Sakshandsamar, telefon Tom N. Pedersen, 5557 2119 Vår dato 25.10.2017 Dykkar dato 10.07.2017 Vår referanse 2017/8298 542.1 Dykkar referanse Nærings- og fiskeridepartementet Postboks 8090 Dep 0032 OSLO Løyve til utslepp for Lerøy Vest AS for dyrking av blåskjel og tare på lokaliteten Olderhola i Kvinnherad Lerøy Vest AS får løyve til utslepp til luft og vatn for akvakulturproduksjon av inntil 4.000 tonn våtvekt av kvar av artane artane blåskjel, sukkertare, fingertare, butare, søl, fjørehinne og havsalat på lokaliteten Olderhola i Kvinnherad kommune. Utsleppsløyvet er gitt i medhald av forureiningslova 11, jf. 16. Løyvet med tilhøyrande vilkår er lagt ved dette brevet. Fylkesmannen har regulert dei tilhøva som blir vurdert til å ha dei mest alvorlege miljømessige konsekvensane. Vi viser til søknad frå Lerøy Vest AS datert 6. juni 2017. februar som vart oversendt frå Nærings- og fiskeridepartementet 10. juli 2017 og fr Hordaland Fylkeskommune 27. juni 2017. Endeleg uttale frå Kvinnherad kommune vart oversendt 12. september 2017. Handsaming av søknader om dyrking av tare er ikkje delegert Fylkeskommunen. Den delen av søknaden skal handsamast etter akvakulturlova av Nærings- og fiskeridepartementet. Den delen av søknaden som gjeld dyrking av blåskjel skal handsamast etter akvakulturlova av Hordaland Fylkeskommune. Fylkesmannen gir eit samla utsleppsløyve på lokaliteten, dette brevet går difor i kopi til Hordaland Fylkeskommune. Lerøy Vest AS søkjer om løyve til akvakultur av blåskjel og dyrking av brunalgane sukkertare (Laminaria saccharina), fingertare (Laminaria digitata), butare (Alaria esculenta), og raudalgane søl (Palmaria palmata), fjørehinne uspes. (Porphyra spp.) og for grønalgen havsalat (Ulva lactuca). Det vert søkt om ein produksjon på inntil 4.000 tonn våtvekt på lokaliteten Olderhola i Kvinnherad kommune. Løyvet er ikkje gyldig før Nærings- og fiskeridepartementet og Hordaland Fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova. Løyvet gjeld òg for utslepp frå ordinær reingjering av produksjonsutstyr. Fylkesmannen vil påpeike at negative miljøpåverknader isolert sett er uønskt. Verksemda pliktar å redusere utsleppa så langt det er mogleg utan urimelege kostnader og pliktar å unngå unødvendig forureining, jf. forureiningslova 7. Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Miljøvern- og klimaavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
I tillegg til dei krava som følgjer av løyvet, pliktar verksemda å overhalde forureiningslova, produktkontrollova, og dei forskriftene som er heimla i desse lovene. Enkelte av forskriftene er nemnt i løyvet. Vi viser til www.regelhjelp.no for informasjon om andre reglar som kan vere aktuelle for verksemda. Brot på løyvet er straffbart etter forureiningslova 78 og 79. Også brot på krav som følgjer direkte av forureiningslova og produktkontrollova, og forskrifter fastsett i medhald av desse lovene, er straffbart. Vurdering Fylkesmannen har handsama søknaden etter forureiningslova og vurdert han etter naturvern-, friluftsliv-, vilt-, lakse- og innlandsfiskeinteresser, og naturmangfaldlova. Om søknaden Søknaden gjeld akvakultur av tare av artane blåskjel, sukkertare, fingertare, butare, søl, fjørehinne og havsalat. Akvakultur av tare ei ikkje ei etablert næring. Grunnlaget for utsleppsløyvet manglar erfaring frå drift av anlegg. Næringa er på forsøksstadiet, noko søknaden og ber preg av. Lerøy Vest AS skriv at dei har som mål å etablere metode for industriell produksjon av blåskjel for bruk til andre føremål enn humankonsum. Dyrking av tare skal vere basert på sporofyttproduksjon på land der ein nyttar algar av regional avstamming. Dyrkingsmetodar er under utvikling, inntil vidare skal Lerøy Vest AS nytte etablerte metodar med bøyestrekk Søknaden er kortfatta og har ikkje med omtale av bruk av innsatsstoff av noko slag i produksjonen. Med innsatsstoff meiner vi kjemikal legemiddel, fôrmiddel osb. Søkjar har ikkje gjort greie for mogleg påverknad på miljøet. Tilhøvet til plan Plasseringa av det omsøkte anlegget ligg innanfor areal som er sett av til akvakultur i gjeldande kommunedelplan for Maurangerområdet 2005 2014. Søknaden har vore ute til offentleg ettersyn og det har kome inn merknad frå Fiskarlaget. Kommunen har ingen merknad til søknaden og rår til at den blir stetta. Vilt, laksefisk/innlandsfisk, naturvern og friluftsliv Akvakultur av tare vil mest truleg ikkje ha påverknad på villfisk av laks og aure. Vi har hittil inga erfaring med større anlegg for dyrking av tare og om det kan vere konfliktfylt i høve til vilt og fugl som beiter på dei dyrka organismane. Anlegget må drivast slik at det ikkje får negative konsekvensar for lokal fauna i området. Anlegget dekker eit stort areal og har potensiale til å vere til hinder for lokalt friluftsliv. Søknaden er ikkje detaljert nok til å kunne vurdere om det vil vere mogleg for småbåtar (fritidsbåtar) å passere mellom anlegget og land. Viltinteresser er omtalt under punkt 2.6 i utsleppsløyvet. 2
Sjøområdet som resipient Lokaliteten er plassert i vassførekomst Maurangerfjorden (0260040600-C). Det er kosthaldsrestriksjonar i vassførekomsten grunna forhøga verdiar av tungmetall i botnfisk. Overvakingsdata for vassførekomsten syner god økologisk tilstand på diversitet på botndyr. Kosthaldsrestriksjonar er knytt til dei gamle industriutsleppa frå Sørfjorden. Ein finn desse att i botnlevande fisk. Forureining av tungmetall i dei djupaste laga av fjorden vil ikkje har noko å sei for dyrking av blåskjel og algar i dei øvste vasslaga. Det skal ikkje vere utslepp av næringssalt frå dyrking av blåskjel og algar. Akvakultur av blåskjel og tare tar opp næringssalt frå sjøen, og blir presentert som å kunne balansere utsleppa frå matfiskanlegg. Sjølv om utsleppa av næringssalt frå matfiskanlegga i Hardangerfjorden er monaleg mykje større enn kva som vil vere mogleg å ta opp i taredyrkingsanlegg i fjorden, vil dyrking av tare og blåskjel vere ei motvekt til dei andre akvakulturaktivitetane i fjorden. Utslepp frå eit taredyrkingsanlegg vil i første rekke vere tare og andre organismar som losnar frå dyrkingsanlegget og legg seg på sjøbotnen. Vi har ingen data på kor mykje dette kan vere, eller om kva slag påverknad nedfall av tare kan ha på naturleg botnfauna (positiv eller negativ) i området. Vi finn det rimeleg å tru at dei største utsleppa vil skje i samband med hausting og røkting. Det går ikkje fram av søknaden korleis anlegga skal drivast og kva miljøpåverknad anlegga då kan ha. Støy Lerøy Vest AS pliktar å følgje vanlege retningslinjer for støy, jf. punkt 3.9 i utsleppsløyvet. Utslepp av kjemikal Det er ikkje søkt om løyve til bruk av kjemikal eller medikament. Utsleppsløyvet opnar difor ikkje for bruk av kjemikal, pesticid eller medikament i produksjonen. Elles viser vi til forureiningslova 7. Store monokulturar fører ofte til risiko for sjukdomar, samling av beitedyr og parasittar. Vi har funne informasjon om at tare kan vere utsett for soppinfeksjonar, og antibiotika kan vere middel mot slike infeksjonar. Dette utsleppsløyvet gjeld ikkje for bruk av kjemikal i opne produksjonssystem. Dette gjeld og parasittmiddel og medikament. Dersom Lerøy Vest AS ser trong for bruk av legemiddel eller parasittmiddel må dei søkje om endring av utsleppsløyvet. Anna mogleg påverknad på miljø Kommersiell akvakultur av tare er enno ikkje etablert. Vi har difor lite kunnskap om mogleg påverknad på miljøet. Anlegget vil fysisk hindre fiske og ferdsel i området og kunne endre nokre miljøfaktorar. Dette kan vere: Skuggelegging av djupare vasslag. Representere mekaniske barrierar for sjøfugl og marine pattedyr i området. Forureining i form av plastavfall frå tauverk og anlegg. Påverknad på botnfauna som følgje av sedimentering av tare og blåskjel. 3
Endra straumtilhøve i området. Naturmangfald Det er ingen registreringar i Naturbase eller Artskart som vil kunne kome i konflikt med blåskjel og tareanlegget på lokaliteten Olderhola. Kunnskapsgrunnlaget for denne avgjerda er mangelfull. Vi har ingen erfaring med større taredyrkingsanlegg. Dette inneber at det kan kome ny kunnskap som kan ha påverknad på seinare avgjerder. Samstundes er dette eit reversibelt tiltak. Området vil kunne føres tilbake til naturtilstanden. Kunnskapsgrunnlaget er likevel tilstrekkeleg til å kunne gje dette løyvet då vi vurderer risiko for negativ miljøpåverknad som låg, jf. naturmangfaldlova 8. Vi har ikkje vurdert risiko for miljøet ved tiltaket til å vere så stor at føre-var-prinsippet tilseier at det vil vere ikkje vil vere rett å gje løyvet, jf. naturmangfaldlova 9. Ut frå det som blir opplyst i søknad og dei vilkåra som blir sette i utsleppsløyvet, vurderer vi risiko for uakseptabel negativ påverknad på miljøet som liten. Den samla belastninga på resipienten vil ikkje bli påverka av utslepp frå blåskjel og taredyrkingsanlegget ved Olderhola. Det er viktig at det vert nytta lokale variantar eller stadeigne stammer av taren. Dersom det syner seg at det kan bli naudsynt å setje inn tiltak for å hindre eller avgrense skade på naturmangfaldet, skal kostnadene berast av tiltakshavar, jf. naturmangfaldlova 11. Lerøy Vest AS pliktar å ta i bruk miljøforvarlege teknikkar og driftsmetodar (naturmangfaldlova 12) som er tilgjengelege for næringa i dag (BAT). Konklusjon Fylkesmannen meiner at kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg til å kunne gje utsleppsløyvet for dyrking av inntil 4.000 tonn blåskjel og tare på eit 152 dekar stort areal på lokaliteten Olderhola i Kvinnherad kommune. Verksemda pliktar å undersøke miljøtilstanden på lokaliteten. Vi har sett krav om ROVkartlegging av lokaliteten før oppstart av anlegget og etter to års drift i anlegget. ROV kartlegginga etter at anlegget har vore i drift vil vere grunnlag for å kunne vurdere val av type overvaking for ettertida. Gebyr for sakshandsaming Fylkesmannen tar sakshandsamingsgebyr for arbeidet med løyve. Reglane om gebyrinnkrevjing er gjeve i forureiningsforskrifta kapittel 39. Vi har plassert verksemda under gebyrsats 6, jf. forureiningsforskrifta 39-4 om arbeid med fastsetjing av nye og endring av løyve. Verksemda skal betale 19.700 kroner i gebyr for sakshandsaminga. Miljødirektoratet sender faktura. Verksemda kan klage på vedtaket om gebyrsats til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at dette brevet er motteke, jf. forureiningsforskrifta 41-5. Ei eventuell klage bør vere grunngjeven og skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland. Ei eventuell klage fører ikkje automatisk til at vedtaket blir utsett. Verksemda må derfor betale det fastsette gebyret. Om Miljødirektoratet imøtekjem klagen, vil det overskytande beløpet bli refundert. 4
Erstatningsansvar Utsleppsløyvet fritek ikkje verksemda for erstatningsansvar for forureiningsskade, jf. 10 og kap. 8 i forureiningslova. Klage Partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket til Miljødirektoratet, jf. forvaltningslova. Send klagen til Nærings- og fiskeridepartementet innan tre veker etter at anlegget har fått løyve etter akvakulturlova. Dersom vedtaket blir påklaga, kan Fylkesmannen eller Miljødirektoratet etter førespurnad vedta at vedtaket ikkje skal gjelde før klagen er endeleg avgjort, jf. forvaltningslova 42. Partane i saka har etter forvaltningslova 18 og 19 rett til å sjå saksdokumenta. Fylkesmannen kan på førespurnad gi nærare opplysningar om sakshandsaminga. Med helsing Henriette Ludvigsen overingeniør Tom N. Pedersen seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen Mattilsynet Postboks 383 2381 BRUMUNDDAL Lerøy Vest AS Skipavika 54 5397 BEKKJARVIK Fiskeridirektoratet Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal 5