DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT i henhold til adresseliste (28 BuskerudfyIkeskommune Sentraladministrasjon Ark.kocle: &anew: 20 JAN2012 Dykkar ref Vår ref Dato 12/107-1KON 9-.01.2012 Bulyst 2012 samarbeidet med fylkeskommunane Vi syner til møtet mellom Kommunal-og regionaldepartementet og fylkeskommunane 8. desember 2011, kor vi diskuterte erfaringane frå prosessen i 2011og vidare samarbeid innafor bulystsatsinga. Utlysinga av Bulyst 2012er no klar. Utlysingsteksten er lagt ved. Regjeringa sitt mål for satsinga Det er eit mål for Regjeringaå leggje til rette for at lokalsamfunn i distriktsområda vert meir attraktive å bu i og flytte til. Gjennom lokale og regionale utviklingsprosjekt ynskjer KRDå utvikle ny kunnskap om kva som påverkar folk sine val av bustad. Mange kommunar, lokalsamfunn og eldsjeler driv eit aktivt arbeid for å styrkje eiga vekstkraft, ofte med god støtte frå regionalt nivå. Det er eit ynskje at satsinga på bulyst er med og utviklar dette samarbeidet. Samarbeidet framover KRDvonar på eit godt samarbeid med fylkeskommunane om utforming og utveljingav gode prosjekt som kan stimulere til bulyst i norske distriktskommunar. Vi er opne for ein dialog med fylkeskommunane for å utvikle det vidare samarbeidet om bulyst i tida fram mot søknadsfristen. Prosess Viynskjer å samarbeide tett med fylkeskommunane om utveljingav nye pilotar i bulystsatsinga. Vivil leggje stor vekt på prioriteringane som fylkeskommunane gjer. Vi legg opp til at søknadar frå kommunar eller andre lokale aktørar som føreset regional PostadresseKontoradresseTelefon - sentralbord Saksbehandlar 22 24 90 90 / Telefaks: Knut Ove Nordås Org. nr.: 972 417 858
medfinansiering har vore handsama i fylkeskommunane før dei blir handsama i departementet. Fylkeskommunane har høve til å prioritere prosjekt ut frå regionale utfordringar eller regionale strategiar. Vi vil ta utgangspunkt i fylkeskommunane si rangering av søknadane, men kan i enkelte høve kome til å gjere endringar i rangeringa for å få ei god spreiing på ulike tema og geografi, med omsyn til heilskapen i prosjektporteføljen. I slike høve vil departementet ta kontakt med fylkeskommunen. Informasjon om utlysinga ligg ute på www.re 'erin a.no bol st. Departementet har ikkje noko eige informasjonsopplegg for kommunane eller andre. Fylkeskommunane må difor leggje opp eit løp for korleis dei vil informere kommunar og andre moglege interesserte i sitt fylke. Forholdet til regelverket om offentleg støtte Fylkeskommunane må gjere ei vurdering av søknadane ut frå vilkåra for offentleg støtte. Regelverket for bagatellmessig støtte er kommunisert i utlysningsteksten. Arbeidsdeling og rollar KRDvil gjerne at fylkeskommunane tar ansvaret for den jamlege oppfølging av prosjekta i sitt fylke. Fylkeskommunane har ein støttefunksjon for prosjekta og bør delta/bidra i nettverkssamarbeid regionalt. KRD sitt ansvar blir å bidra til læring og kunnskapsdeling mellom prosjekta på tvers av fylker og landsdelar. Vi vil spreie kunnskapen gjennom vår underliggjande etat Distriktssenteret. Distriktssenteret vil kunne gje rettleiing til prosjekta. Distriktssenteret vil følgje nokre av prosjekta særskilt. Distriktssenteret vil og lage oversikter over heile prosjektporteføljen på www.distriktssenteret.no. Formidling og kunnskapsdeling er eit sentralt mål for bulystsatsinga, og Distriktssenteret vil ha ein sentral rolle for å nå dette målet. Distriktssenteret kan etablere samarbeidsrom via si heimeside, organisert etter tema dersom det er eit ynskje om dette frå fylkeskommunane og prosjekta si side. Tema for bulyst i 2012 I 2012 har vi spissa utlysinga av bulyst enno meir enn i 2011. I 2012 er satsinga konsentrert rundt tre ulike tema. Desse er: Integrering av innvandrarar i distriktsområde Utviklingsprosjekt retta mot ungdom Tilllyttingsprosjekt Vi vil gjerne få fram prosjekt som er kreative og nyskapande, og som kan ha nasjonal interesse. I tillegg ynskjer vi å få fram prosjekt av ein viss storleik, slik at prosjektporteføljen ikkje blir for omfattande. Forprosjekt blir ikkje støtta i 2012. Side 2
Fylkeskommunane har etterlyst ei nærare avklaring av kva kriterium som ligg til grunn for tildeling av midlar. Til orientering legg vi ved det skjemaet som vi nyttar ved vurdering av kvar einskild søknad. Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) Nokre av fylka har sett satsinga på bulyst i samanheng med satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane. Satsinga på LUK er ei grunninvestering i kompetanse og kapasitet for å drive godt lokalt utviklingsarbeid i fylkeskommunar og kommunar. Departementet oppmodar fylkeskommunane til å vurdere korleis eit slikt samarbeid kan gje gode synergieffektar. Geografi Som det går fram i utlysinga skal satsinga ha ei open innretning på distriktsområde, både dei mest perifere områda, men 6g regionale sentra og mindre tettstadar. Departementet ber om at fyikeskommunane tek omsyn til søknadar frå område med særlege utfordringar knytt til folketalsutvikling og næringsutvikling. Nasjonale prosjekt Enkelte aktørar har ikkje ei regional forankring og har heile landet som nedslagsfelt. Nasjonale prosjekt søkjer direkte til departementet. Alle andre søknadar skal handsamast hjå fylkeskommunen. Nytt søknadssystem I 2012 lyt alle søkjarar bruke det nye elektroniske søknadssystemet "RF13.50" som KRD har innført, og som er å finne på nettstaden www.re 'onalforvaltnin.no. Fylkeskommunane vil og ha tilgang til søknadane frå sitt fylke innafor dette systemet. Søkjarane treng difor ikkje lenger sende søknadane til fylkeskommunane. Alle søknadane skal sendast elektronisk via www.re ionalforvaltnin.no og fylkeskommunane hentar ut søknadane der. I tillegg vil KRD gje sakshandsamarar som ynskjer det, tilgang til åg å kunne handsame søknadane i RF13.50. KRD vil oppfordre til dette, fordi vi vurderer at det nye webbaserte systemet vil forenkle handsaminga både hos fylkeskommunane og KRD. KRD har tidlegare sendt ut invitasjon til kurs i det nye systemet til fylkeskommunane. Kurset finn stad på Gardermoen 19.-20.januar 2012. Om fylkeskommunane ikkje ynskjer å handsame søknadane i det nye systemet, vil det framleis vere mogleg å sende inn vurderinga og prioritert liste over søknadane, på e-post til KRD. Søkjarane må legge inn sin søknad innan søknadsfristen 5. mars 2012. Søknadar som ikkje er mottatt innan fristen blir avviste. Søknadsfrist inn til Kommunal- og regionaldepartementet er 4. mai 2012. Side 3
Dersomnokonhar utfordringarmed å rekkjefristen,er det viktigat fylkeskommunen tar kontaktmed departementet.ei moglegløysingkan være å handsamesøknadane administrativtog ettersendedeipolitiskevedtakaså snart deiliggføre.vivonarat dei flesterekk politiskhandsaminginnaforfristenvihar sett. Kontaktinformasjon Me ber fylkeskommunanemeldesin interessefor å samarbeideom bulystsatsingapå telefonellerpå e-posttiljudithkortgård,'udith.kort ard@krd.de.no,karir Theting, kari-r.theting@krd.dep.noellerknutovenordås,knut-ove.nordas@krd.de.no. Viber fylkeskommunaneoppdaterelistaoverkvensom er kontaktpersoni sittfylke. Deter i utgangspunktetdennepersonen somvilfåtilbodomtikong til å kunne handsamesøknadanei RF13.50.Blirkontaktpersonenskiftai løpetavåret,vilvi også gjernevite det.viser framtil eit konstruktivtsamarbeidom bulystsatsingai 2012. Medhelsing GerdSlinninge.f. avdelingsdirektør.2 Lf KnutOveNordås seniorrådgiver Ndy43 Vedlegg:2 Side 4
Likelydande brev sendt til: Aust-Agderfylkeskommune Buskerudfylkeskommune Finnmarkfylkeskommune Hedmarkfylkeskommune Hordalandfylkeskommune Møreog Romsdalfylkeskommune Nordlandfylkeskommune Nord-Trøndelagfylkeskommune Opplandfylkeskommune Rogalandfylkeskommune Sognog Fjordanefylkeskommune Sør-Trøndelagfylkeskommune Telemarkfylkeskommune Tromsfylkeskommune Vest-Agderfylkeskommune Østfoldfylkeskommune Side 5