Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar

Like dokumenter
Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Thon Hotel, Kristiansund Dato: Tid: 18:00

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Møteinnkalling. Side1. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: 700 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 17.00

Foto: Carl-Erik Eriksson

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

5 Bestemmelse i lov og sentral forskrift bør åpne for, men ikkje påby, at kommunen kan gje påvirkningsorgana sjølvstendig avgjerds- og løyvingsmynde.

BÆRUM KOMMUNE RÅDMANNEN

Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2013!

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

HØRINGSNOTAT OM LOVFESTING AV MEDVIRKNINGSORDNING FOR UNGDOM

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Ø sosialdeparteme ntet

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring. Foto: Geir Hageskal

Program: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Sentraladministrasjonen Namdalseid. Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2013/ Aase Hynne

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED FUNKSJONSNEDSETTELSE

Rådet for funksjonshemma

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Høyring - Lovfesting av medverknadsordning for ungdom. Høyringssvar frå Utdanningsforbundet

HØyringssvar frå MØre og Romsdal fylke på Lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - vedtak i fylkestinget

Høringssvar vedrørende høring om lovfesting av medvirkningsordning for ungdom sak 13/1969

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

ORGANISASJON Politisk sekretariat og kontorstøtte. Dato 17. oktober 2013 Saksnr.: Saksbehandler Stein Endre Haartveit

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Høyringssvar av Maria Vatnøy 1

BUFT sitt høringssvar på Lovfesting av medvirkningsordning for Ungdom Sak 13/1969.

-Ein tydeleg medspelar Regional utvikling i ein politisk styrt organisasjon. Introdag for nytilsette Robert Løvik

Møteprotokoll. Møtestad: Hopen brygge, Smøla Dato: Tid: Protokoll nr: 2/2016. Faste medlemer som møtte:

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Frøydis Austigard Per Vidar Klee Kjølmoen V Margareth Hoff Berg Cine Finstad Austnes UAVH

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar SP

Høyringssvar - val av administrasjonsstad for nye Møre og Romsdal politidistrikt

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Romsdal vidaregåande skole, Molde, møterom B114 Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2018

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Reglement for godtgjering til folkevalde

Vedtekter for Vestland SV

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Møteprotokoll. Møtestad: Finnøya Havstuer, Sandøy Dato: Tid: 20:00 Protokoll nr: 2/2017. Faste medlemer som møtte:

For dei som reiser kollektivt er det mogleg å ta buss til Surnadal. Sjekk 177.no for reiserute.

Reglement for godtgjering til folkevalde Ørskog kommune

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Møteprotokoll Utval: Ungdommens fylkesutval Møtestad: Dato: Tidspunkt: Følgjande faste medlemmer møtte Følgjande medlemmer hadde meldt forfall

Under behandling av fylkestingsak 94/15 Økonomiplan/årsbudsjett ble det under punkt 5 fattet følgende vedtak:

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 16:00

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL MEDLEMER AV KOMMUNALE NEMNDER, STYRE, RAÅ D OG UTVAL I SULA KOMMUNE


Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Sakspapir LOVFESTING AV MEDVIRKNINGSORDNING FOR UNGDOM

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

HØyring - lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring - om deltaking og engajement i lokalpolitikken

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Høring - råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse

BARNEOMBODET. Høyring råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjingar i kommunar og fylkeskommunar

Søknad om fritak frå fylkeskommunale verv

POLITISK ORGANISERING - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Auditorium G220, Molde vidaregåande skole Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 2/2017

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Sjur la fram forslag til diskusjon. Ungdomspanelet brukte måndag og tysdag til å gå gjennom forslaget og kom fram til følgjande:

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Innkalling. Delprosjekt: Politisk komite P2 Møtestad: Brattvåg, ID-huset Dato: Tid: Møteleiar: Kari Grindvik. Kari Grindvik.

Kontrollutvalet - melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og statlege tilsynsrapportar

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ELDRERÅDET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 29 MØTEINNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtedato: Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta u

PROTOKOLL ØRSTA KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtestad: Ørstafjord Rådhuset Dato: Møtet starta 13:00 Møtet slutta 14:15

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 03.10.2013 59291/2013 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato UFT-8/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 U-148/13 Fylkesutvalet 25.11.2013 Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar Bakgrunn Kommunal- og regionaldepartementet har i samarbeid med Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sendt på høyring forslag om lovfesting av medverknadsorgan for ungdom i kommunar og fylkeskommunar. Grunngjevinga for forslaget blir omtalt slik på side 2 i høyringsnotatet: Regjeringen mener at det er viktig at forskjellige aldersgrupper er representert i kommunale råd og utvalg. Både eldre og personer med nedsatt funksjonsevne har i dag lovfestede medvirkningsordninger. Ungdom bør ha det samme. Regjeringen ønsker derfor å lovfeste en medvirkningsordning for ungdom i alle kommuner og fylkeskommuner. Etter regjeringens oppfatning vil en formalisering av ungdommens rett til å si sin mening og bli hørt, gi et viktig signal til alle landets kommuner og fylkeskommuner om at ungdom skal ha reell innflytelse i politiske prosesser som angår deres hverdag der de bor. Medvirkningsordninger for ungdom vil være en god skole i demokrati og gi ungdommen mulighet og troen på at det nytter å delta i politiske prosesser. Det sender et feil signal til ungdommen at eldre, som både har stemmerett og er valgbare til kommunestyrer og fylkesting, har rett til å bli hørt, mens unge uten stemmerett ikke skal gis den samme retten til en formalisert medvirkning. Det blir i høyringsnotatet vist til NOU 2011:20 Ungdom, makt og medvirkning, der langt dei fleste høyringsinstansane tilrådde at medverknadsorgan for ungdom blir lovfesta. Departementa koplar arbeidet med å lovfeste ei medverknadsordning for ungdom til eit større lovprosjekt der dette blir sett i samanheng med dei eksisterande lovpålagte medverknadsordningane med eldreråd og råd for personer med nedsett funksjonsevne. Det er eit mål å samle dette i ei felles lov som skal forvaltast av eitt departement. I høyringsnotatet blir det bedt om tilbakemelding på følgjande problemstillingar: Skal ungdomsråda og liknande organ ha avgjerdsmynde, forslags- og/eller innstillingsrett? Skal ungdom, som ikkje er direktevalt i ordinære val, får like sterke rettar som ordinært valte representantar?

Side 2 Medverknadsorgana for eldre og personar med nedsett funksjonsevne skal ha seg førelagt saker som er av særleg interesse for desse gruppene. Skal ungdomsmedverknadsorgana ha ei tilsvarande avgrensing av sitt arbeidsområde, eller skal dei stå fritt til å få seg førelagt og å uttale seg som alle saker i kommunen/fylkeskommunen? Korleis skal valet av representantar til ungdomsmedverknadsorgana skje? Kva bør vere den øvre og kva bør vere den nedre aldersgrensa for medlemer til ungdomsmedverknadsorgana? Må det vere eit krav at den som er medlem i ungdomsmedverknadsorganet bur i kommunen/fylket? Vurdering Møre og Romsdal fylkeskommune var av dei som tilrådde ei lovfesting av ungdomsmedverknadsorgan ved høyringa på NOU 2011:20. Fylkesutvalet vedtok følgjande i sitt møte 26.03.2012 (sak U 32/12): 2. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal meiner at medverknadsorgan for ungdom må bli lovfesta både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Fylkesutvalet støttar Stortinget sitt arbeid med Ungdommens Storting, og meiner organet vil vere viktig for å påverke nasjonal ungdomspolitikk. Dette er nødvendig for å formalisere medverknad for ungdom og få til ei brei rekruttering av ungdom til desse utvala. 3. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil særleg ta fram betydninga av medverknadsorgan på regionalt nivå, her under møte- og talerett for 2 representantar frå elevråd og 2 frå Ungdommens fylkesting i utdanningsutvalet. Ungdomspanelet vårt har i fleire år hatt som eit av sine prioriterte mål å arbeide for velfungerande ungdomsråd i kommunane. Fylkeskommunens koordinering av dette arbeidet, med opplæringstiltak og erfaringsdeling, har hatt klar positiv effekt for kommunane sitt arbeid med ungdomsmedverknad. 4. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal meiner at lovfestinga likevel må opne for eigne lokale måtar å organisere arbeidet på. Dette ut frå at kommunane og fylka er geografisk og folketalsmessig svært ulike. Til dømes ønskjer vi å vidareføre vår organisering av Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet, då både våre ungdommar og andre som har kjennskap til arbeidet i Ungdomspanelet og Ungdommens fylkesting finn at dette har ei teneleg form i dag. Det er ikkje eit ønskje å gå over til regionale ungdomskonferansar etter modell frå Nord-Trøndelag. Fylkesrådmannen registrer at det i høyringsnotatet blir tatt til ordet for at dei kommunane/fylkeskommunane som har funne fram til gode løysingar skal kunne halde fram med desse også etter ei lovfesting. Det blir sagt at arbeidet med barn og unge si medverking bør ha rom for ulike metodar og arbeidsformer. Dette er i tråd med fylkesutvalet sitt vedtak. I Møre og Romsdal fylkeskommune har det vore stor politisk vilje til å satse på ungdom, og fylkestinget har heile tida vore interesserte og gode medspelarar. Eit døme er fylkesordførarens deltaking på ungdomspanelet (UP) sitt møte med Mørebenken den 17. oktober i år, der temaet var barn og unges medverking i samferdselssaker.

Side 3 Vi opplever at satsinga på ung medverknad har vore vellukka i Møre og Romsdal, og vi får i hovudsak positive tilbakemeldingar når vi evaluerer Ungdommens fylkesting (UFT), både av deltakarane og observatørar frå andre fylkeskommunar. Ut frå talet som ønskjer å stille til val som medlem i UP (UFT sitt arbeidsutval), har vi også inntrykk av at dette er eit attraktivt verv. UP legg kvart år fram ein innhaldsrik årsrapport, det er stor aktivitet hos medlemene. Dei arbeider både med lokale ungdomsråd, ungdomsmedverknadsorgan i andre fylkeskommunar og det nyleg etablerte Ungdommens Storting. Her var ungdom frå Møre og Romsdal tydelege pådrivarar for å få ordninga på plass. UP har også teke del i internasjonale prosjekt. Møre og Romsdal vart brukt som eit eksempel på organisering på regionalt nivå i den nasjonale rettleiaren for arbeid med ungdomsråd. Denne vart utarbeidd av Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet og BURO (Barne og ungdomsrådet i Oslo) i 2011. I tillegg vart vedtektene for UFT og UP brukt som utgangspunkt for arbeidet i Nasjonalt ungdomspanel da dei jobba fram forslag til organisering av medverknadsorgan for ungdom på nasjonalt nivå. Møre og Romsdal er også ein av fire fylkeskommunar som er evaluert av NIBR i deira rapport om ungdom og lokal samfunnsutvikling (NIBR rapport 2012:16). Denne kan lastast ned frå Distriktssenteret si nettside: http://distriktssenteret.no/2012/07/ungdom-og-lokal-samfunnsutvikling-hvordaninvolveres-ungdom-pa-fylkeskommunalt-niva/ Når det gjeld dei konkrete problemstillingane departementa ønskjer svar på, har fylkesrådmannen følgjande vurderingar: Avgjerdsmynde, forslags- og/eller innstillingsrett I Møre og Romsdal reknar vi UP som eit av våre rådgivande utval, på linje med eldrerådet og rådet for likestilling av funksjonshemma. Innkalling og protokoll frå møta blir lagt ut på fylkeskommunen sine nettsider på lik linje med andre utval. Med utgangspunkt i at UP skal vere ein viktig arena for demokratiopplæring, er møta i UFT og UP forsøkt lagt opp omtrent som i fylkeskommunens politiske organ. Dette kjem fram av vedtektene til UFT og UP. Agendaen på møta i UP er likevel litt annleis. Saksfeltet er breiare, og møta er i større grad prega av å vere arbeidsmøte, der medlemene sjølve jobbar seg fram til vedtaka. Ein viktig rolle for UP er å fatte uttalar om saker som er av interesse for ungdom. UP skal også drive aktiv lobbyverksemd overfor politiske styresmakter og fremje UP og UFT sine saker i media. I tillegg fordelar UP ungdomsmidlane (125.000 kr to gonger i året). I desse sakene har UP avgjerdsmynde. I sakene som UP sjølv har førebudd til UFT, har UP innstillingsmynde (dei som lagar forslag til vedtak). I saker til UP som medlemene sjølve har jobba fram, er det leiaren i UP som skriv under, ikkje fylkesrådmannen. I saker som kjem frå administrasjonen, slik som denne høyringsuttalen, er det fylkesrådmannen og avdelingssjefen som skriv under. På bakgrunn av erfaringane vi har gjort i Møre og Romsdal fylkeskommune, meiner fylkesrådmannen at ungdomsmedverknadsorganet kan ha avgjerdsmynde i saker etter delegering frå fylkestinget. Slik avgrensa avgjerdsmynde har fleire av våre rådgivande organ. Når de gjeld innstillingsrett, meiner fylkesrådmannen at ungdomsmedverknadsorganets leiar kan ha det i saker som medlemene i UP sjølv har førebudd. I saker som administrasjonen legg fram for UP og UFT, bør

Side 4 fylkesrådmannen ha innstillingsrett. I ordinære fylkeskommunale saker der UP får saken som høyringspart, er deira vedtak å sjå som eit høringsinnspel, ikkje ei innstilling. Rettar for medlemene i ungdomsmedverknadsorganet Medlemene i UP har i stor grad dei same rettane som våre folkevalte. Når det gjeld godtgjersle, har medlemene i UP nesten dei same rettane som dei folkevalte. Dei får dekt reise- og diettgodtgjersle etter statens regulativ og retningslinjer. Tapt arbeidsforteneste dekkjast, ved stadfesting frå arbeidsgjevar. Medlemene i UP får møtegodtgjersle i samsvar med det til einkvar tid gjeldande fylkeskommunale godtgjerslereglementet. Medlemene i Ungdomspanelet får halv møtegodtgjersle når dei møter i hovudutvala. Når det gjeld andre møte og arrangement som medlemene i UP tek del i, får dei dekt alle reiseutgifter, men har ikkje møtegodtgjersle. Fylkeskommunen har i år gått over til papirlause møte i alle råd og utval, og her har medlemene i UP på same måte som dei folkevalte fått utdelt ipad. Dette gjeld også medlemene i Eldrerådet og Rådet for likestilling av funksjonshemma. Fylkesrådmannen meiner det følgjer av prinsippet om demokratiopplæring, at medlemene i ungdomsmedverknadsorganet bør ha tilnærma same rettane som dei folkevalte. Eit minimum er at ungdom ikkje skal tape noko på deltaking i medverknadsorganet. Arbeidsområde UFT og UP har inga avgrensing av sitt arbeidsområde. Dei har ikkje berre typiske ungdomssaker, men uttalar seg om saker innan heile fylkeskommunen sitt ansvarsområde. UFT og UP kan også ta opp saker som ligg utanfor fylkeskommunen sitt mynde, der målet er å påverke sentrale styresmakter. Eit døme er tryggleik til sjøs. Det står i vedtektene at UFT og UP sjølve kan ta opp saker dei ønskjer fremma med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen. Det som er utfordringa er saksbehandlarkapasiteten i fylkeskommunen- og sikkert i kommunane også. Saker til fylkestinget, fylkesutvalet og hovudutvala blir prioritert. At saka ikkje er utgreia av administrasjonen bør likevel ikkje hindre ungdomsmedverknadsorganet å ta saka opp til debatt og komme med ein uttale om temaet. Fylkesrådmannen synest det er flott at ungdom viser eit breitt samfunnsengasjement, og meiner at ungdomsmedverknadsorganet sitt arbeidsområde ikkje bør avgrensast til saker der ungdom er særleg berørt. Val av representantar I reglementet for UFT og UP er det slått fast at delegatane på UFT skal veljast av ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre. Alle kommunane i Møre og Romsdal har ungdomsmedverknadsorgan. Kvar kommune skal velje ein gut og ei jente. Fylkesrådmannen meiner dette er den mest demokratiske måten å velje representantar til UFT. Av omsyn til den rolla som fylkeskommunen har som koordinator for dei kommunale ungdomsråda, er det ein fordel at det regionale medverknadsorganet får representantar frå alle kommunane i fylket.

Side 5 For å sikre ein brei representasjon på UFT er ein avhengig av gode valrutinar i kommunane. Det kan vere fleire gode løysingar her, men ein modell vi ser fungerer bra, er når kommunane inviterer til ungdomskonferanse, t.d. slik ein gjer i Molde kommune. Kommunen inviterer alle elevane i ungdomsskolen og vidaregåande til ein konferanse på rådhuset. Her blir det teke opp forskjellige tema i tillegg til å velje nytt ungdomsråd. Under konferansen kan alle som vil stille til val, uavhengig om dei er med i andre ungdomsorganisasjonar. Denne ordninga gjer at ein får ei stor gruppe ungdom som møtast og ungdommen kan der og då avgjere om dei ønskjer å stille til val. Dette gjer at terskelen for å stille til val blir lågare. Medlemene i UP blir valt av UFT. Det blir sett ned ein valkomité som intervjuar aktuelle kandidatar etter søknad, og som lager innstilling til UFT. Komiteen skal ta omsyn til at UP får medlemer med supplerande kompetanse og ulik bakgrunn. Det står i reglementet at alle dei tre regionane bør vere representert og at det bør vere ei balansert samansetjing frå by og land, og at kjønnsbalansen skal vere i høve til likestillingslova. Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. Det er ei utfordring at det er dei mest ressurssterke ungdommane som stiller til val i ungdomsmedverknadsorgan. Dette er likevel ei utfordring dette organet deler med eldrerådet og rådet for likestilling av funksjonshemma. Det er dei ressurssterke representantane for gruppa som tek på seg slike verv. Det vil vere vanskeleg å få eit tilfeldig utval av ungdommar til å ta på seg verv i ungdomsmedverknadsorgan. Fylkesrådmannen meiner valet av medlemer til det kommunale ungdomsorganet må skje så demokratisk som mogleg, der alle får sjanse til å fremje sitt kandidatur. For å få flest mogleg til å stille til val, er det viktig at kommunen gjer arbeidet til ungdomsmedverknadsorganet kjent, og stiller administrative ressursar til rådevelde, slik at dei om tek på seg vervet i ungdomsorganet får god støtte og tilrettelegging. God tilrettelegging vil gjere det aktuelt for ei breiare gruppe ungdommar å delta i medverknadsorganet. Når det gjeld valperiode, har vi god erfaring med at medlemene i UP blir valt for to år, der halvparten blir skifta ut kvart år. Det blir i tillegg valt ei varaliste på 5 personar. Erfaringa vår er at denne varalista er viktig, då det kan vere stort forfall på møta i UP grunna skolearbeid og andre forpliktingar medlemene har. Det er veldig viktig med kontinuitet blant medlemene, og at det blir lagt opp til erfaringsdeling. Fylkesrådmannen tilrår derfor ei ordning der medlemene blir valt for to år. Øvre og nedre aldersgrense På UFT deltek ungdom frå 13 til 23 år. Vi ser at 13-åringane treng ei anna oppfølging enn dei litt eldre, og det er også få kommunar som sender så unge representantar. Dette krev også meir involvering av foreldra. Grunnen til at nedre aldersgrense er sett til 13 år, er at desse representerer ei ungdomsgruppe som kan ha andre interesser enn dei som er nokre år eldre. Aldersgrensa for UP er 15 år. Det er ei nokså stor saksmengde dei skal sette seg inn i, og nokre av oppdraga som UP utførar krev stor sjølvstende. Vervet er såpas krevjande at nedre aldersgrense ikkje bør settast lågare enn 15 år. Kva nedre aldersgrense ein skal sette, vil vere avhengig av kva administrative ressursar som er sett av til ungdomsorganet og kva tilrettelegging kommunen/fylkeskommunen prioriterer. Det vil også vere avhengig av kva

Side 6 oppgåver ein legg til ungdomsorganet. Fylkesrådmannen har ikkje noko synspunkt på nedre aldersgrense utover dette. Når det gjeld øvre aldersgrense, så er denne sett til 23 år både i UFT og UP. Det har gitt den fordelen at UP i alle år har hatt ein eller fleire erfarne ungdommar som dei yngre kan støtte seg på. Det har også ført til at nokre ungdommar har vore med i meir enn to år, noko som har styrka kontinuiteten i arbeidet. Vår erfaring er at nokre oppdrag som UP tek på seg, t.d. i regi av Aktiv Ungdom, krev at ungdommane er over 18 år. NOU 2011:20 om ungdom og medverknad tek opp at den øvre aldersgrensa for ungdomsmedverknadsorgan bør vere 18 år, da dette er aldersgrensa for å kunne stille til val i kommunestyret/fylkesting. Dette kan jo synest logisk, men på den andre sida vil dette vere ein ulempe for arbeidet i ungdomsmedverknadsorganet, då dei eldre ungdommane er ein viktig ressurs her. Fylkesrådmannen vil derfor ikkje tilrå ei øvre aldersgrense på 18 år. Når det gjeld aldersgrenser, så er det elles fylkesrådmannen sitt syn at både øvre og nedre aldersgrense kan vere noko ulik for dei kommunale og dei fylkeskommunale organa. Kommunane og fylkeskommunane har ulike tenester for ungdom, og for kommunane er ungdomsskoleelevar ei viktig målgruppa, medan det er elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring som er fylkeskommunen si viktigaste målgruppe. Krav om å bu i kommunen/fylket For både representantar i UFT og UP er kravet at dei har ei tilknyting til fylket i valperioden. Dette meiner vi er eit rimeleg krav som sikrar at medlemene er frå fylket. For medlemene i UP har vi likevel ikkje praktisert strengt at dei må bu i fylket. Dei som har reist til ein annan stad i landet for å studere har fått behalde vervet. Dette blir same reglar som gjeld for dei folkevalte. Så lenge ein har bustadadresse i Møre og Romsdal kan ein behalde vervet. Dette er eit krav fylkesrådmannen vil tilrå for ungdomsmedverknadsorgan. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune synest det er positivt at ungdomsmedverknadsorgan i kommunar og fylkeskommunar blir lovfesta. Det er også bra at dei kommunane/fylkeskommunane som har funne fram til gode løysingar skal kunne halde fram med desse også etter ei lovfesting. Vi opplever at den ordninga vi har med Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet har fungert godt. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande innspel til innføring av lovfesta ungdomsmedverknadsorgan: 1. Ungdomsmedverknadsorganet bør først og fremst vere eit rådgivande organ, men kan ha avgjerdsmynde på avgrensa område etter delegering frå fylkestinget/kommunestyret. 2. Ungdomsmedverknadsorganets leiar kan ha innstillingsrett i saker til medverknadsorganet som medlemene i organet sjølv har førebudd. I saker som administrasjonen legg fram, bør fylkesrådmannen/rådmannen ha innstillingsrett.

Side 7 3. På lik linje med det som gjeld for andre rådgivande utval, bør vedtaka i ungdomsmedverknadsorganet behandlast som høringsinnspel som blir formidla vidare til det folkevalte organet som skal avgjere saka. 4. Det følgjer av prinsippet om demokratiopplæring at medlemene i ungdomsmedverknadsorganet bør ha tilnærma same rettane som dei folkevalte. Eit minimum er at ungdom ikkje skal tape noko på deltaking i medverknadsorganet. 5. Ungdomsmedverknadsorganet sitt arbeidsområde bør ikkje avgrensast til saker der ungdom er særleg berørt. Organet bør stå fritt til å fatte uttaler på alle samfunnsområde som interesserer ungdom. 6. Av omsyn til den rolla som fylkeskommunen har som koordinator for dei kommunale ungdomsråda, er det ein fordel at det regionale ungdomsmedverknadsorganet får representantar frå alle kommunane i fylket. 7. Valet av medlemer til det kommunale medverknadsorganet må skje så demokratisk som mogleg, der alle får sjanse til å fremje sitt kandidatur. God administrativ tilrettelegging er viktig for å få ei brei rekruttering. 8. For å sikre kontinuitet i arbeidet, bør medlemene veljast for to år, der halvparten blir skifta ut kvart år. Det er også nyttig å ha ei felles varaliste for medlemene. 9. Nedre aldersgrense bør setjast slik at også ungdomskoleelever blir representert. Øvre aldersgrense bør vere høgare enn 18 år. Det kan vere ulik aldersgrense for ungdomsmedverknadsorgan i kommunane og i fylkeskommunane, då dei har ulike målgrupper for sine tenester. 10. Medlemer i ungdomsmedverknadsorgan bør ha bustadadresse i kommunen/fylket. Behandling i Ungdommens fylkesting - 08.11.2013 Leiar i Ungdomspanelet Åse Kristin Ask Bakke orienterte. Samrøystes vedtak i Ungdommens fylkesting - 08.11.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune synest det er positivt at ungdomsmedverknadsorgan i kommunar og fylkeskommunar blir lovfesta. Det er også bra at dei kommunane/fylkeskommunane som har funne fram til gode løysingar skal kunne halde fram med desse også etter ei lovfesting. Vi opplever at den ordninga vi har med Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet har fungert godt. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande innspel til innføring av lovfesta ungdomsmedverknadsorgan: 1. Ungdomsmedverknadsorganet bør først og fremst vere eit rådgivande organ, men kan ha avgjerdsmynde på avgrensa område etter delegering frå fylkestinget/kommunestyret. 2. Ungdomsmedverknadsorganets leiar kan ha innstillingsrett i saker til medverknadsorganet som medlemene i organet sjølv har førebudd. I saker som administrasjonen legg fram, bør fylkesrådmannen/rådmannen ha innstillingsrett. 3. På lik linje med det som gjeld for andre rådgivande utval, bør vedtaka i ungdomsmedverknadsorganet behandlast som høringsinnspel som blir formidla vidare til det folkevalte organet som skal avgjere saka.

Side 8 4. Det følgjer av prinsippet om demokratiopplæring at medlemene i ungdomsmedverknadsorganet bør ha tilnærma same rettane som dei folkevalte. Eit minimum er at ungdom ikkje skal tape noko på deltaking i medverknadsorganet. 5. Ungdomsmedverknadsorganet sitt arbeidsområde bør ikkje avgrensast til saker der ungdom er særleg berørt. Organet bør stå fritt til å fatte uttaler på alle samfunnsområde som interesserer ungdom. 6. Av omsyn til den rolla som fylkeskommunen har som koordinator for dei kommunale ungdomsråda, er det ein fordel at det regionale ungdomsmedverknadsorganet får representantar frå alle kommunane i fylket. 7. Valet av medlemer til det kommunale medverknadsorganet må skje så demokratisk som mogleg, der alle får sjanse til å fremje sitt kandidatur. God administrativ tilrettelegging er viktig for å få ei brei rekruttering. 8. For å sikre kontinuitet i arbeidet, bør medlemene veljast for to år, der halvparten blir skifta ut kvart år. Det er også nyttig å ha ei felles varaliste for medlemene. 9. Nedre aldersgrense bør setjast slik at også ungdomskoleelever blir representert. Øvre aldersgrense bør vere høgare enn 18 år. Det kan vere ulik aldersgrense for ungdomsmedverknadsorgan i kommunane og i fylkeskommunane, då dei har ulike målgrupper for sine tenester. 10. Medlemer i ungdomsmedverknadsorgan bør ha bustadadresse i kommunen/fylket. Behandling i fylkesutvalet - 25.11.2013 Torleiv Rogne (Uavh) fremma følgjande endringsframlegg: «Øvre aldersgrense bør ikkje vere høgare enn 20 år» Votering: Torleiv Rogne sitt endringsforslag fekk 1 røyst og fall. Fylkesrådmannen sitt forslag til pkt. 1 vart vedteke mot 1 røyst (KrF) Fylkesrådmannen sitt forslag til pkt. 2 til og med pkt. 10 vart samrøystes vedteke. Vedtak i Fylkesutvalet - 25.11.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune synest det er positivt at ungdomsmedverknadsorgan i kommunar og fylkeskommunar blir lovfesta. Det er også bra at dei kommunane/fylkeskommunane som har funne fram til gode løysingar skal kunne halde fram med desse også etter ei lovfesting. Vi opplever at den ordninga vi har med Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet har fungert godt. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande innspel til innføring av lovfesta ungdomsmedverknadsorgan: 1. Ungdomsmedverknadsorganet bør først og fremst vere eit rådgivande organ, men kan ha avgjerdsmynde på avgrensa område etter delegering frå fylkestinget/kommunestyret. 2. Ungdomsmedverknadsorganets leiar kan ha innstillingsrett i saker til medverknadsorganet som medlemene i organet sjølv har førebudd. I saker

Side 9 som administrasjonen legg fram, bør fylkesrådmannen/rådmannen ha innstillingsrett. 3. På lik linje med det som gjeld for andre rådgivande utval, bør vedtaka i ungdomsmedverknadsorganet behandlast som høringsinnspel som blir formidla vidare til det folkevalte organet som skal avgjere saka. 4. Det følgjer av prinsippet om demokratiopplæring at medlemene i ungdomsmedverknadsorganet bør ha tilnærma same rettane som dei folkevalte. Eit minimum er at ungdom ikkje skal tape noko på deltaking i medverknadsorganet. 5. Ungdomsmedverknadsorganet sitt arbeidsområde bør ikkje avgrensast til saker der ungdom er særleg berørt. Organet bør stå fritt til å fatte uttaler på alle samfunnsområde som interesserer ungdom. 6. Av omsyn til den rolla som fylkeskommunen har som koordinator for dei kommunale ungdomsråda, er det ein fordel at det regionale ungdomsmedverknadsorganet får representantar frå alle kommunane i fylket. 7. Valet av medlemer til det kommunale medverknadsorganet må skje så demokratisk som mogleg, der alle får sjanse til å fremje sitt kandidatur. God administrativ tilrettelegging er viktig for å få ei brei rekruttering. 8. For å sikre kontinuitet i arbeidet, bør medlemene veljast for to år, der halvparten blir skifta ut kvart år. Det er også nyttig å ha ei felles varaliste for medlemene. 9. Nedre aldersgrense bør setjast slik at også ungdomskoleelever blir representert. Øvre aldersgrense bør vere høgare enn 18 år. Det kan vere ulik aldersgrense for ungdomsmedverknadsorgan i kommunane og i fylkeskommunane, då dei har ulike målgrupper for sine tenester. 10. Medlemer i ungdomsmedverknadsorgan bør ha bustadadresse i kommunen/fylket.