Høyringssvar frå Språkverkstaden til rettskrivingsnemnda for nynorsk

Like dokumenter
Viktige prinsipp for ei god normering av nynorsken

2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Tilråding om ny rettskriving for nynorsk

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

REFERAT FRÅ HØYRINGSMØTE OM NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 21. FEBRUAR 2011

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Til deg som bur i fosterheim år

Nynorsk, verb, framhald

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Ny rettskriving for 2000-talet

Opprettingar i utgreiinga om nynorskrettskrivinga (versjonen frå )

Vel nynorsk for barnet ditt!

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Jon Peder Vestad. Avdeling for mediefag Høgskulen i Volda 6100 VOLDA Syn på framlegget til ny nynorskrettskriving

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Ny rettskriving for 2000-talet

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Språkrådet Boks 8107 Dep 0032 OSLO. Vår referanse RS. Hovdebygda, 21. februar 2011 HØYRINGSFRÅSEGN OM NY RETTSKRIVING FOR NYNORSK

Elevundersøkinga 2016

Spørsmålet om godkjenning av endringar i bokmåls- og nynorskrettskrivinga

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Språkhistorie på 1900-tallet -Norsk språkpolitikk - et moderne prosjekt

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Vågsøy kommune Rådmann

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Ny nynorskrettskriving frå 2012

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

6-åringar på skuleveg

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Refleksjon og skriving

Til Kunnskapsdepartementet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Samandrag av framlegg og motframlegg i Nynorskrettskrivinga utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Merknader til Ny rettskriving for 2000-talet

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Ny rettskriving for 2000-talet

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NY RETTSKRIVING FOR 2000-TALET

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Nye kommunar i Møre og Romsdal

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Å løyse kvadratiske likningar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Innspel til nynorskrettskrivinga frå Margit Ims, Bø i Telemark 1.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Barnerettane i SKULEN

Målet for arbeidet i Språkrådet er at norsk skal vere i bruk i alle delar av samfunnslivet også i framtida og ikkje bli sett til side av

Lærar: Ruth Helgestad

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Info til barn og unge

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Sandøy og Aukra

Høyringsuttale endring i opplæringslova nytt kapittel om skulemiljø

Morfologioppgåva om Kongo-swahili

Kvalitetssikring sjekkliste for arkivarar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

OK, seier Hilde og låser.

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Transkript:

Språkrådet Postboks 8107 Dep 0032 Oslo Bergen, 25.2.2011 Høyringssvar frå Språkverkstaden til rettskrivingsnemnda for nynorsk Kort om Språkverkstaden: Språkverkstaden har levert omsetjings og språkkonsulenttenester til offentlege og private verksemder sidan 1997. Vi tilbyr mellom anna omsetjing mellom bokmål og nynorsk, og vi les korrektur på og språkvaskar nynorske tekstar av alle slag. Etter å ha arbeidd med nynorsk språk nærmast dagleg i 13 år og omsett og språkvaska tusenvis av sider har vi sett kva utfordringar den vide nynorsknorma vi held oss med i dag, byr på. Ikkje berre for dei som sit rundt om i direktorat, departement, helseføretak, reklamebyrå eller andre stader og skal prøve å skrive nokolunde skapeleg nynorsk, men òg for oss som er profesjonelle språkfolk og skal rette dei same tekstane etterpå, eller sjølve skal produsere nynorsk tekst etter gitte husnormer. Å språkvaske nynorske tekstar som er skrivne av uerfarne nynorskbrukarar, kan vere eit sant mareritt, og vår erfaring er at det ikkje alltid er berre lett å vaske tekstar som er skrivne av erfarne og gode nynorskskribentar, heller. For sjølv om dei kan skrive både godt og tilsynelatande rett nok, er det berre heilt unntaksvis at dei greier å få alt på plass når det kjem til språkleg konsekvens. Det sprikjer, ofte i alle retningar, og det kjem det til å gjere så lenge vi har den jungelen av ei nynorsknorm som vi har i dag. Det må ryddast eventuelt rydjast i Nynorskens skog, og truleg er motorsag betre reiskap enn øks. Blir det så lettare med den nye norma vi etter kvart skal få? Tja. Vi har ikkje hatt høve til å finlese alt som står i innstillinga, men nemnda har nok halde seg til øks, som ein kunne vente, og dermed spørst det vel litt. Det er gjort eit godt stykke arbeid med å rydde opp og stramme inn, for all del, og nemnda ser ut til å ha balansert ei mengd omsyn på imponerande vis, men norma bør bli endå mykje strammare. Vi har sett og høyrt ei rekkje innspel frå slike som meiner at ein må vere svært forsiktig med å fjerne element frå nynorsken som folk har sterke kjensler for, anten det er i mål, kløyvd infinitiv eller (mykje brukte) enkeltord. Mange av dei argumenterer godt for seg og har heilt klart nokre gode poeng. Som nynorskomsetjarar og språkkonsulentar, og ikkje minst som foreldre til barn som lærer nynorsk på skulen, har vi likevel ei meir praktisk tilnærming til dette. Nynorsken må vere enkel og grei og brukarvennleg, slik at det går an å lære han skikkeleg for folk flest. Då kan vi ikkje ha eit heilt hav av valfridom. Dette synet på saka kjem til å vere gjennomgangsmelodien på dei neste sidene. Det må skjerast ned, til beinet helst. Beinet er tjukt og godt, så det kjem til å gå heilt fint. Utopi? Kanskje det. Eller kanskje ikkje. Vi samarbeider ein del med nynorskomsetjarane Kåre Vigestad, Øystein Vigestad og Nikolai Nelvik, som vi òg har hatt ein tett dialog med om den nye rettskrivinga, og vi kjem til å sitere ein del punkt frå høyringssvara deira. Synspunkt som vi er så pass einige om, treng vi ikkje å bruke tid på å formulere på nytt, synest vi. Først no til dei ti «hovudpunkta» som nemnda har bedt/bedd/bede/bedi oss om å sjå særleg nøye på.

Kommentarar til dei punkta nemnda særleg vil ha synspunkt på Framlegg frå nemnda Våre kommentarar 1 Berre leg, ikkje lig (endeleg, ikkje endelig). Einige. 2 Berre stilling, ikkje stelling (framstilling, ikkje Einige. framstelling). 3 Valfri j i verb som leggje/legge og søkje/søke og svake hokjønnsord som bryggje/brygge og enkje/enke. Ikkje einige. Dette fører til meir forvirring, ikkje mindre. 4 Former med diftong blir eineformer i ord som Einige også køyre som eineform. drøyme, høyre og køyre. Nemnda har særleg fått innvendingar mot å stryke forma kjøre. 5 Former som i dag har hovudform med dobbel Einige. konsonant og klammeform med enkel, skal i dei fleste tilfelle berre ha forma med dobbel konsonant i den nye rettskrivinga (ramme, danne). 6 Valfri samsvarbøying i perfektum partisipp av svake verb (Dei er presenterte/presentert). Obligatorisk samsvarbøying i perfektum partisipp av sterke verb (Dei er frosne). Her har nemnda både fått framlegg om å stryke samsvarbøying i sterke verb og framlegg om å innføre full samsvarbøying også i svake verb. Ikkje einige. Full samsvarsbøying heile vegen, takk! 7 Dykk som subjektsform vert jamstilt med de. Her har nemnda òg fått innspel om å velje dialektformer som dokke(r), dåkke(r) eller dokk. 8 I nokre høgfrekvente ord gjer nemnda framlegg om å stryke dei jamstelte formene skole og mye, saman med klammeformene [noe(n)] og [bare]. Vi har både fått kraftige innvendingar mot å stryke mykje brukte former, og samstundes fått mange oppmodingar om å stryke nettopp desse. 9 Kløyvd infinitiv (vera/tenkje) går ut av rettskrivinga. Dette er kanskje det framlegget som har skapt mest diskusjon til no. 10 I mål (sola [soli] (bunden form eintal), husa [husi] (bunden form fleirtal)) går ut av den offisielle norma. Ikkje einige. Dykk som subjektsform høyrer ingen stad heime! Einige stryk dei. Einige takk og farvel! Einige.

Nikolai Nelvik skriv følgjande i høyringssvaret sitt, og vi sluttar oss til det, med eit bitte lite unntak: [ ] Men ein og annan vil nok rynke på nasen over former som dratt, latt, tatt, setta, sitta, turka, turr, nå (adv.), so. Og det burde greie seg med to dei alternativa mogleg og mogeleg, muleg kan gå ut. Dessutan meiner nok mange at ein ikkje bør jamstille klammeformene av dei hankjønnsorda og hokjønnsorda som etter gjeldande rettskriving har høvesvis er, ene og ar, ane som hovudformer i fleirtal (altså ikkje bekkar, bunadar, villaar, elver, myrer), og at former som t.d. [sumar], [gamal], [domar], [døma] bør slå følgje med [sume], [strama], [plome], [røma] ofl. og takast ut av rettskrivinga. Vår påstand er at vi heller ikkje har bruk for både mogleg og mogeleg, like lite som vi ser at det skal vere nødvendig å kunne skrive både derfor og difor, mens og medan, gi og gje, forord og føreord, etterspørsel og etterspurnad, forvalting eller forvaltning, fråvær eller fråvere, innanfor eller innafor, kjøt eller kjøtt, komme eller kome og ei røys andre ord som vi har to eller fleire temmeleg like skrivemåtar av. Det same kan seiast om ord med fleire kjønn: Eitt kjønn per ord burde rekke lenge så får det heller våge seg kva for eitt ein til slutt fell ned på. Her vil mange garantert protestere, til dels høglydt, og det får dei berre gjere. Målet og mandatet er, minner vi om, å lage ei tydeleg, enkel og stram norm. Då må bøyingsmønster og andre mønster vere til å forstå seg på, og ordtilfanget må knipast kraftig inn. Unødvendige «dublettar», bokmålsnære eller like ord som vi kan greie oss heilt fint utan, og gamle ord som knapt nokon bruker lenger, må ut av rettskrivinga, enkelt og greitt. Å bruke tid og krefter på synspunkta til folk som skriv i dag slik Ivar Aasen gjorde for meir enn hundre år sidan, er i beste fall tullete, i verste fall direkte øydeleggjande for nynorsken. Språk er levande og endrar seg i lag med oss som bruker det heldigvis. Vi kan, på den andre sida, heller ikkje ta altfor mykje omsyn til dei som ønskjer veldig bokmålsnære/ like innslag i nynorsken. Samnorsktanken er død, eller daud om de vil. Nelvik skriv vidare: Ei nærskyld problemstilling finn vi i referatet frå møtet i nynorsknemnda 14. desember i fjor, der det står at ein i verb som etter rettskrivinga har både a og e bøying, kan nytta såkalla blanda bøying, som er vanleg over store delar av landet, altså at desse verba kan få ar i presens og de eller te i preteritum, t.d. bruka brukar brukte brukt. I innstillinga er ikkje dette med; det står ingenting om blanda bøying. Blandingsbøyinga bli, blir, vart, vorte (som òg er vanleg) er heller ikkje nemnd. Her trengst ei avklaring. Vi er einige i at dette bør avklarast nærmare. Og vi meiner bestemt at denne typen blanda bøying berre fører til forvirring og fint lite anna. At svært mange verb kan bøyast etter både v1 og v2 prinsippet, er problematisk nok for mange. Éin bøyingstype held. Blandingsbøyinga bli blir vart vorte har vi aldri forstått oss på; kvifor i all verda skal det vere lov å mikse to grunnleggjande ulike verb på denne måten? At mange føretrekkjer bli varianten, men samtidig liker (eller likar) vart, er ikkje noko argument. Skal ein kunne plukke litt her og litt der, nett som ein vil, blir resultatet kaudervelsk, og det er det stikk motsette av tydeleg, enkelt og stramt. Kåre Vigestad skriv i høyringssvaret sitt: Eg går ut frå at nemnda har fått, og framleis får, mange innspel som argumenterer for ulike jamstilte former som skal korrespondere med ein dialekt eller eit dialektområde. Eg vil sterkt oppmode nemnda om å vere restriktiv her. Vi må få ei «tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer», som det heiter i mandatet. I pkt. 2.1 Vokalisme, pkt. 2.2 Konsonantisme og pkt. 2.4 Skrivemåten til enkeltord bør det gjerast fleire innstrammingar, altså innførast fleire eineformer.

Ein annan ting er at ein ikkje må bli så oppslukt av kravet om «enkel og stram norm» at ein øydelegg eller overforenklar sjølve språksystemet. Eg viser her særleg til kommentarane nedanfor som gjeld verb med/utan j og systemet med samsvarsbøying. [ ] Vi må ikkje la skilnaden mellom t.d. rekkje/rekke, hengje/henge, merkje/merke, trengje/trenge, søkkje/søkke o.a. forsvinne, altså der det er svak bøying av je formene og sterk bøying av formene utan j. La også bøyinga av ønskje/ynskje (verb) og ønske/ynske (subst.) vere som i noverande normal. [ ] Hald på samsvarsbøyinga også i svake verb, altså slik det er i læreboknormalen i dag. Vi er einige i dette, også i det med at ein ikkje må overforenkle heller ikkje samsvarsbøyinga, eitt av adelsmerka ved nynorsken. Når det gjeld ord med valfri ø/y, meiner vi, ikkje overraskande, at vi kunne ha greidd oss med éin av variantane. Om ord med obligatorisk j etter g og k skriv Vigestad vidare: Eg meiner at nemnda ikkje løyser noko rettskrivingsproblem med å innføre nye former utan j i somme ord. La systemet vere som i dag. (Då kan vi òg halde på skiljet mellom substantivet ønske og verbet ønskje.) Øystein Vigestad skriv i fråsegna si, og vi samtykkjer: Vidare: [ ] Eg har synst synd i dei borna som er blitt utsette for det store mangfaldet av bøyingsformer i skjønnlitterære tekstar i slike bøker, nettopp i det faget der dei skal lære å skrive norsk. Mange har peika på at den store valfridommen også skaper problem for dei som har nynorsk som sidemål. Mine erfaringar med skjønnlitterære tekstar tilseier òg at ein ikkje bør leggje for stor vekt på skjønnlitteraturen når ein måler frekvensen av ord og bøyingsformer i bruk. Og lokalaviser er gjerne sterkt prega av direkte slurv og vankunne, i tillegg til at mange uttrykk og vendingar er direkte (og dårleg) omsette frå bokmål. Målingar av frekvens basert på det nynorske tekstkorpuset bør derfor ikkje oppfattast som det einaste retningsgivande, særleg i tilfelle der to ordformer har tilnærma lik førekomst. I forslaget (punkt 2.3) heiter det: Det skal vera valfridom mellom skrivemåtane gj og kj på den eine sida og g og k på den andre sida, i ord som i dag har former med gj eller kj som hovudform, og former utan j som klammeform. Døme: bygga/byggja, tenka/tenkja brygge/bryggje, rekke/rekkje

Dessutan: Eg meiner dette er uheldig. Formene med j bør bli eineformer! For det første av språkpolitiske grunnar: Det er eit poeng i seg sjølv å halde oppe skiljet mellom bokmål og nynorsk. Det gjer det lettare å halde nynorsken ved like som eit eige skriftspråk. For det andre finst det ein del ordpar der det er viktig å halde oppe skiljet mellom j og ikkje j. Det gjeld t.d. merke/merkje, trenge/trengje, henge/hengje, rekke/rekkje og søkke/søkkje. Distinksjonane mellom desse verba vil gå tapt dersom forslaget til nemnda blir ståande. Det heiter i innstillinga (om ønske/ynske, ønskja/ynskja og substantiva stykke og merke): Svært mange gjer feil i denne gruppa og droppar j en, fordi dei trur at j en er valfri her som i andre verb og hokjønnsord med stammeutgang på g og k. Likeins er det mange som tek med j i inkjekjønnsord som endar på ke, særleg i substantivet ynske/ønske. Det er ei forenkling for språkbrukarane om dei her kan velja mellom formene med og utan j. Eg synest ikkje det er noko godt argument for ei endring at mange gjer feil. Med obligatorisk j der det er hovudform i nynorsken i dag, skulle det heile bli enklare. Og, om punkt 8 i «hovudpunkta» (side 2 i svaret vårt): Eg er samd i dei forslaga nemnda kjem med. I tillegg vil eg meine at det ville vore ein fordel for nynorsken (ut frå argumentet om at det bør vere eit visst skilje mellom dei to norske skriftspråka her i landet) om ein også gjorde då og endå til eineformer (og altså kutta ut da og enda). Det same gjeld åleine og no (adv.). Kutt altså ut aleine og nå. Vi siterer vidare, og sluttar oss til følgjande: Til slutt: Eg ser ingen grunn til at endre på bøyinga av dei hankjønnsorda som fram til no har hatt er/ ene som hovudform. Ein bør vere varsam med å tvinge innarbeidde bøyingsformer inn i eit nytt skjema, sjølv om det er hovudskjemaet. Regelen om at hankjønnsord som endar på nad, skal ha er, ene i fleirtal, burde vere godt kjend blant nynorskbrukarar, og eg ser ingen gode grunnar som taler for å endre denne regelen. Når det gjeld villaar/villaane, er det mest av omsyn til den vanskelege uttalen dobbel a vil gi, at eg vil halde fast ved er, ene. Eg ser heller ikkje nokon god grunn til å endre eit godt innarbeidd bøyingsmønster for hokjønnsorda myr, elv o.fl. Dra, la(te) og ta bør berre ha sterk bøying! Eg synest ikkje ein skal ta inn formene setta og sitta. Dette er også ord som gjer skiljet mellom nynorsk og bokmål uklart.

Formene turka, turr, sundag, [sumar] og so bør gå ut av nynorsknorma. Gjerne [gamal], [domar] og [døma] òg. Elles ser eg gjerne at ljod og ljos går ut av skriftnorma, slik at formene lyd og lys blir eineformer. Eg stiller meg svært skeptisk til at formene rør og mør skal gå ut og røyr og møyr gjerast til eineformer. Det same gjeld ty (der tøy blir eineform). Vil dette også gjelde i samansetjingar som t.d. verkty? Dette er etter mitt syn å dra prinsippet om konsekvens når det gjeld å innføre diftongar, for langt. (Punkt 2.1.2 i innstillinga.) Når det gjeld det siste der, skil vi lag med Vigestad. Vi vil helst ha færrast mogleg unntak frå både denne regelen og andre reglar og meiner at formene med diftong både kan og bør vere eineformer. Det kunne vore sagt mykje meir om mangt meir. Men det har mange gjort allereie, ser vi, og når alle skal meine sitt om enkeltpunkt og enkeltord i nynorskrettskrivinga, og alle har sine strengt subjektive preferansar som dei tviheld på, står ein der til slutt og stangar hovudet mot veggen. Paracet kan hjelpe, men hovudverken kjem gjerne att etter ei stund. Då må det sterkare lut til. Vi ønskjer rettskrivingsnemnda lykke til med innspurten! Beste helsing for Språkverkstaden Jan Ove Hennøy dagleg leiar