Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl. 19.00 Til kl. 21.30 Aurland fjellstyret Fjordsenteret 11.6.14 TIL STADES PÅ MØTET Medlemar Erling Nesbø, Bente Steine, May Britt Martinsen, Bjørn Ebne, John Håland. Varamedlemar Ingen Andre Håkon Øydvin, Knut Fredrik Øi, Harald Skjerdal. HANDSAMA SAKER Sak nr./år 25/14, 26/14, 27/14, 28/14, 29/14, 30/14. UNDERSKRIFTER Vi stadfestar med våre underskrifter at blada i møteboka som vi har signert for er førde i samsvar med det som blei fastsett på møtet. UTSKRIFTER Hovudutskrift er sendt til.
Sak 25/14. Referat og meldingar Følgjande meldingssaker vart refererte: 1) Møtebok frå fjellstyremøtet den 13. mai 2) Orientering frå landsmøtet til Norges fjellstyresamband 5.-6. juni Merknad: Fjellstyret ynskjer å delta i prosjekt med siktemål auka fiskekortsal som det vart orientert om på landsmøtet. 3) Drøftingsmøte om prosjektet «forvalting av hjortebestand 2013-17» den 29. mai 4) Jaktlaget for hjort, Nordheimsdalen sone 1, er trekt 5) Kvotevedtak Hardangervidda villreinområde 6) Møte med Statskog SF og eigarar av steinbuer i Stemmerdalen den 27. mai Merknad: Eit referat frå møtet, skrive av Kristin Asdøl Midtmageli i Statskog SF, vart referert. 7) Sakliste til styremøte i villreinutvalet for Nordfjella den 18. juni 8) Utdeling av «Villreinen» til fjellstyremedlemane Sak 26/14. Høyringsuttale frå frå Aurland fjellstyre vedrørande melding om 420 kv-leidning Aurland - Sogndal Saksutgreiing med framlegg til uttale låg føre. Handsaming i møtet: Fjellstyret meiner det må leggjast større vekt på dei negative konsekvensane tiltaket vil få for jakta, særleg på villrein, i byggjeperioden. Eit avsnitt om dette vert teke inn.
Sak 26/14, side 2. Samrøystes vedteken uttale: Syner til utsendt melding om spenningsoppgradering på trasèen Aurland-Sogndal, frå eksisterande 300 kv-leidning til 420 kv-leidning og vil med dette gi ei uttale frå Aurland Fjellstyre. Aurland Fjellstyre forvaltar, jamfør Fjellova, rettar og lunnende i Aurland Nordre Statsallmenning. Eksisterande 300 kv-leidning kryssar Aurland Nordre Statsallmenning med ei leng på om lag 8,7 km, frå Erterhaugvatnet til Middagsnosi/Veslevarden. Ny trase er, jamfør meldinga, omlag like lang. Me ber om at følgjande punkt vert vurdert: 1. Beitedyr I medhald av Fjellova er Aurland Fjellstyre organet for dei beitebrukande i Aurland Nordre Statsallmenning. Ny line, men kanskje mest sjølve anleggsarbeidet, vil potensielt vera negativt/forstyrrande for beitedyr i området. Byggefasen er i meldinga estimert til å pågå i perioden 2017-2019. I tillegg kjem rivinga av den gamle lina. Ein lyt anta at det vil vera stor aktivitet i området i 4 beitesesongar, noko som kan føra til uro hjå beitedyra. Me ber om at Statnett tek omsyn til beiteinteressene i arbeidet med ny line og riving av den gamle. 2. Fjellstyrehytte ved Nedsta Storebotnvatnet Aurland Fjellstyre eig hytta ved Nedsta Storebotnvatnet. Denne ligg 128 meter sørvest for eksisterande line (hyttevegg til næraste fase, jamfør oppmåling på ope møte 03.06.2014). Hytta vart bygd om lag 7 år etter at lina kom etter ei vurdering på at det ville vere akseptabel avstand frå lina. Situasjonen i dag er slik at lina verker sjenerande for brukarane (fiskarar, jegerar, oppsynet samt andre friluftsinteresser). Hytta vert brukt mykje i juli, august og september. Ei ny line på vestsida av den eksisterande vil føra til at lina kjem nærare hytta. NVE, Statskog SF.
Sak 26/14, side 3. Dette vil føra til ytterlegare auka sjenanse, både visuelt, men også knytt til koronastøy og magnetfelt. Me meiner at ny linetrase vert såpass sjenerande at hytta misser sin attraktivitet. Hytta er eit tilbod til ålmenta og ikkje eit profittmaksimerande tiltak. Ny linetrase vil difor gjera at ålmenta misser eit godt tilbod for friluftsliv. Indirekte vil ny line føra til at fjellstyret sitt utleigetilbod knytt til jakt og fiske vert redusert og me kan forventa tap i inntekter knytt til jakt og fiske. Me ber difor om at ny line vert lagd så nær den gamle som teknisk mogleg og at hytta ved Nedsta Storebotnvatnet vert flytta lenger bort frå lina. Alternativt kan me vera med på å diskutera om ny linetrase kan leggjast vest for hytta. 3. Hytte ved Erterhaugvatnet Linehytta (eigar: Statnett) ved Erterhaugvatnet ligg på Aurland Nordre Statsallmenning. I festeavtala med Statskog står det at fjelloppsynet kan nytta hytta. I tillegg har beitebrukarane i området lykel til hytta. Hytta ligg i dag 50 meter frå eksisterande line. Ny line er planlagd vest for eksisterande line og vil i så fall koma veldig nær hytta. Me foreslår at ny line vert vurdert lagt på sørsida av Erterhaugvatnet. Dette vil retta ut lina, i tillegg til at hytta vert mindre eksponert for ny line (båe visuelt, koronastøy og magnetfelt). I tillegg vil dette truleg vera gunstig med tanke på beitekvalitetane i området som er betre på nordsida av vatnet enn på sørsida. 4. Villrein og kulturminne Ny (og gamal) line ligg dels i Nordfjella villreinområde. Området nord for fjellvegen Aurland-Erdal (FV 243) har dei siste tiåra vore bruka av bukkeflokk(ar) sumarstid fram mot jakta, og fostringsflokk(ar) vinterstid (kjelde: NINA Rapport 634). I regional plan Nordfjella (styringsgruppas forslag til plan 06.01.2014) har området nord for RV 243 status som Nasjonalt villreinområde. I Aurland Nordre Statsallmenning er arealet avmerkt som sumarbeite, medan noko areal kring Erdal er avmerkt som vinterbeite. NVE, Statskog SF.
Sak 26/14, side 4. Anleggsverksemd i 4 sesongar vil føra til stor uro for villreinen og gjera området mindre attraktivt. Dette vil få store negative konsekvensar for utøvinga av jakt på villrein i området. Området har til dels mange registrerte kulturminne knytt til villreinfangst, jamfør NINA Rapport 634 og Regional plan Nordfjella. Aurland Fjellstyre ber om at omsyn til både villreinens bruk av området, jakt på villrein, og kulturminna vert lagt stor vekt på i arbeidet vidare i konsekvensutgreiinga for ny line i området. Kjelder: -Nina Rapport 634 Villreinen i Nordfjella -http://www.regionalplannordfjella.no/uploads/2014.01.06%20nordfjella%20planrapport_styringsgruppas%20a nbefaling_1.pdf 5. Elg og hjort Aurland Fjellstyre er jaktrettshavar i Aurland Nordre statsallmenning knytt til elg og hjort. Ny linetrase vil føra til mykje uro i anleggsfasen over fleire sumars- og haustsesongar. Dette vil ha negative verknader for arealbruken til hjort- og elgbestanden i området. Spesielt utslagsgivande vil dette vera for utøvinga av hjortog elgjakta i området og kan føra til at utleigetilbodet hjå fjellstyre av elg- og hjortejakt vert mindre attraktivt for jegerar. Dette vil vere negativt økonomisk for Aurland Fjellstyre. Me ber om at det vert teke omsyn til elg- og hjortebestanden i anleggsfasen. 6. Småvilt Aurland Fjellstyre er jaktrettshavar i Aurland Nordre statsallmenning knytt til småvilt. I området er det jaktbare bestandar av fleire fugleartar. Kraftliner er dokumentert å ha negative effektar på fugl. Me kjenner til at kraftliner potensielt kan syta for dødelegheit for rype tilsvarande jaktuttaket. Me ber om at det vert teke omsyn til dette i prosessen med ny line. NVE, Statskog SF.
Sak 27/14. Samjaktavtalen for Nordfjella Saksutgreiing låg føre. Handsaming i møtet: Det var ikkje stemning for å melda Aurland statsallmenning inn att i samjaktavtalen for Nordfjella for 2014, med dei vilkåra som ligg i denne no. Fjellstyret viser til at me har ein god samjaktavtale mellom statsallmenning og private felt i Aurland, noko som bidreg til å gje ei god avskyting av rein i kommunen. Aurland statsallmenning vert ikkje meld inn att i samjaktavtalen for Nordfjella for jakta 2014. Sak 28/14. Broksfjellet statsallmenning reinsjakta 2014 Saksutgreiing låg føre. Handsaming i møtet. Som eit tillegg til det som låg føre som framlegg til vedtak, vil fjellstyret ha med at ein ser positivt på at fellingsløyva for Broksfjellet kan nyttast innan andre vald/kommunar på Hardangervidda. Fjelloppsynet får fullmakt til å ordna eventuelle formalitetar i samband med dette Fjellstyret vil arbeida for å få til ein samjaktavtale mellom HA 28 A Broksfjellet og dei andre valda i Aurland som høyrer til Hardangervidda villreinområde for jakta 2014. Det er lite aktuelt i år å få til overgangsavtalar til vald meir sentralt på Hardangervidda for jakta i år, for fellingsløyva som vert tildelte HA 28 A. Fjellstyret ser likevel positivt på at fellingsløyva for Broksfjellet kan nyttast innan andre vald/kommunar på Hardangervidda gjennom eigne initiativ frå jegerane. Fjelloppsynet får fullmakt til å ordna eventuelle formalitetar i samband med dette
Sak 29/14. Plan for fiskeutsetjinga i statsallmenningen i 2014 Saksutgreiing med framlegg til utsetjingsplan låg føre. Fiskeutsetjinga i Aurland statsallmenning for 2014 vert i samsvar med den framlagde utsetjingsplanen. Det vert tinga 7800 setjefisk frå Aurland Setjefisk SA. Sak 30/14. Trekking av fellingsløyva for villrein Saksutgreiing låg føre. Handsaming i møtet: Det vart gjort ei endring i høve til det som var skissert i saksutgreiinga; Trekkinga begynte med at det med hjelp av excel-program vart trekt ei nummerert søkjarliste, som ein gjekk ut frå i den vidare prosedyren. Trekkinga vert gjort i samsvar med den prosedyren som er skissert i saksutgreiinga med den endringa som det vert vist til ovanfor - etter at følgjande tilhøve er vurderte og avklarte: - Kalvekorta vert tildelt for seg. - Så langt som råd vil fjellstyret unngå tildeling av kalvekort to år på rad til same søkjar, fjellstyret er likevel merksame på at det vil bli vanskeleg å gjennomføra ved tildeling på varamannslista. - Ved tildelinga av Broksfjellkorta vert det nytta varamannsliste.