Hå, Time og Klepp sin eigarstrategi. for Jæren Industripartner AS

Like dokumenter
TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA. Eigarskapspolitisk. plattform

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

VEDTEKT av februar 2007

Reglement for Kvam kontrollutval

Eigarmelding. Balestrand kommune

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

ÅRSMELDING 2016 KONTROLLUTVALET I HJELMELAND

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

Klepp kommune. Plan for selskapskontroll Vedtatt av kommunestyret i Klepp den

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

FINNØY KONTROLLUTVAL ÅRSPLAN 2018

Val av styre evaluering, valprosess og samansetjing. Eigarskapkontroll Vinje kommune 2019 ::

Årsplan for kontrollutvalet i Bjerkreim

Vedtekter for Fusa Kraftlag

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Kap 1 Innleiande fastsettingar

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

MELAND KOMMUNE. Plan for selskapskontroll

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

SELSKAPSAVTALE FOR SOGN BRANN OG REDNING IKS

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Eigarskapsmelding

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Eigarskapsmelding

HORDALAND FYLKESKOMMUNE SITT VIDARE ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE OPPFØLGING AV FYLKESTINGET SITT VEDTAK FRÅ JUNI 2010.

Plan for forvaltningsrevisjon

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

VINDAFJORD KOMMUNE FOR 2012 KONTROLLUTVALET VINDAFJORD KOMMUNE

Vedtekter for Mardølafondet

Ordinær Generalforsamling Måndag 27.mai Sak 9 og 10 Strategi

Bjerkreim Kommune. Plan for selskapskontroll Noen de kommunale selskapene i regionen

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

HATTFJELLDAL KOMMUNES EIERSTRATEGI OVERFOR HAG VEKST AS

Plan for selskapskontroll

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama:

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Plan for forvaltningsrevisjon

Dokument v2. Eigarstyring og selskapsleiing

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Utkast til selskapsavtale (vedtekter) etter samanslåing av Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) og Sogn og Fjordane Revisjon IKS(SFR)

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Fortid & notid for framtid

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

Eigarstyring. tiltak og gjennomføring Eigarskapkontroll - Nissedal kommune 2019 ::

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Frivilligpolitisk plattform

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Kontrollutvalet i Suldal kommune

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Plan for selskapskontroll

Eigarstyring og selskapsleiing

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Oppfølging av kommunalt eigarskap

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Aurland Sparebank vart skipa 18. mai Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846.

Eigarskapsmelding DEL 1 - INFORMASJON OM SELSKAPSFORMER

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Innleiing. Obligatoriske planar

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Transkript:

Hå, Time og Klepp sin eigarstrategi for Jæren Industripartner AS Vedteken av kommunestyret i xx kommune, xx.xx.2017

Eigarstrategi Jæren Industripartner AS Formålet med eigarskapet Jæren Industripartner AS skal gjennom næringsverksemd og anna verksemd skapa grunnlag for sysselsetting og arbeidstrening for personar med yrkesvalhemming eller utviklingshemming og eventuell anna verksemd med tilknyting til dette. Jæren Industripartner AS skal gje ein meiningsfull kvardag til enkeltmenneske gjennom at desse får delta i arbeidsfellesskap. Den enkelte skal få oppleve mestring ut i frå eigne føresetnader, evner og interesser. Selskapet vart etablert 22.11.1990. Selskapet er eigd av kommunane Klepp, Time og Hå der kvar har lik eigardel på 33,33 %. Aksjonærane sitt mål for selskapet Hå, Time og Klepp kommune legg til grunn at Jæren Industripartner AS skal tilby varig tilrettelagte arbeidsplassar til innbyggjarar i eigarkommunane. Omfanget av varig tilrettelagte arbeidsplassar vert avtalt gjennom avtalar mellom staten, kommunane og selskapet. Eigarstrategien har som formål å definera kva rolle selskapet skal ha i forhold til å realisera kommunane sine mål knytt til sysselsetting og arbeidstrening av personar med yrkesvalhemming eller utviklingshemming. Eigarstrategien har vidare som formål å definera kva som skal vera kjerneområdet for selskapet si verksemd. Strategien fastset også rammer for organiseringa av selskapet si verksemd. Den gjev rammer for eigarstyring og selskapsleiing og regulerer kapitalstrulturen i selskapet. Eigarstrategien skal minimum reviderast ein gong i løpet av kommunevalperioden. Ved behov skal den reviderast oftare. Aksjonærane set mål og trekkjer opp rammer for selskapet si verksemd i vedtektene og aksjonæravtalen. Motivasjonen for eigarskapet og måla for selskapet si verksemd blir utdjupa i eigarstrategien. Vidareføringa av eigarskapet i Jæren Industripartner AS er motivert av å tilby varig tilrettelagte arbeidsplassar for innbyggjarar i eigarkommunane som har behov for slike arbeidsplassar for å kunna delta i arbeids- og samfunnsliv. 2

Kjerneverksemd og kjerneområde Jæren Industripartner AS skal gjennom kjerneverksemda tilby varig tilrettelagte arbeidsplassar til innbyggjarar som har behov for dette i eigarkommunane. Aktiviteten skal vera lokalisert fleire stader, fordi nærleik til desse arbeidsplassane er viktig for dei som treng varig tilrettelagt arbeid. Jæren Industripartner AS kan også levera andre tenester til staten som er i samsvar med verksemda sitt formål. Det at verksemda kan tilby andre tenester enn varig tilrettelagte arbeidsplassar, vil vera positivt for kompetansen og fagmiljøet i selskapet. Selskapet sitt omdømme er viktig for eigarane. Vilkåra for avtalar som vert inngått må difor vera slik at selskapet kan levera kvalitet i alle ledd, samt ivareta dei som mottek tilbodet og dei tilsette som leverer tilbodet. I samsvar med anskaffelsesforskriften ( 16-9) er det opna for reserverte kontraktar for bedrifter med personar med funksjonshemming eller vanskelegstilte personar. Eigarane er positive til å nytta reserverte kontraktar for å auka omsetninga og mangfald i arbeidsoppgaver til Jæren Industripartner AS. Kommunalsjefane i helse/velferd og innkjøpssjefane i eigarkommunane skal saman ha møter med dagleg leiar i Jæren Industripartner AS minimum årleg, om mulige områder for reserverte kontraktar. Kommunalsjefane vil ha ansvar for å invitera andre med frå administrasjonen ved behov. Jæren Industripartner har ansvar for å minna eigarkommunane på å innkalla til møte. Dette vil danna grunnlag for eventuelle saker om kjøp av tenester frå Jæren Industripartner AS. Det ligg til administrasjonen i den einskilde kommune å avgjera korleis den kommunale verksemda skal organiserast og kva tenester ein skal kjøpe i marknaden. Organisering av verksemda Eigarkommunane legg til grunn at verksemda er organisert på ein måte som mellom anna sikrar ei tilfredstillande styring og kontroll for eigaren, ein hensiktsmessig oppgåve- og ansvarsfordeling, nødvendig avgrensing av risiko og fleksibilitet med omsyn til val av samarbeidspartnarar. Dette oppnår ein i stor grad gjennom gjeldande organisering av selskapet. Eigarstyring og selskapsleiing Eigarkommunane legg til grunn eit langsiktig eigarskap i Jæren Industripartner AS. Eigarkommunene skal ha ei aktiv og føreseieleg eigarstyring med utgangspunkt i kommunen sine vedtekne eigarskapsprinsipp. I tillegg skal ein leggja til grunn anerkjente prinsipp for god eigarstyring og selskapsleiing. 3

Styret Styret har 6 medlemmar. Tre er frå aksjonærane, ein frå næringslivet, ein frå brukarorganisasjonane og ein frå dei tilsette. Kvar styremedlem har personleg varamedlem. Styret blir valt av generalforsamlinga. Ein av dei viktigaste oppgåvene til aksjonærane er å velje eit styre som har kompetanse, erfaring og kapasitet ut i frå selskapet sin eigenart. Styret bør mellom anna ha kompetanse og erfaring innanfor følgjande områder; Offentleg forvaltning, fagkunnskap knytt til kjerneverksemda, spesialkompetanse innanfor økonomi, juss, marknadsføring, leiing, organisasjonsutvikling mv. samt kompetanse og erfaring knytt til styrearbeid. Aksjonærane skal vera representert i styret med ein folkevald kvar. Dette skal vera ein folkevald som har ein sentral posisjon i lokalpolitikken gjennom å vera medlem i formannskap eller utval for helse/velferd. Styret skal ved behov skaffa seg nødvendig kompetanse gjennom for eksempel introduksjonsprogram, fagseminar og styreseminar med fokus på roller, ansvar og oppgåver. Kvart år skal styret evaluera arbeidet sitt. Eigarane forventar at godtgjersla til styret vert halde på eit moderat nivå. Valkomité Generalforsamlinga oppnemner valkomité og fastset kriterier for komiteen sitt arbeid. Valkomiteen skal sikra at det er eit loveleg samansett styre og skal vektleggja kompetanse og erfaring, samt sikra kjønnsfordeling. Generalforsamling Kommunen si eigarstyring skal berre utøvast gjennom generalforsamlinga som er selskapet sin øvste mynde. Generalforsamling skal utøva eigarskapet i tråd med vedtektene, aksjonæravtalen, eigarstrategien samt andre vedtak og retningslinjer fastsett av kommunestyra, så lenge dette er i samsvar med relevante lovar og forskrifter og forpliktingar overfor tredjepart. Aksjonærane har rette til å møte i generalforsamlinga, enten sjølv eller ved fullmektig etter eige val. Det er i utgangspunktet ordførar som representerer kommunane på generalforsamlinga. Dersom ordførar ikkje har muligheit til å møta, så utpeikar ordførar ein fullmektig. På generalforsamlinga har kvar aksje ei stemme. Innkalling og sakspapir til generalforsamling skal sendast seinast to veker i forkant av møtet. 4

Eigarmøter/kontaktmøter Jæren Industripartner AS skal årleg innkalla til eit felles eigarmøte for dei tre kommunane. Selskapet sett dagsorden for møtet. I møta deltek politisk og administrativ leiing i kommunen, samt representantar frå NAV. Andre tilsette frå administrasjonen vert invitert med avhengig av tema og behov. Aksjonærane og Jæren Industripartner AS kan ta initiativ til å innkalla alle aksjonærane dersom det er behov for ei utformell drøfting av ei aktuell sak. Formålet med slike eigarmøter vil i hovudsak vera å foreta prosessuelle avklaringar i aktuelle saker. Den enkelte kommune skal vera representert ved ordførar og rådmann. Eigarmøter har ikkje avgjerdsmynde. Den enkelte aksjonær kan også ta initiativ til å ha eigne kontaktmøter mellom selskapet (v/styreleiar og dagleg leiar) og relevant politisk organ i kommunen. Kontaktmøta skal sikra løypande informasjonsutveksling mellom partane og bidra til å setja selskapet si verksemd på den politiske dagsorden. Tenestetilbodet vert drøfta i eigne møter i kvar av kommunane mellom selskapet og administrasjonen i kommunane. Dette gjeld tilbod som blir gitt til den einskilde brukar og ventelister til varig tilrettelagt arbeid. Likebehandling av aksjonærane Likebehandling av aksjonærane skal vera eit grunnleggjande prinsipp. Jæren Industripartner AS skal til ei kvar tid arbeida for likebehandling av aksjonærane når det gjeld informasjonstilgang, involvering, transaksjonar og anna. Aksjonærane vil på denne måten i all hovudsak vera likeverdige samarbeidspartnarar. Gjennom samarbeid mellom kommunane på ulike nivå administrativt og politisk, skal ein i størst mulig grad redusere eventuelle ulemper for optimal drift og utvikling av verksemda som følgje av at eigarstrukturen. Samfunnsansvar Jæren Industripartner AS skal vera bevisst sitt samfunnsansvar fordi dei tilbyr offentlege tenester til enkeltmenneske på vegne av kommune og stat. Tenestene som vert tilbudd er av stor betydning for den enkelte som mottek tenesta. Det har også betydning for kva omfang av tenester kommunen må tilby den enkelte ut over denne tenesta. Selskapet forvaltar offentlege ressursar og desse skal forvaltast slik at dei gjev best mogeleg samfunnsnytte. Samfunnsansvar bør integrerast i selskapet sitt strategiarbeid, den løypande styringa av verksemda og i selskapet si rapportering. Selskapet sine etiske retningslinjer skal leggjast til grunn for verksemda. Styret har ansvar for å sjå til at selskapet si verksemd er i samsvar med dei etiske retningslinjene. 5

Fullmakt Alle materielle og immaterielle aktiva som selskapet disponerer er underlagt selskapet si forvaltning. Investeringsavgjersle over 100 000 kroner skal alltid handsamast i styret. Representantane i styret har sjølv ansvar for å vurdera om det er behov for å involvera administrasjon eller andre folkevalde i kommunen for å få eit tilstrekkeleg avgjerslegrunnlag for å ta desse avgjerdene. Meiroffentlegheit Det skal vera openheit knytt til kommunen si eigarstyring basert på prinsippet om meiroffentlegheit. Jæren Industripartner AS er ikkje omfatta av offentleglova sidan selskapet delvis driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private, jmf. offl. 2 andre ledd. Det vert likevel lagt til grunn at selskapet føl føresegn i offentleglova 3 og praktiserer meiroffentlegheit i tråd med 11 i lova. Det skal vera transparente avgjerslesprosessar i selskapet og eigarkommunane. Saksdokument, journalar og liknande register for styret og generalforsamlinga skal vera opne for innsyn dersom ikkje anna føl av lov eller forskrift med heimel i lov. Årsmeldinga skal gjerast tilgjengeleg på selskapet sine nettsider. Kapitalstruktur og avkastningskrav Kommunane skal ikkje ta ut utbytte eller ha noko avkastningskrav. Eventuelt overskot skal bli verande i bedrifta og skal disponerast til føremål som styrkjer framtidig drift. Verksemda mottek tilskott mellom anna frå kommunane til VTA-plassane. Revisjon av eigarstrategien Eigarstrategien skal minimum reviderast ein gong i løpet av kommunevalperioden. Slik skal den leggja til rette for eit langsiktig og føreseielege eigarskap. Ved behov skal den reviderast oftare. Det kan vera ved vesentlege endringar i selskapet si verksemd, rammevilkår, økonomiske stilling eller liknande. 6