Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Oppvekstutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 24.03.2015 Tid: 18:00 Dersom Du ikkje kan møte, ber ein om at Du melder frå til sentralbordet snarast råd. Vararepresentantane møter berre etter nærare innkalling. Håvard O Holstaa Leiar Liv Ellen Beck Konsulent
Saksliste Utvalssaksnr Innhald Lukka Referatsaker RS 15/3 September - 2014 RS 15/4 Oktober - 2014 RS 15/5 Desember - 2014 RS 15/6 Februar - 2015 RS 15/7 Mars - 2015 PS 15/3 Politiske saker til handsaming Barnehageåret 2015-2016 ved Dalen barnehage Byrte, tolking av kommunestyret vedtak i sak 14/13 PS 15/4 Orden- og samspelsreglar på Tokke skule - lokal føreskrift - 2 gongs handsaming
Referatsaker RS15/3September-2014 RS15/4Oktober-2014 RS15/5Desember-2014 RS15/6Februar-2015 RS15/7Mars-2015
Politiskesakertilhandsaming
Politiskesakertilhandsaming
Tokke kommune Arkiv: B12 Saksnr.: 2014/1-69 Saksbeh.: Finn Arne Askje Direkte tlf.: 35075220 Dato: 16.03.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Oppvekstutvalet 15/3 24.03.2015 Kommunestyret Barnehageåret 2015-2016 ved Dalen barnehage Byrte, tolking av kommunestyret vedtak i sak 14/13 Saksdokument: Saksutgreiing: I sak 14/13 fatta kommunestyret følgjande vedtak: «6 Generelt: Pkt. A. Gjekk ut. Pkt. B. 1. Dersom barnetalet på ein skule i elevprognosa hausten før skulestart er på 10 elevar eller mindre på ein 1-4 skule over 2 år, vert skulen lagt ned. 2. Dersom barnehage eller skule blir lagt ned, kan bygga brukast til diverse/opplæring etter søknad. Pkt. C. Dersom barnetalet i ein barnehage er under 6 born, samt at det etter søknadsfristen for påfølgjande barnehageår, og er færre enn 6 born. Blir barnehagen mellombels lagt ned frå 15.08 i året som søknadsfristen har vore.» Situasjonen i Dalen barnehage Byrte er for inneverande barnehageår følgjande: Måndag Onsdag Fredag Talet på born 5 5 4 SFO 0 0 0
Etter søknadsfristen pr. 28.02.15 er talet på born i Dalen barnehage Byrte: Periode 1; 15.08.15 07.02.16: Måndag Onsdag Fredag Talet på born 5 5 3 SFO 0 0 0 Periode 2; Frå 07.02.16: Måndag Onsdag Fredag Talet på born 6 6 3 SFO 0 0 0 Situasjonen er som følgjer: 1. Barnehageåret 2014/2015 er talet på born < 6 ved Dalen barnehage Byrte 2. Barnetalet er < 6 ved barnehagestart for barnehageåret 2015/2016 3. Det har kome ein søknad på barnehageplass frå 07.02.16, då barnet som er fødd 07.02.15 fyrste kan få plass etter kommunens vedtekter Saka reiser spørsmål om tolking av kommunestyrets vedtak i sak 14/13 pkt. 6 c (sjå innleiinga). Rådmannen ser at vedtaket kan tolkast på to måtar: Alternativ 1: Barnetalet pr. 15.08.15 etter ordinær søknadsfrist blir lagt til grunn for vidare drift. Dalen barnehage Byrte vil med ei slik tolking bli mellombels lagt ned frå barnehageåret 2015/2016. Alternativ 2: Om barnetalet ein vil få i løpet av barnehageåret 2015/2016, blir lagt til grunn i vurderinga. Vil det bli vidare drift i Dalen barnehage Byrte. Rådmannen si tilråding: Ingen tilråding.
Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2015/112-4 Saksbeh.: Finn Arne Askje Direkte tlf.: 35075220 Dato: 17.03.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Oppvekstutvalet 15/4 24.03.2015 Orden- og samspelsreglar på Tokke skule - lokal føreskrift - 2 gongs handsaming Vedlegg: 1 Orden- og samspelsreglar på Tokke skule 2 Orden- og samspelsreglar på Tokke skule - lokal føreskrift 3 Ekstra ordinært møte i oppvekstutvalget Saksdokument: Saksutgreiing: Etter sist møte i oppvekstutvalet, då sak 15/2 var oppe til handsaming, syner det seg at det ikkje føreligg eit formelt vedtak i SU med referat der det kjem fram at det har vore opp til handsaming og at det har vore votering. Syner i korrespondanse mellom leiar i oppvekstutvalet og krav om å ta opp att sak 15/2 til ny handsaming sjå vedlegg. Delegasjonsreglementet lyder: KAP. 5 DELEGERING TIL OPPVEKSTUTVALET (OU) 5-4 Delegering til samarbeidsutvali i medhald av særlov Lov av 17. juli 1998 nr 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæring: Samarbeidsutval vedtek samansetting av skulemiljøutval jf 11-1a, og ordensreglement for skulen etter reglar gjevne i 2-9 og 2-10. Det er oppvekstutvalet som har gjeve delegasjonsmynde til SU, med det så er det dei som òg har høve til å kunne ta opp til handsaming saker som organet har delegert. Orden- og trivselsreglane har no vore til ny handsaming i dei ulike organana: Elevrådet: «Dei aller fleste reglane støttar dei opp om Regel 4: ynskje om å kunne sykle på framsida. Regel 7: Ynskje om å kunne gå utanfor skulen sitt område for ungdomsskuleelevane (ikkje for å handle eller hente ting t.d. gymtøy).
FaU: SU: Regel 9: ynskje om meir tillit på dette, og moglegheit til å kunne bruke mobil i friminutta for ungdomsskulen.» Tilråding frå FaU: Orden og samspelsreglane på Tokke skule blir vedteke slik det ligg føre. Møte i samarbeidsutvalet Tokke skule 17.03-15 Sak 03-15 Orden- og samspelsreglar på Tokke skule stadfesting Tilråding frå FaU: Orden og samspelsreglane på Tokke skule blir vedteke slik det ligg føre. Oppmodning: FaU gjev skulen ei utfordring om å finne aktivitetar/arenaer der ein i større grad kan imøtekomme interessene til dei som ikkje ønskjer å delta på aktivitet i hallen. Dette gjeld særskild jenter i ungdomstrinnet. Anne Vadder hadde eit endringsframlegg om eit tillegg til regel nr. 6: Alle ungdomselevane kan velje om dei vil vere ute eller inne på eit avgrensa område. Framlegget vart forkasta med 9 mot 1 røyst. Vedtak: Orden og samspelsreglane på Tokke skule blir vedteke slik det ligg føre. Kommentar (men ikkje del av vedtaket) Rektor og elevråd bør ha ein betre dialog der ein finn nokre alternativ til aktivitetar for dei som ikkje likar til dømes aktivitetar i hallen. Forslag på dette var å sette av 2 eller 3 friminutt i veka til spil på den «gamle kantina» i vinterhalvåret. Oppvekstsjefen legg svært stor vekt på innstillinga frå alle organ som har handsama saka. Her er alle partar samde om korleis det vil ha det på skulen elevar, føresette og pedagogisk personale. Å fråvike reglane slik dei no er, og som har brei oppslutning, vil etter oppvekstsjefens vurdering verke svært uheldig. Nærare grunngjeving for orden- og trivselsreglane blir gjeve i møte. *) Det har vore trong for ei presisering og endra ordlyd i regelen nr. 9 Rådmannen si tilråding: Samarbeidsutvalets vedtak blir stadfesta.
TOKKE SKULE - opp og fram KUNNSKAP MEISTRING TRIVSEL Orden - og samspelsreglar på Tokke skule Tokke skule er plassen der elevar og vaksne trivast og er trygge. Vi syner respekt for alle på skulen. Vi tek ansvar for miljøet på skulen vår. Ver mot andre slik du vil at andre skal vere mot deg. For å greie dette treng vi nokre reglar og desse gjeld på skulevegen, i skuletida, på SFO og ved alle arrangement i skulen sin regi. Regel 1 Vi møter presis og førebudd til skulen. - Lærar samtaler med elev - Lærar samarbeider med heimen - Ved gjentekne brot samtaler inspektør eller rektor med eleven - Nedsett ordenskarakter Regel 2 Vi har null toleranse for mobbing. Vi viser respekt for kvarandre i ordbruk og væremåte på skulevegen, på bussen, i undervisningstimane og i friminutta. - Lærar samtaler med eleven - Lærar samarbeider med heimen - Ved gjentekne brot samtaler inspektør eller rektor med eleven - Ved konkret mistanke om mobbing nyttar vi Handlingsplan mot mobbing
Regel 3 Alle har rett til eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsro, tryggleik, meistring og respekt. (Opplæringslova 9A) - Tilsnakk - Melding heim - Ved gjentekne brot samtaler inspektør eller rektor med eleven - Nedsett åtferdskarakter - Ved grove eller gjentekne brot på regelen, kan eleven visast bort frå skulen (Opplæringslova 2-10 og 2-8) Regel 4 Snoballkasting er berre tillate på fastsett stad. Sykling og bruk av spark på skuleplassen er ikkje tillate. - Melding heim - Nedsett åtferdskarakter Regel 5 Ta vare på skulen, eigne og andres eigedelar. Kvar enkelt har sjølv ansvar for eigne verdisaker. - Tilsnakk - Melding heim - Ved gjentekne brot samtaler inspektør eller rektor med eleven - Nedsett åtferdskarakter - Erstatningsplikt etter gjeldane lover. (Skadeerstatning 1-1og 1-2) Regel 6 Friminutt: Alle elevar skal vere ute. Unntak er ved temperatur under -12 C. Ingen skal opphalde seg unødvendig i gangar eller på toalett. Vi er berre på Kulturhuset med tilsyn av lærar. - Tilsnakk - Melding heim - Ved gjentekne brot samtaler eleven med inspektør eller rektor - Nedsett åtferdskarakter
Regel 7 Ingen elevar får gå utanfor skulens område utan særskild avtale med lærar. - Melding heim - Ved gjentekne brot samtaler eleven med inspektør eller rektor - Nedsett åtferdskarakter Regel 8 Godteri, brus og tyggegummi er berre lov i særskilde høve. - Inndraging av det kjøpte - Åtferdsmelding Regel 9 Vi brukar ikkje mobil og andre elektroniske dupedittar i skuletida. Må eleven av ulike årsaker ha mobilen rett etter skulen,- skal mobilen: Barnetrinn: Leverast til lærar ved skulestart, - hentast hos lærar ved skuleslutt. Ungdomstrinn: Låsast i oppbevaringsskåp ved skulestart, -hente den etter skuleslutt. (oppbevaring på eiga ansvar) 1. gong: - Mobil blir dregen inn resten av skuledagen, hentast hos rektor/inspektør - Føresette får skriftleg varsel om hendinga 2. gong: - Mobil blir dregen inn resten av skuledagen, hentast hos rektor/inspektør - Føresette får skriftleg varsel om hendinga - Elev og føresette blir kalla inn til samtale med rektor eller inspektør. Regel 10 På Tokke skule brukar vi inne sko. Ytterklede og lue /caps skal hengast på knagg på gangen. - Tilsnakk Regel 11 Fusk og plagiat er ikkje tillate. - Innlevering/ oppgåve blir ikkje vurdert
- Åtferdsmelding / evt. nedsett åtferdskarakter Regel 12 Røyk, snus og rusmiddel er forbode i skuletida (Opplæringslova 9-5) - Brev /telefon heim - Andre gong eleven bryt regelen blir han/ho kalle inn til ein samtale med helsepersonell - Brot på regelen fører til nedsett åtferdskarakter Regel 13 Fyrverkeri, våpen og/eller andre farlege gjenstandar skal ikkje takast med på skulen. Desse blir beslaglagde. - Samtale med rektor eller inspektør - Telefon heim - Brot på regelen fører til nedsett åtferdskarakter - Politiet blir kontakta ved alvorlege brot. Skulen skal gripe til særskilde tiltak når eleven ikkje rettar seg etter ordensreglane. Telefon heim, brev til føresette, utvisning frå timar, attsitjing og bortvisning frå skulen kan nyttast jfr. 2 10 i Opplæringslova. Brot på ordensreglane kan og føre til nedsett orden-/ åtferdskarakter. For føresette: Opplæringslovas 2.9 skal gjerast kjend for elevane og foreldre. Nye elevar og føresette skal få tilsendt Tokke skules orden og samspelsreglar, og skrive under på at dei er lest. (Godkjend i SU..) LEVERAST KONTAKTLÆRAR Ordensreglar er gjennomgått med barnet. Elevens namn.klasse Underskrift frå føresatt:..
Dato:.
Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2015/112-2 Saksbeh.: Finn Arne Askje Direkte tlf.: 35075220 Dato: 19.01.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Oppvekstutvalet Orden- og samspelsreglar på Tokke skule - lokal føreskrift Vedlegg: 1 Orden- og samspelsreglar på Tokke skule Saksdokument: Saksutgreiing: Opplæringslova: 2-9. Ordensreglement og liknande Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Oppvekstutvalet er delegert mynde til å vedta lokal føreskrift, så lenge reglane ikkje er sektoroverbyggande. Orden- og samspelsreglane er drøfta i FAU og SU. Rådmannen si tilråding: Føreskrift om orden- og samspelsreglane på Tokke skule blir vedteke slik dei ligg føre.
file:///c:/ephorte/pdfdocproc/ephortetok/86424_fix.html Side 1 av 1 17.03.2015 Fra: Anne Vadder Midtbø[anne.vadder.midtbo@tokke.kommune.no] Dato: 24.02.2015 12:32:13 Til: Håvard Holstaa (AP); Finn Arne Askje Kopi: Laila Karlsen Taraldlien (AP); Olav S. Urbø (SP); Gudrun Vangsnes Øvrebø (H); Arne Nordbø (AP) Tittel: Ekstra ordinært møte i oppvekstutvalget På vegne av medlemmer av oppvekstutvalet, Laila Taraldlien, Gudrun Vangsnes Øvrebø, Arne Nordbø, Olav Urbø og u.t. Ber vi om at det blir kalla inn til ett ekstra ordinært møte i oppvekstutvalet snarast. Der ein ber fremma fylgjende saker: 1. Delegasjonsreglemanet ang. ordensreglar, der ein ynskjer det attende til oppvekstutvalet. 2. Framdrift for nye ordensregler, til høring i elevråd, fau og su, med formål om endelig avgjerde 26 mars. Anne Vadder Midtbø