Ny vgs i Bergen Sentrum Kap I/side 1 av 5 I GENERELL PROSJEKTINFORMASJON 0 Samandrag Fylkestinget godkjende i møte 14. juni 2006, sak 45, ein intensjonsavtale med Bergen kommune om å samlokalisere bygging av ny vidaregåande skole i Bergen sentrum med kommunen sitt 50 meters symjeanlegg på Nygårdstangen. Skolen vil erstatte Tanks videregående skole og Lønborg videregående skole. Ny vgs i Bergen Sentrum skal tilby opplæring innan - Studiespesialisering (ST) - Studiespesialisering med idrettsfag (ST/ID) - Helse- og sosialfag (HS) - Tilrettelagt opplæring (TO). I tillegg til spesialareal knytt til dei enkelte utdanningsprogram, blir det i nybygget etablert fellesfunksjonar som vestibyle/skoletorg, kantine, auditorium, bibliotek og idrettshall samt arbeidsplassar for leiing, rådgivarar, pedagogisk personell, driftspersonell etc. Samla elevtal vil utgjere 903. Det vert ein netto auke på om lag 350 elevplassar i høve til kva noverande skolar gir. Skulen vil ha ca 120 tilsette. Programmert bruttoareal BTA er 14 000 m 2. Med bakgrunn i programprosjektet vert det lagt til grunn ei kostnadsramme for skuleanlegget på om lag 410 mill kroner.
Hordaland fylkeskommune Ny vgs i Bergen Sentrum Kap I/side 2 av 5 1 Bakgrunn, saksgang, historikk Etter fylkestinget sitt vedtak i møte 13.12.05 om ny skule i Bergen sentrum har fylkesrådmannen arbeidd med moglege plasseringar av skulen. Med bakgrunn i vedtaket av 13.12.05 forhandla fylkesrådmannen fram ein intensjonsavtale med Bergen kommune om kjøp av skuletomt på Nygårdstangen. Fylkestinget gjorde i møte 14.06.06 følgjande samrøystes vedtak: 1. Fylkestinget godkjenner intensjonsavtalen om skuletomt på Nygårdstangen mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Fylkesrådmannen får fullmakt til å arbeide vidare med saka med siktemål endeleg avtale om tomtekjøp. 2. Fylkestinget vil vidare streka under at det er eit viktig fylkespolitisk mål å sikra at eit nasjonalt symjeanlegg vert realisert i Bergen så snart råd er. Fylkestinget gjorde i møte 13.12.06 vedtak om linjeval og elevtal. (detaljar om gruppedeling kfr. kap II) Skolen vil erstatte Tanks videregående skole og Lønborg videregående skole. I tillegg til dei undervisningstilboda Tanks vgs og Lønborg videregående skole har, gjer fylkesrådmannen framlegg om å opprette tilbod i idrettsfag, firergrupper og ei gruppe i vaksenopplæring. Det bør opprettast idrettsfag med spesialisering i symjing sidan skolen skal liggje rett ved nytt symjeanlegg på Nygårdstangen. Samla elevtal vil utgjere 903. Det vert ein netto auke på om lag 350 elevplassar i Bergen. Skolen vil dermed kunne ta imot delar av elevveksten. Det vil alltid vere attraktivt å ha eit godt skoletilbod i sentrum. Fylkesutvalet gjorde i møte 25.01.07 følgjande vedtak som innstilling til fylkestinget : Fylkestinget godkjenner at Lønborg videregående skole og Tanks videregående skole vert flytta til det nye skoleanlegget i Bergen sentrum (Nygårdstangen) frå det tidspunkt nybygget står ferdig. 2 Organisering av programarbeidet I november 2006 oppnemnde opplæringsdirektøren eit brukarutval. Brukarutvalet har vore samansatt av tilsette frå Lønborg videregående skole og Tanks videregående skole, samt representantar frå opplæringsavdelinga. Brukarutvalet har, saman med prosjektleiinga frå opplæringsavdelinga og eigedomsseksjonen samt ekstern programmeringsarkitekt, utgjort programmeringsgruppa for den nye skulen. Programmeringsgruppa har hatt til saman 6 arbeidsmøter i perioden desember 06 til februar 07. Programmeringsgruppa for Ny vgs i Bergen Sentrum har hatt følgjande samansetjing: Per Haukeli HF, Opplæringsavdelinga Leiar brukarutval Inger Øvsthus Tønder HF, Opplæringsavdelinga Steinar Thunestveit HF, Opplæringsavdelinga Svein-Erik Fjeld HF, Opplæringsavdelinga Opplæringsdirektør 2007-03-15 Funksjonsprogram
Ny vgs i Bergen Sentrum Kap I/side 3 av 5 Oddbjørg Høgset Tanks vgs, rektor Torgeir Larsen Tanks vgs ST Rune Stadsnes Tanks vgs ST Helene Systad Lønborg vgs rektor Elna Irene Skorpen Lønborg vgs HS Eli Haug Fortun Lønborg vgs HS Svein H. Kjellevold HF, Eigedomssjefen Prosjektleiar Helge Haavardtun HF, Eigedomssjefen Eigedomssjef Lars Jarle Nore Rambøll Norge AS Programmeringsrådgjevar Brukarutvalet skal ivareta institusjonen sine interesser og sikre at brukarane sin kunnskap og behov kjem fram og vert lagt til grunn for prosjektet. Brukarrepresentantane og fylkeskommunen sine representantar har gjennom prosessen aktivt gitt innspel til innhaldet i funksjonsprogrammet gjennom dialog i møta og ved utarbeiding av skriftleg bakgrunnsmateriell med ønskjer og funksjonskrav knytt til sine respektive ansvarsområde. Gjennom programarbeidet med aktiv brukardeltaking har både bygget sine generelle rammevilkår, ønskjer til anlegget som heile og enkelfunksjonane sitt innhald og funksjonskrav blitt nedfelt. 3 Målsetting for den nye skolen Den nye sentrumsskolen vert ein storsatsing for det vidaregåande skoleverket i Hordaland. Skolen vert bygd i samarbeid med Bergen kommune og vil i tillegg til skoleanlegget innehalde symjehall med 50m basseng. Samarbeidet med Bergen kommune har utløst stor entusiasme både i kommunen og fylkeskommunen og det vert no arbeidd for fullt med å realisere samarbeidsprosjektet. Opplegget er at symjeanlegget skal få nasjonal status. Anlegget vil dermed sikre at også internasjonale symjearrangement kan skipast til i Bergen. Symjeanlegget opnar for idrettsfag ved den nye skolen og i linjevalet er det lagt opp til at det skal vere 90 elevar på idrettsfag. I tillegg til idrettsfag er det i vedtaket i linjeval tekemed 540 elevplassar innan studiespesialiserande utdanning, 180 elevplassar innan helsefag, 85 elevplassar påbygging/vaksenopplæring samt to 4-grupper med tilrettelagt opplæring. Skolen skal leggje spesielt vekt på opplæring innan realfag. Grunngjevinga for å satse på ein ny stor sentrumsskole er todelt Auka kapasitet for å møteelevveksten Leggje til rette for samanslåing av skolar for å oppnå meir rasjonell drift. Både Tanks videregående skole og Lønborg videregående skole slit med gamle lokale. Det vil vere eit stort framskritt for elevar og tilsette å kome i nye lokale som inneheld moderne drift som auditorium, formidlingsrom, grupperom/samtalerom og store undervisningsrom og varierte læringsarenaer som dekkjer dei fleste undervisningsmetodar. Andre måldokument Vedrørande generelle funksjonskrav til nye skoleanlegg i Hordaland viser ein til Skoleanlegget som pedagogisk arkitektur Hordaland fylkeskommune, Opplæringsavdelinga, juni 2003.
Hordaland fylkeskommune Ny vgs i Bergen Sentrum Kap I/side 4 av 5 4 Redigering av funksjonsprogrammet Funksjonprogrammet har som intensjon å danne referanseverk for innhald og utforming av den nye Ny vgs i Bergen Sentrum. Innhaldet i funksjonsprogrammet er redigert i tre hovudbolkar samt vedlegg; I II III BAKGRUNN OG GENERELL PROSJEKTINFORMASJON PEDAGOGISK GRUNNLAG OG GENERELLE FUNKSJONSKRAV FUNKSJONSKRAV TIL BYGNING, ENKELTAVDELINGAR OG ROM Del I gjer greie for bakgrunn, saksgang og organisering av arbeidet samt ein samanfatning/konkludering av funksjonsanalysen, arealoppsummering mv.. Pedagogisk grunnlag og overordna ønskjer og krav til verksemda som heile er omtala i kapittel II. Funksjonskrav til bygning og rom, avdelingane og enkeltfunksjonane og brukskrava til disse er omtala i del III. Det er utarbeidd rom/funksjonsmatrise som samanstiller romprogrammet både for enkeltavdelingar og anlegget samla. Programfunksjonane er illustrert med boblediagram som illustrerer funksjonssamanhengar mellom enkeltrom og funksjoner. I skildring av generelle enkeltrom og funksjonar er mykje av innhaldet samanfallande med programmet for Sørås vidaregåande skule. Dette gjeld spesielt fellesfunksjonar, areal for administrasjon og støttefunksjonar, drift og tekniske rom mv. 5 Lokalisering og planforhold Skolen skal ligge på Nygårdstangen i Bergen Sentrum, samlokalisert med kommunen sitt planlagde spesialanlegg for symjing med mellom anna 50-meters symjebasseng. Det ligg store plan-, logistikk- og miljømessige utfordringar knytt til tomteområdet. Tomtearealet er svært avgrensa. Planmessige forhold knytt til tomt og omgjevnader har ikkje vore ein del av funksjonsplanarbeidet. Dette vert handtert av Bergen kommune. Det er under utarbeiding ny plan for området, der skuleanlegget og symjeanlegget vert handsama samla saman med øvrige byplanmessige føringar til området. Utforming av anlegget skal løysast i ein plan- og designkonkurranse. 2007-03-15 Funksjonsprogram
Ny vgs i Bergen Sentrum Kap I/side 5 av 5 6 Romprogram/arealsamanstilling Diagrammet under syner oppsummert romprogram/arealsamanstilling for prosjektet samla. Areal for enkeltavdelingar og rom er medteke i Kap III. NY VGS I BERGEN SENTRUM AREALOPPSUMMERING Elevtal: 903 SUM M2 ELEVTAL AREAL PR. ELEV (NTA) AREAL PR. ELEV (BTA) 1 FELLESAREAL nettoareal 4000 903 4,4 6,0 2 ADM, LEIING, STØTTE, PERSONAL nettoareal 260 903 0,3 0,4 3 ELEVTENESTER nettoareal 124 903 0,1 0,2 4 TEKNISK/DRIFT nettoareal 1162 903 1,3 1,7 5 STUDIESPESIALISERING nettoareal 3310 690 4,8 6,5 6 HELSE OG SOSIALFAG nettoareal 1250 180 6,9 9,4 7 TILRETTELAGT OPPLÆRING nettoareal 264 8 33 44,6 Elevar totalt 903 11,5 15,5 B/N-faktor 1,35 SUM SKOLE NETTO 10370 SUM SKOLE BRUTTO netto x 1,35 14000 bruttoareal rekna pr. elev: 903 elevar 15,5 (i det inkl. idr.hall med 2,5 m2/elev)