Mandat og klarsignal for utarbeiding av ein samla strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling for Helse Møre og Romsdal HF for perioden 2017-2022 Ansvarleg klinikksjef/ stabsdirektør (sjef) Eventuelt saksansvarleg/saksbehandler Saksnr./ ephorte Vedlegg Fremsatt for adm. dir. Jo-Åsmund Lund Berit K. Teige, forskingssjef/seksjonsleiar FoU Guro Berge, forskingsrådgjevar HMR 2 vedlegg: 1) FU-sak 2016-23 2) Referat FU-møte av 30.11.16 Må føres inn av Jo-Åsmund 1. Kort om grunnlag og føremål: Det søkes med dette om godkjenning for å starte arbeidet med å utarbeide ein samla strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling i Helse Møre og Romsdal HF (HMR). Dette med bakgrunn i føreliggande regionale strategiplaner for dei respektive områda. Sjå fleire detaljar i sak til Forskingsutvalet i HMR 30. november 2016 i vedlegg 1. 2. Situasjonsbeskriving: Alle sjukehus i Norge er pålagde å drive forsking, pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasient og pårørande. Innovasjon er ikkje pålagt på same vis, men inngår som del av Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) sin forskingsstrategi frå 2006. Helse Midt-Norge RHF (HMN) har utarbeidd tre strategidokument: Strategi for forsking 2016-2010 Strategi for Innovasjon 2016-2020 Strategi og handlingsplan for utdanning og kompetanseutvikling 2015-2020 HMN sine strategiplaner er per dato også HMR sine overordna styringsdokument for dei fire sentrale fagområda i åra framover. Per dato har ikkje HMR utarbeidd eigne strategi- og handlingsplanar for dei nemnde områda. Ei heller har HMR utarbeidd planar for korleis tilpasse dei regionale planane til føretaket sine drifts- og ambisjonsmål. For å møte framtida sine mange utfordringar er det viktig at slike planar kjem på plass, og at desse vert tilpassa planarbeidet som elles er under utvikling (sjå fleire detaljar under). 3. Prosjektorganisasjon: 1. Leiargruppa i HMR blir styringsgruppe for prosjektet/planarbeidet. 1
2. Det vert sett ned eit eige sekretariat som blir leia av fagdirektøren (eventuelt i samarbeid med HR-direktøren). Sekretærar for gruppa blir: Forskingssjef Berit K. Teige Therese Istad, koordinator forskingssekretariatet Guro Berge, forskingsrådgjevar/postdoktor (Guro har mellom anna fått ansvaret for oppfølging av alle ph.d-studentane i HMR. Ho undervisar fleire ph.d-kurs og leiar også ph.d-utdanninga på eit av institutta ved NTNU)). 3. Det blir utnemnt fire arbeidsgrupper - alle med leiar/nestleiar og klinikkdeltaking. Grunnen til at ein ønskjer både leiar og nestleiar er for å sikre framdrift i arbeidet. Arbeidsgruppene er: a. Forsking inklusive forskarutdanning på ph.d-/postdoktornivå b. Innovasjon (teknologiinnovasjon/tenesteinnovasjon) c. Utdanning - studiepoenggivande på BA, MA-nivå som også inkluderer spes. sjukepleieutdanningane. (Her føreset ein at stab stiller med ein rep frå fag og ein frå HR + klinikkdeltaking) d. Kompetanseutvikling (ikkje studiepoenggivande; etterutdanning/ vidareutdanning som ikkje gir studiepoeng - medrekna den nye LISlegeutdanninga som skal implementerast frå hausten 2017). Viktig med representasjon frå fag og HR + klinikk Brukarrepresentant: Ein føreset at brukarutvalet nemner ut ein representant til å være med i prosessen. Leiargruppa kjem med forslag til kor i prosjektorganisasjonen vedkomande kan fasast inn. Tillitsvaltrepresentant: Det blir opp til leiargruppa å vurdere om arbeidet skal ha deltaking frå tillitsvalt-apparatet i HMR, og eventuelt med forslag korleis ein tenkjer seg involvering i arbeidet. Prosess: Sekretariat pluss medlemane i dei fire arbeidsgruppene får saman i oppdrag å utarbeide fordeling av arbeidsoppgåver samt milepælar for arbeidet etter gitt mandat (sjå forslag til mandat under). Det bør leggast opp til felles dialogmøter med representantar for dei fire gruppene (maks to utvalde medlemar frå kvar gruppe). Dialogmøte med klinikksjefane for innspel om deira ønske i høve planarbeidet Møte med NTNU/St. Olavs/Helse Nord-Trøndelag om korleis ein kan samarbeide på eit regionalt, overordna plan Møte med lokalt Samarbeidsorgan for Møre og Romsdal (HiVolda, HiMolde, NTNU Ålesund, Fylkeskommunen, Kommunesektoren) 2
Brukarutvalet i Møre og Romsdal Samhandlingsutvalet Kvalitetsutvalet Alternativ metodikk: Ein kallar inn både klinikksjefar og representantar frå andre sentrale samarbeidspartar til ein felles work-shop (denne metodikken brukt på regionalt nivå i forkant av strategiplanarbeidet). 4. Konsekvensvurdering: Som presisert over, ligg det per dato ikkje føre nokon oppdatert strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling for HMR som byggjer på dei regionale planane. Det er viktig og vesentleg at føretaket får på plass slike planar eventuelt ein samordna plan for dei fire hovudområda som nemnt over, og at desse/denne vert sett i samanheng med Strategi 2030, HMR sin varsla utviklingsplan (2018-2021), årleg oppdragsdokument frå Helseministeren samt andre nasjonale, regionale og lokale strategiar og fagplaner. Ikkje minst er det viktig å sjå ein samla strategi i relasjon til den store omorganiseringa i føretaket og tiltaket Kontinuerlig forbetring. 5. Analyse: HMR sin overordna visjon er: På lag med deg for helsa di. For å leve opp til visjonen - og ikkje minst være eit føretak som set pasienten og kvalitet av pasienttenester i sentrum er det viktig å ha fokus på: - rekruttering og det å kunne utvikle og halde på kritisk kompetanse - tiltak og ambisjonar som tiltrekker seg framtidas pasientar (ikkje gitt at pasientar i framtida vil velje HMR) For å nå slike mål er det avgjerande å ha gode og målretta styringsdokument. Ein eigen strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling vil derfor være kritisk for at HMR skal kunne bygge eit pasienttilbod som både er attraktivt og har eit kvalitetsstempel føretaket kan være stolt av. For å nå slike mål bør dei ulike områda sjåast i samanheng. 6. Gjennomføring: Arbeidet med å utvikle ein samla strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling for HMR skal vere sluttført i september/oktober 2017. Tabell 1: Gjennomføring og ansvarsplassering for arbeidet med å utvikle ein strategi og handlingsplan for forsking, innovasjon og utdanning/kompetanseutvikling for Helse Møre og Romsdal HF. Aktivitet Tid Ansvarleg Kostnad Konstituering/oppstart arbeidet Feb 2017 Fagdirektør/BKTeige Del daglig ansvar Gjennomføre dialogmøter Feb-juni Sekretariat + Del daglig arbeid arbeidsgrupper Første utkast plan Medio juni Sekretariat Del daglig arbeid 3
Utkast på høring Primo juni primo Arb.gr Del daglig arbeid august Sak styret HMR September/oktober Fagdirektøren Del daglig arbeid 7. Finansiering: Medlemmane i arbeidsgruppene gjer arbeidet som del av sitt daglege ansvar. Det kan være at ein må betale brukarrepresentanten sine eventuelle reiseutgifter. I så måte blir denne summen belasta FoU-seksjonen sitt reisebudsjett. 8. Plan for evaluering: Fagdirektøren vil saman med sekretariat og arbeidsgruppene og styringsgruppa gjere ei intern evaluering av arbeidet når dette er sluttført. 9. Tilråding: Utgangspunkt for at denne saka blir fremja for leiargruppa i HMR er ankra i FU-sak 2016-23 av 30. november 2016 (vedlegg 1). Der kom FU-utvalet med følgjande tilråding: Vedtak: 1. FU støttar forslaget til mandat og framdriftsplan for utarbeiding av strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon og utdanning/kompetanseutvikling. 2. FU ved medlemma Kjell Erik Strømskag og Ole Lorvik anbefaler at fagdirektøren og tillitsvald blir med i arbeidsgruppa og at HR-direktør erstatter personalsjef i same gruppe. Vidare vil dei to medlemane at FU blir referansegruppe/ressursgruppe for arbeidet og at FU blir fortløpande orientert via email om arbeidet i arbeidsgruppa. 3. Saka blir sendt til leiargruppa i HMR for orientering og endeleg vedtak. 10. Framlegg til avgjerd: Fagdirektøren har det overordna ansvaret for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling i HMR. Det er innleia tett samarbeid med HR-avdelinga på fleire område innan dei definerte ansvarsområda Fagdirektøren har også eige Forskingsutval (FU) som handsamar/gir råd i saker som vedkjem forsking. Fagdirektøren ønskjer at FU skal være sentral medspelar i arbeidet og då spesielt uttale seg i høve forsking og innovasjon. Med bakgrunn i momenta over ber fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal leiargruppa om: 1. Å få sette i gong arbeidet med å utvikle delplanar som skal ende opp i ein samla strategiog handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling for HMR. 2. Vidare ber fagdirektøren om følgjande mandat for arbeidet: Strategien med handlingsplanar skal være vegvisar for utvikling av kvalitativt gode helsetenester for befolkninga i regionen Planarbeidet skal angi prioriteringar og satsingsområde for dei fire områda forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling i HMR 4
Strategien med handlingsplanar skal byggje på dei nasjonale, regionale og lokale planar og strategiar som elles er skrivne I arbeidet med den samla strategi- og handlingsplanen skal ein sjå spesielt på korleis stabsavdelingane på eit overordna nivå kan hjelpe klinikkane med å organisere og bygge opp forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling på ein god måte (del av OU-prosjektet). Strategi- og handlingsplanen skal angi retning på rekruttering, det å behalde og utvikle arbeidskrafta i føretaket medrekna den nye LIS-legeutdanninga og spesialsjukepleieutdanningane (som mest truleg blir fasa inn som del av masterløp frå hausten 2017). Den samla strategi- og handlingsplanen skal gi råd om korleis ein kan «rigge» utvalsstrukturen i framtida om ein skal fortsetje med Forskingsutvalet eller om ein skal tenkje seg ein ny modell der fokus er å sjå forsking, innovasjon og utdanning/kompetanse i eit felles perspektiv. I mandatet ligg det at fagdirektøren også skal fremje forslag om leiing og deltaking i eit eventuelt nytt utval. 3. Fagdirektøren rår til at FU blir sentral høringsinstans for planarbeidet og då spesielt mot områda forsking og innovasjon. 11. Avgjerd: Godkjent: Dato: / - Adm. dir. Signatur 5