ÅRSMELDING FOR HORDALAND SENTERUNGDOM 2012 2013



Like dokumenter
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ARBEIDSPLAN

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Fylkesårsmøte februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Vedtekter for Vestland SV

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Organisasjonsbygging. Velkomne til Jakt- og Fiskesenteret på Flå 1. november Org.kontakt: Bjarne Huseklepp

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Møteprotokoll for møte i

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Studenttinget 2014/2015

Kap 1 Innleiande fastsettingar

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Den nye seksjon for applikasjonar

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Ny strategiplan for Høgskulen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING Fylkeslaget har i perioden mars 2009 til mars 2010 hatt desse tillitsvalde:

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

ARBEIDSPLAN Trøndelag Senterparti

GRØN UNGDOM ROGALAND. Innkalling til ordinært årsmøte i SAKSLISTE. Det inkallast med dette til ordinært årsmøte i Grøn Ungdom Rogaland.

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

HORDA LAND. Referat fra e-post votering Fylkesstyret. A. Landsmøtedelegat fordeling i Hordaland. Votering gjort i tidsrommet:

«Ny Giv» med gjetarhund

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

ÅRSMELDING FOR HORDALAND NEI TIL EU 2017

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Om lokalaviser og lokalt engasjement

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

ARBEIDSPLAN HORDALAND NEI TIL EU. Mars 2019 februar 2020

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Nominasjonsmøte 8. februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss Sakspapir:

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Frå novelle til teikneserie

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Transkript:

ÅRSMELDING FOR HORDALAND SENTERUNGDOM 2012 2013 Årsmøte 2012 Hordaland Senterungdom hadde årsmøte fredag 12. oktober i Bergen. Årsmøtet godkjende årsmelding, diskuterte økonomi, regionalt kurs, fråsegner og arbeidsplan, og valte nytt styre. Fylkesstyret har sett slik ut dette arbeidsåret: Fylkesleiar: Alexander Fosse Andersen, Kvam Politisk nestleiar: Per Martin Sandtrøen, Bergen Organisatorisk nestleiar: Erlend Johan Myrhaug, Bergen Amanda Louise Helvik, Sveio Anne Ljones, Kvam Sindre Nordlund Vatnehol, Bergen Henriette Tyse Nygård, Sund 1. vara: Fredrik Bakke, Osterøy 2. vara: Sølve Ånneland, Bergen 3. vara: Ingvild Hauge, Tysnes I tillegg vedtok årsmøtet at lokallaga kan senda ein representant på alle styremøta. Arbeidd i fylkesstyret Arbeidet i fylkesstyret begynte veldig bra med gode diskusjonar på årsmøtet og ei veldig god styresamling i januar der arbeidsplanen vart spikra. I vårhalvåret har det vore styremøte kvar månad. Datoane for styremøta fram til sumaren vart vedtekne i januar. Med små endringar vart dette fylgt. Oppmøte og deltaking på arrangement har dabba av utover arbeidsåret. Spesielt har det vore vanskeleg å få til aktivitet i styret og Hordaland Senterungdom etter eksamensperioden våren 2013. Dette var òg situasjonen førre arbeidsår. Styremedlemane har stort sett vore flinke til å seia i frå om dei kan møta eller ikkje, men det har av og til vore sein tilbakemelding. Innkallingar til møte og arrangement har stort sett vore ute i god tid, me har fått veldig god hjelp av organisasjonssekretær i Hordaland Senterparti Eva Bjørø Pedersen til dette. Alt i alt har det vore 5 fysiske styremøte i løpet av arbeidsåret. Fylkesstyret har i tillegg hatt kontakt med kvarandre på epost, sms og på andre arrangement i Hordaland Senterparti. Av fylkesstyremøta i dette arbeidsåret vil leiar særleg trekkja fram laurdagsmøtet i januar. Dette møtet vart nytta til å planleggja arbeidsåret, jobba med fråsegner og verta betre kjent. Fylkesstyremøtet i april vart òg veldig bra med politisk innleiing frå Natur og Ungdom i Hordaland. Det var gode diskusjonar på dette møtet. Begge arrangementstypane er noko det nye styret bør satsa på til neste år òg. Fylkestyret har særleg desse måla for det kommande arbeidsåret: - fleire aktive medlemmar - verving av nye medlemmar og gje desse og alle andre medlemmar i HSU eit godt tilbod - aktive lokallag

- arrangere sosiale treff for medlemmane - ha politisk skolering og politiske utspel på kvart styremøte - vera aktive i sosiale medium og på heimesidene - fremja politiske saker gjennom unge folkevalde - sosiale opplegg etter kvart styremøte Det har vore vanskeleg å få aktivsert og verva fleire medlemar i løpet av arbeidsåret sjølv om me har hatt fleire arrangement og gjort ein innsats overfor Hordaland Senterparti. Som det vert kommentert seinare i årsmeldinga, må ein verta flinkare til å vera tidleg ute med invitasjonar, purra på medlemar, nytta eigne nettverk og nytta seg sosiale medium. Me treng å jobba meir med å få aktivisert lokallag, her har me ein jobb å gjera. Me har jobba med politiske utspel på fylkesstyremøta, men det har vorte nedprioritert på møta der det har vore dårleg oppmøte. Me har hatt møte med andre organisasjonar og politisk skolering på fylkesstyremøta. På eitt av møta var Natur og ungdom med. Dei sosiale aktivitetane etter styremøta har vore av ymse art, med best opplegg i starten av arbeidsåret. Fleire styremedlem har hatt innlegg på trykk i aviser, men fylkesstyret har likevel mykje meir å gå på når det gjeld politiske utspel i løpet av det neste arbeidsåret. Det har vorte betre system for fordeling av invitasjonar til debattar og konferansar. Eva Bjørø Pedersen har fungert veldig godt som bindeledd. Erlend Johan Myrhaug og Per Martin Sandtrøen har vore veldig flinke til å delta på vegner av Hordaland Senterungdom i debattar. I tillegg har andre styremedlem deleteke på konferansar. Fylkeslaget arrangerte eit særs vellukka regionalt kurs for vestlandsfylka 19. 21. oktober 2012 med rundt 20 deltakarar. Det var gode innleiarar og gode diskusjonar på møtet. Anne Ljones har vore veldig flink til å oppdatera heimeside og facebookgruppe for fylkesstyret. Me har oppretta twitterkonto, men denne kan med hell brukast meir. Hordaland Senterungdom må totalt sett verta flinkare til å nytta sosiale medium og heimesidene det neste arbeidsåret. Den planlagde turen over Vidden i juni vart utsett på grunn av usikkert vêr og laber påmelding. Målet er å få til noko i løpet av hausten. Sumaravslutninga vart felles med Hordaland Senterparti på Trikotasjefabrikken i Salhus 21. juni. Fylkesstyret har òg jobba godt med valkampen. Mykje av arbeidet i fylkeslaget handla om valkamp etter sumaren, det har difor ikkje vore styremøte i august og september. Det vart laga ein plan for kva tid materiell skulle produserast og laging av debatthandbok. Sistnemnte vart starta på (utveljing av aktuelle tema), men ikkje laga ferdig ettersom sentralt laga ei veldig god handbok. Meir om valkampen kjem seinare i årsmeldinga. Alt i alt har det vore eit greitt arbeidsår i Hordaland Senterungdom. Me har få aktive medlemar, men dei er til gjengjeld veldig aktive. Styremøta er gode, men kan ha meir politikk i seg. Målet for komande arbeidsår må vera å få fleire aktive medlemar og få til sosiale arrangement der fleire deltek. Då vil kunna byggja eit større og sterkare fylkeslag. Arbeidd i Hordaland Senterparti

Fylkesleiar har delteke på dei fleste av styremøta i Hordaland Senterparti. Han sit òg i fylkestingsgruppa i kraft av å vera fylkestingsrepresentant og medlem av Opplærings- og helseutvalet. Fylkesleiar har vore aktiv i debattane på fylkesstyremøta. Hordaland Senterungdom har vore representert med vara på dei møta fylkesleiar ikkje har hatt høve til å delta på. Hordaland Senterungdom hadde fleire utsendingar til årsmøtet i Hordaland Senterparti i Ullensvang 16-17. februar. Fylkesleiar var på kvota til fylkestingsgruppa til Hordaland Senterparti. Dei som deltok var: Alexander Fosse Andersen, Per Martin Sandtrøen, Erlend Johan Myrhaug, Anne Ljones, Sindre Nordlund Vatnehol, Henriette Tyse Nygård og Anna Alstad. I tillegg deltok det senterungdomar i delegasjonane til lokallaga i Hordaland Senterparti. Hordaland Senterungdom var aktive i debattane på årsmøtet og fekk prisen som årets lokallag. På julebordet til Hordaland Senterparti 2012 i forkant av nominasjonsmøtet deltok Anne Ljones og Henriette Tyse Nygård. Henriette Tyse Nygård var representant for Hordaland Senterungdom i nominasjonsnemnda til Hordaland Senterparti. På nominasjonsmøtet i november deltok Alexander Fosse Andersen, Per Martin Sandtrøen og Henriette Tyse Nygård. Anne Ljones var utsending for Kvam Senterparti. Alexander Fosse Andersen vart valt som ungdomskandidat og 5.kandidat på stortingsvalslista. Hordaland Senterungdom fekk mykje skryt for arbeidet sitt med nominasjonen på nominasjonsmøtet. Landsstyret Hordaland Senterungdom har vore ein aktiv deltakar i landsstyret i Senterungdomen. Per Martin Sandtrøen har vore med i kraft av å vera internasjonal leiar i Senterungdomen. Erlend Johan Myrhaug har delteke på to landsstyremøte for fylkesleiar. Hordaland Senterungdom har vore aktive i debattane og har òg sendt inn fråsegner som har vorte handsama i landsstyret. Sentralstyret Per Martin Sandtrøen vart valt til internasjonal leiar i Senterungdomen på landsmøtet i Bodø i november 2012. Han har vore ein aktiv og markert internasjonal leiar som Hordaland Senterungdom har drege mykje nytt av. Hordaland Senterungdom har hatt god kontakt med Erling Laugsand som har vore kontaktpersonen vår i sentralstyret. Medlemsstatus og verving Medlemstalet i Hordaland Senterungdom er 61 betalande medlemar per 29.09.2013. Tar ein med dei som ikkje har betalt eller fått registrert betaling er medlemstalet på 107. Målet i arbeidsplanen i mange år har vore 100 medlemar. Målet er ikkje nådd før me har 100 betalande medlemar, men Hordaland Senterungdom har eit godt utgangspunkt. Likevel er det viktig med gode rutinar for oppfølging av medlemar heile tida, spesielt nye medlemar, samt tilby alle medlemar i Hordaland Senterungdom politiske og sosiale opplegg. Dette vil på sikt skaffa oss fleire aktive og engasjerte medlemar. I tillegg er det viktig å ha god oversikt over senterungdomar frå andre fylkeslag som av ulike grunnar oppheld seg i Hordaland. Desse bør få delta mest mogleg på arrangement og bidra til organisatorisk og politisk utvikling av Hordaland Senterungdom. Dette arbeidet er godt i gong, og ein viktig nøkkel her vil vera å ha eit aktivt studentlag som kan fanga opp dei som kjem til Bergen for å studera.

Talet på nye medlemar i 2013 er 15. Det nye fylkesstyret må aktivt jobba for at desse får gode tilbod i Hordaland Senterungdom og har lyst til å vera aktiv medlemar hjå oss. Arrangement På det regionale kurset 19.-21. oktober i Bergen deltok Alexander Fosse Andersen, Per Martin Sandtrøen, Erlend Johan Myrhaug, Sindre N. Vatnehol, Henriette Tyse Nygård, Anne Ljones og Anna Alstad. På Senterungdomens landsmøte i november i Bodø deltok Alexander Fosse Andersen, Fredrik Bakke, Per Martin Sandtrøen, Henriette Tyse Nygård, Anne Ljones, Marte W. Nesheim, Anna Alstad, Heine Røyrvik, Silje Vata og Erlend Myrhaug. Hans Inge Myrvold var med som observatør. Mange av delegatane våre var aktive på talestolen. Per Martin Sandtrøen vart valt som internasjonal leiar i Senterungdomen. Hordaland Senterungdom hadde sendt inn fleire endringsframlegg til stortingsvalprogrammet, og fleire framlegg vart vedtekne. I desember 2012 arrangerte Kvam Senterungdom julebord for senterungdomar i Hordaland heime hjå Alexander Fosse Andersen i Strandebarm. Det var greitt oppmøte og veldig god stemning. På Vårslepp 8. 10. mars deltok Per Martin Sandtrøen, Petter Wilhelmsen, Erlend Johan Myrhaug, Anne Ljones og Alexander Fosse Andersen. På sumaravslutninga 21. juni i Bergen deltok Alexander Fosse Andersen og Silje Vatna. Alexander Fosse Andersen og Erlend Johan Myrhaug deltok på kandidatskolering og sumarleir i Arendal i byrjinga på august. Erlend deltok òg på kandidatskolering 21.-23. juni i Oslo. Oppsummert kan ein seia at det har vore mange arrangement å delta på i året som har gått, men det skulle ha vore betre oppmøte. Spesielt var det skuffande at det ikkje vart tur over Vidden og betre deltaking på sumaravslutninga.. Den viktigaste lærepengen er at me må vera tidleg ute med invitasjonar, vera aktive på rekruttering og nytta oss av sosiale medium til å få med fleire. Spesielt viktig er det å nå ut til senterungdomar som studerer i fylket, men som ikkje står oppført i medlemsregisteret vårt. Her er det viktig at me har ein god dialog med andre fylkeslag i Senterungdomen og nyttar våre eigne nettverk. Heimesider og mediearbeid Hordaland Senterungdom har stort utviklingspotensiale når det gjeld eigne heimesider. Heimesidene vert oppdatert for sjeldan, dette må det gjerast noko med. Først og fremst må fylkesstyret verta flinkare til å produsera tekstar som kan leggjast ut på nettet, men me må òg få betre rutinar på å leggja ut korte saker frå arrangement me deltek på. Mykje av den politiske profileringa i dag skjer via sosiale medium som facebook og twitter. Her må Hordaland Senterungdom verta flinkare. Me har ei eiga gruppe på facebook, målet må vera å få fleire tilhengjarar og verta flinkare til å oppdatera sida med utspel og hendingar. Me fått eigen twitterkonto, og me har fleire medlemar som er aktive tvitrarar. Dette er bra, men me kan tvitra meir og vera meir dagsaktuelle.

Henriette Tyse Nygård og Alexander Fosse Andersen har eigen blogg. Desse bør oppdaterast oftare, og me må verta flinkare til leggja ut blogginnlegg på heimesidene våre. Når det gjeld mediearbeid og medieutspel har me mykje å gå på. Dette heng saman med arbeid med politiske saker på fylkesstyremøta. Samanlikna med andre ungdomsparti i Hordaland har me mykje å gå på når det gjeld redaksjonelle oppslag. Fleire medlemar i Hordland Senterungdom har hatt lesarinnlegg på trykk. Dette har vore bra. Målet for neste arbeidsår må vera å få fleire medieoppslag både i BT og BA, men òg i lokalavisene rundt om i fylket. Valkampen 2013 Fylkesstyret laga ein valkampplan på styremøtet i januar. Målet var minst 5 % i skulevala og gjera eit betre val enn Hordaland Senterparti. I tillegg vart det laga ein tidsplan for produksjon av materiell og utvikling av debatthandbok. Det vart arbeidd med debatthandbok på styremøte før sumaren, men då sentralt laga ein god debattperm, valte me ikkje å jobba vidare med ein eigen debattperm. Talet på skular har vore og er ei utfordring for Hordaland Senterungdom. Så lenge me er få aktive og medlemar og har mange skular me skal nå over, treng me hjelp frå andre fylke og sentralt. Me varsla tidleg at me trong hjelp og sendte inn datoar før sumarferien. Likevel tok det veldig lang tid før me fekk vita om nokon kom og kven som kom. Det gjorde planlegginga av skulevalkampen vanskeleg. I tillegg var det vanskeleg å få kartlagt kven som kunne vera med rundt på skulane. Målet var å vera minst 2 på kvar skule. Det gjekk ikkje alle stader, men me klarte å vera til stades på så og seia alle skulane i Hordaland. Skuleringshelga like før skulevalkampen hadde dårleg påmelding og vart nytta til å laga eit notat om kvar skule i Hordaland. Notat var bra, men burde ha vore laga mykje før. Skuleringshelga burde ha vorte nytta til gjennomgang av aktuelle politiske saker som må kunne profilera oss på. Me hadde rikeleg med materiell. Ungdomsbrosjyra var enkel og lett å dela ut, men alt i alt hadde nok me litt mykje papirmateriell. I forkant av neste val bør ein ha ein kritisk gjennomgang av kva ein treng. Hadde me vore fleire ute på skulane, hadde det nok gått med meir materiell òg. Debattpermen til sentralt vart sendt ut til fylkesstyret og aktuelle senterungdomar i valkampen, men dette burde ha skjedd tidlegare. Resultatmessig var skulevalet i Hordaland, som nasjonalt, ein stor nedtur. Med eit resultat på 3.0 % var me langt unna målet med minst 5 %. Forklaringane kan vera mange. Fylkesleiar meiner ein ved neste val på få til betre struktur på skoleringa på førehand, men òg vera fleire folk med i sjølve valkampen. Det var ikkje noko av nattaksjonen på grunn laber interesse. I tillegg mangla Hordaland Senterungdom og Senterungdomen dei gode einskildsakene som har fungert i tidlegare valkampar. Me drukna litt i debattane og klarte ikkje å skilja oss ut. Ein må nok òg innrømma at ungdomar ynskte forandring etter mange år med rødgrøn regjering, spesielt gjorde Unge Høgre det bra i skulevalet i Hordaland.

Hordaland Senterungdom gjorde likevel fleire gode skuleval. Me vart største parti på Voss jordbruksskule og nest størst på Øystese gymnas og Framnes kristne vidaregåande skule. I tillegg gjorde me gode val i Fusa, på Voss vgs, Rogne vgs og Odda vgs. Diverre gjorde me svake val på skular der me tidlegare har gjort det bra: Os vgs, Os gymnas, Knarvik vgs., Stord vgs og Kvinnherad vgs. Dette var nok eit resultat av at me mangla dei gode einskildsakene. Bergensskulane var denne gongen òg problemskular for oss. Her må ein ha ein god strategi for valkampen i 2015. Ada Arnstad, Erling Laugsand og John Andre Storebø hjelpte til frå sentralt og gjorde ein flott innsats for oss. Elles tok Per Martin Sandtrøen, Erlend Johan Myrhaug, Hans Inge Myrvold, Alexander Fosse Andersen og Martine Holsæter debatter i Hordaland og gjorde gode debattar. Fleire senterungdomar hadde lesarinnlegg på trykk i valkampen. Desse har me fått god tilbakemelding på frå senterpartistar i Hordaland og frå folk utanfor Senterpartiet. Anne Ljones har vore veldig flink til å publisera utspel på facebook. Hordaland Senterungdom deltok på arrangement saman med Hordaland Senterparti i valkampen og gjorde ein viktig jobb her. Elles vart det diverre ikkje noko av nattaksjon og stands på festivalar i fylket arrangert av Hordaland Senterungdom før valet på grunn av laber interesse, dette er noko ein bør jobba meir med før neste val. Til tross for eit skuffande resultat meiner fylkesleiar det er viktig å trekkja fram at senterungdomar i heile Hordaland gjorde ein kjempegod innsats i valkampen og var med på sikra Kjersti Toppe og Hordaland Senterparti fornya tillit på Stortinget. Særleg gjorde me ein viktig innsats i boden på Torgallmenningen og på stands rundt om i fylket. Det er viktig å dra med seg lærdom frå denne valkampen til planlegging og gjennomføring av valkampen i 2015. Fylkesleiar har desse innspela til valkampen i 2015: - ver tidleg ute med å kartleggja kven som kan gå debattar og kven som kan vera med på skulane - tidleg planlegging av materiell - tidleg kartlegging av dei vidaregåande skulane: kven skal me satsa på og kva gjer me i Bergen - planleggja politiske utspel/lesarinnlegg tidleg - planleggja valkampstunts tidleg, då vert det lettare å få dei gjennomført - poltiske skolering gjennom heile arbeidsåret med større samlingar før sumarferien og like før skuledebattane startar - finna fram til gode einskildsaker som ein vil fronta på skulane Oppsummering av arbeidsåret Det har skjedd mykje spanande i Hordaland Senterungdom i arbeidsåret 2012 2013. Fleire av medlemane våre er veldig aktive både i Hordaland Senterungdom og Hordaland Senterparti. Det er likevel for få aktive medlemar slik at ikkje får det arbeidslaget på

fylkesnivå og dei aktive lokallaga som ein gjerne skulle ha hatt. Dessutan har Hordaland Senterungdom meir å gå på når det gjeld politiske utspel. Mykje går etter fylkesleiars meining betre. Det er betre system for informasjonsflyt i fylkesstyret, me er flinkare til å nytta oss av sosiale medium og det er mykje betre system for samarbeid med fylkeskontoret. Det har vore veldig nyttig for oss å få ein person som ikkje er medlem i Senterungdomen som organisasjonssekretær, og Eva Bjørø Pedersen gjer ein fantastisk innsats for oss i Hordaland Senterungdom. Eg har vore fylkesleiar i Hordaland Senterungdom i tre år. Det har vore tre spanande og lærerike år. Mange av dei som var aktive då eg tok over, er ikkje aktive i Hordaland Senterungdom lenger av ulike grunnar, men det har kome med nye aktive medlemar som eg er sikker på vil gjera ein veldig god jobb i åra som kjem. Eg tykkjer me har gode arenaer for politisk og organisatorisk verksemd i Hordaland, men må verta flinkare til å dra med fleire folk og få fleire aktive medlemar. Heldigvis ser det ut til at me har fått eit betre system på å fanga opp senterungdomar frå andre fylke som studerer i Bergen. Det trur eg vil vera veldig nyttig i åra som kjem. Eg vonar det nye fylkesstyret vil nytta årsmeldinga 2012 2013 som eit verktøy for vidare politisk og organisatorisk arbeid i Hordaland Senterungdom. No når mi tid som leiar i Hordaland Senterungdom er over, må eg berre få seia tusen takk for den tilliten som de har vist meg. Eg har hatt tre fantastiske år som leiar i Hordaland Senterungdom og har fått gode vener. Eg skulle gjerne ha fått gjort meir både når det gjeld politikkutforming, medlemsverving og organisasjonsbygging, men eg vonar at de arbeidet me har gjort gjennom desse tre åra, vil vera ein god start for gode arbeidsår for Hordaland Senterungdom i åra som kjem både politisk og organisatorisk. Tusen takk for alle gode samtalar, for framifrå innsats og mykje moro. Lukke til med arbeidet framover. Bergen 29.09.13 Alexander Fosse Andersen Fylkesleiar i Hordaland Senterungdom