Medlemstilbod. Informasjon om. 2686 Lom Telefon: 954 06 419 E-post: gudbrandsdalen@lr.no Heimeside: http://gudbrandsdalen.lr.no



Like dokumenter
Kap 1 Innleiande fastsettingar

---- For bondens beste ---

(Styrerommet FK Molde er ikkje tilgjengeleg før etter påske.)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

1. januar 2009 fusjon mellom LR Fosen Forsøksring Ytre Sør-Tr. forsøksring Orklaringen Tr.lag landbruksrådgivning

Figur 1. Tur for dei tilsette

ALT DU TRENGER TIL DIN PLANTEPRODUKSJON

---- For bondens beste ---

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

Nasjonalt pilotprosjekt

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Rådgiving i landbruket

Rådgiving i landbruket

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET. Fjellandbruk er framtid November. er 2016

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Satsning på økologisk korndyrking. - Hva gjør Felleskjøpet Agri. ved Amund Dønnum Prosjektleder

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Forsøksringane i Gudbrandsdalen

Rådgiving og forsøksvirksomhet i landbruket LandbruksFAg nr 8/ desember

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

MØTEINNKALLING FOR FORMANNSKAPET

Satsning på økologisk. - Hva gjør Felleskjøpet Agri

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Torsdag 10. mars 2016 kl på Bryne Kro & Hotell

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Haugaland landbruksrådgjeving Side - 19

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

Vefsna Forsøksring. Innhold: Fôr ønskes kjøpt Arrangementer i løpet av våren og sommeren

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

Hedmark Sau og Geit. Årsmøte 5. mars SAKSLISTE. 1. Opprop av utsendinger. 2. Godkjenning av innkalling og sakliste.

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11. Mars Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg 2 Fax VÅGÅ

NLR Østafjells en oversikt. Magne Heddan Daglig leder

Oppland som foregangsfylke for korn. 4 årig prosjekt ( )

Interesselaget for farga spælsau

1. januar 2009 fusjon mellom LR Fosen Forsøksring Ytre Sør-Tr. forsøksring Orklaringen Tr.lag landbruksrådgivning

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

Ringbladet. Medlemskriv for Haugaland landbruksrådgjeving. Nr februar årgang

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Norsk Landbruksrådgiving

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter for Norsk Landbruksrådgiving Nord Trøndelag

ÅRSMØTE I RING 41/AVLSUTVALGET 18/ PÅ QUALITY HOTELL, ØYER.

Unios vedtekter. nynorsk utgåve

Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling

Velkommen til årsmøte

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Nytt til næringslivet April 2014

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Rapport Levande jord. Ane Harestad 1

Årsmøte - Innkalling Fredag 10. februar 2017 klokka 18:00 i Åheimsbuda

Referat. -- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Referat frå styremøte 10. april 2018

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Fjellandbruket. Oppdal og Rennebu

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

Vedtekter for Vestland SV

Nytt fra NLR Østafjells

Nye satsingar for landbruksrågivinga. Landbrukskonferanse Hordaland 15.februar 2017 Dagleg leiar Liv Lyngstad, NLR Vest

Fortid & notid for framtid

Protokoll. Vedtak: Protokoll frå styremøte på Gardermoen er godkjent.

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Delrapport Levande jord

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Årsmelding 2015, Haugaland landbruksrådgjeving

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

Årsmelding 2010

Informasjon om 2686 Lom Telefon: 954 06 419 E-post: gudbrandsdalen@lr.no Heimeside: http://gudbrandsdalen.lr.no Alle våre rådgivarar har grunnkunskap om plantedyrking. Fagområda som er sett opp nedanfor, er kvar enkelt sitt spesialområde. Vi kjem til å kutte ut fasttelefonane etter kvart, ring derfor direkte til rådgivarane på mobil! Rønnaug Mona; 954 06 419 dagleg leiar ronnaug.mona@lr.no Bjørn Lilleeng; 975 68 008 grovfôr, gjødslingsplanlegging bjorn.lilleeng@lr.no Eivind Bergseth; 952 00 352 korn, teknikk eivind.bergseth@lr.no Ingebjørg Ekre; 416 44 625 gjødslingsplan, miljøplan ingebjorg.ekre@lr.no Leif Martin Svisdal; 917 84 188 grovfôr, vånd leif.martin.svisdal@lr.no Jan-Erik Mæhlum; 975 51 501 potet, grovfôr, økologisk landbruk jan.erik.mahlum@lr.no Sigurd Eggen; 922 41 345 gjødslingsplan, miljøplan, BSF, KSL, hest sigurd.eggen@lr.no Hege Sundet; 952 08 633 økologisk landbruk hege.sundet@lr.no Gudbrand Hyrve; 909 14 142 økonomi gudbrand.hyrve@lr.no Oddvar Eriksen; 970 84 251 innleid konsulent økonomi oddvar.eriksen@lr.no Medlemstilbod Som medlem i NLR Gudbrandsdalen, har du tilbod om å kjøpe tenester av oss til medlemspris. Hugs, det er pengar å spare på god rådgiving! Vi tek 400 kr/time, tida vi nyttar på reise er gratis. Tenester til timepris Økonomirådgiving, Miljøplan/Kulturlandskap, KSL, Grøfteplanlegging, Søknader, Anna rådgiving etter ønskje. Tenester til fastpris - Gjødslingsplan, 200 kr + 25 kr/skifte - Uttak av fôrprøver, 1 gratis besøk, 400 kr for neste besøk. Analysene kostar de sjølve. - Funksjonstesting av åkersprøyter, 1.500 kr - Økologisk rådgivingstimar, 100 kr/time Spesialtilbod på uttak fôrprøver Dei som vil vere med å vege rundballane ved fôrprøveuttak, får teke ut prøvene gratis i vintersesongen 2010/2011 mot at vi får nytte resultata frå fôrprøvene. Analysene kostar de sjølve. Økologisk førsteråd Dette er ei uforpliktande vurdering av føresetnadane for omlegging til økologisk drift på din gard. Byggteknisk planlegging Landbruksrådgivinga har overteke denne tenesta frå FMLA. Vi samarbeider med Hedmark Landbruks-rådgiving om dette tilbodet. Ring grønt nr 800 30 678. Medlemskontingent 2011 Vi vil snart sende ut medlemskontingenten for 2011. Kontingentsatsane er uendra frå 2010. Ver vennleg å hald betalingsfristen slik at vi slepp unødig arbeid med purring. Forsøksmelding På grunn av at vi får tildelt svært få forsøk, trykker vi ikkje ei eiga forsøksmelding. Forsøksresultata blir i staden presenterte i medlemsskriva etter kvart som resultata blir klare. E-postadresse og mobilnummer Dersom du ønskjer å motta e-postmeldingar innanfor fagområda grovfôr, korn og potet i vekstsesongen, send e-postadresse og fagområde du ønskjer å få tilsendt til gudbrand.hyrve@lr.no. Er du usikker på om vi har mobilnummeret ditt, eller har du fått nytt nummer, send namn og mobilnummer til Gudbrand Hyrve på mobil 909 14 0142 Redaktør/layout: Rønnaug Mona, tlf. 954 06 419

Innkalling til årsmøte i Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen Felleskjøpet Otta 31. mars kl 12. Fullstendige sakspapir med årsmelding og revidert rekneskap for 2010, budsjett og arbeidsplan for 2011, blir lagt fram på årsmøtet. Dei som ønskjer det, kan få tilsendt sakspapir på e-post eller pr brev ved å ta kontakt på gudbrandsdalen@lr.no eller 954 06 419. Årsmelding og arbeidsplan blir lagt ut på http://gudbrandsdalen.lr.no under fana organisasjon og undermappe årsmøte. Her finn du også gjeldande vedtekter. 1 Velje møteleiar, referent og to personar til å underskrive protokollen. 2 Innkalling og dagsorden. 3 Årsmelding. 4 Rekneskap. 5 Fastsette kontingent for 2012. Styret ber om fullmakt til å fastsette kontingenten for 2012. 6 Fastsette honorar til styret etter forslag frå valnemnda. 7 Budsjett og arbeidsplan. 8 Forslag om vedtektsendringar. o 6a Endring av ordlyd: NLR Gudbrandsdalen blir leia av eit styre på 5. Fire av representantane (erstattar ordet styremedlemmane ) blir valde av årsmøtet blant medlemmane, og ein blir vald av og blant dei tilsette. Styremedlemmane blir valde for to år og leiar for eitt år. Utanom leiaren, som blir vald på årsmøtet, konstituerer styret seg sjølv. o 9 Val: Vi bytter plass på 9a og 9b og endrar ordlyd på gamle 9b som hadde ordlyden Val av styreleiar blant styremedlemmane for eitt år. Endringsforslag som leggast fram for årsmøtet: - 9a Val av styreleiar for eitt år. - 9b Val av styremedlemmar for to år. 9 Val a) Val av styremedlemmar for to år. b) Val av styreleiar blant styremedlemmane for eitt år. c) Val av tre varamedlemmar til styret for eitt år. Varamedlemmane skal veljast i nummerrekkjefølgje. d) Val av revisor for eitt år. Styret foreslår dagens revisor: Tundrali Revisjon, Skjåk. e) Val av medlem i valnemnda for tre år. Valnemnda består av 3 representantar, valde blant eigarane. Funksjonstida er tre år. Medlemmen med lengst funksjonstid fungerar som leiar av valnemnda. f) Val av ein varemedlem til valnemnda for eitt år. 10 Instruks for valnemnd. Ingen endringsforslag. Det blir servering på møtet. Felleskjøpet Otta gir 20 % rabatt på arbeidsklede til medlemmar i NLR Gudbrandsdalen i samband med deltaking på årsmøtet. Innstilling frå valnemnda til årsmøtet i NLR Gudbrandsdalen Johan Brandstad, gjennvalg som styreleder for 1 år. Anders Norderhus, gjennvalg som styremedlem for 2 år. Tore Rune Kummen, ny styremedlem for 2 år etter Solveig Storlien. Dag Høiholt-Vågsnes, styremedlem, ikke på valg. Cecilie Asp, gjennvalg som 1. varamedlem til styret. Syver Veggum, gjennvalg som 2. varamedlem til styret. Tommy Enersgård, gjennvalg 3. varamedlem til styret. Valgkomiteen innstiller på vidreføring av dagens satser for godtgjørelse: - Fast årlig lederhonorar 7.000 kr - Møtehonorar pr dag 1.500 kr - Møtehonorar for møter under 4 timar 750 kr - Kjøring etter statens satser. Valgkomité: Ola Kvarberg (leiar), Bjørn Hage og Anton Bakken

Årsmelding for Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Gudbrandsdalen 2010 Organisasjon NLR Gudbrandsdalen vart stifta 18.03.2010 med attendeverkande kraft til 01.01.10. Hovudkontoret er lokalisert i Lom kommune i Oppland fylke, med avdelingskontor i kommunane Lesja og Vinstra. Formålet til NLR Gudbrandsdalen er å utvikle kunnskap innan økologisk og konvensjonelt landbruk og landbrukstilknytte næringar gjennom forsøk, rådgiving og anna arbeid å drive opplysnings- og rådgjevingsarbeid til beste for medlemmane å fremje eit miljø- og ressursvennleg landbruk der produksjonen er mest mogleg basert på lokale ressursar, og der det er viktig å stimulere til samspel mellom jord, mikroorganismar, planter, dyr og menneske å vere framtidsretta og leiande innan landbruksrådgjeving i vårt område Stiftingsmøte/Årsmøte NLR Gudbrandsdalen vart stifta 18. mars 2010 på Norlandia Otta Hotell, Otta. Åtte med stemmerett og fire tilsette var til stades på stiftingsmøtet. Dei fire einingane som vart slått saman, hadde i tillegg eigne årsmøte i førekant av stiftingsmøte der endeleg avgjerd om oppløysing vart teke. - Lesja og Dovre Forsøksring, Joramo Utmarksenter, Dombås, 15.mars - Midt-Gudbrandsdal Forsøksring, Landbrukssenteret, Vinstra, 15. mars. - Øko-Gudbrand Forsøksring, Fossberg Hotell, Lom, 12. mars - Ottadalen Forsøksring, Vågå Hotell 17. mars. Tillitsverv 2010 Namn Kommune Verv Johan Brandstad Vinstra Styreleiar Solveig Storlien Lom Nestleiar Dag Høiholt-Vågsnes Lillehammer Styremedlem Anders Norderhus Lora Styremedlem Eivind Bergseth Sør-Fron Tilsettrepresentant Cecilie Asp Sel 1. vara til styret Syver Veggum Otta 2. vara til styret Tommy Enersgård Dovre 3. vara til styret Ola Kvarberg Vågå Valnemnd, leiar Bjørn Hage Dombås Valnemnd Anton Bakke Fåvang Valnemnd Sigurd Sveen Skjåk Vara til valnemnd Eivind Øvrelid Anders Formo Hanne Myroldhaug Skjåk Sel Gausdal Økologisk fagråd Økologisk fagråd Økologisk fagråd Revisor Tundrali Revisjon, Skjåk

Styremøte NLR Gudbrandsdalen har hatt eitt interimstyremøte, to kortmøter og to ordinære styremøte i 2010. Viktige saker det m.a. er arbeidd med har vore: - Økonomistyring - Personalsaker - Internkommunikasjon - Arbeidsinstruks - Profilering - Prosjekt - Strategiplan - Høyringsuttale om rammetilskot Personalsituasjon/arbeidsmiljø Rønnaug Mona; Dagleg leiar, 60 % stilling fram til 31.05.10, 70 % stilling frå 01.06.10. Leigast ut i 15 % stilling til Fagbladet Økologisk Landbruk (økonomi og grafisk design). Sigurd Eggen; Assistent, 80 % stilling. Gudbrand Hyrve: Økonomirådgivar/assistent, 60 % stilling. I tillegg til føring av eige rekneskap, fører Gudbrand rekneskapet for BSF Nord-Gudbrandsdal. Jan-Erik Mæhlum; Rådgivar, 100 % stilling. Hege Sundet; Rådgivar, 80 % stilling fram til 31.08.10, 100 % stilling frå 01.09.10. Delvis fødselspermisjon fram til 21. mars 2010. Leigast ut i 35 % stilling som redaktør i Fagbladet Økologisk Landbruk. Leif Martin Svisdal; Rådgivar, 100 % stilling fram til 15. mars 2010, 50 % stilling frå 16. mars 2010 (permisjon i 50 %). Ingebjørg Ekre; Assistent, 40 % stilling. Bjørn Lilleeng; Rådgivar, 100 % stilling. Eivind Bergsett; Rådgivar, 50 % stilling. Arbeidsmiljøet er travelt, men godt. Vi har ikkje hatt skader eller ulykker i året som har gått. Medlemmar Pr 31.12.2010 har vi 1223 medlemmar. Kontingentsatsen for 2010 var 650 kr i grunnkontingent + ein arealavhengig sats på 3 kr/daa. Økonomi Regnskapet vart gjort opp med eit overskot på 218 515 kr. Rammetilskotet utgjorde i 2010 berre 20,7% av dei totale inntektene. Støtta frå kommunane og næringslivet er derfor svært viktig. I tillegg er vi avhengige av å hente inn middel frå ulike prosjekt for å halde oppe dagens aktivitet. På utgiftssida utgjorde løn og sosiale utgifter dei største utgiftene. Støttespelarar i 2010 Kommunale bidrag Skjåk kommune Vågå kommune Lom kommune Lesja kommune Dovre kommune Sel kommune Nord-Fron kommune Sør-Fron kommune Ringebu kommune kr 54.000 kr 50.000 kr 50.000 kr 40.000 kr 30.000 kr 21.000 kr 32.000 kr 21.000 kr 5.000 kr

Bidrag frå lokalt næringsliv Norgesfôr Ottadalen Fron Traktorservice Ringebu og Fåvang Innkjøpslag Vinstra Bruks Mølle Heidal Innkjøpslag Felleskjøpet Agri Lom Regnskap Lesja Fjellstyre Dovre Fjellstyre 15.000 + 72.000 for prosjektarbeid 2.050 kr 2.600 kr 2.000 kr 2.100 kr 5.000 kr 1.000 kr 15.000 kr 15.000 kr Dette er svært viktig støtte og NLR Gudbrandsdalen takkar for alle bidrag. Medlemskontakt Det er sendt ut 5 medlemsskriv i 2010. Vi opplever positive attendemeldingar på medlemsskrivet. Rådgivarane er til for medlemmene, og vi ønskjer at flest mogleg tek kontakt om ulike faglige spørsmål. Mange av førespurnadane i vekstsesongen gjaldt plantevern i gjenlegg, varig eng og beiter, virus, tørråte og andre sjukdommar i mandel og i korn. Som i tidligare år, skriv vi vekstrapportar i Nationen i lag med andre rådgivingseiningar i Norge. Jordprøvetaking og gjødselplanlegging Det er tatt ut jordprøver frå 1034 skifte og lagt 665 gjødslingsplanar. 658 jordprøver ble tatt i Ringebu, Fron og Sel fordelt på om lag 90 medlemmer. Det er teke ut 105 jordprøver i Lesja og Dovre. Det er teke 271 jordprøver i Ottadalen. Vi skulle gjerne sett at tal gjødslingsplanar var høgare. Alle som har kontakta oss, har fått utarbeidd plan. Grovfôrkvalitet Dei tilsette har tatt ut prøver av grovfôret hos medlemmene. Samtidig fekk mange veid rundballane slik at antall FEm/ rundball kan reknes ut. Dette gir eit grunnlag for å diskutere pris pr rundballe ved kjøp og sal av grovfôr. Forsøk For resultat sjå medlemsskriv. Grovfôrdyrking blir stadig meir nedprioritert på landsbasis og tilbodet om grovfôrforsøk frå Bioforsk er svært avgrensa. Vi har hatt følgjande forsøk i 2010: - Utprøvingsfelt for AKKU, Lars Eivind Sulheim, Lom - Testing av grovfôrkvalitet av 2.slått, Rolf Berge, Sør-Fron - Såing av forsøk med ulike kløversorter, T.J.Sveen, Heidal - Test av hundegrassorter og frøblandinger, Kvebu, Sør-Fron - Test av hundegrassorter og frøblaninger, Nils Hage, Skåbu - Bløtgjødsel og mineralgjødsel til eng; Ola Listad, Sør-Fron - Måling av næringsinnhold i husdyrgjødsel og talle - Tidlige byggsorter, Olav Røssum, Kvam - Sorter og arter av korn, Olav Røssum, Kvam - Egg av havrebladlus på hegg - Registrering av bladslusangrep i korn, K.Joten, Vinstra - Utprøving av timoteisorter, Barlund, Skjåk - Utprøving av gamle kornsorter, 5 gardsbruk i Skjåk - Bløtgjødsel og mineralgjødsel til eng; Gudbrand Hyrve, Skjåk - Kvalitet i bygg og havre til mat, Tore Rune Kummen, Skjåk - Registrering av beiteskade av vilt, Hans Gjerdet, Skjåk - Virusregistrering i mandelpotet, Sel, Skjåk, Lom, Vågå, Sør-Fron - Kvitkløversortar saman med nordlege grassortar, Elisabeth Holsbrekken og Anders Vatle, Lesja

Faglege arrangement i regi av NLR Gudbrandsdalen og andre arrangement der NLR har halde foredrag Dato Arrangement Arr: Til stades 18.01 Møte med NLR G. og Åse Flittie A.,TINE fag, Otta TINE BL,EB,JEMSE, SE 08.03 Autorisasjonskurs, Vågå NLR Gudbrand SE 09.03 Autorisasjonskurs, Dombås NLR Gudbrand SE 11.03 Autorisasjonskurs, Vinstra NLR Gudbrand EB 15.03 Autorisasjonskurs, Vågå NLR Gudbrand SE 16.03 Autorisasjonskurs, Dombås NLR Gudbrand SE 16.03 Autorisasjonskurs, Vinstra NLR Gudbrand EB 17.03 Plantevernmøte Otta med FK Felleskjøpet SE 25.03 Autorisasjonskurs, praksisdag, Otta NLR Gudbrand EB 25.03 Jord-og plantekultur Furuset slakteri BL 26.05 Plantevern og klimatiltak ved tidleg våronn, øko, hos Kjellfrid NLR Gudbrand/ HS og Sigmund Bråtet, Lom Lom Hagelag 27.03 Autorisasjonskurs, Vinstra NLR Gudbrand EB 19.04 Våndmøte, Vågå NLR Gudbrand LMS, SE 22.04 Våronnmøte korn, Sør-Fron NLR Gudbrand EB 26.04 Våronnmøte korn, Otta NLR Gudbrand EB,JEM 27.04 Våronnmøte grovfôr, Lesja NLR Gudbrand LMS, EB 26- Kurs SMIL Toten Fylkesmannen SE 27.05 04.06 Innmarksbeite for sau, øko, hos Kjetil Korsrud, Fåberg NLR Gudbrand HS 10.06 Rotugras i korn, øko, hos Anders Formo, Sel NLR Gudbrand HS, JEM 16.06 Grasdemonstrasjon hos Ivar Viste, Vågå Akershus traktor BL, SE 17.06 Grasdemonstrasjon hos, Lesja Akershus traktor BL, LMS 17.06 Grasdemonstrasjon, Dombås Felleskjøpet JEM 01.07 Markvandring i korn, Sør-Fron og Ringebu NLR Gudbrand EB 06.07 Markvandring i korn, Selsvollene NLR Gudbrand EB 08.07 Spreiing av gylle på grasmark, hos Gudbrand Hyrve, Skjåk NLR Gudbrand JEM, GH 22.07 Ugrashandtering i eng hos Rune Møller, Lesja NLR Gudbrand EB, BL, LMS 22.07 Ugrashandtering i eng hos Knut Egil Rykhus, Dovre NLR Gudbrand EB, BL, LMS 09.08 Ugrashandtering i eng hos Anders Opsahl, Sør-Fron NLR Gudbrand EB, BL 10.08 Kulturlandskapskurs Vaset Fylkesmannen SE 11.08 Beitekurs sau del 2, Børdalen, Sør-Fron NLR Gudbrand BL 26.08 Markdag i potet, Hans Ulmo NLR Gudbrand JEM 27.08 Kornprod. Agronomklasse, O Røssum, Kvam NLR Gudbrand BL 31.08 Kulturlandskapsvandring, Øvre Kjæstad, Kvam NLR Gudbrand/ BL Fron Historielag 31.08 Markdag i kornforsøksfelt, Kvam NLR Gudbrand EB 25.09 Førebyggande plantevern, Pløyekurs hos Knut Bay, Frya NLR Gudbrand BL, EB 28.09 Guiding for Bioforsk økologisk Bioforsk JEM 04.10 Førebyggande plantevern, Pløyekurs hos Rune Nørstegård, NLR Gudbrand LMS Lesja 05.10 Førebyggande plantevern, Pløyekurs hos Jo Kolbjørn Sulheim, NLR Gudbrand JEM, SE Lom 10.10 Studietur med tema økologisk grønsaksproduksjon til NLR Gudbrand HS, JEM Fokhol, Stange og Heinrich Jung, Arneberg 18.10 Restaurering av våtmarksområder, Anders Formo, Sel NLR Gudbrand BL 20.10 Nedfelling av husdyrgjødsel, demonstrasjon av møkkspreder NLR Gudbrand JEM, BL hos Atle Talleras, Dovre 27.10 Potetdyrking, øko, hos Jan-Erik Mæhlum, Skjåk NLR Gudbrand HS, JEM 02.11 Haustsamling korn, Otta NLR Gudbrand EB 03.11 Haustsamling korn, Vinstra NLR Gudbrand EB

03.11 Dyrevelferd hos sau/fjøsløysingar, øko, hos Kai Valbjør, NLR Gudbrand HS Vågå 23.11 Økologisk korndyrking, Felleskjøpet på Otta NLR Gudbrand HS, JEM 23.11 Økologisk korndyrking, Kommunehuset i Sør-Fron NLR Gudbrand HS, JEM, EB 07.12 Våndmøte, Lom NLR Gudbrand SE, LMS, JEM 16.12 Våndmøte, Heidal NLR Gudbrand BL 17.12 Våndmøte, Dombås NLR Gudbrand LMS Deltaking på kurs og møte Dato Arrangement Arr: Til stades 12.02 Meir og betre grovfor, Ås UMB BL 15-16.02 Fagkurs økonomi NLR GH 18-19. 02 Kurs for daglege leiarar NLR RM 17.03 Jord-og plantekultur, ensilering FK BL,EB, IE 23.-24.03 Årsmøte og seminar i Økologisk Landbruk ØLog SJH HS 11-13.04 Studietur til Trøndelag for styre og tilsette. Mål teambygging NLR Gudbrand og organisasjonsbygging 15.04 Fagmøte Heidal FK BL 14.05 Web-publisering, Hamar NLR HS, RM 08.06 Planleggingsmøte økologisk landbruk i Hedmark og FMLA RM Oppland, Lillehammer 22.-23.06 Fagsamling økologisk korn og oljevekstar, Romerike NLR HS 31.08 Fagdag - maskindemonstrasjon og potetlager, Oppdal Oppdal LR JEM 18.-20.10 Kurs levende jord ved Elaine Ingham, Drammen FMLA Buskerud HS 20.-22.10 Kurs for nyansatte, Gardermoen NLR HS 15-16.11 Rådgivarsamling, Stjørdal NLR BL, EB, JEM, RM 17.11 Dyrking av fôr til hest, fôring av hest, Stjørdal NLR BL 25.11 Skifteplan v/ Per O Lindemark NLR Gudbrand BL,EB,IE 28.-29.11 Kontaktmøte, Hamar NLR HS 06.12 Kulturlandskap og miljøtiltak, Lillehammer FMLA BL, SE 14.12 Biologiske ensileringsmidler, Lillehammer Grovforutvalget BL, JEM, HS Prosjekt Våndprosjektet Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom, Oppdal Landbruksrådgivning og FMLA Oppland, med økonomisk støtte frå Dovre Kommune, Lesja Kommune, Sel Kommune, Vågå Kommune, Folldal Kommune, Oppdal Kommune, Lom Kommune, FMLA Oppland og Regionale BUmiddel. har prosjektleiinga. Prosjektet starta i 2009 og skal gå ut 2011. I 2010 har storskalaforsøket på Dovre der vi testar ut ulike tiltak mot vånd, gått vidare. Prosjektgruppa har i tillegg arbeidd for å legge ut felt med meir effektive middel i 2011. Erik Christiansen er engasjert og vi håper på støtte frå Bioforsk Plantehelse til å legge ut forsøk der ein testar ut ulike middel mot vånd. Det er arrangert 4 informasjonsmøte i tillegg til informasjon på andre arrangement. Prosjekt med tema virus i mandel Hovedmålet med prosjektet er å øke kunnskapen hos potetdyrkere omkring potetsjukdommer generelt og virus spesielt for å sikre økt potetkvalitet, høyere avling og bedre økonomisk resultat for den enkelte. Gjennom prosjektet ønsker vi å sette fokus på opplæring av den enkelte gårdbruker. Den enkelte gårdbruker skal selv kunne få nok kunnskap til å sette inn alle forebyggende tiltak for å bedre kvaliteten på egen potetavling, spesielt med tanke på virus. Det skal utvikles et rådgivingsopplegg som i første omgang skal nyttes i Gudbrandsdalen, men som vil være lett å overføre til andre distrikt. Målgruppen for prosjektet er mandelpotetdyrkere i Gudbrandsdalen, med potensial for å utvide nedslagsfeltet gjennom opplæring av rådgivere i andre distrikt. Prosjektet startet i 2008 og ble avsluttet i 2010.

Prosjekt gamle kornsortar Prosjektet starta i 2008 og vart avslutta i 2010. Prosjektet vart støtta økonomisk gjennom Regionale BU-middel. Målet var å vidareutvikle driftssystem som stimulerer til produksjon av gamle kornsortar og opprette samarbeid med lokale omsettingskanalar. Totalt har det vore prøvedyrking av 20 ulike sortar av kveite, bygg (inklusiv Skjåkbygg), spelt og rug (inklusiv Svedjerug). Det er arrangert fagturar og fagmøte for å auke kunnskapsnivået og interesse rundt dyrking og bruk av gamle kornsortar. Trass i jamt over god kvalitet på kornet, har det vore vanskeleg å få til faste omsettingsavtalar. Bygg til mat NLR Gudbrandsdalen er innleid for å faglig følgje opp korndyrkere i dette prosjektet. Prosjektet er i regi av Norgesfôr Ottadalen Mølle og prosjektleder er Sigbjørn Oppheim, Vågå Næringshage. Målet er å dyrke lokal bygg av så god kvalitet som mulig til Skjåkmjøl, byggryn og til bruk i gjærbakst. Nasjonalt Pilotprosjekt Kostnadseffektive og lågtekniske bygningsløysingar for økologisk mjølkeproduksjon, Økofjøs Dette er eit prosjekt støtta av SLF med delfinansiering frå TINE som har gått over fire år, prosjektet vart avslutta i 2010. Vi har leig inn Hedmark Landbruksrådgiving ved byggrådgivar Øyvind Schiager til å drive prosjektet i 2010. Hovudmålet med prosjektet er å oppretthalde økologisk mjølkeproduksjon på mindre bruk også etter at det blir krav om lausdrift, gjennom å kome med løysingar for å redusere byggekostnadane ved nybygg eller ombygging. I eit tett samarbeid med brukarane og innleidde fagfolk på bygningsteknikk og lokal plantekultur, vil prosjektmedarbeidaren kome fram med så konkrete tekniske løysingar som mogleg. Her er det snakk om alt frå funksjonelle og dyrevenlege innreiingsløysingar, praktiske løysingar for lufting/bygging av luftegard, fôringsløysingar til meir omfattande endringar som total ombygging eller nybygg. I tillegg vil tilrettelegging for beite i inn og utmark stå sentralt i all planlegginga. Det er i 2010 laga planar for 13 bygg. Økologisk Førsteråd Gardens moglegheiter og avgrensingar kartleggjast saman med gardbrukarens motivasjon og ønskje. Rådgjevinga i samband med eit Økologisk Førsteråd er gratis og uforpliktande for gardbrukaren. NLR Gudbrandsdalen utførte 11 Økologisk Førsteråd i 2010. Prosjektet er i regi av Norsk Landbruksrådgiving sentralt. Rådgjevingstimar Prosjektet gjev gardbrukarar som har lagt om garden til økologisk produksjon eller som driv og legg om garden til økologisk, tilbod om tett oppfølging og rådgjeving på spesielle utfordringar ved deira drift. 6 timar rådgiving er prosjektfinansiert, timar utover dette betalast av gardbrukaren. NLR Gudbrandsdalen har avslutta 1 rådgjevingsavtale i 2010. Prosjektet er i regi av Norsk Landbruksrådgiving sentralt. Prosjektet Dyrkingsgrupper NLR Gudbrandsdalen har i 2010 hatt 4 dyrkingsgrupper. Det er til saman arrangert 9 møte i samband med dyrkingsgruppene. Prosjektet er i regi av Norsk Landbruksrådgiving sentralt. RE-modell Re-modellen ein samarbeidsmodell for å auke kunnskapen om og motivasjonen for omlegging til økologisk kornproduksjon. Re-modellen fokuserar på moglege samarbeidsfordelar i høve til utveksling av husdyrgjødsel og plantemateriale. I 2010 starta vi arbeidet i kommunane Vågå/Sel og Sør-Fron/Ringebu. Det vart informert om økologisk kornproduksjon på markdagar og arrangert to fagmøte der alle kornprodusentar i dei fire kommunane vart inviterte. Vi følgjer opp arbeidet med Økologisk Førsteråd til dei som ønskjer det. Det skal også arrangerast eit økologisk kornkurs i 2011. BSF Sigurd Eggen er BSF-kontakt Nord-Gudbrandsdal. Kursaktiviteten dala mykje i 2010 i høve til 2009 da dyrevelferdskursa var i gang. Jeger og gjetarhund er største aktivitetane 2010. BSF ND har i år administrert 20 kurs med knapt 100 deltakere.

Arbeidsplan 2011 Medlemsskriv, utgjevingsplan Nr Skrivefrist Utsending seinast 1 14. februar; årsmøteinnkalling, forsøksresultat 23. februar 2 14. mars; våronn, forsøksresultat 23. mars 3 12. mai 20. mai 4 25. august 2. september 5 24. oktober 1. november Gjødslingsplanlegging o Det er eit mål at vi skal leggje følgjande tal gjødslingsplanar i 2011 Lesja/Dovre 170 stk Midtdalen 550 stk Ottadalen 230 stk Totalt 950 stk Arrangement o Vi har planar om å arrangere følgjande møter/ fagdagar i 2011 Innstilling og bruk av sentrifugalspreiar (2 markdagar) Våndmøter Gjødslingsplankurs for å tilpasse/endre gjødsling fortløpande. Førebyggande plantevern, tre stk. Dyrkingsfelt: grøfting, pakking. Botanisering, alternative bekjempingsmåtar. Pløyekurs, tre stk. Kjell Mangerud og FK er aktuelle som instruktørar. Siljehaugen DGI, 3 demonstrasjonar Innstilling av åkersprøyta Førebyggande plantevern i potet. Kloakkslam: bruk og verknad, demonstrasjon på forsøksfelt Møter med Åshild Randby, tema meir og betre grovfôr, Hestemøte o Kurs Beitekurs storfe Beitekurs småfe Økologisk kornkurs Optimal korndyrking Autorisasjonskurs plantevern Prosjekt o Vånd o Rundballeensilering, økologisk o Økologiske rådgivingsprosjekt Økologisk Førsteråd Rådgivingstimar, 6 timar prosjektfinansiert 10 rådgiving for dei som har lagt om/skal legge om. Økoplan, hjelp til å utarbeide plan ved innmelding i Debio. Gruppebasert rådgiving (fagmøter) Korn Sau Grønsaker/Potet Grovfôr o Re-modell, Omlegging til økologisk kornproduksjon. Forsøk o Frå Bioforsk 6-radsbygg, eitt felt 2-radsbygg, eitt felt Kløversortar sådd i 2010 2 hundegrasforsøk, går vidare frå tidlegare år Timoteisortar, eitt felt Mineral og svovel og husdyrgjødsel Bygg og havre til mat Økologiske kornfelt Kvitkløversortar anlagt i 2009 o Forsøk frå Buskerud, bruk av kompostekstrakt i korn. o Eigne forsøk Deltaking på kurs/møte første halvår o Kurs i Økoplan og rådgivingsmetodikk, Hege o Nasjonalt potetseminar, Jan-Erik o Rådgivarsamling Hest, Sigurd o Bioforsk-Konferansen, Jan-Erik held foredrag og deltek ein dag. o Leiarskule NLR, 4 todagarssamlingar i 2011, Rønnaug o Mediearbeid, Hege o Levende jord, oppfølgingskurs, Hege o Kornkonferanse, Eivind o Fagseminar i samband med årsmøtet i Økologisk Landbruk, Hege og Jan-Erik o Oppdateringskurs i Agroøkonomi, Gudbrand o Kurs i skattereglar i regi av Bondelaget, Gudbrand

BONDENS TRYGGE VALG ALT DU TRENGER TIL DIN PLANTEPRODUKSJON Såvarer Gjødsel Plantevern Kalk Mikronæring Ensilering Desinfeksjon VI HAR OGSÅ www.dmt.no 11 www.norgesfor.no