Destinasjon Voss 2007 2011



Like dokumenter
Marknadsplan 2011 Destinasjon Voss Godkjent av Reiselivsrådet okt 2010

Referat frå MINTA møte

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

AKTIV HEILE ÅRET Denne presentasjonen skal ikkje kopierast eller vidareformidlast.

Mål - Prinsippskisse 2017

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

DESTINASJONSUTVIKLING

Reiselivsorganisering i Sogn. Folkevalddag, Quality Hotel Sogndal,

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Vandring og reisemålsutvikling Døme frå Nordfjord Jens Chr. Skrede

Sluttrapport BOLYST. «Ski heile året» Dato: Desember 2012

Strategi for reiselivet på Voss kortversjon

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

ehandel og lokalt næringsliv

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Lotteri- og stiftingstilsynet

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Brukarrettleiing E-post lesar

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

2. generasjons distriktsbasert reiseliv noen funn og perspektiver

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

Prosjektansvarlig(PA): Destinasjon Voss v/anne Grethe Bakke

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Velkomen til Voss! Voss - ein god stad for alle. Torbjørg Austrud Kommunalsjef tekniske tenester

Sandeid skule SFO Årsplan

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Handlingsprogram Utviklingsplan Gol tettstad Kommunedelplan Gol tettstad Vedteke av Kommunestyre i K-sak 46/06

Stemnehandboka for NKSF

Informasjonshefte Tuv barnehage

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 2015

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Prosjektplan rundtur Sognefjorden og Dalsfjorden i et nøtteskall

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«Ski heile året» Dato: 23. april 2012

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Etablering og drift av kraftselskap

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

Møteprotokoll for møte i

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Nytt HFK Intranett

Søknadsskjema for Bolyst. Bulyst gjennom vidareutvikling av skiaktivitet i Hordaland heile året. Dette er søknadsskjema for skibygda Røldal

BÅTRUTER PÅ SOGNEFJORDEN FRÅ 2010

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Planstrategi for Balestrand kommune

Solfrid Borge leiar i prosjektgruppa Lars Ueland Kobro forskar - Telemarksforsking

Til deg som bur i fosterheim år

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Transkript:

Destinasjon Voss 2007 2011 Fyrste fase med drift etter plan av 2007 2017 Fokus: Samhandling

Innhald Helsing frå styreleiar... 3 Helsing frå dagleg leiar... 3 1 Marknadssituasjonen sommar og vinter... 4 2 Reiselivsstrategi... 6 3 Organisasjon... 10 4 Drift/økonomi... 16 5 Design/visuell profil... 23 6 Arrangement som drivarar av trafikk til Voss... 25 7 Årskalendar... 26 8 Marknadsaktivitetar... 27 9 Fellesgodeprosjekt... 33 10 Rammevilkår for næringsliv/næringsutvikling... 36 11 Samarbeidspartnarar... 37 2

Helsing frå styreleiar Det er nå fire år sidan stiftingsmøtet for Destinasjon Voss i Bavallen. Det har vore fire år prega av nybrottsarbeid, glede, frustrasjon, mange oppturar og nokre nedturar. I dag står Destinasjon Voss fram som eit fungerande og solid destinasjonsselskap, og som for første gang i 2010 gjekk +/- null. Dette klarte me ved god hjelp frå aktive medlemar samt stønad frå andre private, statlege, fylkeskommunale og kommunale bedrifter/organisasjonar og fond. Nokon vert kan hende rastlause da det ikkje skjer nok på Voss, og begynner å tvile på planane som vart lansert på Park under festmiddagen for tre år sidan. Tidsplanen kan i ettertid virke noko ambisiøs, men eg har framleis god tru på at Voss kan klare å nå måla i planen, under føresetnad om at vossingane slutter opp om Destinasjon Voss sitt arbeid og jobbar mot felles mål. God sommar! Noko av det viktigaste Destinasjon Voss har gjort er å få på plass ein plan for utvikling av reiselivet. Dette dokumentet, Reiselivsstrategi for Voss 2007 2017, er styrande for arbeidet i Destinasjon Voss, men bør også vere retningsgivande for veldig mye av dei andre aktivitetane som skjer, og som er på planleggingsstadiet i bygda. Helsing frå dagleg leiar Motivasjonen for oss som arbeider i Destinasjon Voss er ei sterk tru på eit uutnytta marknadspotensial for Voss som reisemål. Dette potensiale er også bekrefta av kompetanse på område utanfor bygda, både nasjonalt og internasjonalt. Det er stor konkurranse i denne marknaden og Voss må vere best i sin divisjon. Etter kvart kan me også spele oss opp i eliteserien. Voss er ei sterk merkevare, men me må levere til forventning. krone lagt i ein felles pott raskt kan verte 5 kroner. Det betyr også at kr 100.000 raskt vert til ein halv million! Destinasjon Voss takkar alle medlemane for vilje og evne til samhandling gjennom første fase av reiselivsstrategien, både for bidrag til felles marknadsarbeid og for ditt bidrag til utvikling av produktet Voss så langt. Så gleder me oss til det me skal få til i fellesskap framover. Produktutvikling av reisemålet er viktig. I tillegg må me samle ressursar for å nå ut i marknaden. Å utvide talet på medlemar er viktig for å sikre ein grunnkapital til marknadsarbeid. Her kan alle ta ein prat med ein ikkje-medlem! I tillegg er det viktig at kvar og ein ser på sitt eige marknadsbudsjett for å finne ut om ein del av dette budsjettet kan nyttast i eit spleiselag på konkrete tiltak med andre med same behov/felles målgrupper. Gjennom slik satsing via Destinasjon Voss har ein vist at det går an å matche desse pengane med andre bidrag, slik at ei 3

1 Marknadssituasjonen sommar og vinter Voss sin styrke i reiselivssamanheng er heilårs turisme. Voss har både ein solid sommar- og vinterturistsesong i tillegg til ei rekkje arrangement heile året. Med sentral lokalisering i forhold til kommunikasjon og med eit bredt aktivitetstilbod, er Voss også attraktiv som kurs- og konferansestad. MEN, det er stor konkurranse i desse marknadene. Skal Voss vere med i elitedivisjonen må me arbeide hardt både med produktutvikling og marknads-kommunikasjon. reiselivet. Med høgt kostnadsnivå er det tre vegar å gå: 1. industrialisering 2. større grad av sjølvbetjening 3. unike produkt til høg pris Ein kan òg kombinere dei ulike retningane. Med dette faktum som bakteppe kan ein sjå dei store linene i marknadssituasjonen på Voss: Sentrumshotella har ein tilbakegang i trafikk og det skjer ei relativt stor utbygging av ny kapasitet. Den nye kapasiteten er marknadstilpassa til dagens behov, gir rom for sjølvbetjening og er ei form for industrialisering i form av konsentrert og stor satsing, bruk av konsernmodellar og ekstern kapital. Den norske marknaden er den viktigaste marknaden for Noreg som reisemål. Dette gjeld også for Voss. Ein tydeleg fokus på den norske marknaden er derfor viktig. Den er enklast å nå, har god kjøpekraft og har behov som er enkle å identifisera. Voss har eit stort potensial både for turistog kurs/konferansetrafikk på den norske marknaden. Situasjonen for sentrumshotella på Voss er lik den situasjonen distriktshotell i Noreg står overfor, kombinasjonen høgt kostnadsnivå og sviktande marknad. Også for hotella er alternativa industrialisering, større grad av sjølvbetening eller å tilby unike produkt til høg pris. (Både eit historisk trehotell og ein vinkjellar er døme på det unike ein kan byggje vidare på her). Seksjonering for sal er ein mogelegheit som sentrumshotella ynskjer. Her er det viktig å kome i mål, og det er derfor viktig at også Kommuneplanen opnar for dette på ein måte som gjer det realiserbart. For å ta ut den verdiskaping som ligg i reiselivsstrategien, er auka turisttrafikk, også frå utlandet, avgjerande viktig. Samstundes må me vere klar over at Noreg tar ut ein liten marknadsandel av internasjonal turisme. (Marknadsandel til Noreg i OECD landa er på 0,6%. På 1970 talet var andelen 1,1%, så det har vore ei negativ utvikling). Det som skal til for å snu denne trenden er å gå frå naturbasert til kunnskapsbasert reiseliv. I følgje Erik W Jacobsen (Menon Business Economics, frå boka Et verdiskapende Norge ) vil kunnskap, innovasjon og bærekraft vere viktig for 4

VOSSAVINTER PÅ STATISTIKKEN TILBAKE Gjennom storstilt satsing i Voss Resort og i Voss Fjellandsby, Myrkdalen dei siste åra, er Voss tilbake på kartet som vinterdestinasjon i Noreg. Sesongen 2008/09 var ein strålande vinter på ski med rekordomsetning på fjellet. Store investeringar i heiskapasitet (75 mill) i Voss Fjellandsby var hovudårsaken til ein omsetningsvekst på over 80% i skianlegget samanlikna med fjoråret. Etterspørsel etter utleigesenger auka, og ein låg også her på ein markert vekst i omsetning samanlikna med året før. Samstundes med denne veksten hadde Voss Resort ei auke i sal av heiskort på 30%! Dette inneber at Voss tok store marknadsandelar i denne marknaden denne sesongen. Etter rekordåret 08/09 held veksten fram. Gjennom prosjektet Ski heile året, som er det største enkeltprosjekt Destinasjon Voss har ansvar for, satser ein nå målretta mot den internasjonale marknaden og allereie sesongen 09/10 kunne ein spore fleire internasjonale gjester i dei to skianlegga. Hausten 2009 fekk Destinasjon Voss prosjektmidlar frå Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge for å matche næringa sin eigen innsats på den internasjonale marknaden. På statistikken over skianlegg med størst omsetning av heiskort sist sesong, er Voss på 5 plass dersom ein ser Voss under eit, bak Trysil, Hemsedal, Hafjell og Geilo. På få år har altså Voss tatt tilbake ein solid posisjon som vinterdestinasjon. NM på ski i 2012, VM i freestyle 2013 og utviklinga av anlegget i Voss Ski- og tursenter vil styrke denne posisjonen ytterligare. STATISTIKKGRUNNLAG FOR VOSS SOM REISEMÅL Statistikkgrunnlaget for Voss er mangelfullt, og trafikkutviklinga er variabel mellom verksemdene. Det er eit mål å få fram betre statistikkgrunnlag, men ansvaret her ligg på verksemdene. Utleigeeiningar som er sale and lease back er ikkje pliktig til å melde inn leigedøgn. Nå rapporterer Voss Fjellandsby inn tal (fom 2011). Uansett vekst eller tilbakegang i talet på gjestedøgn, er det behov for eit krafttak for både å sikre kvaliteten på eksisterande tilbod, vidareutvikle reisemålet og få VOSS skikkeleg på kartet som eit attraktivt reisemål. 5

2 Reiselivsstrategi Å ha fått på plass ein felles strategi og arbeide målretta i tråd med denne planen, er avgjerande viktig. Tiltaksdelen av planen frå 2008 ser du her. Det er mange oppgåver som faktisk er gjennomført, mange oppgåver som er under arbeid og mange oppgåver å ta fatt i. Her er det behov for ei prioritering, og at kvar og ein tar tak i sine utfordringar. 6

7

8

9

3 Organisasjon Den viktigaste ressursen i Destinasjon Voss er dei personane som arbeider i organisasjonen. Ikkje minst på grunn av ein stabil organisasjon sidan oppstart i 2007, både i administrasjonen, i styret i aksjeselskapet og styret i Reiselivsrådet, klarte me målet om balanse i rekneskapen i 2010. Slik balanse er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit viktig middel for å sikre stabilitet i organisasjonen for å bidra til å nå målet om auka verdiskaping på Voss. 3.1. Administrasjon Anne Grethe Bakke Dagleg leiar, prosjektog økonomiansvarleg og ansvarleg for oppfølging av reiselvisstrategi Gunhild Lundblad Produktsjef, web redaktør og bookingansvarleg Erik Østlie Marknadsjef, ansvarleg for profilartiklar og prosjektleiar for Ski heile året Linn Ravndal Norevik Prosjektmedarbeidar og ansvarleg for dagleg drift av butikken i Vangsgata og dagleg drift av nettbutikken 3.2. Kontor i Vangsgata Frå oppstart i 2007 var Destinasjon Voss lokalisert på Tvildemoen. Rett før jol 2009 fekk me tilbod om lokale i Vangsgata 20, og var på plass der frå 01.01.2010. For hovudtyngda av oppgåvene våre har me ikkje behov for sentralt lokale på gateplan. Etter suksessen med nytt design og produksjon av t-skjorter med VOSSAlogo, såg me ein mogelegheit for å utvikle ein eigen kommersiell forretningsidé med sal av VOSSA profilprodukt. Det er Destinasjon Voss som har eksklusiv rett til dette, og ein slik mogelegheit gir pengar i kassa som eit bidrag til å drive vår primære verksemd; reisemålsutvikling og marknadsføring av Voss som reisemål. Med ein kontakt ut mot publikum og ein lokalisering i sentrum kunne me også starte bookingkontor. Det er verksemder som er medlem av Voss Reiselivsråd/Destinasjon Voss som vert presentert for publikum. Hovudfokus er på aktivitetstilbod, og dette tiltaket skal bidra til at turistar som kjem til Voss ynskjer å vere eit, eller fleire døgn ekstra. Butikkverksemda i Vangsgata er mogeleg når me kombinerer denne med kontoraktivitetar. Opningstid er difor tilpassa vår kontortid som er kvar dag måndag til fredag kl 09 17. I tillegg har med ope under større arrangement etc. Målet må vere at Voss får eit felles servicekontor/turist- bookingkontor som er ope kvar dag heile året. 10

3.3. Styret i Destinasjon Voss AS Styreleiar: Thomas Gundersen, Canica Styremedlemar: Øyvind Lauritzen, Skigutane Kathrine Løno Lahlum, Statens Vegvesen Erik Fleischer Tønjum, Fleischer`s Hotel Øyvind Wæhle, Voss Resor 3.4. Styret i Reiselivsrådet Styret i Rådet er sett saman av folk frå ulike delar av reiselivsnæringa, samt andre næringar. Hotell: Solvor Dolve, Fleischer`s Hotel Camping/sjølvhushald: Alexander Mathieson, Voss Camping Sommarprodukt: Trude Storheim, Vossa Jazz/Festival Voss Vinterprodukt: Nils Akselberg, Voss Fjellandsby, Myrkdalen Handel/sekundærnæring: Ellen T. Astrup,Indre Hordaland Miljøverk Even Rokne, Ekstremutvikling (leiar) Etter 4 år med drift av Destinasjon Voss ynskjer styret i Rådet å få ei drøfting blant medlemane om oppgåver og samansetning av Rådet. Ein valkomité vil kome på plass i Generalforsamlinga i Destinasjon Voss den 08.06. Denne komitéen vil få i oppdrag å kome med framlegg til styre i Rådet på medlemsmøte til hausten. Her er det viktig at medlemane kjem med innspel til kva for oppgåver som er dei viktigaste for Rådet (jfr vedtekter for Rådet, side 11 og 12). I følgje desse vedtektene er styret eit rådgjevande organ for Destinasjon Voss i spørsmål om marknadstiltak. Dei er aktive bidragsytarar i arbeidet med den årlege marknadsplanen. Reiselivsrådet - Vedtekter Av26.06.08 1 Føremål Voss Reiselivsråd (VR) er ein medlemsorganisasjon basert på fritt medlemsskap for verksemder med interesse innan reiseliv/turisme på Voss. VR skal, gjennom sitt styre, vere eit rådgjevande organ for destinasjonsavdelinga i Destinasjon Voss (DV). 2 Oppgåver Gi råd til DV når det gjelder prioritering av fellesgodetiltak Gi innspel til marknadsplanen Gi råd i arbeidet med å disponere årskontingent (utover løns- og administrasjonskostnader) til produktutvikling Gi råd om størrelsen på matche-faktoren for omdirigerte marknadsmidlar Gi råd om det skal betalast provisjon av andre tenester og aktivitetar som blir omsatt gjennom bookingportalen 11

Gi innspel i arbeidet med å disponere provisjonsinntektene frå online booking, til gjennomføring av tiltak i marknadsplanen 3 Medlemskap Alle som betaler eit årleg marknadsbidrag til Destinasjon Voss vert automatisk medlem av Reiselivsrådet. Verksemdene vert kategorisert etter type verksemd, aktivitet sommar, aktivitet vinter, hotell, camping/sjølvhushald og handel. VR kan ta opp medlemmar innanfor sitt geografiske virkeområde: Lokale organisasjonar, institusjonar og enkeltbedrifter Kommune Utmelding kan bare skje ved skriftleg melding seinast 4 månader før det kalenderår utmeldinga skal gjelde frå. 4 Marknadsbidrag Marknadsbidraget vert rekna av omsetjing (eks mva) for fjoråret. Styret i Reiselivsrådet vil fastsetja nivået på marknadsbidraget. Faktura vert sendt ut kvart år i august/september (etter godkjent årsrekneskap). 5 Styret Rådet velgjer eit styre som skal bestå av 5 medlemmar i tillegg til ein person frå DV: 1 medlem frå verksemder innan sommarproduktet 1 medlem frå verksemder innan vinterproduktet 1 medlem frå hotella 1 medlem frå camping/sjølvhushald 1 medlem frå handel/sekundærnæring Reiselivssjefen i DV Reiselivssjefen er sekretær for styret. 6 Val Årsmøte i VR veljar styret. Verksemdene innan sommarprodukt velgjer sin representant, vinterprodukt sin osb. Det er styret som er rådgjevande organ for destinasjonsavdelinga i DV. 7 Arbeidsform DV har ansvar for eit årleg medlemsmøte/årsmøte i VR. Dette møte skal både vere eit samlingspunkt for medlemmane/styret, men og ein arena for fagleg oppdatering. Styret i Reiselivsrådet skal minimum ha 3 styremøtar i året. Dei ulike oppgåvene vert tilpassa tidspunkt for desse møta. Bransjenettet på www.visitvoss.no skal vere kommunikasjonskanal nr 1 for Rådet. 8 Medlemsrettar og plikter Medlemmar har rett til å ta del i dei felles kampanjar og marknadstiltak som DV initierer Medlemmane har rett til å kanalisere eigne marknadsmidlar gjennom DV, for matching av desse midlane Verksemdene har plikt til å gje informasjon om eigne omsetjingstal. 12

3.5. Organisasjonskart Som aksjeselskap har Destinasjon Voss eit eige styre i tråd med krav i aksjeloven. Alle verksemdene som betaler marknadsbidrag til Destinasjon Voss er organisert i Voss Reiselivsråd, som er ei uformell gruppering under Destinasjon Voss. Organisasjonsmodellen for Destinasjon Voss hadde frå start ei destinasjonsavdeling og ei prosjektavdeling. Dette er aktivitetar som heng nøye saman, og i praksis har organisasjonen utvikla ein destinasjonsavdeling som også arbeider med reisemåls- og prosjektutvikling. Dette er også i tråd med reisemålsselskap elles i Norge (sjå tabell for arbeidsoppgåver i reisemålsselskap i vedlegg). Prosjektutvikling skjer fyrst og fremst ute i dei ulike verksemdene. Ein avgjerande suksessfaktor for prosjektutvikling er tilgang på kapital. Investinor, eit statleg investeringsselskap som har reiseliv som eit av sine satsingsområde, er i dialog med Voss om eit mogeleg samarbeid. I sommar hadde me besøk av profesjonelle destinasjonsutviklarar som hadde oppdrag frå Investinor å finne fram til dei destinasjonane i Noreg med størst potensial for internasjonal heilårsturisme. Voss er med på denne viktige lista. Det er spanande utbygging på gang både på Tvildemoen (vindtunnel) og i Bordalen (nasjonal husdyrpark og utbygging av hytter og leilegheiter), i tillegg til den utviklinga som skjer i Myrkdalen og i Voss Resort. Både vindtunnelen og husdyrparken skal etter planen opne i 2012. Godkjent kommunedelplan for Myrkdalen opnar for utbygging av 3.400 fritidseiningar og i desse dagar starter bygging av hotell. I Voss Resort er det godkjent kommunedelplan for 600 nye fritidseiningar og det er utarbeida eit forprosjekt for ny gondolbane og hotell. Dette planarbeidet vert sett i samanheng med reguleringsplan for kollektivknutepunkt Voss stasjon som er viktig for reiselivet, i tillegg til reguleringsplan for strandsone langs Vangsvatnet Destinasjon Voss har arbeida for å inkludere turistinformasjonen inn i eigen organisasjon, ei løysing som etter vår oppfatning hadde vore hensiktsmessig både for tilbydarane på Voss, turistane og andre brukarar av turistinformasjonen og ikkje minst ut frå eit økonomisk perspektiv. Samdrift mellom destinasjonsselskap og turistinformasjon har opplagte synergiar. Voss kommune ynskjer å drifte turistinformasjonen sjølv som del av aktiviteten i kulturhuset. 13

3.6. Aksjonærar Det er totalt 3300 aksjar pålydande kr 1000 i selskapet. Aksjekapitalen på 3,3 millionar kroner er intakt. Største aksjonær er Canica, med 50% av aksjane. Even Rokne AS har ein eigarandel på 3% og Skigutane 2%. Elles er dei resterande aksjane likt fordelt på dei andre aksjonærane med 1% kvar. AS Sylvsmidja Sylvvareverkstad BHR Invest AS Biltunet Holding AS Bjørkehagen AS Bjørn Sønsterud Brunborg Holding AS Canica AS Dreis AS Dyrdal Mat AS Egil Selvåg Even Rokne AS Flatlandsmo Camping Fleischer Eng.& Managm. AS FUI AS Gamme AS GIK Eigedom AS Haugamoen Utvikling AS Heine Tvilde HMV Holding AS ISA AS Ivar Løne AS Jernvangen AS Johs E Øvsthus AS Jon Gjerde Katrine Matthiessen Lille Invest OM AS Lokal Invest AS Middagsholo AS Nannok Invest AS Nils Amundsen Njål Draugsvoll P O Pedersen Holding Park Hotell Vossevangen Per Støyva Rokne Invest AS Rune Rogde Skigutane AS Stiftinga Ekstreme Voss Stig Juvik Taubane Teknikk Troll Investments Tvilde Invest Voss Fjellandsby AS Voss Helikopter AS Voss Prosjektutvikling AS Voss Sparebank Voss Veksel-og Landmandsbank Økonomisenteret Voss AS 3.7. Medlemar Det har vore ein stabil medlemsmasse på omlag 150 verksemder sidan oppstart i 2008. Det har vore noko fråfall gjennom at verksemder har gått konkurs, men nye verksemder har kome til og sikra stabilitet. Det har vore ei utmelding. Utfordringa framover er å få fleire verksemder med i Advokat Heine Tvilde Alf Opheim Synsam Alge Timing Norge AS Amfi Voss Arkitekt Knut Myklebust As Georg Rokne & CO AS Gjøstein Avi Konsulent Bilpleiesenteret Voss Biltunet Voss Blomstertorget Bunad & Kleloftet Byggmeister Hanto AS Byggmester Magne Hagenson AS Capilli Frisør As Coop Mega Voss Dreis Dyrdal Mat As Dyrdal Sko As fellesskapet. Med eit bidrag til fellesskapet på 0,3 eller 0,03% av omsetning er dette ein liten investering for at Voss kan ha ein eigen organisasjon med full fokus på reisemålsutvikling og marknadsføring av Voss som reisemål. Eenstunet Ekstremsportveko EkstremUtvikling As Eky Kompetanse Encon AS Even Rokne As Fenris Film AS Festival Voss Flatlandsmo Camping Fleischer's Hotel Fotograf Senderud AS Galleri Voss As Garn Senter As Generasjonsmat Evanger AS GIK Eigedom AS Glade Barn Haaland Euro Sko Voss As Haugo utleige Herheim foto 14

Heritage Adventures AS Hordaland (avisa) Ica Detalj AS avd.rimi Voss Indre Hordaland Miljøverk Iks Jernvangen As JM Voss AS Johs E Øvsthus AS Jæger Automobil As avd. Voss Kilde Akustikk As Kjell Lirhus Maskin og Transport As Linda Lid Kjeramikk Lisbet Undertun kost og treningsveileder LO Lunde Konten Konditori Logolink AS Martin Tvilde As MX Sport Myrkdalen Camping Myrkdalen Fjellheiser AS Norbits AS Norske Husdyr As OL Kythe AS OL Tvilde As Oppheim Hotel & Resort Osafestivalen Park Hotel Vossevangen Patina Evanger Brukt og Antikk Pedverket AS Plei Proaktiv Voss Eiendomsmegling Revisorgruppen Hordaland Rio Gard as Rokne Da Rokne Invest AS Rongve Bygg Rosenvoss Sandvik Språkhjelp Selland Bygg AS Siv.Ark.Mnal Ingebrigt Nesheim Siv.ark.mnal Ole Kr. Skorve Sivilarkitekt S.Dugstad Sivle Gard Skallagrim Skigutane AS Skigutane Butikkdrift AS Smalahovetunet Sommar på Sævelid Sparebanken Hardanger Stalheim Fjord og Fjellhytter Stalheim Oppleving Strandatausene AS Styve Møbelsnikkeri Sunkost Voss Natura As Sunkost Vossasenteret Sylvsmidja Sylvvareverkstad AS Synssenteret Voss As Tebe Interiør As Teron AS Tollpost-Globe As Tre Kokker Voss As Tunet Voss Urmakar Anders as Vangen Elektriske As Vetlebotn kafe Da Via tours Voss Villa Helgheim Visma Services Norge As avd.voss Voss Bedriftservice As Voss Byggsenter As Voss Camping Voss Elvesport AS Voss Energi AS Voss Fallskjermklubb Voss Fjellandsby Booking AS Voss Fjellandsby skiskule Voss Fjellhest & Engjaland Gard Voss Folkemuseum Voss Forsikring As Voss Fritidsbygg As Voss Glassmagasin AS Voss Golfbaner Voss Handelslag Voss Hang- og paragliderklubb Voss Helikopter Voss hud og helseklinikk Voss Interaktiv Næringsvugge As Voss Kommunikasjon As Voss Lavpris AS Voss Leikebutikk Voss Lyd As Voss Møbel Og Treverkstad AS Voss Prenteverk As Voss Rafting Senter Voss Resort Bavallstunet Voss Resort Fjellheisar As Voss Resort Skiskule-Skiutleige As Voss Solskjerming As Voss Sparebank Voss Utvikling AS Voss Utvikling AS Voss Vandrarheim Voss Veksel- og Landmandsbank ASA Voss vidaregåande skule - reiseliv Vossa Jazz Vossafjell Vossakringlo Vossameny Vossevangen Libris Vosssabia Xcima Film Økonomisenteret Voss AS 15

4 Drift/økonomi Etter tre år med oppbygging av selskapet og store kostnader med å få på plass ein dynamisk organisasjon, ein reiselivsstrategi for perioden 2007 2017 og eit nytt design, var målet for 2010 å få balanse i rekneskapen. Eit overkursfond har gitt rom for ei slik satsing, slik at Destinasjon Voss i dag er eit selskap med ein solid aksjekapital. Ein ny rapport frå NHO Reiseliv om reisemålsselskapa i Noreg peiker også på behovet desse selskapa har for ein viss eigenkapitalbase for å vere robuste nok. 4.1. Rekneskap 2007 2010 TABELL 4.1: REKNESKAP 2007-2010 2007 2008 2009 2010 salsinntekt 0 1 110 939 2 174 246 4 454 261 driftskostnader 1 134 932 3 814 569 3 541 830 4 576 516 driftsresultat -1 134 932-2 703 631-1 367 583-122 255 resultat av finanspostar 90 360 352 577 174 891 144 111 Ordinært resultat -1 044 572-2 351 054-1 192 692 21 856 Fast marknadsbidrag frå verksemdene (medlemar i Voss Reiselivsråd) er om lag 1 mill kroner. For 2010 og 2011 har også Voss kommune bidratt med midlar til marknadsarbeidet, midlar som vert matcha med tilsvarande sum frå dei private midlane. Det vert laga eit eige marknadsbudsjett for desse aktivitetane kvart år. I tillegg til marknadsbidrag deltar verksemdene med midlar til ulike prosjekt. Det viktigaste prosjektet er Ski heile året prosjektet. Den største inntektskjelda til Destinasjon Voss er midlar til ulike prosjekt frå Innovasjon Norge, Hordaland fylkeskommune, Kraftfondet og regionale næringsfond. Prosjekta som har slik finansiering for 2010/2011 er Ski heile året, merking og gradering av turløyper og sykkel. Det største bidraget er til Ski heile året der Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge matcher eit stort næringsbidrag frå skianlegga. Når næringslivet samlar seg om felles prosjekt og legg pengar i ein felles pott, er det altså store mogelegheitar til å få matchingmidlar frå det offentlege. Sal eigen verksemd er bookingprovisjon og sal av profilartiklar. Inntekter 2010 marknadsbidrag privat marknadsbidrag Voss kommune Prosjektbidrag offentleg sal eigen verksemd omdirigerte marknadsmidlar privat 16

4.2. Årsrekneskap 2010 17

18

19

4.3. Budsjett 2011 NB! Budsjettet for 2011 var klart i 2010, då var ikkje endeleg rekneskap for 2010 klart. For 2011 har DV fått eit bidrag til marknadsarbeid frå Voss kommune på kr 650.000. Desse midlane vert matcha med midlar frå marknadsbidraget frå medlemmane, og er inkludert i arbeidet som ligg i marknadsplanen. 20

4.4. Tiltak i marknadsplan 2011 Drift, utvikling og trafikkskapande tiltak Booking arrangementskalender Tiltak som vert finansiert gjennom drift (med fast marknadsbidrag frå verksemdene og kommunen) www.visitvoss.no For å vere synleg på nett er godt innhald viktig. Her er det stort behov for artiklar om ulike tema, send gjerne inn artikkelstoff. Tilbydarbooking 17 tilbydarar er bookbare i dag gjennom visitvoss VisitVoss Booking Destinasjon Voss sel eigne produkt som td gåverkort og heilårs skikort -DV handterar online bookingoppgåver på vegne av tilbydarar, som td sal av jaktkort for Gråsida grunneigarlag -sal av billettar til arrangement Samarbeid mellom Festival Voss (FV) og Destinasjon Voss der FV har redaktøransvar for Det skjer på visitvoss.no VIKTIG i marknadsarbeid: legg inn arrangement så tidleg som mogeleg. Tematiske artiklar må produserast, slik at kundar som søkjer på ulike tema også får treff om Voss; td vandring, sykling, rafting Tilpassing til BookNorway DV har redaksjonelt ansvar, i tillegg til ansvar for generell utvikling og drift Fast avtale med kvar tilbydar. Pris fyrste driftsår kr 6.000, deretter kr 3.000 pr år + 10% provisjon av sal via portalen Pris etter avtale Alle kan legge inn sine arrangement i denne kalenderen på www.visitvoss.no/detskjer Samarbeid med www.fjordnorway.com Samarbeid med www.visitnorway.com facebook VisitVoss Her kjem felles strategi for bruk av facebook på destinasjonane i Fjord Norge You tube Test av synlegheitsprosjekt i Ski heile året prosjektet Visitvoss.no/bransje Ta aktivt i bruk bransjenett på Visitvoss, som ein informasjonskanal ut til medlemmane. Profileringstiltak: Kle bygda til fest FV har prosjektansvar for eit felles prosjekt med dei Eige budsjett via FV store arrangementa (NM, VM og Landsskyttarstemne) og dei faste festivalane, der kle bygda til fest er delprosjekt. VOSSAdesign vert nytta som profilelement. Vidareutvikling av Destinasjon Voss har einerett til å utvikle kommersielle VOSSAkolleksjon av produkt med Vossadesign, for sal. Ein eigen kolleksjon profil/suvenirartiklar tekstilar, VOSSAwear, er utvikla. Medlemmar som ynskjar å nytte plagg i eigen verksemd som arbeidsantrekk, får klede til sterkt rabattert pris. Ta kontakt for eigen prisliste. Bruk av VOSSAdesign Arbeid med å få medlemmane til å ta i bruk felles design på ulike måtar, men etter faste reglar. Samarbeid med presse, turoperatørar og transportselskap Visningsturar I løpet av året er det mange presse- og visningsturar. DV har ein tilretteleggings- og vertskapsfunksjon her. Biletbase flickr Biletbank for destinasjonen Bygge opp og vedlikehalde en fotodatabase med bilete av høg kvalitet. Kontinuerleg prosess Arbeidet med å få lagt ut bilete av god kvalitet på Flickr.com er ein kontinuerleg prosess Utvide talet på medlemmar i Destinasjon Voss/Voss Reiselivsråd Me ynskjer å prioritere arbeidet med å få fleire av verksemdene på Voss til å delta i fellesskapet ved å bli medlem i 2011. DV går inn som aksjonær i Book Norway Overskot frå sal av profilartiklar går til marknadsføring av Voss som reisemål. Slike turar er avhengig av dei verksemdene som stiller opp, både med personar og tenester som aktivitetar og overnatting 21

Tiltak som vert finansiert gjennom omdirigerte marknadsmidlar VOSSAvinter felles magasin for Voss som vinterdestinasjon 60siders magasin, opplag 20.000 stk Pris: Heilside annonse for tilbydar Stor vekt på redaksjonelt innhald Konkrete tilbod/pakker Distribusjon: 12.000 pr post til eit utval i Bergen, Haugesund, Stavanger, Sandnes. Vidare distribusjon på hotellrom, i hytter, butikkar og andre samarbeidspartnarar Mål: Vise mangfaldet av opplevingstilbod på Voss, både kommersielle og ikkje kommersielle tilbod. Desse vert også kobla mot ein vekekalender. Informasjon både på web og i brosjyreform. Deltaking i Innovasjon Norge sitt sommarmagasin DV går ut til verksemdene med tilbod om å teikne annonsar. Me ynskjer annonsering av konkrete pakker. Ski heile året eit samarbeid med Voss Resort og Voss Fjellandsby, Folgefonna Sommarskisenter og Røldal Skisenter, samt Fleischer s Hotel, Hotel Terminus og Avinor. Dette prosjektet er del av reiselivsstrategien for Hordaland. Målet med prosjektet er å fylle ledig kapasitet på overnattingsbedriftene søndag fredag i vintersesong, samt skape ny trafikk også om sommaren. Aktive naturopplevingar på VOSS - sommar Alle med næringsinteresser på Voss vil ha nytte av ein slik fokus. Finansiering må skje i eit spleiselag. DV kjem tilbake med eit framlegg til finansiering. Gjennom eit samarbeid i Hordaland ynskjer ein å samle annonsørar frå destinasjonane i Hordaland under ein felles presentasjon av fylket vårt i feriemagasinet til Innovasjon Norge. Konseptutvikling/temaopplevingar Hovudaktivitetar : deltaking på workshops og roadtrips i samarbeid med Innovasjon Norge og Fjord Norge; England, Nederland, Russland, Danmark Produksjon av materiell. Fokus på pakking og sal, logistikk, transport mellom Flesland og Voss Prosjektet er inne i andre driftsår. Kr 18.000 Dette kjem som eige prosjekt, med tilbod til alle om å vere med. Satsing i 2011 gjennom prosjektet aktive naturopplevingar Eige budsjett og finansieringsplan. Årsbudsjett på ca 2 mill. Av desse går om lag 0,5 mill via Fjord Norge samarbeidet Produktkatalog Ski the Fjords Sykkel Eit samarbeid i Hordaland der ein ynskjer Voss som Syklist velkomen destinasjon Pakking, prising, presentasjon og sal av opplevingstilbod Voss er viktig del av Fjord Norge si vintersatsing. 20% av midlane i FjN går nå til vintermarknadsføring. Verksemder på Voss kan bli Syklist velkomen bedrift. Pris pr verksemd kr 600 pr år. Utvikling av sesongriktige produktpakker saman med tilbydarane, som aktivitetsbygda nr 1 i Noreg. Viktig satsing inn mot Book Norway portalen. Eige budsjett og finansieringsplan. Samarbeid med NCE? Messedeltaking Totalt nyttar reiselivsverksemdene på Voss relativt store ressursar på messedeltaking. Er det interesse for å samordne ressursane og deltaking? DV kan nytte personressursar til slik deltaking, og både selje Voss som destinasjon og enkeltverksemder, etter avtale. 22

5 Design/visuell profil Det var reiselivsstrategien som i si tid var grunnlaget for arbeidet med ny, visuell profil for Voss. Designbyrået Creuna AS fekk dette oppdraget i sterk konkurranse med 2 andre byrå, alle anbefalt av Norsk Designråd. Som leiar i Creuna har Arne Hjeltnes hatt eit stort engasjement for dette prosjektet, både under utvikling av VOSSAprofilen og ikkje minst i ettertid, som viktig ambassadør. Innovasjon Norge og Voss kommune/kraftfondet bidrog med finansiering. Bilete: Anne Grethe med næringsminister Trond Giske og designer i Creuna Marc Ligeti I 2010 fekk Destinasjon Voss Merket for god Design av Norsk Designråd for VOSSAprofilen. Dette er ei utmerking for vellykka bruk av design for å skape innovative produkt og løysingar, og er eit kvalitetsstempel til bruk i marknadsarbeidet. 23

5.1. Bruk av design Alle medlemmar har tilgang på bruk av VOSSAprofilen. Det er viktig at denne vert nytta i tråd med profilhandboka. Kontaktperson for bruk av design er Anne Grethe annegrethe@visitvoss.no Alle medlemmar har fått ein digital versjon av designhåndboka. Om du har behov for å få den sendt på nytt, bare ta kontakt. Elles har me sett at det er behov for tydelegare retningsliner for bruk av VOSSAdesignet, slik at me ivaretek dei verdiane som ligg til grunn. For å styrke arbeidet med kvalitetssikring har me fått eit samarbeid med designer Per Finne og grafisk formgjevar Yngve Knausgaard. Dei har lage ein liten trykksak med gode døme på korleis verksemdene kan nytte VOSSAdesignet. Her er også meir informasjon om hovudstrategiane i reiselivsplanen samt dei verdiane VOSSAdesignet byggjer på. Alle medlemane vil få ein avtale om bruk av design som me ynskjer signert og returnert. 24

6 Arrangement som drivarar av trafikk til Voss Aktivitetar og arrangement er viktige drivarar for turisttrafikk til Voss. Her er god planlegging viktig, både for å utnytte arrangement fullt ut for både overnattingsog aktivitetsverksemdene, men også for å unngå arrangementskollisjonar. DV og Festival Voss har tett dialog med alle dei store arrangementa. Det er godt samarbeid på kryss og tvers, og gjennom kontaktmøter kvar månad med dei store overnattingsverksemdene og kommunen (MINTA gruppa) arbeider me mot større verdiskaping på Voss gjennom festivalar og arrangement. I vinter inviterte Søkjarkomitéen for NM på ski 2012 til informasjonsmøte og idédugnad, mellom anna for å sjå korleis ein kan sjå NM og langrenn som reiselivsaktivitet og korleis ein kan sjå dei store arrangementa på Voss i samanheng. Til det siste vart det vedteke å sette ned ei gruppe med representantar frå kommunen, frå Destinasjon Voss, frå Festival Voss, frå dei store arrangementa NM på ski, Landsskyttarstemne og VM i freestyle og næringsliv/bank og NSB. Her kan ein mellom anna sjå korleis ein kan nytte alle dei store arrangementa til det beste for fellesskapet. Gjennom vidare samarbeid, med Festival Voss som prosjektleiar, fekk Voss ein solid pott av Fyrtårnmidlar frå fylkeskommunen. Prosjektet Kle bygda til fest, er del av denne pakka. Med utgangspunkt i VOSSAdesign ynskjer ein å få på plass profilelement som kan fortelje at det er fest i bygda, om det er store idrettsarrangement eller store og mindre festivalar. Her samarbeider Festival Voss og Destinasjon Voss med Creuna om å vidareutvikle VOSSAdesignet til føremålet. Destinasjon Voss har eksklusiv rett til å utvikle profilartiklar med VOSSAdesignet. Gjennom samarbeid med Destinasjon Voss kan arrangementa få fram gode salsartiklar til eigne arrangement. Kontaktp erson her er Erik. 25

7 Årskalendar Gjennom samarbeidet i MINTA gruppa har vi fått på plass årskalender for arrangement. For å få eit arrangement inn på det offisielle årshjulet 2012,2013 osb så må du leggje arrangementet ditt inn på aktivitetskalenderen www.visitvoss.no/detskjer, så snart dato er fastsett. 26

8 Marknadsaktivitetar 8.1 Intern marknadsføring informasjon til medlemane og aktivitet VOSSANYTT Dette er ein nyheitsbulleteng som kjem 3 4 gonger pr år. Dette er komprimert informasjon som kjem på e-post. Ved å ha maks 2 sider informasjon håpar me at desse sidene vert lest. Hugs at alle VOSSAnytt vert lagra på www.visitvoss.no/bransje. BRANSJENETT Bransjenett er eit eige kapittel på www.visitvoss.no På hovudsida finn du ei fane som heiter bransje, eller du kan gå direkte i adressefeltet ved å skrive www.visitvoss.no/bransje. Her finn du alle utgåver av VOSSAnytt, alle planar og viktige dokument som reiselivsplan og kommunedelplan for reiseliv etc. Du vil også finn saksgrunnlag for viktige saker som engasjerer reiseliv og anna næringsliv, for eksempel dokument og referat frå arbeidet med strategisk næringsplan. MINTA gruppa sine referat finn du her, alle referat frå idesamlingane for Raundalen osb. MEDLEMSMØTER FOR MEDLEMAR AV VOSS REISELIVSRÅD Sidan oppstart har det vore minst eit stort møte kvart år. 2008 Festmiddag og visjonsmøte på Park Hotel 2009 Lansering av nytt design 2010 Reisemålsutvikling med erfaringar frå Geilo samt status for prosjektutvikling; Vindtunnel, ekstremaktivitetshus, høgdepark, ny kabelbane og hotell i Voss Resort, samt vidareutvikling av Voss Fjellandsby, Myrkdalen 2010 ROM eigedom og næringsinteresser frå Lillehammer delte sine erfaringar med Lillehammer stasjon. Her har ein investert 70 mill kroner i ein utvikling av stasjonsområdet, og Voss stasjon er neste på lista for ROM eigedom for ei utvikling av eit stasjonsområde mot eit moderne knutepunkt for kommunikasjon. I tillegg er Vossa Jazz sitt næringslivsseminar VOSSA KVEIK også ein arena for medlemar av Voss Reiselivsråd. Dette er eit årleg arrangement under Vossa Jazz, og me oppfordrar medlemane til å delta her. I 2011 har det i tillegg vore to næringslivsseminar med høg deltaking blant medlemane; Vossakonferansen i regi av SR Bank og Voss kommune, og Idé campen for næringslivet. Destinasjon Voss var aktiv deltakar i arbeidsgruppa for idé campen, nettopp for å bidra til samhandling om viktige tema. Voss Energi var hovuddrivkraft bak dette arrangementet som hadde brei oppslutnad. IDÉ CAMP FOR NÆRINGSLIVET 2011 Idé campen i regi av Voss Energi var ein stor suksess. Om lag 70 deltakerar tok del i ein kreativ prosess som har resultert i ein eigen rapport. Her er det definert klare utfordringar for både destinasjonsselskapet, Kontaktforum, arbeidsutvalet for Næringshage og Voss kommune. Voss Energi har vedteke at dei skal ta initiativ til ein ny idé camp i februar 2012 der ein skal gjere greie for status på realisering av tiltak frå 2011. DV har ei rolle 27

for oppfølging her. Mellom anna er DV oppfordra til å søkje midlar i Kraftfondet for å ta eit ansvar for felles næringsarbeid. Referat frå Idé campen ligg på Voss Energi og Destinasjon Voss sine heimesider. MINTA MIDT I MÅNADEN MINTA er forkorting for Marknad, Informasjon, Næring, Turisme og Arrangement. Representantar for desse gruppene kjem saman to timar kvar månad for uformell samtale ut frå følgjande mål: Auka verdiskaping på Voss gjennom samhandling om arrangement, både etablerte arrangement og evt nye. Ei slik gruppe er ikkje unik for Voss. Modellen er henta frå andre destinasjonar som har festivalar og arrangement som viktige trafikkskaparar, mellom anna Opplev Larvik og Malmø. Destinasjon Voss er initiativtakar til MINTA på Voss. Deltakarar: Dei store overnattingsverksemdene Dei store festivalane; Voss Cup, Ekstremsportveko, Vossa Jazz og Osa festivalen Voss kommune v/kultur og teknisk Dei store arrangementa; NM, VM og Landsskyttarstemne Handelsstanden v/voss sentrum og Amfi Festival Voss Destinasjon Voss Å bringe desse interessene saman, vil føre alle eit skritt vidare i arbeidet med å gjere destinasjonen til eit enda meir interessant besøksmål, heile året. Noko som igjen vil gje meir verdiskaping til alle. Referata frå MINTA møta er tilgjengelege for alle på www.visitvoss.no/bransje 8.2. Ekstern marknadsføring WWW.VISITVOSS.NO Den felles internettportalen for Voss som reisemål er eit av dei viktigaste reiskapa ein har for marknadskommunikasjon. Satsinga på nett er del av Fjordnett den største regionale web- og internettsatsinga i reiselivsnoreg. Når systemet er på plass med ny struktur innan 2011 vil det gi ein heilt ny mogelegheit til å kommunisere med marknaden, med fokus på synlegheit, sal og booking. biletbruk etc DV og turistkontoret samarbeider også om system for booking. Det er viktig at alle medlemane engasjerar seg i visitvoss.no Kvar og ein kan gi sitt bidrag til at portalen vert best mogeleg. Det er Gunhild som er webredaktør. gunhild@visitvoss.no Voss kommune er eigar av portalen visitvoss.no og Destinasjon Voss har samarbeidsavtale med kommunen om drift. DV har administrativt og økonomisk ansvar for at portalen er oppdatert og framstår som marknadsmessig attraktiv for brukar. Turistkontoret er kontaktpunkt mot tilbydar når det gjeld oppdatering av informasjon om kontaktdetaljar, prisar, nye produkt, endring i tekst, 28

På marknadsmøte i Fjord Norge er dette prosjektet trekt fram som ein nyskapande måte å arbeide på ut mot marknaden. Satsinga har vidare ført til at Fjord Norge har øyremerka meir ressursar til vintersatsinga Ski Fjord Norway. Viktig fokus i dette prosjektet for inneverande sesong er arbeidet med logistikk, spesielt transport mellom Flesland og Voss. Ski heile året har inngått avtale om leasing av minibuss for å transportere gjester frå Flesland. Bussen vert også nytta til andre oppdrag, melom anna i samband med presseturar. Dette er eit samarbeid med VTS som også stiller med sjåfør når det er aktuelt. VISITNORWAY APPLIKASJON TIL SMARTTELEFONAR Informasjonen om verksemder og tilbod på www.visitvoss.no vert lagra i systemet Tellus. Via dette systemet vert informasjonen også tilgjengeleg på visitnorway.no. Siste tilbod i denne familien er visitnorway applikasjon på smarttelefoner som kan lastas ned gratis. Via Destinasjon Voss vert tilboda på Voss også tilgjengelig her. SKI HEILE ÅRET Gjennom samhandling mellom verksemder, Fjord Norge, Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Destinasjon Voss har ein det siste året fått gjennomført marknadstiltak til ein samla sum av over 4 mill, kr inkl 1.5 mill. i offentlege bidrag gjennom dette prosjektet. Dette er den største enkeltsatsinga på vinter marknadsføring nokon gong i vår region. Prosjektet har ei tidsramme på 4 år. Det er skianlegga som bidrar med den største potten frå næringslivet. Målet er 30.000 nye overnattingsdøgn frå dei fire landa me køyrar ein større satsing i; Danmark, Storbritannina, Nederland og Russland. Prosjektet har allereie gitt konkrete resultat for dei verksemdene som er deltakarar i prosjektet. UTVIKLING AV WINGSUITSPEL Destinasjon Voss har mål om å auke trafikken til eigne nettsider. Gjennom prosjektet Ski heile året har DV bidratt til finansiering av eit utviklingsprosjekt der både NCE Tourism (Norwegian Center of Expertice) og Reisemål Sognefjorden seinare har kjøpt seg inn i prosjektet. Det er VOSSAverksemda Vostopia.com som har utvikla eit heilt nytt dataspel, som vart lansert under Ekstremsportveko i 2010. Spelet er tilgjengeleg på heimesidene til alle partnarane og gir jamn trafikk, utan dei store høgdene. Her er eit stort potensial for vidareutvikling, men ein må i tilfelle prioritere bruk av ressursar på dette. 29

PRESSE/JOURNALISTBESØK Destinasjon Voss er vertskap for presse og turoperatørar. Gjennom systematisk arbeid mot marknader med fokus på aktive naturopplevingar har me det siste året hatt ei stor auke av besøk, i tillegg til dei turane som kjem til Voss i regi av Innovasjon Norge og Fjord Norge, der også Destinasjon Voss har ei vertskapsrolle. Ei stor takk til alle dei verksemdene på Voss som i tillegg stiller med overnatting, mat og opplevingstilbod. PRODUKSJONAR Paul O`Grady show frå Voss Tre millionar sjåarar fekk sjå Dean Herbert frå tjukkaste London boltra seg i naturen på Voss i beste sendetid! Fjelltur i Teigdalen, fiske, bading i fjellvatn, elvebrett, smalahove, aktivitetar som er eksotiske for ein bygut frå London. Dette programmet har ein enorm marknadsverdi, i den britiske marknaden som er svært viktig for Voss. Fjord Line Eigen vinterkatalog på den danske marknaden. Vinterbrosjyre for den nederlandske marknaden Samarbeid med Innovasjon Norge i NL. Produktmanual vinter Samarbeid med Fjord Norge Produktmanual Fjord Norge 2011 2013 Aktiv i Bergen og Hordaland (norsk og engelsk). BROSJYRER/TRYKKSAKER VOSSAvinter magasin Vintersesongen 2010/11vart magasinet VOSSAvinter eit magasin for ei total vinteroppleving på Voss (tidl Voss Resort). DV har prosjektleiaransvar, og har med seg ein redaksjonskomité i arbeidet med å velje tematiske artiklar og annonsørar. Dette magasinet vart ein stor suksess og vil verte ein fast produksjon. Opplaget var på 15.000, og hovuddistribusjonen var i Bergen, Haugesund og Stavanger området. Distribusjon skjedde via post til eit utval av adresser, via roadshows og via sportsbutikkar etc. Elles var magasinet tilgjengeleg hjå overnattings-verksemdene på Voss. Innovasjon Norge sitt feriemagasin - sommar. For 2009, 2010 og 2011 retta mot den norske marknaden. Ski the fjords How to price, sell and book Voss and Bergen. Manual for turoperatørar.( Engelsk og russisk) 30

ARRANGEMENTSKALENDER I arbeidet med å synleggjere arrangement har ein etablert kalenderen det skjer på www.visitvoss.no. Her kan alle arrangørar sjølv legge inn sitt arrangement og det er viktig at ALLE nyttar dette tilbodet. Det er gratis å leggje ut informasjon, og kvart arrangement vil bidra til å gjere informasjonen på web litt bedre! Arrangementskalenderen er eit samarbeid med Festival Voss, som har ansvar for dagleg drift. turistar kan gjere akkurat denne veka har vore eit savn og eit ynskje ikkje minst frå overnattingsverksemdene. Kva kan turisten som er her i dag og i morgon gjere? For å nå målet om å bli spesielt gode på naturbaserte aktivitetstilbod er dette eit viktig skritt som kan vidareutviklast etter kvart. NETTBUTIKK Destinasjon Voss opna nettbutikk på www.vossashop.no i oktober 2010. Her kan VOSSApatriotar frå heile landet få VOSSAprodukt heim til seg pr post. MESSER OG WORKSHOPS Marknadssjefen i Destinasjon Voss deltek på Norwegian Travel Workshop kvart år. Her er også mange verksemder frå Voss representert. I tillegg er Destinasjon Voss til stades på workshops i utlandet i dei viktigaste marknadene. Med begrensa ressursar har me prioritert å arbeide direkte mot marknadene Storbritannia, Nederland, Danmark og Russland og har dialog direkte med utanlandskontora til Innovasjon Norge og møter turoperatørar direkte, på deira heimebane. I dette samarbeidet inngår også samarbeid med transportørane. SOMMARAKTIVITETAR ARRANGEMENTSGUIDE VEKEPLAN For sommaren 2011 lagar Destinasjon Voss eigen aktivitetskalender for kvar veke gjennom sesongen. Å synleggjere kva Ei vidareutvikling av denne butikken er å tilby VOSSAprodukt frå medlemmane våre, som har produkt som egner seg for nettsal, men der det er for komplisert/kostbart å starte eigen butikk. Ta kontakt dersom du har eit produkt som kan kvalifisere her. BOOKING Arbeidet med booking i Destinasjon Voss er delt i tre hovudområder: 1) å vere ein koordinator for våre tilbydarar og tilby administrasjons- og bookingsystem gjennom Tellus GuestMaker Booking 2) å tilrettelegga for booking av arrangementsbillettar og andre tilbod for dei som ikkje er tilbydar i systemet 3) å representere verksemdene på Voss inn mot det nasjonale bookingsystemet Book Norway. 31

Koordinator av bookingsystem I dag er om lag 20 verksemder bookbare gjennom visitvoss.no. Her er to hovudutfordringar: For aktivitetsleverandørane er det behov for å utvikle systema vidare. Systema har først og fremst vore basert på overnattingsbooking. For overnattingsbooking er utfordringa å få lokale verksemder til å nytta best price i Voss sin portal slik at det ikkje vert billigare å booke via dei store, internasjonale bookingportalane som hotels.com etc. Her er det framleis mange brikker som må på plass, med Voss er absolutt med i utviklingen og har god oversikt over kva som skjer. aktivitetstilbod denne somaren. Det betyr at Destinasjon Voss heller ikkje lanserer tilbod på Book Norway enda. Fleischer`s Hotel er på plass i systemet som del av Dei historiske Hotell. Booking av arrangementsbillettar og andre tilbod Deltakarpass til Vinterveko og pass til Ekstremsportveko skal vere tilgjengeleg på www.visitvoss.no. Alle arrangement på Voss må vurdere denne portalen for booking. På denne måten vil provisjon av sal auke Destinasjon Voss sin eigeninntening, og midlane vil gå til felles marknadstiltak. Gjennom samarbeid med Voss Grunneigarsamskipnad og Gråsida grunneigarsamskipnad er det mogeleg å kjøpe fiske- og jaktkort på www.visitvoss.no/fiske-og-jakt Dette har vore ein suksess og tilbodet om jakt og fiske er eit område ein bør utvikle vidare. Book Norway Arbeidet med den nasjonale bookingportalen, Book Norway, er i rute på overnattingstilbod og lansert i marknaden. Dei kom ikkje i mål for SAMHANDLING MED TRANSPORTØRAR Etter at båtruta mellom Newcastle og Bergen vart lagt ned i 2008 har det vore arbeida hardt for å finne alternative ruter. I samarbeid med Fjord Norge, Avinor og næringsaktørar på Voss, har Destinasjon Voss hatt eit større engasjement i saken. Det er svært viktig for Voss å få nye transportforbindelsar frå utlandet på plass. Sidan 2008 har det også kome fleire nye flyruter og Fjord Line kjem med to nye båtar på ruta mellom Bergen og Hirtshals. Destinasjon Voss tilpassar marknadsinnsatsen til områder med god fly- og båtruter. Det er ei utfordring med transporttilbodet vidare frå Flesland til Voss. 32

9 Fellesgodeprosjekt 9.1. Turløyper Gode turløyper av ulik lengde og vanskegrad er viktige tilbod for ei stor gruppe friluftsinteresserte turistar, både nasjonale og internasjonale. Voss ynskjer å vere ein destinasjon for vandrarar, skigåarar og padlarar. Gjennom NCE Tourism og Gjensidigestiftinga er det etablert og finansiert ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i Fjord Norge. Destinasjon Voss, på vegne av samarbeidspartnarar som Utferdslaget, Voss ski- og tursenter, Patina Evanger, Voss Fjellandsby/Stalheim landskapspark, Voss kajakklubb, Bømoen og Voss kommune, har fått 300.000 kr frå desse midlane i 2011. I tillegg bidrar Voss Sparebank med kr 200.000 til same prosjekt. 9.2 Sykkel Destinasjon Voss arbeider også for tilrettelegging for sykkelturisme. Voss er aktør i Sykkelprosjektet fori Hordaland, der målet mellom anna er å få Voss som ein syklist velkomen destinasjon. Destinasjon Voss er lokal prosjektleiar og samarbeider med ei lokal arbeidsgruppe om val av sykkelruter, korleis merke rutene osb. Desse er med i gruppa for vår region: Liv Holmstrøm (Voss Vandrarheim), Per Berge (Voss Fjellandsby, Myrkdalen), Trude Lydvo (Voss kommune), Sigbjørn Slåtten (Voss Resort), Hilde Styve og Turid Sundt (Patina Evanger/Den grøne sløyfa), Sveinung Klyve (Vaksdal kommune), og Ingar Fasteland (Den grøne sløyfa), Trude Tronerud Andersen (Statens Vegvesen), Inge Hommedal frå det aktive sykkelmiljøet/voss naturvernlag. Så langt er aktuelle ruter lagt ut på 33

www.visitvoss.no. Kvar rute er presentert i pdf format og kan skrivast ut. Pga store endringar i vegstruktur rundt Voss er det ikkje aktuelt å produsere nytt merke- og kartmateriale før nye sykkelvegar er på plass. 9.3. Ekstremaktivitetshus Gjennom midlar frå Innovasjon Norge har Destinasjon Voss, i samarbeid med lokale aktørar innan padling, skateboard, hanggliding, klatring, freestyle, ekstremsportveko og Voss Rafting senter fått laga eit forprosjekt for eit aktivitetshus. Dette har blitt eit spanande prosjekt, utarbeida av arkitektane Mari Myklebust og Marina Bauer. Lokalisering på Tvildemoen hadde vore optimalt, både for å tilby lokale ungdom og turistar eit sentrumsnært tilbod. Prosjektet kan når som helst hentast opp frå skuffen, dersom det dukkar opp interessentar og kapital for realisering. 9.4. Symjehall Kommunen har fått utreda ulike alternativ for opprusting av basseng i tilknyting til eksisterande anlegg ved ungdomsskulen. Gjennom ei slik løysing vil ein få på plass eit kommunalt tilbod som tilfredsstillar krav om opplæring, dersom tilbodet vert realisert. Symjegruppa på Voss har teke eit initiativ med bakgrunn i rapporten som løfter det kommunale prosjektet til eit meir fleksibelt anlegg. Gjennom å utvide ramma for ei kommunal løysing er det mogeleg å få på plass ein symjehall som også tilfredsstillar lokalbefolkning, hytteeigarrar og reiselivet. Næringslivet må kome med signal om ein ynskjer å bidra til ein symjehall på Voss som Voss fortener. 34

9.5. Vossajobb.no Dette er eit samarbeidsprosjekt som kom i stand etter felles drøftingar om behovet for å synleggjere Voss som bu- og arbeidsstad. Her kan alle verksemder på Voss leggje ut ledige stillingar. Kontakt Gunhild i Destinasjon Voss for meir informasjon. 35

10 Rammevilkår for næringsliv/næringsutvikling Med bakgrunn i mykje frustrasjon blant medlemmane våre etter at Eigedomsskatten vart opptil 4 dobla, vart rammevilkår for næringslivet sett på dagsorden i 2010. Eit ope møte i mai samla om lag 60 personar frå næringsliv og kommune. Konklusjonen her var behov for tettare dialog, og nytt møte for å drøfte korleis, vart halde seinare same månad. Sentrale politikarar som deltok på dette møtet tar saka vidare til Formannskapet med tanke om å etablere eit eige kontaktutval for næringslivet med representantar frå dei ulike politiske utvala. Konkrete utfordringar: I arbeidet så langt har ein identifisert følgjande hovudutfordringar: behov for forutsigbarhet med omsyn til avgiftsnivå for næringslivet, presserande behov for bustadtomtar sentral på Voss, behov for ein storstilt sentrumsutvikling, behov for ein strategisk næringsplan med tiltaksplan/ansvar/budsjett/framdrift, eit Næringsfond til næringsutvikling i tråd med overordna plan, (ikkje stykkevis og delt) med prioritere hovudsaker for kvar periode og behov for ei analyse av Voss sitt næringsliv som bakgrunn for planlegging. 10.1. Kontaktforum Den 06.okt var det fyrste møtet i kontaktforum mellom næringsliv og kommune, der målet er auka verdiskaping gjennom større samhandling. Frå næringslivet er Nils Akselberg, Steinar Hjørnevik, Arild Rogde og Anne Grethe Bakke. Kommunen stiller på desse møta med både administrativ og politisk leiing samt sentrale politikarar i ulike utval og nøkkelpersonar frå kommuneadministrasjon avhengig av saksområde. På møtet 2.desember var hovudtema sentrumsutvikling. Dette er ei viktig sak for heile Voss, og det er behov for eit krafttak for å sikre framtidig trafikk til Voss når trafikken vert lagt i tunnel. Referat frå møta i kontaktforum vert lagt ut på www.visitvoss.no 10.2. Strategisk næringsplan Eit resultat av arbeidet i Kontaktforum er at strategisk næringsplan no vert fornya. Arbeidet starta i vår, og ein reknar ca eit år på prosessen. Destinasjon Voss deltar i arbeidet v/anne Grethe. Alle medlemmane vil få innsyn i prosessen undervegs. Alle gamle planar, alle møtereferat og anna interessant materiell er lagt ut på www.visitvoss.no/bransje. 36

11 Samarbeidspartnarar 11.1 Voss kommune For å lykkast med destinasjonsutvikling er tett samhandling med kommunen viktig. Destinasjon Voss samhandlar med kommunen på mange ulike områder. Kommunen var bidragsytar ved finansiering av arbeidet med reiselivsstrategi og designprosjekt. Konkrete samarbeidsprosjekt er nettportalen www.visitvoss.no og www.vossajobb.no. Samordning av oppgåver mellom turistinformasjonen og destinasjonsselskapet er viktig, og ein arbeider for å få på plass arbeidsmetodar som kan fungere. Destinasjon Voss har deltatt i arbeidet med næringshage etter initiativ frå kommunen. Det er også eit formalisert samarbeid gjennom Kontakt forum og gjennom arbeidet med Strategisk næringsplan. I arbeidet med fellesgodeprosjekt som vandring og sykkel er det samhandling om konkrete arbeidsoppgåver og kommunen via Kraftfondet har løyvd pengar til arbeidet. Destinasjon Voss hadde tett samarbeid med kommunen under arbeidet med Kommunedelplanen for reiseliv. Som del av arbeidet med reiselivsstrategien vart det utarbeida eit framlegg til slik kommunedelplan, eit framlegg som kommunen tok inn i ein prosess for politisk handsaming. Planen vart vedteken i september 2009. Denne finn du på kommunen sine heimesider www.voss.kommune.no eller på www.visitvoss.no/bransje. Denne planen er eit godt verktøy for reiselivet. Dei overordna føringane for kommunen gjeld å sikre areal til reiselivsutvikling, koordinere virkemiddel, tilrettelegging for næringsutvikling, ta ansvar for vertskapsrolla, betra miljøprofil og tiltak både for generell infrastruktur og reiselivsmessig infrastruktur som skilting, bade- og rasteplassar, gang- og sykkelvegar osb. 11.2. Innovasjon Norge Reiseliv/visitnorway.no Dette er det nasjonale organ for marknadsføring av Noreg som turistmål, eigd av Staten. Dei har ansvar for den nasjonale reiselivsstrategien og operative marknadstiltak internasjonalt og delvis nasjonalt. Destinasjon Voss samarbeider med Innovasjon Norge Reiseliv der dette er hensiktsmessig, både direkte og gjennom Fjord Norge samarbeid. 11.3. Fjord Norge Fjord Norge AS er Destinasjon Voss sin viktigaste samarbeidspartnar på internasjonalt marknadsarbeid. Fjord Norge har ansvar for marknadsføring mot den internasjonale marknaden for alle 4 vestlandsfylka. For vintersatsinga i Fjord Norge Ski Fjord Norway - har Destinasjon Voss ei leiande rolle gjennom prosjektet Ski heile året. For 2011 vil FjN satse meir på marknadsføring av konsept og sal av temaopplevingar/pakker innan vandring, kultur og outdoor adventure, og dette passar bra for Voss. 37

11.4. Norwegian Center of Expertice (NCE)Tourism NCE er eit innovasjonsprosjekt for reiselivsnæringen på Vestlandet, eigd og finansiert av det offentlege og partnarar frå reiselivet. Voss har eit solid engasjement i denne klynga av utviklingsaktørar. Destinasjon Voss er partnar, det er også Voss Fjellandsby, Voss Resort, Heritage Adventure, Norway Active og Festival Voss. Visjonen til NCE Tourism - Fjord Norway er å gjere Fjord Norgeregionen verdsleiande innan tematurisme. 4 tema er peika ut som satsingsområder: Ski, vandring, kultur og outdoor adventure. Dette passar perfekt for Voss. For å styrke arbeidet i dei 4 fylka i Fjord Noreg regionen valgte NCE Tourism og regionalisera delar av aktiviteten i 2011. Dei har engasjert 4 personar frå 4 ulike destinasjonsselskap til å arbeide med kvart sitt temaområde, i tillegg t il å vere ein sentral aktør i det aktuelle fylket. Destinasjon Voss er aktuell partnar i Hordaland og Anne Grethe har eit engasjement på vegne av NCE med tema outdoor adventure. I tillegg arbeider Erik tett på prosjekt med NCE gjennom Ski heile året satsinga og Gunhild samarbeider med NCE gjennom Fjordnett. 11.5. Bergen Reiselivslag (Turistkontor og Hordaland prosjekt) Turistinformasjonen i Bergen er vertskapssenter for reiseliv for Bergensregionen og har ca 500.000 besøkande kvart år. Destinasjon Voss samarbeider mellom anna med dei andre destinasjonsselskapa i Hordaland om ein felles Hordaland skranke i denne turistnformasjonen. Destinasjonane i Hordaland har også ein felles stilling som arbeider med felles nasjonale marknadstiltak. Denne stillinga er plassert hos Bergen Reiselivslag. 11.6. Innovasjon Norge Hordaland Innovasjon Norge/Hordaland med kontor i Bergen er ein viktig kjelde for finansiering av reiselivsprosjekt. Dei har aktive engasjement på Voss inkludert i Destinasjon Voss. Både i designprosjekt og Ski heile året har Innovasjon Norge vore med som bidragsytar. Dei stiller opp for innovative prosjekt, og alle som har gode foretningsidéar bør vurdere kontakt med Innovasjon Norge. 11.7. NHO Reiseliv Hordaland NHO Reiseliv er næringsorganisasjonen for reiselivet i Hordaland, og del av NHO på nasjonalt nivå. NHO er også arbeidsgivarorganisasjon. NHO er viktig partnar for utvikling av rammevilkår for å styrke reiselivet, både nasjonalt og regionalt. 11.8 Hordaland fylkeskommune Destinasjon Voss har ein tett samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen har eigne medarbeidarar som legg til rette for eit godt samarbeid innan reiseliv for heile fylket. Destinasjon Voss er fast medlem i Forum Reiseliv Hordaland, ein møtestad der alle destinasjonane, Innovasjon Norge/Hordaland, NHO Reiseliv, fylkesmannen sin landbruksavdeling, fylkeskommunen drøfter ulike saker innan reiseliv. I tillegg organiserar fylkeskommunen eit destinasjons-samarbeid. Destinasjon Voss har vore bidragsytar til ny reiselivsplan for fylket som kom i 2009. Det er godt samarbeid om RUP (Regionalt utviklingsprogram). Det er fylkeskommunen som finansierer fellesstillinga for destinasjonsselskapa og er aktive pådrivarar for Møteplass Reiseliv, ein årleg konferanse/møtestad for reiselivet. I 2010 var Destinasjon Voss vertskap for dette arrangementet. 38

Organisering og oppgåver for destinasjonsselskap Kjelde: NHO Reiseliv (side 17): Reisemålsselskapene i Norge En rapport fra NHO Reiselivs strukturutvalg, mai 2011 39

Destinasjon Voss Vangsgata 20, 5700 Voss Telefon: 406 17 700 E-post: post@visitvoss.no www.visitvoss.no