Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Like dokumenter
Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide - formannskapssalen Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide - formannskapssalen Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Møteinnkalling. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Oppmøte på møterom servicetorg, i same fløy som organisasjonane held til.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Olaf Sigurd Gundersen SP Oddrun Undheim Slagstad SP

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Formannskapssal VEST Dato Tid Kl.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

BREMAN GER KOMMUNE Sakspapir

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Livsløpsutvalet Råd for funksjonshemma Eldrerådet Formannskapet Kommunestyret

SULA KOMMUNE Kommunestyret

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og ventelister

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete Marit Veka Maraas Vigdis Røen Leirvik. Leiar Nestleiar

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Bård Dalen Arkivsaknr: 2016/ /2017 Arkiv: H12. Utvalsaksnr Utval Møtedato 31/17 Formannskapet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 12:00-14:00

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Innkalling til Flora eldreråd

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

M Ø T E P R O T O K O L L. for KONTROLLUTVALET I VÅGSØY KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Forslag til forskrift

Hornindal kommune. Innkalling. Sakliste. Utval: Utval for Oppvekst og Helse Møtestad: Smia Dato: Tid: Kl. 14:00-16:00

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

Forfall vert å melda til kundetorget på tlf , som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling.

Austevoll kommune. Møteprotokoll Eldrerådet

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad Formannskapssal AUST Dato Tid Kl. 12:15-13:40

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

MØTEPROTOKOLL. Utval: Råd for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Voldsfjorden, Volda rådhus Dato:

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Orienteringssaka om velferdsteknologi vil bli behandla i lag med rådet for funksjonshemma.

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Sigrunn Lundestad Arnfinn Ommedal (på deler av møtet) Hans Myklebust Arnfinn Brekke

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Merk deg møtestaden! Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL. Medlem. Leiar sentralkjøkkenet på omsorgssenteret SAKLISTE. Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Transkript:

Gloppen kommune Møtebok Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato 03.04.2017 Tid Kl. 13:00-15:20 Følgjande medlemar møtte Ivar Halland Frå Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Katrine Anita Heggelund SV Magni Aa Berge SP Bernt Reed SP Majken G. Rygg Else Tystad Nils E. Eimhjellen Andre som møtte Anita Lothe, helse- og omsorgssjef i sak 10-15/17 Åslaug Haugset, sekretær Møteleiar: Ivar Halland Underskrift: Ivar Halland

Sakliste Sak nr. Sakstittel 008/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 009/17 Referat og orienteringssaker 010/17 Sluttrapport frå prosjektet forebyggande heimebesøk 011/17 Kommunal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med bemanning gjennom heile døgnet - høyring 012/17 Omdisponering av ressursar frå dagtilbod til reinhald i Breim heimeteneste - utprøving i eit år 013/17 Planprogram for helse og omsorgsplan 2018-2030 014/17 Tverrsektorielt team - evaluering 015/17 Endringar i hjelpemiddelformidlinga på høyring Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3828 Saksbehandlar: Anvor Hauge Saksnr. Utval Møtedato 008/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 13.02.2017 Protokoll - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne - 13.02.2017 Utvalsleiar si tilråding: 1. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner møteprotokollen frå sitt møte den 13. februar 2017 2. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner innkallinga og saklista til dette møtet. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Det vart ytra ynskje om at alle vara skal få informasjon om at sakspapira lagt ut, slik at det er lettare å følgje med på det som går føre seg i rådet. RAD- 008/17 Vedtak 1. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner møteprotokollen frå sitt møte den 13. februar 2017 2. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner innkallinga og saklista til dette møtet, og ber om at alle vararepresentantane i framtida skal få påminning på e-post til liks med dei andre representantane i rådet. Side 3

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/4543 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 009/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Referatsaker Tittel Talerett for råda i kommunestyret Avsendar/mottakar EldrerådetLeidulf GloppestadRådet for menneske med nedsett funksjonsevneungdomsrådet Orienteringssaker: Om framdrifta i arbeidet med plan for samordning av tenester til barn og unge. Ordet fritt... Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Rådgjevar Åslaug Haugset orienterte kort om framdrifta i arbeidet med "Plan for samordning av teneste til barn og unge". RAD- 009/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4

Gloppen kommune Arkiv: FA - F21, HIST - 15/1300 JournalpostID: 17/4028 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 013/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 008/17 Eldrerådet 03.04.2017 010/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Sluttrapport frå prosjektet forebyggande heimebesøk Vedlegg i saka: 14.03.2017 Sluttrapport forebyggande heimebesøk Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I helse- og omsorgssektoren i Gloppen kommune har vi gjennomført prosjektet oppstart av forebyggande heimebesøk. Vi har motteke tilskot til prosjektet frå fylkesmannen og helsedirektoratet. Denne saka er ei orientering og sluttrapport frå prosjektet. Innhald og erfaringar frå prosjektet Hovedmålet med prosjektet var å kome i gang med tenesta forebyggande heimebesøk. Vi har etablert tenesta, gjort oss erfaringar og tilpassa organiseringa vår eigen organisasjon. Prosjektet har gått som planlagt. Vi har innhenta erfaringar frå organisering av forebyggande heimebesøk andre stader gjennom rapportar o.a. Vi har gjort oss erfaring med både indviduelle besøk og gruppetilbod. Tilbodet er organisert etter konseptet lærings- og meistringstilbod og vi har hatt med brukarrepresentantar i prosjektet. Dette har vore svært positivt for prosjektet. Vi har gjennomført forebyggande heimebesøk i heile kommunen som gruppesamlingar og i tillegg individuelle besøk i eit geografisk område. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå dei som har delteke. Tilbodet er evaluert som nyttig. I prosjektgruppa har vi evaluert arbeidet kontinuerlig og justert opplegget undervegs i perioden. Det er laga materiale i form av invitasjonar, presentasjonar og innhald til seinar bruk i gruppesamlingar og individuelle besøk. Ansvaret for vidareføring av forebyggande heimebesøk er plassert. Vi har ikkje ekstra midlar å bruke i samband med forebyggande heimebesøk, slik at oppgåva må løysast innanfor dei gjeldande rammene vi har tilgjengelege. Einingsleiarane i dei ulike heimetenesteområda Sandane, Breim og Hyen har hovudansvaret i sitt geografiske område i samarbeid med andre aktuelle tilsette i sektoren. Vi planlegg samlingar anna kvart kvart år med oppstart i 2018. Vi skal då arrangere informasjonsmøter/helsestasjon for eldre. Dette vert gruppesamlingar der to årskull vert invitert til samlinga. Det skal arrangerast gruppesamlingar både i Breim, på Sandane og i Hyen. Vi startar opp i 2018 med dei som er fødde i 1946 og 1947 i lag med ektefeller. Dei som ynskjer individuelle Side 5

heimebesøk vil få det av tverrfaglig team knytt til kvardagsrehabilitering. I prosjektet har vi spelt på kompetanse som vi allereie har i organisasjonen og vi ser at satsinga fell godt saman med andre satsingar vi har i kommunen. Desse satsingane sett under håpar vi vil bidra til å førebygge og utsette behovet for tenester og bidra til at innbyggarane vert sjølvstendige lenger. Dette vil vere av stor verdi for den enkelte og rett bruk av ressursar i kommunen. I kva grad vi vil kunne sjå denne effekten er sjølvsagt tidleg å vurdere og vil måtte sjåast i samanheng med andre satsingar i kommunen og anna utvikling i samfunnet. Eldrerådet 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. ELD- 008/17 Vedtak Eldrerådet tek saka til orintering. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 010/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek saka til orientering, og oppmodar administrasjonen til å bruke omgrepet "seniorar" i staden for "eldre". Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 013/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 6

Gloppen kommune Arkiv: JournalpostID: 17/4326 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 009/17 Eldrerådet 03.04.2017 011/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Kommunal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med bemanning gjennom heile døgnet - høyring Vedlegg i saka: 08.02.2017 Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med bemanning gjennom heile døgnet Kort samandrag av saka Helse- og omsorgsutvalet la framlegget til kommunal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med bemanning gjennom heile døgnet ut på høyring med høyringsfrist 20. mars 2017. Eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne får no saka som ein del av høyringsprosessen. Rådmannen si tilråding Rådmannen kjem ikkje med tilråding. Saksutgreiing Bakgrunn for saka 13 juni 2016 vedtok Stortinget lovendringar i pasient- og brukerrettighetslova og i helse- og omsorgstjenestelova om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tjenester kriterier og ventelister. Forslaget til kommunal forskrift blir no lagt fram for eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne til uttale. Fakta i saka Rådmannen la framlegget for forskrift fram for helse- og omsorgsutvalet med denne utgreiinga: «Føremålet med lovendringane er å tydeleggjere retten til sjukeheimsplass eller opphald i tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Retten er presisert i pasient- og brukerrettighetslova 2-1e første ledd. Av lova går det fram at dersom ei helse og omsorgsfagleg vurdering tilseier at det einaste kommunale tilbodet som kan sikre pasienten/brukaren nødvendig og forsvarlege helse- og omsorgstenester er i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, er dette ein rett pasient/brukar har. Kommunen si plikt til å tilby slike tenester er presisert i helse- og omsorgstjenestelova 3-2a. Ny 3-2a andre ledd i helse- og omsorgstjenestelova gjev kvar kommune plikt til å utarbeide kommunal forskrift med kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande Side 7

bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Forskrifta skal omfatte pasientar/brukarar som vil vere best tente med langtidsopphald eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, men der kommunen vurderer at vedkomande sine behov kan verte dekka med forsvarlege tenester frå kommunen i heimen medan ein ventar på langtidsopphald. Pasientar/brukarar som med forsvarleg hjelp kan bu heime medan dei ventar på plass, skal ha rett til vedtak. Vedtaket inneber at vedkomande er kvalifisert for langtidsplass eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester og skal stå på venteliste. Ny 3-2a 4 ledd i helse- og omsorgstjenesteloven pliktar kommunen til å føre ventelister over pasientar/brukarar som ventar på langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Regjeringa vil innføre nasjonale kriterium for tildeling av langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande etter at det er gjort erfaringar med dei kommunale kriteria og evaluering av forsøka med statleg finanisering av omsorgstenestene. Dei nasjonale kriteria er heimla i helse- og omsorgstjenestelova 3-2a 3. ledd. Det nasjonale målet er å få ordninga i gang i løpet av 2017. Helse- og omsorgsdepartementet har som mål å få sett i kraft dei resterande lovendringane knytt til kommunale kriterium og ventelister frå 01.07.2017. Dette inneber at dei kommunale forksriftene må vere vedtekne slik at dei seinast kan tre i kraft 01.07.2017. Hausten 2016 sette kommunalsjefnettverket i helse, omsorg og sosial i Nordfjord saman ei arbeidsgruppe som laga eit framlegg til forskrift som kunne vere felles for Nordfjordkommunane. Det er dette framlegget som er sendt ut på høyring. Når kommunen utarbeider forskrifter, gjeld reglane i forvaltningslova om utgreiingsplikt, varslingsplikt og høyring. Høyringsuttalane skal vere skriftlege.» Det er ikkje kome inn høyringsuttaler. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen. Rådmannen si vurdering Framlegget til forskrift for Gloppen kommune oppfyller lovendringane vedtekne i Stortinget 13. juni 2016 om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tjenester kriterium og ventelister. Før forskrifta blir lagt fram til endeleg behandling blir eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne inviterte til å uttale seg om framlegget til forskrift. Det er ikkje naturleg at rådmannen kjem med framlegg til uttale frå råda. Saka blir derfor lagt fram utan tilråding. Eldrerådet 03.04.2017 Helse og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. ELD- 009/17 Vedtak Eldrerådet tek saka til orientering, men minner nok ein gong om det skrikande behovet for fleire heildøgnsplassar. Side 8

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 011/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har ingen merknader til saka. Side 9

Gloppen kommune Arkiv: FA - G00 JournalpostID: 17/4428 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 015/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 010/17 Eldrerådet 03.04.2017 012/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Omdisponering av ressursar frå dagtilbod til reinhald i Breim heimeteneste - utprøving i eit år Kort samandrag av saka Rådmannen foreslår å omdisponere ressursar frå dagtilbod til reinhald som utprøving i eit år. Bakgrunnen for forslaget er stort behov for helse- og omsorgstenester og helsepersonell i tenesta for å kunne yte fagleg forsvarlege tenester innanfor tildelt budsjettramme. Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet vedtek å omdisponere ressursar tilsvarande 20 % stilling frå dagtilbod til reinhald i Breim heimeteneste som utprøving i eitt år. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I Breim heimeteneste har Gloppen kommune i fleire år hatt dagtilbod ein dag per veke for bebuarane på Byrkjelotunet og andre som bur heime. Dei to siste åra har det vore svært få deltakarar utanfrå Byrkjelotunet. I same periode har ein fått stadig fleire og meir fagleg utfordrande helse- og omsorgsoppgåver. Fakta i saka I Breim heimeteneste er det ca 20 % stilling som helsefagarbeider knytt til dagtilbodet i Breim på Byrkjelotunet. Dei to siste åra har dagtilbodet vore ope ein gong i veka 42 veker i året. Ved årskiftet 2015/2016 hadde dagtilbodet 11 deltakarar. Ved årskifte 2016/2017 var deltakartalet 8, fleirtalet bur på Byrkjelotunet. Det har dei siste åra vore lite rekruttering til dagtilbodet utanfor omsorgsbustadane. Dei siste åra har heimetenesta fått stadig fleire brukarar med samansette sjukdomstilstandar og eit omfattande pleie- og omsorgsbehov som no bur i omsorgsbustader. Det er stor trong for helsefagleg kompetanse og eit behov for å sjå på korleis ein brukar eksisterande ressursar. Einingsleiar vurderer no situasjonen slik, at for å kunne yte den helse- og omsorgstenesta brukarane har behov for, er det nødvendig at all helsefagleg kompetanse vert nytta til personleg hjelp. Deler av den praktiske hjelpa kan utførast av reinhaldarar med kompetanse på området. Reinhald på bukollektiva i Breim har tradisjonellt vore utført av helsefagarbeidarar. Då det den seinare tid har vore stort press på tenestene for å kunne gje tilstrekkelege og gode helse- og omsorgstenester har det vore leigd inn reinhaldspersonell frå kommunen si reinhaldsavdeling. Dette har gått av ekstravaktsbudsjettet. Dei har hatt ansvar for reinhald av golv i fellesareal kvar veke og reinhald av golv i brukarane sine leiligheter kvar 14. dag etter vedtak. Bruken av innleige har vore begrensa til timetal og konkrete oppdrag. Helsefagarbeidarar har hatt ansvar for helsehjelpa til brukarane og ein del daglege praktiske oppgåver Side 10

Økonomiske konsekvensar for kommunen Forslaget om å dreie ressursar frå drift av dagtilbodet til reinhald medfører ikkje ekstra kostnader, men er ei dreiing av eksisterande ressursar. Rådmannen si vurdering Forslaget om å dreie ressursar frå drift av dagtilbod til reinhald, innebær i fyrste omgang å prøve dette ut i eitt år. Utfordringane er at det vert stadig fleire og meir komplekse helse- og omsorgsoppgåver som kommunane skal løyse. Det er ei klar forventning om at fleire brukarar skal få tenester i kommunen og kommunane overtek ein del oppgåver som tidlegare låg til spesialisthelsetenesta. Dette er i tråd med nasjonale føringar og forventningar. Dette krev personell som har helsefagleg kompetanse i tenestene og det er viktig å nytte denne kompetansen best mogleg. På samme tid er også reinhald vorte eit eige fag som krev eigen type kompetanse. Ei anna side ved denne saka er fokuset på at sosiale møteplassar også er viktig og dette har vi satsa på i kommunen dei seinare åra. Det gjev helsegevinstar å ha møteplassar med aktivt innhold. Vurderinga i denne saka vert kva som er best og rettast utnytting av knappe ressursar. På den eine sida er det heilt nødvendig å kunne gje fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester til dei som har behov for og rett til det. Dette kan vi best ivareta ved å nytte helsepersonell med rett kompetanse. Også sosiale møteplassar er viktige for å skape gode dagar for dei eldre og vi ser at ved å omdisponere ressursane så manglar vi dette tilbodet dersom behova endrar seg og fleire ville etterspørje dagtilbodet. Det er sjølvsagt også av verdi for dei som bur på Byrkjelotunet. Eit anna moment er at vi i dag nyttar vi helsepersonell til reinhald og har heller ikkje alltid nok ressursar til å yte både helsetenester og reinhaldstenester. På dagtilbodet den seinare tid er det få utanfrå som har nytta seg av tilbodet og spørsmålet vert om vi bør nytte denne ressursen til å leige inn reinhaldspersonell og frigjere personalressursar til helseog omsorgstenester. Det innbær at vi då ikkje har dagtilbod i Breim til innbyggarane i Breim som bur heime. Kanskje kan desse nytte seg av andre møteplassar som er arrangert i regi av frivillig lag og organisasjonar? Det eksisterar mange møteplassar i kommunen i regi av frivillige. Kommunen er også ein viktig samarbeidspart for å få til gode møteplassar og ynskjer å tilrettelegge for dette. I bukollektiva i Breim har bebuarane besøk av besøksvenner og frå frivillige organisasjonar som arrangerer trim, bingo, kaffistunder med underholdning og liknande aktivitetar. Gjennom prosjektet Seniortreff i Gloppen er det etablert Onsdagstreffet på Gloppen omsorgssenter som er ein møteplass og tilbod til brukarar både frå Hyen, Sandane og Breim. Kostnad ved innleige av reinhaldarar vil vere noko lågare enn ressursen som er sett av til dagtilbodet slik situasjonen er i dag. Rådmannen sitt forslag vert å tilrå å omdisponere ressursane i eit prøveår. Dette for å utnytte ressurane og yte lovpålagde tenester innan for budjettramma. Rådmannen ser også uheldige konsekvensar av å ikkje ha eit dagtilbod i Breim, men den samla vurderinga er at dette er ei løysing for å kunne yte forsvarlege helse- og omsorgstenester innan for tildelt budsjettramme. Eldrerådet 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. Side 11

ELD- 010/17 Vedtak Eldrerådet tar saka til orientering. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 012/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne oppmodar administrasjonen om å ta kontakt med frivillege lag og organisasjonar, som i lag med Frivillegsentralen kan utfordrast til å organisere eit vekentleg treff med eit felles måltid på Byrkjelo, til liks med det som vart etablert på Gloppen Omsorgssenter hausten 2016. Det må då vere fagpersonell tilgjengeleg for hjelp ved toalettbesøk etc. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Forslag frå Vidar Sandal (Sp): Helse- og omsorgsutvalet ynskjer å vidareføre dagtilbodet i Breim. Utvalet ynskjer ein plan på korleis ein kan skape betre deltaking på dagtilbodet gjennom tettare samarbeid med frivillige organisasjonar. Ved alternativ avrøysting fekk - framlegget frå Vidar Sandal 6 røyster og - rådmannen si tilråding ei røyst. HOU- 015/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet ynskjer å vidareføre dagtilbodet i Breim. Utvalet ynskjer ein plan på korleis ein kan skape betre deltaking på dagtilbodet gjennom tettare samarbeid med frivillige organisasjonar. Vedtaket var gjort med 6 røyster. Side 12

Gloppen kommune Arkiv: JournalpostID: 17/4575 Saksbehandlar: Åslaug Haugset Saksnr. Utval Møtedato 011/17 Eldrerådet 03.04.2017 013/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 014/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 Planprogram for helse og omsorgsplan 2018-2030 Vedlegg i saka: 23.03.2017 Planprogram for Helse og omsorgsplan Rådmannen si tilråding Til eldrerådet: Eldrerådet vel som sitt medlem til arbeidsgruppa. Til rådet for menneske med nedsett funksjonsevne: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vel som sitt medlem til arbeidsgruppa. Til helse- og omsorgsutvalet: Helse- og omsorgsutvalet legg planprogramet for helse- og omsorgsplan 2018-2030 ut på høyring med 15.05.2017 som høyringsfrist. Utvalet vel som sitt medlem til arbeidsgruppa. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Den forrige helse- og omsorgsplanen vart vedteken i 2007 med tidsramme fram mot 2010. I planstrategien for Gloppen kommune 2016-2020 står det at arbeidet med ny kommunedelplan for helse og omsorg skal starte opp våren 2017. Fakta i saka I tråd med plan- og bygningslova inneheld planprogrammet føremålet med planen, organiseringa av planprosessen, opplegg for medverknad og ein framdriftsplan. Planprogrammet skal vere på høyring i seks veker, høyringsfristen blir då 15.05.2017. I planprogrammet sitt kapittel 5.1 om arbeidsgruppa står det at helse- og omsorgsutvalet skal peike ut ein politikar til arbeidsgruppa, og at eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal få høve til å peike ut ein brukarrepresentant kvar. I kapittel 6, framdriftsplanen, vert det lagt opp til ein prosess der mesteparten av arbeidet skal gjerast hausten 2017, og at vedtak skal gjerast i januar 2018. Økonomiske konsekvensar for kommunen Side 13

Planarbeidet har ikkje direkte økonomiske konsekvensar for kommunen utover den arbeidstida som går med til å utarbeide planen. Økonomiske konsekvensar av tiltak i planen må inn i økonomiplanen. Rådmannen si vurdering Rådmannen vurderer at planprogrammet for helse og omsorgsplan 2018-2030 oppfyller krava i planog bygningslova. Rådmannen inviterer råda og helse- og omsorgsutvalet til å peike ut sine representantar til arbeidsgruppa. Eldrerådet 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. ELD- 011/17 Vedtak Eldrerådet vel Maria Lundestad som sitt medlem til arbeidsgruppa. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og Omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 013/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vel Else Tystad som sitt medlem til arbeidsgruppa. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 014/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet legg planprogramet for helse- og omsorgsplan 2018-2030 ut på høyring med 15.05.2017 som høyringsfrist. Utvalet vel Arnfinn Brekke som sitt medlem til arbeidsgruppa. Side 14

Gloppen kommune Arkiv: HIST - 15/48 JournalpostID: 17/4432 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 011/17 Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 015/17 Oppvekstutvalet 05.04.2017 014/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Tverrsektorielt team - evaluering Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet og oppvekstutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Frå skuleåret 2016/2017 vart det iverksett eit prøveprosjekt mellom fire einingar i oppvekst og Solsikka avlastingsbustad. Det vart etablert eit tverrsektorielt team med fire fagstillingar. Dei tilsette i teamet skulle arbeide med dei same borna både i barnehage/skule og i Solsikka avlastningsbustad. Målet var å skape kontinuitet og kvalitet i tenestene til desse borna. Dei tilsette skulle primært arbeide i ein barnehage/skule i veka og enkelte helgar på Solsikka. Ved å lyse fast stillingar i høge stillingsprosentar og organisere stillingane i eit team, tenkte ein at dette ville bli attraktive stillingar som kunne bidra til å etablere gode fagmiljø kring barn og unge med nedsett funksjonsevne. Dei fire einingane i oppvekst som har delteke i prosjektet er Mona barnehage, Sandane skule, Gloppen ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Firda vgs har kjøpt fri ein av dei tilsette i teamet i 50 % stilling. I tillegg til det tverrsektorielle teamet skulle barnehagen/skulen og Solsikka fortsatt ha eigne tilsette som arbeidde med borna. Det tverrsektorielle teamet skulle ha ansvar for å: Overføre kunnskap/kompetanse om barnet frå ei eining til ei anna. Ha ein koordinerande funksjon ved å sikre at endringar og nye tilak vert gjennomført på begge arenaene, og at alle tilsette får naudsynt opplæring. Rettleie andre tilsette. Sikre eit fagleg forsvarleg tilbod. Sikre gode overgangar frå ein arena til ein anna, eventuelt følgje barnet 1-2 år på ny arena. Vere del av eit tverrfagleg team som fremmar utvikling av felles kompetanse og tilnærming på tvers av fagområde. Ha gode profesjonelle ferdigheitar og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Dette inneber mellom anna å vere gode rollemodeller overfor andre tilsette. Evaluering I januar og februar 2017 har vi evaluert erfaringane med det tverrsektorielle teamet. Vi har evaluert erfaringane med einingsleiarane i dei aktuelle einingane, tilsette i teamet og føresette til borna. Ein av dei tilsette i teamet slutta etter kort tids tilsetting. Vi har difor ikkje lang tids erfaring frå nokre Side 15

av einingane og for nokre av borna. Vi har likevel evaluert tilbodet med alle dei involverte. Einingsleiarane er positive til ordninga og meiner at kvaliteten på innhaldet i tilbodet er heva. Det har vore utfordrande å skulle tilpasse skule og barnehage til turnusar, men det praktiske har «gått seg til» sett frå den administrative sida. Dei har gjort seg erfaringar kring organisering av teamet som ein kan nytte seg av i vidare arbeid. Dei opplever at det faglege innhaldet er styrka i tilbodet. Det er kome innspel om at det også kan vere positivt med personell med pedagogisk kompetanse i tillegg til helsefagleg kompetanse blant dei som arbeider tett på desse borna. Dei tilsette som har arbeidt som eit samlokalisert team med borna melder tilbake om ein arbeidskvardag og eit fagmiljø der dei lærer av kvarandre, utvekslar erfaringar og gje kvarande konstruktive tilbakemeldingar. Ved at dei kan observere kvarandre og drøfte problemstillingar som kjem opp i løpet av dagen kan dei ha eit kontinuerlig utviklingsarbeid, og kvalitetssikre tilbodet på ein betre måte enn ved å jobbe mykje aleine. Dette opplever dei har gjeve eit fagleg godt tilbod til borna og opplever at målet om eit godt og stabilt læringsmiljø for elevane vert lettare å oppnå. Dei føresette som har erfaring med det tverrsektorielle teamet har litt ulik erfaring med teamet. Nokon opplever mindre kontinuitet i tilbodet, då det er fleire tilsette som arbeider med borna i skulen enn tidlegare år. Dette opplever at det har gjeve mindre regelmessighet på personalsida, meir uro for bornet og føresette og eit dårlegare tilbod enn tidlegare. Nokre av dei føresette har opplevd eit betre tilbod enn tidlegare. Det har vore meir kontinuitet i tenestene og større grad av fagleg oppfølging enn tidlegare total sett. Dette har vore positivt for borna og dei føresette er godt fornøgde med tilbodet. For det eine bornet har ein ikkje fått prøvd ut intensjonen med prosjektet då den eine tilsette slutta etter kort tid og det vart ikkje tilsett ny person i denne stillinga. Dei har likevel evaluert intensjonane med teamet og har innspel til korleis dette kan bli bra for deira barn. Dei fleste føresette er positive til at det vert arbeidt for betre kontinuitet, stabilitet og fagleg innhald i tilbodet til borna deira. Dei ser også stor verdi av at dei tilsette føl borna på ulike arenaer. Dei har innspel til kva som er viktig å tenke på i forhold til organisering og innhald i tilbodet til borna. Dette tek vi med oss i det vidare arbeidet og vil så langt som mogleg ta hensyn til desse innspela. Konklusjon Samla sett ser vi at fleire av dei føresette ikkje hadde fått nok informasjon om det tverrsektorielle teamet, og det er sjølvsagt beklageleg. Vi ser det som svært viktig å ha fagleg kvalifiserte tilsette i arbeid med borna for å sikre eit fagleg godt tilbod til desse borna, då dei står for mykje av oppfølginga av borna i opplæringa. Fleire av borna har også helseutfordringar som krev helsefagleg kompetanse blant dei tilsette som arbeider med borna for å sikre eit fagleg forsvarleg tilbod. Tanken om at dei tilsette som skal arbeide med borna bør følgje dei på ulike arenaer er viktig å bygge vidare på. Det er kanskje ikkje hensiktsmessig å organisere dei tilsette som eit team, men i større grad ta utgangspunkt i det enkelte barnet sitt behov og tilstrebe eit individuellt tilpassa tilbod. Det er likevel viktig å påpeike at administrasjonen må ha høve til å organisere tenestene på ein måte som ivaretek både borna og dei tilsette på ein god måte. Borna har krav på eit godt og stabilt læringsmiljø og eit fagleg forsvarleg helsetilbod. Dei tilsette har krav på eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø. Det er også viktig sikre at det er fleire tilsette som kjenner borna godt. Dette gjer det mindre sårbart når tilsette har fråvær av ulike årsaker. Side 16

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Helse- og omsorgssjef Anita Eide Lothe orienterte om saka. RAD- 014/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek saka til orientering. Helse- og omsorgsutvalet 05.04.2017 HOU- 011/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 17

Gloppen kommune Arkiv: FA - F10 JournalpostID: 17/4600 Saksbehandlar: Åslaug Haugset Saksnr. Utval Møtedato 015/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 Endringar i hjelpemiddelformidlinga på høyring Vedlegg i saka: 21.03.2017 Høyringsrunde - vedrørende hjelpemiddelordningen 21.03.2017 Sak til kommunal råd frå Norges Handikapforbund, FFO og Ergoterapeutane Rådmannen si tilråding Rådmann kjem ikkje med tilråding i saka Saksutgreiing Bakgrunn for saka Regjeringa sendte i februar ut på høyring rapporten «En meir effektiv og fremtidsrettet hjelpemiddelformidling for økt deltagelse og mestring». Kommunen vart gjort merksam på dette av Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) i Sogn og Fjordane, som bad om at saka vart lagt fram for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Brevet er vedlagt. Fakta i saka Ekspertutvalet har gått gjennom hjelpemiddelpolitikken på bestilling frå regjeringa, og føreslår fleire endringar som FFO meiner vil heve kvaliteten og gjere hjelpemiddelformidlinga enklare. På to punkt meiner FFO at endringane vil ramme menneske med nedsett funksjonsevne hardt, og ha store konsekvensar for kommunane: 1. Ansvaret for enkle og høgfrekvente hjelpemiddel. Mindretalet i utvalet meiner at ansvaret for finansieringa av desse hjelpemidla skal overførast frå folketrygda til kommunane, for å forenkle ordninga. Brukerrepresentantane tilhøyrer fleirtale i utvalet, som meiner at folketrygda framleis skal ha ansvaret for finansieringa, for å sikre lik tilgang til hjelpemiddel uavhengig av kommuneøkonomi. 2. Tilrettelegging av bustad. I dag kan ein søke både folketrygda og husbanken i saker som gjeld tilrettelegging av bustad. Husbanken gir tilskot til ombygging, og NAV hjelpemiddelsentralane lånar ut hjelpemiddel som til dømes løfteplattform, hev og senkbare kjøkkenskap og liknande. Fleirtalet i utvalet vil samle ansvaret for tilrettelegging av bustad i Husbanken. Brukerrepresentantane tilhøyrer mindretalet, som meiner at ansvaret for fastmonterte hjelpemiddel i bustad framleis skal ligge til folketrygda, og at den nasjonale utlånsordninga skal halde fram i staden for auka bruk av tilskot og eigenbetaling. Høyringsuttalen frå FFO, Handikapforbundet og Ergoterapiforbundet ligg ved saka. Rapporten kan lesast i sin heilskap her: https://www.regjeringen.no/contentassets/2f3ae6c7a2dd4adbae2c2e152af97c3e/a-0043- b_rapport-hjelpemiddutvalget.pdf Side 18

Økonomiske konsekvensar for kommunen Ei høyringsuttale vil ikkje ha direkte ha direkte økonomiske konsekvensar for kommunen. Utvalet sine forslag til endringar i hjelpemiddelformidlinga vil ha økonomiske konsekvensar, men dei er ikkje utreda. Rådmannen si vurdering Rådmann vurderer det slik at rådet for menneske med nedsett funksjonsevne står fritt til å kome med ei høyringsuttale. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 03.04.2017 RAD- 015/17 Vedtak 1. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne ynskjer å kome med ei høyringsuttale basert på uttalen frå FFO, Ergoterapiforbundet og Handikapforbundet. Rådet gir sekretæren i opprag å omsetje uttalentil nynorsk, og sende inn høyringsuttalen på vegne av leiaren. 2. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne oppmodar kommunestyret om å sende inn ein høyringsuttale med same meiningsinnhald. Side 19