KURSKALENDER 2 14
Velkommen til kurs. I alle år har vi sendt ut fleire hundre kilo med kurskatalogar. Det har gått mykje papir og trykksverte og det har kosta mykje i porto. Nå prøvar vi ein lettare variant. Du sit nå med ein oversiktskalender. For å vite meir om kursa må du klikke deg inn på heimesida vår. Her vil du finne mykje informasjon om kurset og sjølvsagt mykje meir enn ein kunne få plass til i kurskatalogen. Vi håper at dette ikkje byr på problem for deg. Dersom du ikkje har høve til å bruke nettet kan du ringe eller skrive til oss og vi sender deg utførleg informasjon om det kurset du er interessert i. I år er det ca 60 tilbod og mange nye kurs. Kva med å brygge ditt eige øl, lage eigne spekepølser eller lage eigen spesiell konfekt. Hugsar du nasjonal strikkekveld i haust? Det var nok fleire enn eg som fekk lyst til å spinne eige garn og deretter strikke meg eit plagg. Vi arrangerar spinnekurs i november, meld deg på! For meir avansert handstrikking er det eit kurs i strikketeknikkar frå Estland. Det foregår i veke 30. Same veka er det kurs i plantefarging av ullgarn og kurs i vikingteknikken nålebinding. Alle kjenner til problemet med sløve knivar og sakser. I veke 29 kan du gå på kurs for å lære å slipe, og ikkje berre knivar, men all slag skjereverktøy så som dreiejern, tappjern og treskjerarjern. På dei neste sidene finn du oversikt over kurstilboda våre. Fleire opplysingar om kursa finn på heimesida: www.raulandsakademiet.no Velkommen til kurs i 2014. Beste helsing, Ann Mari Jore Les meir på www.raulandsakademiet.no
Kurs/emne Lærar Dato Pris Veke 26 Figurskjering Harley Refsal 23.6-29.6 5 500,- Skinnfell Britt Solheim 23.6-29.6 5 200,- Sølv filigran Gunnhild Astri Evju 23.6-29.6 5 200,- Lafting med rundtømmer Ottar og Olav Romtveit 23.6-5.7 9 600,- Aktivitetsveka for barn (sjå baksida) fleire lærarar 24.6-28.6 1 950,- Skrivekurs for besteforeldre Kjersti Wold 26.6-29.6 3 900,- Veke 27 Tægerbinding Signe Irene Berg 30.6-6.7 5 200,- Landskapsmåling, olje, akryl Kjersti Eliassen 30.6-6.7 5 200,- Biletvev Anne Gro Johansen 30.6-6.7 5 200,- Sølvarbeid grunnkurs Anne Synnøve Berglund 30.6-6.7 5 800,- Knipling Anne Sigurdardotir 30.6-6.7 5 200,- Rosemåling Vivian Grieg Teisner 30.6-6.7 5 200,- Figurskjering, intensivkurs Harley Refsal 30.6-3.7 3 700,- Kinesisk blekkteikning NY Claus Christiansen 3.7-6.7 3 500,- Tatersløyd Glenn Frode Pedersen 3.7-6.7 3 500,- Veke 28 Kniv, frå smiing til ferdig kniv NY Morten Håkonsen 7.7-13.7 5 200,- Treskjering dragestil Rune Hjelen 7.7-13.7 5 200,- Maskinstrikking grunnkurs Maria Valsdottir 7.7-13.7 5 200,- Veving med frie mønstringar NY Åse Eriksen 7.7-13.7 5 400,- Sølvsmykke, påbygging, fleire teknikkar NY Anne Synnøve Berglund 7.7-13.7 5 800,- Toving, filting Toril Vestad 7.7-13.7 5 200,- Lafting med rundtømmer 2 Ottar og Olav Romtveit 7.7-19.7 9 600,- Garving av fiskeskinn NY Grethe Hellersøy 7.7-10.7 3 500,- Skrivkurs Kjersti Wold 10.7-13.7 3 900,- Ølbrygging NY Halvard Eik 12.7. 1 600,- Følg oss på facebook: facebook.com/raulandsakademiet
Kurs/emne Lærar Dato Pris Veke 29 Tredreiing Rune Hjelen 14.7-20.7 5 200,- Design, mønsterkonstruksjon Veronika Glitsch 14.7-20.7 5 200,- og saum av klede Kniv med sølvbeslag, laurdagskniv Morten Håkonsen 14.7-20.7 5 200,- Tresløyd, kistemaking med tradisjonelle Ola Svensson 14.7-20.7 5 200,- teknikkar NY Sjokolade, konfekt og kakepynt NY Torbjørn Vågsland 14.7-17-7 3 500,- Skrivekurs, påbygging NY Kjersti Wold 14.7-17.7 3 900,- Sliping av skjereverktøy NY Per Sandvik 17.7-20.7 3 500,- Orientalsk mat NY Susan Chung 17.7-20.7 3 500,- Veke 30 Møbeltapetsering Erik Melcher 21.7-27.7 5 200,- Sy barneklede NY Marie B. Låte 21.7-27.7 5 200,- Redesign og omsaum av klede Veronika Glitsch 21.7-27.7 5 200,- Steinsliping, fatting Birgith Hestangen 21.7-27.7 5 200,- Teikning NY Vigdis Bitustøyl Jacobsen 21.7-27.7 5 200,- Bokbinding Lisa Bøthun 21.7-27.7 5 200,- Fat og boksar i never, sveiping og fletting NY Ola Svensson 21.7-27.7 5 200,- Foto, ta betre bilete NY Dagfinn Krisiansen 21.7-24.7 3 500,- Strikketeknikkar frå Estland og Latvia NY Anne Marie Nielsen 21.7-24.7 3 500,- Plantefarging Berit Knai Johansen 24.7-27.7 3 500,- Nålebinding NY Anne Marie Nielsen 24.7-27.7 3 500,- Les meir på www.raulandsakademiet.no
Kurs/emne Lærar Dato Pris Veke 42 Plukkeband/bunadsband Eli Vesaas 16.10-19.10 3 500,- Småting i sauskinn Britt Solheim 16.10-19.10 3 500,- Lag gode spekepølser NY Bodil Nordjore 16.10-19.10 4 200,- Kalligrafi Borghild Telnes 16.10-19.10 3 500,- Baking i steinomn, bakemetodar, Øystein Løvlie 16.10-19.10 3 900,- kornsortar, næringsinnhald Gravering på sølvbeslag, kniv NY Rolf Bauge 16.10-19.10 3 900,- Veke 44 Knivkurs, påbygging "2 brødre" Morten Håkonsen 27.10-2.11 5 200,- Baking i steinomn, bakemetodar, Øystein Løvlie 30.10-2.11 3 900,- kornsortar, næringsinnhald Rosemåling, helgekurs Vivian Grieg Teisner 30.10-2.11 3 500,- Jolemat, tradisjonelle rettar Bodil Nordjore 30.10-2.11 4 200,- Maskinstrikking, sokkar, vottar, luer Maria Valsdottir 30.10-2.11 3 500,- Veke 46 Spinning av ull Harriet Beisland 13.11-16.11 3 500,- Brikkeveving Sonja Berlin 13.11-16.11 3 900,- Jolebakst med Bodil Bodil Nordjore 13.11-16.11 4 200,- Kveding Unni Boksasp 13.11-16.11 3 500,- Lapping av tekstiler NY Marie B. Låte 13.11-16.11 3 500,- Knivkurs for nybyrjarar Morten Håkonsen 13.11-16.11 3 500,- Følg oss på facebook: facebook.com/raulandsakademiet
Nyttig informasjon. Kven kan melde seg på kurs? Kursa er opne for alle over 14 år. Most courses are open for English speakers Nearly all our teachers understand and speak English. To be certain about the course language, please contact us. If nothing else is mentioned in the course description, the teaching language is Norwegian. Totak, båttur på Møsvatn, fisking, padling eller ridetur eller du kan vitje ei av kunstutstillingane i distriktet. Sjå oversikt over fritidsaktivitetar og forslag til turar på vår heimeside. Gåvekort Jolegåve eller fødselsdagsgåve. Å få eit kurs i gåve er populært. Ta kontakt med oss, gje oss namn på den heldige, kor gåvekortet skal sendast og kven som skal betale. For information about the courses, please look at our homepage www.raulandsakademiet.no. Fritidsaktivitetar Det er undervising fram til kl 16. Etterpå kan du arbeide vidare på verkstaden eller nytte tida til andre fritidsaktivitetar; Tur i fjellet, bading i Tips ein ven Kjenner du nokon som du trur ville seta pris på å få ein kurskatalog? Ring oss eller send oss ei melding med namn og adresse, så sender vi katalogen i posten. VELKOMMEN TIL NOREGS STØRSTE KURSSENTER FOR HUSFLID OG HANDVERK. Kursa på Raulandsakademiet blir arrangera i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Fleire kurs går parallelt slik at ektefelle eller vener kan gå på kvart sitt kurs samstundes. I år er det om lag 60 kurs å velje mellom. På heimesida vår finn du informasjon om kursa. Klikk deg inn på www.raulandsakademiet.no ER DU INTERESSERT I Å TA HØGARE UTDANNING I HUSFLID OG HANDVERK? Bachelor grad og mastergrad. Institutt for Folkekultur, Rauland, tilbyr utdanning i tre, metall, tekstil og folkemusikk. Sjå meir informasjon om studia på Høgskolen i Telemark si heimeside: www.hit.no/nor/hit/studiestedene/studiestad-rauland Les meir på www.raulandsakademiet.no
Slik melder du deg på kurs Du melder deg på ved å sende inn påmelding, brev eller e-post. Du finn påmeldingsskjema på heimesida vår. Det er bindande påmelding. Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Dei mest populære kursa blir fort fulle. Påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar tek vi mot påmelding fram til kursstart. 10% rabatt på kursavgifta? 1. Meld deg inn i Rauland Husflidslag. www.husflid.no/husflid/abcmedlem/ innmelding då blir du samstundes medlem i Noregs Husflidslag og får bladet Norsk Husflid tilsendt 5 gongar i året. 2. Alle som melder seg på kurs før 1. mars får 10% rabatt på kursavgifta Kva dekker kursavgifta? Kursavgifta dekker kurs og verkstad. På nokre kurs må du rekne materialkostnader. Overnatting og mat Du får kost og losji på Raulandsakademiet. Så sant det er plass, er det høve for familiemedlemmer og andre å leige seg inn. Overnattingsdelen på Raulandsakademiet er pussa opp og det er dusj og toalett på alle rom. Raulandsakademiet er open for overnatting heile året. Raulandakademiet er medlem i Norske Vandrerhjem. Opphald og mat kostar kr 850.- per døger for kursdeltakarar. Det blir servert 4 måltid per dag. Avmelding Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg så fort som mogeleg. Send brev eller e-post. Avmeldingsgebyr er kr 850.- Avmeldingsfrist er fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Følg oss på facebook: facebook.com/raulandsakademiet
B Returadresse: Raulandsakademiet AS, Akademiet 2, 3864 Rauland Akt ivi t e t sve k a på Raula nd Ta med besteforeldre på kurs! I juli 2013 arrangerte vi for fyrste gong aktivitetsveka på Rauland. Det blei eit svært vellukka arrangement. 39 ungar meldte seg. Veret var strålande heile veka, og vi hadde råka godt med val av aktivitetar. I år blir aktivitetsveka frå 24. til 28. juni og aktivitetane blir tilrettelagt for barn mellom 9 og 14 år. Samstundes med aktivitetsveka arrangerar vi kurset Skrivekurs for besteforeldre. Om ikkje skrivekurs passar kan det kanskje passe med figurskjering, skinnfellkurs eller sølvsmedkurs. Eller kanskje lafting? Vi håper dette kan fylle eit behov for besteforeldre som ynskjer å gjera noko saman med barnebarn. De reiser bort saman, har kurs og aktivitetar om dagen og brukar kveldane til å spele spel, diskutere og mimre over det som har skjedd om dagen. Fylg med på heimesida vår www.raulandsakademiet.no Miljømerket trykksak 241 749 Erik Tanche Nilssen AS