Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN



Like dokumenter
Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmoglytt :Layout Side 1. Lyngmo-Glytten21. årgang. Lyngmo-Glytten 21. årgang Seotember 2012 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmoglytt :Layout Side 1. Lyngmo-Glytten 22. årgang Mai 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten 22.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Lyngmo-Glytten 23. årgang - September 2014 Medlemsblad GLYTTEN STATUS NYBYGG. - sjå side 3!! TID FOR HAUSTLEIRAR. - sjå baksida for informasjon!!

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

OKTOBER 15 VS APRIL 16

Lyngmo 50 år i 2015! * Jubileumshelg juni

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

5. Soknerådsmøte mai Referat

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

/

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsplan for Hare November

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

6. trinn. Veke 24 Navn:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

«Ny Giv» med gjetarhund

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Brødsbrytelsen - Nattverden

MEDLEMSINFO. august 2009

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

FJELL-LY POSTEN. Utgitt av Midthordland Indremisjon - Nr

Informasjon til elevane

UTBYGGINGSPLANANE ER VEDTEKNE!

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule


privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Om å høyre meir enn dei fleste

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tenk Alternativt 2015

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Transkript:

Mai 2012 Medlemsblad GLYTTEN...med sommar og sol, og tærne i sanden ønsker me Velkommen til sommarleir 2012!!! Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! Side 1

Helsing frå Lyngmo Ein ny leirsesong står for døra og me ventar spent på å få inn påmeldingar frå deltakarane. Det er alltid spanande å sjå kven av dei faste deltakarane som melder seg på og kven som melder seg på leir for første gang. Alle er like velkomne! Leir på Lyngmo skal vera ein stad der borna vert sett og møtt. På same måte som for leiarar i idrettslag er det også innført politiattest for leiarane på Lyngmo. Borna skal møta trygge og gode rammer når dei kjem på leir! Vår og sommar er alltid ein travel periode på Lyngmo med leirar, konfirmasjonsselskap, Bibelcamping, Sognefjordcup og campingsesong. På Lyngmo er det ope for hytteutleige, bed & breakfast og camping heile sommaren. Som de ser på biletet er det ulik standard og fasong på campingbilane som kjem på besøk! Me prøver også heile tida å oppdatere bygningar og aktivitetsutstyr, slik at det skal væra triveleg og kjekt å koma til Lyngmo. For tida held me på med ei ombygging og utviding av kapasiteten på kjøkkenet. På aktivitetssida skal det kjøpast inn nye og flotte kanoar og meir utstyr av årar og redningsvestar. Dette er mogleg etter at me fekk gåvetildeling frå Gjensidigestiftelsen! Tusen takk til Gjensidigestiftelsen! Hjarteleg velkomen til Lyngmo i sommar! Minnegåve Tusen takk for gåva som var gitt i samband med gravferda til Jon Heggestad! Side 2

Tusen takk Trond Kråvik! Dersom du har vore på leir på Lyngmo i løpet av dei siste 3 ti-åra er sannsynlegheiten for at du har møtt Trond Kråvik nokså stor. Trond har vore engasjert i leirarbeidet, som leiar og leirsjef. På leirane har han blitt brukt til det meste: Leirsjef, talar, gitarist, samtalepartnar, moromann, nattevakt, vaktmeister, vaskehjelp og mykje meir. I tillegg til å væra med som leiar har mykje tid gått med til planlegging og forming av leirarbeidet. Trond har vore med og gjort ein eineståande jobb i Samarbeidsnemnda i maaaange år! Fleire tusen born har vore på leir i løpet av denne tida. Frå 1. januar i år ønskte Trond å prioritere meir tid til andre oppgåver. Me er utruleg takknemlege for arbeidet du har lagt ned på Lyngmo og håpar at det ikkje går lenge før me ser deg igjen som leiar på leir. TUSEN TAKK! Samarbeidsnemnda for Lyngmo Er ei nemnd som har ansvar for planlegging og utføring av leirarbeidet saman med barne- og ungdomsarbeidarane på Lyngmo. 8 personar frå ulike bygder i Indre Sogn er med i denne viktige jobben. Medlemma i nemnda skaffar leiarar, kjem med forslag og innspel til planlegginga og evaluerer til slutt leirane i etterkant. Samarbeidsnemnda er ein engasjert gjeng og dei gjer tilbakemelding på at arbeidet i nemnda har fungert godt dei siste åra! Trond Kråvik har vore ein viktig pådrivar i leirarbeidet på Lyngmo Side 3

Å vere leir-leiar Mange av dykk som les Lyngmo-Glytten har vore på leir på Lyngmo. Leir er noko av hovudverksemda vår, og det er ei glede at så mange born og ungdom kjem på leir. I 2011 var det 523 born innom på leir. Kvart år arrangerar Lyngmo 11 leirar, der 3x3 av desse er aldersbestemte frå 2-10.klasse. 16:30 og Bornas Songleir kjem i tillegg. I år startar me òg opp ein ny leir i august, Pangstart, som du kan lese meir om på side 7. Til desse leirane treng me mange frivillige ungdommar og vaksne til å vere leiarar. Det er fantastisk at så mange stiller opp og er så positive til å vere med. Og skal me tru leiarane, så har dei det både kjekt og givande. Samtidig som det krevst litt ekstra søvn etterpå. :) Å vere leir-leiar inneber i stor grad å vere til stades. Til stades for deltakarane, for at opplevinga av å kome på leir skal verte god, og for at dei skal få møte Jesus her. Og til stades for Gud, for at Han kan tale til oss, og me kan lytte til det Han vil for leiren. Glede, godheit og tryggleik er store ord, men me ynskjer dei som kjem på leir skal bli møtt med det. Ein leir-leiar er ikkje perfekt. Fullkomen kjærleik kan berre Jesus gje. Men me ynskjer å ha villige hjarte som Gud kan bruke slik at Guds rike skal ha framgang i Indre Sogn. Ein STOR takk til alle villege og gode leir-leiarar! Me gler oss til sommarleirane! :) - Siv Anita :) (barne- og ungdomsarbeidar) Side 4

To utvalgte ungdomsleir-leiarar Møyfrid Ulland 24 år Sogndal Kvifor vart du med som leiar på leir? Det gir en enorm glede å kunne gi av seg selv til ungdommer for å se dem møte Jesus og vokse med ham. Kva liker du best med leirlivet? Leir gir ofte rom for gode samtaler og herlig fellesskap med ungdommene. Man knytter dypere relasjoner. Og det spesielle med å være med på leir på Lyngmo er at relasjonene med de fleste ungdommene kan fortsette etter leir. De fleste deltakerne er jo fra Sogndal:) Side 5 Har du ei helsing til alle Glyttenlesarar? Yes, det har jeg. Her er noen vers fra Salme 105 som setter ord på slik jeg ønsker at mitt liv med Gud skal være preget av. Det handler både om å få gi ære til Gud og ta på alvor hans befaling om å fortelle de gode nyheter til andre. Og Gud har kraft å gi til den som spør. Sal 105:1-4 Pris Herren og påkall hans navn, gjør hans storverk kjent blant folkene. Syng for ham, og spill for ham, tal om alle hans under! Ros dere av hans hellige navn! De som søker Herren, skal glede seg. Spør etter Herren og hans kraft, søk alltid hans åsyn! Olav Sørheim 17 år Kjørnes Kvifor vart du med som leiar på leir? Gratis mat! Nei da!:) Tykkjer det er kjekt å vere leiar på leir. Det skjer mykje spennande, mykje bra ungdommar og så tykkjer eg det er kjekt å bruke tid på andre enn meg sjølv. Kva liker du best med leirlivet? Berre det å vere sosial ei heil helg er kjekt, ellers bruker kveldsmøtene å vere veldig bra. Har du ei helsing? Reis på leir! Så snakkast me! :)

Leirtravaren Namn : Marthe Skjerven Kjem frå : Hafslo Alder : 11 år Har du vore mange gonger på leir? Ja alle sidan 2.klasse. Unnateke ein gong. Du var på leir i vinter, er det noko du hugsar spesielt godt? At eg opptredte på scena åleine under leirkvelden og sang Hosanna Siv Anita spelte piano for meg. Kva er det beste leirminnet ditt ellers: Alle kveldar er moro. Og nettene, når vi lurer oss til å springe litt, eller vere oppe! Har du eit favoritt bibelvers eller historie frå Bibelen? Eg likar den historia om Jesus som gjekk på vatnet. Den er så fin. Kjem du att på leir i sommer? Oh JA! Eg har fått meg så mange nye venner på leir.og det er så kjekt å høyre og lære om Jesus. Tusen takk for intervjuet! Side 6 Forbeder for leir? Til haustleirane i fjor, introduserte me oppstart av ei forbederteneste for leirane på Lyngmo. Me trur dette hadde stor betydning for leirane og ynskjer å vidareutvikle denne tenesta. Me ynskjer at de som er interesserte får ein aldersbestemt leir som de er med i bøn for. Det vil seie 1 leir, 3 gongar i året. Då vil de i forkant få litt informasjon om kva leiren inneheld ol. Kunne du tenke deg å vere med på dette? Ta gjerne kontakt med oss!

PANGSTART 2012! 13.-16. aug. Ein ny leir for deg mellom 11 og 13 år Siste veka i sommarferien ønsker me å gje eit nytt leirtilbod til aldersgruppa mellom 11 og 13 år. Me trur og håpar at nokre dagar på leir på slutten av sommarferien, vil gje borna ein god avslutning på sommaren. Denne veka kan væra utfordrande, med mykje fritid og foreldre som er byrja på jobb etter ferien. Då er leir på Lyngmo ein flott plass å få ein PANGSTART inn mot det nye skuleåret. Leiren vil likne mykje på andre leirar på Lyngmo, men me kjem til å prøve ut nye måtar å formidle frå Bibelen på. Borna skal i grupper forske, nytte kreativitet, samarbeide og lære frå Bibelen gjennom elementa luft, vatn, eld og jord. Leiren er eit samarbeid mellom Lyngmo og kyrkja i Sogndal og Luster. Annonse bibelsommar i Vest? Me håpar på mange sko- par under PANGSTART 2012 Side 7

Returadresse: Lyngmo Ungdomssenter Lyngmo 12 6869 Hafslo Telefon: 57684366 E-post: lyngmo@lyngmoinfo.com Heimeside: www.lyngmoinfo.com Gåvekonto: 3720.07.68427 Sommarleir på Lyngmo 2. - 4. klasse: 15. 17. juni Pris: 420,- 5.- 7. klasse: 22. 25. juni Pris: 635,- 7. 10. klasse: 8. - 10. juni Pris: 540,- Pangstart : 13. - 16. august Pris: 695,- Ein ny og spanande leir for deg mellom 11 og 13 år. Eit samarbeid mellom Lyngmo og kyrkja. For meir informasjon sjå www.lyngmoinfo.com Påmelding Send mail til bua@lyngmoinfo.com eller ring 57 68 43 66 Påmelding fom 1. mai Side 8