FLORA KOMMUNE Flora kommune 2012 2015 Vedtatt i Bystyret 06. november 2012
1.0 Innleiing...3 1.1 Kvifor planstrategi og planprogram...3 2.0 Visjon og overordna målsettingar...4 3.0 Bustad trivsel og oppvekst...5 3.1 Barnehage og skule...5 3.2 Bustader...5 4.0 Næringsutvikling, verdiskaping og kompetanse...6 5.0 Samferdsle og infrastruktur...6 6.0 Kultur og idrett...7 7.0 Levekår og folkehelse...7 8.0 Kommunen som organisasjon...8 9.0 Samarbeid utanfor kommunen...8
1.0 Innleiing 1.1 Kvifor planstrategi og planprogram er ein lovpålagd oppgåve og skal vedtakast i kvar valperiode. Innan eit år etter kontinuering av kommunestyret skal Bystyret ha utarbeid og vedteke planstrategien. Dette følgje av plan og bygningslova. en inneheld konkrete framlegg til kva for planarbeid og større planarbeid som skal gjennomførast i valperioden. Dokument inneheld også føringar for innhaldet i kommuneplanen sin samfunnsdel. Desse føringane vil bli omgjort til eit planprogram for kommuneplanen. Kommunen har eit langsiktig (fire år) og eit kortsiktig (eit år) planleggingsperspektiv. Det langsiktige perspektivet skal danne grunnlaget for det kortsiktige Det er difor sentralt at kommunen har eit system samordning av dei ulike plansystema. Fig 1. viser korleis det langsiktige påverker det kortsiktige. Det sentrale blir å lage eit system for "vekslinga" mellom dei overordna planane og årsplanegginga, dvs budsjett og handlingsprogram. Fig. 2 vise årshjulet og korleis "vekslinga" skal foregå. Fig. 1. Fig. 2.
Fig. 1. 2.0 Visjon og overordna målsettingar. Siste revidering av kommuneplanen sine overordna mål vart gjort i 2003. Det er i dag svært liten eigarskap til desse overordna måla hjå innbyggarar, politikarar og administrasjon. Det å ha ein prosess kring overordna mål og retting for samfunnsutviklinga er viktig med tanke på å kunne arbeide mest mogleg i fellesskap om å nå felles mål. Det er store omveltingar i samfunnet som vi som lokalsamfunn tek dette innover oss, og lager mål og strategar for som tek innover seg desse. Døme på kva som skjer i og rundt kommunen er; Sentralisering av innbyggarane (all statistikk vise at dei store sentra veks, og distrikta får fere innbyggjarar) Regionalt og interkommunalt samarbeid. Samhandlingsreforma Etablering av oljenæring tett innpå og i kommunen. "Eldrebølgja" Mange innbyggjarar med framand kulturell bakgrunn. Miljø- og klimautfordringar. Osv. Alle desse høva må vi bli vurdert når kommunen skal komme fram til framtidige overordna mål og retning på samfunnsutviklinga. Kommuneplanen sin samfunnsdel er den reiskapen som kommunen har til rådvelde for å kome fram til slike mål. Dei andre tema som blir tatt opp i planstrategien må byggja på dei overordna måla og retningane. Kommuneplanen sin samfunnsdel Kommuneplanen sin arealdel. Få på plass overordna, langsiktige og strategiske mål for utvikling av kommunen. Kommuneplanen sin arealdel. Følgjande tema er skal takast opp i denne: akvakultur, bustader utanfor sentra, fritidsbustader, strandsone, kystveg, landbruksareal, ROS, samfunnstryggleik, miljø og klimautfordringar.
3.0 Bustad trivsel og oppvekst 3.1 Barnehage og skule Kommunestyret vedtok Oppvekstplan for Flora i 2011. Denne planen er bygd på ein omfattande og grunding prosess. Dette inneberer at det ikkje er naudsynt med ein ny prosess og plan for dette området innanfor denne valperioden. Arbeide vidare med skulen i Eikefjord i trå med gjeldande og kommande vedtak. Planleggje og gjennomføre ein utbygging av barnehage på Knapstadmarka. Leggje til rette planmessig for skule på Knapstadmarka. Vidareføre og tilpasse dei overordna måla i oppvekstplanen inn i samfunnsdelen. Det er spesielt viktig at ungdomspersperspektivet blir teke i vare i samfunnsdelen. 3.2 Bustader Det er eit prekært behov for bustader i Flora. Dette på alle nivå. Alt frå tilgangen på bustadtomter i distrikta til små leilegheiter og hyblar i sentrum. Det akutte behovet er leilegheiter for innvandrarar, NAV brukarar og arbeidsinnvandrarar. Dette behovet er på minst 60 bueiningar. Det pågåande planarbeidet innanfor Helse og omsorg vise at det er eit omfattande behov for bustader for brukarane av desse tenestane. I tillegg kjem behovet for hyblar på mellomlangsikt (høgskule i Florø) og varierte tilbod til dei som vil flytte til sentrum. Det er i dag tilstrekkeleg med areal og planreserve for å gjennomføre desse tiltaka. Utfordringa er finansiering, bustadsosiale høve og at det vil ta ei viss tid å realisere dei naudsynte einingane. Kommunen har få aktuelle tomter for bygging av kommunale einingar. Difor er det heilt naudsynt med samarbeid mellom kommunen og private aktørar for å få dette på plass. Det må gjennomførast ein planarbeid som har fokus både på kort og lengre sikt. Eit slikt arbeid må trekkje opp linjene for korleis kommunen skal vere ein aktiv part i å leggje til rette og være ein aktør i utbygginga av bustader i kommunen. Ein slik plan må vere handlingsretta. Som ein oppfølging av handlingsprogrammet for 2012 har Plan og miljø utvalet vedteke ein prosjektplan for eit slikt arbeid, Bu i Flora. Dette arbeidet har ikkje kome i gang og det vil vere naudsynt å forankre det breiare både politisk og administrativt, arbeidet blir godt og målretta. Husbanken har signalisert at dei kan vere interessert i å delta i eit slikt planarbeid og oppfølging av dette. I tillegg må det arbeidast med kommunen si overordna, langsiktige og strategiske tilnærming til dette spørsmålet. Dette kan handterast i kommuneplanen sin samfunnsdel. Bustadsosial handlingsprogram, jmf søknad til Husbanken. Bu i Flora Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld bustader i kommunen.
4.0 Næringsutvikling, verdiskaping og kompetanse Her har det vore arbeid på mange frontar og innanfor mange tema dei siste åra. Den overordna planforankringa på kommuneplannivå er ikkje tilstades innafor dette området. Difor vil det vere viktig å arbeide på overordna nivå i tillegg til å følgje opp dei konkrete prosjekta og satsninga som er starta opp og planlagde. Mange næringsaktørar har dei siste åra slitt med å finne egna areal for si verksemd. Det er unytta areal fleire stader i kommunen som ikkje er teke i bruk. Det er viktig at kommunen til ei kvar tid har tilstrekeleg med attraktivt næringsareal ledig for dei som ynskjer å utvikle eller starte næringsverksemd. På enkelte stadar er det konflikt mellom næring og anna arealbruk, først og framst bustader. Oljenæringa har dei siste åra teke i bruk alle areala som er sett av til dette innover Botnastranda. Næringa signaliserer at dei i løpet av kort tid vil ha behov for meir areal. Kommunen har i dag ikkje tilgjengeleg nye areal for nye opprettskonsesjonar. Dersom Flora skal vere ein attraktiv stad for næringsutvikling både lokalt, interkommunalt nasjonalt og internasjonalt i framtida må det fortsettast og leggje til rette for slik arealbruk. Bystyret har vedeteken oppstart av to planarbeide som har som føremål å leggje til rette for nye næringsareal. Dette er Florølandet nord og Gunhildvågen. I tillegg vil det vere naudsynt å revidere kommuneplanen sin arealdel for å kunne utvikle akvakulturnæringane og næringsareal utanfor Florø og Eikefjord. I tidligare kommunale planar er det vedteken å satse på ein senterstruktur. Det er viktig at desse sentra får ein god planmessig oppfølging. Det er starta opp arbeid med planar for alle desse sentra. Disse må fullførast for å sikre ein forutsigbar og planmessig utvikling av sentra. Dette er viktig for å få på plass ynska vekst og utvikling. Ei av dei viktigaste faktorane for samfunnsutvikling vil vere kompetanseutvikling. Arbeidet med ingeniørutdanning i Florø er eit svært godt døme på dette. Men det vil vere naudsynt å fortsette å arbeide med dette temaet innanfor mange felt dersom det skal være mogleg å nå andre målsetingar for samfunnsutvikling. Ei slik satsing bør forankrast i kommuneplanen sin samfunnsdel. Regplan Florølandet Nord Regplan Gunhildvågen Kommuneplanen sin arealdel. Samarbeide om planlegging på kysten med nabokommunar og fylkeskommunen. Kommunedelplan Eikefjord Reg.plan Kyrahola Reg.plan Havreneset Sør Kommunedelplan Rognalsvåg. Kommunedelplan Stavang Kommunedelplan Fanøy. Felles plan Florø barneskole, Docen, Samfunnshuset og evt. sjukehustomta. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld næringsutvikling i kommunen. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld senterutvikling i kommunen. Dette skal byggje på tidligare vedteken senterstruktur. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld kompetanseutvikling i Florasamfunnet.
5.0 Samferdsle og infrastruktur Samferdsle på mange nivå er viktige og tunge saker for kommunen. Desse blir handsama på ulikt vis. Kommunen har per i dag ikkje ein overordna strategi for korleis desse sakene skal handsamast. Difor er det viktig i kommuneplanen sin samfunnsdel å få på plass overordna målsetningar og strategiar for samferdsle og infrastruktur. Med infrastruktur meinas i tillegg til vegar og kollektivrutar også breiband, digitalt kartverk med meir. Gjennom tidligare satsingar og planar ligg det viktige einskild prosjekt som er viktige å få gjennomført. Desse er det gjort framlegg om å gjennomføre som einskild prosjekt/planar i trå med planstrategien. Reg. plan samanbinding RV5 og Havrenesvegen. Følgje opp arbeidet med Kystvegen. Få på plass Florø som sykkelby Overføre parkering i sentrum til Florø Parkering A/S. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld samferdsle i kommunen. Tema er: båt, veg sykkel, parkering og digital infrastruktur. 6.0 Kultur og idrett Det er ikkje gjennomført noen større generelle planarbeider innanfor kultur dei siste åra. Det blir heller ikkje vurdert som naudsynt å gjere dette innanfor kommunestyreperioden. Dei overordna mål og strategiar for kulturen vil bli godt teke i vare gjennom eit godt arbeid innanfor kommuneplanen sin samfunnsdel. I tillegg vil det vere naudsynt å oppdatere planen for idrett og friluftsliv, det må arbeidast med kulturinnar, kreative kulturnæringar, biblioteket og ikkje minst samfunnshuset. Vidareutvikling av samfunnshuset i trå med tidligare vedtak. Gjere grundige registreringar og analysar av kulturminna i kommunen som eit grunnlag for vidare arbeid med kulturminna i kommuneplanarbeidet. Årleg rullere kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, herunder spesielt sjå på tur og turstiar, jmf tiltak i helse og omsorgsplanen. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld kultur, dens eigenverdi og som samfunnsutviklar. Kultur i samband med kreative næringar vil vere viktig i så måte. 7.0 Levekår og folkehelse Innanfor dette feltet er det arbeid svært omfattande og godt dei siste åra i kommunen. Det er således ikkje behov for eit nytt overgripande planarbeid innanfor dette feltet. Det er mange einskildprosjekt som må følgjast opp innafor feltet. Særleg gjeld dette bustadbygging og omsorgsfasilitetar. Levekår og integrering av innvandrarbefolkninga er sentrale tema i kommunen. Det er ved fleire høve sett fokus på dette. Denne satsinga manglar overordna forankring i kommuneplanen sin samfunnsdel. Dette gjelder også barnefattigdom som eit viktig tema. Desse høva er det trong for å gje overordna mål og strategiar i kommuneplanen sin samfunsdel.
Sluttføre arbeidet med Helse, sosial og omsorgsplan Planleggje og gjennomføre Docen 2. Starte arbeidet med å planleggje nye omsorgsplassar. Vidareføre og tilpasse dei overordna måla i Helse, sosial og omsorgsplanen inn i samfunnsdelen. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming når det gjeld integrering av innvandrarbefolkninga og barnefattigdom. 8.0 Kommunen som organisasjon Kommunen som organisasjon har til ei kvar tid fokus på utvikling. Det blir arbeid med utvikling og enkeltplanar innanfor mange områder. Desse er som regel forankra i det årlege handlingsprogrammet. Det er ikkje gjennomført eit større overordna planarbeid/vurdering av organiasjonen dei siste åra. Dette bør gjerast i samband med kommuneplanen sin samfunnsdel. Plan for vassforsyning og avlaup Plan for effektivitsering av anlegg for kommunal tenesteproduksjon Eigarskapsmelding Rullere beredskapsplanverket. Herunder gjere det tilgjengeleg i digital form. Samling av administrative tenester. Forprosjekt brannstasjon Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming for kommunen utvikling av kommunen som organisasjon. 9.0 Samarbeid utanfor kommunen Kommunen har inngått ein rekkje samarbeidsavtalar og er i ferd med å inngå fleire. Dette har vore ein heilt naturleg utvikling dei siste åra. Kommunen må rekne med å ta stilling til ein rekke nye samarbeid i løpet av kort tid. Det er ikkje gjort ein overordna vurderinga/strategisk planlegging av samarbeid. Dette vil vere viktig å gjere i samband med kommuneplanen sin samfunnsdel. Følgje opp interkommunal planstrategi Samarbeid om utvikling av kysten med nabokommunar og fylkeskommunen. Få på plass ein overordna, langsiktige og strategiske tilnærming for kommunen sitt samarbeid, internasjonalt, nasjonalt, regionalt, interkommunalt og med private aktørar.