KULTURVERN FOTO - FORMIDLING Ragnhildvegen 23 N 7713 Steinkjer Dato: 5.11.2010 Tlf +4791519620 e-post: kolbein.dahle@ntebb.no Org. nr. 886 222 572 mva Prosjekt ledige landbruksbygg FORNES, gnr 223.1 i Stjørdal kommune Kulturhistorisk gjennomgang og dokumentasjon. Driftsbygningen er hovudelementet i tunet på Fornes, med 3 fløyer omsluttar han tunet. Oppdraget går ut på å gjennomført en beskrivelse og dokumentasjon av driftsbygning. Eg har gjennomgått den aktuelle bygningen nokså grundig og dokumentert han med fotografi. Eg har ikkje rekna med at oppdraget skulle omfatte ei antikvarisk oppmåling av bygningen, men skriftleg omtale, eventuelle skisser og fotografi. Ut over dei fotografi som er prenta i dette notatet, ligg det ved ein CD med supplerande bilete, katalogisert i eit Adobeprogram. For å forstå verdien av driftsbygningen, har det vore viktig for meg å sjå den som ein del av eit samla tunmiljø, inkludert dei andre bygningane og park/hage, men det er ikkje lagt noko vesentleg arbeid i å dokumentere anna enn driftsbygningen, og i dette tilfellet først og fremst nordfløya. Det er den det kan vere aktuelt å gjere noko med. Konklusjon og oppsummering Gardsanlegget på Fornes er eit komplett, heilstøypt og i høg grad autentisk anlegg som fekk si endelege form med ny kårstue i 1920-åra. Seinare er fasaden på driftsbygningen inn mot tunet noko fornya. Anlegget er ikkje freda etter Lov om kulturminne, men det har mange av dei kvalitetane ein ville legge vekt på i ein fredingsprosess. Driftsbygningen manglar likevel noko av den autentisiteten ein ville sett etter i den samanhengen, men han er eit interessant bygninsarkeologisk eksempel. At han ikkje er heilt i fredingsklasse, gjer det enklare å akseptere ei tildels omfattande ombygging. Her er han nok også enklare å bruke som eksempel for andre enn om det hadde vore tale om større kulturhistoriske verdiar. 1
Tunmiljøet Tunet på Fornes vart flytta ned på sletta frå litt oppe i bakken i åra frå ca. 1860. Den bygningen som er med i denne rapporten, driftsbygningen, var den som vart flytta først. Bygningen er bygd i u-form der den vestre fløya er ei masstufløy. I denne samanhengen er denne registrert berre utvendig, men ho er sjølvsagt som dei andre bygningane ein viktig del av tunmiljøet. Kårstua og låna er viktige og bevaringsverdige element i tunet, men er i avgrensa grad med i dokumentasjonen denne gongen. Låna er frå 1867, Kårstua frå 1930. Austfløya i driftsbygningen er heller ikkje like grundig gjennomgått som norddelen, noko som har samanheng med at det ikkje er aktuelt med endringar her dessutan er bygningen aktivt i bruk og dermed lite tilgjengeleg for detaljert fotografering. Dei andre bygningane kring tunet er viktige for samanhengen, så fordi om dei ikkje er med i prosjektet, vil dei bli nemnde. Låna er berre nokre år yngre enn driftsbygningen. Huset er nyleg renovert på ein omsynsfull måte. Det er også oppgradert med vassboren golvvarme. For enden av vestfløya av driftsbygningen er kårstua. Eksteriørmessig er dette ein fin bygning som fell naturleg inn i miljøet på tunet. Stabburet er truleg om lag like gamalt som driftsbygning og stulån i alle fall i noverande form men ofte er det ei eldre kjerne i slike bur. Det er ikkje undersøkt her. Den store driftsbygningen er bokstavleg tala tyngdepunktet i tunet, og utan denne nordveggen i tunet, vil det miste karakteren sin, dessutan er den trefløya bygningen med på å skape ein lun gardsplass. Dette inntrykket blir forsterka av parkanlegget med solide tre av ymse sort. Trea vil også vere med på å skygge tunet for auka aktivitet på baksida av driftsbygningen. Driftsbygningen og Masstua Bygningskomplekset som eg kallar driftsbygningen her, står i ei u-form. Det er nordfløya, eller den midtre delen det er aktuelt å gjera noko med i første omgang. Austfløya inneheld mellom anna stallen medan vestfløya var masstu med grovkjøken og eit kammers nede og snikkarverkstad ovanpå. Då bygningen vart oppbygd på den staden han står no, var både fjøset og låven over i laft. I austfløya var lemmen i grovt bindverk medan delar av første etasje var lafta, men med bordkledd gang på tunsida og bordkledd tilbygg på baksida. Lemmen her ser ut til å vere omtrent samtidig med ombyggingane i hovudfløya. Masstua er lafta av 3 plank, første etasje er kledd både innvendig og utvendig, medan etasjen over er upanelt innvendig. 2
Masstubygningen er bygd kring førre hundreårsskiftet og er den mest autentiske på garden. I første etasje er masstua brukt til lagerformå og litt vanskeleg å få fullt oversyn over, medan snikkarverkstaden ovanpå er fullt utstyrt med gamalt verktøy og maskinar. Dette romet har høg verneverdi. Masstua i lafta plank er ein interessant bygning reint bygningsmessig, og den autentiske snikkarverkstaden er ei historisk perle. Det såleis austfløya og masstufløya som står som mest autentiske og verneverdige, og dei skal det ikkje skje så mykje med i denne omgangen. Men eg kan ikkje la vere å nemne at masstua kan ha eit potensiale på historisk grunnlag. Midtfløya med fjøset og lemmen over. Fjøset er så ombygd at det er vanskeleg å få heilt oversyn over utviklinga. Tverrveggane i fjøset er framleis i laft i den opphavlege breidda. Omkring førre hundreårsskifte vart bygningen utvida på baksida og bakveggen vart lafta av 3 plank. Fjøsveggen mot tunet er seinare skifta ut med teglsteinsvegg. I andre etasje er det berre delar av tømmerveggen mot tunet som er bevara. Tidleg på 1900-talet er nord- og austfløya på driftsbygningen utvida på breidda. Dette er godt synleg på bygningskonstruksjonen og i materialbruken. Det er viktig å ta vare på delar av denne endringa. Noko anna svært spesielt ved denne bygningen er låvebruene. Ei asymetrisk bru fører opp til brusystemet i 3 etasje og koplar seg på slik at ein kjører rett fram innover nordfløya medan ein må rygge inn i austfløya. Med hest og vogn klarte ein truleg denne 180 graders svingen. Driftsbygningen, eksteriør frå to sider. Skifertaket er ein markert del av heilkskapen. Merk elles teglveggen mot tunet. 3
Laftedelane, låvebrua og spora etter utvidinga er dei viktigaste vernedelane på lemmen. Nede i fjøset la eg særleg merke til lafteveggen mot gjødselskjellaren. Denne veggen var intakt med luker, lukelemmar og dør. Eg såg for meg at det kunne vore delt av eit rom her som eit lite gardsmuseum eller kanskje heller eit lite motorhistorisk museum. Driftsbygningen løyner ein del interessante historiske gjenstandar som bør kunne kome betre til sin rett. Interiørdetaljar. Øvst er det bilete frå lemmen. Med utgangspunkt i desse bileta har eg teikna inn konstruksjonen slik han no er på teikningane til Steinar Brandsegg. Den neste rada syner bilete frå låvebruene. Den neste rekka har bilete frå fjøset. Her er fjøsveggen eksempel på eit verneverdig element. Elles har ombygginga av driftsbygningen alt starta i vinkelen mellom austfløya og nordfløya. her er det bygd flisfyringsanlegg som gir varmvatn til oppvarming av heile garden. Dette er eit døme på ei tilpassing som er i samsvar med målsettinga for prosjektet men som her alt er gjennomført. 4
Steinar Brandsegg har teikna forslag til korleis etasjeskiljet kan fjernast for å gje nok takhøgd til moderne reiskapar. Basert på teikninga hans og fotografi, har eg her skissert konstruksjonen slik han er i dag. Det er ein akse omtrent midt i bygningen som er teikna opp her. Lenger vest i bygningen et den eine vertikale stolpen fjerna og etasjeskiljet er hent opp. Dette kan ein sjå av bileta på side 4. 5
Den neste delen med vedlager/flislager og verkstad og garasjar skal kunne gjennomførast utan at ein tek vekk vesentlege historiske verdiar. Dette gjeld også om ein må heve etasjeskiljet over ein stor del av bygningen. Eg er svak for den detaljen av gamal fjøsvegg som eg har vist på biletet på side 4 nedst til venstre. Inn mot denne veggen bør det kunne innreiast eit rom for historiske gjenstandar som det finst mykje av på garden og ikkje minst i den delen av driftsbygningen som skal byggast om. Kolbein Dahle 6