Ja Ja Ja Ja Ja

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Velkommen til årsmøteweekend. Alexandra Loen mars 2017 NLF, avd. Hordaland NLF, avd. Sogn og Fjordane NLF, avd Møre og Romsdal

/

La Bella Italia BLI MED TIL MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA SLOW TRAVEL, SLOW FOOD, SLOW LIFE

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SICILIA ET ITALIENSK ØY-EVENTYR

SINGELTUR TIL SARVAR

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Den beste opplevelse er den du er med å skape selv

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SJARMERENDE GDANSK MED ANDREA BOCELLI

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

PROGRAM VINTERFERIEN Fra februar tilbyr vi et variert program med mange spennende aktiviteter for liten og stor.

SINGELTUR TIL VENETO-KYSTEN

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

W W W. H OT E L - N O R G E. N O

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Lorem Ipsum Dolor. [Insert Date] PÅ SYKKEL I PROVENCE. Overnatting. Reisefakta. Sykkelreiser Vin & mat. Kort beskrivelse av området

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

velkommen til det lille personlige hotellet på Lampeland

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

TVSTUER og PUB er åpen i åpningstidene for de som vil følge sport eller andre ting på tv Vi har kanalene som viser fotball også.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Påske i Vrådal. Velkommen til Vrådal påsken 2018.

Transkript:

Program 2013 vinter - vår - sommar - haust

Konferanse på Union Stor kapasitet, unike omgjevnader, profesjonelt og moderne. Velkomen til ei nyoppussa konferanseavdeling med moderne møte- og utstillingslokale, businessenter og eigen konferansevert. På Union får du den aller beste ramma rundt arrangementet ditt. Her høyrer inspirerande omgjevnader, god mat og felles aktivitetar med til det gode møtet. Vi kan: styremøte, kurs, events, konferansar, medlemsmøte, landsmøte, kongressar, selskap og feiring. I 2013 tilbyr vi fleire ulike konferansepakkar, for å gjere det endå lettare for deg å planlegge eit vellukka arrangement. Nonsmat Vi høyrer mykje godt om den tradisjonsrike sunnmørske nonsmaten vår. Dette er eit godt lite ettermiddagsmåltid med m.a. heimebaka brød, nykokt kaffi, heimelaga syltety og litt søtmat. Spesialtilbod I perioden frå januar til mars spanderer vi nonsmat i Konferansepakke Union og Konferansepakke Aktiv. KONFERANSEPAKKE ØKONOMI* frå kr 1295,- Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering. KONFERANSEPAKKE UNION frå kr 1395,- Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering. KONFERANSEPAKKE AKTIV* frå kr 1450,- Inkl. fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, kaffi tilgjengeleg, kake dag 1 og 2, gratis parkering, 1 valfri aktivitet (Nordic Walking, spa, vinsmaking, kønnjøl og neip eller guida fottur. Kan variere med sesong). KONFERANSEPAKKE BUSINESS frå kr 1690,- Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, frukt og snacks, kaffi, te, mineralvatn, juice, nonsmat og sjokolade frå eige konditori. KONFERANSEPAKKE GOURMET frå kr 2690,- Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon med gourmet mat- og vinoppleving i Mollaløa, møterom dag 1 og 2, gratis trådlaust nettverk, frukt og snacks, kaffi, te, mineralvatn, juice, nonsmat og sjokolade frå eige konditori. Prisane gjeld per person i standard enkeltrom per døgn. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no.

Vi skal oppfylle små og store draumar Det er tid for gode stunder. For late dagar, avkopling og vakre utsikter. For god mat og lange samtalar. For venskap, energi og latter. For gamle vinar, ny romantikk og årgangskjærleik. Når du endeleg kan setje av tid til deg sjølv, til din kjære eller til gode vener, då er Union der for å oppfylle nett din draum. Vårt ynskje er at eit opphald hjå oss vil gje deg den gode stunda. Her kan du tulle deg inn i badekåpa og gle deg over varme opplevingar i Union Bad & Spa. Utandørs kan du nyte verdsarvnaturen. Det blå vinterlyset, fossebruset om våren, den frodige sommaren og fargespelet om hausten. Innandørs kjenner du varmen og atmosfæren, unner deg ei spa-behandling med kjærasten, lærer om franske vinar eller hudpleie. Kjøkenet sørgjer for spennande, lokal mat og vin frå vår eigen vinkjellar. Vi dekkjer eit romantisk bord for to, pyntar for jubilanten eller førebur venekveld i intime restaurant Julie eller koselege Mollaløa. Velkomen! UNIONSOPPHALD MIDTVEKE frå kr 990,- Per person i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn. *Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no SPAOPPHALD MIDTVEKE* frå kr 1490,- Per person i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad & Spa og 2 stk 25 min. spabehandlingar, eller 1 stk 50 min. SENIORPAKKE MIDTVEKE* frå kr 850,- Per person i dobbeltrom eller enkeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. HELGEOPPHALD VINTER VÅR frå kr 2395,- (jan-mai 2013) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Sjå temahelgar for program. HELGEOPPHALD HAUST frå kr 2850,- (aug nov 2013) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Sjå temahelgar for program. FJORDPASS* frå kr 825,- Per person i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad. SOMMARPAKKE frå kr 1335,- Per person i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, inngang Union Bad og 1 valfri aktivitet. (spa, nordic walking, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk)

Familieopphald på Union Skap dei gode minna for deg og familien. Vi ynskjer heile familien velkomen til Hotel Union og eit velfortent avbrekk frå kvardagen. Her er det lett for små og store, unge og eldre å hyggje seg samtidig. Fasilitetane på hotellet lokkar til både aktivitet og kvile, og naturen rundt hotellet er fantastisk. Nyt det gode måltidet, roa og dei frydefulle augneblinkane saman med dine nære og kjære. UNION BAD & SPA Union Bad har herlege fasilitetar for barn og vaksne. Utandørs (34 c) og innandørs basseng (32 c), eiga barneavdeling (34 c), sauna og kvilestolar. I SPA-avdelinga kan du nyte avkopling og massasje. Unn deg den gode stunda med opplevingsdusjar, damp, varme og vatn. Ta deg tid til ei velgjerande behandling. UNION BARNEKLUBB Kom og bli med på klubb i vinterferien, påskeferien eller haustferien! Vi har tryllekurs, danseskule, ansiktsmaling og og buttonsverkstad i påska. Gle deg til nye vener og mykje moro! Hotel Union har eiga skytebane, biljard- og bordtennisbord og eiga barneavdeling i Union Bad.

vinterferie Velkomen til ein ferie med mange familieaktivitetar, gode matopplevingar og eigen barnebuffé. Vi har leikerom, skytebane, diskotek, basseng og barneklubb. Opplev den blå timen - ei magisk naturoppleving for små og store, der vi byr på lett utemat og ein spennande rattkjelketur. I heile vinterferien inviterer vi dei vaksne inn i Union Spa med fri entré. Prøv også Nordic Walking ei effektiv og sosial treningsform som passar alle fysiske nivå. Vi har broddar og truger. Kort veg til gode skiløyper. FAMILIEPAKKE (2 vaksne og 2 barn) frå kr 1990,- Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike aktivitetar for vinterferien. Sjå detaljert program på hotelunion.no SENIOR frå kr 850,- Per døgn, per person i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. PALMEHELG MED TOPPTUR Denne helga byr vi på mange aktivitetar, god påskemat og underhaldning. Det blir yoga, spa, matkurs og vinsmaking, og vi inviterer dei vaksne gjestane med på ein spennande topptur med DID Adventure. Det vil bli foredrag, afterski og bildeframsyning. DID Adventure stiller med erfarne guidar, som har fokus på tryggleik, meistring og gode opplevingar. Union ligg berre litt over ein time frå Strandafjellet. PALMEHELGA 22.-24. MARS frå kr 2395,- Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, ulike aktivitetar og inngang Union Bad. Barn gratis. (Ekstraseng Frå kr 285,- per døgn). PÅSKEFERIE Sjølv om snøen smeltar ved fjorden, har fjellet framleis rikeleg med snø. Her er utfordringar nok for erfarne friluftsfolk, og flotte preparerte løyper for mosjonistar. Det er tid for frisk luft og avkopling. Appelsin og kakao i solveggen, gode måltid og eit vårleg bad i hotellhagen. Hotel Union er også eit ypparleg utgangspunkt for spaserturar og Nordic Walking. På påskeprogrammet står mange spennande aktivitetar for både born og vaksne. Sjå hotelunion.no for detaljert program. SØNDAG 24. - SKJÆRTORSDAG 28. mars FAMILIEPAKKE (2 vaksne og 2 barn) frå kr 1990,- Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. INDIVIDUELLE frå kr 990,- Per person i dobbeltrom inkludert middag, frukost og Union Bad SENIOR frå kr 850,- Per døgn, per person i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. SKJÆRTORSDAG - PÅSKEDAG frå kr 1250,- Per person, per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad og ulike påskeaktivitetar. Sjå detaljert program på hotelunion.no Barn gratis. (Ekstraseng Frå kr 285,- per døgn). SOMMARFERIE Bu godt og rimeleg hjå oss i sommarferien. Nyt fasilitetane på hotellet; eit godt måltid på terrassen, ein symjetur i bassenget, fjordutsikta og den internasjonale stemninga. Ta verdsarvnaturen i bruk. Kva med eit fjordcruise, besøk på fjellgardane eller kajakkpadling på fjorden? Om du nyttar deg av sommarkampanjen vår, kan du sove og ete godt på hotellet, og delta på ein av dei utvalde sommaraktivitetane våre. SOMMARPAKKE frå kr 1335,- Per person i dobbeltrom, inkludert frukost, middag, Union Bad og 1 valfri aktivitet (spa, nordic walking, kajakk, fjordsightseeing eller gardsbesøk) LUNSJ OG BADING Ta ein dagstur til Geiranger og nyt feriestemninga på Hotel Union. Pakkepris lunsj og bading (2 vaksne og 2 barn) frå kr 1090,- 2-retters lunsj, per vaksen frå kr 265,- FJORDPASS frå kr 825,- Per person i dobbeltrom, inkludert frukost og inngang Union Bad. Gjeld i kampanjeperiodar. Sjå hotelunion.no HAUSTFERIE Velkomen til ein hyggjeleg haustferie i Geiranger. Kos deg i Union Bad & Spa. Vi har symjebasseng og utandørs terapibasseng, og du kan velje mellom mange gode behandlingar. Bli med på ein flott fottur med guide, eller ta eit kurs i stavgang. Du kan også vere aktiv innandørs. Vi har skytebane, treningsrom, bordtennis og biljard. Og vi har luftige salongar og skjerma sitjegrupper, perfekte for lange samtalar eller ei god bok. For borna har vi leikerom, barnebasseng, Playstation, diskotek og barneklubb. SØNDAG - fredag FAMILIEPAKKE (2 vaksne og 2 barn) frå kr 1990,- Per døgn i dobbeltrom, inkludert middag, frukost, inngang Union Bad, og ulike aktivitetar for haustferien. Sjå detaljert program på hotelunion.no INDIVIDUELLE frå kr 990,- Per person i dobbeltrom inkludert middag, frukost og Union Bad SENIOR frå kr 850,- Per døgn, per person i dobbeltrom eller enkeltrom inkludert middag, frukost og inngang Union Bad. fredag - SØNDAG HELGEOPPHALD frå kr 2850,- Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Barn gratis. (Ekstraseng Frå kr 285,- per døgn). Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn.

Firmatur Skal du arrangere firmatur i 2013? Fortel oss kva som er føremålet med firmaturen din, så kan vi setje saman eit arrangement som passar perfekt til akkurat di gruppe. På Union har vi lang erfaring med firmaturar, kickoff, jubileum og samlingar. Vi kjem gjerne med framlegg til gode felles opplevingar og den rette balansen mellom fag, inspirasjon og kos. Kva med fjordgardsbesøk, topptur, Nordic walking, spa, vinsmaking, gourmetkveld. Er de ute etter noko heilt spesielt? Mogelegheitene er mange, og når du legg arrangementet til Hotel Union, kan du vere trygg på at arrangementet blir vellukka. JUBILEUM På Union har vi fasilitetar og omgjevnader som passar perfekt til feiring og høgtid. Våre planleggarar legg alt til rette for deg, og veit at alle detaljar er viktige for eit godt arrangement. Ta kontakt for tilbod. JULEBORD frå kr 3250,- Per person i dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev julebordsaktivitetar. (Sjå julebordsprogram på hotelunion.no) Ta kontakt med salsavdelinga vår på telefon 70268300 eller epost geiranger@hotelunion.no for eit godt tilbod. FEIRING Familieselskap, jubileum, dåp eller lansering. Store dagar blir minnerike når du legg feiringa til Hotel Union Geiranger. Her finn du fasilitetar og omgjevnader som innbyr til trivsel, hyggje og høgtid. Vi skreddarsyr arrangementet ditt slik du ynskjer det, dekkjer for intime selskap eller store bankettar. Vi gjer ekstra stas på jubilanten, spanderer oppgradert rom og pyntar bordet med blomar og lys. I Geiranger vil du finne aktivitetstilbod som passar alle. Eit opphald i Union Bad & Spa vil gjere opplevinga endå større - for både små og store gjester. BRYLLAUP Til kyrkja i blankpolert veteranbil - med vind i sløret og bankande hjarte. Strålande smil på kyrkjetrappa og vakker utsikt over Geirangerfjorden. Fotografering ved Knuten eller Flydalsjuvet, medan gjestene nyt ein aperitiff i hotellhagen. Stilfull og romantisk oppdekking på Hotel Union. Bryllaupsmeny og bryllaupskake frå dyktige kokkar og konditorar. Musikk og dans i nattklubben eller i eige festlokale. Samle nære og kjære i Mollaløa kvelden før bryllaupet med spekemat og rjomegraut eller skaldyrsmeny. Lad opp til den store dagen med herleg stell, brudepynting og draumespa. Nyt kjærleiken i brudesuiten, og få frukosten servert på rommet. Kva er dykkar draum? Vi veit at det er summen av dei små detaljane som skapar dei store opplevingane. Vi har hovmeistrar som hjelper dykk - frå planlegging til gjennomføring. Minna vil vare livet ut. Bryllaupspakke Inkludert i pakken per person frå kr 1090,- Aperitiff, 3-retters middag, vinpakke, avec, kaffi, dans til husorkester i danserestaurant. (Hotellets val).

Vinkelnerane våre tek deg gjerne med i Union sin vinkjellar.

Temahelgar HELGEOPPHALD VINTER/VÅR frå kr 2395,- (jan - mai 2013) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fre - laur: kr 990,- pp. Laur - søn: kr 1405,- pp. HELGEOPPHALD HAUST frå kr 2850,- (aug - nov 2013) Per person i dobbeltrom, inkludert 2 middagar, 2 frukostar, inngang Union Bad, ev. temaaktivitetar. Fre - laur: kr 1190,- pp. Laur - søn: kr 1660,- pp. Sjå hotelunion.no for program til temahelgane. JANUAR 11.-13. januar Spahelg Velkomen til ei sanseleg helg, der vi inviterer deg inn i Union Spa med fri entré. Rune Haram frå Sørengarden held foredrag om gourmetbiff. Hotellets eigne vinkelnerar inviterer til vinsmaking. Det vert yogakurs, show med Kjell Kjellen Bigset og buffé med biff som tema. Bli med på Nordic Walking eller nyt nokre timar i Union Spa. Dans til orkester. Båttransport: Hellesylt-Geiranger fredag, retur frå Geiranger søndag. Pris t/r, inkl. busstransport til og frå Hotel Union: kr 400,- 18.-20. januar Showhelg Denne helga kan du oppleve standup-showet Krig med Terje Sporsem, ein av landets mest populære komikarar. Det vert unionsbuffé og mange aktivitetar: vinsmaking, Nordic Walking, yoga og dans til orkester. Union Bad & Spa ynskjer deg velkomen til velfortent kvile, vatn og varme. 25.-27. januar Jentehelg Velkomen til ei herleg jentehelg med trening og kosthald som tema. Helle Bornstein held inspirerande foredrag og treningsøkter. Av aktivitetar kan du m.a. få med deg pilates, yoga, vanngym og Nordic Walking. Babor kjem for å rettleie og halde kurs i hudpleie. Laurdag er det vinsmaking. Det vert moteshow med Cabal Modeller, Siri Man+Woman og Platou Sport. Dans til orkester og sjølvsagt god tid til å lade kropp og sinn i Union Bad & Spa. FEBRUAR 1.- 3. februar Mat- og vinhelg Velkomen til ei helg med smak av Italia. Det blir italienske retter på bufféen og vinkart med italiensk fokus. Denne helga blir det også matkurs. Ver med på ei reise i Piemonte med vinleverandør frå området. 8.-10. februar Unionshelg Velkomen til ei lun vinterhelg i Geiranger. Nyt nokre gode timar i Union Bad og Spa, ta ein frisk tur i det blå vinterlyset, kos deg med smakfulle måltid og godt selskap. VINTERFERIE Sjå hotelunion.no for vinterferieprogram. Sjå også eige avsnitt i programmet. MARS 1.-3. mars Standup-helg Velkomen til ei helg der latteren sit laust. Det vert standup-show med Gustav Nilsen. Av aktivitetar kan vi mellom anna freiste med Nordic Walking, vanngym, yoga. 8.-10. mars Damenes helg Denne helga kan vi kombinere kvinnedagsfeiring med velfortent hyggje og avkopling. Vi har fokus på nyting, og inviterer til yoga, zumba og Nordic Walking. Det vert halde sminkekurs og vinkurs, og på menyen har vi fokus på sjømat med sushi. Moteshow og foredrag med suksessbedrifta KO:KO. 15.-17. mars Gardsmat Denne helga set vi fokus på lokal mat i verdsklasse. Laurdag bognar bufféen av lokale spesialitetar. Vi får besøk av lokale matprodusentar og råvareleverandørar, og kjøkenet byr på spanande smaksopplevingar, basert på våre aller beste råvarer. Nyt ei seinvinterhelg med god mat, Nordic Walking, vanngym og eit besøk i Union Bad & Spa. PÅSKEFERIE Sjå hotelunion.no for vinterferieprogram. Sjå også eige avsnitt i programmet.

APRIL 12.-14. april SCRAPPEHELG Klippe, lime, brette, skrive, pynte, pusle... Er du glad i scrapbooking, er dette helga for deg. Vi byr på spennande foredrag og inspirerande tips frå dei aller beste. Nyt ei hyggeleg og kreativ helg saman med andre scrappeglade. Tilbod om Nordic walking, vanngym og fotturar. God mat og drikke. I Union Bad & Spa ventar den gode stunda. MAI 3.-5. mai Aktivitetshelg Vi inviterer deg til ei aktiv vårhelg. Bli med på topptur på ski eller fottur til ein av fjordgardane. Det vert temaforedrag, Nordic Walking og sjølvsagt høve til å besøke Union Bad og Spa. 17.-20. mai Pinse Legg pinseturen til vakre Geiranger. Lad batteria i Union Bad & Spa, eller nyt den storslegne naturen. Vel mellom mange flotte turstiar og joggeløyper. Spør oss om tilhøva i fjellet, eller be om tips til dagsturar med bil eller båt. Guida fottur til ein av fjordgardane og til Storseterfossen. 3-døgnspris: frå kr 2950,- per person i dobbeltrom, inkludert 3 middagar, 3 frukostar og inngang Union Bad. JUNI - JULI - AUGUST Sjå hotelunion.no for sommerferietilbod. Sjå også eige avsnitt i programmet. SEPTEMBER - OKTOBER 20.-22. september Havets festbord Denne helga serverer vi retter frå havets spiskammers. På bufféen finn du alt frå tradisjonelle fiskeretter og skaldyr til nye smakskombinasjonar og moderne sushi. Vin frå vår eigen vinkjellar høyrer med. Ta deg også tid til nokre gode timar i Union Bad & Spa. 4.- 6. oktober Gardsmatbuffé Vi får besøk av lokale matprodusentar og råvareleverandørar, og kjøkenet byr på smaksopplevingar basert på våre aller beste råvarer. Nyt ei lun hausthelg på Union med god mat, Nordic Walking, vanngym og eit besøk i Union Bad & Spa. 11.-13. oktober Retter frå 4 verdshjørne Velkomen til ei ny og spennande temahelg, med retter frå fire verdshjørne på bufféen. Gle deg til mat frå Amerika, Europa, Asia og Arktis. Det blir kokkekurs for både vaksne og barn. HAUSTFERIE 4.-13. oktober Sjå hotelunion.no for haustferieprogram. Sjå også eige avsnitt i programmet. NOVEMBER 1.-3. november Førjulshelg Velkomen til ei lun novemberhelg i Geiranger. Ta ein pause frå julestria, og unn deg ei velfortent stund i Union Bad og Spa. Nyt naturen og den blå timen, ta ein tur med truger og stavar eller kanskje ein rattkjelketur. Innandørs kjenner du roa senke seg, og du kan nyte god mat og god samvere. Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn.

JULEBORD 15. november 22. desember Tradisjonen: Julebord på Hotel Union Geiranger har vorte tradisjon for svært mange. Vi fyrer i peisen, tenner lys og ynskjer deg velkomen til eit julepynta hotell. Maten: Sjølve julebordet får stå i sentrum i julebordstida. Vi nyttar mange av dei gode, velprøvde oppskrifter, men komponerer også nye rettar av dei aller beste råvarene. Smak på spesialitetar frå nabogardane, pinnekjøt, lutefisk og vår eigen heimerøykte laks. Her er alt du kan tenkje deg av vilt og sjømat, og kaldtbordet fyller vi med lammerull, gås, salatar, sild og mykje meir. Konditoren byr på herlege kaker, dessertar, terter og julegodter. Julehuset: Julehuset i Mollaløa gjer vi om til gourmetbutikk, med eit smakfullt utval av matgåver. Lun stemning, smaksprøver og gode historier. Kosen: Desse helgane har vi fokus på innekos, og ei god stund i Union Bad & Spa vil gje deg velfortent avkopling og kvile. Opplev geirangernaturen i førjulstida. Vi tilbyr tur med stavar kvar julebordshelg. JULEBORDSHELG frå kr 3250,- Per person i dobbeltrom, inkludert middag fredag, julebord laurdag, 2 frukostar, inngang Union Bad og ev julebordsaktivitetar. (Sjå julebordsprogram på hotelunion.no) Prisane gjeld per person i standard dobbeltrom per døgn.

VELKOMEN! Foto: Geir Magne Sætre, Frank Stenersen, Rune Hagen, Terje Rakke/Nordic Life, Damian Heinisch Hotel Union, 6216 Geiranger. Norway Telefon +47 70 26 83 00, Fax +47 70 26 83 50, E-post: geiranger@hotelunion.no www.hotelunion.no