SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 29.10.2013 Tid: 17.00 Kari Grindvik orienterte om Sunnmøre Regionråd Økonomisjefen orienterte om budsjettsituasjonen for 2014 Desse møtte: Fremskrittspartiet: Ordførar Terje Vadset, Kjell Arve Reiakvam, Johnny Wulff Hansen (vararepr. for Terje Sortehaug), John Ola Røstad, Erling Ostnes Arbeiderpartiet: Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Bjørn André Stavset, Siv Alnes (vararepr. for Renate Grande Skodje) Senterpartiet: Modolf Hareide, Inge Øye (vararepr. for Elise Stette), Johan Honningdal, Linda Stavset Kristeleg Folkeparti: Gunnar Hauge, Reidun Holm Aure Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Høgre: Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Lidvar Giskeødegård, Leif Glomset 21 voterande. Til stades var òg ass. rådmann, økonomisjef, teknisk sjef, kommunalsjef helse og omsorg, 2 representantar frå ungdomsrådet (Ane Halsebakke Hoff Lid og Torill Johansen) og politisk sekretær, sistnemnde førte møteboka. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Torunn Mølsæter og John Ola Røstad vart samrøystes valde til å skrive under møteprotokollen.
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 42/13 13/680 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 24.09.2013 43/13 13/345 BUDSJETTREVISJON II/2013 44/13 12/11 REGULERINGSENDRING -DEL AV GNR.17 BNR.10 M.FL. - JENSPLASSEN ENDELEG GODKJENNING 45/13 12/555 GNR. 24 BNR. 117 - FRAMTIDIG BRUK AV SKODJE PRESTEGARD 46/13 13/190 KOMMUNEPLAN FOR SKODJE 2014 2024 - SAMFUNNSDELEN PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN 2
Sak 42/13 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 24.09.2013 Protokollen frå møte 24.09.2013 vert samrøystes godkjent. Sak 43/13 BUDSJETTREVISJON II/2013 Desse hadde ordet i saka: Inge Øye, ordføraren, Kjell Haukeberg, Modolf Hareide, økonomisjefen. Inge Øye sette fram følgjande framlegg til vedtak: Økonomien i Skodje kommune tilseier at: 1. Kommunestyret vedtek å ikkje styrke ansvar 1000 (politisk styring) 2. Kommunestyret kan ikkje no gi ekstraløyving til Storfjord kyrkjelege fellesråd Inge Øye trekte punkt 2 i sitt framlegg. Ordføraren sette fram følgjande tilleggsframlegg: Som det går fram av perioderapporten, kjem Skodje kommune til å gå mot eit underskot i 2013. Med bakgrunn i prognoser for resultatet i rekneskapen, løyver Skodje kommunestyre kr 7 000 000 til inndekning av det forventa underskotet. Dersom det syner seg at løyvinga får eit overskot, skal dette attendeførast til fond. Drift balanse (fond) Til disp. før fond: -204834 dekning av underskot i 2011 6345-6345 Bruk av fond -7274 7274 Til disp: -205763 Forventa brukt 211371 Forventa til disp -199554 Forventa meirforbruk (underskot) 11817 Bruk av fond -11817 11817 Sum bruk av fond i 2013 12746 Allereie vedteke bruk av fond: 7274 Vedtak om tillegg bruk av fond: 5472 Sum bruk av fond 12746 3
Kjell Haukeberg sette fram slikt tilleggsframlegg: Kommunestyret ber om å få lagt fram sak om rådmannsstillinga. Utgreiinga må ta føre seg ei kort evaluering av åremålsstillinga, den komande tilsetjingsprosessen og avklare kven som er styringsgruppe (tilsetjingsnemnd) Det vart røysta punktvis: Første avsnitt: Formannskapets innstilling vart sett opp mot pkt. 1 i framlegget frå Inge Øye. Formannskapets innstilling vart vedteken, mot 1 røyst. Tilleggsframlegget frå ordføraren vart samrøystes vedteke. Tilleggsframlegget frå Kjell Haukeberg vart samrøystes vedteke. Ansvar 1000 (politisk styring) vert styrka med 0,2 million kroner som skal brukast til arbeidet med å finne ny rådmann til kommunen. Tiltaket vert å finansiere med bruk av fond. Som det går fram av perioderapporten, kjem Skodje kommune til å gå mot eit underskot i 2013. Med bakgrunn i prognoser for resultatet i rekneskapen, løyver Skodje kommunestyre kr 7 000 000 til inndekning av det forventa underskotet. Dersom det syner seg at løyvinga får eit overskot, skal dette attendeførast til fond. Drift balanse (fond) Til disp. før fond: -204834 dekning av underskot i 2011 6345-6345 Bruk av fond -7274 7274 Til disp: -205763 Forventa brukt 211371 Forventa til disp -199554 Forventa meirforbruk (underskot) 11817 Bruk av fond -11817 11817 Sum bruk av fond i 2013 12746 Allereie vedteke bruk av fond: 7274 Vedtak om tillegg bruk av fond: 5472 Sum bruk av fond 12746 Kommunestyret ber om å få lagt fram sak om rådmannsstillinga. Utgreiinga må ta føre seg ei kort evaluering av åremålsstillinga, den komande tilsetjingsprosessen og avklare kven som er styringsgruppe (tilsetjingsnemnd) Rådmannen skal utarbeide eiga sak med bakgrunn i søknad om ekstraløyving frå Storfjorden kyrkjelege fellesråd. 4
Rådmannen utarbeider saka om ekstraløyving til formannskapet. Sak 44/13 REGULERINGSENDRING -DEL AV GNR.17 BNR.10 M.FL. - JENSPLASSEN ENDELEG GODKJENNING Desse hadde ordet i saka: Kjell Haukeberg, Torbjørn Skodjereite, teknisk sjef. Innstillinga frå det faste planutvalet vart samrøystes vedteken. Kommunestyret vedtek med heimel i plan-og bygningslova 12-12 reguleringsplan for Jensplassen, del av gnr.17 bnr.10 slik den ligg føre datert 14.05.13, med følgjande endringar: 1. Føresegnene skal sikre at gangveg, GS3, vert utbygd som del av byggjesteg 2. 2. I føresegnene til plan skal det takst inn ei bestemming om at pålagde tiltak i samband med godkjenning av planar for teknisk infrastruktur, skal utførast før bustadbygginga tek til. Dette vedtaket kan påklagast til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå meldinga om vedtaket er motteke i samsvar med Forvaltningslova 28. Eventuell klage bør grunngjevast, og skal sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, til førebuande handsaming. Sak 45/13 GNR. 24 BNR. 117 - FRAMTIDIG BRUK AV SKODJE PRESTEGARD Desse hadde ordet i saka: Kari Grindvik, Reidun Holm Aure, Kjell Haukeberg, ordføraren, Lidvar Giskeødegård, Inge Øye. Kari Grindvik sette fram følgjande framlegg til vedtak: 1. Skodje kommunestyre vedtek at Skodje prestegard (gnr. 24 bnr. 117) skal vernast som kulturminne på bakgrunn av bygningane sin alder, autensitet og identitetsverdi både lokalt og regionalt. Ved rullering av arealdelen i kommuneplanen skal arealet visast som hensynssone c) etter retningsliner i pbl 11-8, bokstav c) og d), jf. 11-9 nr. 7. 2. Skodje kommunestyre oppnemner eit interrimsstyre med målsetjing å etablere ei eiga stifting for prestegarden i medhald av lov om stiftingar, der Skodje sogelag går inn med grunnkapitalen og kommunen stiller verdien av eigedommen til disposisjon. Stiftinga skal stå for antikvarisk renovering og drift av eigedommen som historisk bygdetun. Interrimstyret skal ha 6 medlemmar: 5
3 oppnemnde frå Skodje sogelag 2 frå Skodje kommune: kultursjef 1 sentral politikar 1 oppnemnd frå Skodje sokneråd Interrimstyret skal utarbeide og sende førebels søknad om midlar til renovering, seinast innan søknadsfristen 15. april 2014. Reidun Holm Aure sette fram framlegg til følgjande tillegg til formannskapets innstilling: Inntekta frå salet skal tilfalle investering i kyrkjeleg formål. Lidvar Giskeødegård sette fram følgjande alternative framlegg til 2. avsnitt: Formannskapet vurderer innkomne framlegg, og gir rådmannen mynde til til å gjennomføre salet. Det vart røysta punktvis: 1. avsnitt i formannskapets innstilling vart vedteke mot 2 røyster. 2. avsnitt: Formannskapets innstilling vart sett opp mot framlegget frå Lidvar Giskeødegård: Framlegget frå Lidvar Giskeødegård vart samrøystes vedteke. 3. avsnitt i formannskapets innstilling vart samrøystes vedteke. Det vart røysta over framlegget frå Reidun Holm Aure. 2 røsyter for, 19 mot. Det vart samrøystes vedteke å røyste over pkt. 1 i framlegget frå Kari Grindvik. Det vart røysta. 2 røyster for, 19 mot. Skodje kommunestyre vedtek å lyse eigedommen gnr. 24 bnr. 117 Skodje prestegard ut for sal. Formannskapet vurderer innkomne framlegg, og gir rådmannen mynde til til å gjennomføre salet. Rådmannen gir kjøparar informasjon om begrensingane som er på eigedommen ved sal. Sak 46/13 KOMMUNEPLAN FOR SKODJE 2014 2024 - SAMFUNNSDELEN PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN Desse hadde ordet i saka: Modolf Hareide, ordføraren, Kari Grindvik, Gunnar Hauge, Erling Ostnes, Lidvar Giskeødegård, Torbjørn Skodjereite, Kjell Haukeberg, Tone Fylling Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteken. 6
Kari Grindvik sette fram framlegg om å ta inn Kulturminneplan (under utarbeiding) i kap. 2.5 Kommunale føringar i forslag til planprogram Framlegget frå Kari Grindvik vart samrøystes vedteke. Kvart parti leverte namn på medlemmer til dei ulike arbeidsgruppene (jf. kap. 4 i planprogrammet). Samansetjinga av gruppene vart slik: Gruppe 1 Areal, samferdsel og næring Gruppe 2 Barn og ungdom, folkehelse og frivillighet Gruppe 3 Utviklingsorientert kommuneorganisasjon Gunnar Hauge (KrF) Tone Fylling (AP) Modolf Hareide (SP) Kjell Haukeberg (AP) Kjell Arve Reiakvam (FrP) Torunn Mølsæter (H) Johan Honningdal (SP) Leif Glomset (H) Bjørn André Stavset (AP) Lidvar Giskeødegård (H) Linda Stavset (SP) John Ola Røstad (FrP) Erling Ostnes (FrP) Reidun Holm Aure (KrF) Kari Grindvik (V) Torbjørn Skodjereite (H) Renate Grande Skodje (AP) Terje Sortehaug (FrP) Elise Stette (SP) Rolf Stavset (V) Terje Vadset (FrP) Kommunestyret vedtek å legge forslag til planprogram for rullering av Kommuneplan for Skodje 2014-2024 - samfunnsdelen ut til offentleg ettersyn, slik den ligg føre datert 08.10.13. Kulturminneplan (under utarbeiding) skal takast inn i kap. 2.5 Kommunale føringar i forslag til planprogram. M Ø T E T S L U T T Terje Vadset ordførar Torunn Mølsæter John Ola Røstad Knut Berg politisk sekretær 7