PROGRAM BENKENE PÅ VANGEN SYMPOSIUM I AURLAND OM NATUR, FOLK OG STAD I UTVIKLING PÅ TRUDVANG, AURLANDSVANGEN TORSDAG 26.OKTOBER 2017 Svartkvitt foto av Aurlandsvangen. Kjelde: Gamle bilde frå Aurland, Aurlandsportalen. Eg lærte fort at «Benkene på Vangen» var i si tid den uformelle møtestaden på Vangen. Kvifor? På eldre bilete ser vi at Vangen er ein klar og open grusa plass, som ein lysning og/eller skodeplass mellom husa. «Benkene på Vangen» stod som ein tribune med andleta vende mot Vangen og det store fjordlandskapet. Benkene har ein klar plassering (posisjon) og relasjonen til stad, folk og aktivitet på Vangen, og til natur. Ut i frå dette ser eg kvifor ungdomen møttest her og kvifor «alle» fann møtestaden. Benkene stod kløktig og nøysamt plassert med rygglena mot tørrmuren til kyrkjegarden, til kyrkjegavlen og landskapsryggen bak kyrkja, vendt mot vest. Her sit du trygt og godt. Du har kontakt med folk og hendingane på Vangen rett framføre deg, og ute i det store fjordlandskapet. Du har oversikt (kontroll) med skodeplassen Vangen og fjorden. Vangen vart skapt, manifestert av menneskeleg aktivitet og kvardagslege gjeremål i det store
landskapet. Natur er heilt klart bakgrunn for handlinga på Vangen. Så enkelt og presist kan det gjerast og så lite skal til for å sjå meining mellom folkelege uttrykk og natur. Det står framleis benker på Vangen, men aktiviteten på Vangen er skral og relasjonane mellom folk og uttrykk, og natur er uklar. Kvifor? Til ettertanke; eg kan sjå slektskap mellom «Benkene på Vangen» og den «Den blå steinen» på Ole Bulls Plass, Torgallmenningen i Bergen. Eg kan sjå at «gamle» Vangen, då den var ein heil og open plass, og alle vegane gjekk til Vangen, hadde eigenskapar og kvalitetar som kan slekta på «piazzaene» i Roma. Benkene på Vangen er eit verdifullt minne og ei forteljing om møte mellom menneske og menneske og stad som vi kan lære av, og som vi ikkje kan sjå vekk i frå no når vi ser på Vangen på ny. Forteljinga om «Benkene på Vangen» syner oss ei klar menneskeleg handling og uttrykk for å skoda og å sjå folk, stad og natur. Tekst av Mona Elisabeth Steinsland, 19. september 2017. 08:30 REGISTRERING Kaffi/te/vatn og frukt/grønt 09:00 VELKOMEN Noralv Distand, ordførar i Aurland kommune og Synnøve Stalheim, plansjef i Sogn og Fjordane fylkeommune ynskjer velkomen. 09:10 KULTURINNSLAG 09:20 UNGDOMANE PÅ VANGEN
09:35 I. AURLANDSVANGEN I ENDRING Bakgrunn for symposiet. Inge Håvard Aarskog, næringssjef i Aurland kommune Atle Stalheim, leiar av arbeidsgruppa for utvikling på Vangen 09:55 II. GEOGRAFISK BAKGRUNN Aurlandsvangen vist i kart og ulik skala (målestokk). Reguleringsplan og framtidige kommunale planar. Ingunn Bårtvedt Skjerdal, plansjef i Aurland kommune Mona Elisabeth Steinsland, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune 10:10 Beinstrekk 10:20 III. NATUR OG KULTUR LANDSKAP, ØKOLOGI OG KLIMA Natur- og kulturlandskap i endring. Natur, landbruk og kultur som kooperativ. Det nye kooperativet. Aksel Hugo, naturforvalter og rektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland
Biletet viser Vangen i det store landskapet. Kjelde: Inge Håvard Aaskog. Oktober 2016. 10:45 IV. DET USYNLEGE LANDSKAPET Folk og stad. Frode Fadnes Jacobsen, sosialantropolog, professor, Senter for omsorgsforskning Vest, Høgskulen på Vestlandet
11:15 Lunsj 12:00 V. SJÅ VANGEN VANGSVANDRING BAKGRUNN OG HANDLING BALANSE MELLOM NATUR OG DET MENNESKESKAPTE 13:00 VI. FRIE UTTRYKK Lisa Sigfridsson, kunstnar, Sverige 13:30 VII. BEREKRAFT I STORT OG SMÅTT For kven, korleis og kvifor? Gerd Seehuus, sivilarkitekt, Stavanger kommune 14:00 Beinstrekk 14:15 VIII. LANDSKAP FOLK, ARKITEKTUR OG SKALA Natur, verlag og økologi i landskapsarkitektur. Demokratiske uttrykk og aktive overganger for folk, utomhus og halvveges innomhus. Andrew Place, Landskapsarkitekt Schønherr i Aarhus og København, Danmark
14:55 IX. HOPETAL TANKAR OM VANGEN Mona Elisabeth Steinsland, sivilarkitekt, rådgjevar på plan i Sogn og Fjordane fylkeskommune 15:15 SAMTALE NYE INNTRYKK, ERFARINGAR OG KUNNSKAP OM STADUTVIKLING 15:30 X. INNSPEL OG FELLES OPPSUMMERING MED ORDSKIFTE 16:00 Takk for innsatsen og vel heim! PÅMELDING AURLAND KOMMUNE Send påmelding til Inge Håvard Aarskog, næringssjef i Aurland kommune på e-post: iha@aurland.kommune.no Frist: Torsdag 18. oktober 2017 For meir informasjon kontakt Inge Håvard Aarskog i Aurland kommune. Mob: + 47 94801823. E-post: Inge.Havard.Aarskog@aurland.kommune.no eller Mona Elisabeth Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tlf.: + 47 57638118. E-post: Mona.Elisabeth.Steinsland@sfj.no