Ny kurs for Hordaland Hordaland er eit fylke med gode føresetnadar for å skapa ei trygg og god framtid for innbyggjarane våre, og Vestlandet er framtidas region. Samstundes står vi overfor viktige vegval om korleis vi skal løysa morgondagens oppgåver. Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet vil ta djerve grep for å sikra Hordaland ei berekraftig framtid med fokus på nyskaping, gode klimaløysingar og trygge fellesskap. For å få til dette er vi avhengige av at alle forvaltningsnivå samarbeider og gjer sin del av jobben. Staten må forplikta seg til å bidra positivt innan klima, miljø og kollektivpolitikk. Samarbeidspartia ynskjer å flytte noko ansvar mellom utvala under fylkestinget, og gje dei følgjande namn: Utval for Kultur-, Idrett- og Regional utvikling Utval for Miljø- og Samferdsel Utval for Opplæring- og Helse Vestlandsregionen Fylka som utgjer Vestlandsregionen deler mange moglegheiter. Felles moglegheiter treng felles arenaer. Tida er inne for å realisere ein folkevald region på Vestlandet. Hordaland har no eit politisk fleirtal som ynskjer tre folkevalde nivå. vera aktive pådrivarar for å samle vestlandsfylka, og erstatta fylkeskommunane med regionar. Vi ynskjer at ein vestlandsregion skal vera eit pilotprosjekt at ein regionreform omfattar ein forvaltningsreform med nye oppgåver til regionane vera ein pådrivar for å styrkje Bergen sin posisjon som Vestlandets hovudstad og som den største motoren på Vestlandet arbeida for at fleire statlege arbeidsplassar skal flyttast til Hordaland Miljø og samferdsel For at vi skal nå måla om reinare luft og reduksjon av klimagassutsleppa, må vi gjera nye og modige grep, dette for å lukkast med ein miljøvenleg transportsektor og eit framtidsretta næringsliv. Partia meiner at ansvaret for kollektivtrafikken framleis skal liggja hjå fylkeskommunen, og er oppteken av at ansvaret ikkje vert smuldra opp. Det trengst meir samhandling mellom Bergen kommune og fylkeskommunen, og vi vil jobbe aktivt for å skapa fleire felles møtearenaer mellom by og fylke. Frå 1.1.2016 er det planlagt innføring av rushtidsavgift i Bergen. Samarbeidspartia vil prioritere eit kollektivtilbod med fleire ekspressbussar, som eit reelt alternativ til bilen. Partia vil fortløpande evaluere innføring av rushtidsavgift, og vurdere nye tiltak for å få fleire kollektivreisande. Partia vil også be om ei sak om rabatterte priser for samkøyring i rushtida. Vedtaket om reklamefinansiert byromsmøblar skal reverserast. Vidare forpliktar partia seg til å ikkje auka kollektivsatsane meir enn den årlege prisstigninga.
Vi vil få til eit taktskifte i klima- og miljøarbeidet gjennom ein ambisiøs bruk av klimaplanen for Hordaland fylkeskommune byggje bybane til alle bydelar og framskunda byggjestart til Åsane i dialog med Bergen kommune vurdere moglegheiter for omprioriteringar i Bergensprogrammet frå investering og drift, til styrking av kollektivtrafikken auke midlane i regional transportplan til punktutbetring og vedlikehald på fylkesvegnettet forbetra dagens anbodssystem på kollektiv og auke ruteproduksjonen på dei mest brukte rutene i bergensregionen at det vert etablert ei lågutsleppssone i Bergen for å redusera luftforureininga betre framkomsten for bussane i bergen sentrum i dialog med Bergen kommune og Statens Vegvesen forenkla sone- og takstsystem for kollektiv og redusera antal soner etablere einingstakst mellom Arna-Bergen sentrum fjerna nattaksten på kollektivreisar stimulera til auka kollektivbruk blant ungdom ved å forbetre dagens ungdomskort satse på meir miljøvennleg kollektivtransport på sjø arbeida for E16 veg og bane, E39, E134, samt rassikring og trygge skulevegar ikkje innføre reklamefinansierte byromsmøblar, men vil prioritere utbetring og vedlikehald av busskur ha eit forpliktande samarbeid med Bergen kommune for å betre luftkvaliteten og fortsette elektrifisering av Bergen Havn sikra at framtidige anbod i kollektivsektoren stiller krav om miljøvenleg teknologi at ferjeflåten og snøggbåtane i Hordaland skal fornyast med ny miljøvenleg teknologi, som til dømes batteriteknologi arbeida for ei prøveordning med lading av elbilar på ferjer gjennomgå dagens ordningar for elbil og sikra gode fordelar for både elbil og hybridbilar Opplæring og helse Læring og kunnskap er avgjerande for den enkelte og for at vi kan skape nye arbeidsplassar. Det er i dag for mange som ikkje fullfører utdanninga, og det må på plass omfattande tiltak for å få til ein kraftig reduksjon av fråfallet. Dei tre partia er samd om å gjennomgå og forbetre dagens inntaks- og finansieringsmodell. Partia vil arbeide fram tiltak for å redusera fråfallet basert på kunnskap, og erfaringar ifrå andre fylker. Vi vil ha fokus på yrkesfagopplæringa, og sikra fleire lærlingplasser i samarbeid med kommunar og lokalt næringsliv. Partia vil sikra elevar i Hordaland høgt læringsutbytte, og sikra eit godt arbeidsmiljø for lærarane og anna personale. Vi vil setje ned ei arbeidsgruppe som skal fremja konkrete forslag for å fjerne tidstjuvane i skuleverket. sikra flest mogleg utdanningstilbod i nærleiken av heimstaden, og gje skulane føreseielege økonomiske rammer arbeida målretta med å redusere fråfall
oppretta eit elev- og lærlingeombod gje det nye mobbeombodet ei sentral rolle med å utvikle eit enda betre system for å hindra mobbing i den vidaregåande skulen styrkja skulehelsenesta i den vidaregåande skulen med eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane, deriblant samarbeid om skulepsykologar arbeida for fleire lærlingeplassar og sikra at alle fylkeskommunale anbod stiller krav om at verksemda er godkjend lærlingebedrift og fortrinnsvis ha lærlingar på det aktuelle prosjekt styrkja fagopplæringa og TAF-linjene (teknisk allmennfagleg linje) i samarbeid med lokalt næringsliv og kommunane sikra at alle elevar får opplæring i trafikktryggleik leggja til rette for sterke næringsklynger gjennom å etablere samarbeid mellom vidaregåande skule, næringsliv, høgskule, universitet og frivillige organisasjonar sikra retten til ideelle ikkje-kommersielle friskular, men sei nei til etablering av nye kommersielle friskular Førebyggjande helsearbeid og tannhelse Hordaland Fylkeskommune skal vera ein aktiv pådrivar for å fremja og koordinera folkehelsearbeidet i fylket. Vi vil ha ein desentralisert tannhelseteneste, som sikrar eit godt tilbod til prioriterte grupper som born, eldre og funksjonshemma. at det gjennom all samfunnsplanlegging vert lagt til rette for auka fysisk aktivitet for alle ha målretta tiltak for å redusera bruk av rusmiddel og tobakk, bl.a. fleire rusfrie arenaer at alle innbyggjarane i heile fylket skal ha tilgang til offentlege tannklinikkar innan akseptabel reisetid at rett til tannhelsetilbod vert gjort kjend for aktuelle grupper Flyktningar Hordaland fylkeskommune har mykje eigedom som kan nyttast til både midlertidig og meir permanent busetjing av flyktningar. Vi vil ha ein gjennomgang av fylkeskommunen sin eigedomsmasse, og at dei bygningane som vert vurdert som tenlege kan nyttast til busetjing av flyktningar
Kultur, idrett og regional utvikling Fylkeskommunen skal leggje til rette for eit breitt idrett- og kulturtilbod for alle, både fordi idrett- og kulturopplevingar har eigenverdi, og for å styrkja næringsutviklinga. Ei god samfunnsutvikling er avhengig av eit godt samarbeid med frivillig sektor. Partia vil ta eit tydeleg initiativ for ein Campus Bergen, eit kompetansesenter for idrett i samarbeid med idretten, høgskular, næringsliv, Olympiatoppen, UiB, og den vidaregåande skulen. Partia vil vidareutvikla trepartsamarbeidet i kultursektoren mellom kommunane, fylkeskommunen og staten. Kultur arbeida for auka statlege løyvingar til Hordaland, særleg stønad til nasjonale kulturhus og dei nasjonale institusjonane gå tilbake til årlig tildeling av kulturmidlar arbeida for betre ressursutnytting gjennom samhandling og samordninga av støtteordningane, både innan fylkeskommunen, institusjonar og på tvers av forvaltningsnivåa sikra midlar til regionale kulturhus styrkja kulturbudsjettet og prioritere tilbod for born og unge sikra Cornerteateret og Litteraturhuset årlege driftsmidlar styrkja Hordaland teater som nynorskscene og leggja til rette for nyetablering i Bergen sentrum vidareutvikla satsinga på Edvard Grieg kor Idrett sikra kveldsopne hallar og gymsalar ved dei vidaregåande skulane sikra gode vilkår for frivillige lag og organisasjonar, og at dei får drive ut frå sin eigenart Regional utvikling ha sterkare politisk styring av regional utvikling. Partia vil difor gjennomgå ressurs- og verkemiddelbruk innanfor regional utvikling styrkja fylkeskommunen si rolle som regional næringsutviklar og spele på lag med næringsliv, regionråda, kommunane og utdanningsinstitusjonane etablera god kontakt med kommunane, gå tidlig inn i prosessane og arbeida for å unngå bruk av motsegn gjeninnføre støtte til bygdeutviklingsprosjekt gjennom ordningar som til dømes «Liv og Lyst-prosjektet» Sysselsetting Arbeidsløysa er no på eit urovekkande høgt nivå i Hordaland. Hordaland fylkeskommune skal gjennomgå og styrkja eige verkemiddelapparat for å leggja til rette for nye arbeidsplassar. Samstundes skal fylkeskommunen vera ein koordinerande og samlande kraft for kommunane opp mot sentrale myndigheiter. gå aktivt inn i omstillingsarbeidet i ein samla vestlandsregion vera pådrivar for å vidareutvikla eksisterande næringar inn i det grøne skiftet
leggja til rette for at heile fylket vert teke i bruk gjennom ein aktiv landbrukspolitikk, styrka marin og maritim næring, og styrka infrastruktur Gjennomføring For å kunne gjennomføre alle tiltak, krev det god styring og kontroll av den fylkeskommunale økonomien. I ei økonomisk krevjande tid for Hordaland fylkeskommune med høg lånegjeld, vil innfasing av dei ulike tiltaka vera avhengig av den årlege budsjettsituasjonen. Samarbeidspartia vil søkja løysingar gjennom omprioriteringar innan gjeldande budsjett, samt i nært samarbeid med sentrale styresmakter. Pål Kårbø Anne-Gine Hestetun Benthe Bondhus Kristelig Folkeparti Arbeiderpartiet Senterpartiet