Dette er oppgåva eg har fått.

Like dokumenter
Pedagogisk rapport til PPT om grunnskoleelever Rapporten må følge som vedlegg til henvisningsskjema

KJARTAN HATLØY. Den kvite vegen

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

FOR GUD. Fellesskap Den ærlege samtalen: Bibel Jes 6, 1-8 Spørsmål til teksten: Misjon. Bøn Rausheit. Livet med Han som er. HEILAG

ÅRSPLAN GARNES SFO 2010/2011

Frå dikt til teikneserie

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Eksamensveiledning. LOKALT GITT SKRIFTLIG EKSAMEN DAT3001 System og infrastruktur. - om vurdering av eksamensbesvarelser

6-åringar på skuleveg

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Vintervèr i Eksingedalen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Parallellseksjon 4G. Hefte nr. 1. Oppgåver og utfordringar

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Rapport frå synfaring av tiltak på drifteveg ved Øvre Espedalsstøl i Frafjordheiane landskapsvernområde 21. september 2017

VERDENSDAGEN FOR PSYKISK HELSE 2019 PEDAGOGISK OPPLEGG BARNEHAGE OG BARNESKOLE TRINN

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Vel nynorsk for barnet ditt!

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Handlingsplan for åkerrikse Crex crex

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Tek dialektane livet av nynorsken?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MÅNEDSPLAN SEPTEMBER GRØNNINGEN

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Læreplan i engelsk - kompetansemål

Aure kommune MØTEPROTOKOLL AV UTVALGETS MEDLEMMER/VARAMEDLEMMER MØTTE: 7 AV 7

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Språkstatistikk for departementa for 2009

[2018] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. FAG: Spansk. KLASSE/GRUPPE: 10.trinn 2 grupper. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Den europeiske samfunnsundersøkelsen 2016

Språkstatistikk for departementa for 2010

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

REFERAT MØTE I ARBEIDSUTVALET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

MØTEPROTOKOLL. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Plan for overgangar. for barn og unge

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Til deg som bur i fosterheim år

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Godkjent løyve - 9/4, 9/3 - Arealoverføring til 9/64, Grov DS-295/15

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

[2017] FAGRAPPORT. FAG: Spansk. KODE: FSP 0132 Spansk 1, 10. årstrinn. KLASSE/GRUPPE: 10. trinn 2 grupper TALET PÅ ELEVAR: 36

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

NY/UTSATT NASJONAL DELEKSAMEN I MATEMATIKK FOR GRUNNSKULELÆRAR - UTDANNINGANE GLU 1 7 OG GLU 5 10

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

«Mestringsforventningar»

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Årsplan for Norsk

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

OK, seier Hilde og låser.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

MINNELUND NORD ETNEDAL - FLEIRE FORSLAG - UTDJUPING

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Presentasjon

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Skoleåret 2016/2017.

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-15:00 Møtestad: Kommunehuset

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

BRUKERUNDERSØKELSEN 2015 Svarprosent: 47%

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Transkript:

1

Dette er oppgåva eg har fått. 2

Eg begynner med punkt 1. Korleis kan stadnamn vera relevant for lærarutdanning? 3

2. For å få til variasjon, for alle, og tilpassa opplæring.slik at også elevar som er spesielt ivrige eller har interesser i ei viss retning, får sitt. Mastergradsplanane kjem til å seia at oppgåvene skal vera profesjonsretta og praksisorienterte, men kva dét er, er eit tolkingsspørsmål. Derfor skal vi sjå litt på kva læreplanen for skulen der ute seier. 4

Arbeid med stadnamn utviklar alle desse fire punkta. Stadnamn er ein del av kulturen Dei eksisterer for å dekke eit kommunikasjonsbehov. Dei stadnamna vi kjenner rundt oss er ein del av identiteten vår. Å vekse inn i slik kunnskap er ein del av ein danningsprosess. 5

Stadnamn sklir rett inn her, jf. det eg har utheva med blått. 6

.og her. I stadnamna ligg to og eit halvt tusen års språkendring, fram til dagen i dag, lag på lag, nær sagt som sedimenta i geologien. 7

.og her. Dermed burde det vera unødvendig å skulle legitimere stadnamnarbeid i lærarutdanninga. Men her er det eit problem at det er sprik mellom det læreplanen seier om kva som er mest sentralt - og slik det fungerer i praksis. Det som i praksis er kjernen i norskfaget er dagens læreplan er dette: 8

9

. slik at det som overskygger alt anna er at elevane skal utvikle god evne til kommunikasjon. Ludvigsen-utvalet plasserer i sin rapport frå i fjor norskfaget blant dei andre språkfaga, og blir det gjennomført, så inneber det at norskfaget blir dreidd vidare i den retninga. Politisk tendens er meir i retning av det strengt, praktisk nyttige. Det er mykje bra med vekta på det, spørsmålet er om det ikkje går an å ha to tankar i hovudet samtidig. Det er ein evig dragkamp om kva norskfaget og andre fag skal vera. Men la oss ta utgangspunkt i kommunikasjon. Eg skal gje nokre døme på korleis stadnamn er relevante også ut frå ei slik forståing av norskfaget. 10

Ein viktig del av kommunikasjonen mellom oss menneske er å fortelja kor vi er, kor vi har vore og kor vi skal berre sjå på Facebook! Til det brukar vi stadnamn. Det er derfor stadnamn finst. Kunnskap om stadnamn er derfor kunnskap om kommunikasjon. 11

Gjennom stadnamn vi brukar i dagleglivet kan vi lære ord vi elles ikkje ville lært, og det kan vera nyttig når vi skal lesa Wergeland eller når vi møter folk frå andre delar av landet eller Danmark eller Sverige, og når vi skal lære andre germanske språk. Det er ei kjend sak at nordmenn forstår dansk og svensk betre enn omvendt, og det er brei semje om det er mykje fordi vi får øving i eit breiare morsmål enn dei andre. Det er litt av dette Leiv Inge Aa var inne på. 12

Dersom innlæraren får forklart dei namna han eller ho møter i dagleglivet, så blir det openberra mange knaggar som han eller ho kan henge gloser på. 13

I ungdomsskulen skal elevane vera på såpass høgt nivå at kulturkunnskap blir viktig for å kommunisere godt. Då skal ein både kunne løyse opp (forstå) og kunne laga (sende) slike buljongterningar. Stadnamnkunnskap høyrer inn under dette. 14

Då skal eg ta heile denne formuleringa på ordet og sjå på korleis på korleis stadnamn då kan vera relevant for grunnskulelærarutdanning. 15

Dette gjeld anten det er ein masterstudent som arbeider med stadnamn eller han får elevane ute i skulen til å gjera det. 16

Altså må stadnamnarbeid vera supert ut frå denne formuleringa. Og eg kjenner til at det er lærarar rundt om som tek stadnamn inn i undervisninga, heilt frå barnehagen og opp i vidaregåande skule. Det mest kjende er vel særoppgåve eller særemne i vidaregåande skule, mange elevar har skrive om stadnamn der. Men her skal eg gje eit døme på at ein dreg inn stadnamn mykje tidlegare: 17

18

Ein kan ta med seg barnegruppa til ein slik stad og snakke om namnet og tradisjonen som ligg bakom det. 19

Då er vi komne hit. Her kan eg berre nemne det viktigaste. 20

Det digitale materialet gjev generelt mykje større mulegheiter til forsking, fordi ein kan søke maskinelt gjennom store datamengder og sile materialet på eit blunk. Men ein må ofte sjekke det digitale mot originalmaterialet, for det kan vera feil i avskrift eller metadata som ikkje er komne med. Ein forstår òg betre kva slag materiale det er snakk om dersom ein ser det i original. Skulebarnoppskriftene kjem eg att til. 21

Per i dag er ikkje det digitaliserte materialet overført til Bergen, uklårt av kva grunn, men det kjem heilt sikkert etter kvart. 22

Eg tok dette litt kjapt, for i denne samanhengen er detaljane om kva materiale som finst underordna, poenget er at det er eit stort materiale som er tilgjengeleg for bruk. 23

Då er vi komne hit. 24

Her er eit utdrag. Skulebarnoppskriftene frå 1930-40-åra er verdifullt materiale sett frå mange vinklar men i lærarutdanning er det spennande på fleire måtar. Nettopp det at namna er samla og nedskrivne av ungar gjer at vi kan oppfatte dei som uttrykk for den verda barna levde i, den daglege horisonten deira. Det kan vera interessant å utforske korleis den var for tre generasjonar sidan. Og ikkje minst kan det vera spennande å jamføre med same stad i dag, både kor mykje landskapet er omskapt og kva namn ungane brukar der i dag, som Åse var inne på. Prosjektet med skulebarnoppskriftene var einsidig vinkla mot landsbygda (jf. «Namn heime på garden» i biletet), men mange stader som var landsbygd er no bydel, m.a. Eidsvåg her i Bergen. Legg merke til det som står her om «ei slåttemark nær skulehuset». 25

I dag ser det slik ut, skulehuset er ringa inn. Eg går ut frå garden oppskrivaren var frå er ein av dei to midt i biletet. Dagens skule ligg i venstre biletkant. (Kalvatræet). Her er mykje av landsbygdpreget bevart, men eg tviler på at ungane som bur i strøket kan særleg mange av namna vi såg på lista. Eg bur i eit liknande område på sørsida av Bergen, og dei namna i nærområdet som ungane mine kan er slike: 26

Så nær som det siste, er dette nye namn, til dels barnenamn. Slike kan det vera interessant å forske på i seg sjølv. Men å sjå slike i samanheng med dei frå Skulebarnoppskriftene kan vera spennande, og det kan vera spennande for dagens ungar å sjå kva det heitte før. 27

4. Dagens ungar får òg uttrykt kor dei skal og kor dei har vore. Kva er dei nye namna? 5. Dokumentere kva som skjer, prøve ut nye opplegg, presentere resultat. 6. Skorafjellet skal uttalast som om det var skrive med å, men Nyttig bakgrunn for lese- og skriveopplæring. 7. Velkjent problem i Stadnamntenesta. 8. Dersom ein går med på argumentasjonen eg har framført, burde den klassiske stadnamnoppgåva framleis vera aktuell. Ho utviklar framleis både evner og kunnskap ein lærar har nytte av. Då vil ein for resten kunne auke namnesamlingane, ikkje berre bruke dei. 9. Både ting som gjer forsking lettare (databasesøk, www.norgei3d.no/, m.m.) og ting som gjer stadnamn meir spennande for folk flest, m.a. varmekart. 11. Eg hadde ein bachelorstudent i vår som skreiv om kallenamn. 28

Då er vi komne hit. 29

I dag mest brukt i lokalhistoriske tverrfaglege oppgåver. Oppsøke stadnamn: Jamfør skuletrøyttheit, altfor mykje pultsliting. Geografi: Stadnamn er ikkje berre lokale. 30

Ein må ha kjennskap til materialet. Bør ha publisert noko namnefagleg eller arbeide med det. I dag er det nok færre enn før som har kompetanse på tolking av gamle namn: Korleis har ord i dialekten elles utvikla seg, kva er normal lydutvikling, den slags. Og så treng rettleiaren kunnskap om, eller teft for, kva sensorane og fagfellesskapen elles kjem til å rekne som innanfor i grunnskulelærarmaster. 31

For at ein skal kunne lokke til seg masterkandidatar til stadnamn, og for at dei vi får ikkje skal koma dårleg ut i fagfellesskapen, så trengst det truleg ei endring av haldninga til kva som er relevant for lærargjerninga. Den endringa er i gang i og med dette seminaret. Dei nye mastergradsplanane kjem til å påverke desse spørsmåla, uvisst på kva måte. Der blir det ein dragkamp som vi må gå inn i. Vi bør:. Slike ting vil kunne endre oppfatninga av kva som blir opplevd som relevant. Dét er absolutt ikkje hogge i stein. 32