Heidi E. Ørjansen Fra: fmhopostmottak@fylkesmannen.no Sendt: 21. juli 201710:42 Til: heidi.orjansen@geoplan.no Kopi: postkasse@fusa.kommune.no Emne: Uttale til oppstartsmelding - Fusa - Gnr 24 bnr 2 - Lambanesheiane - 6 einebustader m m - Detaljregulering Geoplan AS Bergen 21. juli 2017 Vår ref: 17/8719 Dykkar ref: Uttale til oppstartsmelding - Detaljplan for seks bustader på gnr. 24 bnr. 2 på Lambanesheiane, Fusa Vi viser til varsla planarbeid. Det går ikkje tydeleg fram av oppstartsvarslet kor stort avviket er mellom detaljplan og kommuneplan; det vil seie kor stor overlapping er det mellom detaljplan og kommuneplan når det gjeld avsett bustadområde? Fylkesmannen er open for at det kan vere hensiktsmessig med ei flytting av bustadområdet i kommuneplanen, men det føreset at avsett bustadområde i kommuneplanen blir ein del av denne detaljplanen og då regulert til LNF-føremål eller eit anna grønt føremål. Skulle det arealet som er omfatta av bustadområdet frå kommuneplanen ikkje bli med i denne detaljplanen, vil det ikkje vere grunnlag for nytt bustadareal slik varsla. I planarbeidet vil omsynet til barn og interesser vere viktig, og då særleg ved å sikre gode leike- og uteareal. Planen må vurderast opp i mott 8-12 i naturmangfaldlova. Med venleg helsing Morten Sageidet seniorrådgjevar Fylkesmannen i Hordaland kommunal og samfunnsplanavdelinga tlf: +4755572057 www.fylkesmannen.no/hordaland Abonner på nyhende frå Fylkesmannen Send melding til Fylkesmannen 1
Geoplan AS Postboks 95 5601 NORHEIMSUND Heidi E. Ørjansen Behandlande eining: Sakshandsamar/telefon: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region vest Kari Veseth Kinden / 56520261 17/103357-2 12.07.2017 Statens vegvesen sin uttale - oppstart av detaljregulering for Lambanesheiane - Gnr. 24 bnr. 2 - Eikelandsosen i Fusa kommune Viser til oversending mottatt 04.07.17, vedkommande oppstart av detaljreguleringsplan for Lambanesheiane i Fusa kommune. Føremålet med planen er å legge til rette for 6 einebustadtomter med tilhøyrande infrastruktur og grøntareal. Frist for uttale er sett til 18.08.17. Statens vegvesen har ansvar for å sjå til at føringane i Nasjonal transportplan (NTP), statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal og transportplanlegging, vegnormalane og andre nasjonale og regionale arealpolitiske føringar vert ivaretekne i planlegginga. Vi uttalar oss som forvaltar av riksveg på vegne av staten, forvaltar av fylkesveg på vegne av fylkeskommunen, og som statleg fagstyresmakt med sektoransvar på transportområdet. Statens vegvesen har fylgjande merknader til oppstartsmeldinga: Planområdet ligg langs fv. 552. Denne er i «Rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser langs riks- og fylkesveg i Region vest» definert som klasse 2 med byggegrense på 50 meter frå midtlinje veg. Deler av planområdet ligg, i fylgje våre støykart, i gul støysone. Dette må takast omsyn til i den vidare planlegginga. Statens vegvesen har ingen vidare merknader til oppstartsmeldinga, men tek atterhald om å komma med merknader under det offentlege ettersynet. Postadresse Telefon: 22 07 30 00 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Flyplassvegen Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 5705 VOSS Regnskap Postboks 43 Postboks 702 6861 LEIKANGER Org.nr: 971032081 9815 Vadsø
2 Med helsing Carl- Erik Nielsen Seksjonsleiar Kinden Kari Veseth Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar. Kopi Fusa kommune, Postboks 24, 5649 EIKELANDSOSEN Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 BERGEN Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN
Geoplan as Pb 95 5601 NORHEIMSUND Vår dato: 12.07.2017 Vår ref.: 201704589-2 Arkiv: 323 Dykkar dato: 04.07.2017 Dykkar ref.: Heidi E. Ørjansen Sakshandsamar: Toralf Otnes 1 Innspel til varsel om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan Lambanesheiane - Fusa kommune Vi syner til brev datert 04.07.2017. Saka gjeld varsel om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan Lambanesheiane i Fusa kommune. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for 6 einebustadtomter. Planområdet er til dels bratt. Skredfare bør difor vere eit viktig tema i arbeidet med ROS analyse. NVE har utarbeidd ei prosedyreskildring for identifisering, vurdering og kartlegging av skredfare i bratt terreng ved utarbeiding av arealplanar. Vi oppmodar om å nytte prosedyren så langt som det er naudsynt for å avklare skredfaren i området. Til prosedyreskildringa er det kopla to rapportmalar som kan nyttast i arbeidet. Med helsing Siss-May Edvardsen fung. regionsjef Toralf Otnes senioringeniør Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar. Kopi til: Fusa kommune E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvegen. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen Postboks 2124 Postboks 4223 0301 OSLO 7075 TILLER 8514 NARVIK 3103 TØNSBERG 6800 FØRDE 2307 HAMAR