Meland kommune Møtebok for Administrasjonsutvalet Møtedato: 02.12.2015 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: 09:00-09:15 Møte vart styrt av Nils Marton Aadland. Medlemmene var innkalla i skriv datert 24.11.2015. Møtedeltakarar Parti Rolle Nils Marton Aadland H Utvalsleiar Øyvind Oddekalv AP Medlem Anne Grete Eide AP Medlem Sigmund Larsen FrP Medlem Per Kristian Holmetun SP Medlem Marit Samnøy Jøssang KRF Medlem Silje Ingelin Sæterstøl V Medlem Anita Dale Medlem Adolf Hovgaard Medlem Lena Ytreland Varamedlem Forfall meldt frå følgjande medl. Kristine Hordvik Parti Av 10 medlemmer var 10 tilstades ved handsaming av sak 014 018 Desse møtte frå administrasjonen: Rådmann Ingvild Hjelmtveit og personal- og organisasjonssjef Kari Anne Iversen Rådmannskontoret 02.12.2015 Kathrine Straumøy Brakstad Personalkonsulent Nils Marton Aadland Leiar 1
Sakliste Saknr Tittel 14/2015 Godkjenning av innkalling og sakliste 15/2015 Godkjenning av møtebok 16/2015 Referatsaker 17/2015 Prolongering av kompetanseutviklingsplanen - strategisk del 18/2015 Plan for likestilling, inkludering og mangfald i Meland kommune 2
Kathrine Straumøy Brakstad 15/3024 14/2015 Administrasjonsutvalet PS 02.12.2015 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vert godkjent. Administrasjonsutvalet - 14/2015 Innkalling og sakliste vert godkjent. 3
Randi Helene Hilland 15/3024 15/2015 Administrasjonsutvalet PS 02.12.2015 Godkjenning av møtebok Vedlegg: Protokoll - Administrasjonsutvalet - 30.09.2015 Møtebok vert godkjent. Administrasjonsutvalet - 15/2015 Møtebok vert godkjent. 4
Kathrine Straumøy Brakstad 15/3024 16/2015 Administrasjonsutvalet PS 02.12.2015 Referatsaker Underliggende saker: Saksnummer Tittel 16/2015.1 Tilsetjingsprotokoll frå administrativ tilsetjing 26.10.2015 Assistent skule og SFO 60% vikariat, Rossland skule 16/2015.2 Tilsetjingsprotokoll frå adminstrativ tilsetjing 12.10.2015 Morsmållærar Meland ungdomsskule, 13% vikariat 16/2015.3 Tilsetjingsprotokoll frå adminstrativ tilsetjing 13.10.2015 Utdannings- og yrkesrådgjevar Rossland skule, 25% fast stilling 16/2015.4 Tilsetjingsprotokoll frå møte i tilsetjingsrådet 05.11.2015 Sjukepleiar, 56,9% fast stilling, Meland sjukeheim 16/2015.5 Tilsetjingsprotokoll frå møte i tilsetjingsrådet 20.10.2015 Sjukepleiar, 66,9% fast stilling, Meland sjukeheim Meldingane vert tekne til orientering. Administrasjonsutvalet - 16/2015 Personal- og organisasjonssjef Kari Anne Iversen presenterte resultat frå spørjeundersøking i resepsjonen. Meldingane vert tekne til orientering. 5
Kari Anne Iversen FE - 430, TI - &30 15/2983 17/2015 Administrasjonsutvalet PS 02.12.2015 Prolongering av kompetanseutviklingsplanen - strategisk del Meland kommune sin kompetanseutviklingsplan har hatt to delar, ein strategisk del og ein tiltaksdel. Den strategiske delen vart vedtatt i administrasjonsutvalet 24.08.11, sak 042/11 og har hatt eit tidsperspektiv på 4 år (2012 2015). Tiltaksplanane vert utarbeidde for eit år om gongen, på kvart tenesteområde. I 2015 skulle arbeidet med å utvikle ein ny strategisk del vore tatt opp. Av kapasitetsmessige årsaker har dette ikkje vore mogleg, og administrasjonen vi difor rå til at denne delen av kompetanseutviklingsplanen vert prolongert med eitt år, slik at det for 2016 vert laga tiltaksplanar med tilsvarande utgangspunkt som i perioden 2012 2015. Fleire av dei 8 fokusområda i gjeldande plan vil framleis vere relevante, og nokre av dei vil truleg uansett følgje med over i ein ny strategisk del. Oversyn fokusområde i gjeldande plan: 1. Leiaropplæring 2. Avgang korleis erstatte kompetanse? 3. Kompetanseutvikling IKT 4. Juridisk og økonomisk kompetanse 5. Tilpassing til samhandlingsreforma og nye helselover 6. Fagutdanning og spesialkompetanse 7. Generell kompetanseheving 8. Norskopplæring for utanlandsk arbeidskraft Så langt har undervisningspersonalet hatt eigne planar; dette mykje med bakgrunn i særskilte nasjonale føringar og finansieringsopplegg. Det vil likevel vere ein føremon å samle all kompetanseutvikling i kommunen i det same planverket, og det vil difor bli lagt opp til dette i ny strategisk del. Folkehelse, miljø og økonomi: Ikkje relevant for saka. Konklusjon Med bakgrunn i dei momenta som det er gjort greie for i saksutgreiinga vil administrasjonen rå til at 6
den strategiske delen av kompetanseutviklingsplanen vert prolongert for eitt år, dvs. ut 2016. Tiltaksplanane for 2016 vil då bli laga med utgangspunkt i gjeldande plan. Arbeidet med å utarbeide ny utgåve av den strategiske delen av kompetanseutviklingsplanen må starte tidleg i 2016, slik at denne kan danne grunnlag for tiltaksplanar f.o.m. 2017. Kompetanseutviklingsplan for Meland kommune, strategisk del, vert prolongert til å gjelde ut 2016. Administrasjonsutvalet - 17/2015 "Kompetanseutviklingsplan for Meland kommune, strategisk del, vert prolongert til å gjelde ut 2016. " 7
Kari Anne Iversen FE - 006, FE - 440, TI - &30 15/3014 18/2015 Administrasjonsutvalet PS 02.12.2015 Plan for likestilling, inkludering og mangfald i Meland kommune Vedlegg: Plan for likestilling, inkludering og mangfald Tiltaksplan Administrasjonen orienterte i møtet 30.09.15 om utarbeidd framlegg til Plan for likestilling, inkludering og mangfald i Meland kommune. Utvalet tok då orienteringa til etterretning og sendte planen ut på høyring. Planen låg i perioden 05.10. 30.10.15 ute til høyring på kommunen sitt intranett, og det var m.a. høve til å komme med innspel og merknader via elektronisk skjema. Vurdering Ved utløp av høyringsfristen var det ikkje kome inn merknader/innspel, korkje gjennom det elektroniske skjemaet eller på andre måtar. Planframlegget har også vore presentert i rådmannen si leiargruppe, og det har vore orientert om arbeidet i kontaktmøte med dei tillitsvalde, utan at det har kome inn merknader. Administrasjonen legg difor no planen fram for administrasjonsutvalet med same form og i all hovudsak same innhald som i møtet 30. september. Den einaste endringa går på område 6, der punktet om å ta inn lærlingar (jenter) i handverksfaga er tatt ut. Tiltaket har vore drøfta med drifts og vedlikehaldsleiar, og det er på det reine at kommunen ikkje vil kunne følgje opp alle dei kompetansekrava som ligg i fagplanane for handverksfaga. Det er elles utarbeidd ein tiltaksplan for alle nye tiltak i planen. For eksisterande tiltak vil desse vere forankra i andre planar/retningslinjer m.m. Tiltaksplanen for dei nye tiltaka vil gå som vedlegg til hovudplanen. Folkehelse og miljø: Ikkje relevant i saka. Økonomi: Nokre få tiltak kan ha økonomiske konsekvensar, men desse vil då vere nedfelte i budsjett. Eit døme på dette er dei regionale utdanningsmessene. Dei har sjølvsagt ein kostnad for kvar kommune (del av overføringa til NUI), men sjølve tankegangen kring kjønnsperspektivet i presentasjonane gir i seg sjølv ikkje større utgifter. Konklusjon Administrasjonen meiner at framlegget til Plan for likestilling, inkludering og mangfald stettar dei 8
krava til aktivitetsplikt for arbeidsgjevar som er nedfelte i det aktuelle lovverket. Planen byggjer på vedtatte styringsdokument som kommuneplan, arbeidsgjevarstrategi og etiske retningslinjer. Ein plan som er vedtatt i eit partssamansett utval vil gi god forankring av arbeidet med å fremje føremåla i planen. Administrasjonen vil såleis rå til at administrasjonsutvalet godkjenner planen m/vedlegg, slik denne ligg føre i saka. «Administrasjonsutvalet godkjenner Plan for likestilling, inkludering og mangfald m/vedlegg (tiltakspna for nye tiltak) slik planen ligg føre i saka.» Administrasjonsutvalet - 18/2015 «Administrasjonsutvalet godkjenner Plan for likestilling, inkludering og mangfald m/vedlegg (tiltaksplan for nye tiltak) slik planen ligg føre i saka.» 9