MINNETALE OVER PROFESSOR ODDVAR NES. holdt på møte 16. mars av professor Magnus Rindal

Like dokumenter
Oddvar Nes ( )

Last ned I teneste for nynorsken. Last ned. Last ned e-bok ny norsk I teneste for nynorsken Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Personnamnarbeid av P.A. Munch - P.A. Munch. Last ned

Last ned Stadnamn i Rogaland - Inge Særheim. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Stadnamn i Rogaland Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Last ned Frå A til Å. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Frå A til Å Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Norsk ordbok. Bd. 12. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Norsk ordbok. Bd. 12 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Last ned Skrive for nåtid og framtid 2 Last ned ISBN: Antall sider: Format: Filstørrelse:

Last ned Norske innsjønamn IV - Kjell Venås. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Norske innsjønamn IV Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Kristian Overskaug, The Royal Norwegian Society of Sciences and Letters, Postuttak, NO-7491 Trondheim URL:

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Åse Wetås, Norsk Ordbok 2014: Planlegging og gjennomføring av eit stort vitskapleg ordboksprosjekt

Last ned Ullensvang - Marta Gjernes. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Ullensvang Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten


NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

LÅN + ARV. Om stratifisering av ordforrådet

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2

Last ned Språkplanlegging og språkstrid - Ernst Håkon Jahr. Last ned

Vitskaplege samlingar. Åse Wetås, Norsk Ordbok 2014 Ope seminar om Språkbanken,

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Høringsuttalelse Høring - Forslag fra utvalg om endring i stillingsstrukturen

Kontroll ved. Sunnfjord Bil AS

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

o ARBOK FOR KARMSUND HAUGESUND MUSEUM o ARSHEFTE ) OG HISTORIELAGET FOR HAUGESUND OG BYGDENE

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Vel nynorsk for barnet ditt!

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Last ned Namn i det fleirspråklege Noreg. Last ned

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Sverre Bjåstad. Utflyttarboka for HAREID OG ULSTEIN. med REGISTER. til BYGDEBØKENE. for. Ulstein og Hareid

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Last ned Nynorsk med dei minste. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Nynorsk med dei minste Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Last ned Tormod Torfæus - John Erichsen. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tormod Torfæus Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Kva vil det seie å vere buddhist?

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Last ned Norsk språkhistorie I. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Norsk språkhistorie I Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Rammeverk for lokalt gitt skriftleg eksamen

Samlingsdatabasane. I denne presentasjonen vil de få sjå Eit felles brukargrensesnitt Døme på nokre databasar frå ulike fagområde

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

/

Last ned 1000 ord i nord - Eli Johanne Ellingsve. Last ned. Last ned e-bok ny norsk 1000 ord i nord Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Høringsnotat - Oppfølging av Stortingets dokument nr. 8:58 ( ): Forslag til endring i lov om stadnamn

norsk bokmal ordbok 9F3D548EEEF17C2A2B268D0C659B1A20 Norsk Bokmal Ordbok 1 / 5

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Last ned Utviklinga av norske doktorgradsordningar - Nils Søvik. Last ned

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap

nye bøker i 2004

Transkript:

MINNETALE OVER PROFESSOR ODDVAR NES holdt på møte 16. mars 2017 av professor Magnus Rindal Oddvar Nes blei fødd 27. desember 1938 i Volda på Sunnmøre, der han seinare gjekk på landsgymnaset. Han begynte å studere ved Universitetet i Bergen hausten 1959, og han blei verande i Bergen i heile sitt akademiske liv. Våren 1968 tok han magistergraden i germansk språkvitskap, med støttefaga historie mellomfag og fonetikk grunnfag. I studietida var han vitskapleg assistent ved Tysk institutt i to år, og ved Nordisk institutt i tre år. Seinare var han universitetsstipendiat i godt og vel eitt år, med eit prosjekt om tilhøvet mellom yngre og eldre Voldamål. Han blei fast tilsett som amanuensis ved stadnamnsamlinga ved Nordisk institutt i 1970, med opprykk til fyrsteamanuensis i 1973. I 1987 blei han professor i nordisk språkvitskap, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 2008. Han døydde 18. september 2016, i ein alder av 77 år. Oddvars fagfelt var nordisk språkvitskap, som femner om studiet av norsk talespråk og skriftspråk i eldre og nyare tid. Han hadde ikkje norsk i fagkretsen sin, men magistergraden i germansk språkvitskap omfatta også studiet av norsk språk i eldre tider. Og det var norsk språk som var eit av dei viktige studiefelta ved Bergens Museum, før Universitetet i Bergen blei etablert i 1946. Den fyrste vitskaplege stillinga i nordisk språkvitskap i Bergen blei oppretta ved museet i 1918, og fagfeltet var vestlandsk dialektforskning. Seinare kom det også eit dosentur i nynorsk. Namnegransking har også stått sterkt i det akademiske miljøet i Bergen, og Norsk stadnamnarkiv heldt til der frå 1930 til 1944. Og det var desse felta, stadnamn, dialektar og nynorsk som skulle bli dominerande i Oddvars akademiske gjerning. Då han søkte professoratet i 1986, skreiv Oddvar at dei faglege interessene hans var vidsveimde, og at det ikkje var lett å rubrisere den vitskaplege produksjonen hans. Men i søknaden har han likevel gruppert arbeida sine under

33 Det Norske Videnskaps-Akademi Årbok 2017 fem overskrifter: Onomastikk (namnegransking), etymologi (studiet av ords opphav og slektskap), leksikografi, dialektologi og andre emne. Innanfor namnegranskinga har Oddvar mest berre arbeidd med stadnamn. Det største arbeidet hans på dette feltet er magisteravhandlinga, som bar tittelen Studiar i dei eldste nordvestlandske fjordnamna. Ho blei skriven i 1987, og er frå ei tid der dei beste magisteravhandlingane låg på eit nivå som svarer til ei doktoravhandling i dag. I dette arbeidet diskuterer Oddvar 16 fjordnamn, mest frå Nordfjord og Sunnmøre. Her drøftar han inngåande alderen på namna, og gjev sine framlegg til tolkingar. I dette arbeidet dokumenterte han solide kunnskapar om indoeuropeisk, germansk og nordisk lydutvikling, og om etymologi. Han er uvanleg grundig, omhyggeleg og samvitsfull i alt han gjer. Den sakkunnige komiteen som vurderte professorsøknaden, skriv at grannsemd (akribi) nærast er heilag for han. Og dette var noko som prega alle delar av Oddvars akademiske gjerning. Oddvar har skrive ei rad med artiklar om stadnamn, og har gjort ein stor innsats i arbeidet med Norsk stadnamnleksikon, som kom med fyrste utgåva i 1976. Der skreiv han innleiingsartiklane om fjordnamn og om øynamn. Dess - utan står han for 170 av namneartiklane, somme av dei heller omfattande. I 1980-åra var Oddvar med på å leggje grunnlaget for det som i 1990 blei Lov om stadnamn, ei lov som har som føremål å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne. Ifølgje lova skal skrivemåten av stadnamn ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Frå 1974 var han namnekonsulent for kartkontora i Sogn og Fjordane og i Hordaland, og frå 1991 til sin død namnekonsulent (nynorsk) for Vestlandet. Skrivemåten av lokale namn skapar ofte strid, og ifølgje ein fagleg kollega laut Oddvar tole mykje urimeleg kritikk i dette arbeidet, av folk som ikkje hadde innsikt i språk, ikkje kjende den nedervde lokale uttalen og ikkje kjende lova. I 1983 blei Norsk namnelag stifta, og det gav ut tidsskriftet Namn og nemne, som kom med fyrste nummer året etter. Oddvar var med i redaksjonen frå starten av og til 2003, og skreiv sjølv fleire artiklar. I dei fleste av Oddvars arbeid spelar etymologi ei viktig rolle, og han skreiv fleire artiklar om emnet. Han hadde ein brei kompetanse på feltet, og solid kunnskap om germanske språk, noko vi kan sjå i meldinga av Wolfgang Meids Germanische Wortbildungslehre og i den lengre artikkelen Etymologiske ordbøker over germanske språk. Då den fyrste utgåva av Dansk etymologisk ordbok kom i 1966, skreiv Oddvar ei grundig og innsiktsfull melding av boka. Til den 2. og 3. utgåva leverte han ei mengd merknader, som forfattaren tok omsyn til, og som han nemner i forordet. Kunnskapsforlaget kjøpte retten til å gjere full bruk av boka, og engasjerte Oddvar til å omsetje henne til norsk. Men han fekk seinare høve til omarbeide og utvide boka. Då han søkte professoratet i 1986, leverte han inn eit manuskript på

Minnetale over professor Oddvar Nes 34 182 sider, frå a- til bingo, som skulle utgjere 1/15 av det planlagde verket. Den sakkunnige komiteen seier at dette så langt er eit solid arbeid, og at det fullførte verket vil bli godt og påliteleg. Men dessverre skulle Norsk etymologisk ordbok ikkje bli fullført, noko som er eit stort sakn for oss som arbeider med norsk språk. I heile sitt akademiske liv var Oddvar oppteken av leksikografi, som for han kunne gli over i etymologi eller dialektologi. I 1970 var han sekretær for ei nemnd som Det norske samlaget sette ned for å konkretisere planen om å arbeide ut ei nynorsk handordbok. Dette verket kom ut i 1986 under namnet Nynorskordboka, som saman med den tilsvarande Bokmålsordboka er umissande for dei som er interesserte i det norske ordforrådet. Oddvar skreiv innsiktsfulle meldingar av desse ordbøkene. Han interesserte seg også for det store fleirbandsverket Norsk ordbok, som har undertittelen Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, eit felt han hadde han grundige og omfattande kunnskapar om. Han skreiv ei begeistra omtale av verket og arbeidet bak det i Bergens Tidende då fyrste bandet kom ut i 1966, eit nasjonalverk skreiv Oddvar. Han melde også seinare band, og før han døydde, heldt han på med ei melding av det tolvte og siste bandet, som kom ut i 2016. Innanfor dialektologien arbeidde Oddvar mest med spørsmål knytte til lydsystemet, og han skreiv fleire mindre arbeid om lydskrift. Han laga aldri noko større arbeid om norske dialektar, men gav i 1987 ut Norsk dialektbibliografi, eit verk på 367 sider som inneheld eit oversyn over det som er skrive om norske dialektar, i alt rundt 2600 titlar. Dette er eit svært viktig arbeid for alle som vil studere norske dialektar. Oddvar skreiv arbeida sine på nynorsk, og hadde interesse for den konservative linja i nynorsken. Frå midten av 1970-åra til sin død sat han som styremedlem i Norsk Bokreidingslag, eit lite forlag i Bergen som har til oppgåve å gje ut bøker i tradisjonen etter Ivar Aasen. På dette forlaget gav han mellom anna ut den komplette utgåva av Gustav Indrebøs standardverk Norsk målsoga. Og det var han som oppdaga det bortkomne kapitlet i fyrsteutgåva av verket. I 1991 tok Oddvar, saman med to fagkollegaer, initiativet til å stifte Ivar Aasen-selskapet. Dette selskapet har til oppgåve å gje ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans. I 2006 kom det siste av dei ti banda med etterlatne manuskript, om lag 2500 sider, av dei meir enn 500 sider med kommentarar. Oddvar var ein av tre redaktørar, skreiv innleiinga til band 1, Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen, og hadde hovudansvaret for to andre band. Dette er eit av dei viktigaste utgjevingsprosjekta i nordisk språkvitskap på mange år, og eit eksempel på kva ein kan få til med godt samarbeid, eller samvinne, som ein av medarbeidarane har kalla det.

35 Det Norske Videnskaps-Akademi Årbok 2017 I pensjonisttida si engasjerte Oddvar seg i arbeidet med den norske omsetjinga av eit latinsk samleverk om Noregs historie, skrive av Tormod Torfæus på Karmøy rundt år 1700 etter oppdrag frå danskekongen. Verket kom ut i sju band i perioden 2008 2014, og Oddvar deltok i kontrollarbeidet av omsetjinga, identifiserte stader og personar, laga namneregister og skreiv kommentarar. Hans innsats var med på å gjere dette viktige omsetjingsarbeidet til eit påliteleg verk. Oddvar var på mange vis ein akademikar av den gamle skole. Han var grunnlærd, hadde eit vidt utsyn, med kompetanse på mange felt, og omfattande kunnskapar om germanske språk i eldre og nyare tid. Hans faglege interesse var knytt til tolking og forståing av ord og namn, og til faghistorie, han var mindre oppteken av allmennlingvistiske teoriar. Hans omfattande vitskaplege produksjon er i hovudsak grundige artiklar om enkeltemne. Han var kompromisslaus når det galdt grannsemd, og leita i bøkene inntil han fann eit svar som han meinte var rett. Denne mødesame søkinga etter pålitelege opplysningar er under press i dag. Oddvar var ein krevjande, men interessant forelesar og rettleiar, kjenneteikna av ei sterk interesse for faget sitt. I dei tjue åra vi var ved same instituttet, lærte eg han å kjenne som ein venleg og omgjengeleg kollega, som raust delte sine omfattande kunnskapar med andre. Oddvars største faglege innsats fell innanfor stadnamngransking, men han interesserte seg også sterkt for norske dialektar og leksikografi. Dette var fagfelt som var sentrale ved etableringa av Universitetet i Bergen i 1946. Etter kvart blei det nasjonale ansvaret for desse felta lagt til Oslo. Men i 2014 hadde internasjonaliseringa kome så langt ved Universitetet i Oslo at det ikkje lenger ønskte å arbeide vitskapleg med samlingar av norske dialektar, norske stadnamn eller det norske ordforrådet. Det blei vedteke å flytte språksamlingane til Bergen, noko som skjedde i 2016. Såleis fekk Oddvar oppleve at hans eige universitet overtok det nasjonale ansvaret for desse viktige oppgåvene. I 2009 blei Oddvar Nes tildelt Kongens fortenestemedalje for sin omfattande vitskaplege innsats. Vi lyser fred over Oddvar Nes sitt minne. Oddvar Nes sin bibliografi er å finne i: Nes om namn: Heidersskrift til Oddvar Nes på 70-årsdagen 27. desember 2008 (Bergen, 2008).